ÅRSMELDING 2015. Bjarne Øymyr



Like dokumenter
«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

RESULTATLISTE KARUSELLRENN NR ARR: ROSENDAL TURNLAG ARENEA: ROSENDAL AVLSGARD Tid

Strategiplan

OFFISIELL RESULTATLISTE. Jenter 12 år. Gutter 12 år

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

10 mest brukte navn ; jenter/kvinner. * betyr at flere skrivemåter er slått sammen

Årsmelding for styret i Omvikdalen Idrettslag 2012

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

«Ny Giv» med gjetarhund

ÅRSMELDING Bjarne Øymyr

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2015 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Info om Norway Cup 2015

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Info om Norway Cup 2015

Årsmelding IL JOTUN FOTBALL

Resultatliste Telenorrennet

Klasse Øvelse Plassering Navn Resultat Klubb

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Årsmelding for O-gruppa 2015

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

DAGSORDEN for årsmøtet 1. Godkjenna dei som har stemmerett 2. Godkjenna innkalling, sakliste og møtereglar 3. Velja dirigent, skrivar og 2

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

ÅRSMELDING, FOTBALLGRUPPA 2018 KVITESEID IDRETTSLAG

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Norheimsund Fotballklubb

Stemnehandboka for NKSF

Hardanger Avdeling ÅRSMELDING NEGOTIA - HARDANGER AVD

ÅRSMELDING. IL JOTUN FOTBALL for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2015 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Resultatliste 5. løp Abik Karusellen. Hvaltjern, Fet Løype 9,5 / 5,7 Lokal arrangør: Fet skiklubb

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

FRISTAFETTEN 2013 ESPELAND IDRETTSPLASS ONSDAG 10. APRIL 18:00

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Kvinnheradmeisterskap 2016

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

HANDLINGSPLAN FAIR PLAY FOTBALLSESONGEN 2014

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Oppmannsperm. Skal innehalde alle relevante opplysningar for sesongen Rollebeskrivelse Arbeidsfordeling Alle skjema

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Å rsmelding 2014 Nordbygda og Rand skyttarlag

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsmelding for styret i Omvikdalen Idrettslag 2013

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Årsmelding Øystese Fotball 2012

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

INFORMASJON om førestellinga:

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

ÅRSMELDING Årsmelding 2015 Sogn CK

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Årsmelding for sykkelgruppa i IL Harding 2013

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Uskedal Idrettslag ÅRSMELDING Foto: Espen Eik

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

LAURDAG 09.MARS 2013

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

PROTOKOLL ETTER ORDINÆRT ÅRSMØTE I ÅIL for 2013

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Høgast poengsum på hjortefiguren hadde Robert Mehl med 49 av 50 mogelege poeng. Hålandshjorten 2017, Samanlagt:

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Sandeid skule SFO Årsplan

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Kom skal vi klippe sauen

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

FairPlay-pris ca. 430 medlemmar. ca stk involvert styre - komitear nemnder trenarar -

Referat. Godkjenning av protokoll frå førre styremøte. Vedtak Protokoll frå førre styremøte er godkjent

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet

Årsmelding for sykkelgruppa i IL Harding 2014

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

NYE FRISTAFETTEN 2015 DEN FØRSTE STAFETTEN PÅ ARNA IDRETTSPARK TIRSDAG 14. APRIL 18:00

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

LANGTIDSPLAN FOR BRUSAND IDRETTSLAG

Transkript:

ÅRSMELDING 205 Bjarne Øymyr Aktiv idrett i 5 år 90 206

ÅRSMELDING 205 Styret i hovudlaget til Rosendal Turnlag har 205 vore: Leiar Jostein Hatteberg Nestleiar Grete Solheim Skrivar Mariann Risdal Styremedlem Olav Måkestad Styremedlem Raymond B. Olsen Varamedlem Jan Jaap Boot Det økonomiske laget som vart valt i 204 til å ta seg av dei økonomiske oppgåvene, vart vidareført. Laget, eller gruppa, har også i 205 i vore samansett av; Kirsten B. Hellingsrud, Gunnar Våge og Jostein Hatteberg. Rekneskapsmessig er samarbeidet med Hordaland Idrettskrets vidareført i 205, og alt arbeidet som vart investert i 204 med å få orden på rekneskap og økonomi, betalar seg no. Laget har full rekneskapsmessig oversikt, og får fortløpande rapportar for heile laget, såvel som for gruppene. Mykje av æra for at dette må gå til bilags/rekneskapskoordinator Kristen Bjørke Hellingsrud som held orden, og samordnar innsending av bilaga til ei kvar tid, slik at rekneskapsprosessen går smertefritt. Difor stor takk til Kirsten! Omsetnaden i hovudlaget i 205 er på kr. 2 684 396, som er opp 45,3% i høve til året før. Det økonomiske resultatet for 205 viser eit overskot på kr 4 636, eller snaue 50 % meir enn budsjettert. I 205 tok vi bruk nytt online medlemsregistreringssystem, etter krav frå Norges Idrettsforbund. Det nye systemet, Superinvite, inneber at ingen er medlemar i Rosendal Turnlag før dei har registrert seg og betalt kontingent via linken på laget sine heimesider. Dette samsvarar også med Rosendal Turnlag sine vedtekter som tilseier at ingen er medlem i laget før kontingent er betalt. Etter nokre få innkøyringsjusteringar, har systemet fungert utmerka, og vi kan no køyra medlemslistene ut direkte. I tillegg til medlemsregistrering, kan systemet òg nyttast til påmelding og betaling av andre arrangement, som cupar, o.l... Men, det er alltid ein bakdel, og det nye systemet har diverre avdekka at vi tidlegare har hatt ein heil del ubetalande medlemer. Medan oversikten viser 544 medlemer i 204, så er medlemstalet i laget i 205 nede i 450. Styret har i 205 hatt 8 styremøte, og fire kombinert gruppe & styremøter. Vi har elles lagt vekt på kursing og møter for utvikla laget vidare. Mellom anna hadde vi iløpet av sommaren eit interessant møte med sportssjef Gisle Ellingsen i Fana IL, som fortalde korleis deira idrettslag driv, og om prosjekt All Aktivitet Fana. Her er alle gruppene i laget innom kvarandre, trenar saman, og lærer av kvarandre. Interessant og lærerikt. At han òg signaliserte at Fana IL, eit av norges største lag, kan vera interessert i samarbeid med Rosendal Turnlag eksempelvis ved å leggja regelmessige treningsleirar til Rosendal, så bør dette vera svært interessant for oss på fleire idrettsfaglege plan. Fana IL har mellom anna brei og solid kompetanse på utvikling av idrettsanlegg, og deira erfaring og kunnskap kan vera nyttig når vi no skal planleggja og realisera eigne anlegg. Eit fortsatt utviklande samarbeid med skulane og lokale idrettslag, har òg vore viktig i 205.

