Forskingsutvalet. Sakspapir: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2015. FU sak 13-2015 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.



Like dokumenter
FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 3/2015, 12. mars

Vurdering av allianse og alternativ

Møtet vart flytta frå først oppsett 19. mai til 26. mai. Skrivar beklager at det har vore noko ugreie med møteinnkallinga i Outlook.

Møtet vart flytta frå først oppsett 19. mai til 26. mai. Skrivar beklager at det har vore noko ugreie med møteinnkallinga i Outlook.

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid

Forskingsutvalet. PROTOKOLL: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 6/2014, 16. september

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

MØTEPROTOKOLL (revidert ) Strategisk studienemnd

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

MØTEBOK - Høgskulestyret

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Frå administrasjonen møtte: Ingunn Welle Nina Cathrin Garshol Gonnie Smit

39/14 14/ Studietilbod på masternivå - samfunnsfag i lærarutdanninga 2. 41/14 14/ Møteplan for Strategisk studienemnd våren

Forskingsutvalet. Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 7/2015. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Strategiplan for Forsking og utvikling (FoU)

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Tid for forskning. Kort saksfremstilling. Forslag til vedtak: Erik Waaler, prorektor for FoU

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Kristin Marie Sørheim Janne Heggvoll. Jacob Kjøde

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

MØTEPROTOKOLL. Styremøte 7/2016. Høgskulestyret. Møtedato: kl. 11:00-15:30 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00052

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 1/2015, 27. januar. Vedtak: Godkjent med endring: Anders Aschim deltok på møtet ikkje Peder Haug.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Forskingsutvalet. Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

OFFENTLEGMØTEPROTOKOLL

MØTEINNKALLING Forskingsutvalet

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte og telefonmøter og

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Finansiering av søknaden

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Styremøte 6/2015. Møtedato: kl. 9:00-14:45 Møtestad: Sagafjord Hotell, Sæbø Arkivsak: 15/00052

Offentleg protokoll HOGSKULEN I VOLDA. Styremøte 7/2013. Utval: Høgskulestyret Møtestad: BK 220 VIP Dato: Tid: 11:00-15:30.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Vedtakssaker. 25/14 14/ AMU-samansetning , opplæring 3 26/14 14/ AKAN 4. Sjukefråvær 5. Status vernerundar 6.

SØKNADSKRITERIER FOR TILDELING AV INSTITUSJONELLE FOU STIPEND

ORIENTERING OM MELLOMBELSE TILSETTINGAR VED HSF

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Aurland kommune Rådmannen

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Tove Halse Digernes Hans Olav Myklebust SP Idar Henning Vatne Karen Høydal FRP

Samnanger kommune Møteprotokoll

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Forskingsutvalet. Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 6/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Møtetid: Onsdag 16. september kl Styrerommet, Campus Kronstad.

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Les for livet - del 2 (Ref # )

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

Ei HOGSKULEN I VOLDA Møteprotokoll

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Finansiering av dei offentlege fagskolane

14. Radio og TV. Liv Taule

Referat Studenttingsmøte 2011/2012

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

Referat frå møte nr. 51, 20. februar 2013

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Granvin herad Sakspapir

Transkript:

1 Forskingsutvalet Sakspapir: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2015. Tid: Tysdag 21. april kl 12.15. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Per Halse (leiar) Ketil Jarl Halse (nestleiar) Tor-Johan Ekeland (vara) Arne Myklebust Peder Haug Aud Folkestad Karen Brænne Sverre Liestøl Pål Aam Anne Randi Fagerlid Festøy Aleksandra Endresen Serghei Levcenco Sakshandsamar og skrivar: Johann Roppen Observatørar: Jacob Kjøde jr Bente Gunn Lien Geir Tangen Finn Ove Båtevik Elisabeth Maråk Støle Eining Rektor ASH (dekan) ASH AHL (dekan) AHL AKF (dekan) AKF AMF (dekan) AMF Stipendiatane Studenttinget Studenttinget FoU-rådgivar Direktør, HVO Biblioteket, HVO FoU-rådgivar, HVO Møreforsking Volda Direktør, Møreforsking AS FU sak 13-2015 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste. FU sak 14-2015 Godkjenning av protokoll frå FU-møte 3/2015, 12. mars Framlegg til offentleg protokoll ligg som vedlegg 1. FU sak 15-2015 Framlegg om endring av møtetid På grunn av møtekollisjon for rektor og skrivar blir det gjort framlegg om å utsette FU møte 5/2015 frå 19. mai til 26. mai, kl 12.15. FU sak 16-2015 Resultat for DBH publisering ved HVO for 2014 Vedlegg 2: RESULTAT FRÅ DBH-RAPPORTERINGA 2014 (frå FoU-rådgivar Geir Tangen).

2 2 Fristen for å rapportere vitskapleg publisering gjekk ut 15. april 2015. Resultata syner at forskarane ved Høgskulen i Volda har publisert så mykje at det har gitt 98,8 tellekantpoeng. Høgskulen i Volda har dermed kome opp att på eit nivå på linje med det vi har vore vane med dei siste åra. Sett i høve til andre statlege høgskular så er Høgskulen i blant høgskulane med sterkast auke frå 2013 til 2014 og vil også vere blant høgskulane som har høgast publisering pr fagtilsett, noko som er i tråd med måla i strategisk plan for høgskulen. I regional samanheng ligg høgskulen i Volda godt an målt i poengproduksjon pr vitskapleg tilsett. I tabellen nedanfor er poengproduksjon ved Høgskulen i Volda samanlikna med eit utval andre statlege høgskular, og Volda ligg over både Høgskolen i Molde og Høgskolen i Lillehammer. Begge desse to institusjonane har dei siste åra lege over Volda i poengproduksjon pr tilsett. Høgskolen i Ålesund og Høskulen i Sogn og Fjordane har hatt svært god prosjekttilgang dei siste åra. Dei har dermed også fått sterk vekst i FoU-produksjonen, men ligg klart lågare enn Volda i 2014. Poeng (2014) Årsverk i faglege stillingar (2014) Poeng pr årsverk. *) Høgskulen i Volda 98,9 196,2 0,50 Høgskolen i Molde 50,4 109,0 0,46 Høgskolen i Ålesund 45,7 136,6 0,33 Høgskulen i Sogn og Fjordane 71,3 215,2 0,33 Høgskulen i Lillehammer 91,2 198,7 0,46 *) Gjeld undevisnings- forskings og formidlingsstillingar. Avdeling for mediefag fått ein sterk vekst sidan 2013, som heilt tydeleg var eit unntaksår for avdelinga. Men publiseringa i 2014 er likevel lågare enn åra 2011 og 2012. Avdeling for samfunnsfag og historie har svært sterk auke og er nesten oppe på same nivå som rekordåret 2011. Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har ein mindre nedgang i publiseringa, men har minke for tredje år på rad. Avdeling for kulturfag ligg på eit lågt nivå, men med mange stipendiatar, tilsette i fem-årige ph.d.- prosjekt og to professorstipendiatar er det grunn til å vente meir publisering i åra som kjem. Det bør også noterast at Høgskulen i 2014 fekk ein klart større andel av publiseringane på nivå 2, noko som er eit teikn på at kvaliteten på publiseringane blir stadig betre. Framlegg til vedtak:

