Nordfjord REISEGUIDE 2016



Like dokumenter
Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

TURISTINFORMASJON. Glitrande fjord og himmelvidt hav. Ruvande fjell. Blå isbrear mellom grøne dalar. Nordfjord forfører sansane dine.

Den kulturelle skulesekken Lokal plan - Selje kommune 2012/ /2016

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Forslag til nytt handlingsprogram for anleggsinvesteringar

VAKKER TRENING I NORDFJORD

Juvet Landskapshotell

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

NSK s vårtur 2010 Nordvestlandet. 28. til 30.mai 2010

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Stemnehandboka for NKSF

Kultur- og næringskonferansen, Kristiansund 4. mai 2011

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

STOR FELLES ARBEIDS- MARKNAD OG VARIERT ARBEIDSLIV

Ny region i emning. frå Runde til Videsæter gjennom Eiksund og Kviven. Utarbeidd på oppdrag frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

5 stk flotte bustadtomter til sals

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Ruteendringar frå 19. juni 2016

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Opplev toppen av Fjord Norge!

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Fra tare til tind. m/ HEMO Travels Vårskitur 2012

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Kulturhistoriske registreringar

Sommartur til Sverige,

Kva er økologisk matproduksjon?

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Grotli er like vakkert året rundt. Her soler Skridulaupen seg en stille høstdag.

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Arbeid med sikring av friluftsområde i Stranda kommune

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Til deg som bur i fosterheim år

SKJERVSFOSSEN NATURVANDRING TURISTVEGTILTAK

STØLSUTLEIGE I GLOPPEN

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Topptrimmen 2014 Svalbard Turn

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Månadsbrev for Hareid Rotaryklubb januar 2016 Referent Øystein Alme

Bli med TIL TOPPS. Norges sprekeste integreringsarrangement juni 2016

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

POTENSIALET FOR REISELIV PÅ VOSS

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

EXPLORE. Actionfylte opplevelser. Det fine Vestlandet. 5 plasser å besøke denne sommeren NORWAY

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Aktiviteter på Island

«Ny Giv» med gjetarhund

Setring ved Håbakkselet Hareid

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Årsplan i samfunnsfag for 3.årssteg Læreverk: Cumulus (Aschehoug) Lærebok, elevbok, kopieringsoriginalar, nettstad:

Politisk program for Jølster KrF

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Prisar på porto for 2015

Finansiering av søknaden

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

Tilbakemelding frå elevrådet ved Eid ungdomsskule

Børvatnet - Misvær. Børvatnet - Misvær. Børvatnet - Misvær. Blåfjell. 1. Bedre tynt enn aldri... 5

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Kartskisser. Figur 1 - Fv. 55, Kvamsviki - Lotesnesbrui

Utflukter på cruise til vestlandsfjordene 2016

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune vidarefører sin produksjon på Hol-Aurland, Maurstad- Åheim og Folkestad Nordfjordeid.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Transkript:

Nordfjord REISEGUIDE 2016 Stryn-Hornindal-Gloppen-Eid-Vågsøy-Selje nordfjord.no

Lodalen Sergey Bogomyako VELKOMEN TIL NORDFJORD Små avstandar store opplevingar Eit eldorado for spennande aktivitetar Nordfjord er reisemålet for deg som ynskjer ein aktiv ferie. I den storslåtte varierte naturen mellom brear fjord og hav kan du boltre deg med fjellturar kystvandring båtturar padling fisking hesteriding i fjordhesten sitt eige rike og mykje meir. Merka turløyper viser veg til mektige toppar idylliske setrar frodige dalar og eit særprega kystlandskap. Er du ute etter action og adrenalinkick kan du prøve brevandring via ferrata eller elverafting. I Nordfjord finn du levande bygder med eit rikt kulturliv. Vi kan tilby eit breidt spekter av kulturaktivitetar; frå tradisjonsrike musikk og kunstopplevingar til arrangement som Malakoff Rockfestival Norsk Countrytreff og Opera Nordfjord. Innhald Turistinformasjon... 2 Transport... 3 Høgdepunkt... 4 Vandring... 6 Aktive opplevingar... 9 Kultur... 13 Shopping... 16 Ikkje gå glipp av... 18 Arrangement... 19 Ski & vinter... 20 Barnas Nordfjord... 22 Praktisk informasjon... 23 Overnatting... 24 Annonsar... 28 Kart... 35 Turistinformasjon På nordfjord.no finn du alltid oppdatert informasjon for deg som planlegg ei reise til Nordfjord. Dersom du treng meir informasjon eller ynskjer å besøke eit av turistinformasjonskontora våre finn du oversikt over alle kontora i Nordfjord på nordfjord.no. Turistvertane våre kan hjelpe deg med informasjon om aktivitetar attraksjonar arrangement og overnatting. Vi sel også postkort bøker og turkart. Reisemål Stryn & Nordfjord Perhusvegen 24 NO 6783 Stryn Tel.: +47 57 87 40 40 mail@nordfjord.no nordfjord.no facebook.com/strynnordfjord instagram.com/strynnordfjord twitter.com/strynnordfjord Reisemål Stryn & Nordfjord AS er eit fellesorgan for marknadsføring av Nordfjord som reisemål nasjonalt og internasjonalt. Nordfjord består av kommunane Stryn Hornindal Gloppen Eid Vågsøy og Selje. Framside: Briksdalsbreen foto Bjarte Haugen. Utgjevar: Reisemål Stryn & Nordfjord AS. Redaksjonsslutt og trykk: desember 2015. Reisemål Stryn & Nordfjord er ikkje ansvarleg for eventuelle feil eller endringar som har kome etter at Nordfjord Reise guide 2016 gjekk i trykken. Reisemål Stryn & Nordfjord vil frå 2016 skifte namn til Visit Nordfjord. 2

TRANSPORT Fly Sandane Lufthamn midt i Nordfjord. Flyruter til mellom anna Oslo og Bergen med flyselskapet Widerøe. Ørsta Volda Lufthavn Hovden ca 1 time frå Nordfjord. Flyruter til m.a. Oslo og Bergen med flyselskapet Widerøe. Ålesund Lufthavn Vigra 25 timar frå Nordfjord. God korrespondanse til Oslo og andre norske byar. Direkte fly til London København Alicante Gdansk Vilnius Amsterdam m.m. Widerøe tlf. +47 810 01 200 www.wideroe.no Frå utlandet: + 47 671 20 551 SAS tlf. +47 05400 www.sas.no Frå utlandet: +47 915 05400 Buss Ekspressbuss til Nordfjord frå Oslo (2 gongar dagleg) Bergen (3 gongar dagleg) og Trondheim (1 gong dagleg). Nor Way Bussekspress tlf. +47 815 44 444 www.nor way.no Lokalbuss: www.kringom.no Ruteopplysning Informasjon om rutetider for bussar ferjer og hurtigbåtar: Ruteopplysning for Sogn og Fjordane tlf. 177 når du er i fylket eller tlf. +47 815 00 182 dersom du er utanfor fylket. www.kringom.no Ekspressbåt frå Bergen Ekspressbåt frå Bergen til Måløy og Selje. www.norled.no. Hurtigruten Hurtigruten kjem til Måløy dagleg på nord og sørgåande rute. Hurtigruten tlf. +47 810 30 000 www.hurtigruten.no Bil Informasjon om vegar og trafikkforhold i Norge. Tlf. 175 (frå utland tlf. +47 915 02 030 www.nordfjord.no/bil og www.vegvesen.no Bilutleige Avis Bilutleige (Stryn Sandane Måløy). Tlf. +47 57 72 50 80 Svein og Jan Bilutleige Stryn. Tlf. +47 416 92 277 Vest Bilutleige AS Raudeberg. Tlf. +47 952 19 452 Hertz Bilutleie Stryn. Tlf. +47 911 72 912 Taxi Stryn +47 57 87 23 50 Olden +47 950 86 146 Innvik +47 911 01 292 Hornindal +47 906 79 666 Sandane +47 948 55 555 Byrkjelo/Breim +47 57 86 72 16 Nordfjordeid +47 57 86 08 09 Måløy +47 57 85 13 52 Selje +47 57 85 64 86 Flytaxibestilling: +47 57 86 05 00 Full oversikt får du på nordfjord.no/transport Hjelle Maciej Ducxynski

