Foto Knut Nylend. HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2015
Innhald: Oppsynsorganisering/miljøovervaking. Statistikk. Kommentarar frå jakta 2015. 1.0 Oppsynsorganisering Villreinjaktoppsynet på Hardangervidda er ei samhandling mellom Hardangervidda Fjelloppsyn, Statens Naturoppsyn og Politiet. 1.1 Felles oppsynssentral på Skinnarbu. Sentralen betjente i 2015 desse villreinområda: Hardangervidda, Setesdal/Ryfylke, Setesdal/Austhei, Våmur/ Roan, Brattefjell/Vindeggen, Norefjell/Reinsjøfjell, Fjellheimen, Lærdal/Årdal, Blefjell og Nordfjella. Her har naturoppsynet vore tilgjengelege for informasjon til jegrar i alle desse villreinområda mellom kl 0800 og kl 1900 kvar dag i jakta. Det har vore ein servicetelefon med generell informasjon og rettleiing. Det har og vorte gjeve dyremeldingar i den grad kapasiteten har tillete dette. Samstundes har oppsynssentralen fungert som eit kontaktpunkt mellom ulike aktørar med omsyn til fallvilt, skadeskotne dyr, regelverk og liknande. I tillegg er sentralen ein viktig HMS faktor for oppsynspersonell som er ute i felt. Dei er ofte i område utan telefondekning, men med sambandsdekning, og går tidvis einmannspatruljer. 1.2 Miljøovervaking. Jegrar har via Oppsynssentralen på Skinnarbu bistått NINA med innsamling av kjøttprøver i samband med måling av blant anna radioaktivitet i villrein. Det vart samla inn 15 prøver frå simler i 2015. Oppsynet har også i år organisert innsamlinga av kjevar frå felt villrein. Kjevekassene stod utplassert på Skinnarbu, Kalhovd, Solheimstulen, Vegarhovd, Tinnhølen, Helikopterbasen i Kinsarvik, Haukelisæter, Varland, Røldal og Songa. Det kom inn 280 kjevar fordelt med 105 vaksen bukk, 132 simle og 43 kalv. 12 av desse vart forkasta. Kvaliteten på innsamla kjevar frå jegrane er varierande, og kan framleis verta betre. Om lag to tredjedelar av kjevelappane manglar framleis nøyaktig vekt. 1.3 Mannskap. Det har deltatt mannskap frå Hordaland, Nordre Buskerud og Telemark politidistrikt, Hardangervidda Fjelloppsyn og Statens naturoppsyn. Totalt 19 personar.
2.0 Statistikk:
2.1: Antal kontrollerte/informerte: Kontrollerte Informerte Viltlov med forskrifter (villreinjegerar) 176 928 Viltlov med forskrifter (småviltjegerar) 3 NMlova (vernereglar for Hv. Nasjonalpark) 14 13 Lov om motorferdsel (utanfor nasjonalparken) 2 2 Innlandsfiskelova Forureiningslova Friluftslova 4 Våpenlova 25 7 Luftfartslova Vegtrafikklova Hundelova Andre lovverk 15 Oppsynssentral Skinnarbu 772 Totalt 217 1744 Antal anmeldte/ advarslar: Anmeldte Adv/OPS Viltlov med forskrifter (villreinjakt) 3 1 Viltlov med forskrifter (småviltjakt) NMlova (vernereglar for Hv nasjonalpark) 1 1 Lov om motorferdsel (utanfor nasjonalparken) Innlandsfiskelova Forureiningslova Friluftslova Våpenlova 3 Luftfartslova Vegtrafikklova Hundelova Andre lovverk Oppsynssentral Skinnarbu Totalt 4 5 1 anmeldelse vedr feil dyr ift fellingsløyve. Telemark pd 1 anmeldelse vedr elgjakt i statsallmenning. Hordaland pd 1 anmeldelse vedr ulovleg helikopterlanding. Hordaland pd 1 anmeldelse vedr manglande kortskjering før transport. Nordre Buskerud pd 4 advarslar vedr manglande dokument( våpenkort, køyreløyve) 1 advarsel vedr feilskjering av kontrollkort.
