Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019 Vedteken i Kommunestyret, sak 14/82, 11.12.2014
Planen er eit overordna politisk vedteke dokument for barnehagane i Vinje kommune. Planen inneheld felles satsingsområde som er forpliktande for barnehagane. Samstundes skal det vera rom for at kvar barnehage kan skapa sin eigen identitet. Planen er ein reiskap for å sikre målstyring og resultatoppfølging av arbeidet, og han skal vera eit verktøy i samband med avklaring av interne val og prioriteringar. Planen skal gje retningsliner og signal til arbeidet med strategiske planar og verksemdsplanar i dei enkelte einingane. Kommunen er lokal barnehagemynde. Kommunen skal gje rettleiing og sjå til at barnehagen blir driven i samsvar med gjeldande regelverk. Kopling til andre planar og styringsdokument - Kommuneplanen 2007-2019 overordna plan for Vinje kommune - Økonomiplan for Vinje kommune - Barnehageloven - Rammeplan for barnehagar - Opplæringslova - Dei til ei kvar tid gjeldande lover, forskrifter, rundskriv og retningsliner frå stat og kommune Oppfølging og rullering Barnehageeigar er ansvarleg for rullering når det har skjedd store endringar lokalt og sentralt. Oppfølging i den enkelte eining er delegert til einingsleiar. Side 2
Vinje kommune- kommunefakta Barnehagar: adresse areal Edland barnehage Storegutvegen 76 277 m 2 Åmot barnehage Surgravvegen 30 651 m 2 Rauland barnehage Raulandsvegen 1747 800 m 2 Oppvekstsenter: Øyfjell oppvekstsenter Kyrkjevegen 25 208 m 2 Opningstid for barnehagane kl 06.45 17.00 Oversyn over fødselstal dei siste åra (Statistikk pr. 01.10.2014 bygt på lister frå SSB syner talet på 1.klassingar i kommunen kvart år) 60 50 40 30 Serie1 20 10 0 2014/15 2015/16 2016/17 2017/18 2018/19 2019/20 Side 3
Statlege føringar Fleire pedagogar Barnehagane har i fleire år hatt ordningar for utdanning av førskulelærarar. Når det blir ledige stilling, lyser ein etter barnehagelærar / pedagog. Rettleiing av nyutdanna Kommunane i Vest-Telemark samarbeider om å få til eit rettleiarkorps for regionen. Vil også oppmode tilsette om å ta rettleiarutdanning. Fleire menn i barnehagen Innan utgangen av 2015 vil me arbeide ut ein strategi for å få fleire menn til å søkje arbeid i barnehagen. Tidleg innsats Har sett i gang småbarnsteam. Gjennom arbeidet i FSB (Forum for systemretta arbeid i barnehagen) er det fokus på tidleg innsats. Før oppmelding til PPT blir problem teke opp der. Mange gonger får dei råd slik at barnehagen kan setje i gang tiltak fort. Godt samarbeid med PPT og helse. Side 4
Overordna mål for Vinje-samfunnet (Kommuneplanen 2007-2019 s 7) Hovudmål Born og unge i Vinje skal ha trygge og utfordrande oppvekstvilkår. Med det meiner me: o at me skal ha barnehagar der ungar blir sett og rekna med o at me skal ha skular som gir tilpassa opplæring til alle o at me skal ha eit kulturtilbod som famnar breitt Slik gjer me det: o Har ein felles pedagogisk ståstad for barnehage, skule og SFO o Nytte entreprenørskap som arbeidsmetode i barnehagar og skular o Har full barnehagedekning med tilbod tilpassa den einskilde brukar o Gir tilpassa opplæring for den einskilde i skulen o Bruke IKT som eit viktig verktøy i barnehagar og skular o Har eit allsidig kulturskuletilbod som styrkar den lokale identiteten knytt til alle bygdelaga o Støttar friviljuge lag og organisasjonar som organiserer aktivitetar for born og unge o Samarbeider med politi om førebyggjande rus- og kriminalitetstiltak o Arbeider for at Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen har eit breiare tilbod Andre interne planar: HMS-plan SLT-plan Plan for den kulturelle skule- og barnehagesekken Handlingsplan mot mobbing Plan for overgangar barnehage skule og mellomtrinn ungdomsskule. Frå eldst til yngst. Smittevernplan Barn i sorg og krise Verksemdsplan Årsplanar Kompetanseplan Språkplan for Vinje kommune Side 5
Mål for Vinjebarnehagen: I Vinje kommune skal ein: ha eit felles syn på barn og læring. skape heilskap i oppveksten for barn og unge utveksle erfaringar på tvers av faggrenser og kompetanse samarbeide tett med foreldra Pedagogiske hovudmål Det pedagogiske arbeidet i Vinje kommune er tufta på felles haldningar og læringssyn. Kvart enkelt barn skal oppleva å lukkast med noko i kvardagen. Barn skal bli møtt med respekt. Kvart barn skal bli sett og høyrt. Barn skal få utvikle seg ut frå eigne føresetnader. Me vil gjera barn og unge i stand til å møte endringar med framtidstru og optimisme. Barn og unge må få ei positiv haldning til heimbygda gjennom oppvekst og skulegang, slik at dei ynskjer å busetje seg her. Prioritere førebyggjande tiltak tidleg i barnehagen, Jf. St.meld.16 om tidleg innsats. Barn og unge skal ha høve til engasjement og medverknad. Ein skal sjå barn og unge som ein ressurs. Skapa eit godt oppvekst- og læringsmiljø der opplæringa er tilpassa den enkelte. Organisatoriske mål Oppretthalde noverande barnehagestruktur Full barnehagedekning Barnehagen skal ha eit kompetent personale med yrkesglede, og høve til fagleg og personleg utvikling og vekst. Kvalitetsutvikling og kvalitetssikring Side 6
Delmål / Satsingsområde Dette vil me: Auke fokus på kvalitet og effektiv drift i barnehagane i Vinje, og vera i forkant i høve til sentrale og kommunale krav Styrke barnehagane som læringsarena Alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap Barn i Vinje skal ha trygge og utfordrande oppvekstvilkår Barnehagane driftsmål Tema Indikator Status 2014 Pedagogisk tilbod med kvalitet. Tidleg innsats Del avdelingar med to pedagogar Brukarundersøking; - Korleis barnehagen legg til rette for det enkelte barns utvikling Ønskt resultat i 2015 Lågaste aksepterte resultat Ikkje godkjent resultat 80% 90% 80% Under 80% 5,0 5,1 Mål 2015-2017 100% 5,2 Barn som trivst og har gode sosiale dugleikar. Internkontroll / HACCP på mat - tryggleik i barnehagane. - Dei tilsettes kompetanse til å gjere ein god jobb med ditt barn 4,9 5,0 Brukarundersøking - Trivsel 5,1 5,3 5,2 Under 5,0 0 visjon på merknad / pålegg frå mattilsynet. Starta opp 0 Inntil 2 Over 2 0 5,2 5,4 Side 7