HØGDEPUNKT Normann Briksdalsbreen Den populære Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Frå 1200 moh. stuper det ville brefallet ned mellom brusande fossefall og høge fjelltoppar i vakre Oldedalen. Den idylliske vegen opp er i seg sjølv verd turen! Hornindal Rundt Hornindalsvatnet Hornindalsvatnet er Europas djupaste innsjø på 514 meter. Sidan ingen av breelvane munner ut i vatnet er det spesielt klart og blått. Er du heldig kan du kanskje få auge på sjøormen som bur i vatnet. Erik Hermansson Jostedalsbreen Nasjonalparksenter Magnus Sandström Lodalen Den trange og spektakulære dalen med si dramatiske historie. Inst i dalen ligg Kjenndalsbreen som er Jostedalsbreen sin lavaste brearm. Lenger ned ligg den sjarmerande setra Breng i Lodalen som er kåra til Best of Fjord Norway. Jostedalsbreen Nasjonalpark Jostedalsbreen er den største isbreen på fastlandet i Europa. Nasjonalparken varierer frå frodige dalar til alpine fjell og arktisk klima. Ved Oppstrynsvatnet ligg Jostedalsbreen Nasjonalparksenter her finn du informasjon om nasjonalparken isbreen og landskapet rundt. Nasjonal Turistveg Gamle Strynefjellsvegen & Stryn Sommerski Ein av dei eldste nasjonale turistvegane i Norge. Den over 100 år gamle smale vegen slyngjer seg mellom Stryn og Skjåk. Her finn du også eit sommerskisenter der skiglade kan boltre seg i sommarsnø. Norsk Fjordhestsenter Thomas Bickhardt/ BickFoto Thomas Bickhardt/ BickFoto Fjordhestriding Fjordingen har sin opprinnelse i Nordfjord. Fleire stader i Nordfjord kan du oppleve vestlandsnaturen frå hesteryggen. Der er også eit eige senter for bruk og avl av fjordhesten slik at ein sikrar fjordhesten for framtida. Kannesteinen Gjennom tusenvis av år har havet slipt steinen slik at den i dag har fått sin heilt spesielle utsjånad. Den soppliknande steinen ligg i Oppedal i Vågsøy 10 minutt frå Måløy sentrum. Selja Kloster Menneske har reist i over 1000 år til denne staden for å oppleve Norges fyrste pilegrimstad med unike kulturminner frå vikingtid og mellomalder. Selja Kloster er truleg Norges eldste kloster. Legenda om St. Sunniva som leid martyrdøden lever vidare på øya. Øya Selja ligg kun 15 minuttars båttur frå Selje. Terje Rakke/NL/FN Nordfjorden Den nordlegaste fjorden i fylket og den sjette lengste fjorden i Norge med sine 106 km. Fjorden brøytar seg innover landet frå Vågsøy og heilt inn til Stryn og den store Jostedalsbreen. Nordfjord er også namnet på regionen. Lapoint Surfing på Stad På Stadlandet finn du ideelle forhold for surfing med bølgjer frå storhavet og kvite sandstrender med dei bratte fjellsidene som ei perfekt ramme. Blant dei kvite sandstrendene i Hoddevik og Ervika ligg ein av dei beste og vakraste surfeplassane i Norge. Sverre Hjørnevik/ Fjord Norway Skåla 1848 moh Skåla er rekna som Norges lengste motbakke som har foten i sjøen. På toppen finn ein kanskje verdas mest spesielle turisthytte Skålatårnet. Kvart år i august vert motbakkeløpet Skåla Opp arrangert. Då er det om og gjere å vere raskast opp den lengste motbakken i Nord Europa. Jan Heggheim Via Ferrata Loen Via Ferrata til Hoven i Loen er ei luftig oppleving du aldri vil gløyme. Vi klatrar høgt over fjorden omgitt av spektakulær fjell og Jostedalsbreen Nasjonalpark. På turen opp til 1010 moh. kan du prøve den lengste Via Ferrata brua i Europa «Gjølmunnebrua» (120 m). 4

5 Hoddevik Stad Selje Lapoint

Skåla Sverre Hjørnevik/Fjord Norge VANDRING Fjordspor Fjella i Nord fjord stig frå fjorden og heilt opp i over 2000 meter. Gå på tur i indre Nordfjord med høge fjell og smale dalar midtre Nordfjord med breiare landskap og runde toppar eller ytre Nordfjord med sitt karakteristiske kystlandskap. Det milde klimaet på kysten innbyr til vandring heile året. I Nordfjord vil du finne over 230 merka turstiar for alle nivå. Fjordspor 20 magiske vandreopplevingar i Nordfjord Med eit så rikt utval av turar har vi valt ut dei 20 beste turane i Nordfjord. Kvar av desse vil garantert gje deg ei magisk oppleving enten på høge toppar som tek pusten frå deg langs den eksotiske kysten eller på historiske vegar. Til saman representerer turane mangfaldet og spydspissane blant vandreturane i Nordfjord. Skåla Via Ferrata Loen Hornindalsrokken Eggenipa Trollenyken Hornelen Skongenes Fyr Selja kloster og Ytre Fure er nokre av desse høgdepunkta. Finn ut meir på www.fjordspor.no For gode tips og råd om sikkerhet og utstyr i fjellet sjå www.nordfjord.no/turtips Natur- og kulturstiar Naturstiar rundt Jostedalsbreen Nasjonalpark. 10 naturstiar i Indre Nordfjord med eigne informasjonshefte. Kulturløypa på Ulvedal Stryn. Rundløype på ca 25 km gjennom lett skogsterreng der ein kjem innom mange av dei kulturhistoriske attraksjonane på Ulvedal. Kulturløyper i Randabygda Stryn. Rand skule/bakkesvadet Tvinnefossen (25 min) Rundløype Hammerstunet Tvinna (60 70 min) Hammerstunet Tvinnekråa (20 min). Informasjonstavler ved kvar attraksjon. Historisk vandring i Bødal Lodalen Stryn. Sti mellom gardane som vart råka av flodbølgja etter rasa frå Ramnefjell i 1905 og 1936. Eige informasjonshefte. Natur- og kultursti Oldedalen Stryn. 2 km kjerreveg med infotavler om natur og kultur. Nordsjøløypa Vågsøy. Merka turløype frå Vågsberget til Kannesteinen. Dette er ein del av Nordsjøløypa. Kontakt Vågs berget for nærare informasjon. Tlf. +47 905 45 029. Eide kultur - og natursti Sandane. Fin tur i lett terreng. Fleire tusen år gamal veg med gravhaugar bl.a. grava til Eidehøvdingen. Kvile kulturminnesti Reed. Her kan du oppleve Klebergsteinberget der vikingane meisla ut gryte emne samt godt bevart tjæremile. Trondhjemske Postveg. Ein del av den tradisjonsrike «Trondhjemske Postveg» går gjennom indre Nordfjord. Frå Utvik over fjorden til Faleide og vidare til Markane kan du følge denne restaurerte vegen til fots over Kjøsahalsen til Grodås i Hornindal sentrum. Vegen var det første vegsambandet mellom Bergen og Trondheim. 6

