Jordbruksforhandlingane 2012 - Fråsegn frå Sogn og Fjordane



Like dokumenter
Sogn og Fjordane Bondelag

Til deg som bur i fosterheim år

Lønnsundersøkinga for 2014

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Lesja kommune Forvaltning og utvikling

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Styremøte i Sogn og Fjordane Sau og geit april på Quality Hotell Sogndal

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

DB

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

MATPRODUKSJON OVER HEILE LANDET? Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Korleis ta vare på landbruket og utviklinga av næringa gjennom fylkesplanarbeidet?

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

beste helsing Jon Tvilde // USF Verftet kulturhussjef /

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Forskrift om tilskot til avløysing

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Vedlegg: 1. Brev frå Landbruks- og matdepartementet. Invitasjon til innspel til jordbruksforhandlingane 2015

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Fråsegn frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til jordbrukspolitikken

Samling for regionale styremedlemmar i Innovasjon Norge. Nils T. Bjørke 3. April 2014

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Kva er økologisk matproduksjon?

HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT

Finansiering av søknaden

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Stemnehandboka for NKSF

ehandel og lokalt næringsliv

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Fra Forskrift til Opplæringslova:

mmm...med SMAK på timeplanen

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Brukarrettleiing E-post lesar

Forskrift om bustøtte

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Status og utviklingstrekk driftsøkonomi i Hordaland

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Havbruk. Bygg. Industri. Landbruk. Turid Lande Solheim, Marine Harvest. Svein Bjarte Veastad og Frank Søllesvik, Kvinnherad Bygg

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Referat. Frode Alfarnes, Evald Storaas og Romar Skeie Olsen.

Stressar bonden slik at det går på tryggleiken laus?

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Frå Fylkesårsmøte i Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Til Samferdsledepartementet v/statsråden Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Brukarrettleiing. epolitiker

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL GARANTI - SØFTELAND TURN & IL. 310

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Transkript:

Sogn og Fjordane Bondelag Utarbeidet av Merete Støfring Til Arild Bustnes, Næringspolitisk Fråsegn Kopi til Jordbruksforhandlingane 2012 - Fråsegn frå Sogn og Fjordane Det nærmar seg jordbruksforhandlingar. Dette året med ei snart vedteken Stortingsmelding om landbruks- og matpolitikken som ballast. Debattane om dei ulike verkemidlane i landbrukspolitikken har vore mange siste året, og vi registrerer at det vert stilt spørsmål ved viktige element i grunnlagsmaterialet for forhandlingane. Seinast korleis ein reknar ut arbeidsvederlaget i landbruket. Vi får mange tilbakemeldingar frå medlemer i Norges Bondelag ikkje kjenner seg att i dei tala som vert presentert for inntektsveksten i landbruket sidan 2005. Dette har sin bakgrunn i at mange medlemer ikkje har areal, arbeidskraft og eigenkapital som gjer det mogleg å stadig auke produksjonen sin for å kunne auke inntekta. Resultatet vert at plansjen til statsråd Lars Peder Brekk som syner at verderlaget har gått til himmels med dagens regjering, ikkje samsvarar med kartet og kvardagen til mange av medlemene i fylket vårt. Dette er ei utfordring for organisasjonen Norges Bondelag i førekant av forhandlingane og for næringa samla. Distriktslandbruket treng eit løft Det vil også vere ei svært stor utfordring for Norges Bondelag, om ein med bakgrunn i orda i landbruksmeldinga ikkje greier å løfte økonomien i distriktsjordbruket dette året. Meldinga er svært tydeleg på dette punktet, og det forventar medlemene i vårt fylke at også Norges Bondelag er. Distriktslandbruket må positivt styrkast allereie ved årets jordbruksforhandlingar, og det må startast eit arbeid som seier noko om korleis ein kan greie å oppretthalde og auke produksjonen i distriktslandbruket. Det er i desse områda mest areal går ut av produksjon, og det er i desse områda ein finn bygdene med etter kvart minimal landbruksdrift. Kven skal bu i desse bygdene og drive desse areala som grunnlag for matproduksjon i framtida? Den beste forsikringa mot eit vidare forfall er ei sterk styrking av økonomien i det tradisjonelle landbruket. Det vil også gje grunnlag for utvikling av nye tilleggsnæringar og sikre at jord og bygningar vert haldne i hevd. Krevjande forhandlingar Vi ser at årets forhandlingar kan bli krevjande. Med tydlege signal frå svært mange aktørar om at no må bruken av budsjettmidlar haldast nede, samstundes som utsikter til lågt rentenivå ser ut til å vedvare. Når det gjeld rentenivået er det viktig å ta omsyn til at det låge offisielle rentenivået ikkje samsvarar med det rentenivået som bonden må låne pengar til i banken. Det rentenivået har vore relativt mykje høgare det siste året grunna at bankane har lånt pengar til høgare rente i utlandet. Kostnadene har stort sett vore i tråd med forventa utvikling. Noko rimelegare straumpris, men høgare dieselpris. Nokon produksjonar har volumnedgang. Det vert stadig færre bønder å dele kaka på noko som gjer stort utslag i totalrekneskapen. Om ein summerer føresetnadene som var lagt i fjor kan det indikere at budsjettnemnda sine tal vil syne ei god inntektsutvikling

