Mandatory Assignment 03 Door to Door Organics



Like dokumenter
Mandatory Assignment 07 Rapport

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Samansette tekster og Sjanger og stil

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

«Ny Giv» med gjetarhund

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice

MANDATORY ASSIGNMENT 5 PRODUCT WEBSITE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Frå dikt til teikneserie

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

Lærarrettleiing 1. Kornartane

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Den nye seksjon for applikasjonar

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Finansiering av søknaden

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Lotteri- og stiftingstilsynet

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Brukarrettleiing E-post lesar

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Valdres vidaregåande skule

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Bustadområde i sentrum. Vurdering

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Brukarrettleiing. epolitiker

Velkomen til Mork barnehage

Nettbedrift nye funksjonar frå februar 2016

Kva er økologisk matproduksjon?

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brukarmanual.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

egevinst Bakgrunn: Dei har kalla tilnærminga egevinst

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Eksamen MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Teknikk og konsentrasjon viktigast

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Sporing og merking. Merking

5. Soknerådsmøte mai Referat

Endringslogg. Fleire måtar å importere løparar på, direkte import frå Excel fil. Endring på seedingtrekning.

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Til deg som bur i fosterheim år

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Transkript:

Mandatory Assignment 03 Door to Door Organics Malin Ersland Bjørgen, GRA2 Noroff

BRAND MANUAL

KVEN ER ME? Door-to-Door Organics er ein leverandør av økologisk mat. Me tilretteleggjer pakkar med økologiske frukter, grønnsaker og andre varer frå lokale bønder, ferdig levert på døra di ein eller fleire gonger i veka. Du legg berre inn ei bestilling, seier kva du vil ha, og me ordner resten. Våre kundar er opptekne av økologi, miljø og lokale varer, difor ynskjer me å levere eit produkt som kan imøtekomme desse krava. Me har difor sikra oss gode avtalar med lokale bønder slik at du alltid får kortreist og kvalitetssjekka varer. Alle våre pakkar vert levert av miljøvennlig transport, og innpakningane er av resirkulert kartong. På den måten er Door-to-Door Organics det miljøvennlige alternativt frå A til Å. SIDE 2

INNHALDSLISTE: Kven er me? s. 2 Logo s. 4 Fargar s. 5 Typografi s. 6 Bildekor s. 7 Innpakning s. 9 SIDE 3

LOGO: Vår logo er ein sirkel med firmanavn i midten og dekorasjonar rundt. Dekorasjonane symboliserer økologi i form av gardsbruken, og byen i form av blokkene. Den skal vise veien frå gard til by - det sunne alternativet. Logoen skal alltid nyttast i full farge, og berre med det fargeoppsettet som er vist i logoen. Fargekodar er å finne på neste side. Logoen skal ideelt sett nyttast på kvit eller lys bakgrunn. SIDE 4

FARGAR: Alt materiale publisert av Door-to-Door Organics skal nytte fargane som under. Fargane er oppgitt med HEX-kodar. SIDE 5

TYPOGRAFI: Door-to-Door Organics nytter to skrifttypar i sine publikasjonar, og avvik frå dette skal ikkje forekomme. Til alle overskrifter, brødtekstar osv. både på papir og internett skal det nyttast Cambria Regular. Det skal nyttast skriftstr. 18 på overskrifter og skriftstr. 13 på brødtekst. Dette gjeld ikkje brev og nettpublikasjonar. Det skal nyttast svart skrift såframt det ikkje er mørk eller kvit bakgrunn. Sjå Fargar for meir informasjon. I logoen vert det nytte Balochisaurus Regular. Denne skal berre nyttast i logo, eller som plakattekst, t.d. framsida på denne manualen. I så høve skal skriftstr. tilpassast etter behov. Cambria Regular er inkludert i Windows 7 og oppover, samt Mac OS X. Balochisaurus Regular kan lastast ned frå 1001fonts. SIDE 6

