Informasjonskontoret 27.05.14 REKRUTTERING 2014 RAPPORT GJENNOMFØRING AV TILTAK Rapporten gjeld gjennomføring av kampanjar og rekrutteringstiltak i rekrutteringsplanen for 2014, ein plan som vart handsama i styret på slutten av 2013. I denne rapporten er der ikkje evaluering av tiltaka. Kampanjar og tiltak er gjort i nært samarbeid med studieadministrasjonen, KEV-kontoret, avdelingar og institutt og rekrutteringsutvalet. 1. Kampanje retta mot heiltidsstudenten regionalt og nasjonalt 1.1 Kort om sentrale tiltak Dei mest omfattande tiltaka vert avvikla før 15. april og er knytte til tilboda vi har på Samordna opptak (SO). Det er viktig at vi også har ressursar til å gjennomføre rekrutteringstiltak og kampanjar (ledige studieplassar) mot denne målgruppa heilt fram til semesterstart. Det vart skal gjennomførast ein eigen kampanje for GLU 1 7. Det vert kanskje liknande kampanjar for barnevern, sosionom og for ein eventuell faglærarutdanning i musikk. Rapport: I tillegg til det ordinære rekrutteringsarbeidet mot denne målgruppa, gjennomførte vi kampanjar for: GLU 1-7 heiltid (sjå eigen rapport på Innsida) BLU (også gjennom GLØD) GLU 1-7 og BLU deltid Faglærarutdanning i musikk (sjå eigen rapport på Innsida) Sosionom og barnevern (sjå eigen rapport på Innsida) Vi gjennomførte også ein kampanje, Volda VIDARE, for studium på deltid og nett (sjå 1.2) Kampanjane vart planlagt i samarbeid med avdelingar, institutt og rekrutteringsutvalet. 1.1.2. HVO-veven og sosiale medium Optimalisere brukaropplevinga og informasjonsutbyttet for søkjarane med fleire merkebyggande og strategiske historier om HVO, studentar og alumnar, karriere, Volda og regionen. Vi vil vidareføre satsinga på sosiale medium som Facebook, Voldablogg, Twitter og Instagram. Vi vil legge vekt på bruke HVO-studentar frå ulike utdanningar som innhaldsleverandørar. Vi ser for oss at ulike utdanningar får kvar sine periodar der dei kan publisere i desse kanalane. Side 1 av 25
Rapport: HVO-veven generelt Vi har gjort ein god del utviklingsarbeid «under panseret» på veven i 2014: Nytt design (ryddigare og meir oversikteleg sideoppsett med betra navigasjon og ein meir robust, moderne og praktisk koding av HVO-veven), nytt og betre fil-bibliotek, klargjering for responsivt design (design som tilpassar seg t.d. mobile einingar og små skjermar). hivolda.no Studiekatalogen ligg under «Utdanning» i hovudmenyen. Ein kjem også inn i studietilboda via det størte banneret. Dei ulike kampanjane har også i tur og orden fått eigne banner på hivolda.no: Studentar frontar dei ulike kampanjane. Banneret er ei lenke til kampanjesidene for studiet. Nyheiter, pressemeldingar, redaksjonell omtale i media Vi har laga relativt mange saker om studietilboda, studentaktivitetar, studentprofilar osv. til heimesida vår. Desse har vi også distribuert til ulike redaksjonar i regionen med tanke på redaksjonell omtale. Vi lukkast bra med å få oppslag regionalt, men det er vanskeleg å få plass i nasjonale medium. Side 2 av 25
Ressursar for søkjarane Ressursane for søkjarane, i første rekkje heimesida, navigasjonssystemet og tenestene under menyvalet Utdanning, er i stor grad tufta på eit større evalueringsarbeid vi gjorde våren 2012. Studiekatalogen på nett Inngangen til studiekatalogen på nett. Her kan ein lett lage presise søk etter fagområde, grad/nivå og organisering: Her kan søkjaren definere søket sitt. Resultatet etter eit søk på «mediefag». Side 3 av 25
Dei ulike studietilboda vert presenterte slik: Studiekatalogen på nett. Frå desse korte omtalane er det lenker til studiehandbok, praktisk informasjon, til avdelingssidene og ev. andre ressursar.. I 2014 har vi arbeidd mykje med ein seksjon under «Utdanning», «Innblikk i studiekvardagen», der vi har samla og kategorisert studentprofilar, gode historier frå Volda, videoar, reisebrev frå studieturar, rapportar frå praksis, intervju med alumnar osv. Her har ei kopling til StudiebygdA sin nettportal sin naturlege plass. Vi har også laga ei rekkje instruksjonsvideoar. Side 4 av 25