Sportsleg har det i 205 vore stor aktivitet i Rosendal Turnlag på mange felt. Dette går fram av årsmeldingane til dei forskjellige gruppene. Mange er svært flinke, og serleg fotball har eit høgt aktivitetsnivå. Gledeleg er det å konstantera at friidretten er god sving igjen, og at judo-gruppa som starta opp på ny i 204, held fram treningane i tidlegare Seglem skule med god deltaking. Oppstart av arbeidet med sportsleg plan og etablering av sportsleg utval, har og teke mykje tid. Ein slik plan, som vil gje laget ein raud tråd å styra etter, såvel styremessige, som administrativt og sportsleg har ikkje laget hatt før, og det viktig denne planen kjem på plass og blir teken i bruk av laget og sportsleg utval i 206. I haust beslutta styret om å søkja spelemidlar til opprusting av friidrettsanlegget på Rosendal Stadion. Det vart gjort etter at innkomne tilbod og kostnadasoverslag synte at dette ville verta billegare for laget, enn å etablera ein miniatyrfriidrettsbane (ein såkalla friplass). Søknaden resulterte i at kommunestyret vedtok å setja av kr 2 560 000.- til realisering av anlegget i økonomiplanen/langtidsbudsjettet sitt. Den kommunale løyvinga uløyser kroner 2 millionar i spelemiddelstøtte, slik at det står igjen kr,3 millionar å eigenfinansiera før nytt fullskala friidrettsanlegg er ein realitet. Det er no opp til årsmøtet å avgjera om ein ynskjer å gje friidretten nytt anlegg og betre vilkår. I haust vart også kommunedelplan for idrett og friluftsliv rullert og vedteken i kommunestyret. Her ligg fullskala opprusting av friidrettsbanen inne, samt at det i planperioden bør byggjast hallflate med minimum handballstorleik i Rosendal. Begge desse sakene er viktige for Rosendal Turnlag og samarbeidspartnarar, og må difor leggjast mykje arbeid bak i åra som kjem. Utdanning og kursing av lag og tillitsapparat må vektleggjast på alle plan, og kurs i klubb, organisasjonsutvikling og kommunikasjon, bør gjennomførast i 206. Rosendal Turnlag starta i 205 opp ein kjempedugnad i den gamle Ullvarefabrikken. Rundt 00 personar deltek på dugnaden som vil gje laget betydlege inntekter. Styret ynskjer å takka dugnadsgjengen og alle som i 205 på frivillig basis har vore med å bidrege til den store aktiviteten i laget. De gjer ein heilt uvurderleg samfunnsog folkehelseinnsats. Tusen takk til alle saman! Rosendal Turnlag driv elles med bærekraftige aktivitetar, aktivitetar som på ingen måte skadar eller ureinar miljøet. For styret Jostein Hatteberg leiar

ÅRSMELDING GRUPPENE 205 TRIM & TURN Barnetrim Våren 205 hadde me ei stor gruppe med barn på trim, frå årskulla 2007, 2008 og 2009. Det var for det meste jenter som deltok. Det var fleire foreldre som bytta på å ha ansvaret for gruppa. Anette Eikenes laga tre ulike løyper som foreldra bytta på. Det vart ein slags sirkeltrening med ulike øvelsar. Det var kjekt å sjå utviklinga deira. Ungane var veldig fornøyde. Me slutta av til påske då alle starta på fotball. Hausten skulle me ha opplegg for 2008 og 2009. I og med at detta kolliderte litt med friidretten så overtok dei treningstida vår, og mange barn begynna på friidrett. Det var ein del som datt av utover hausten og mange barn spør om kva tid trimmen startar igjen. Trim for vaksne Våren 205 var det tilbod om sirkeltrening (tirsdag) og ballspel (torsdag). Ballspelet var populært blant dei få som deltok. På det meste var det 5-8 deltakarar, men dette dabba raskt av mot våren. Det vart gitt uttrykk for at ballspel var for hardt/skadebelastande til at nokre vågde å delta. Samtidig var dei som deltok veldig glad for dette tilbodet. Sirkeltreninga hadde greit oppmøte i vårsesongen, litt avtakande etter som lyset varte lenger ute på kveldane mot våren. Sirkeltrening I haustsesongen har det vore tilbod om sirkeltrening to dager i veka. (mandag og torsdag) Her har det vore ballspel i fyrste delen av økta for å auke kondisjonen. Sirkeltreninga tar sikte på å trene heile kroppen, og programmet blir endra innimellom for å gje nye utfordringar til musklane. Sirkeltreninga er både effektiv trening og ein sosial aktivitet. Oppmøtet var bra i starten av hausten, men dabba raskt mot jul og har diverre ikkje tatt seg opp på nyåret. Torsdagane er blitt avlyst på nyåret grunna særs dårleg oppmøte. Mandagane slit vi og med lite oppmøte. Grunnar for dette blir nevnt til å vera: ballspeldelen er for skadebelastande for nokre, høg pris på medlemskap, mange andre aktivitetar i nærmiljøet, for lite reklame for tilbodet, for lite informasjon om at dette er for begge kjønn. Sirkeltreninga har eksistert nokre år no, mogleg er det på tide med anna aktivitet? Marte K. Øyjord gjer seg som ansvarleg for denne treninga til våren. Laget treng såleis å finne andre til å ha «vaksentrimmen» frå hausten av. Cecilie Opedal og Marte K. Øyjord