Norges Bondelag 2av 6 frå 2011-2012. Noko som vidare kan gje bod om eit lægre krav enn dei siste åra. Skulle det vere riktig, nærmar vi oss med våre auge kanskje dei mest krevjande forhandlingane på lenge både for organisasjonen internt og i høve det økonomiske resultatet som ein kan forvente. Trykket frå medlemene og innspela i frå lokallaga signaliserer eit svært stort krav. Det same vil fråsegnene frå fylkeslaga gjere. Samstundes er vi i ein økonomisk situasjon der vi vil måtte kjempe beinhardt for å få ut friske kroner. Vi kan oppleve at det er lite å hente på budsjett og tollvernet er til dels overbelasta for nokon produkt. Då kan vi fort hamne i ein situasjon der ei endringa av tollvernet vil vere heilt avgjerande for å kunne sikre ei inntektsutvikling også til dei som ikkje har moglegheit for å auke sin eigen produksjon eller redusere sine kostnader. Ein annan måte å sjå dette på er å snu vinklinga og seie at dette kan verkeleg gje politikarane eit høve til å tette inntektsgapet mellom landbruket og lønstakarar. Skal landbruket vere i stand til å nå målet om ein auka produksjon kan vi snart ikkje bli færre matprodusentar enn vi er. Vi greier ikkje å produsere nok storfekjøt og vi ser også at vi er i grenseland når det gjeld å kunne produsere nok mjølk. All veksten i mjølkemarknaden kjem i form av import. Dette er eit faresignal, og det er etter vårt syn viktig å ha fokus på mjølkeproduksjonen som den viktigaste bærebjelken i distriktslandbruket. Det er viktig å sjå produksjonen av storfekjøt og mjølkeproduksjonen i samanheng. Hovudprioriteringane Tilskot med direkte inntektsverknad for den einskilde aktive bonde og investeringsverkemidlar vert prioritert framom andre tilskot. Handlingsrommet i tollvernet må utnyttast slik at det kan vere mogleg å auke oppgjersprisen til produsent for fleire produkt. Styret i Sogn og Fjordane Bondelag har drøfta fråsegna fram for jordbruksforhandlingane i fleire styremøte. Seinast i styremøte den 7. mars. Til grunn for fråsegna ligg også innspel frå om lag 25 lokallag og ulike andre aktørar. Endre tollvernet Betre tollvernet for faste ostar, slik at oppgjersprisen på mjølk let seg auke. Det er svært viktig å sikre ei vidare positiv utvikling i økonomien til mjølkeprodusenten! Betre tollvernet for norsk frukt og grønt Storfekjøt Mykje av reduksjonen i storfekjøtproduksjonen skuldast færre mjølkekyr. Det må løne seg å produsere kalv. Driftstilskot i ammekuproduksjonen og tilskot pr. ammeku er ingen garanti for at kua får kalv meir enn 1 gong i livet. Difor ynskjer vi at det vert tydeleggjort krav om kalving årleg, og at det vert lagt stønad på kalven. Slik det er i dag er definisjonen på ei ammeku følgjande: Etter jordbruksavtalen 2011-2012 kapittel 7.4.2 er ammeku definert som «ku som har kalvet minst en gang og som ikke er melkeku». Innføre eit tilskot pr. født kalv