BILDEKOR: Alle varebilar, truckar eller andre kjøretøy som leverer for eller representerer Door-to-Door Organics skal vere merka med firmaets bildekor. Det er to ulike variantar av denne bildekoren - ein for mindre kjøretøy og ein for større. Desse er illustrert på neste side. Forutan sidedekoren skal alle firmaets kjøretøy ha synlig logo både på baksida og framsida (panseret) på bilen. Under ser ein mockup på korleis denne utforminga skal sjå ut på ein mindre varebil, sett bakifrå (Alternativ 1 på neste side). SIDE 7

SIDE 8

INNPAKNING: Door-to-Door Organics nytter eit standardisert innpakning av resirkulert pappkartong. Det skal ikkje nyttast andre typar innpakning utan løyve. Under ser ein døme på slik innpakning, samt ein mal for printing av eksempelesker. Desse eksempela er berre for demonstrasjon og ikkje rekna for levering av varer. SIDE 9

Door-to-Door Organics, Avd. Kvinnherad 2016

Rapport - Mandatory 03 Door to Door Organics Malin Ersland Bjørgen, GRA2 Noroff, 06. januar 2016 Innleiing Denne oppgåva var ei som eg ved første gjennomlesning synest var veldig interessant. Tanken på å kombinere eit eksisterande konsept og firma med lokale kriterier virka svært spennande, og som ein god måte for meg å øve meg på å drive research. Tolking av oppgåva Oppgåva virka for min del relativt grei. Eg tolka det som at oppgåva i stor grad er todelt: ein del vektlagd på research og ein del vektlagd på design, men med dei to svært tett knytta til kverandre. Den første delen skal syne grundig arbeid i problemløysing knytt til produktet og mitt lokalmiljø, medan den andre delen handla meir om typisk designarbeid, men med mine funn som grunnmur framfor ein forhåndsdefinert standard. Eg valde difor å dele arbeidet slik at eg fokuserte på research før juleferien, for deretter å nytte romjula og dei første vekene i januar til å arbeide med designet. Det å arbeide i romjula/ferien slik eg valde gjorde dessuten at eg fekk betre tid til å vitje butikkar og drive meir research, sidan det var mykje meir handel og kundar i denne perioden. Research Client / klienten og produktet: Door-to-Door Organics er ein matleverandør basert i Livonia, Michigan, USA. Hovudproduktet deira er levering av økologisk frukt og grønnsaker direkte på dørstokken ein eller fleire gonger i veka. Forutan dei standardiserte pakkane med berre frukt, grønt eller ei blanding av dei to, kan kundane òg velje å leggje inn ekstra varer i si bestilling, t.d. kjøtt, fisk, melk, egg, bakervarer eller andre produkt framstilt av økologiske varer (t.d. pålegg, salsa og sausar osv.). Desse pakkane kjem og i ulike storleikar alt etter kor mange personar du vil servere. Competition / konkurrentar: For å identifisere konkurransen starta eg med å leite fram informasjon om liknande tenester på internett, før eg såg vidare på lokale alternativ. Ut i frå det eg fann ut så er det lite konkurranse på nasjonalt plan. Ein har ulike leverandørar, som t.d. Adams Matkasse eller Godt Levert, som leverer mat på døra, men desse er meir menyretta og ikkje opptatt av økologi. Medan desse to er meir «måltidsleverandørar» kor du får oppskrifter og oppmålte ingrediensar levert, er Door to Door Organics eit selskap som leverer eit assortement av varer uavhengig av meny og som kan tilpassast av kunden. Eit anna problem var at ingen av dei to ovanfornemnde leverer i Kvinnherad, og av dei andre alternativa eg fann på nett var det heller ingen som leverte i Kvinnherad, mange av dei ikkje ein gong på vestlandet. På lokalt plan er det heller ikkje særleg konkurranse, den einaste reelle konkurrenten er lokale bønder og produsentar i seg sjølve. Det er i Kvinnherad mange bønder som sel egg, frukt og grønnsaker sjølve, ofte svart, samt at mange her i området har eigne drivhus og dyrker sjølve. Det er

