FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak:13/287-2 Løpenummer: 13/2506 Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 24.04.2013 Tid: 16:00 19.00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene og varamedlemene i brev av 16.04.2013 Møtet vart kunngjort i ei avis og på heimesida. Desse medlemene møtte: Atle Kvåle, Ap Asbjørn Heidal, Krf Birgitte H.O. Skibenes, SV Hans S. Vindenes, Margunn Samnøy, Mikal Leigland, Sp Magne Djuvik, Kristine Hjartnes, Frp Steinar Skår, H Inhabilitet: Mikal Leigland, Sp. var ugild i sak 031/13. For han møtte Haldor Tuft som vararepresentant. Andre som var tilstade på møtet: Rådmann Berit Fløisand Ansvarleg sekretær Gunn Sissel Teigen til kl 17:50 Landbrukskonsulent Jorunn Kårvatn i sak nr 25/13 Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Saklista vart samrøystes vedteke endra slik: Sak nr 25/13 vart handsama som første sak i møtet. Sak nr 34/13 vart handsama som siste sak. Sak nr 35/13 vart trekt frå saklista. Ordførar Hans S. Vindenes, Sp, orienterte om status i saka lukka møte jf. kommunelova 31 nr 5 då det er ei strategisak. Sak nr 34/13 vart handsama for lukka dører jf 31 nr 5 i kommunelova då det er ei strategisak. Handsaming drøfting og vedtaket i saka er unnateke frå offentleg innsyn, jf. kommunelova 31 nr 5, jf. offentleglova 23, 13, 13. Ordførar Hans S. Vindenes, Sp, leia møtet.
Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 24.04.2013 Hans S. Vindenes Ordførar Gunn Sissel Teigen Ansvarleg sekretær
Saksliste Sak nr. Sakstittel 023/13 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTE 13.03.13 OG 05.04.13 024/13 DELEGERTE SAKER 025/13 NYE GEBYRSATSAR FOR KONSESJONS- OG DELINGSSAKER 026/13 FIRST RESPONDER FUSA KOMMUNE 027/13 NYTT FINANSREGLEMENTT 028/13 SØKNAD OM PERMISJON FRÅ POLITISK VERV FRÅ 01.04.2013-01.08.2014 029/13 SKRIV OG MELDINGER 030/13 PROSJEKTRAPPORTERING FORMANNSKAPET 2013 031/13 PRIORITETSVIKING - LEIGEAVTALE MED STRANDVIK NYE BARNEHAGE 032/13 DELEGASJON AV MYNDE FRÅ FORMANNSKAPET TIL RÅDMANNEN I SAKER SOM OMHANDLAR BYTE AV SKULESTAD 033/13 GRUNNLOVSJUBILEET 2014 034/13 FORHANDLINGAR OM NYE LEIGEAVTALAR MED FUSA SAMFUNNSHUS OG EIKELANDSFJORDEN SAMFUNNSHUS, U.OFF 13, 13
023/13: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTE 13.03.13 OG 05.04.13 Møteprotokollen frå møtet 13.03.13 vart samrøystes godkjent. Møteprotokollen frå 05.04.13 vart handsama til slutt i møtet og vart samrøystes godkjent. FOR-023/13 VEDTAK: Møteprotokollen frå møtet 13.03.13 vart samrøystes godkjent. Møteprotokollen frå 05.04.13 vart handsama til slutt i møtet og vart samrøystes godkjent. 024/13: DELEGERTE SAKER Rådmannen sine delegerte saker vert tekne til orientering. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. FOR-024/13 VEDTAK: Rådmannen sine delegerte saker vert tekne til orientering.. 025/13: NYE GEBYRSATSAR FOR KONSESJONS- OG DELINGSSAKER Fusa kommune vedtek følgjande gebyr for konsesjons- og delingssaker. Konsesjon: Kurante saker: kr. 2 000,- Prinsipielle saker: kr. 5000,- Deling: kr. 2000,- Vedtaket er heimla i: Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker 2.
Det vart opplyst at kommunestyret har avgjerdsmynde. Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes tilrådd. FOR-025/13 VEDTAK: Fusa kommune vedtek følgjande gebyr for konsesjons- og delingssaker. Konsesjon: Kurante saker: kr. 2 000,- Prinsipielle saker: kr. 5000,- Deling: kr. 2000,- Vedtaket er heimla i: Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker 2. 026/13: FIRST RESPONDER FUSA KOMMUNE Rådmannen ser First Responder som eit positivt tiltak. Evt. prioritering av midlar til ei slik teneste må vurderast i samband med arbeidet med økonomiplan for 2014-2017. Vedtak frå råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne vart delt ut i møtet. Ordførar Hans S. Vindenes, Sp, fremja følgjande forslag: Fusa kommune takkar ja til å ta i mot ein brukt ambulansebil frå Helse Bergen. Bilen blir plassert i Eikelandsosen brannstasjon og inngår i Fusa brann og redning. Ei eventuell vaktordning for å driva ein First responder må vurderast i samband med økonomiplanen 2014-17. Framlegget frå Hans S. Vindenes, Sp, vart samrøystes tilrådd. Framlegget frå rådmannen fekk 0 røyster. FOR-026/13 VEDTAK: Fusa kommune takkar ja til å ta i mot ein brukt ambulansebil frå Helse Bergen. Bilen blir plassert i Eikelandsosen brannstasjon og inngår i Fusa brann og redning. Ei eventuell vaktordning for å driva ein First responder må vurderast i samband med økonomiplanen 2014-17.