3 3 Forskingsutvalet tek orienteringa til vitande og vil kome tilbake i saka i samband med FoU-meldinga for 2014. FU sak 17-2015 Status ang tilsetting av stipendiatar og prosess for vidare behandling Vedlegg 3: Liste over stipendiatar og prosjekt (Vedlegget er UOFF pga informasjon om forskingsprosjekt). 8 stipendiatstillingar vart lyste ut med søknadsfrist 15. april. Då søknadsfristen gjekk ut hadde det meldt seg heile 43 søkjarar på stillingane. Erfaringane frå førre utlysing tyder på at godt over halvparten av søkjarane kjem til å ettersende attestar, vitnemål og prosjektskisse. Forskingsutvalet tilrådde ei «opa» utlysing av desse stillingane, noko styret slutta seg til. Forskingsutvalet bør difor også gje råd om kva slags prosess som er ønskjeleg for å sikre at Høgskulen i Volda tilset dei rette søkjarane. Saksbehandlar har laga eit første oversyn over dei innkomne søkjarane og fordelt dei ut frå fagområde og/eller avdelingstilknytning der det er tydeleg. Fleire av søkjarane har også koplingar til strategiske eller regionale fagmiljø. Kjønn: 29 kvinner og 14 menn har søkt Alder: Frå 24 til 62 år. Gjennomsnittsalder (og median): Ca 37 år. Nasjonalitetar: Noreg (33), Spania (2), Kenya (2), Zimbabwe, Kroatia, Russland, Sverige, Danmark og Japan. Saksbehandlar si vurdering av korleis søkjarane fordeler seg på avdelingar og fagområde er presentert i tabellen nedanfor: AHL AKF AMF ASH Skule/ped.: Ca 5 Drama: 2 Bilde: 1 Historie: 7 Norsk: Ca 4 Kroppsøving: 1 Film: 2 IPAS: 2 RLE: Ca 3 Kunst: 3 Musikk: 1 ASH: 1. AHL/ASH: 1 AMF/AKF: 1 ASH/AHL: 1 Ein søknad har ikkje tydeleg tilknyting til nokon av avdelingane ved HVO. Vårt nye ph.d.-studium og helse- og sosialfag er særleg omtala og skal også prioriterast ved tilsetting av stipendiatar. Dette er også regulert i samarbeidsavtalen med Høgskolen i Molde om ph.d-studiet. Etter saksbehandlar si vurdering og tolking av søknadene er det 4-6 av søkjarane som er aktuelle for ph.d.-studiet. Desse er ikkje med i tabellen ovanfor.

4 4 Somme søkjarar har tydeleg fått god hjelp ved å vende seg til fagmiljø ved høgskulen. Det kan her nemnast SEANSE og kulturmøte. Fleire prosjekt har også ein tydeleg regional profil i sin tematikk. Vurdering: Søkjerane har spreidd seg over eit vidt spekter av fagområde, og fleire søkjarar er også tverrfagleg orienterte gjennom å foreslå prosjekt som kan omfatte fagmiljø på fleire avdelingar. HVO har dermed eit luksusproblem når så mange søkjarar skal få skikkeleg behandling og fagleg gode vurderingar. Fagmiljøa med aktuelle søkjarar bør gjere ei vurdering av om dei har kapasitet til å ta i mot stipendiatar, og i så fall kor mange. Kapasitet kan til dømes handle om at fagmiljø med mange stipendiatar i gang bør vurdere nøye å tilsette fleire. Fagmiljøa bør også vurdere kva som er framtidig rekrutteringsbehov. Følgjande miljø ser ut til å ha fått så mange søkjarar og at det antakelig bør settast ned faglege kommisjonar for å vurdere søkjarane, og arbeidet med å rekruttere kommisjonar kan starte. AHL/ASH: Kulturmøte (historie/rle): Ca 10 aktuelle søkjarar pr i dag. Ph.d. i helse- og sosialfag: Ca 6 aktuelle søkjarar pr i dag. AHL: Ped/spes.ped./skule: Ca 5 søkjarar pr i dag. AHL: Norsk: Ca 4 søkjarar pr i dag. AKF: Ca 3 søkjarar har nemnt tilknytning til SEANSE Den siste tredjeparten av søknadene er dermed svært spreidde i tematikk og fagområde, og Forskingsutvalet blir med dette inviterte til å kome med framlegg til korleis det skal handterast. Framlegg til vedtak: a) Fagmiljøa på kulturmøte, ph.d.-utdanninga, pedagogikk og norsk vert bedne om å førebu kommisjonsbehandling av stipendiatsøknader. b) For dei siste søknadene vert det utarbeidd framlegg til vedtak i møtet. FU sak 18-2015 Strategiprosessen i Møreforsking (UOFF) Vedlegg 4: Møreforsking - strategiprosess 2014-2015. Saksutgreiing for høgskulestyret, møte 23. april 2015 (UOFF). Saksutgreiinga for høgskulestyret vert med dette lagt fram for Forskingsutvalet som drøftingssak utan framlegg til vedtak.