òg mange bakeri og leverandørar av kjøtprodukt i området, noko som gjer at ein i teorien kan framskaffe dei fleste produkta frå ein matkasse lokalt, sjølv om det vil krevje mykje reising rundt i kommunen, samt at ein truleg vil ha avgrensa utval og høg pris. Drivers / drivkrefter: Ei sentral drivkraft er etterspurnaden etter økologiske og sunne alternativer. I dag er det ingen reine leverandørar i Kvinnherad, men daglegvarebutikkane har eit visst utval. Ein kjapp tur på dei ulike butikkane viste derimot at det var både svært dyrt og ofte dårlig kvalitet, særlig grønnsakene. I tillegg var utvalet labert og avgrensa. Ein anna drivkraft er at Kvinnherad har mange gardsbruk og lokale produsentar som gjer det enkelt å få kortreiste varer, noko som kan vere eit godt salsargument. Fleire eg har snakka med fortel at spesialvarer generelt sel dårlig, noko eg kjem inn på neste punkt, men at det er eit visst unntak for lokale varer, då mange ynskjer å støtte lokale leverandørar. Om ein kan få tydeleg integrert i marknadsføringa at det er lokale varer som vert levert så bør det vere eit godt trekkplaster her i kommunen. Barriers / utfordringar: Ei utfordring eg ser, i alle fall lokalt, er at det tradisjonelt har vore motvilje her i kommunen for spesialvarer og produkt som blir oppfatta som eksklusive. Dette er noko fleire eg har snakka med har stadfesta ofte går spesialbutikkar her i området konkurs eller vert nedlagt etter kort tid, då det rett og slett ikkje er marknad for det. Ei anna utfordring er det at mange vil stille seg skeptisk til ein slik matkasse dersom prisen er høg. I Kvinnherad er det mange lavprisbutikkar, og nyleg hadde ei lokal avis ein test som viste at fleire av dei var mykje rimelegare enn pakkeprisar (dette var samanlikna då ein av dei tidl. nevnte leverandørane hadde starta levering i nabokommunen).

Målgruppe og kundeprofil For å identifisere kundegruppa brukte eg først internett til å gjere litt research rundt økologiske varer og kven som kjøper dei, blant anna ved å sjå på Facebook-grupper om økologisk mat. I tillegg snakka eg med to av dei lokale matbutikkane for å høyre kva dei evt. kunne fortelje om sal av økologiske varer på lokalt plan. Først prøvde eg å identiifisere nokre gjengåande faktorar hjå kundane basert på det eg fann: Flest unge, i alderen 25-35, og fleirtalet av desse er kvinner. Dei er miljøbevisste, ofte politisk engasjert, og er opptatt av dyrevelferd. Mange av dei er studentar eller estetisk utdanna (kunst, kultur, oppdragelse osv.) og er opptatt av alternative livsstilar. Mange av dei bruker sykkel, elbil/hybrid, eller kollektiv. Einslige menn er i mindretal, men unge par er vanlege. Ut i frå dette fann eg ut at den typiske kunden for økologiske varer, både nasjonalt og lokalt var særleg to typar: 1) Einslege kvinner, 20-30 åra, miljøinteresserte, bruker sykkel eller kollektivtransport, ofte einemødre. Studentar eller estetisk utdanna, gjerne lærar i barnehage eller barneskule. Vegetarianarar eller veganarar, mest opptatt av frukt og grønt. 2) Unge par, 20-30 åra, miljøinteresserte, kjører el-bil eller hybrid. Studentar eller estetisk utdanna, gjerne lærar i barnehage eller barneskule. Vegetarianarar eller veganarar, mest opptatt av frukt og grønt. Dette gir ei ganske snever kundegruppe, så eit vidare mål måtte bli å utvide dette til å få andre interessert, ikkje berre unge vegetarianarar, sidan folketalet her er lavt. Strategi og idéutvikling Etter å ha sett på dei drivkrefter og utfordringar som var, valde eg å definere ein av hovudstategiane som følgande: Å gjere eit økologisk produkt meir folkeleg og mindre eksklusivt. Økologiske varer blir ofte sett på som «snobbete» på bygda, og ein bør assosiere det meir med natur og mindre med status. Kvinnherad har lang tradisjon av å nytte noko komiske og «teikneserieaktige» logoar og grafikkar på alt i frå festivalar til skilt, t.d. det velkjende ku-skiltet i Omvikdalen, og difor ynskja eg å vidareføre ein slik stil for å vekkje tillit ved å spele på ting lokalbefolkinga allereie kjenner til. Ut i frå det eg har funne ut i researcharbeidet mitt har eg etablert ein grunnide for kva som skal gjerast. Produktet «Door to Door Organics» skal lanserast i Kvinnherad som ein økologisk konkurrent til Adams Matkasse osv. Produktet skal vere kjenneteikna av at det nytter råvarer frå lokale bønder og skal marknadsførast gjennom ein teikneserie/comic-stil i tråd med det som har vorte standard for Kvinnherad. For å appellere til hovudmålgruppa, vegetarianarar og miljøbevisste, skal dette leverast i miljøvennlige innpakningar med miljøvennleg transport (elektrisk og/eller hybrid varebil) Designa som skal nyttast skal difor vere enkle og miljøretta logoen skal vere enkel, lett igjenkjenneleg, og vidareføre den ovanfornemde stilen, innpakninga skal vere av resirkulert papir