JUDO Leiar: Nestleiar: Trygve B. Torjusen Ali Heshmati. Judogruppa har trening i Skyttarlaget sitt hus på Seglem. Hovudtrenarar er Trygve B. Torjusen og Ali Heshmati. Det er 27 utøvarar som har trent judo i 205. Dei fleste er nye, men det er og ein del gamle utøvarar som er glade for at vi har starta opp att. Det var 9 judoka som graderte seg til gult belte 9. april 205. Trygve B. Torjusen og Ali Heshmati har rett til å gradere. Klubben har ikkje delteke på stemner dette året. Vi har hatt nye og gamle judoka på same trening. Dei ferskaste medlemma har fått mest merksemd. Dei eldste mattene våre er snart 40 år gamle og er i ferd med å løysast opp. Det er naudsynt å skifta ut mattene og vi ynskjer å halde fram arbeidet med å finna ein stad der mattene kan liggje ute permanent. Vi freista å få fast plass i praksisbygget på Rosendal Ungdomskule, men Norsafe hadde ikkje rom til oss. Det er ikkje lenger eit ynksje å skifte ut mattene våre, no er det naudsynt. Vi treng minimum 20 kvm nye matter i 206. Judogruppa fokuserer på variert trening med mykje innslag av leik. Det er ei stor utfordring å famne alle når det er så stort spenn i alder og dugleik innanfor same gruppa. Dei nye har nytte av dei gamle medlemmene si røynsle. Rosendal 07.02.6 Trygve B. Torjusen Leiar

SKIGRUPPA Denne sesongen var det rekord mykje snø i Fjellhaugen, og innover mot Myrdalsvatnet var det gode forhold for skigåing mest heile vinteren. Treningane på rulleski og basis kom i gong som normalt i byrjinga av november. Basis var annan kvar gong i Omvikdalen og i Rosendal for dei yngste. Fjellhaugen opna løypene tidleg i desember. Junior løparen Henrik Bauge satsa også denne sesongen. Han vart då også kretsmeister i fristil på Korlevoll. Det var Rosendal sin fyrste Kretsmeister på ski i aldersbestemte klassar. Gratulera så mykje. Han deltok også på junior landslagssamling og Norges Cup. I tillegg til Henrik var det fleire yngre som gjorde det bra i sporet dette året. 6 personar fullførde skikarusellen 3 renn eller meir, derav 4 klassesigrar. Status for Kvinnherad meisterskapet vart 4 gull 3 sølv og bronse, totalt var det 25 personar som starta for RT i 205. RESULTAT 205 Namn Emilie E Seberg Adrian V Haugland Emil V Haugland Tord S Hatteberg Astrid Øyre Marcus E Seberg Eirik Steinsvik Andreas Hellesøy Klasse J- 9 G- 9 G- 9 G- 9 J- 0 G-0 G- G- Karus. Kvh. m. 3 6 9 4 2 4 4 Namn. Klasse Karus. Kvh.m. Sigrid Øyre J-3 3 2 Alette S Mehl J-3 6 5 Kristian Steinsvik G-3 2 David Hellesøy G-3 3 2 Kari Eide J-5 2 2 Sara Guddal J- 6 Henrik Bauge Y- Jr Åsmund Mehl 56-60 2 3 I tillegg til dei som er nemde ovanfor, har desse vore med. Andrea H Melheim 2 renn, Øyvind Nes renn, Aleksander H Melheim renn. Kvinnheradmeisterskapet i stafett J 9-2 år G 9-2 år J 3-6 år J 3-6år G 3-6år M. Senior M. MIX 3. pl. 8. pl..pl. 3.pl. 2.pl. 3.pl. 6.pl. Astrid Øyre Adrian V Haugland Sigrid Øyre Kristine Tveit David Hellesøy Åsmund Mehl Eivind Bjørnebøle 7 lag frå RT i år gav, gull, sølv, og 3 bronse. Maud Mo Skei Tord S Hatteberg Kari Eide Alette S Mehl Kristoffer Eskeland Arve Lunestad Jonas A Mehl Andrea H Melheim Andreas Hellesøy Sara Guddal Adele Bauge Olav Lernes Henrik Bauge. Grete Solheim