027/13: NY FINANSFORSKRIFT Nytt finansreglement vert vedteke. Vedlagte reglement for finansforvaltning vert gjeldande frå 1/1 2013. Det vart opplyst at sakstitttel vert endra til nytt finansreglement. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes tilrådd. FOR-027/13 VEDTAK: Nytt finansreglement vert vedteke. Vedlagte reglement for finansforvaltning vert gjeldande frå 1/1 2013.. 028/13: SØKNAD OM PERMISJON FRÅ POLITISK VERV FRÅ 01.04.2013-01.08.2014 Anne Grete Gjerdevik får permisjon frå kommunestyret og andre kommunale verv frå 08.05.13 01.08.14. Det vart orientert om at ho er vararepresentant til A/S Sambygg, og at ho er fast representant i forliksrådet. For fritak frå vervet i forliksrådet er det særlege reglar i domsstolslova. Ein må vurdera om det er nødvendig å oppnemna nye vararepresentantar. Det er Ap som evt. kjem med forslag om nye kandidatar til kommunestyremøtet, jf. kommunelova 16 nr 6. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes tilrådd. FOR-028/13 VEDTAK: Anne Grete Gjerdevik får permisjon frå kommunestyret og andre kommunale verv frå 08.05.13 01.08.14.
029/13: SKRIV OG MELDINGER : Skriv og meldingar vert teke til orientering. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. FOR-029/13 VEDTAK: Skriv og meldingar vert teke til orientering. 030/13: PROSJEKTRAPPORTERING FORMANNSKAPET 2013 Prosjetrapporten vert teken til etteretning. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. FOR-030/13 VEDTAK: Prosjetrapporten vert teken til etteretning.. 031/13: PRIORITETSVIKING - LEIGEAVTALE MED STRANDVIK NYE BARNEHAGE Mikal Leigland, Sp, ga utrykk for at han var inhabil då han har ein delentreprise på barnehagen. Han gjekk frå og Haldor Tuft, Sp, tok plass i møtet.
Mikal Leigland vart samrøystes kjend inhabil. Ordførar Hans S. Vindenes, Sp, fremja følgjande forslag: Fusa kommune godtar at leigeavtale inngått med Strandvik Nye Barnehage, datert 17.12.12, kan ha prioritet etter Sparebanken Vest sine lån. Framlegget frå Hans S. Vindenes, Sp,vart vedteke med 5 røyster. 4 røysta mot ( 1 Ap, 2 Frp, 1 Krf) FOR-031/13 VEDTAK: Fusa kommune godtar at leigeavtale inngått med Strandvik Nye Barnehage, datert 17.12.12, kan ha prioritet etter Sparebanken Vest sine lån. 032/13: DELEGASJON AV MYNDE FRÅ FORMANNSKAPET TIL RÅDMANNEN I SAKER SOM OMHANDLAR BYTE AV SKULESTAD Rådmannen får delegert mynde i saker som omhandlar byte av skulestad. Det vart opplyst at kommunestyret har avgjerdsmynde. Det vart opplyst at delegasjonen gjeld for søknader internt i kommunen. Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes tilrådd. FOR-032/13 VEDTAK: Rådmannen får delegert mynde i saker som omhandlar byte av skulestad.. 033/13: GRUNNLOVSJUBILEET 2014 Fusa kommune ønskjer å markera lokalt grunnlovsjubileet i 2014 og samstundes Fusa sine 50 år som sameint kommune. Fusa kommune set ned ein lokal komite for å førebu jubileumsåret. I komiteen er desse med som faste medlemer og varamedlemer: Frå formannskapet: Frå ungdomsrådet: Frå rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne:
Det vert etablert ei administrativ arbeidsgruppe for praktisk oppfølging av jubileet. Sekretariatet vert lagt til kulturkontoret. Det vart orientert om forslaga frå råda: I komiteen er desse med som faste medlem og varamedlem frå rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne: Medlem: Haldor Tuft Varamedlem: Turid Ekeberg Desse vert valde inn i jubileumskomiteen frå ungdomsrådet: Fast medlem: Tone Koldal Varamedlem: Vegar Berget Ordførar Hans S. Vindenes, Sp, fremja følgjande forslag: I komiteen vert ordførar Hans S. Vindenes, Sp, medlem frå formannskapet Framlegget frå rådmannen, Hans S. Vindenes og forslag til medlemer frå råda vart samrøystes vedteke. FOR-033/13 VEDTAK: Fusa kommune ønskjer å markera lokalt grunnlovsjubileet i 2014 og samstundes Fusa sine 50 år som sameint kommune. Fusa kommune set ned ein lokal komite for å førebu jubileumsåret. I komiteen er desse med som faste medlemer og varamedlemer: Frå formannskapet: Medlem: Ordførar Hans S. Vindenes Frå ungdomsrådet: Medlem: Tone Koldal Varamedlem: Vegar Berget Frå rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne: Medlem: Haldor Tuft Varamedlem: Turid Ekeberg Det vert etablert ei administrativ arbeidsgruppe for praktisk oppfølging av jubileet. Sekretariatet vert lagt til kulturkontoret. 034/13: FORHANDLINGAR OM NYE LEIGEAVTALAR MED FUSA SAMFUNNSHUS OG EIKELANDSFJORDEN SAMFUNNSHUS U.OFF 13, 13