Dei engelske sidene Dei nye sidene har fått ny struktur, design og innhald. Dei nye engelske sidene. Sosiale medium: Facebook, Instagram, blogg, Twitter og YouTube Facebook Når det gjeld sosiale medium, kan vi nemne at talet på likes (4757 per 22. mai) på Facebook-sida vår stig jamt og trutt. Facebook-sida vår. Side 5 av 25
Annonsering og sponsing på Facebook I år hadde vi annonse på Facebook og sponsa ein film, «Kva er det beste med Volda?». Annonseringa varte frå 9. april til 22. april. Målgruppa var ungdom mellom 18-25 år, i dei store byane. Dette førte til 289 handlingar: 253 klikka seg til hivolda.no og 15 blei nye følgjarar av Facebook-sida vår. Annonsen på Facebook til venstre. Filmen til høgre. Filmen blei sponsa frå 9. april og ut 15. april. Målgrupper: dei som har «likt» Høgskulen i Volda og vennane deira (gjennom sponsing kjem vi inn på sidene til andre enn dei som faktisk har «likt» HVO). Før vi sponsa innlegget var det 10304 personar som hadde sett filmen/innlegget, 29 personar som hadde trykt «liker» og 38 personar som hadde delt den. Per 28. mai er det 1300 som har klikka på posten og 559 har trykka «liker», kommentert eller delt filmen. Innlegget har nådd 109330 og er blitt vist 3070 gongar på YouTube. Instagram Vi har mellom anna hatt ein større fotokonkurranse på Instagram: Fotokonkurransen «Mitt Volda» på Instagram: marknadsføring på hivolda.no og FB samt vinnarane med bilda på nyheitene. Side 6 av 25
Voldablogg Her er eit par døme oppslag med tekst og video, eitt frå GLØD-kampanjen og eitt frå utdanningsmessa i Oslo, på Voldablogg: Twitter HVO tweets Side 7 av 25
YouTube Vi har 86 videoar på YouTube: nokre har vi laga administrasjonen med tanke på rekruttering og rettleiing, nokre har vi fått bruke i forståing med studentar på ulike utdanningar, i lag og organisasjonar. I tillegg har mange lagt ut fine videoar om HVO/Volda på sine eigne kontoar som lagar lenker til. Institutt og seksjonar på sosiale kanalar Informasjonskontoret har forfatta og fått godkjent retningslinjer for bruk av sosiale medium. Fleire institutt har eigne sider som dei driftar. Døme på korleis ulike utdanningar presenterer seg i sosiale medium. Side 8 av 25
Eigen portal for studiestart I mai/juni opnar vi ein portal som skal yte sørvis til ny HVO-studentar fram mot studiestart. Overvaking av trafikk Vi har arbeidd med analyseverkty som gjer at vi kan logge betre trafikken inn får annonsar vi har t. d. på nettsider. Kampanjen VIDARE ( to dagar på vg.no + ei vekes annonsering på nettbrett gjennom VG) genererte nesten 12000 besøk på våre sider. Sosialfagannonsen på vg.no genererte knapt 1000 besøk på våre sider. Side 9 av 25
HVO på utdanningsportalar Russ.no, Studievalg og Studentum. Desse har også ein del andre interessante tenester som direct mail (DM) til relevante målgrupper. 1.1.3. Studieorientering (SO) i vidaregåande skular og folkehøgskular Vi skal vere på alle vidaregåande skular i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. I 2014 vil vi også prøve å få innpass på slike studieorienteringar utanom desse områda. Virkemiddel: personleg kommunikasjon, HVO-filmen, PowerPoint/PDF på videokanon, katalogar og brosjyrar. Annonsering og redaksjonell omtale i forkant. Bruk av studentar som HVO-ambassadørar. Rapport: Vi har møtt elevar frå 39 vidaregåande skular og folkehøgskular i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dag Dato Skole Sted Starttidspunkt Sunnfjord og Sogn 13.