Henrik Bauge hevda seg godt i både NC og NM, og vart lagets fyrste kretsmeister på ski i aldersbestemte klassar. Her frå premieutdelinga i Røldal. Kretsmeisterskapet Røldal IL stod som arrangør laurdag 24 januar i klassisk. Det deltok 3 løparar frå RT. Resultata vart; Sara Guddal nr 8, Henrik Bauge nr 7, og Åsmund Mehl nr. 26 i menn senior. Sundag i fristil på Korlevoll deltok Alette S. Mehl nr 9. Kari Eide nr 9. Sara Guddal nr 8. Henrik Bauge nr, og Åsmund Mehl nr 9. i menn senior. Turrenn og Kretsrenn Jularennet Korlevoll: Henrik nr 7. Kvammasprinten: Henrik nr 2, og Sara nr 5. NM Junior: Henrik nr 90. Haukelirennet: Henrik nr 5 (junior). Vestlandske Skistemna: Henrik nr 2. Birkebeinarrennet: Desse fullførde i 205, Arve Lunestad, Thor Ivar Hellesøy, Sveinung og Inger Eskeland. Arrangerte renn Sundag 8 januar arrangerte vi det fyrste rennet i skikarusellen med omlag 90 deltakarar på tid, og rundt 60 i barnerennet. Bra! Skimerke Kåre Haugse Sara Guddal Johannes Guddal Grete Solheim Kristian Steinsvik Eirik Steinsvik Henrik Bauge Andreas Hellesøy 43 8 8 5 3 9 Håkon Leganger David Hellesøy Emil V Haugland Adrian V Haugland Åsmund Mehl Ole M Mehl Jonas A Mehl Alette S Mehl Totalt 23 personar har teke merket i år. Talet på skigåarar har dette året gått litt opp igjen. Samarbeidet med Omvikdalen når det gjeld trening har også denne sesongen fungert bra. Trenarar i 204-5 har vore Aslaug, Svein og Vemund Hjelmeland. Grete Solheim, Åsmund Mehl, Henrik Bauge, Sara Guddal, Ann T. Bauge og Jorun Eide. Takk til alle som stiller opp og gjer ein stor innsats. Åsmund Mehl Leiar Stig Klette Nestleiar 38 23 3 9 5 Kari Eide Sigrid Øyre Astrid Øyre Øyvind Nes Marcus E Seberg Andrea H Melheim Jakob Steffensen 6 4 2

FRIIDRETTSGRUPPA Sjølv om aktiviteten fyrst i sesongen var laber, så var det likevel ei lita aktiv gruppe som deltok rundt på lokale stemner. Mellom anna deltok Rosendal Turnlag med fleire lag i Trio stafetten på Husnes stadion i mai. I guteklassen gjekk laget heilt til topps, medan jentelaget vart nummer to. Rosendal sine gutar vann Trio-stafetten. Frå venstre: Øyvind Nes, Gustav Haugse, Markus Ø. Guddal, Marcus Enes Seberg, Nils Gunnar Skåle og Torbjørn Nes. Vi stilte ikkje damelag, men i herreklassen plasserte dei to laga seg på ein flott 2 og 3 plass. I nyskapninga, Kvinnherad-karusellen i terrengløp, som vart avvikla med fleire løp gjennom heile sesongen, deltok fleire deltakarar frå laget vårt med flotte plasseringar. Når status skulle gjerast opp etter endt sesong, fekk Sara Guddal ein tredje og Kari Eide ein femte plass i damer senior, medan Henrik Bauge fekk fjerde og Åsmund Mehl fekk 5 plass totalt i seniorklassen. I Kvinnherad meisterskapen på Husnes stadion i september, deltok berre Markus Øye Guddal. Deltakinga hans i 0 års klassen i øvingane kule, lengde, 60 og 600 meter resulterte imidlertid i gull, 2 sølv og bronse. Markus fekk også ein flott andre plass i det årvisse Åkra-løpet. Henrik Bauge vart elles nummer tre i seniorklassen i motbakkeløpet Solfjell-løpet i Uskedalen. Same plasseringa fekk han også seinare i Postvegløpet på Husnes. I Kvinnherad meisterskapen i terrengløp i Uskdalen, representerte elles Markus Øye Guddal, Kent Kristian U. Hansen, Håkon Myklebust Skjelnes, Abdirahman Hassan, Kari Eide og Sara Guddal laget vårt på ein strålande flott måte. I Rosendal Turnlag sitt eige arrangement, Kvinnherad-løpet i oktober, vart Henrik Bauge nr 4, Thomas Brufladt nr 5, Steffen Brufladt nr 8, Åsmund Mehl nr 7, Simon Bewer nr 8, Jonas A. Mehl nr 22, Eugen Leganger nr 23, og Sverre Gjerde nr 28. Etter initiativ frå Marit Nymoen, Sturle Kalstad, og Åsmund Mehl, starta friidrettsgruppa opp med faste treningar ein gong i veka i haust. Treningane har vore svært populære, og i gruppa under 0 år har det vore oppe i omlag 25 deltakarar, og i gruppa +0 år har desse delteke på treningane Maria Hatteberg, Hedda Mælen, Ode Fredheim Mælen, Sol Skeie, Nora Sætrevik, Vilde Hjelmeland, Siri Furdal, Vilde Hjelmeland, Synne V. Flatland, Maud T. Førland, Hilde M. Sandvik, Andreas Hellesøy, Jonas Huke, Theodor Mehl Enes, Mathias Høyland, og Sander Høyland. Stor takk til Sturle, som kjem heim heilt frå Bergen ein torsdag i månaden, og til Marit og Åsmund, for at dei vekslar på å trena ungdomane våre. Saman har desse entusiastiske eldsjelene vore med å blåsa nytt liv i friidrettsgruppa, og forhåpentlegvis ser vi resultat av treningsarbeidet alt komande sesong! Annbjørg Fossberg Leiar Åsmund Mehl