SELJE VÅGSØY HORNINDAL STRYN GLOPPEN FJORDSPOR - 20 MAGISKE VANDREOPPLEVINGAR 1 Skåla 2 Via Ferrata 3 Lodalskåpa 4 Kattanakken 5 Gryta 6 Segestad 7 Ytrehornsnakken 8 Hornindalsrokken 9 Eggenipa 10 Ryssdalshornet 11 Traudalsnibba 12 Trollenyken 13 Rindehornet 14 Ljøsuregga 15 Hornelen 16 Skongenes fyr 17 Veten 18 Selje - Selja Kloster 19 Dragseidet Libbera 20 Indre Fure Ytre Fure Seterbesøk Setrane i Nordfjord er både attraktive turmål og særprega kulturminne. Seterdrift har lange tradisjonar i Norge. Bøndene starta med drift på setra fordi det var mangel på beiteområde rundt gardane. I dag er det ikkje så mange av setrane som er i drift men på tildømes Gjengedalsstølen i Hyen er det framleis aktiv stølsdrift med mjølkeproduksjon. Her er det båtutleige og servering av rømme ask på bestilling tlf. 917 20 950. På Myklandsstølen i Kandal i Gloppen er det mange geiter meir info tlf. +47 57 86 75 26. kandalkjott.no Heilt nede ved vatnet i Lodalen køyrer du forbi Breng seter som utgjer eit kjent fotomotiv med det grøne vatnet dei bratte fjellsidene rundt og brearmane innerst i dalen. Dette er berre nokre få eksempel setrar finn du i alle dalføra i Nordfjord. Nokre har bilveg (som oftast bomveg) heilt fram andre stadar må du ta beina fatt. På setervollane kan du ta deg matpause midt i bonderomantikken i eit kulturlandskap rikt på tradisjonar og historie og drøyme deg tilbake til eit tid med budeier hardt arbeid men også felespel dans og moro. DNT-hytter i regionen Bødalsseter i Lodalen v/ Bødalsbreen. Ubetjent. 12 sengeplassar. 585 moh. Skålatårnet på toppen av fjellet Skåla i Loen. Sjølvbetjent. 20 sengeplassar. 1843 moh. Flatsteinbu på fjellplatå mellom Kvamsdalen og Brenndalen. Nødbu. Ingen sengeplassar. 1260 moh. Vetledalseter i Erdalen i Stryn. Sjølvbetjent. 6 sengeplassar. 515 moh. Skongenes Fyr i Vågsøy. Ubetjent. 15 sengeplassar. 15 moh. Longevasshytta i Naustavassdraget i Naustdal. Sjølvbetjent. 7 sengeplassar. 810 moh. Stengt for påbygging til seinsommar 2016. Gjegnabu ved Gjegnalundsbreen. Ubetjent. 6 sengeplassar. 1174 moh. Blåbrebu ved Ålfotbreen. Ubetjent. 14 sengeplassar. 800 moh. For meir info: ut.no Bli med på vandretur til Skåla (YouTube) Brevandring Opplev den magiske blå isen på nært hald med ein guida bretur. Ei eventyrleg oppleving som må prøvast. Breane er is som er i konstant rørsle. Ha respekt for naturkreftene! Om du ikkje sjølv har gode nok kunnskapar om bre er det mange dyktige breførarar som står klare til å ta deg med på tur i isen. Briksdal Adventure tlf. +47 901 38 308 www.briksdaladventure.no Nordfjord Adventure tlf. +47 57 86 80 40 www.nordfjordadventure.no 7

Kart og merka turstiar I Nordfjord vil du finne stadig fleire turstiar som er merka etter nasjonal standard (vanskegrad grøn blå raud og svart). To løypenett er også merka; Harpefossen (Eid) og Turløyper Stryn. I tillegg til kartblada som finst for heile landet er det utarbeidd gode turkart i Stryn Eid og Gloppen. Karta har oppmerka ruter og ein tekst som skildrar kvar tur. Turane er av ulik vanskegrad og lengde. Karta kan kjøpast på turistinformasjonane i Nordfjord. Nærare informasjon og turbeskrivelsar: nordfjord.no/vandring Guida vandreturar Ønskjer du i tillegg til naturopplevinga å lære om natur historie friluftsliv lokale tradisjonar og andre spennande tema? Er du usikker på om du har gode nok kunnskapar til å ferdast trygt i naturen? Då anbefaler vi deg å leige ein guide. Fleire aktivitetsselskap i Nordfjord tilbyr guida turar. For meir informasjon om tilboda til kvart enkelt selskap sjå www.nordfjord.no/vandring Stadt Naturguiding. Guida turar på kysten kulturhistoriske vandringar bl.a. Selja kloster tlf. +47 415 13 473 www.stadtnaturguiding.no Norway AdvenTURes. Havrafting. Havkajakkturar og kurs segl turar guida vandreturar klatring/rappelering havfiske og ferskvannsfisketurar aktiviteitsleir villmarksleir tlf. +47 994 04 207 www.norway adventures.com Nordfjord Adventure. Toppturar. Brevandring padling tlf. +47 57 86 80 40 www.nordfjordadventure.no Uteguiden AS. Toppturar. Offpiste skikøyring klatring terrengsykling skredkurs tlf. +47 405 54 670 www.uteguiden.com Briksdal Adventure. Brevandring. Bresafari RIB rafting fjellturar tlf. +47 901 38 308 www.briksdaladventure.no Jostedalsbreen Adventure. Vandring langs natur og kulturstiar i Stryn tlf. +47 480 02 997 www.jostedalsbreenadventure.com Loen Active. Guida vandreturar i Loen. Via Ferrata tlf. +47 57 87 58 00. www.loenactive.no Via Ferrata Loen Ernst Riha Støyvastøylen Utvikfjellet :Siv K. Haugen.

Lodalen Sverre Hjørnevik / Fjord Norge AKTIVE OPPLEVINGAR I Nordfjord finn du din naturlege leikeplass. Har du planlagt ei veke ferie kjem du til å sette av to når du ser alle aktivitetstilboda du kan benytte deg av. Tenk deg å gli over eit stille klart vatn i kajakk å slenge ut fiskesnøret i storhavet å sykle mellom fjord fjell og bre eller kanskje pumpe opp adrenalinet med rafting via ferrata terrengsykling eller ein helikoptertur. Alt dette og meir til kan du oppleve i Nordfjord. La deg inspirere av bileta og gå inn på nettadressene for å finne meir informasjon. Hugs også at du bak i guiden finn komplett liste over aktivitets bedriftene med e-post og telefonnummer. Surfing På Stad finn du ideelle forhold for surfing med bølgjer frå storhavet kvite sandstrender og dei bratte fjellsidene som ei perfekt ramme. Kanskje tenkjer du først på palmesus og tropevarme i sydlige strøk når du høyrer om surfing. Minst like eksotisk er det å surfe i det vakre kystlandskapet på Stad. Lenge har desse fantastiske strendene vore skjulte surfeperler men no har fleire og fleire fått augene opp for surfinga i havgapet. På den kilometer lange sandstranda i 1 Hoddevik finn du ein av Norges beste og vakraste surfeplassar. Tre mil unna ligg 2 Ervikstranda og her finst det nesten alltid bølgjer. Ver merksam på understraumar og vrakrestar i Ervik. 3 Stad Surfing. Utleige av brett og våtdrakter. Tlf. +47 57 85 69 44. www.stadsurfing.com 4 Lapoint. Surfcamps kurs utleige av utstyr. Tlf. +46 317 61 4870 www.lapoint.se 9 Sykling I Nordfjord kan du sykle på gamle kjerrevegar der det sjeldan er trafikk på vegar som svingar seg opp gjennom dalane eller langs havet i raud kveldssol. Vegane i den kontrastrike naturen vår passar for både familiar og landevegssyklistar men vi har også forslag til dei som ynskjer å kome seg ut i terrenget. Full oversikt på nordfjord.no/sykling Flofjellet frå Hellesylt til Stryn Frå Hellesylt syklar vi mot Vollset der vi tek vegen over 5 Flofjellet og nedover til fruktbygda Flo. Deretter langs Oppstrynsvatnet og vidare på RV 15 mot Stryn. Der er noko stigning frå Hellesylt til Vollset men det er ein god sykkelveg. Flofjellet har flott natur med ville fossefall og fredfulle vatn. Du passerar også fleire setrar. Turen tek 4 6 timar og er om lag 40 km lang. Det høgaste punktet er rundt 550 m.o.h. Guida tur: uteguiden.com Stryn Turløyper Stryn: 6 Merka terrengsykkelløyper mellom Stryn Vinterski og Ullsheim. Stisykling i Oppstryn: 7 Stisykling for dei erfarne på ulike stadar i Oppstryn. Ny pump track på Folven. Terrengsykling i Nordfjord (YouTube)