med enkle etikettar og informasjonsblokker, og bilane skal ha enkle dekorasjonar som tar utgangspunkt i designet på logoen. Brand manual skal vidareføre desse tinga, igjen i resirkulert papir. Med desse ideane i bakhovudet starta eg med å skissere opp idear til logo og design. Design og arbeidsprosess Kreativ metode og inspirasjon Eg starta som tidlegare nemnt med skissering i romjula, etter at eg var ferdig med researcharbeidet. For å få inspirasjon brukte eg tid på butikkar og internett i forkant, kor eg såg på ulike design frå forskjellige leverandørar av økologisk mat. Eg kikka òg på nettstadene både til klient og fleire av konkurrentane, for å sjå korleis dei hadde løyst det. Eg ville som nevnt ovanfor bruke ein teikneseriestil liknande den som er blitt vanlig/populær i kommunen og nesten ein slags lokal standard, for å vekkje tillitt og interesse hjå kundane. Eg laga meg til slutt eit moodboard av seks inspirasjonskjelder, forutan alle dei eg hadde sett på rundt på butikkane, som eg ikkje alltid hugsa å ta bilete av. Desse hadde eg liggande i bakgrunnen når eg arbeida med skissene mine. Etter å ha brukt to dagar på skissering av logo og tenking så enda eg opp med eit lite utval av kandidatar, kor eg til slutt valde min favoritt til å arbeide vidare med. Moodboard Eg laga som sagt eit enkelt moodboard av seks inspirasjonskjelder, som eg har inkludert under. Kjelde for dei ulike bildene er i kjeldelista bakerst.