IDRETTSMERKE Antalet på dei som tar idrettsmerke går drastisk nedover. I 205 var det berre 7 stykker som tok merke. Vi hadde to dagar på våren og to dagar på hausten der vi hadde merketaking. Det er ingen nye som har kome til og vil ta idrettsmerke. Vi har prøvd på fleire ulike måtar å få med oss nye kandidatar men det er ingen som vil. Godt vi har desse spreke pensjonistane som kjem tilbake år etter år. Samanlikna med år 2002 var det 36 sprekingar som tok idrettsmerke. Vigdis Uglehus Bøyum og Torunn Vestbø Skåle SYMJEGRUPPA Rosendal Turnlag har ikkje eiga symjegruppe. I haust har det likevel vore tilbod om symjing i regi av tidlegare landslagsdeltakar og Norgesmeister i Svømming og Livredning, Stephanie L. Gjelseth. I haust har ho hatt 6 deltakarar med seg kvar torsdag i bassenget i Rosendal. Her har dei lært seg crawl. Dei fleste var heilt nye i teknikken, og nokre symde meir oppover enn bortover. Dette endra seg raskt når dei fekk rett instruksjon. Andre hadde fin crawl-teknikk i utgangspunktet, men vart fort veldig sliten berre etter ei lengd eller to. Etter å ha terpa på teknikken, gjekk det snart mykje betre, og på dei siste treningane symde samtlege 000 meter crawl. Det greidde ikkje alle i starten. I inneverande sesong har vi gått meir over til symjetrening, og ikkje reint crawl-kurs slik som i byrjinga. Alle er no blitt veldig flinke. Motivasjonen for treninga, er for enkelte å trena seg opp til å delta i triathlon. Når våren kjem tenkte vi difor å ta på oss våtdrakt for å symja i sjøen. Dette vi då koma i tillegg til dei faste torsdagstreningane, og interessa vil avgjera om det blir. Tanken er å ha dette tilbodet fram til sommaren, så får vi sjå kva som skjer til hausten.

Ordninga vi har hatt til no er organisert gjennom ei facebook-gruppe med alle dei som kunne tenkja seg å vera med på crawl-kruset. Her har den «faste-gjengen» som melde seg fyrst, hatt automatisk plass. Om dei ikkje har kunna koma ein dag, så har dei meldt plassen sin ledig i facebook-gruppa. Dette har fungert veldig godt. Men, det er fleire som kunne tenkt seg å vera med på kurs, som ikkje har fått plass. Det er dumt, men som instruktør har eg ikkje hatt høve til å stille opp fleire gonger i veka. Stephanie driv og vatntilvenninngskurs for born, i tillegg til vaksensymjinga. Det hadde elles vore moro å få til ei eiga symjegruppe i Rosendal Turnlag, men då treng vi fleire som kan bidra som trenarar. For når borna er ferdige på vatntilvenningskurset til Fonna svømme- og livredningsklubb, så finst det ikkje lenger noko tilbod til dei som har ynskje om å fortsetja med symjing. Alternativet er å reisa til Husnes, men dei fleste har lyst til å symja i Rosendal sidan vi har basseng her. Difor blir spørsmålet, er tida no moden for eiga symjegruppe i Rosendal Turnlag? Om du er interessert, kan du ta kontakt med leiar i laget, Jostein Hatteberg, eller Stephanie L. Gjelseth på epost fonna.livredning@gmail.com Stephanie L. Gjelseth

TURGRUPPA Leiar Nestleiar Skrivar Fjelltrimansvarleg Styremedlem Morten Nygård Laila Hovland Kåre Eik Lars Røysland Tone Høyland For Turgruppa var 205 særskilt prega av to viktige prosjekt. At vi fekk fire sherpaer frå Nepal til å koma hit for å vøla deler av stien til Melderskin, er tvillaust eit av gruppa sine største høgdepunkt nokon gong! Det var ei stor oppleving å få møta Nigma, Nima, Bam og Fuhra, og ikkje minst var det stort å sjå det ufatteleg flotte arbeidet dei gjorde. Vi må elles retta ei enorm takk til stifting, bedrifter og privatpersonar som gav økonomisk tilskot til dette omfattande prosjektet. Det andre viktige tiltaket var fullføringa av geostien til Myrdal, noko vi gjorde saman med Rosendalstiftinga. Resultatet vart fine informasjonsskilt både i Skaaladalen og Melsdalen, og ikkje minst eit flott hefte som no er til sals hjå Rosendal bokhandel. Vi nemner også at varden på Melderskin vart restaurert og stien opp frå Murabotnen sikra med tau i løpet av fjoråret. Takk for vel utført arbeid både der og i dei andre rutene våre! Det 34. KVINNHERADLØPET Dette var andre gongen med den nye løypa på 5,8 km, og deltakartalet tilseier at vi har funne ei god løysing. Løypa er no tilgjengeleg for alle, også for rullestol og barnevogn. Det siste beviste Johanna Aggvin ved å bli nr 5 i kvinneklassen med dobbel barnevogn som fylgje! I tabellen nedanfor har vi for moro skuld lagt til deltakartala for 990 som ei ekstra siste line. Vi ser at "Med tidtaking" i 990 var heile 83, mens det i dette årtusen er veldig dårleg. Etter ein gledeleg oppgang i 203, går det no på ned att. Vi veit at elevar som spring i skuleløpet på fredagen, synest det blir i meste laget å delta også på sundag. Vi får vona at den STORE joggebølgja som er på gang også snart når våre strender. Deltakarstatistikk i dette årtusen: År 200 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 200 20 202 203 204 205 990 Med tidtaking 3 30 33 32 38 34 29 29 30 27 3 24 53 49 38 83 KVINNHERADLØPET Utan tidtaking Skulane Samla deltakartal 493 4 665 62 36 778 548 23 704 497 33 662 564 27 89 557 23 74 655 90 874 462 89 680 493 9 74 435 27 679 55 223 805 55 225 800 56 268 837 632 238 99 784 70 992 792 Kom med i 200 975