STADHAVET 1 19 36 3 w w9 2 15 4 16 Stad Vestkapp ± Ervik Eltvik SELJE Hoddevik Dragseidet Fure Leikanger Drage Stadlandet HAREID / ÅLESUND 61 FESTØY / 40 ÅLESUND Årvik Lauvstad ( 60 w 9 Koparnes Rovde Ørsta 9 q 61 Volda Folkestad HORNINDALS- VATNET 514 m Skongsnes fyr Hellesylt Selja Selje Kråkenes fyr 14 Åheimm HORNINDAL 9 651 39 Refvik Silda Barmen Grendalen 60 Oppedal Ulvesund fyr 9 Kjøde 11 q ( 61 w 9 ( 43 w 951 ( 6 w 948 ( 5w 9 VÅGSØY Flatraket 61 Harpefossen Navelsaker Hornindal STRYN SOMMER- SKISENTER Hendanes fyr 41 63 Bryggja Markane Flo Ullsheim 52 ( Måløy w 9 15 < m ( w 9 32 30 21 22 15 Stårheim EID 45 7 w OPPSTRYNSVATNET Kjølsdalen 15 47 15 964 (( ww9 42 9 Davik Stryn Oldeide Nordfjordeid Hjelle HennebygdaHopland 33 Bremanger Rugsund m 613 34 Hjelledalen Isane Lote Oppheim Loen Ålfoten Vangen Grotle Hestenesøyra Innvik Anda Nos Berle 614 z < 59 Tistam 60 Olden 615 Bødal Smørhamn Vereide STRYN 53 Utvik Kalvåg Svelgen< ( w 9 Rygg Sandane 26 25 56 57 Kjelkenes Ålfotbreen 54 Byrkjelo Kjenndalsbreen Hyen z 58 ( w( 9 w 9 ( w 9 GLOPPEN 615 Reed 614 10 ( 44 z w 9 35 y9 13 q 46 Gjengedal Kandal Briksdalsbreen 23 62 9 q 5 20 24 Florø 38 55 ( w 9Stardalen Skei Raudeberg Moldøen Skatestraumen Almenning 17 27 w37 ( 9 y 9 8 12 q y m Storfjorden Merka og graderte terrengsykkelløyper Downhill sykling Førde ( w 9 Dykking Sykling Klatring og buldring Guida kajakkturar < Merka og graderte tursykkelløyper Sandvolleyball Båtturar Fiske Golf Bresafari RIB-rafting og elverafting ( w 9 ( w 9 Holmøyane Randabygda FJÆRLANDSVEGEN 5 SYKKYLVEN / ÅLESUND SOGNDAL Sandstrender og symjehallar BERGEN BERGEN Spa og bad BERGEN Surfing Riding Motorcross Skating z y BERGEN BREIMSVATNET < 9 q z m < y y m Nordsida Våtedalen Myklebustdalen Oldedalen Stranda 60 Oppstryn Lodalen 2 JOSTEDALSBREEN 487 km 63 JOSTEDALSBREEN NASJONALPARK ( w 9 Untitled-1 1 12-12-08 11:24:52 Harpefossen Eid 8 Fine område for tursykling t.d. i rundløype (8 km) som passerer 4 setregrender eller på den Gamle Postvegen i idylliske omgivelsar frå Harpefossen til Bjørkedalen og tilbake (20 km). Sesong frå mai til oktober. Utleige av syklar med zhjelm. 9 Heisbasert downhillsykling i helgane i sommarsesongen. Total lengde på løypa er 1 km. Downhillsyklar og fullt sikkerhetsutstyr for utleige. harpefossen.no Untitled-1 1 12-12-08 11:24:52 Eidsdal ÅNDALSNES VIA TROLLSTIGEN Geiranger Vinterstengt/ Winter closed ( 9 15 49 Untitled-1 1 12-12-08 11:24:52 Gloppen 10 Populært område for stisyklistar t.d. Haugsvarden Leirstøylen og Vereideskogen. Guida turar og sykkelutleige: Nordfjord Adventure tlf. +47 57 86 80 40 Sykkelutleige Loen: Loen Active Sande Camping Hornindal: First Hotel Raftevold Knausen Hyttegrend GROTLI/ OTTA/ OSLO/ TRONDHEIM 258 GAMLE STRYNEFJELLSVEGEN Vinterstengt/Winter closed Untitled-1 1 12-12-08 11:24:52 Untitled-1 1 12 Sandane: Gloppen Camping Nordfjord Adventure Måløy: STORM@STAD Eid: Harpefossen Skisenter Selje kommune: Terrengsyklar Fjordhestriding Nordfjord er fjordhesten sitt eige rike der han gjennom generasjonar har vore med i arbeidet på gardane og blitt eit symbol for Nordfjord bygdene. I dag er bruksområdet riding køyring Untitled-1 1 12-12-08 11:24:52 Untitled-1 1 28 31 29 18 og andre fritidsaktivitetar. Fjordhesten er som nordfjordingen; arbeidsam godmodig og til å stole på. Å oppleve naturen frå hesteryggen er ei fantastisk oppleving som du bør prøve! 11 Norsk Fjordhestsenter Nordfjordeid Eid. Nasjonalt senter for avl og bruk av fjordhesten. Omvisning ridetimar ride og køyreturar. Fjellturar dagsturar eller turar på to til tre timar. Tlf. +47 57 86 48 00. 12 Harpefossen: Fjordhestriding 2 timar 4 timar og dagsturar. Juni august 2016. www.harpefossen.no 13 Stall Rygg Sandane tilbyr riding og køyring for heile familien på heilårsbasis. Legg opp turane etter ynskje og ferdigheiter. Har og tilbod om rideweekend med overnatting i tradisjonelt støylshus. www.stallrygg.no Tlf. +47 57 86 55 58. Bading på kvite sandstrender På kysten av Nordfjord kan du vandre berrføtt på kvite mjuke sandstrender. Nokre av strendene er også blitt populære for surfarar frå inn og utland. Dei største og finaste sandstrendene er: 14 Refviksanden ca 10 km frå Måløy. Ei av Norges beste sandstrender. Kommunal campingplass med toalett og dusj. Høve til overnatting i telt campingvogn eller bubil. 15 Erviksanden Stadlandet. Offentleg toalett/omkledningsrom. 16 Hoddeviksanden Stadlandet. Nye offentleg toalett/ omklednings rom. 17 Seljesanden rett ved Selje sentrum. 9 m 50 ( w 9 ( w 9 < z y 10

15 Rib-rafting og elverafting 18 Briksdal Adventure RIB rafting på Nordfjorden. Tlf. +47 901 38 308. 19 STORM@STAD RIB rafting på kysten av Nordfjord. Tlf. +47 902 72 781. Annonse s. 28. 20 Jølster Rafting Rafting i Stardalselva og Jølstra Tlf. +47 900 67 070. 21 Norway AdvenTURes RIB rafting på kysten av Nordfjord. Tlf. +47 994 04 207 Guida kajakkturar 22 Norway AdvenTURes tlf. +47 994 04 207 23 Nordfjord Adventure tlf. +47 57 86 80 40 OTTA / LILLEHAMMER / OSLO Bresafari 24 Briksdal Adventure. Bresafari i raftingbåtar på vatnet framfor Briksdalsbreen. For heile familien. Min. 10 pers. Tlf. +47 901 38 308. Båtturar 25 MS Kjenndal II Lovatnet. Mai september. Grupper etter avtale. post@kjenndalstova.no. Annonse s. 28. 26 MB Olden Oldevatnet. Mai oktober. Servering kan bestillast. Grupper etter avtale tlf +47 901 22 389. 27 Vestkapp Båtservice - Klosterbåten Selje. To timars guida tur til Selja kloster. Mai september. Tlf. +47 404 46 011. 28 Skarstein Fjordcruise (Isabella) Olden. Fjordfiske. Daglege avgangar frå Olden Marina. Agn og fiskeutstyr om bord. Min. 3 personar max 12. Tlf. +47 913 51 042. Segling 29 Briksdal Adventure. Seglturar på Nordfjorden. Tlf. +47 901 38 308. 30 Norway AdvenTURes. Historisk trebåt (gavlbåt) for inntil 10 pers. Tlf. +47 994 04 207 Båt kano- og kajakkutleige Gloppen: Gloppen Camping. Båt på Breimsvatnet og på sjøen. Nordfjord Adventure. Kajakk kano seglbåt (Colin Archer) og trebåt. Eid: Nesjartun Camping. Motor og robåtar og trøbåt. Hornindal: First Hotel Raftevold. Robåtar. Stryn: Strynsvatn Camping Båt og kano. Loenvatn Feriesenter. Motor og robåtar og kano. Utleige av fiskeutstyr. Sande Camping Motor og robåt kano og trøbåt. Loen Active. Robåtar og trøbåtar. Nordfjord Fritidssenter Kano og kajakk. Vollsnes Feriehus. Motor og robåtar. Selje: Rundereim Hytter og Rorbu Båtutleige. Selje kommune. Kajakkutleige. Nordfjord: Norway AdvenTURes. Havkajakk (12 stk) to kanoar og ein båt 40 hk. Briksdal Adventure: 15 doble kajakkar. Fiske - fjord hav og innland Fiske i sjøen er fritt for alle. Beste sjøfisket opplever du ved kysten. Både frå land og båt kan du få fin fangst. For å fiske i ferskvatn treng du fiskekort. Fiskekort kan du kjøpe på sportsforretningar mange av campingplassane og nokre hotell. Nokre stadar er det oppsett sjølvbetjeningsautomatar langs vassdraga. Gratis fiske i Lovatnet. For reglar og meir informasjon om fiske i Nordfjord sjå nordfjord.no/fiske 31 Skarstein Fjordcruise. Fjordfiske tlf. +47 913 51 042. Annonse s.p. 28. 32 Norway AdvenTURes. Hav og ferskvannsfiske tel. +47 994 04 207. Helikopter sightseeing Opplev fjord fjell og bre frå lufta. Fjord Helikopter. Enkeltpersonar og grupper. Base i Stryn Geiranger og Ålesund. www.fjordhelikopter.no. Nord Helikopter. Enkeltpersonar og grupper. Base i Ålesund men dekkjer heile landet. www.nordhelikopter.no Klatring og buldring 33 Via Ferrata Loen klatresti frå Loen til toppen av Hoven 1010 m. 34 Beachen i Stryn 7 km frå Stryn sentrum 5 km frå Loen. Drøye 30 linjer. Eitt av landets beste sportscrag. Stryn Klatreklubb: www.klatre.com 35 Melkevoll Bretun i Oldedalen Stryn. Rundt 100 buldre problem merka med nummer og gradert etter vanskegrad. Annonse s. 33. For guiding/kurs ta kontakt med: Uteguiden AS klatring fjellturar med klatring. Tlf. +47 405 54 670. Nordfjord Adventure Gloppen. Klatrekurs. Tlf. +47 57 86 80 40. Norway AdvenTURes. Rappellering. Tlf. +47 994 04 207. Loen Active. Via Ferrata Loen. Tlf. +47 57 87 58 00. Annonse. s. 29. Dykking Kysten av Nordfjord er eit eldorado for dykkeentusiastar. Ved værharde Stad har utallige båtar fått sin skjebne men få av dei er blitt oppdaga og dykka på. Kanskje du er den heldige som finn eit nytt vrak. Vi har ein frodig natur med høge tareskogar grotter og spanande fjellformasjonar. Det er også mykje fisk og skalldyr rundt om i heile området. 36 West Dykkerservice arrangerer dykketurar i helgane og på førespurnad. Utstyr kan leigast. Guida turar luft m.m. Base i Måløy. Tlf. +47 901 52 088. www.dykkerservice.net 37 Ægir Dykkarklubb Selje. Tlf. +47 976 54 327. www.aegir.no Golf 38 Sandane Golfbane Gloppen. 9 hol. Ligg spesielt flott til ved Eidsfossen. Tlf. +47 992 65 594 www.sandanegolf.no 39 Stokkenes Golfbane Eid. 9 hol. Omkransa av den fiskerike Eidselva. Eitt av Eid sine vakre utandørsanlegg for aktivitet og rekreasjon. Kombiner gjerne med laksefiske. Tlf. +47 481 12 260 www.norgolf.com 40 Selje Golfbane 500 m frå Selje sentrum. 9 hol. Utslagsrampe. Utstyr kan leigast. Tlf. +47 412 33 944 www.seljegolfklubb.no 11

