VOLDA KOMMUNE Utvalg: Ungdomsrådet Møtestad: Møterom A, Volda Rådhus Dato: 31.05.2010 Tid: 15:00 mrk. tida MØTEINNKALLING Medlemar som er ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli kalla inn. Jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon 700 58 700. Varamedlemar får saksdokumenta førebels berre til orientering. Dei får særskilt melding når dei skal møte. B- saker er underlagt teieplikt og er unnatekne offentleg innsyn. Møtet er ope for publikum, med unnatak når b-saker vert handsama. Saksdokumenta er lagt ut til gjennomsyn på servicekontoret og på folkebiblioteket til møtet vert halde. Viktig melding til ungdomsrådet: Møte startar med at ungdomsrådet testar Volda sentrum i forhold til universell utforming. Det er satt av 1,5 t. til dette. Kl. 16:30 vert det kurs v/per Heltne modul 3 i Universell utforming på møterom A på Rådhuset. Det er satt av ca. 1 t. til kurset.
VOLDA KOMMUNE SAKLISTE Saksnr. Sak Arkivkode Side SAKER TIL HANDSAMING PS 16/10 Godkjenning av innkalling og sakliste PS 17/10 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte PS 18/10 Skatepark i Volda, ny plassering ved Mylnefallet C11 kraftverk mellom fylkesveg 651 og Volda stadion PS 19/10 Trygt heim for ein 50-lapp N01 RS 1/10 Oppmoding til rullestolstunt C10 RS 2/10 Invitasjon til nominering av Årets barne- og ungdomskommune 2010 223
SAKER TIL HANDSAMING
SAKER TIL HANDSAMING PS 17/10 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte
VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: May-Lisbet Lande Arkivsak nr.: 2008/1693 Arkivkode: C11 Utvalsaksnr Utval Møtedato 18/10 Ungdomsrådet 31.05.2010 Forvaltningsstyret SKATEPARK I VOLDA, NY PLASSERING VED MYLNEFALLET KRAFTVERK Administrasjonen si tilråding: Ny plassering for skatepark i Volda vert ved Mylnefallet kraftverk. Jfr. velagt kart. Ungdomsrådet og forvaltningsstyret sine tidlegare vedtak om plassering på Røysmarka vert gjort til inkje. Vedleggsliste: Vedlegg 1. Kartskisse over området på Røysmarka Vedlegg 2. Kartskisse over området Mylnefallet kraftverk Samandrag av saka: Viser til tidlegare saksutgreiing Saksopplysningar: Viser til tidlegare saksutgreiing og politisk vedtak i Ungdomsrådet, Drifsstyret og Forvaltningsstyret om plassering av skatepark i Volda på Røysmarka. Oppmåling av det omtalte området vart utført av KOB i Volda kommune. Då området vart nøyaktig oppmålt ser ein at det får ei utforming som ein spiss trekant. Dette gjer at den delen ein kan nytte til å bygge skatepark på er for liten til planane. Området kjem også nært bustadane på Røysmarka og ein må til med omfattande støyskjerming for å unngå konflikt med nabolaget. Konklusjon er at området på Røysmarka ikkje er teneleg til formålet. Volda kommune eig eit området ved Mylnefallet kraftverk, mellom fylkesveg 651 og Volda stadion. Sjå vedlegg 1. I området er det lagt ned bygge og deleforbod medan ein ventar på avklaring av traseval for E 39 (Voldatunellen). Det er ikkje mange område i Volda som er sentrumsnært nok til å bygge skatepark på, det vert difor tilrådd å søke dispensasjon frå bygge og deleforbodet for å midlertidig bygge skatepark på området. Administrasjonen har vore i dialog med arbeidsgruppa for skatepark i
Volda og Volda rullarlag og begge desse støttar forslaget med å legge skateparken til Mylnefallet kraftverk. Saka er også drøfta med Samordning og utviklingsstaben, planseksjonen som støttar forslaget. Sidan området har ei begrensing i forhold til tid, vert det ikkje lenger aktuelt å bygge ein park i betong men med element som kan flyttast. Saka vil på ny bli lagt fram for politisk behandling og godkjenning når konkrete planar for parken er utarbeidde. Helse og miljøkonsekvensar: Viser til tidlegare saksutgreiing Gunnar Andenes kultur- og næringssjef Utskrift av endeleg vedtak: Interessegruppa for skatepark i Volda v/åsmund Våge Volda rullarlag v/jonas Bjørdal Øyra skule Jacob Orning, representant for nabolaget på Røysmarka Kulturkontoret Barnerepresentanten Kommuneplanleggar Per Heltne TeleBygget ungdomshus Klageinstans:
Vedlegg 1.