Det 37. FJELLTRIMÅRET Melderskin har endå ein gong ny bestenotering. Dette trass i at sumaren var prega av dårleg vêr og mykje snø. Eit trekkplaster har nok vore den ny sherpastien ved Skarsklyp, halvvegs til Melderskin. Vi veit også at mange har hatt sjølve sherpastien som turmål, og snudd på Skarshaug. Nestmestnoteringar finn vi for Malmangernuten og Nordlifjell, og samla for alle toppar. At samla tal vart beine 8.000 er vel eit lukketreff på Lotto-nivå? Registrering i vardebøkene: År 979 980 98 982 983 984 985 986 987 988 989 990 99 992 993 994 995 996 997 998 999 2000 200 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 200 20 202 203 204 205 5 FJELLSTRIMMEN Skaalafjell Skeisfjell Malmangernut Nordlifjell Melderskin 50 m 037 m 890 m 972 m 426 m 30 406 365 240 306 345 34 235 33 385 330 322 57 685 734 647 747 069 64 852 2257 2637 3738 335 3823 4335 3993 422 3559 3603 402 3347 2934 339 406 4074 3948 06 55 36 98 55 04 82 2 08 3 37 46 5 52 57 23 79 87 88 94 95 95 224 265 27 62 24 43 222 77 204 45 86 97 245 240 39 248 353 69 42 92 58 98 243 265 285 362 423 436 42 552 45 467 535 602 59 67 504 709 722 82 825 005 780 257 24 643 29 460 66 83 700 95 82 32 07 06 32 24 30 3 37 54 86 96 86 204 70 80 220 88 224 237 230 274 302 293 296 262 292 252 277 30 295 293 277 327 392 358 6 235 26 66 2 77 3 8 205 208 255 398 287 479 328 423 425 480 43 487 487 493 567 737 84 764 905 088 63 029 70 066 802 864 489 752 754 Samla alle toppar 63 226 2 780 72 950 809 856 08 08 6 44 578 938 835 903 926 245 2505 3353 3766 472 5278 507 5944 6424 647 6838 5365 6388 6405 6555 5393 606 7780 8294 8000 Fullført 5 toppar 49 92 58 5 38 65 57 67 7 69 75 92 92 59 86 60 56 94 83 86 04 00 20 27 29 30 4 2 84 4 02 0 89 82 97 3 0

Deltakarar Fjelltrim 205 Alfarnes Britt Karen V. (5) Alfarnes Camilla (3) Alfarnes Frode (5) Alfarnes Renate (5) Bjørke Hilde Mæland (7) Brakstad May Beate () Bøhn Erling (37) Eide Anne Lise (2) Eik Kåre (37) Elvik Svein () Enes Monica (9) Enes Wenche G (8) Flatland Anna Lena (6) Flatland Eline Vestvik (4) Flatland Gunn Marit Vestvik (2) Flatland Lars Arve (4) Flatland Synne (3) Fosse Emil () Friheim Marit (9) Friheim Oddbjørn (2) Furdal Anne Mari Omvik (4) Furdal Helge () Furnes Magnus Hovland (6) Furnes Marisa Hovland (8) Førde Idunn M.L. () Gangdal Ingrid Helene (20) Haugse Kåre (37) Hellesøy Oddvar (3) Hellingsrud Kirsten Bjørke (22) Hellingsrud Mari Ann (2) Helvik Knut Johannes (25) Hovland Laila (6) Hus Astrid (25) Hus Magne (37) Hus Torstein (36) Høyland Bente (6) Høyland Helene H (4) Høyland Tone (3) Haavik Irene Hjelmeland () Instanes Geir (2) Jemtland August Guddal (3) Jemtland Axel Guddal () Jemtland Hanna Ingeb. Guddal (3) Kjøsnes Randi () Kråkenes Alette Hus (0) Kråkenes Lars Mikkjel Hus () Kråkenes Roar (28) Langesæter Marita (35) Leganger Eugen (22) Leganger Hans Olav (3) Leganger Håkon (36) Leganger Morten (25) Leganger Nina Klette (7) Lunde Liv Vevik (0) Løyning Helge (6) Maj Adam () Mehl Alette Stuland (7) Mehl Elisabeth Stuland (8) Mehl Endre (6) Mehl Jonas Are (2) Mehl Jostein (27) Mehl Ole Martin (6) Mehl Svein Jarle (5) Mehl Åsmund (27) Moland Gunnar () Musland Kjell () Nes Geir (29) Nes Kari (22) Nes Kenneth (3) Nes Reidun (8) Nygård Morten (37) Omvik Egil (8) Revheim Jan Andre () Sandvik Hanne () Sandvik Mette Cecilie (3) Sandvik Sveinung () Sandvik Terje (7) Seberg Jon (6) Skeie Sigmund (8) Skaala Kirsten (37) Slåla Randi Vedaa (7) Skåle Per T (22) Skåle Torunn Vestbø (5) Skaaluren Jan Martin (35) Skaaluren Tørris T (8) Spjelkavik Sigmund () Storhaug Johan (6) Straume Elisabeth (4) Stuland Synneva (2) Tveito Evelyn () Vetlækre Inge (9) Vetlækre Marie (30) Vetlækre Vidar (2) Vetlækre Wenche (2) Vik Atle (5) Vik Solveig () Vike Gjertrud (4) Vågen Berit Skjelnes (2) Vågen Malin Skjelnes (2) Vågen Silje Skjelnes (2) Øyarhamn Vita (6) Ein båttur er ikkje daglegdags for gjestene våre frå Nepal, for to av dei var det første gongen. At dei fekk bu ved fjorden i ei av hyttene til Marian og Jostein sette dei stor pris på. Turen til Skarshaug (880 moh) kvar dag, i allslags vêr, gjekk som ein leik.