Skating Stryn: Skate og aktivitetspark ved 41 Stryn stadion og rampe på 42 Folven Camping. 43 Hornindal Grodås: Aktivitetspark 44 Gloppen Sandane sentrum Motorcross 45 Stryn: Moderne bane for motorcross. 950m lang motorcrossbane for motorcross sykkel 4 hjulingar(atv) og snøscooter. www.strynmx.no 46 Eidemona Sandane. 550 m. bane for vaksne og barnebane 200 m. Aktivitetar tre dagar i veka. Tel. 992 57 824. Sandvolleyball Stryn: 47 Strynsvatn Camping 48 Stryn sentrum stadion på 49 Hjelle 50 Loen. Hornindal: I sentrum ved 51 strandpromenaden. Vågsøy: Ved skulen i 52 Vågsvåg. Gloppen: 53 Leirbrekka 54 Rygg 55 Gloppen ung.skule 56 Byrkjelo Camping 57 Byrkjelo Stadion 58 Nesholmen Hyen. Aktivitetar for grupper og firma Mange bedrifter i Nordfjord tilbyr guida turar og organiserte aktivitetar for små og store grupper. For full oversikt sjå side 26. Innandørs aktivitetar Skulle du vere uheldig og råke på ein uværsdag er det ingen grunn til å halde seg i ro. I Nordfjord er det også mange aktivitetar du kan drive med innandørs medan du ventar på at sola kjem tilbake. Her får du nokre forslag! Symjehallar 62 Sandane Trivselshagen. Basseng 12x25 m terapi basseng 12x12 m med rullestolrampe sklie med tidtaking og oppvarma barnebasseng. Stupeannlegg og boblebad. trivselshagen.no 63 Stryn Symjehall basseng 12 x 25 m sklie og oppvarma barnebasseng. Bowling 64 Bowlingsenter i Måløy. Servering. Ope kvar dag. Idrett og sport Trivselshagen bad og idrett Sandane. Eit av Norges mest kompakte idrettsarena. Handball basket vollyball tennis badminton fotball lengdegrop kastsektor slegge og diskos turnhall med klossegrop klatrevegg buldrevegg treningssenter sprintbane kino bibliotek musikkrom kafe og kultursal. trivselshagen.no Nordfjordhallen Deknepollen Vågsøy: Fleirbrukshall for m.a. fotball klatrevegg skytebane. innandørs kunstgrasbane kultursal og trimrom. Opningstider: Mån. fre. kl 10.00 15.00 Tlf. +47 57 85 36 90. Aktiv Trening Eid. Treningssenter. Tlf. +47 476 83 006. Strynehallen Stryn. Handball squash trampoline volleyball badminton klatrevegg basketball og bordtennis. Grupper etter førespurnad i sommarhalvåret. Tlf. +47 57 87 11 50. Honndalshallen Hornindal. Mange aktivitetar. www.honndalshallen.net Oppstryn Idrettshus Hjelle. Treningssenter. Tlf. +47 482 34 863. Studio Basis Stryn. Treningssenter. Tlf. +47 902 02 043. Gym Stryn. Treningssenter. gymstryn.no Spa og bad 59 Alexandra Bad & Spa. Spa og utallige typar anna behandling og eit stort badeanlegg. Heilårsope. Tlf. +47 57 87 50 00. Annonse s 32 60 Selje Spa Thalasso. Behandling og velværesenter med bl.a. Thalasso terapi aromaterapi og soneterapi. Heilårsope. Tlf. +47 57 85 88 80. Annonse side 34 61 Nordfjord Hotell Badehuset. Spa behandling terapeutisk basseng utandørs boblebad sauna. Heilårsope. Tlf. +47 57 86 33 33. Annonse s. 33 12

Selja kloster Thomas Bickhardt/BickFoto KULTUR Nordfjord har eit rikt og mangfaldig kulturliv med lange og sterke tradisjonar innan folkemusikk billedkunst og brukskunst. Her finn du unike kulturminne som Selja kloster og vikinggravene på Nordfjordeid. Samtidig finn du også eit svært aktivt moderne kulturliv med Opera Nordfjord Malakoff Rockfestival og Norsk Countrytreff som nokre av høgdepunkta. Selja kloster På øya Selja 15 min. båttur frå Selje ligg ruinane av Selja kloster. Klostertårnet er intakt. Klosteret vart bygt av Benediktinarmunkar tidleg på 1100 talet. Legenda om den heilage Sunniva som leid martyrdøden her lever vidare. Legenda fortel at den irske kongsdottera Sunniva flykta då landet hennar vart hærteke av heidningar og den nye kongen ville gifte seg med henne. Ho kom i land på øya Selja. Sunnivahola er der Sunniva i følgje legenda døydde. På øya er det også funne fleire vikinggraver og restar av eit langhus frå jernalderen. Merka pilegrimssti frå Bø til Selja kloster. NB! Camping er forbode på klosteret sitt område. Guida turar med båt frå Selje sentrum i sommarsesongen. Tel. +47 404 46 011. Annonse side 28. På sporet av vikingane Det er gjort mange arkeologiske funn frå vikingtida i Nordfjord. Her nemner vi nokre få eksempel. For meir utfyllande informasjon sjå www.nordfjordhistorie.no Myklebustskipet Nordfjordeid. I gravhaugane på Myklebust er det gjort funn etter eit skip som med sine 25 meter er det største vikingskipet det er funne spor av i Norge. Infotavler i Eidsgata. Karnilshaugen Sandane. Den største gravhaugen på Vestlandet. Kvinnegrav på Sandal i Myklebustdalen Gloppen. Her er det funne ametystar frå Midt Austen delar av eit frankisk traktglas og ei bronsespenne som truleg stammar frå eit irsk relikvieskrin. Gravfunn og steinkross i Loen. Ubrend kvinnegrav frå yngre jernalder. Steinkross med keltisk form på kyrkjegarden. Dragseidet Selje. Når været var for dårlig til å segle rundt Stad drog vikingane båtane sine over det 240 meter høge Dragseidet. På Kongshaugen på toppen av eidet kristna Olav Tryggvasson fire fylke i år 997. Gravhaugar i Refvik Vågsøy. Fleire gravhaugar frå yngre jernalder. Ubrend mannsgrav frå vikingtid. Runestein på Barmen Selje. Runer vart nytta som skriftspråk frå starten av vår tidsrekning. Opera rock og country Nordfjord har utmerka seg som ein kulturregion med vilje og evne til å satse stort og lykkast med det! I Nordfjordeid har ein til og med eit eige operahus! Her nemner vi nokre av dei største arrangementa sjå elles arrangementsliste på www.nordfjord.no Opera Nordfjord Nordfjordeid. Årleg operaoppsetning i oktober. Operagalla kvar vår og Opera workshop om sommaren med internasjonale instruktørar. Resten av året konsertar show teater m.m. www.operahuset.no Malakoff Rockfestival Nordfjordeid. Starta som elevbedrift og har i løpet av si tiårige historie opparbeidd seg rykte som ein av landets 13