3.0 Kommentarar til villreinjakta 2015: 3.1 Prioritering: Oppsynsoppgåvene vart prioritert slik: Førebygging, rettleiing og informasjon om miljølovverket på Hardangervidda. Kontroll med at jakta vart utført på ein human måte, og at ettersøk av påskotne dyr vart utført. Kontroll med retta avskyting, og gjeldande regelverk for Hardangervidda villreinområde. 3.2 Generelt om jakta Inntrykket frå oppsynet er at i starten av jakta vart det felt litt dyr over store områder. Dei større flokkane var nok samla mest i austlege strøk i Telemark. Noko også mot grenseområda til Buskerud. Også i områda aust mot Møsvatn på sørsida av Kvenna var det samla mykje dyr. Etter kvart som jakta skreid fram, vart det jakta brukbart i sentralområda rundt Skarbu, Langbuflaten, og like eins nord for Songa. Dei siste vekene av jakta vandra dyra vestover, og var til dels langt nord vest. Dei siste dagane i jakta kom der mykje dyr attende i områda nord, nord vest for Songa. Kommentarar frå oppsynet: Kontrollkort( herunder overgangsordningar): Nokre av kontrollkorta er framleis mangelfullt utfylte. Dette gjeld særleg påføring av jegers namn. Nattefreding( på statsallmenningar der dette er vedtatt): Det har vore lite problemstillingar omkring nattefredingsregelen i dei områda der dette er innført. Jaktlag: Jaktlagsordninga er godt innarbeida og sikkert hensiktsmessig av fleire årsakar. På statsallmenningar der det er gjort vedtak om slikt, vert dette sendt kopi av til Oppsynssentralen på Skinnarbu. Dette fungerar bra.
Salskontrakter: For oppsynet, kommunen og jegerane si handtering av felte, skadde dyr som kan nyttast, er dette stort sett ei grei ordning. Det vil alltid vere eit skjeringspunkt der jeger må vurdere om skadde dyr skal avlivast eller ikkje( Jf Dyrevelferdslovas 5). Det har etter oppsynet si vurdering vore ein tendens dei siste åra at mange dyr med «mindre» skader også har vorte avliva. Det vil likevel alltid vera jeger som der og då må ta beslutninga om dyret skal fellast eller ikkje. Våpenhandtering og ammunisjon: Stort sett visar oppsynsmannskapet si tilbakemelding at våpenhandtering blant jegerane er bra. Likevel er der nokre tilfelle av at den kan verta betre. For eksempel at våpen skal vera tomt for ammunisjon, sluttstykke evt nedpakka og sikra for uvedkomande. Fredingssoner/ teltforbodssoner: Oppsynet har eit generelt inntrykk av at jegerane stort sett er positive til fredingssonene som er vedtatt i nokre områder. Det har likevel kome inn opplysningar til oppsynet som kan tolkast som at ein del jegrar meiner at desse sonene kan vera til hinder for effektiv felling. Når det gjeld telting for villreinjegrar og hjelpemannskap, har oppsynet fått kjennskap til at der kan ha forekome telting utanfor godkjente teltplassar i Hordaland. Motorferdsle: Oppsynet opplever ei auke i henting av slakt med helikopter ute i terrenget i Hordaland. Dette medfører sjølvsagt at det vert utfordrande i forhold til kontroll av både løyver og jaktutbytte. Forvaltningsstyresmakta i Buskerud har også opna for dette, men der har oppsynet ikkje registrert at dette er brukt i noko større grad. I Telemark har ein framleis halde på praksisen om henting av slakt ved dei godkjente vatna. Andre kommentarar til oppsynstenesta: Det har ikkje vorte meldt inn problem med store jegerkonsentrasjonar frå mannskapet i år. Sjølv om det til tider var konsentrert svært mykje dyr i enkelte områder, såg jaktutøvinga ut til å gå bra før seg. Likevel har oppsynet registrert ei markant auke av meldingar frå jegrar om at dei har observert meir skadeskotne dyr en tidlegare.
Kjevane er av svært ulik kvalitet. Det er eit sterkt ynskje at jegerane les gjennom handteringa av dei innsamla kjevane i jaktfoldaren som Villreinutvalet/nemnda og Sno kvart år gjev ut saman med kontrollkorta. Det vart skote 2 radiomerka simler i villreinområdet i år. Voss/Odda/Skinnarbu 23.11.15. Georg Gjøstein Torleif Fresvik Knut Nylend. Hardangervidda Fjelloppsyn Hordaland pd Statens Naturoppsyn.