Rapport. Innbyggjarundersøkinga 2015 Ulvik herad. Generelt om spørsmåla: Spørsmåla kunne graderast på ein skala frå 1-6, kor 1 var dårlegast. Eit gjennomsnitt på 3,5 vil seie ein vurderingsscore midt på treet. Eit gjennomsnitt under 3,5 gir uttrykk for negativ vurderingsscore, medan eit gjennomsnitt over 3,5 gir uttrykk for positiv vurderingsscore. Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten. Næring, arbeid, transport, tilgjenge og miljø Høve til å få arbeid innan rimeleg avstand frå heimen? 3,9 Høve til å etablera eiga verksemd i heradet? 3,6 Standarden på vegar og gater? 2,9 Tilrettelegging for fotgjengarar? 2,8 Tilrettelegging for syklistar? 2,7 Kollektivtilbodet innan heradet? 3,5 Kollektivtilbod inn og ut av heradet? 4,3 «Fleire arbeidsplassar er etablerte, men framleis kunne næringsutviklinga vore betre. Her har næringslivet i lag med bygdeutviklar ein kontinuerleg utfordring. Dette må vera målretta og ikkje i rykk og napp. Bruk gjerne pengar på marknadsføring, oppsøkjande verksemd, samarbeidsprosjekt. Ulvik bør bli med i Voss næringshage, den er nyskapande, innovativ og har ambisjonar langt utover tradisjonelt bygdenæringsliv.» Ei gjennomgåande utfordring for busetjing og verdiskaping er høve til få jobb i nærleiken. Mange pendlar ut av heradet. Høve til å skapa eiga verksemd oppfattast som ikkje så enkelt- med eit resultat på 3,6. Ulvik herad arbeider for å leggja til rette for nyetableringar og stø opp om etablerte verksemder. Undersøkinga viser at heradet burde driva meir oppsøkjande verksemd. Ulvik har eit effektivt og tilgjengeleg næringsfond som vert lyst ut ein gong i året og som nettopp skal stø opp om nyskaping og nyetablering. Kollektivtransporten og tilrettelegging for syklistar og fotgjengarar har låg score.
Innbyggjarane er ikkje nøgd med kollektivtransporten innan heradet. Ei betre tilrettelegging for bruk av kollektivtransport og sykkel, kan vera med å redusera privatbilismen og klimagassutsleppa. Klima, natur og landskap Heradet sin innsats for å møta klimautfordringane? 5,1 Innbyggjarane sin innsats for å møta klimautfordringane? 3,7 Tilrettelegging for friluftsliv? 4,9 Korleis heradet tek vare på naturen og landskapet? 4,3 Sentrumsbygget i heradet er miljøfyrtårnsertifisert. Det eksisterer alt ein handlingsplan for gjennomføring innanfor dei andre tenesteområda i heradet. Eitt av hovudtema i sertifiseringa som Cittaslow-kommune er energi og miljø. «Ta elva Tysso meir i bruk. Her kan det tilretteleggjast for at ein kan gå langs elvekanten og driva fisking og annan aktivitet i elva. Meir fortau og sykkelstiar i sentrum.» Bumiljø, senterfunksjonar, levekår og servicetilbod Tilgangen til møteplassar der du kan treffa andre? 4,3 Folkeliv og aktivitet? 4 Orden og reinhald på offentlege stader? 4,3 Oppvekstmiljøet for born og ungdom? 5 Heradet som buplass for eldre? 4,8 Heradet si hjelp til personar i vanskelege livssituasjonar? 4,8 Naboskap og sosialt fellesskap? 4,6 Butikktilbodet? 3,8 «Pulserande "slow city"», var det ein innbyggjar som skildra Ulvik som. Innbyggjarane er nøgde med tilgang til gode møteplassar og høve for å treffa andre. Bumiljø og oppvekstvilkår for unge, familiar og eldre får også høg score. Tilgang på butikktilbod og utval av varer er lågt. Kultur og idrett Kulturtilbodet? 4,4 Høve til å delta i idrett? 5,2 Tilbodet av andre fritidsaktivitetar? 4,5 Tilbodet av kafear, restaurantar, uteliv? 4,4
Det er eit mangfald av kultur, idretts- og treningstilbod til alle innbyggjarane gjennom heile året. Ulvik har eit aktivt idrettslag og kulturliv med poesi/litteratur, biletkunst og kunsthandverk m.m. Utbygging og utvikling «Ulvik har urbane kvaliteter gjennom busetjing og tenesteyting. Innbyggjarane er opne og positive til nye folk, og ein unner naboen suksess. Mange gründerar og personar med initiativ til å få til noko i bygda.» Utviklinga av kommunesenteret? 3,9 Utvikling av andre grender og bygdelag i heradet? 4,7 Næringsutviklinga 3,8 Vern av dyrka mark? 4,9 Leike- og aktivitetsområde? 4,4 Utvikling av buområde i heradet? 