Nordfjord Folkemuseum Espen Mills beste festivalar. Kåra til Årets festival av Norsk Rockforbund både i 2004 og 2005. www.malakoff.no Norsk Country Treff Byrkjelo. Museum galleri og opplevingssentre Jostedalsbreen Nasjonalparksenter Oppstryn. Museum med film utstillingar og ein unik villblomehage. Filmvisning i eigen kinosal på mange språk. Utstillingar med landskapsmodellar mineralsamling og geologisk park. Autorisert nasjonalparksenter. Nordfjord Folkemuseum Sandane Gloppen. Museet har 45 antikvariske hus mange er innreidde tilnærma slik dei var då dei var i bruk på 1700 og 1800 talet. Fast kulturhistorisk utstilling og dessutan kontinuerleg skiftande utstillingar. Enkel kafé. Den 60 fots lange Holvikjekta er den siste av dei tradisjonelle frakte jektene som trafikkerte kysten og fjordane i førre hundreåret. Holvikjekta ligg utanfor Sandane sentrum ved E 39. Informasjonstavle på staden. Anders Svor Museum Hornindal. Museum i bilethoggaren Anders Svor (1864 1929) si heimbygd der ein kan beundre dei fleste av arbeida hans i alt 450 stk. Singerheimen Olden. William Henry Singer (1868 1943) frå Pittsburg (USA) budde og arbeidde her sommarane frå 1913. Ekteparet Singer er gravlagde i eit kapell ved atelieret. Singer var verdsborgar og impresjonist og i Olden var han «stillhetens og stemningens maler». I atelieret er nokre av dei finaste måleria hans utstilt. Annonse s. 29. Gardsmuseet på Nedrebergtunet Stryn. Unik utstilling om kvinne livet på ein gard på 1800 talet. Tekstilar åkle/teppe sengetøy og kle porselen og bruksting av tre. Dei fleste gjenstandane er frå garden og har tilhøyrt Nedrebergslekta. 480 38 007. Orheimstunet Stårheim Eid. Samling som fortel ei fascinerande historie om livet til den blinde forfattaren og predikanten Matias Orheim. Kulturhuset Gamlebanken Eid. Her kan ein sjå og kjøpe kunst frå mange ulike kunstnarar. Kulturskulen sine elevar har faste konsertar her. Turistinformasjon. Bygningen er frå 1881. Galleri Salen i Doktorgarden. Sommarope galleri i Selje sentrum. Vågsberget handelsstad Vågsøy. Gamal handels og gjestgjevarstad frå 1636. Sommarope med kafé kunstutstilling og høve til omvisning. Atelier Amdam Galleriet mot storhavet Selje. Kunstnaren Kjell Stig Amdam. 2 km frå Selje sentrum. Tønnefabrikken Vågsøy. Over 100 år gamal tønnefabrikk. Den einaste i landet som er verna av riksantikvaren. Fabrikken produserte tønner til å salte fisk i under dei rike fiskeåra. Omvisning på førespurnad. Kontakt turistinfo +47 57 84 50 77. Gardsbesøk Aabrekk Gard i Oldedalen Stryn. Gardsmat Lykle. Overnatting. Servering grupper. Annonse s. 33. Tlf. +47 913 82 569. Nedrebergtunet Stryn. Gardsmuseum. Tlf. +47 480 38 007. Nave Hjortefarm her kan ein oppleve hjorten på nært hald. Kontakt for omvisning. Tlf. +47 913 11 593/913 28 451. Annonse s. 29. 14

