MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 3 / juni 2009 Resultatet frå plantefargingskurset på Årås 19.-21. juni Framme frå v: Anne Grete Breisnes (kursleiar), Grete Vetås, Beate Skag Storheim. Bak v: Jorun Eikevik, Svanhild Tofting. Fotograf og kursdeltakar: Toril Geelmuyden
UTSTILLING MED INGVILD SKÅR Ingvild Skår hadde salsutstilling i Galleri Utsyn i sjukeheimen i Knarvik i mars no i 2009. Der stilte ho ut 48 av sine arbeid. Ti av dei var malte akvarellar, resten var tova bilete. Alt vart seld. Heime hjå Ingvild finn PRIMSTAVEN at Ingvild likar naturalistiske motiv; på veggane hennar heng arbeid frå fleire kunstnarar, saman med hennar eigne akvarellar og tova bilete. Akvarellane har nydelege, duse fargar; først malar ho, så strammar ho opp motivet med tusj. Det er ein teknikk ho nyttar, med flott resultat. Så kven møter PRIMSTAVEN når dei dreg på besøk for å sjå etter mennesket bak bileta? Jo, me møter eit nysgjerrig menneske, som prøver seg på mye og mangt innan husflid og farger. Det starta då Ingvild passerte 50. Interessa låg der, men då ho trengte ei avveksling frå arbeid og politikk, søkte ho seg inn på kurs. Det har vorte mange kurs etterkvart. Ho putlar med akrylmåling og oljemåling, med akvarellmåling og toving. Toving er heilt ærleg det eg likar best, det eg er tryggast på, seier Ingvild. Ho er vokse opp på Seim, med sauer og lam. Det er mange gode barneminne knytt til ull. Ho seier ho plukka tidleg ull frå gjerda og fylte i puter til dokkene sine. Det er godt å arbeide med naturmaterialar, seier Ingvild. I tillegg fortel ho at ho nyttar silke og lin og trådrestar som effektar i bileta sine. Tidlegare var hovudfargane blågrøne/ lilla fargar, no er ho meir over i gyldne fargar. Ingvild deltek gjerne på kurs, ho jaktar på spennande og inspirerande kurs, for det er alltid artig å lære noko nytt, seier ho. Mykje finn Ingvild hjå Sommarakademiet, som tilbyr gode kurs. Mange av kursa vert halde i Kalvåg i Bremanger kommune. Karin Flatøy Svarstad er leiar for Sommarakademiet og kursleiar på tove og målekurs: Du finn informasjon på: www.sommerakademiet.com I sommar, i 2009, dreg Ingvild på kurstur, til Orknøyane, på kunst og kulturreise med Karin F. Svarstad, der ein dag er sett av til kurs. Det vert spennande å sjå kva det kurset inspirerer til! PRIMSTAVEN kjem gjerne på nye besøk.. J 2
BANDVEVKURS på Husflidsstova på Ikenberget Målet for kurset dei 9 deltakarane er med på i mars 2009, er at dei skal kunne " veve band i plukkteknikk på grindvev. Dei skal kunne lese mønster og setje opp renning til bandet. Teknikkar dei skal nytte seg av er 1. lage renning 2. tre i grind og setje opp renning 3. veve bunadsband i plukketeknikk 4. damping og klargjering av band til bruk" (Sitat frå Folkekulturforbundet og gjeldande for kurset der Grethe Vetaas og Kjersti Børilden er kursleiarar.) Nokre av deltakarane har prøvd seg med grindvev før, medan andre er heilt nybyrjarar. Alle lager framifrå band. Ein vanske er å få bandet jamt i kantane. Svanhild fortel at ho har 5 meter renning, og den første meteren er prøvearbeid, før ho set i gang med dei 3 metrane eit livband til bunad skal vera. Det tek tid å veva band når ein ikkje er røynd. "10 cm i timen", meiner Svanhild ho klarer no i starten. Men band skal det verta, for bunaden til barnebarnet treng band, laga av besto! To damer frå Asia er med. Dei er med av di dei fann kurset interessant. Banda dei har i fanget er lange og fine. "Kjekt. Spanande", seier dei på spørsmål om korleis dei likar å veve band. Kurset går over to laurdagar, 12 timar. Nokre får tid til å arbeide med veven heime mellom laurdagane, og er ferdig med bandet når kurset er over. Andre