-18.1 Mandag 13. jan Sygna vgs og Høyanger vgs Sygna Vgs 09:30 Tirsdag 14. jan Sogndal vgs Sogndal vgs Onsdag 15. jan Hafstad vgs, Sunnfjord FHS og Mo og Jølster Vgs Førdehuset og Hafstad vgs Torsdag 16. jan Flora vgs Flora vgs og Tentativt: 09:00 Fredag 17. jan Dale vgs Dale vgs 08:55-14:20 Lørdag 18. jan Nordfjord FHS Norfjord FHS 10:00 Nordfjord 20.-24.1 Mandag 20. jan Firda vgs Firda vgs 08:30 Tirsdag 21. jan Måløy vgs Måløy vgs Onsdag 22. jan Eid vgs og Fjordane FHS Eid vgs Torsdag 23. jan Stryn vgs Stryn vgs 09:00 fredag 24. jan Ulstein vgs og Herøy Vgs Ulstein vgs Sunnmøre 24.1, og 27.-31.1 måndag 27. jan Volda vgs Volda vgs tirsdag 28. jan Stranda vgs, Sykkylven vgs og Vestborg vgs Stranda vgs 09:00-15:00 onsdag 29. jan Fagerlia vgs og Borgund Vgs Fagerlia vgs 08:30-14:30 Side 10 av 25
torsdag 30. jan Spjelkavik vgs og Haram vgs Spjelkavkik vgs fredag 31. jan Akademiet Ålesund og Ålesund vgs Akademiet vgs Ålesund vgs Romsdal og Nordmøre 3.-7.2 Måndag 3.feb Rauma vgs Rauma vgs 08:00 tirsdag 4. feb Surnadal vgs Surnadal vgs onsdag 5. feb Sunndal vgs Sunndal vgs 08:00-14:30 torsdag 6. feb Molde vgs, Fræna vgs, Gjermundnes vgs, Fannefjord vgs, Romsdal vgs, Akademiet Molde, Molde FHS Bjørnsonshuset fredag 7. feb Atlanten vgs, Kristiansund vgs og Tingvoll vgs Atlanten vgs Nytt: Folkehøgskular på Austlandet Vi får mange førespurnader frå heile landet om å kome på skulebesøk. Vi arrangerte ein liten turne for to mediestudentar til folkehøgskulane Rønningen, Hurdal Verk, Danvik, Haugetun og Follo. HVO-ambassadørane skreiv om studieorienteringane både på hivolda.no og på Voldablogg. Annonsekampanje i førekant Før vi kom til den einskilde skule, hadde vi i førekant annonsert i lokale media. Til saman vert det ein oppfattande annonsekampanje for heiltidsutdanningane våre. 1.1.4. Utdanningsmesser Ålesund, Bergen, Trondheim, Oslo og Lillestrøm. Sentrale verkemiddel: Ny stand (2014), vising av filmar, katalogar og brosjyrar, personleg kommunikasjon. Bruk av HVO-studentar. Rapport: Vi laga ein nye stand for messene i 2014. Standen var bemanna med HVO-ambassadørar pluss ein HVO-tilsett (opptaket). Vi viste ulike videoar på stor skjerm. Side 11 av 25
Om lag 50000 besøkande var innom dei fem messene HVO var med på. Videoproduksjon på messene Nytt i år var eit team mediestudentar som intervjua og filma besøkande. Slik fekk HVO auka eksponering på messeområdet, og vi fekk videoar til å publisere på dei sosiale kanalane våre. Filmar frå messene i Trondheim og Oslo. 1.1.5. Karrieredagar, Utdanningsdagar, Ut i jobb-dagen, besøk Informasjonskontoret vil også ta imot elevgrupper til rettleiing og omvising når dei ber om det. Rapport: K-dagane K-dagane vart arrangert på HVO 25.- 26. september 2013 på oppdrag av Møre og Romsdal fylkeskommune for 10. klassene på Søre Sunnmøre. Over 600 elevar tok del. Side 12 av 25
Rune Solenes Opstad (bilde til venstre), assisterande fylkesutdanningssjef, opna Karrieredagane 2013. Ei gruppe elevar sit som tende lys under orienteringa i Kaarstad aud. U-dagane U-dagane vart avvikla 4. 6. november 2013 for elevar i vidaregåande skular. Godt over 700 elevar frå Nordfjord og Sunnmøre kom. Utdanningsdagane: Frå orienteringane til AHL og ASF. Ut i jobb-dagen Onsdag 15. januar arrangerer Høgskulen i Volda «Ut i jobb-dagen» 2014. Fylkesmann Lodve Solholm opna denne som er meint som ein møteplass for våre lærarstudentar og skuleigarar i regionen. Side 13 av 25
Viviann Johansen, rektor ved Bigset skule og Mariann Båtnes, rådgjevar ved sektor for oppvekst i Hareid kommune var på Ut i jobb-dagen for å rekruttere barnehagelærarar og faglærarar. Lina Ødegaard og Marita Hagen Kvalsvik (bilde til høgre) er studentar på grunnskulelærarutdanninga 5.- 10. trinn. Grundercamp 2014 Grundercamp er eit element i den såkalla Karriereløypa. I mai tok vi imot tre grupper frå 9. klasse i Ørsta ungdomskule. To av gruppene vi hadde i arbeid på Grundercamp. Den til venstre laga ein app for HVO, den andre laga ei smart nakkepute med HVO-logo og Aasen-sitat. Bedriftsbesøk Dette er også eit element i K-løypa. 22. mai hadde vi besøk av 8. klassene på Volda ungdomsskule. Side 14 av 25