Fyr Fyra i Vågsøy ligg lengst ute på dei brattaste knausar med brusande sjø som næraste nabo. Desse skulle hjelpe skipa trygt i hamn etter ferda på havet. Fyra er tatt godt vare på og framstår i dag som attraktive turmål. Kråkenes Fyr Stormfyret. Ligg på den nordlegaste og mest vérharde plassen på øya. Å stå på trygg avstand frå dei frådande bølgjene ein uvérsdag og studere det opprørte havet er ei fantastisk oppleving. Høve til overnatting. Bilveg. Verstasjon som samlar inn viktige data. Tlf. +47 950 23 668. Annonse s. 34. Ulvesund Fyr Kulturfyret. Ligg på Hjertnes på fastlandssida rett overfor Raudeberg. Fylkesveg til Osmundsvåg. Høve til overnatting. Lett tilgjengelig for bil og båt. Kafé kurs og kultur. Tlf. +47 952 40 487. Annonse s. 34. Skongenes Fyr Turfyret. Ein times spasertur frå Halsør i lett turterreng. Flott utsikt mot Stadhavet. Ytre Nordfjord Turlag som er tilslutta Den Norske Turistforening disponerer fyret og driv utleige både for overnatting og dagsbesøk. Ikkje bilveg. Tel. +47 938 54 398. Annonse s. 34. Krigsminne Under 2. verdskrig skjedde det mykje i Nordfjord som er skrive inn i historiebøkene. Den mest kjende hendinga er Måløyraidet som skjedde 2. juledag 1941. Kaptein Martin Linge og kompaniet hans gjekk til angrep mot dei tyske stillingane i Måløy Vågsøy. Måløyraidet fekk truleg mykje å seie for Hitler sin vidare militærstrategi. På Moldøen står framleis restar av kanonstillingane som vart brukt under 2. verdskrig. På Sandsstøylen i Gloppen finn du Russehola ei fjellhole som fungerte som gøymestad for ei gruppe russarar under andre verds krig. Eit dramatisk minne frå krigsåra. Eksersisplassen på Nordfjordeid vart grunnlagt i 1649 som militær øvingsplass for Eid og Hornindal og er såleis den eldste i landet. 15. mai 1940 kom den tyske okkupasjonsmakta til Nordfjordeid. Dei slo seg ned på Plassen. Dei siste åra har Plassen fått nytt ansikt og er eit fint parkområde. Alle bygningane frå slutten av 1700 talet er restaurerte og det er bygd eit amfi i naturstein med plass til rundt 500 personar. Kyrkjer Gamle Gimmestad kyrkje Sandane. Bygd i 1692 og står som eit godt døme på kyrkjebygg frå tida etter reformasjonen. Kring 1720 vart kyrkja måla med raud grunnfarge og fekk rik blomedekorasjon. Ei av svært frå raudmåla kyrkjer i Norge. Taket var måla blått og dekorert med ei mengd stjerner. Nedst eldste trekyrkje i Nordfjord og kyrka er omtrent uendra frå opprinninga. Ope for omvisning i juli. Vereide kyrkje Gloppen. Vegkyrkje. Truleg bygd i det 11. århundre. Informasjonstavle på staden. Kunstutstilling i kyrkja store delar av sommaren. 850 års jubileum i 2013. Var hovudkyrkje i Nordfjord og er den største mellomalderkyrkja i fylket. Loen Kyrkje ligg midt i Loen. Bygd i 1837 men på same staden stod det ei kyrkje så tidleg som i 1360. Ved kyrkja står ein 1000 år gamal steinkross i keltisk tradisjon. Dette er eit av dei eldste kristne minnesmerka i landet. Open heile sommaren. Olden gamle kyrkje den einaste krosskyrkja i Nordfjord bygd i 1759. Utgravingar under golvet viser at det har stått ei stavkyrkje på same staden og det vart m.a. funne myntar frå 1200 åra. Den gamle stavkyrkja vart nedriva i 1746 og det vart bygd ei tømmerkyrkje. Denne vart øydelagd under ein kraftig storm i 1757. Eid kyrkje vart bygd i 1849 og restaurert i 1915. Kyrkja er open frå 10.00 22.00 om sommaren. Stårheim Kyrkje er frå 1864. Like ved kyrkja er det ein bauta over baglarbiskopen Nikolaus Arneson og på kyrkjegarden er det minnestein om den blinde salmediktaren Matias Orheim. Kapellneset på Raudeberg. Her vart fyrste kyrkja på Vågsøya bygd i 1580. Denne vart brukt til 1854. Då vart det bygd ny og større kyrkje på Røysa på Raudeberg. Klokketårnet på Kapellneset er reist i 1944 til minne om denne kyrkjestaden. Klokke og dørheller er bevart frå den gamle kyrkja. Ervik Kyrkje blei bygt til minne om hurtigruteskipet St. Svithun som forliste her i 1943. Vegkyrkje med kafé i sommarsesongen. Selje kyrkje vart teken i bruk i 1866 og var då ei av dei største landskyrkjene i Bjørgvin bispedøme. Særmerkt orgel. For meir informasjon om sommaropne kyrkjer kontakt turistinformasjonen eller sjå www.kirken.no/veikirker (Bjørgvin). Sommaropne kyrkjer www.kirkesok.no Smaken av Nordfjord I Nordfjord har vi spanande og stolte mattradisjonar. På gardane blei både pølse ribbe og anna tradisjonsmat laga på beste måte. Vi som bur her har alle barndomsminner der smakar og lukter frå mor sitt matbord er det vi hugsar best. Vi klatra barbeint på jakt etter dei saftige plomene i ein bestemorhage for ikkje å snakke om stemninga rundt søndagsbordet med heimelaga sosakjøt og sviskegraut til dessert. Dei rikhaldige kakeborda som du finn både ved barnedåp og bryllaup er kjende i heile Norge. I Nordfjord beitar dyra langs fjorden og dei frodige fjellsidene omkransa av høge fjell blåkvite isbrear og ville fossefall. Mildt klima godt jordsmonn og lange lyse sommarkveldar gir godt grunnlag for frukt og bær av høg kvalitet. Landbruk og fiske høyrer til dei naturgjevne føresetnadane i Nordfjord og desse næringane står framleis sterkt i regionen. Det syner att i dei mest velsmakande kjøt og fiskerettar akkompagnert av sesongens bær frå skog og fjell samt norsk frukt. Gloppen Hotell på Sandane har gjort lokal mat av høg kvalitet til sitt varemerke. Dei har eige produksjonsskjøken der dei får inn sesongens råvarer frå faste lokale leverandørar. I kystkommunane våre er fisk ein avgjerande ressurs. Ein moderne fiskeflåte og ei godt utbygd oppdrettsnæring spelar på lag med foredlings og eksportverksemder heilt i verdstoppen. Så her på kysten er ein stolte av den høge kvaliteten på fiskeråvarer. Koblar du den kortreiste maten til naturopplevingane du kan få her får du verkeleg «Smaken av Nordfjord» fullbyrda gjennom alle sansane. nordfjord.no/smakenavnordfjord 15

Oppheim Pål Laukli/Moods of Norway SHOPPING Shopping Av klede som framleis er merka Made in Norway kunne ein stor del vore merka Made in Nordfjord. Motekleda frå Ricco Vero Moods of Norway dei klassiske herredressane frå Frislid Konfeksjon skjortene frå Uniformpartner Selje og fritidskleda frå Skogstad Sport er alle døme på kjende produkt som har sitt opphav i Nordfjord. Reiser du til desse fabrikkutsala kan du gjere gode kupp. Vi har også lokale kunstnarar som lagar sine eigne klede smykker o.l. men i litt mindre skala. I Nordfjord finn du norske handverkstradisjonar som treskjering vevnad og strikk og du kan og gjere gode kjøp av kunst og brukskunst av høg kvalitet. Kvar helg frå juni til august inviterer butikkane på Nordfjordeid til SommarShopping med laurdagsmarknad. Yrande liv i sentrum boder musikk god handel mat underhaldning og moro for heile familien. Få med deg Klemmekroken i Eidsgata. Under SommarShopping er det kvar laurdag klemmetilbod. Alt frå ordførar til rockegruppe sirkusklovn og blondine har vore disponible for publikum. Sjå nordfjord.no/shopping På skattejakt i Nordfjord eit utval av dei mest spesielle butikkane Antikk & Rariteter på Rygg i retning gamle Gimmestad kyrkje. Låven med det rare i. Ei av landets flottaste antikvitetsforretningar. Butikken Noko anna ligg i Doktorgarden i Selje sentrum. Vareutvalet spenner vidt mellom anna bøker om Vestlandet originale suvenirar og kunsthandverk. Tlf. +47 909 29 771. Annonse s. 29. Daiva sin butikk midt i Sandane sentrum er ein spesiell småbutikk. Butikken minner om ei lita skattekiste med alt frå særprega leikar til flotte smykke. Tlf. +47 57 86 93 20. Gamlebutikken på Hjelle Oppstryn. Diverse lokalt handverk og lokal kunst. Tlf. +47 57 87 27 50. www.gamlebutikken.no Stryn Gaver og Souvenir Stryn sentrum. Souvenirbutikk. Opningstidene på butikkane i Nordfjord varierer men generelt har dei ope ca. frå kl. 10.00 16.30 måndag fredag. Laurdag ope til 15.00. Søndag stengt. Dei fleste matvarebutikkane har ope til kl. 22.00 på kvardagar (måndag fredag) og til kl. 20.00 på laurdag. Nokre har ope til 22.00 på kvardagar. Søndag stengt. I Stryn er det søndagsopne matbutikkar frå 15. mai til 15. september. 16