må veve vidare aleine, men får med seg gode råd og tips om damping og klargjering av banda. - Tidlegare på dagen har Målfrid Mjanger vore innom og demonstrert veving og rennebommen som ho har lånt ut til kurset. Ho er veteran og har vove band i 30 år. "Målfrid var innom og kvalitetssikra kurset, seier Grethe. "Alt må stemme for at banda skal verta fine! Rennebommen, ja. Slank og fin og høg. 10 meter renning er det plass til, men på kurset nøyer dei seg med 5 meter. Ein renner på ein og ein farge for å få dei i rett rekkefølgje. Grethe og Kjersti fletter så ned frå rennebommen slik at det ikkje vert rot i trådane. Konklusjon: Det er kjekt å veve band. "Vi er ein utdøyande rase", seier Kjersti, "det kan tidvis vere vanskeleg å få tak i band". Er du interessert i å delta sjølv, interessert av di du skal sy bunad, t.d., eller berre vil lære å veve band på grindvev, så ta kontakt. For om det er interesse, så vert det nytt kurs til hausten. Kursleiarane er kjempefornøygde etter desse 12 timane, og stiller gjerne opp på nye kurs. Berre du kjem! 3 Kjersti Børilden instruerer Svanhild Tofting
TORGDAG I HILLESVÅG Laurdag 6.juni var ein strålande dag, og ei flott ramme rundt torgdagen som fann stad ved og i ullvarefabrikken i Hillesvågen. Mykje folk, mange salsboder og tilbod, kafe med sveler og is og kaffe, suppe servert utafor, og fiskekum og handarbeidsaktivitetar for store og små. Nålefilting, der ulla vart lagt inni kakefigur-former, førte til at fleire fekk med seg fine ullfigurar heim. Toving av småballar, gjerne med ein skatt inni!, eller tvinning av snorer med rett reiskap. Artig med gamle teknikkar i bruk. Inne i kafeen i det nye bygget i Hillesvåg synte Frå opninga av Husflidens hus.ordførar A.Byrknes klypper snora dei film frå Sylvsmia på Voss. Det var arbeidet med brurekruna til Nordhordlandsbunaden som var i fokus i filmen. Fabrikken arrangerte omvisning for interesserte, og butikken var open, så her var noko for ein kvar. Kva seier du, Aud Marit, om dagen til no? - Klokka er nesten 14, og mykje har hendt sidan opninga i 11 tida. - Eg er godt fornøyd, det har vore gøy. Fantastisk vêr, mykje folk og god stemning. Her er kjende og nye folk. Mest gøy er at me får til eit samarbeid ut over vår eiga tue. Det er positivt og flott med dette samarbeidet med Hillesvågen; det er ein vinn-vinn- situasjon for oss alle. Huset som dei har sett opp i Hillesvågen, er utgangspunkt for eit prøveprosjekt. Husflidslaget får bruke huset som base for mange av sine aktivitetar. Det vert kursstad for mange av husflidslaget sine kurs, men vevkursa vil halde fram på Dale. Ingvild Skår opnar Husflidslaget si kursverksemd i Hillesvågen med eit tovekurs. Det ser me som starten på ein spennande prosess, og Ingvild vert altså den første kursleiaren her. Husflidslaget merkar auka merksemd no, og aukande medlemstal, - seier Aud Marit, og gir ordet vidare til Øyvind Myhr, leiar i Hillesvåg ullvarefabrikk i dag. - Det har vore ein fantastisk dag. Det er viktig at huset her kan stå til disposisjon, og samarbeidet med husflidslaget er midt i blinken for bruken av huset. Ordføraren sa i opningstalen sin i dag dette er den kjekkaste opninga ho har vore med på. Husflid og yrande folkeliv, saman med musikk frå Radøy Brass, gav gode toner for ein fin torgdag. Husflidslaget og ullvarefabrikken har felles interesse, så eg ser fram til Snorlaging med slyngstokk. Alle foto: Toril Geelmuyden meir samarbeid, også utover torgdagen i dag. 4 - I dag er Hillesvågen verdas navle, og slik vil vi ha det: vi vil samle folk her framover i ulik aktivitet, seier Øyvind Myhr, før han hastar vidare til neste filmframsyning. Nestleiar G. Spurkeland saman med Anna Fammestad og åkla hennar