ROSENDAL TRIM Rosendal Trim hadde per 0.0.6 20 betalande medlemmar (5 i 205-93 i 204). I tillegg er det avtale med Huset på Bjørke, fysioterapeut Sveinung Eskeland, Rosendalstunet, Rosendal Fjordhotell og Frisklivssentralen. Alle desse kjem på toppen av dei registrerte betalande. Bruken av Rosendal Trim er difor stor og famnar breitt med alt frå dei som driv rehabilitering etter skade eller sjukdom til dei som driv aktiv idrett. Økonomien er god og det er over tid spart opp ein god eigenkapital som er naudsynt etter kvart som utstyret må fornyast over dei kommande åra. I haust arrangerte Styrkeløft region Vest regionalt meisterskap i Klassisk Benkpress i Rosendal. Det var eit vellukka stemne med opp mot 00 personar til stades på det meste inkludert løftarar, funksjonærar og tilskodarar. Det var deltakarar frå klasse 4-8 år jenter og gutar, og opp til klasse veteran 70+ både menn og kvinner. Også to rullestolbrukarar. Ny norsk rekord vart sett for begge kjønn i klasse veteran 70+. Takk til Raymond Olsen med sine kontaktar i styrkeløftmiljøet i Bergen og til Leif Roksvåg, Kåre Hass og Eskil Grøtte som sytte for ein fin dag i gymsalen i Rosendal. Dei frivillige som har sørgja for at forhalda har lege godt til rette for trening ved trimsenteret også i 205 har vore Eskil Grøtte, Tommy Grøtte, Kjersti Holmedal, Wenche Enes, Trond Eik, Kåre Hass, Olav Måkestad og Arne Sunde. Ny frivillig er Mette Sandvik som tek over for Nikolai Ulvesæter då han har flytta vekk på studiar. Stor takk til Abdu Beshir Omer for ein framleis framifrå jobb med å halda lokala i reinsleg stand. Geir Ove Fosse Leiar Rosendal Trim

FOTBALLGRUPPA RT Fotballstyret Leiar: Jan Jaap Boot Styremedlemer: Arvid Nes, Gunnar Våge, Johan Feet, Marianne Bøyum, Maylin Kristiansen, Leif Roksvåg, Henriette Seim. Generelt Det er gjennomført 0 styremøter og 2 trenar/lagleiarmøter i 205. I tillegg har det vore mange møter som omhandlar enkeltsaker. (Trenarane, Norway cup, dugnad etc.) Vi har vore utan ungdomsrepresentantar i styret nesten heile året, men frå november har vi fått med Henriette Seim. Marianne er styret sin sponsoranvarlege. Styremøta har vore saklege og ryddige og det føreligg referat frå alle møter. Som vanleg har vi også denne sesongen hatt stor aktivitet. Tala på aktive er svært høge, spesielt blant dei yngste er rekrutteringa god. Grasbanen har i år halde seg svært godt og saman med kunstgrasbanen har det vore mogeleg å gje eit godt tilbod til alle laga. Kapasiteten i gymsalen har vore tilstrekkeleg. Betre samarbeid med andre brukarar har bidrege til dette. Anlegg Muren mellom gras og kunstgrasbanen har spart kunstgrasbanen i å bli attfylt av grus frå løpebanen, men det er mykje småstein i kunstgrasbanen som er med og forkortar levetida på den. Også på grasbanen er det mykje grus. Kommunen må på same måte som i 204 reinska kunstgrasbanen for sand og stein. Vi må og byrja med planlegging av utskifting av kunstgrasdekket. Sportsleg Sportsleg har resultatet vore bra for dei fleste laga. Herrelaget hadde ein vanskeleg start, men etter at Håvard Sætrevik overtok som trener vart resultata så bra at vi rykka opp til 5 divisjon. Damelaget sin trenar var Magne Skår. For meir detaljert informasjon, sjå laga si årsmelding. Trenarar og lagleiarar for alle laga har gjort ein strålande jobb og det er godt å sjå at vi har mange som vil bruka tida si på å trena barna våre. Tine fotballskule og Mini Cupen har vore ein suksess også dette året. Fotballskulen hadde rekorddeltaking med ca 50 deltakarar. Norway cup vart i år ein stor suksess og mange foreldre og andre følgde med laga til Oslo som tilskodarar. Dei som vart heime kunne følgja laga via Facebook. Guter 00/99 klarte andre plass i A-sluttspelet. Jenter 02/03 vant B-sluttspelet.

For a-laga vart fotballåret avslutta med fest på Turisthotellet. Dei aldersbestemte laga hadde si avslutting i samfunnshuset. Sondre Myklebust fekk scoringsprisen for 75 mål i sesongen 205. På dei aldersbestemte laga sin avsluttingsfest vart Raymond Bård Olsen heidra med Innsatsprisen. Arvid Nes vart i 205 nominert til Nikken prisen.