17 Harpefossen Thomas Bickhardt/BickFoto

Eidsfossen Gloppeelva Espen Mills IKKJE GÅ GLIPP AV Populære køyreruter Gamle Strynefjellsvegen (RV 258) Vegen som slynger seg over fjellet mellom Stryn og Skjåk blei bygd i 1894 og har no status som nasjonal turistveg. Stabbesteinane den smale og svingete vegen og grusdekket på deler av strekninga er minne om korleis ferda mellom aust og vest gjekk føre seg for hundre år sidan. Langs vegen finn du rasteplassar utsiktspunkt og informasjonstavler. Gå ikkje glipp av den fantastiske steinbrua Jøl bru ved oppstigninga på vestsida. Langs vegen køyrer du også forbi eit sommarskisenter som er ope frå mai til juli. På Stryn Sommerski kan du leike deg med flotte nedkøyringar eller prøve langrenn oppe på Tystigbreen (1850 moh). www.turistveg.no Panoramavegen (RV 613) Turen går langs nordsida av Nordfjorden gjennom bygdene Blakset Fjelli Randabygda/ Hopland Hennebygda og Lote (38 km). Start 6 km vest for Stryn sentrum. Panoramavegen har fått sitt namn p.g.a den fantastiske utsikta ein får over fjorden. Høgdeforskjellen på turen er frå 0 ca.550 m.o.h. Spesielt flotte utsiktspunkt er Nordsida kyrkje Nos Hogjen og Kvalen. På vegen kan ein og køyre innom kulturløypa på Ulvedal og Hammerstunet Tvinnefossen og andre kulturhistoriske attraksjonar. Spanande øyer På øya Selja 15 minutters båtreise frå tettstaden Selje ligg ruinane etter Selja kloster frå 1100 talet ein av dei best bevarte klosterruinane i Norge. På den idylliske øya Silda kan du vandre i timevis på bilfrie vegar kanskje ta deg ein dukkert og avslutte det heile med ein matbit med «noko attåt» på Skjærbuda. Øya Barmen ligg mellom Selje og Flatraket og her kan du studere historiske stadar eller fiske i rike elvar og vatn. Øya har storslagen natur og den karakteristiske fjellprofilen er opphav til namnet. Merka turløyper. Mange gravrøyser og oldtidsfunn. Syner busetnad heilt tilbake til steinalderen. Runestein. Plass for bubilar og telt. Buldrande fossar Tvinnefossen Nordsida Stryn. Ein kan gå bak denne fossen og sjå Nordfjorden gjennom vassmassane. Fin utsikt over fjorden. Glomnesfossen Hjelledalen Stryn. Avstikkar frå stien til fjellgarden Sigdestad. Sigdestad ligg på ei fjellhylle 280 meter over Strynevatnet. Videfossen Videdalen Stryn. Ved starten av den gamle Strynefjellsvegen. Her stuper vatnet med bulder og brak ned i dalbotnen. NB! Parkeringsavgift. Øvstefoss ligg langs RV 15 i enden av Hjelledalen ca. 300 m før avkøyrsla til Gamle Strynefjellsvegen. Flott utsikt til den spektakulære Øvstefoss og det tronge gjølet der elva renn vidare nedover. Kleivafossen Briksdalen Stryn. På veg til Briksdalsbreen passerer ein Kleivafossen. Parkeringsavgift. Volefossen Briksdalen Stryn. Frå fjellstova i Briksdalen kan du oppleve Volefossen som har 300 meter fritt fall. Infotavle. Parkeringsavgift. Ramnefjellsfossen/Utigardsfossen Lodalen Stryn. Ligg på 11. plass på lista over verdas høgaste fossar. Krunefossen Lodalen Stryn. Spektakulær foss som også ligg på lista over dei høgaste fossane i verda. Eidsfossen Sandane Gloppen. Her ligg ei av dei lengste laksetrappene i Europa. Kaskadefoss med stor vannføring. (32 m). Innkøyrsel frå E 39 ca 5 km aust for Sandane. Informasjonstavle på staden. Holvikfossen Sandane Gloppen. Det er mogleg å gå opp til fossen frå Kleivedammen eller via bomveg frå Fjellbygda. Sandalsfossen (120 m) og Strupen (820 m) i Myklebustdalen. Cruisehamn i Olden Nordfjord Olden er den viktigaste cruisedestinasjonen i Nordfjord regionen og ein av dei 10 mest besøkte cruisehamnene i Norge. Cruiseskip er også velkomne i Måløy Selje Nordfjordeid og Sandane. Alle cruisedestinasjonane i Nordfjord tilbyr ei rekkje spanande attraksjonar og utflukter. 18

Malakoff Rockfestival Tommi Bredesen ARRANGEMENT 2016 Her finn du ei liste over nokre av dei største arrangementa i Nordfjord i 2016. For oppdateringar og mange fleire arrangement følg med på nordfjord.no/arrangement FEBRUAR/MARS 19. 20. feb Stryn Treskifestival stryn.no medio feb. Tverrfjelldilten markane.no Nibba Ned nibba.no 20. mars Holmøyskarrennet holmoyskarrennet.no mars Talentkonkurranse Norsk Country Treff norskcountrytreff.no MAI primo mai Hingsteutstilling fjordhest norsk.fjordhestsenter.no 13. 17. mai Randosamling folven.no slutten av mai Stadlandet rett vest stadlandetil.no 28. 29. mai Dragseidspelet På Sverdeggja dragseidspelet.no JUNI 3. 5. juni Motorfestival Stryn stryn.no 9. 12. juni Strynefestivalen strynefestivalen.no 12. juni Trollenykjen Opp trollenykjen.no Grodås Cup grodascup.no 18. juni Nordfjordrittet nordfjordrittet.no 19. juni Svinestranda Opp fjellhugvereide.no veke 25 Flo Aktivitetsveke stryn fotball.com 25. juni Selje Challenge seljechallenge.wordpress.com 25. juni 6. aug. Sommarshopping 28. juni 3. juli Sunnmørsleia frå facebook.com/sunnmørsleia Giske Selja. slutten av juni Måløydagane maloydagane.no JULI 1. 3. juli Kidscamp folven.no 3. juli Seljumannamesse Selja seljumannamesse.no 9. juli Hornindal Rundt hornindalrundt.no 14. 17. juli Norsk Countrytreff norskcountrytreff.no 15. 17. juli Friluftshelga i Hyen facebook.com/friluftshelga 21. 23. juli Malakoff Rockefestival malakoff.no 23. juli Hornindalsvatnet Int. Maraton Slutten av juli primo aug. Måløy Havfiskefestival havfiskefestival.no AUGUST 12. 14. august Sandanedagane sandanedagane.no Panoramamarsjen nordfjordpanorama.no 13. aug Skåla 1848 meter rett opp skaala.no 28. august Eggenipa Opp breimsbygda.no/ eggenipa opp 29. aug 4. sept. Gloppen Musikkfest gloppenmusikkfest.no SEPTEMBER/OKTOBER 8. 11. sept. Sykkelcamp folven.no 16. 18. sept. Oktoberfest Stryn oktoberfeststryn.no medio sept. Eidamessa facebook.com/eidamessa 21. 25. sept. Matamål matamal.no Primo oktober Opera Nordfjord operahuset.no 7. 9. oktober Strynemessa stryn.no medio oktober Glopperock glopperock.no 20. 23. oktober Fjordblues fjordblues.no For full oversikt: nordfjord.no/arrangement 19

Utvikfjellet hanrune.no/skogstad Sport SKI & VINTER vinter med fjordutsikt I Nordfjord finn du skiterreng i verdsklasse og flotte anlegg med oppkøyrde løyper i vakker og spektakulær vestlandsnatur fleire stadar med flott fjordutsikt frå løypene. Ved kysten kan vinteren vere mild og snøfattig medan det ofte snør i indre strøk noko som gjev eit stort antal dagar med puddersnø. I tillegg til å opp leve det dramatiske fjordlandskapet i vinterdrakt kan ei reise til Nordfjord krydrast med topptur surfing på Stad spa- og velværebehandling og velsmakande lokalprodusert mat. Alpepass 1 skikort 9 skianlegg Alpepass er eit felles heiskort som gjeld for 9 utvalde destinasjonar på Vestlandet tre skisenter i Nordfjord og seks på Sunnmøre. Her får ein tilgang til 33 heisar over 60 nedfartar terrengparkar frikøyring mykje snø og moro. Alpepass gjeld følgjande anlegg: Stryn Vinterski Harpefossen Skisenter Strandafjellet Skisenter Sunnmørsalpane Fjellseter Arena Overøye Hornindal Skisenter Volda Skisenter Ørskogfjell Skisenter og Ørsta Skisenter. www.alpepass.no Vinteraktivitetar I perioden frå november/desember til april er vanlegvis snøforholda i Nordfjord gode. Du finn flotte skianlegg tilpassa dine behov. Her finn du oversikt over kva anlegg som finst i Nordfjord. 1 Stryn Vinterski Stryn Skisenteret ligg 4 km frå Stryn sentrum. Særs stabile snøforhold i øvste del av anlegget gjennom heile sesongen. Matservering. I det barnevenlege området lengst nede finn ein både knøttetrekk og juniortrekk samt akebakke og ulike aktivitetar. Frå Ullsheim i Markane eller skisenteret i Stryn kan du gå i godt preparerte og varierte løyper. Opptil 40 km langrennsløypenett. 2 km lysløype for langrenn. Stryn Vinterski er også eit perfekt utgangspunkt for toppturar! Alpepass. Tlf. +47 908 68 382. www.strynvinterski.no 2 Nordfjord Fritidssenter Nordsida Stryn Langrenn og hopp. Fint skiterreng. Tautrekk. Tlf. +47 57 87 56 50. www.nordfjordfritid.no 3 Harpefossen Skisenter Harpefossen Eid Fylkesanlegg i alpint. Harpefossen skisenter er eit allsidig skisenter med eit variert og rikt tilbod til alle som likar aktivitetar på ski eller snøbrett. Servicebygg på Furuhogane samt ny T krok heis på 1270 m som gir to nedfartar. Stort skileik område med aktivitetar kjelkeløype og tre barneskitrekk. Flomlys i hovudtrase. Gode frikøyringsmoglegheiter og fjellheisen gjev eit godt utgangspunkt for toppturar. Varierte turløyper for langrenn og 2 km lysløype. Matservering skiutleige og moderne leilegheiter for utleige. Alpepass. Big Air Bag i tillegg vert det jobba med 5 løyper for Catski. Tlf. +47 57 86 25 50. www.harpefossen.no 20