Elevane fekk mellom anne møte tilsette ved HVO som fortalde om jobb og utdanning. Dei fekk også innføring i studietilboda våre. Besøkstenesta Vi tar imot grupper frå ulike skuleslag ad hoc. 1.1.6. Trykksaker Studiekatalogar Dette er ein katalog over studietilboda vi presenterer for heiltidsstudenten, framstilt på ein uniform måte. Opplag: 10000. Den vil bli distribuert på SO, utdanningsmesser, K-dagar, Utdanningsdagar. Direct Mail (DM) til elevar i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, ulike institusjonar som Forsvaret osv. Vi lagar også ein studiekatalog for internasjonale studentar som internasjonalt kontor distribuerer gjennom sine kanalar. Frå å ha reine emneomtalar i førre utgåve, som fort blei utdatert grunna endringar i emna, avlysingar osv., gjekk vi i denne utgåva over til studentintervju. Meir! nr. 2 Opplag: 5000. Magasinet Meir! 1/14 skal supplere studiekatalogen med strategiske og merkebyggande historier om HVO, studentar og alumnar, Volda og regionen (jf. stadkvalitetar og bodskapsstrategiane i StudiebygdA). Dette innhaldet vil også bli presentert på HVO-veven. Trykksaker for bachelor- og yrkesutdanningane Desse vil i hovudsak bli brukt av tilsette og studentar knytte til dei ulike studieprogramma. Blir m. a. brukt ved Utdanningsdagane, Karrieredagane. Faktablad (flygarar) for einskilde studium Desse produserer vi (på papir eller digitalt) i samarbeid med avdelingane etter behov. Blir brukt i kampanjar m.m. Side 15 av 25
Rapport: Studiekatalogen. Den engelske studiekatalogen. Alle masterane, bachelor- og yrkesutdanningane har fått faldar av denne typen. Side 16 av 25
Magasinet MEIR! fleire historier frå Volda! 1.1.7. Annonsar Vi vil bruke annonsar i dagspresse, fagpresse, magasin, Internett, sosiale medium osv. for å «minne om» og «vise veg til» meir informasjon om HVO og studietilboda på HVO-veven, på utdanningsmessene, yrkesorienteringane osv. Generelt vil vi annonsere meir på nett og mindre på papir (sjå rekrutteringsplanen 2.4.). Rapport: Vi har annonsert mykje i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Vi har også bra vore synlege nasjonalt. Vi har annonsert i trykte medium, nettaviser, i sosiale medium, på nettbrett og på mobil. Typiske papirannonsar Side 17 av 25
Nettannonsar Vi har hatt nettannonsar i VG, i Vårt Land, i mange aviser over heile landet gjennom Amedia, i ballade.no m. fleire. Desse stod på vg.no: Kampanje for sosialfaga til venstre, faglærar i musikk til høgre. Side 18 av 25
Kampanjen for GLU: Annonse på vg.no oppe til venstre. Resten: Amedia sine aviser over heile landet. Skjermannonsar på ferjer, rutebåtar og buss-stasjonar To døme på slike annonsar: Volda VIDARE og Bli lærar i Volda! Nettbrett og mobil Vi har annonsert på desse plattformene gjennom Boost Communications og VG. Utviklingsarbeid: Landingsside (tilpassa mobilformatet) for annonsekampanje på nettbrett og mobil gjennom Boost communications. Side 19 av 25
1.1.8 Direct mail (DM) og masseutsendingar Vi har sendt studiekatalogen og andre trykksaker til alle avgangselevar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, til folkehøgskular og vidaregåande skular, det militæret osv. I tillegg har vei sendt ut e- postar direkte til avgrensa målgrupper gjennom russ.no. E-post sendt gjennom russ.no 1.1.9. Informasjon til registrerte søkjarar/nye HVO-studentar Søk-korpset Vi vil saman med SA som før etablere ei teneste (med tre studentar) som skal fange opp spørsmål frå søkjarane våre. Denne tenesta vil vi meir målretta rette inn mot studium som har dårlig søknad. Utsending av informasjon til registrerte studentar, magasinet Meir! Vi vil i samarbeid med studieadministrasjonen (SA) sende ut praktisk og rekrutterande informasjon til søkjarar som har fått tilbod om plass. Sentralt her er magasinet Meir! som har som målsetting å fortelje dei gode og rekrutterande historiene om HVO og Volda. Side 20 av 25