Norges Bondelag 3av 6 Produksjon av storfekjøt er ein produksjon som kan ta i bruk ledige areal i område i distrikta der mjølkeproduksjonen har hatt tilbakegang, som eit ledd i at denne produksjonen i større og større grad vert sentralisert til nokon området i dei ulike fylka. Det kan vere rett å stimulere til produksjon av storfekjøt i distrikta for å kunne utnytte dei ledige areala som finst der. Det vere seg i form av mindre ammekubesetningar eller oksefjøs. Slik kan ein utnytte areal som i dag er i ferd med å gå ut av produksjon. Det hjelp ikkje å stimulere til auke i dei delane av fylka der areala allereie i dag er meir enn oppbrukte. Det må stimulerast der ledige marginale areal til denne typen grovforproduksjon finst. Storfekjøt treng ikkje produserast med utgangspunkt i den beste matjorda, men kan vere ei god ressursutnytting i mange distrikt med ledig areal. Styrke distriktstilskotet. Driftstillegg i mjølkeproduksjonen Styrke denne ordninga vidare i takt med det som har vore gjort dei siste åra. Dette er ei ordning som enkelt og målretta kan nyttast for å styrke mjølkeproduksjonen i distrikta. Sauehaldet Styrke kvalitetsbetalinga for klassane O og betre. Dette stimulerer til auka tal lam heim frå beite. Grunntilskot lam over 23 kg må vere like høgt som grunntilskot pr. kg for lam med vekter mellom 13 og 23 kg. Vi forstår det slik at det i dag er Nortura som gjer framlegg om satsar for grunntilskot overfor avtalepartane. Det er for 2012 vedteke at grunntilskotet for lam over 23 kg skal vere 1 krone lågare enn grunntilskotet for lam mellom 13,1 og 23 kg. Sjå denne nettsida: http://totalmarked.nortura.no/grunntilskudd/category13592.html Dette må det gjerast ei endring på!! Styrke tilskot til sau og lam på utmarksbeite Korn og kraftfor Stadfrakttilskotet for kraftfor er kraftig underfinansiert, og ordninga tek ikkje i stor nok grad omsyn til strukturskilnader i ulike deler av landet. Ei ny ordning for frakt av kraftfôr med betre utjamningsgrad må på plass for å sikre at husdyrprodusenten i distrikta får tilgang til lik kraftforpris som produsentar nær anlegga. Stimulere til auka kornproduksjon og ikkje til arealleige. Redusere arealtilskot korn og nytte dette til grunntilskot pr. kg produsert korn. Auke kornprisen. Husdyrhaldet må få økonomisk kompensert for auken i kornprisen. Investeringar Vi må halde fram med å synleggjere ein trong for ei investeringspakke utanom jordbruksavtala. Samstundes må ein vere tydeleg på at det hjelp ikkje berre med ein større pott. Verkemidlane må bli styrka og forbetra. I samtale med Innovasjon Norge sin sakshandsamar kjem det fram følgjande når det gjeld dei investeringsverkemidlane som er til