5 5 Orienteringssaker: 1) Stortingsmelding om struktur i UH-sektoren: Meld. St. 18 (2014-2015) Konsentrasjon for kvalitet Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren. https://www.regjeringen.no/nb/dokumenter/meld.-st.-18-2014-2015/id2402377/ 2) Framlegg om nye reglar for opprykk i vitskaplege stillingar høyringssvar frå HVO. Vedlegg 5: Godkjenning av høyringsuttale vedr. endring i "Forskrift for ansettelse og opprykk i undervisings- og forskerstillinger" høgskulestyret, møte 23. april 2015. 3) Status ang FoU-strategi (jf FU-møte 3/2015). Møte, arrangement med meir: Husk å legge inn større hendingar i kalenderen på nettsida («Komande hendingar»/«kva skjer»). http://www.hivolda.no/hivolda/heim/kalender/?&mmonth=2&myear=2015 27. mars: Disputas Silje Dahl, NTNU. 27.-29. april: Kurs i bruk av NVIVO ved Steinar Theie (UiO). 26. mai: HERA Travelling Texts seminar. Kontaktperson: Marie Nedregotten Sørbø. 18.-19. juni 2015: Fjordkonferansen 2015, Loen. Kontaktperson: Jørgen Amdam. 18.-22. september 2015: Forskingsdagane 2015. Vedlegg: Vedlegg 1: Framlegg til protokoll frå FU-møte 3/2015, 12. mars Vedlegg 2: Vedlegg: RESULTAT FRÅ DBH-RAPPORTERINGA 2014 (frå FoU-rådgivar Geir Tangen). Vedlegg 3: Liste over stipendiatsøknader og prosjekt (UOFF) Vedlegg 4: Møreforsking - strategiprosess 2014-2015 (UOFF) Vedlegg 5: Godkjenning av høyringsuttale vedr. endring i "Forskrift for ansettelse og opprykk i undervisings- og forskerstillinger" høgskulestyret, møte 23. april 2015.

6 Forskingsutvalet UTKAST: Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 3/2015. Tid: Tysdag 17. mars kl 12.15. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Eining Per Halse (leiar) Rektor Ketil Jarl Halse (nestleiar) ASH (dekan) Tor-Johan Ekeland (vara) ASH Arne Myklebust AHL (dekan) X Peder Haug AHL Anders Aschim (vara for Haug) AHL X Aud Folkestad AKF (dekan) X Karen Brænne AKF Kjetil L. Høydal (vara for Brænne) AKF X Sverre Liestøl AMF (dekan) Jan Ytrehorn (vara for Liestøl) AMF X Pål Aam AMF X Anne Randi Fagerlid Festøy Stipendiatane X Aleksandra Endresen Studenttinget Hallvard Kvamme Studenttinget (vara) X Serghei Levcenco Studenttinget X Sakshandsamar og skrivar: Johann Roppen FoU-rådgivar X Observatørar: Jacob Kjøde jr Direktør, HVO X Bente Gunn Lien Biblioteket, HVO X Geir Tangen FoU-konsulent, HVO X Finn Ove Båtevik Møreforsking Volda Elisabeth Maråk Støle Direktør, Møreforsking AS FU sak 09-2015 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste. Vedtak: Godkjent. FU sak 10-2015 Godkjenning av protokoll frå FU-møte 2/2015, 17. februar Vedtak: Godkjent

7 2 FU sak 11-2015 FoU-strategi prosess og prinsipp Vedlegg 2: HVOs FoU-strategi for 2012-2015, vedtatt 26. april 2012. Gjeldande strategiplan: Høgskulen i Voldas FoU-strategi for åra 2012-2015 vart vedteken av styret 26. april 2012. Prosessen fram mot endeleg FoU-strategi skjedde slik: 21. september 2011: Notat til avdelingane. Drøfting av innkomne svar i møte og seminar. Desember 2011: Handsaming i Forskingsutvalet. Høyringsnotat til avdelingane med svarfrist 1. mars. 23. mars endeleg handsaming i Forskingsutvalet. 26. april vedtak i styret. FoU-strategien for 2012-2015 har som overordna strategiske mål: «Kunnskap for framtida». I strategiplanen som sist vart vedteken av styret 29. oktober 2014 er dette endra til «Kompetanse for framtida». Prosess og framdriftsplan for ny strategi for FoU: Den førre strategiprosessen framstår som ryddig og inkluderande med avdelingane i ei nøkkelrolle. Avdelingsråda er truleg meir aktive i dag enn i 2011-2012 og bør kunne spele ei viktig rolle i ein ny strategiprosess. Strukturdebatten kan naturlegvis medføre heilt nye rammer for HVOs strategiarbeid, men det vil uansett vere nødvendig for HVO å gjere eit sjølvstendig arbeid med FoU-strategien. Minst like viktig er det at Høgskulen frå 1. august 2015 får nytt rektorat og to nye dekanar og ny FoU-leiar. Desse nye leiarane bør inkluderast i arbeidet med FoU-strategien og den nye strategiplanen bør endeleg vedtakast etter 1. august 2015. Saksbehandlar ber Forskingsutvalet vurdere om ei referansegruppe med eksterne representantar skal inkluderast i planarbeidet. Saksbehandlar ber Forskingsutvalet vurdere om arbeidet med ny FoU-strategi skal gjerast av FoUadministrasjonen eller ei arbeidsgruppe. Framlegg til tidsplan: 17. mars 2015: Drøfting av FoU-strategi i Forskingsutvalet. Vedtak om oppstart av strategiarbeid. Vurdering av ekstern referansegruppe.