Studiestartportalen og praktisk informasjon på HVO-veven Studiestartportalen yter sørvis til nye søkjarar. Tiltak ved semesterstart Vi vil i samarbeid med SA, StudiebygdA, STIV (fadderordninga), avdelingane og andre viktige funksjonar gjere møtet med HVO og Volda så godt som mogleg for dei nye studentane. Eit sentralt tiltak er Vegvisar for nye studentar. Ny portal: Studentstatus-portal Dett er eit nytt tiltak og føremålet er at nye studentar lett skal kunne sjå status for registrering, semesteravgift, kva emne ein er knytt til osv. Rapport: Søk-korpset og studiestartportalen vil kome på lufta i mai/juni. Meir! er i produksjon. Ei gruppe som har ansvar for planlegging av semesterstart er godt i gang med arbeidet. Portalen for studentstatus er oppe. 1.2. Kampanje retta mot deltidsstudenten/nettstudenten 1.2.1 Kort om tiltaka 1.2.1. HVO-veven Optimalisere brukaropplevinga for søkjarane på heimesida, i portalen Utdanning og i studiekatalogen på nett. 1.2.2. Direct Mail (DM) Vi vil sende ut fleire e-postar til tidlegare HVO-studentar (alumnar) og andre for å informere om fleksible studietilbod og FoU. Vise til meir informasjon på HVO-veven. 1.2.3. Annonsar Vi vi lage ein nasjonal kampanje for å «minne om» og «vise veg til» meir studieinformasjon om tilboda på HVO-veven. I tillegg til nettannonsering trur vi det er nyttig å bruke ulike fagblad som «Utdanning», «Kommunal Rapport» osv. 1.2.4. Trykksaker Vi lagar brosjyrar for alle mastergradane. Vi lagar også «flygarar» (faktablad) for enkeltstudium digitalt eller på papir. Side 21 av 25
Rapport: HVO-veven og kampanje på VG-nett Volda VIDARE er namnet på kampanjen for studium på deltid og nett. Bilde av banner på hivolda.no og ei relativt stor kampanje på vg.no som genererte 16000 klikk inn på landingssida vår. Kampanjeside med nyheiter på HVO-veven Til venstre: landingssida for VIDARE-kampanjen. Til høgre eit intervju med nettstudent. Side 22 av 25
MM (direct mail) Ei utsending, eit nyheitsbrev, til vel 13000 tidlegare HVO-studentar over heile landet. Toppen på det digitale nyheitsbrevet. Annonsar på papir Ulike nett- og deltidsutdanningar har også hatt annonsar i ulike kanalar. Nyhende og pressemeldingar Nokre oppslag om deltids- og nettstudium. Side 23 av 25
1.3. Kampanje retta mot internasjonale studentar 1.3.1. Kort om tiltaka 1.3.1. HVO-veven Ny versjon av dei engelske nettsidene har vore på lufta ei stund og vi vil halde fram med å publisere meir informasjon på engelsk på HVO-veven. 1.3.2. Internasjonal studiekatalog Opplag: 2000. Distribusjon: Internasjonalt kontor. Rapport: Studiekatalog og nettsidene er sentrale tiltak. 1.4. Lokale opptak og suppleringsopptak Det er viktig å halde trykket oppe i rekrutteringsarbeidet heilt fram til studiestart. I desse kampanjane brukar vi stort sett HVO-veven, annonsering og pressemeldingar. 1.4.1. HVO-veven Synleggjere kampanjane på heimesida vår. Optimalisere brukaropplevinga for søkjarane på heimesida, i portalen «Studietilbod» og i studiekatalogen på nett. 1.4.2. Annonsar Bruken av annonsar er effektive når det gjeld deltidssegmentet. Vi vil bruke annonsar til å minne om og vise veg til meir informasjon om tilboda på HVO-veven. Side 24 av 25
1.4.2. Flygarar (faktablad) Vi lagar også slike på papir eller digitalt. 1.5. Kampanje for studium med oppstart våren 2014 1.5.1. HVO-veven Det blir kampanje på heimesidene våre og oppdaterte lister av det det kan søkjast på. 1.5.2. Annonsar Vi kjøper annonseplass i eigna kanalar for å minne om og vise veg til studietilboda på nettet. Side 25 av 25