Vedlegg 2
VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: May-Lisbet Lande Arkivsak nr.: 2010/719 Arkivkode: N01 Utvalsaksnr Utval Møtedato 19/10 Ungdomsrådet 31.05.2010 TRYGT HEIM FOR EIN 50-LAPP Administrasjonen si tilråding: Ungdomsrådet i Volda ber Møre og Romsdal fylke v/samferdselavdelinga gjere fyljande endringar på ordninga Heim for ein 50 lapp i Volda. 1. Rute 2. er endestasjon og kalla Austefjordbotn, denne bør endrast til Fyrde som er rette namnet på staden. 2. Alle ruter med ferjeavgangar bør oppdaterast til dagens rutetider. Ferjeselskapa må ta omsyn til rutene i ordninga ved endringar i rutetabellen. 3. Ungdomsrådet ynskjer å behalde tilbodet fredag kveld slik det er i dag. 4. Ungdomsrådet ynskjer å innføre tilbod også laurdags kveldane etter dagens oppsette ruter, med avgang frå Volda sentrum kl. 01.30. 5. I tillegg ynskjer ein også ei ny rute laurdagar som går til Ulsteinvik. 6. Laurdagane bør bestillingstid for tur med taxisentralen endrast til kl. 23.00. Fylket bør produsere nytt marknadsføringsmateriell for ordninga. Samandrag av saka: På møte i ungdomsrådet 27.04.10 vart det vedtatt å ta opp ordninga Heim for ein 50-lapp i Volda til vurdering. Volda har hatt denne ordninga sidan 2005. I dag er fyljande ruter oppsett: Rute 1. Volda sentrum Berknes avg. kl. 00.30 Rute 2. Volda sentrum Austefjordbotn avg. 00.30 Rute 3. Volda sentrum Ørsta avg. 00.30 Rute 4. Folkestad ferjekai Bjørkedalen avg. 00.45 (korrespondere med ferje frå Volda 00.30) Rute 5. Folkestad ferjekai Steinsvik Lauvstad Velsvika avg. 00.45. (korresponderer med ferje frå Volda kl. 00.30) Turane blir køyrde natt til laurdag og må tingast hjå Volda Taxisentral innan kl. 21.00 på fredagskvelden.
Ordninga er ei flott ordninga og målet med ordninga er: 1. Trafikktryggleik få ungdom trygt heim på kvelds-/nattetid. 2. gi ungdom i distrikta eit minste transporttilbod. 3. Gi ungdom gode vaner i høve kollektivtransport. Saksopplysningar: Leiar i Volda ungdomsråd Jenny Venås kalla inn ungdomsråda i Volda og Ørsta og Volda Taxisentral til eit møte på TeleBygget ungdomshus tysdag 18.05.10 for å diskutere saka. Desse møtte: Volda Taxisentral v/anne Smisethjell, frå Volda ungdomsråd: Anika Karen S. Aarflot, Solveig O. Skare, Håvard Gjersdal Våde, Olbjørn Venås og Jenny Venås. Frå Ørsta møtte 1. repr. nestleiar Jonas Bjørneset. Saka vert sett på sakskartet til møte i ungdomsrådet 31.05.10 då ein i dag ikkje er vedtaksføre. Det kom fram fyljande forslag: 1. Rutene som er oppsett i Volda kommune er grei so det er ikkje grunn til å endre på dei. 2. Rute 2. er endestasjon og kalla Austefjordbotn, denne bør endrast til Fyrde som er rette namnet på staden. 3. Alle ruter med ferjeavgangar bør oppdaterast til dagens rutetider. Ferjeselskapa må ta omsyn til rutene i ordninga ved endringar i rutetabellen. 4. Ungdomsrådet ynskjer å behalde tilbodet fredag kveld slik det er i dag. 5. Ungdomsrådet ynskjer å innføre tilbod også laurdags kveldane etter dagens oppsette ruter, med avgang frå Volda sentrum kl. 01.30. 6. I tillegg ynskjer ein også ei ny rute laurdagar som går til Ulsteinvik. 7. Laurdagane bør bestillingstid for tur med taxisentralen endrast til kl. 23.00. Fylket bør produsere nytt marknadsføringsmateriell for ordninga Vurdering og konklusjon: Ordninga med Trygt heim for ein 50-lapp er eit flott tilbod til ungdomen. Volda ungdomsråd ynskjer at ordninga skal bli betre tilpassa behovet for ungdomane i bygda. Dette vil forhåpentleg også føre til at ordninga vert betre nytta. God marknadsføring må til for å gjere ordninga godt kjend i ungdomsgruppa. Helse og miljøkonsekvensar: Trygt heim for ein 50-lapp er eit tilbod retta mot ungdomsgruppa 15 til 25 år. Denne gruppa er sterkt utsett for trafikkulukker og då spesielt helgeulukker. Fylkestinget har med å innføre denne ordninga eit sterkt håp om å få til ein reduksjon i talet på ulukker der ungdom er involvert. Økonomiske konsekvensar: Det er Møre og romsdal fylke v/samferdselavdelinga som administrerer ordninga. Dei dekke alle kostnadar med ordninga utover den 50-lappen som ungdomane betalar for kvar tur. May-Lisbet Lande Koordinator for ungdomsrådet i Volda Utskrift av endeleg vedtak: Møre og Romsdal fylke v/samferdselavdelinga
RS 1/10 Oppmoding til rullestolstunt RS 2/10 Invitasjon til nominering av Årets barne- og ungdomskommune 2010