8 3 21. april 2015: Notat blir lagt fram for Forskingsutvalet for drøfting. Vurdering av om ekstern referansegruppe skal hyrast. Notatet blir deretter sendt på høyring til avdelingane. Framlegg til høyringsfrist: 25. mai 2015. Ekstramøte i Forskingsutvalet tidleg i juni for å drøfte innkomne høyringssvar på notatet (Siste planlagde møte i Forskingsutvalet våren 2015 er 19. mai 2015.) Juni-juli: Handsaming av høyringssvar og innkomne merknader frå Forskingsutvalet. Endeleg framlegg til ny FoU-strategi frå FoU-administrasjonen. August/september: Allmøte om FoU-strategi på bakgrunn av framlegget til ny FoU-strategi. September/Oktober 2015: Endeleg vedtak i saka i Forskingsutvalet og høgskulestyret. November: Formidling av FoU-strategien internt og eksternt. Strategiske rammer for FoU-arbeidet: Styret har i strategiplanen peika ut tre «nasjonale satsingsområde» for Høgskulen i Volda: a) Yrkesretta medieutdanning. b) Nynorsk i utdanning, forsking og formidling. c) Fleksible vidareutdanningstilbod. Dette er ei konkretisering som ein ikkje finn i gjeldande FoU-strategi (2012-2015). Ein ny FoUstrategi må ta stilling til i kva grad FoU-strategien kan medverke til å styrke desse nasjonale satsingsområda og vil vere relevant for prioriteringar innanfor alle verkemiddel for FoU, som tildeling av stipendiatstillingar, FoU-stipend, Små driftsmidlar og strategiske midlar. Men også i tildeling av FoU-tid. Det vil også vere naturleg at FoU-strategien konkretiserer mål for dei nasjonale satsingsområda. Korleis skal ein vurdere om desse tre felta held på eller vidareutviklar statusen som nasjonale satsingsområde? Det er muleg det bør lagast særlege FoU-strategiar eller utviklingsplanar for desse tre områda for å konkretisere slike mål. Dette lukkast berre i mindre grad i førre planperiode. Det var høgst varierande i kva grad avdelingane konkretiserte strategiplanen ned til avdelingsnivået. Saksbehandlar må likevel problematisere og åtvare mot eit for sterkt fokus på berre desse tre nasjonale satsingsområda. Der er også andre område som står midt opp i viktige endringar og som blir reflektert i andre delar av strategiplanen og der FoU-strategiar kan vere viktige. Det gjeld i alle fall desse tre spørsmåla: d) Omlegging av lærarutdanning til master frå 2017 og forsterka kompetansekrav. e) Ph.d. i helse- og sosialfag med oppstart hausten 2015 med høge kompetansekrav i staben og betydelege rekrutteringsutfordringar. f) Vidareutvikling av etablerte masterutdanningar utanfor dei tre satsingsområda.

9 4 Rettigheitsbasert doktorgradsprosjekt skal ordninga halde fram? Ordninga med femårige ph.d.-stipend har fungert som ein individuell rett til fagleg tilsette som får opptak på ph.d.-studium. Denne retten er omtalt på våre nettsider og har vorte akseptert av alle aktuelle doktorgradsprogram som dokumentasjon på at finansiering av ph.d.-prosjektet er på plass. I tillegg til frikjøp av arbeidstid har dett også utløyst interne driftsmidlar til dei som går inn i femårige ph.d.-prosjekt. Skal vi halde fram med denne ordninga? Skal vi sette eit tak på kor mange som kan kome inn? Skal fellesnivået bidra med midlar og dermed gjere det endå meir attraktivt for fagmiljøa å drive kompetansebygging? Skal det tydeleggjerast at dekan uansett skal reelt godkjenne slike FoUprosjekt, og at dekan skal godkjenne søknad på førehand og dermed vurdere eit eventuelt prosjekt i høve til budsjett og strategiske prioriteringar? Timetal for 4-årige ph.d.-stipend I gjeldande strategiplan står det at HVO skal legge til rette for god gjennomføring av doktorgradsprosjekt. Ei rekkje tiltak har vorte innført retta mot stipendiatar: Utanlandsstipend, fadderordning, avhandlingsforum og stønad til språkvask. Det viktigaste tiltaket er kanskje likevel at undervisningsplikt for dei som går inn i fireårige stipend vert definert som 250 timar pr år. Det tilsvarer matematisk sett ikkje 25 prosent undervisning men kanskje nærare 15 prosent. Skal denne ordninga halde fram? Skal spørsmålet takast opp? Inntekter frå bidrags- og oppdragsaktivitet (BOA). Høgskulen i Volda er blant høgskulane med lågast andel eksterne inntekter og sender få søknader til Forskingsrådet og har også låg tilslagsprosent. Samtidig møter vi og alle andre høgskular store forventningar om eksterne inntekter både frå nasjonale og internasjonale kjelder særleg frå EU og Horisont2020. Korleis skal vi handtere dette? Skal vi alliere oss med andre høgskular? Skal vi tilsette folk som er spesialistar på å skrive søknader? Utvikle vidare ordninga med såkorn? Etablering og utvikling av forskargrupper Kva ansvar skal gruppene få? Kva ressursar og oppgåver? Kjønn i toppstillingar. Høgskulen i Volda har i planperioden vorte «versting» i klassen når det gjeld andel kvinner i toppstillingar (professor/dosent) blant statlege høgskular. Er dette eit problem? Kva bør gjerast? Korleis kan vi få det til?

10 5 Forskingsformidling Skal det satsast sterkare på forskingsformidling/forskingskommunikasjon? Skal HVO teikne medlemskap i Forskning.no og sette av større interne ressursar til formidling av den betydelege FoU-produksjonen vår? Vedtak: Forskingsadministrasjonen arbeider vidare med saka ut frå det som kom fram på møtet. Saka vert teken opp att på neste møte i Forskingsutvalet. FU sak 12-2015 Tildeling av Små driftsmidlar for 2015-2016 (UOFF). Saka er ikkje offentleg fordi ho handlar om planar for forskingsprosjekt. Etter det saksbehandlar kjenner til så er følgjande medlemmer/vara/observatørar i Forskingsutvalet ugilde (inhabile) i denne saka: Anders Aschim, Karen Brænne (har meldt avbod), Ivar John Erdal, Rolf Werenskjold, Jacob Kjøde jr. og Inger Marie Okkenhaug. Om andre av medlemmene eller vara er ugilde eller ønskjer å få vurdert gildskap så ber eg om å få melding om det på førehand. Bakgrunn for saka: Det har kome inn søknader på nærare 1,2 mill, alså tre gonger så mykje som det er løyving til. Dette er ein auke på over kr 200.000 samanlikna med i fjor Søknadene fordeler seg med 40 prosent av søkjarar og søknadsbeløp frå AHL. Dei tre andre avdelingane har ca 20 prosent kvar av samla søknadsbeløp. I 22 av dei 44 søknadene er det oppgitt kompetansebygging mot professor/dosent som eitt av måla med prosjekta. Kvinner står som søkjar på 19 av dei 44 søknadene, og står også for ca 40 prosent av søknadsbeløpet. Framlegg til kriterier for tildeling av midlar: Forskingsutvalet står svært fritt til å fordele midlane. Tidlegare har Små driftsmidlar i all hovudsak vorte tildelt etter «ostehøvel-prinsippet», der ingen søkjarar har fått alt dei har søkt om, men dei fleste har fått noko. Dette er naturlegvis ei ordning som er lite fagleg fundert og som på sikt kan undergrave heile ideen om at eit sentralt forskingsutval skal prioritere og tildele midlar etter konkurranse, i staden for at midlane vart neddelte til avdelingane.