3,8 Innbyggjarane i heradet er stort sett godt nøgde med utviklinga i dei ulike grendene, medan sentrumsområda har noko å jobba med. I dette arbeidet er det viktig at innbyggjarane blir inviterte til meir medverknad i utvikling av planar for sentrum. Planane må også sjåast i samanheng med utviklinga av buområde i heradet. Næringsutviklinga i Ulvik er det mange meiningar om, det viser mellom anna kommentarane i undersøkinga. Næringslaget har vorte meir synleg gjennom ny dagleg leiar og opninga av Handelslaget. Samstundes er bygde- og næringsutviklaren nyleg tilsett i fast stilling, etter fleire år med korte engasjement i stillinga. Ei slik tydeleg satsing vil leggje til rette for næringsutvikling, og gjera det meir attraktivt for gründerar å koma til Ulvik. «Bygda burde vore endå stoltare av det dei har her, og tatt endå meir utgangspunkt i natur og kultur for å starta ny næring.» Heradet som buplass «Det er positivt at Ulvik har eit stort mangfald, me har innbyggjarar frå heile verda, mange ulike aktivitetar og gode møtestadar som gjev bygda eit urbant preg.» Kor nøgd er du med høvet til å skaffa seg Leilegheit? 4,8 Einebustad? 4,7 Tomt? 4,9 Rekkjehus? 5,2
Kor nøgd er du med Området der du bur? 5,2 Å bu i heradet? 4,8 I kva grad vil du tilrå vener og kjende å flytta til heradet? 4,3 Heradet har eit relativt nytt bustadfelt på Hjelmavoll, kor det er ledige tomter. Samstundes har heradet overteke eit areal, med ein reguleringsplan for bustadar i Vombevika. Difor er det ikkje noko store vanskar med å skaffa seg tomt i Ulvik. Dessutan har det vore jamleg sal av både einebustadar og leilegheiter dei seinare åra. Dei som har svara på undersøkinga har svara sers positivt på området ein bur i, og det å bu i heradet. Dette kan tyda på at dei som har svara på undersøkinga har jamnt over eit positivt syn på både bygda og nabolaget sitt. «I kva grad vil du tilrå vener og kjende å flytta til heradet?», er eit viktig spørsmål i eit utviklingsperspektiv. Ved å sjå til kommentarane i undersøkinga er det mange som peiker på kor vanskeleg det kan vera å skaffa seg jobb i Ulvik, spesielt for begge dei vaksne i ein familie. Dette kan vera med på å trekkja snittet til spørsmålet noko ned. Ved å dyrka gründerverksemd, vera aktive for større føretak som vil etablera seg i distrikta og leggja vekt på næringsutvikling, kan Ulvik verta meir attraktiv. Noko som kan få fleire til å tilrå vener og kjende å flytta til heradet. «Alle kjenner alle og mange kjenner siste nytt før du har fortalt det sjølv.» Møtet med heradet «Komitemodellen politisk fungerar ikkje. For mykje makt og avgjersler i formannskapet.» Korleis folkevalde i heradet lyttar til innbyggjarane sine synspunkt? 3,9 Korleis folkevalde i heradet løyser lokale utfordringar? 3,6 Høve til å påverka heradet sine avgjerder? 3,7 Korleis heradet følgjer opp det som blir lova? 3,5 Serviceinnstillinga hjå dei tilsette i heradet? 4,3 Kor raskt du får hjelp/svar på spørsmåla dine? 4,2 Informasjon frå heradet? 4,1 I kva grad har du tillit til at Politikarane i heradet arbeider for innbyggjarane sitt beste? 4,1 Heradet handsamar like saker likt? 4,2 Heradet følgjer lover og reglar? 4,3
Svara som kom inn til dette temaet er temmelege klare, og bør vera ein auge opnar for både folkevalde og tilsette i heradet om at det er tillit til lik handsaming og gjennomsiktighet i tråd med regelverket. «Ikkje leiga inn konsulent hjelp til alt...sjå på korleis innbyggjarar og tilsette kan bidra...ta avgjersler litt kjappare.» Heilskapsvurdering I kva grad trur du Ulvik har godt omdøme som buplass? 4,5 I undersøkinga kjem det fram mykje positivt om Ulvik som buplass, der bulyst og oppvekstmiljø er knytt til natur, friluftsliv, trygge omgjevnader, gode møteplassar mm. Like viktig er konkrete døme på kva som kan gjerast for å få det betre både i nabolag/ stadutvikling, natur og kulturlandskapsforvaltning. Det gjeld også i høve sentrumsutvikling og for å auka attraktiviteten og tenestetilbodet for å auka innbyggartalet og skapa arbeidsplassar. «At det er ei skikkeleg bygd. Det passar og i overført tyding: det er kultur for å vera konstruktiv, å byggja opp.»