Norges Bondelag 4av 6 rådvelde: Økonomien ved nybygg i geitmjølkproduksjonen er til dels svært god. Økonomien i bygg til sau er ok fordi inntekt utanom bruket bergar både dei små og dei litt større utbyggingane. Når det gjeld fornying av driftsapparatet innan den mjølkeproduksjonen på ku er verkemidlane altfor dårlege!! Dette med bakgrunn i kor kostnadskrevjande slike utbyggingar er, og med utgangspunkt i at det faktisk må vere ein person til stades på garden etter utbygginga for å kunne gje ei optimal drift. Moglegheitene for å hente inntekt utanfrå er svært avgrensa etter ei investering i mjølkeproduksjonen. Nokon må ha arbeidsplassen sin på einskildbruket eller i samdrifta. Dette er eit svært alvorleg signal som vi i Sogn og Fjordane Bondelag ser tydeleg og som vi meiner ein må ta på alvor. Mjølkeproduksjonen er bærebjelken for landbruket i vårt fylke då den står for over 50% av verdiskapinga!! Vi er svært uroa over dei signala som kjem frå Innovasjon Norge, og som vi ser i praksis. Til no er det berre om lag 20% av kyrne i vårt fylke som går i lausdrift. Vi har ein stor trong for å få fornya driftsapparatet, men mange ser seg ikkje økonomisk råd til å gjere det. Samstundes set topografien avgrensingar for kor stor produksjonen på den einskilde driftseininga kan bli. Vi har nokon få litt større samdrifter med ein produksjon på mellom 400.000 og 500.000 liter i dei beste jordbruksdistrikta våre, men det er få plassar att der slik rasjonalisering kan skje vidare, då arealgrunnlaget set ein stoppar for det. Det store spørsmålet vert korleis ein kan gjere ei investering i moderne teknologi mogleg for mindre driftseiningar i storleik 100.000 250.000 liter. (I vårt fylke snakkar vi då gjerne om samdrifter eller einskildbruk med svært mykje leigd kvote og leigd areal) Tak for investeringsstøtte må aukast til 2 millionar kroner. Norges Bondelag sin modell med avtakande prosentstøtte må gjerne nyttast. Til dømes slik: 50 % 1 million 500.000 40 % neste million 400.000 30 % neste 3 millionar 900.000 20% neste million 200.000 Med ei investeringsordning i denne storleiken vil det bli mogleg å utføre mindre opprustingar av eksisterande bygningar samstundes som det kan opne opp for ei fornying av mjølkeproduksjonen på ku. Det vil også gje eit svært godt utgangspunkt for fornying av bygningar til sau og geit. Rentestøtteordninga må bli betra. Rentestøtta for 2012 er fast sett til 1,2 %. Normal rente for lån ligg ein stad mellom 5 og 6 %. Sparebanken Sogn og Fjordane opererer med nominell rente på 5,4 %. Styringsrenta vart sett ned med 0,5 % like før jul utan at dette påverka bankane si utlånsrente. Dei må låne sine kroner til ein høg pris i utlandet og heldt renta uendra. Rentestøtteordninga tek ikkje opp i seg den urolege finansmarknaden, då den støttar seg til ei låg norsk offisiell rente. Slik sett er rentestøtteordinga no ei svekka ordning i høve til det den gjerne var tenkt som i meir stabile tider. Vi ber dykk sjå på denne problemstillinga, og på kva måte ein kan forbetre dette verkemiddelet. Opprette personlege investeringsfondsordning, med høve til skattefrie avsetningar Når det gjeld ytterlegare prioriteringar for frukt, bær og grønsaker, er desse omtala i eiga fråsegn frå Grøntutvalet på Vestlandet. (11/01302-15)