MEDLEMSMØTE I HUSFLIDSHUSET I HILLESVÅGEN 8.juni fekk me besøk av Signe Aarhus frå Oleana. Ho fortalte om fabrikken, som starta opp i 1992, og om produkta deira. Dei bruker berre naturfiber i produkta, slik som ull, silke, alpakka og norsk kasjmir. Kvar kolleksjon får namn etter kjende hendingar i landet og verda. Dei lagar same design i fleire fargar og skifter ikkje ut alt kvart år. Ein flott kveld med kaffe i bunadskrus og kringle til. Laurdagar i Hillesvågen? Husflidens hus i Hillesvågen er utan aktivitetar i sommar. Dersom medlemane i laget har interesse av å stilla ut husflidsprodukta sine, er det ynskje frå fabrikken at husflidslaget tar huset i bruk som galleri. Om laurdagane er det ofte turbussar der. Då skulle huset vore opent frå kl. 10.00 14.00. Gjestane skulle fått sett og eventuelt kjøpt lokalproduserte husflidsprodukt. Høyrest dette spennande ut, ta kontakt med underteikna på tlf 94857312. Med helsing Aud Marit Halland Leiar GEVINSTAR FOR UTLODDING Styret har kjøpt 2 babyborndokker for utlodding. Medlemar har lova og lage bag til den eine og seng/ vogge til den andre. Men dokkene treng klede. Kan du bidra med noko? Me treng og andre gevinstar til lotteriet, t.d eit par sokkar eller grytelappar. 5
Kurs hausten 2009 Kurs Kursleiar Timar Start Stad Pris Veving av band til Kjersti Børilden/ 12 Oktober Husflidsstova Kr 740 Nordhordlandsbunad Grete Vetås Påmelding: 90672804 Kurs Kursleiar Timar Start Stad Pris Kvinnebunad Randi Nedreås 32 Måndag 21. Husflidsstova Kr 1640 Veving av band til Kjersti Børilden/ 12 september Oktober Påmelding: Husflidsstova Kr 740 Nordhordlandsbunad Grete Vetås 99490187/56178338 Påmelding: 90672804 Kvinnebunad Bilde i ull Randi Ingvild Nedreås Skår 32 12 10./17./24 Måndag 21. Hillesvåg Husflidsstova Kr 740 Kr 1640 september Påmelding: Påmelding: 97061265 18.00-22.00 99490187/56178338 Pilfletting Lise Dyrhovden 14 Helg i sept Matre, påmelding Kr 830 Bilde i ull Ingvild Skår 12 10./17./24 56367257 Hillesvåg Kr 740 september Påmelding: 97061265 Mat på takke Arild Hagenes 12 12. og 13. Hillesvåg, påmelding Kr 740 18.00-22.00 September 97061265 Pilfletting Lise Dyrhovden 14 Helg i sept Matre, påmelding Kr 830 Pølselaging Bjørg Skarbø 12 September Tjore, påmelding Kr 750 Kurs 56367257 Kursleiar Timar Start 93096779 Mat på takke Arild Hagenes 12 12. og 13. Hillesvåg, påmelding Kr 740 Kniplingkurs Nina Karin 28 Veving 27. august av band Årås til (gamle banken) Kjersti Børilden/ Kr 1460 12 Oktober September 97061265 Knutsen Nordhordlandsbunad påmelding 47270326 Grete Vetås Pølselaging Bjørg Skarbø 12 Kvinnebunad September Tjore, Randi påmelding Nedreås 32 Kr 750 Måndag 21. Tauverk Kaspar Hansen 16 Oktober Flatøy, påmelding 93096779 Kr 920 september Kniplingkurs Nina Karin Knutsen 28 27. august 56178108 Årås (gamle banken) Kr 1460 Salting/krydring av Jarl Hansen 12 22. Flatøy, påmelding 47270326 Kr 740 Bilde i ull Ingvild Skår 12 10./17./24 Tauverk sild Kaspar Hansen 16 september Oktober 56178446 Flatøy, påmelding Kr 920 september Karveskurd Gunnar Veivåg 12 2. 4. Hillesvåg 56178108 Kr 740 18.00-22.00 Salting/krydring av Jarl Hansen 12 oktober 22. september Påmelding Flatøy, 95979336 påmelding Kr 740 Pilfletting Lise Dyrhovden 14 Helg i sept sild Kipebinding Kjetil Monstad 30 Torsdag Hillesvåg 56178446 Kr 1550 Karveskurd Gunnar Veivåg 12 Oktober 2. 4. oktober Påmelding Hillesvåg 95979336 Kr 740 Mat på takke Arild Hagenes 12 12. og 13. Brakekledningskurs Arne Mjelde 16 Sept. Helg Stølbrøtet, Påmelding Seim 95979336 Kr 920 September Kipebinding Kjetil Monstad 30 Torsdag Påmelding: Hillesvåg 56351251 Kr 1550 Pølselaging Bjørg Skarbø 12 September Skinnfell Karin T Pedersen 40 6.