11 6 Ved årets utlysing valde Forskingsutvalet å særleg oppmode forskingsgrupper om å søkje midlar. Fleire søknader har så kome frå grupper. HVO har førebels ikkje faste kriterier for kva som skal reknast som forskingsgrupper, men saksbehandlar har lagt til grunn at det bør vere fleire enn to HVO-tilsette for at ein kan snakke om ei forskingsgruppe. Saksbehandlar foreslår å prioritere forskingsgrupper ved å tildele dei ein stor del av løyvingane for 2015-2016. Vidare har saksbehandlar lagt til grunn andre kriterier for å prioritere søknadene: Det har vore eit visst etterslep i bruk av små driftsmidlar. Ein bør difor vere varsam med å dele ut midlar til mange prosjekt til ein søkjar eller ei forskargruppe. Søkjarar som både er med i ei forskingsgruppe og samtidig har sendt individuell søknad har difor vorte prioritert gjennom forskingsgruppa og ikkje gjennom individuell søknad. Somme søkjarar har sendt mange ulike søknader. Det har ikkje vorte lagt opp til at søkjarane skal prioritere mellom fleire innsende søknader. Saksbehandlar foreslår difor at samarbeidsprosjekt blir prioritert når det er fleire søknader frå ein søkjar. Søknader som i hovudsak handlar om utvikling av undervisningstilbod foreslår saksbehandlar å ikkje prioritere. Det har kome fleire søknader som saksbehandlar reknar som (kultur)formidlingsprosjekt. Saksbehandlar foreslår å prioritere eitt av prosjekta. Dette er eit fellesprosjekt mellom to avdelingar (AKF og AMF) der symfoniorkesteret har fått ei nøkkelrolle. Dette framstår som eit nytt og innovativt prosjekt på to område som er med på profilere høgskulen i Volda. Søkjarar som eventuelt er på etterskot med rapportering av tidlegare prosjekt vil ikkje få tilgang til nye midlar før det er levert rapport frå tidlegare år. Søknader som er innstilte med null i løyving bør får ei særskilt grunngjeving for kvifor dei ikkje har fått midlar. Alle andre søknader har fått redusert løyving i høve til omsøkt beløp noko som er i tråd med tidlegare praksis og har difor ikkje fått ei særleg grunngjeving. Vedtak: A) Driftsmidlar for 2015-2016 blir tildelt som i vedlegg 3 med dei endringar som kom fram i møtet. B) Forskingsutvalet oppmodar styret om å auke ramma for Små driftsmidlar både fordi ho har lege uendra i fleire år, men også fordi oppbygging av forskingsgrupper krev auka midlar. C) Prinsipp for tildeling av midlar skal leggjast fram for Forskingsutvalet før det vert lyst ut Små driftsmidlar for 2016-2017.

12 7 Orienteringssaker: 1) Status i SAKS-prosessen. Orientering ved rektor. 2) Protokoll frå møte i Ph.d.-utvalet, møte 2/2015. Sjå vedlegg 2. 3) Nytt regelverk for kompetansevurdering og opprykk. 4) EU rådgivar MR Fylke. Sjå vedlegg 5. 5) Status i planlegginga av Forskingsdagane (ved Geir Tangen). Sjå vedlegg 6. Møte, arrangement med meir: Husk å legge inn større hendingar i kalenderen på nettsida («Komande hendingar»/«kva skjer»). http://www.hivolda.no/hivolda/heim/kalender/?&mmonth=2&myear=2015 10.-11. mars: Solstrand-seminar (UH Nett Vest), Solstrand Os. 18.-19. mars: GLU-konferansen 2015, Stavanger. 24. mars: Kristne migrantar i Norden. Kontaktperson: Anders Aschim. 27. mars: Disputas Silje Dahl 9. april: 75-årsmarkering av starten på 2. verdskrigen. Kontaktperson: Arnfinn Kjelland. 26. mai: HERA Travelling Texts seminar. Kontaktperson: Marie Nedregotten Sørbø. 18.-19. juni 2015: Fjordkonferansen 2015, Loen. Kontaktperson: Jørgen Amdam. 18.-22. september 2015: Forskingsdagane 2015. Vedlegg: Vedlegg 1: Framlegg til protokoll frå FU-møte 2/2015, 17. februar Vedlegg 2: FoU-strategi for Høgskulen i Volda for 2012-2015. Vedlegg 3: Framlegg til tildeling av Små driftsmidlar for 2015-2016. Vedlegg 4: Protokoll frå møte i doktorgradsutvalet i helse- og sosialfag, møte 1/2015. Vedlegg 5: EU rådgivar MR Fylke. Saksframlegg og protokoll frå møte i Regional- og næringsutvalet for Møre og Romsdal, 3.3.2015. Vedlegg 6: Status i planlegginga av Forskingsdagane 2015 (ved Geir Tangen)

13 Tildeling av Små driftsmidlar 2015-2016 Vedtatt i møte i Forskingsutvalet, 17. mars 2015. Førenamn Etternamn Stilling Avd Prosjekt Tildeling Ivar John Erdal Førsteamanuensis AKF Faglege reiser, internasjonalt samarbeid 40 000 Birgitte Fondevik Førstelektor AHL Fagbok i norskdidaktikk 40 000 Rune Kvalsund Professor ASH Gruppe for livsløpsforsking 40 000 Wenche Torrissen Førsteamanuensis AKF Be Moved - Internasjonalt samarbeid, 40 000 samt datainnsamling Silje Ims Lied Høgskulelektor AHL Skirvekurs 30 000 Egil Arne Standal Høgskulelektor ASH Samarbeid om juridisk forsking 27 000 Anders Aschim Professor AHL Peasants, Teachers, Pastors: Migration, Masculinity and Social Mobility 21 000 Karen Brænne Førsteamanuensis AKF A-kandidaten - ein studie av "best 18 000 practice" i høgskulefaget Kunst og handverk Ketil Grøtting Høgskulelektor AKF Samarbeid symfoniorkester og 18 000 animasjonsfestival sept. 2015 Giuliano D'Amico Førsteamanuensis AHL Arbeidsseminar "Peripheral figures" 17 000 Erik Fooladi Førsteamanuensis AHL Professorkvalifisering 17 000 Gunnar Strøm Førsteamanuensis AMF Animation workshops - part, present and 15 000 future Merethe Drønnen-Schmidt Førsteamanuensis AHL Konferansedeltakelse/ faglig presentasjon 8 000 Gerd Sylvi Steinnes Førsteamanuensis AHL Fagbok om barnehagelærarar si 7 000 profesjonslæring Bente Mari Afset Amanuensis AHL Prosjektet er en empirisk kvalitativ 6 000 undersøkelse av bruken av religiøs estetikk i RLE-faget Paul Bjerke Førsteamanuensis AMF Nordic Think Tanks and the Media. 6 000 Gruppa arbeider med en fellesnordisk kartlegging av taneksmier og medieeksponeringen av dem. Idar Flo Høgskulelektor AMF Dr. grad. avhandling 6 000 Ralph Meier Førsteamanuensis AHL Prosjektet: Secular Norway - religious 6 000 USA. Antologi og bok om Den norske synode i forlengelsen av prosjektet (Ralph Meier) Inger Marie Okkenhaug Professor ASH To faglige artikler om religiøse, 6 000 skandinaviske aktørers arbeid i internasjonal bistand blant flyktninger etter første verdenskrig. Harald Endre Tafjord Førsteamanuensis ASH Nasrid Granada - eit islamsk rike i Europa 6 000 ca. 1232-1492. Bokprosjekt. Rolf Werenskjold Førsteamanuensis AMF Internasjonalt forskningssamarbeid 6 000 Turid Øvrebø Førstelektor AMF Presentasjon av paper og deltakelse i panel: Tittel på paper: The value of Male and Female voices in News Media" 6 000 Anne-Sofie Egset Førstelektor ASH Nettverksmøte 6 000 Gaute Hareide Høgskulelektor AMF Nordic Light Events 4 000 Tor Arne Haugen Førsteamanuensis AHL Forsking kring språkvitskapens 4 000 vitskapsteori I alt 400 000

14 Kontor for samfunnskontakt - FoU Til: Forskingsutvalet Frå: Kontor for samfunnskontakt v/fou-rådgivar Geir Tangen Dato: 16.04.2015 Emne: Resultat frå DBH-rapporteringa 2014 RESULTAT FRÅ DBH-RAPPORTERINGA 2014 Oversikt over HVO sin poengproduksjon i 2014 Frist for rapportering til DBH var 15. april 2015. HVO oppnådde i 2014 98,8 publikasjonspoeng. Oversikt over HVO sin poengproduksjon frå 2004-2014 Tabellen nedanfor syner utviklinga i poengproduksjonen ved HVO i perioden 2004-2014. År Vitskapleg poengproduksjon ved HVO 2014 98,8 2013 68,4 2012 90,2 2011 113,0 2010 78,9 2009 84,59 2008 87,83 2007 52,54 2006 45,95 2005 47,08 2004 45,1 Rapporteringstal for 2010-2014 fordelt på avdelingane ved HVO Avdeling 2010 2011 2012 2013 2014 AKF 1,4 3,8 5,3 4,2 2,0 ASH 28,9 37,3 23,2 24,4 35,9 AMF 9,6 19,9 20,1 1,7 16,6 AHL 36,7 52,1 41,5 37,1 35,1 FELLESADM - - - 1,0 9,2 Sum 78,9 113 90,2 68,4 98,8 Tabellen syner poengproduksjonen for perioden 2010-2014 fordelt på avdelingane ved HVO. Tala er henta frå http://www.nsd.uib.no/ Side 1 av 2

15 Tal på publikasjonar i 2014 fordelt på publiseringskategori Publiseringskategori 2010 2011 2012 2013 2014 Vit artiklar 32 59 30 47 41 Vit antologi artiklar 38 17 62 28 55 Vit monografiar 4 9 3 4 1 Totalt 74 85 95 79 97 Nivå 1 66 76 85 66 79 Nivå 2 8 9 10 13 18 Publisering på nivå 2 Publisering - Nivå 2 i prosent 2010 2011 2012 2013 2014 11,90 % 9,50 % 9,10 % 12,0 % 17,7 % Ressursar Ytterlegare informasjon og detaljar knytt til resultat for vitskapleg publisering finn de på: http://dbh.nsd.uib.no/pub Det vil bli gjort nærare greie for produksjonen og utviklinga av vitskaplege FoU-poeng ved HVO i Forskingsmeldinga 2015. Vedlegg: Oversyn over DBH-rapportering 2014 ved HVO. 2

Høgskulen i Volda Høgskulen i Volda - 8 stipendiatstillingar - st. nr. 6/2015 http://hivolda.easycruit.com/vacancy/1334525/42406 Side 1 av 2 10.04.2015 16 Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i fire avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. Til campusen høyrer også ei avdeling av Møreforsking og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland. Søknadsfrist: 15.04.2015 Arbeidsstad: Høgskulen i Volda Heimeside: http://www.hivolda.no Kontaktpersonar: Johann Roppen 8 stipendiatstillingar - st. nr. 6/2015 Det er ledig inntil 8 stillingar som ph.d.-stipendiat (doktorgradsstipendiat) ved Høgskulen i Volda. Ei stipendiatstilling er ei mellombels tilsetting på fulltid i tre år. Eventuelt kan tilsettingsperioden forlengast til fire år, der 25 prosent av stillinga blir knytt til undervisning eller andre faglege gjeremål ved Høgskulen i Volda. Arbeidsstad er Høgskulen i Volda. Søkjarar må ha fullført mastergrads-utdanning eller tilsvarande når dei søkjer på stillinga. Stipendiatane vert knytte til ei av dei fire avdelingane ved Høgskulen i Volda: Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning Avdeling for kulturfag Avdeling for mediefag Avdeling for samfunnsfag og historie Aktuelle søkjarar blir oppmoda om å sette seg inn i fagområda til avdelingane og å utvikle doktorgradsprosjekt som passar inn i faglege profil og forskingsinnretning. Ta kontakt med FoUrådgivar og/eller dekan på avdelinga som er mest aktuell for deg for å få meir informasjon. Du finn også informasjon om doktorgradsprosjekt og doktorgradsutdanning på Høgskulen i Voldas nettsider: www.hivolda.no/fou Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda til å søkje. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. NY SØKNADSFRIST: 15. april 2015 Vi ber om at søknaden blir levert elektronisk. Det er lenke til elektronisk søknad på www.hivolda.no/stilling. Der kan du blant anna legg inn informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar i søknaden. Etter at søknadsfristen er ute må du ettersende følgjande dokument innan ein månad: Prosjektomtale på maksimum 10 sider CV Rettkjende kopiar av vitnemål/attestar Kopi av vitskaplege arbeid (inkl. hovudfags-/mastergradsoppgåve) Alle dokumenta må leverast i tre komplette og sorterte eksemplar. Send dokumenta til: Personalkontoret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda. Merk konvolutten med stillingsnummer 6/2015. Dersom ikkje vedlegga vert ettersende, vert ikkje søknaden vurdert. Prosjektomtalen som skal sendast inn skal vere på maksimum 10 sider. Av den skal det kome fram kva ein ønskjer å forske på. Prosjektomtalen skal òg gjere greie for prosjektet sine teoretiske og metodiske utgangspunkt, kva slags empiri/materiale ein tek sikte på å nytte og innehalde eit utkast til tidsplan for arbeidet. I samsvar med offentleglova 25 kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer å reservere seg frå oppføring på offentlig søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga som e-post til personal@hivolda.no innan søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Dersom ein allereie har fått stadfesting av opptak i eit godkjent doktorgradsprogram, må dette også sendast inn. Søkjarane sine kvalifikasjonar og prosjektomtalar vert vurderte av eit sakkunnig utval. Fagleg erfaring eller forskingskompetanse utover mastergrad på det aktuelle fagfeltet vil bli vektlagt i vurderinga av søkjarane. Det vil også bli gjennomført intervju med aktuelle søkjarar. Tilsettinga blir endeleg avgjort av Høgskulen i Voldas tilsettingsråd for faglege tilsette.

Høgskulen i Volda Høgskulen i Volda - 8 stipendiatstillingar - st. nr. 6/2015 http://hivolda.easycruit.com/vacancy/1334525/42406 Side 2 av 2 10.04.2015 17 Dei som blir tilsette må søkje og bli tatt opp på eit godkjent nasjonalt eller internasjonalt doktorgradsprogram før dei kan ta til i stillingane. Høgskulen kan hjelpe til med utviklinga av søknad om opptak på doktorgradsprogram. Tiltreding er difor etter avtale. Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde startar i fellesskap eit doktorgradsprogram i helse- og sosialfag hausten 2015. Det er eit mål for høgskulen at fleire av våre eigne stipendiatar vert tatt opp på dette doktorgradsprogrammet. Stipendiatane vil også kunne delta i forskingsfellesskap gjennom forskarskular som Høgskulen i Volda deltek i: NAFOL (Nasjonal forskerskole for lærerutdanning), RVS (The Research School Religion, Values and Society), NATED (National Graduate School in Education) og Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies. Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse. Stipendiatstillingane er underlagt føresegnene i «Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat», fastsett av KD 31.2.2006, og ut over dette av dei lover, avtalar og reglement som til ei kvar tid gjeld. Stipendiatstillingane blir løna i statens lønsregulativ, l.pl. 17.515, stipendiat kode 1017, LR 20, ltr. 50, Alt 8. For spørsmål om fagmiljø kan du ta kontakt med FoU-rådgivar Johann Roppen på e-post: fou@hivolda.no. For spørsmål om tilsetjingsvilkår kan du kontakte personaldirektør Nina Garshol på e-post: personal@hivolda.no. Telefonnummer til høgskulen sitt sentralbord er 70 07 50 00.

27 32/15 Godkjenning av høyringsuttale vedr. endring i "Forskrift for ansettelse og opprykk i undervisings- og forskerstillinger" Arkivsak-dok. 15/00121-2 Arkivkode. 008 Sakshandsamar Nina Cathrin Garshol Saksgang Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret 23.04.2015 32/15 Framlegg til vedtak Framlegg til høyringsuttale vert godkjent av høgskulestyret. Bakgrunn Kunnskapsdepartementet har sendt på høyring eit utkast til endringar i «Forskrift for ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger». Frist for å kome med merknadar er 29. april 2015. Vurdering Nokre av dei foreslåtte endringane vil ikkje få konsekvensar for korleis HVO handterer tilsetjing og søknadar om opprykk, men eitt av endringsforslaga vil i stor grad påverke kva høve tilsette i undervising- og forskarstillingar får til å søkje kompetanseopprykk. Det vart diskutert i møte med tillitsvalgte korleis ein skulle sikre at dei tilsette fekk orientering om, og mulegheit til å uttale seg i saka. Det var semje om at det var viktig å formidle mulige konsekvensar. Fagleg leiargruppe handsama saka og laga eit utkast til høyringsuttale som vart sendt til alle tilsette. Utkastet forklarar konsekvensar og gir HVO sitt syn på dei foreslåtte endringane. Tilsette som ønskte å påverke høyringsuttalen hadde høve til det. Det kom ikkje inn merknadar som var kritiske til høyringsuttalen frå dei tilsette. Det kom nokre responsar som var sterkt støttande til leiinga sitt utkast. Vedlegg Framlegg til høyringsuttale Høyringsbrev frå Kunnskapsdepartementet Utkast til endringar i forskrift Vedlegg til sak Utkast høyringsuttale HVO.docx 8

28 Utkast til høyringssvar, frist 29.4.15 Høyring om endringar i forskrift om tilsetting og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar Departementet sendte 19.1.15 ut eit høyringsbrev og eit utkast til ny forskrift. Høgskulen i Volda har handsama framlegget om endringar i leiarmøte og i styret, og har fylgjande innspel, framlagt i same rekkefølge som avsnitta i brevet. 1. Innleiinga Framlegget til endring er grunngjeve med trongen for meir differensiert kompetanse ved institusjonane. Det blir sett som eit problem at dagens ordning gir den einskilde fagtilsette kompetanse etter generelle kriterier som er felles for heile landet, slik at kompetanse oppnådd ved ein institusjon også vil gjelde i tilsvarande stilling ved ein annan institusjon. Høgskulen i Volda ser tvert i mot på dette som ein styrke for institusjonane, som slik har høve til å bygge opp det formelle kompetansenivået slik at det samsvarar best mogleg med det reelle kompetansenivået til den einskilde. Det at Noreg har større del personar på toppnivå enn fleire andre land er ikkje eit problem for institusjonen eller landet. Det kan tvert om gjere oss attraktive for utanlandsk kompetanse på felt der vi treng det. Det er også eit meir rettferdig system enn i land der formell toppkompetanse ligg i eit avgrensa tal stillingar på kvar institusjon. HVO har ikkje sett det som ein veikskap at vi ikkje har institusjons-spesifikke, generelle kriterier for opprykk og tilsetting. Vi har heller ikkje sett at det har vore store skilnader i kompetansekrav ved tilsetting kontra opprykk. I våre fag ser det ut til å vere samsvar mellom krava ved desse to vegane til kompetanseheving. For oss verkar det også paradoksalt at ein prøver å bøte på tilsynelatande store ulikskapar i kompetansekrav mellom institusjonane ved å legge opp til meir, ikkje mindre, differensiering. Her verkar det ikkje å vere samsvar mellom diagnose og medisin. Høgskulen i Volda er ueinige i både diagnosen og behandlinga. HVO ser det ikkje som eit problem at ein del av søkarane til utlyste stillingar ikkje er reelle, men i staden opprykkssøknader. Vi ser det slik at alle institusjonane tener på dette, ved lettare tilgang til kompetanse, og det er kvar sin gong til å bere kostnadane. HVO er einige i at institusjonane sjølve skal ha ansvaret for opprykksprosessen. 2. Framlegget til endringar At opprykkssøknader blir sendt eigen institusjon er det vi praktiserer i dag også. Men det nye i framlegget er at kompetansen ein oppnår ved ein institusjon ikkje utan vidare vil gjelde ved ein annan. Sjølv om departementet foreslår at den einskilde institusjon sjølv kan bestemme å ta omsyn til sakkunnige uttaler frå andre institusjonar, meiner vi dette er for svakt. Det betyr meir omstendelege prosessar, med nye vurderingar av tilsette som alt har oppnådd kompetanse i faget.

29 Det er ein mykje meir utrygg situasjon for dei fagleg tilsette, og totalt meir kostnadskrevjande for heile sektoren. HVO ser det ikkje som problematisk at våre fagtilsette får tilkjent kompetanse ved søknad på stilling ved andre tilsvarande institusjonar, tvert om brukar vi dette som eit middel til kompetanseheving. Vi stiller også spørsmål ved at ein fjernar opninga for at dei med utanlandsk professorkompetanse ikkje nødvendigvis treng full ny vurdering ( 2.2.(7)). Sett på spissen vil ein professor frå Oxford då måtte søke full ny kompetansevurdering ved tilsetting i Noreg, og det gir lite meining. Etter noverande ordning skal ein fagkommisjon avgjere om ny vurdering trengs. Vi er einige i at leiar av fagkommisjonen ikkje skal vere frå eigen institusjon ( 2.2, (8/10)). Når det gjeld opprykk til førstekompetanse ( 2.4) er vi einige i at berre høgskulens eigne fast tilsette (eller tilsette på åremål) i minst halv stilling skal kunne søke opprykk. Derimot vil det vere meir problematisk om det ikkje lenger blir mogleg å søke overgang mellom karrierevegane. Vi har førsteamanuensar med doktorgrad som blir tilkjend dosentkompetanse som siste opprykk i karrieren, eller nokre år før dei får full professorkompetanse. Desse dosentane er også verdfull kompetanse for oss. Vi har andre eksempel på at førstelektorar tar doktorgrad og blir førsteamanuensar før dei eventuelt går vidare på stigen. For HVO er det ikkje snakk om tette skott mellom heilt ulike kompetansar, men heller ulik vektlegging av utviklingsarbeid og forsking i ulike fasar i livsløpet. Vår fagstab er heller ikkje klart todelt, der dei som driv praksisnært utviklingsarbeid er i ein annan kategori enn dei som driv forsking. Det er mellom anna viktig for oss at forskarane også driv undervisning. Eit fleksibelt system er difor nyttigare enn eit rigid system som kan hindre naturleg kompetanseutvikling. Ved å fjerne det gamle 2.4 (5) er det ikkje lenger sjølvsagt at ein blir førsteamanuensis ved avlagt doktorgrad, fordi institusjonane skal kunne stille tilleggskrav (punkt (8)). Dette er ei innstramming av krava til førstekompetanse som gjer situasjonen meir utrygg for dei fagtilsette. HVO ynskjer heller å bygge opp talet førstekompetente ved å legge til rette for å ta doktorgrad, og ser ikkje at innstramming er eit godt verkemiddel. Oppsummering Høgskulen i Volda er einige i at føresetnaden for høg kvalitet i høgare utdanning og forsking er at det faglige personalet har høy kompetanse (innleiinga). Dagens ordning der ein kan ta med seg kompetanse mellom institusjonane er ein hjelp til å oppnå dette, og vi vil sterkt rå til at denne ordninga ikkje blir fjerna. (underskrifter)