Norges Bondelag 5av 6 Velferdsordningar - regelverksendringar Vi meiner at næringa ikkje utan vidare kan akseptere SLF sin konklusjon om at det ikkje vil vere mogleg å få til refusjon av avløysartilskotet to gonger i året. Vi vil på ny føreslå at det vert sett i verk ein større gjennomgong av velferdsordningane med sikte på å få til ordningar som er tilpassa dagens røyndom i landbruket. Nedanfor presenterer vi nokon av gjengangarane som vedkjem regelverket for velferdsordningane og som kan trenge ein grundig gjennomgong. Jobb utanom arbeidsløysetrygd Jobb utanom og sjukdom Det må gjerast ei endring i regelverk i forskrift om tilskot til avløysing 11. Reduksjon i tilskot, av ytingar som følgje av lønsinntekt må fjernast. Slik dette fungerer i dag kan brukarar kome i ein situasjon der avvikling av husdyrhaldet er einaste løysinga dersom ein ikkje har familiemedlemer som er viljuge til å arbeide gratis i fjøset. Doktoren kan sjukmelde deg 100 %. NAV treng ikkje akseptere det. Det er ei ordning som verkar merkeleg. NAV kan redusere sjukmeldingsgraden din på garden ut frå at du kan jo gjere noko. Søkeren må være sykmeldt fra arbeid i landbruksforetaket for å ha rett til tilskudd. Det er ikke tilstrekkelig å være sykmeldt fra annet yrke. Det framgår av sykmeldingen hvilket eller hvilke yrker en er sykmeldt fra. Sykmeldingen må være gyldig i forhold til NAV. Dette gjelder antallet dager sykmeldingen gjelder, og sykmeldingsgraden. Det kan være avvik mellom det legen skriver på sykmeldingen og det NAV godkjenner. Vi skal alltid holde oss til det NAV godkjenner. Ved delvis sykmelding skal maksimalt tilskudd pr. dag reduseres etter sykmeldingsgraden. Det vil si at dersom søkeren er delvis sykmeldt skal maksimal dagsats for ordningen og foretakets maksimale dagsats reduseres i forhold til sykmeldingsgraden. Refusjon på avløysarpengane må skje raskare, og det bør vere 2 utbetaling pr år. Slik det er no, er likviditeten for den einskilde bonde uakseptabel, og unge bønder får eit særleg uakseptabelt møte med ferie- og fritidsordninga i landbruket. Produsentar som startar opp med nye produksjonar får ikkje avløysartilskot for det året dei starta opp. Det må kunne gjerast tilpassingar slik at ein unngår dette. Døme: Ein bonde startar opp med eggproduksjon i februar 2009. Vedkommande vil då ikkje vere berettiga avløysartilskot før i 2010 med første utbetaling i juni 2011. Det vil seie at bonden driv med produksjonen i ti månader som han ikkje får avløysartilskot for, og det vil går 2 år og fire månader frå oppstart til refusjon av avløysartilskot. Det må kunne finnast ei løysing som gjer at ein skal kunne få avløysartilskot frå den dagen ein startar opp med produksjonen. Vi syner til brev datert 15.12.2008 der vi tok opp sak som vedkjem avløysar med eige enkeltpersonsføretak. Vi fekk i e-post frå dykk svar om at vi måtte spele saka inn som forslag til endringar i jordbruksforhandlingane. Denne saka vart også teken opp i jordbruksoppgjeret i fjor og i forfjor utan at vi har sett at endringar er gjort. Konkret døme: Grunna ein operasjon har vårt medlem vore sjukmeld i over ein månad. I den kommunen han bur har dei landbruksvikar. Landbruksvikaren var oppteken i anna oppdrag dei første 14 dagane av vårt medlem sin sjukmeldingsperiode. Vårt medlem gjorde seg difor nytte av ein person som har vore avløysar i kommunen i mange år. Vedkommande driv avløysing gjennom sitt eige enkeltpersonsføretak. Når perioden var over, mottok bonden faktura frå avløysaren med mva. Bonden tok med seg fakturaen og skulle søkje refusjon. Han får då melding om at faktura med mva frå

Norges Bondelag 6av 6 avløysar i eige selskap ikkje er lov. Avløysinga skal skje i eit arbeidsgjevar arbeidstakar tilhøve. Grunngjeving er kontrollomsyn. Vårt medlem tykkjer dette høyrest heilt utruleg ut i 2008. Ved ei slik sak ligg det føre ei sjukmelding som dokumentasjon. Det ligg ved ein faktura som syner at den sjukmelde bonden har kjøpt så og så mykje spesifiserte avløysartenester frå enkeltpersonsføretaket. Vårt medlem kan ikkje forstå kvifor ein spesifisert faktura saman med sjukmeldinga ikkje er god nok dokumentasjon for kontroll. Sant å seie så forstår vi ikkje det i fylkesbondelaget heller. I kva grad finst det nokon godt grunngjeven årsak til at regelverket er slik det er? Dersom slik årsak finst, er det bra om den vert gjort kjend, slik at den vert forstått hos våre medlemer. Dersom slik god årsak ikkje finst, må regelverket endrast, slik at faktura med mva sendt frå enkeltpersonsføretak vert godt nok som dokumentasjon for kjøpte avløysartenester både i høve ferie- og fritid og sjukeavløysing. Ein slik faktura må sjølvsagt spesifisere kva kjøp av tenester det gjeld. Det er vanskeleg å forstå at ein slik faktura er dårlegare dokumentasjon, enn timelister når det gjeld ferie og fritid. Det er også vanskeleg å forstå at ein slik faktura er dårlegare når det gjeld dokumentasjon av sjukdomsavløysing i kombinasjon med sjukmelding enn dagens lovlege måtar å gjere det på. Onneomgrepet innan hagebrukssektoren er utdatert. I moderne hagebruk er det onne året rundt. Må ha sjukdomsavløysing for frukt og grønt heile året. Dokumentasjonskrav må vere som før. Lukke til med forhandlingane! Resultatet av jordbruksforhandlingane er svært viktig for eit distriktsfylke med ein slik næringsstruktur som vi har i Sogn og Fjordane! Med venleg helsing Elektronisk godkjent utan underskrift Per Hilleren