Skisser Alle skissene mine er scanna og inkludert bakerst i rapporten. Logo Designval utforming I tråd med dei krava eg hadde definert for meg sjølve tidlegare ville eg ha ein enkel utforming på logoen og designa generelt. Eg starta difor med basisformen sirkel i sentrum, og dekorerte rundt denne. Eg valde å nytte ein av skissene mine som utgangspunkt, scanna denne inn og konverterte til vektorgrafikk i Illustrator. Deretter arbeida eg vidare med Photoshop og teiknebrett. Designval fargebruk Eg ynskja å nytte jordfargar i mitt design, for å gjenspegle økologien, noko eg observerte at dei fleste økologiske innpakningane nytta, mest av alt brun/lys brun og grøntonar. Dette tok eg med meg inn i Adobe Kuler, kor eg prøvde meg fram ein del før eg enda opp med eit fargespekter eg var nøgd med. Eg nytta då triad-funksjonen. Under har tatt med skjermdump av kuleren eg valde, eg gløymde diverre å ta bilete undervegs når eg prøvde ulike ting. Designval typografi Til namnet inne i logoen ynskja eg å nytte ein skrifttype som ville skilje seg ut på ein god måte, men utan at han vart for spesiell eller vanskeleg å lese. Eg valde å sjå på ulike outlined fonts på 1001fonts.com, ei gratisside eg ofte nytter, og fann ein font eg lika godt: «Balochisaurus Regular». Det var ikkje så mykje tekst involvert i designet, kun i brand manual, og her valde eg å nytte «Cambria Regular», ein typisk font som ikkje stikk for mykje ut og tar fokus, men som heller glir lett inn i designet i tillegg til å vere lettleselig. Dette kjem eg inn på om litt. Innpakning Designval utforming Eg såg på mange ulike design i researchfasen, og ynskja å lage noko som var lett igjenkjenneleg men samstundes litt ulikt det alle andre nytta. Eg valde difor å gå for eit enkelt design med eske av resirkulert papir, denne farga i ein lett brunfarge, og med eit påtrykt gåveband rundt i dei same fargane eg hadde nytta i logoen. På toppen, kor eska opner seg, valde eg å plassere logoen. Sidan firmaet leverer fleire ulike esker som vert tilpassa inviduelt så valde eg å ikkje ha med noko informasjonsruter eller stader kor ein kan trykke innhald. Dette gjorde og designet noko meir stilreint. Designval fargebruk Fargebruken er svært enkel eg nytta mosegrønn og grønsvart frå kuler som tidl. oppgitt til bandet, medan eska har naturleg farge av den typen resirkulert kartong har. Logoen har eg allereie tatt for meg i førre kapittel. Designval typografi Det var ikkje noko ekstraordinær bruk av typografi utanfor logo på innpakninga.

Etter at eg hadde laga ferdig innpakninga valde eg å printe ein prototype i liten størrelse:

Grafikk til bil Designval utforming Når eg skulle lage grafikken eller «wraparound» til bil så hadde eg fleire idear. Eg ynskja først og fremst å vidareføre logoen, men samstundes utan å kopiere han direkte. Logoen skulle nemlig vere ein del av heilskapen, og då måtte resten vere Designval fargebruk Fargebruken var ei vidareføring av dei fargane som var nytta i logo og innpakning, men med fargane teke meir i bruk. Eg valde blant anna å bruke farga ellipsar som bakgrunn på hovudgrafikken som skulle nyttast på sidene av bilen. Eg hadde som sagt tenkt at ein skulle nytte elbilar eller hybridvarebilar, og valde difor å nytte ein Citroen Berlingo som utgangspunkt, då denne vert levert i slike utgåver og vil vere aktuell som varebil. Fleire lokale firma her nytter nettopp denne. Designval typografi Som med innpakninga var det ingen skrift utanfor logo. Hadde eg hatt ein dag ekstra hadde truleg satt inn vevside eller liknande. Dette kjem eg nok tilbake til i portfolio. Etter at eg hadde laga til dette laga eg ein kjapp mockup med bilete frå ein Citroenforhandlar:

Brand manual Brand manualen var den siste delen av oppgåva eg arbeida med, og òg den eg bruka minst tid på, sidan eg ikkje hadde så mykje materiell som skulle inn i han. Hadde det vore ein meir omfattande brand manual med meir arbeid hadde sjølvsagt meir arbeid blitt lagt i han. Eg starta med å lage eit enkelt oppsett for designet, som skulle reflektere dei designa eg nytta til bilen, logoen og innpakninga. Eg valde å nytte enkle skrifttypar som likna dei eg hadde nytta i logoen, samt det same fargeoppsettet som eg hadde laga til logoen. Eg valde, som nevnt tidlegare, å nytte Cambria Regular til brødtekst og overskrifter slik at skrifta ikkje skulle ta fokus og samstundes vere lettlest. Til slutt satte eg inn logo med informasjon, bildesign med informasjon og innpakning med informasjon. Oppsummering og eigenvurdering