-10. Oktober Nov Hillesvågen Påmelding 95979336 Kr 2000 Brakekledningskurs Sying/trykking Arne Mjelde 16 Sept. Helg Påmelding: Stølbrøtet, 56373278 Seim Kr 920 Kniplingkurs Nina Karin Knutsen 28 Barn/vaksne: Se 12 Onsdag 2. Manger Påmelding: Barneskule 56351251 Kr 740 27. august Skinnfell nedanfor Karin T Pedersen 40 september 6.-10. Nov Hillesvågen Kr 2000 Tauverk Kaspar Hansen 16 Oktober Sying/trykking Spinning av sau - ull Grete Hansen 15 Helg Dale Grendehus, Påmelding: 56373278 Kr 875 Barn/vaksne: Må Se ha rokk 12 Onsdag 2. påmelding Manger 56372282 Barneskule Kr 740 Salting/krydring av Jarl Hansen 12 22. september nedanfor september Vevkurs/Flatvev Aud Marit Halland 48 6 sild 27. aug Dale Grendehus Kr 2160 Spinning av sau - ull Grete Hansen 15 Helg Dale Grendehus, Kr 875 Karveskurd påmelding 56373278 Gunnar Veivåg 12 2. 4. oktobe Må ha rokk påmelding 56372282 Vevkurs/Flatvev Aud Marit Halland 48 27. aug Dale Grendehus Kr 2160 Kipebinding Kjetil Monstad 30 Torsdag påmelding 56373278 Oktober Brakekledningskurs Arne Mjelde 16 Sept. Helg Skinnfell Karin T Pedersen 40 6.-10. Nov Sying/trykking Barn/vaksne: Se nedanfor 12 Onsdag 2. september Spinning av sau - ull Grete Hansen 15 Helg Må ha rokk Vevkurs/Flatvev Aud Marit Halland 48 27. aug
Studiering: Hedebo saum, stad og vekekveld vert bestemt seinare. Påmelding til Jorun Sætre 98833861/56373376 Studiering: Kontstrikk 7. september, hakking 5. oktober, pjoning 2. november, gimping 30. november. Treffa vert avvikla i Hillesvåg kl 18.00 desse dagane, berre møt opp og ta med deg det du treng for å delta. Kurs for barn og vaksne: 12 timar med tauarbeid, lage snorer blant anna med slyngstokkar, toving og brodering. Kurset vert halde onsdagar frå 17.30 til 20.30. Påmelding til Aud Marit Halland 56373278. Utgifter til materiell kjem i tillegg til kursavgifta. Medlemmer i Nordhordland Husflidslag får 10 % rabatt på kursavgifta. Aldersgrense for å delta på kurs er 14 år, med unntak av kurs med barn vaksne. Kurset skal betalast før kursstart. Påmelding til kurs er bindande. Velkomen til kurs i Nordhordland Husflidslag Andre aktivitetar i laget 8. august Husflidslaget er invitert til å vera med på opninga på Kystsogedagane i Austrheim. Me har sagt ja til å demonstrera, syna fram og selja ulike husflidsprodukt. Så produsentar og andre medlemar som kan vera med på Fonnes kai frå kl. 12.00 til 16.00, meld frå til nokon i styret. 29. og 30. august Det er og eit sterkt ynskje om at me skal delta på Kystsogedagane på Holmeknappen i Meland. Dei har sett av 10 stands til oss, så ver snar og meld deg på. Suksessen frå sist haust med aktivitetar for born prøver me å få i stand denne gongen og. Her treng me hjelparar som kan avsjå nokre timar laurdag eller søndag. 7. september Den 7. september startar handarbeidstreffa oppatt. Dei vert i Huset i Hillesvågen. Det vert studiering på diverse handarbeidsteknikkar. Første kveld vert det kontstrikk. 19. september 19. september vil me markera Husflidens dag i Knarvik senter. Då håpar me mange utstillarar vert med på markeringa. Me vil også ha aktivitetar for born. Elles kan nemnast at me har eit rikt kurstilbod denne hausten, så det skulle vera noko av interesse for ein kvar smak. God sommar. 7 Helsing styret for laget Aud Marit Halland leiar
POST TIL PRIMSTAVEN Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver gild å ta kontakt med oss: Øyvor H. Larsen, Bruvegen 44, 5914 Isdalstø Tlf. 56 35 15 51 /99 53 24 42; e-post: oyvorhl@c2i.net Anne Grete Breisnes, Kvalvågen, 5943 Austrheim Tlf. 56167032 / 97511208, e-post: agbrei@online.no Utgjevar: Nordhordland Husflidslag, Returadr.: Anne Grete Breisnes, 5943 Austrheim 8