Økonomi Norges Idrettsforbund, avd. Hordaland har ført rekneskapen og Kirsten Hellingsrud har ordna og sendt inn alle bilag. Alt har føregått ryddig og på en effektiv måte. Mykje arbeid er nedlagt i dugnad og andre aktiviteter som har generert inntekter til klubben. I år har det vore ekstra mange dugnadsjobbar, ikkje bare den vanlige matserveringa på Harding sin sommerfest, men og julebordservering har gjeve ekstra inntekter. Hos Norsafe har vi i november lasta 4 båter med sand, og i desember starta vi dugnaden med å riva og rydda ut av dei to nederste etasjane på Ullvarefabrikken. Bussen som vi kjøpte i 204 har fungert veldig bra og har gått med overskudd. Omsetninga har i 205 vore over kr.498.57,9.- og vi har eit overskot på kr 09.27,72.Takk Eg ynskjer å gje ei stor takk til alle trenarar, lagleiarar og oppmenn som har brukt mykje tid på å gje eit positivt tilbod til spelarane våre. Ei stor takk til Arvid som kvar dag har stått på for å få det meste organisert. Hans entusiasme og varme hjarta for Rosendal Turnlag si fotballgruppe er unik og skal vera eit forbilde for oss alle. Takk til styret i fotballgruppa, for deira entusiasme og innsats. Takk til Kristen Bjørke Hellingsrud for hjelp med å få alle bilaga på plass. Takk til alle andre frivillige som har bidrege med at det vart eit flott fotballår. Ei stor takk til alle spelarar som har bidrege til at det har vart ein sesong med flott fotball og ikkje minst takk til alle foreldre som har følgt med på aktivitane for borna sine. Vi takker våre hovedsamarbeidspartnere som er: Kvinnherad Elektro Sparebank SR-bank Statkraft Vibe Harding Eurospar I tillegg har vi hatt desse samarbeidspartnarane: Rødne, Energiteknikk, Auto 88, Hellesøy Verft, Rosendal Motell, Dimmelsvik bil, Sunnhordland Kraftlag, Kvinnherad Energi, Kvinnherad Vekstbedrift, Kvinnherad Libris, Skjelnes Entreprenør, Hardanger Folkeblad, Norsafe, Rosendal Fjordhotell, Peder Baker, Husnes Storsenter, Børge Tveit Maskin, Byggeriet Uskedal, AS Betongvarer, Farge & Interiør, Johansen Rør, Norsafe, Grenda og mange små sponsorar. Takk til alle for innsatsen i 205. Ein svært viktig innsats for vårt lokalsamfunn. Vennlig helsing RT- fotballstyret Jan Jaap Boot Les meir om fotball i gruppas eiga årsmelding!

DOMMARANE Vi har denne sesongen hatt tre rekrutterings-dommarar, Olav Lernes, Erlend Fredheim og Jarand Naterstad. Dei har dømt ein del kampar, men bortsett frå Olav er det vel ingen av dei som har dømt kampar på stor bane, som er ein av utfordringane ein må ta for å kome vidare i dommarutviklinga. Så oppfølgiinga av desse tre har vore for dårleg, og tilbodet har ikkje vore godt nok. Men det er viktig at dei tar initiativ sjølv for å vise at dette vil dei vere med på. Alle rekrutteringsdommarar og dommarar i klubben får no tilbod om kontrakt som tilbyr eit beløp for å kjøpe utstyr mot at dei gjer nokre motytingar i form av dømming. Vi hadde også eit klubbdommarkurs i august og fleire av dei som var med der har dømt 7ar og 5ar fotball i haust. Vi har ei ganske stor gruppe av klubbdommarar etter kvart, men det er viktig at desse blir følgd opp og gitt nokre gode opplevingar som gjer at nokre av dei vil fortsetje. Neste sesong får vi ein ny dommar som skal dømme for Rosendal. Ingve Lunde Hesjedal kjem frå ei utviklingsgruppe i Telemark og har i haust dømt i 4. div i Hordaland. Han har fått gode tilbakemeldingar. Vi ynskjer Ingve velkommen i klubben og trur det vil bli ein god tilvekst og ein god inspirasjon til auka rekruttering til dommarmiljøet. Det er fleire som har dømt kampar og gjer ein innsats for å få avvikla kampane i klubben, men her har eg ikkje oversikt over alle. Willy Kalsås har også i år vore veiledar og instruktør i kretsen og veiledar i Norway Cup. For å få litt perspektiv kan eg legge til at det i år er 50 år sidan underteikna tok dommarkurs i Midthordland Fotballkrets, som eit par år seinare gjekk inn i Bergen og omegn fotballkrets. Så vart det Sunnhordland Fotballkrets, dømming i Sunnhordland/ Rogaland region før tilbake til utgangspunktet då Sunnhordland gjekk inn i Hordaland Fotballkrets i 988. Willy Kalsås

Rosendal Turnlag er medlem av Rent Idrettslag. Idrettslaget legg vekt på haldningsskapande arbeid, utan rus og doping. Vi ynskjer å vera ein tydleg verdiformidlar for Rent Idrettslag, og vi ynskjer å skapa eit trygt oppvekstmiljø for born og ungdom. Du er hjartleg velkomen som medlem hos oss! For info sjå; www.rosendal-turnlag.no Stor takk til våre: Takk også til alle våre andre samarbeidspartnarar!