Korleis gjekk det? Sjølve oppgåva syntes eg var veldig grei. Skisser og research på denne oppgåva var veldig kjekk å jobbe med og eg fant mykje inspirasjon bare ved å sjå på nettsida deira. Eg følte eg kom greitt i gang med oppgåva, men eg gløymer litt for ofte at eg har «problem» med Adobe-programma og ting tar generelt lang tid når eg skal bruke dei. Eg er ikkje nøgd med Brand manualen, då eg ikkje fekk nok tid til å gjere den ferdig. Dette er min egen feil då eg ikkje la inn kor mykje tid eg trengte på dei forskjellige oppgåvene undervegs. Når eg kom i sluttspurten valde eg difor å prioritere dei andre tinga sidan denne oppgåva kan reviderast før Portfolio, slik at eg kan utbetre manualen då. Dette tidspresset gjorde og at rapporten, som eg har jobba med undervegs, kanskje fekk for lite fokus dei siste dagane. Eg kan difor ha gløymt ting, og vil som sagt utbetre dette i portfolio. Eg er veldig glad i oppgåver som denne der eg får være kreativ, men ser veldig kritisk på mitt eige arbeid og føler eg ikkje gjer ein god nok jobb. Dette skaper ofte problem når eg held på med skisser i starten av oppgåvene då eg aldri blir fornøyd. Kva har eg lært? Medan eg dei to foregåande oppgåvene har hatt god tid merka eg denne gongen at eg planla feil. Eg rekna med at researchdelen kom til å ta lengst tid, men blei overraska når designbiten, særleg brand manual, tok så lang tid som det gjorde. Om eg skal påpeike to hovudting eg har lært er det at eg må øve meg meir med InDesign, og at eg må planleggje betre for uforutsette forseinkingar. På ei positiv note føler eg samstundes at eg har lært masse om research og kundeprofil, noko som vil vere svært nyttig i framtida. Kjeldeliste:

Pensumlitteratur nytta i arbeidet: Ambrose, G., & Harris, P. (2011). The fundamentals of typography. Lausanne: AVA Academia. Dabner, D., Stewart, S., & Zempol, E. (2014). Graphic design school: A Foundation Course for Graphic Designers working in Print, Moving Image and Digital Media. London: Thames and Hudson. Lerdahl, E., & Finne, P. (2007). Slagkraft: håndbok i idéutvikling. Oslo: Gyldendal akademisk. Lupton, E. (2011). Graphic design thinking: beyond brainstorming. New York, New York: Princeton Architectural Press. Eksempelbilete til bilgrafikk: http://www.vanarama.co.uk/van-reviews/citroen-berlingo-review.html Font til logo: http://www.1001fonts.com/balochisaurus-font.html Moodboard: http://www.tu.no/migration_catalog/2011/04/11/okologisk-mat-6-tt- 1104110931.jpg/alternates/h1080/%C3%B8kologisk%20mat%206%20tt%201104110931.jpg https://om.coop.dk/ansvarlighedsrapport2011/miljoe/h_pictures/oko-topscorer.jpg http://g.api.no/obscura/api/dynamic/r1/ece5/ta_2048_1365_0_0- tr_680_3399_s_t/20160106122014/kvin/2016/1/6/12/kua1%2b060116.jpg?chk=748b67 http://uskedalen.no/image/pageimage/big/2013_tor_inge/festidalenkunst.jpg https://s-media-cacheak0.pinimg.com/736x/38/f1/cf/38f1cf28848a80284fb02c3b48abc480.jpg http://www.matmerk.no/cms/images/1602/824/824/okologisk-melk-rorosmeieriet-nykartong-emballasje-matmerk.jpg

Skisser: