Sommar 2013. Lærdal Turistinformasjon (+47) 57 66 67 71. turistkontor@norsk-villakssenter.no



Like dokumenter
Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Spørjeundersøking om sentrumsområde

KONGEVEGEN VANDRING OG SYKKEL 2, 3 & 5 DAGERS PAKKER

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

STØLSUTLEIGE I GLOPPEN

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Sommartur til Sverige,

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Fjord 2.0 Konferanse 2012

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

Kulturhistoriske registreringar

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Til deg som bur i fosterheim år

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Vedlagt følgjer ein oversikt over planlagde arrangement i Lærdal i samband med Grunnlovsjubileet 2014.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Juvet Landskapshotell

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Vi har valt vassveiter som tema

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Bustadområde i sentrum. Vurdering

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

STOR FELLES ARBEIDS- MARKNAD OG VARIERT ARBEIDSLIV

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

«Ny Giv» med gjetarhund

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Tilbod frå Lom bygdamuseum 2014

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

Minnebok. Minnebok NYNORSK

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Statens vegvesen. Reguleringsplan for Fossatromma - Vøringsfossen - Fossli i Eidfjord kommune

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Fra tare til tind. m/ HEMO Travels Vårskitur 2012

Notat om historie og kulturlandskap

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Fjordsenteret

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Brukarrettleiing E-post lesar

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

LANDBRUKSINFORMASJON FOR AURLAND, LÆRDAL OG ÅRDAL

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.

Luster hundeklubb sine trimpostar 2010

Eksklusive leilegheiter ved Grytafjorden EIDSVIK STRANDA

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

SKJERVSFOSSEN NATURVANDRING TURISTVEGTILTAK

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Jon Fosse. For seint. Libretto

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

BÅTRUTER PÅ SOGNEFJORDEN FRÅ 2010

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Kuventræ 54/11 og 54/26. Os kommune. Kulturhistoriske registreringar i samband med reguleringsplan for Kuventræ, Os k. Rapport

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Turmål Vestre Slidre kommune Kvithøvd 1001 moh 25 poeng

FANTASTISK FORTELJING

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Velkommen til Høylandet kommune!

/

Kartskisser. Figur 1 - Fv. 55, Kvamsviki - Lotesnesbrui

Transkript:

Lærdal Turistinformasjon (+47) 57 66 67 71 turistkontor@norsk-villakssenter.no www.sognefjord.no Velkomen til Lærdal... der historia vert fortald Sommar 2013

Som ein av dei første destinasjonane i verda har Lærdal fått merke som berekraftig reisemål. Velkomen på ferie. Velkomen til eventyret. Velkomen til Lærdal! Det betyr at Lærdal arbeider for at turismen skal ha låg innverknad på miljø og lokal kultur, og har mål om å sikre ein positiv innverknad og utvikling for lokal befolkning, reiselivsverksemder og turistar. Berekraftig reiseliv fokuserar på tre hovedområder: bevaring av natur, kultur og miljø, styrking av sosiale verdiar og økonomisk levedyktigheit. For å oppnå merket har Lærdal dokumentert målbare indikatorar på kvart område. Det som er spesielt med Lærdal er at dalføret er rik på kulturminner av nasjonal og internasjonal verdi og at Lærdal satsar på eigen kulturhistorie når det skal skapast opplevingar som gjev lengre opphaldstid og nye sesongar. Lærdal 5 Attraksjonar 7 Aktivitetar 32 Overnatting 35 Mat og drikke 38 LÆRDAL... der historia vert fortald. Lærdal. Namnet får dei fleste til å tenke natur, kultur, laks, fjord, historie... Knapt nokon dal kan måle kombinasjonen natur, kultur og historie slik Lærdal gjer. Heilt sidan tidenes morgen har menneska brukt Lærdal. Fyrst erobra dei fjella. Så tok dei dalen. Sidan dei første tråkka over fjellet, sidan Tjodgata frå Gulatingslova, Postvegen frå 1647 og dei første Kongevegane, har samkvemet mellom mennesker på reise mellom aust og vest skjedd i Lærdal. Rolla som knutepunkt har sett spor, i dag ligg kulturminnene tett: stavkyrkje, historiske vegar, gamle gardar og husmannsplassar, unike kulturlandskap, flotte hotell og trehusmiljø. Lærdal er staden der historia vert fortalt. Dei første moderne turistane var engelske lordar på jakt etter lærdalslaksen i 1850-åra. Slik starta soga om Lærdalselvi, Noregs mest kjende storlakselv internasjonalt. Og med dei kom skysstasjonar og hotell, transportselskap, hesteskyss og rutebilar under fellesnemnaren vertskap. Folk har i alle år hatt grunn til å føle seg velkomen i Lærdal. Arrangement Shopping og service Transport 40 41 42 Dalen strekker seg frå Borlaug der Rv. 52 møter E16 og ned til Lærdalsøyri. Den har eit unikt lys som har inspirert fram mange nasjonalikon som i dag heng på Slottet eller Nasjonalgalleriet. Det gode klimaet gjer dalen til ein av dei mest grøderike i landet med lange tradisjonar innan jordbruk. Og kombinasjonen fjord mot fjell gjer naturen sensasjonell. I dalbotnen: fjord, grønt, varmt, rikt på jakt og fiske. På høgfjellet: snø, skigåing eller vandring på isbrear høgt over Sognefjorden. 3 4

Fakta om Lærdal Dampskipskaia på Fleskheller ATTRAKSJONAR Bryggja er verna og byr på flott utsikt Avstand frå sentrum: 1 km. vestover Høgde over havet: 2 moh. Komme dit: Bil/gå/sykle Om vinteren kunne dei inste delane av Lærdalsfjorden verta islagd. Dette skapte vanskar for postgangen mellom Christiania og Bergen, som sidan 1647 hadde gått gjennom Lærdal. Løysinga vart ny veg og bryggje ved Fleskheller i 1845. Steinbryggja er i dag verna og byr på flott utsikt og gode fotohøve ved Lærdalsfjorden/Sognefjorden. Her kan du også fiske. Høgaste punkt: Høgeloft 1920 moh Lærdal Turistinformasjon Lågaste punkt: Ytre Frønningen -944 moh. Innbyggarar: 2176 Totalareal: 1342,42 (67. største kommune i Noreg) Av dette høgfjell: 1120,3 kvm2 (83,45 prosent) Av dette vatn: 64,9 kvm2 (4,83 prosent) Lokalisert i Lærdal kulturhus saman med Norsk Villakssenter og Sogn Kunstsenter, 150 meter frå sentrum. Tlf. 57 66 67 71 Mob. 915 51 043 Fax. 947 73 051 Epost: turistkontor@norsk-villakssenter.no www.sognefjord.no www.fjordnorway.com Turistinformasjonen hjelper med: * informasjon og råd om aktivitetar i nærområda, Sognefjorden og FjordNorge * formidling av overnatting og serveringsstadar * sal av billettar til museum, guidetenester m.m * sal av fiskekort, veg- og turkart, postkort og frimerker * gåvebutikk, souvenirar, samt tur- og guidebøker Sognefjorden er den djupaste og lengste, opne fjorden i verda Avstand frå sentrum: 0,5 km. Høgde over havet: 0 moh. Komme dit: Bil/gå/sykle Lærdalsfjorden/Sognefjorden Lærdalsfjorden er ein arm av Sognefjorden og er 7,1 kilometer lang, 2,7 kilometer på det breiaste og 565 meter på det djupaste. Stor båttrafikk i eldre tider. Sognefjorden er den djupaste og lengste, opne fjorden i verda: cirka 204 kilometer lang og 1308 meter djup. Badeplass på Grandane (ved Lærdal Ferie og Fritidspark) og i Hedler. Fjordfiske. Utsiktspunkt ved Røyrnes, Fleskheller og Raudberg. Fin sykkelrute langs fjorden mot Erdal og Vindedalen. Opningstider 2013: 15. mai 2. juni onsdag søndag kl. 11-16 3. juni 30. juni dagleg kl. 10-18 1. juli 18. aug. dagleg kl. 10-19 19. aug. 29. sept. onsdag søndag kl. 11-16 5 6

Gamle Lærdalsøyri Gamle Lærdalsøyri var byen til hallingdøler, valdrisar og sogningar Avstand frå sentrum: 0 km. Høgde over havet: 2 moh. Komme dit: Gå/sykle Gamle Lærdalsøyri er noko av det mest særmerkte av gamal tettstadarkitektur og eit av dei største samla bygningsmiljøa frå eldre tid som er att i Noreg. Dei 161 verna trebygningane frå 17- og 1800-talet er minner frå tida då Lærdalsøyri var eit nasjonalt knutepunkt for handel og samferdsle. Lærdalsøyri var byen til hallingdøler, valdrisar og sogningar. Her møtte dei kystfolket for å byte varer og utvikle røynsler, spesielt under Lærdalsmarknaden, som er Norges eldste og mest tradisjonsrike friluftsmarknad, fyrste gong nemt på 1500-talet. Lærdalsøyri hadde bystruktur alt på 1600-talet og vaks fram som den fyrste og største tettstaden i Sogn og Fjordane. Strandsitjarstaden utvikla seg frå enkle naust langs fjordkanten til ein liten by med cirka 700 innbyggarar i 1842. Då hadde regjeringa laga byplanar og foreslo Lærdalsøyri som «ladested» ovanfor Stortinget. Lærdalsøyri hadde langt fleire «bynære» næringar enn vanleg på landsbygda. Dei nye vegane oppe i dalen kopla mot trafikken på fjorden, samt Lærdal si sentrale plassering, gjorde at Lærdal var fyrst ute med post- og transportvegar, dampskipsruter, telegraf, telefon og apotek for å nemne noko. Lærdalsøyri var også sete for fylkesadministrasjonen i Sogn og Fjordane. Hovedgata Øyragata er fylkets eldste handlegate, i dag regulert som gågate. Den raskt veksande tettstaden gjorde fleire av handelsmennene rike. Gjestgjevar Lars Hille tjente så mykje at han fekk lov av Danmark-Noreg til å trykke eigne pengesedlar. Handelsmann Tøger Hansen betalte 400 riksdalar i formueskatt då Noregs Bank skulle etablerast, meir enn dobbelt så mykje som nokon annan i Sogn og Fjordane. Jan Henrik Nitter Hansen tjente nok til å kjøpe heile Lærdalsøyri på auksjon. Denne overklassen sette sjølvsagt spor. Mellom anna skapte dei rikmannstrøket «Enemo», i dag Brattegjerdet, som den gong låg «på landet» utanfor Lærdalsøyri. I dag er gamle Lærdalsøyri fylt av antikvitetsbutikkar, atelièr, kafé og pensjonat. Nokre av husa er feriehus, andre har fastbuande. Og her foregår framleis den vidgjetne Lærdalsmarknaden i det same bygningsmiljøet som den alltid har gjort. I våre dagar går den av stabelen tredje helga i juni kvart år. Besøk Henrikstova, ei typisk akershusisk stove med tre rom, inngang på langsida og ljore i taket. Verdt å sjå: Fanteloftet, Sjanke-huset, Per i Podl-huset og Løytnantsbryggja, den gamle jektehamna der mykje av handelen føregjekk. Merk deg den rosa Kulturbanken, ombygd i nyklassisistisk stil i 1925. Arkitekt Johan Lindstrøm var inspirert av Egypt og gangen innanfor liknar Tutankhamons grav. Forsøk guida vandreturar, der du også får oppleve nokre av husa innvendig. Startar ved gamle Telegrafen. Sjå avsnittet Postmuseum og Telemuseum eller kontakt turistinformasjonen. 7 8

Postmuseum og Telemuseum Vandring gjennom arkitekturepokar Lærdal har ein viktig del i norsk tele- og posthistorie Avstand frå sentrum: 0 km. Høgde over havet: 2 moh. Komme dit: Bil/gå/sykle Dalføret har vore postveg mellom aust og vest sidan 1647. Den første telegraflinja mellom Austlandet og Vestlandet vart lagt gjennom Lærdal, og i Lærdal opna fylkets første telegrafstasjon i 1855. I den gamle ærverdige Apotekergården, også kalla gamle Telegrafen, finn du postmuseum og telemuseum i første høgda. Musea er avdelingar under Maihaugen og Norsk Telemuseum. I andre høgda finn du ei reiseliv- og turisthistorisk utstilling om Lærdal, samt ei utstilling om den rike rutebilhistoria i bygda. Frå slutten av 1700-talet til 2000-talet Avstand frå sentrum: 0-1 km. Høgde over havet: 2 moh. Komme dit: Gå/sykle Fyl du det gamle og nye hovudgateløpet på Lærdalsøyri (Øyragata-Øyramarki-Brattegjerdet) går du frå trehusmiljø frå slutten av 1700-talet og 1800-talet via sveitserstilen som varde fram til 1920-talet. Vidare via etterkrigstida med 50-talet sine husbankhus, og til slutt 70 og 80-åras bustadbygging. I nye sentrum finn du forretnings- og hotellbygg frå kvar av dei siste tiåra. Ope 15-20 alle helgar i juni og dagleg 2. juli - 11. august (stengt måndagar). Guida turar gjennom gamle Lærdalsøyri startar ved inngangen til museet kvar dag klokka 15 når museet er ope. Sjå Gamle Lærdalsøyri. Sæverud-monumentet "Spontant som en forbitret ed brast tonene ut av meg" Avstand frå sentrum: 0,6 km Høgde over havet: 2 moh. Komme dit: Sykle/gå/bil Komponisten Harald Sæverud fekk inspirasjonen til «Kjempeviseslåtten» då han stod på ferjekaia i Lærdal under krigen. «Spontant som en forbitret ed brast tonene ut av meg» fortalde Sæverud, etter å ha sett alle tyskerbrakkene skjemme ut vakre Lærdal. Monument innrissa med notar frå Kjempeviseslotten står i fjellveggen ved kaia. 9 10

Norsk Villakssenter Sogn Kunstsenter Gjesmesamlinga For mange er Lærdal mest kjend for Lærdalselvi og for den rike sportsfiskarhistoria Avstand frå sentrum: 0 km. Høgde over havet: 2 moh. Komme dit: Bil/gå/sykle Norsk Villaksenter har utstillingar om dette samt eit observatorium med store villaksar. Kom og sjå historiske filmar, prisløna film om atlanterhavslaksen sin oppvekst og liv, og lær om det rike sprotfisket. Besøkssenter, kafè og butikk. Ope 15. mai til 30. september. Pris: Vaksne: NOK 95 Familie: NOK 205 Student/born: NOK 60 Prisane inkluderar inngang til Norsk Villakssenter og Sogn Kunstsenter Turistinformasjonen er på same stad: Tlf: 57 66 67 71 / 915 41 043 post@norsk-villakssenter.no www.norsk-villakssenter.no Det er mogleg å kjøpe fellesbilllett med Post- og Telemuseet. Spør i skranken. Like før kunstaren Hans Gjesme døydde i 1994 gav han heile livsverket sitt til Lærdal kommune Avstand frå sentrum: 0 km. Høgde over havet: 2 moh. Komme dit: Gå/sykle Minst 1500 kunstverk i form av skisser og ferdige verk, utført i teknikkar som teikning, måleri, tresnitt, skulptur, trykkplater, pastellar og akvarellar er samla i dette kunstsenteret av internasjonal klasse. Ulike utstillingar gjennom året, mellom anna i samarbeid med Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst. I sommar (25. mai - 29. september) er det kunstfotografen Jens Hauge frå Lærdal som stiller ut sine bilder i utstillinga «Jens Hauge, menneske og natur 1970-2012». Ope: Mai- September. Fellesbillett med Norsk Villakssenter. 11 12

Lærdalselva Lærdalselva Lærdalselva er ofte kalla "Dronninga blant lakseelvar" Avstand frå sentrum: 0-44 km. Høgde over havet: 0-500 moh. Komme dit: Bil/buss/gå/sykle Erik Clapton og kleppar Peder Evjestad. Hit har det kome sportsfiskarar sidan 1850-åra, då britiske lordar starta lakseeventyret. Lærdalselva er ofte kalla «Dronninga blant lakseelvar». Kong Harald har fiska her sidan 1970-talet og har kalla elva for «mi andre dronning». Lærdalselva er Noregs mest kjende storlakselv internasjonalt, og elva har vore dei rike og berømte sin sportsfiskarstad. Alt frå internasjonale kongelege til kjende storleikar frå Hollywood vitjar Lærdal. I dalen er det etablert fleire fasjonable fiskeresidensar. Fiske i Lærdalselva kjenneteiknast av råma den fantastiske naturen gjev, samt at elva har klårt vatn (du kan ofte sjå laksen med berre augo), og at fisken, enten det er laks eller sjøaure, har høg gjennomsnittsvekt. Fin tur- og sykkelsti langs elvekanten Frå naturens side er elva viktig: 90 prosent av atlanterhavslaksen er heimehøyrande her. Elva er også ei svært god sjøaureelv. I 2013 opnar Lærdalselva for laksefiske att etter at lakseparasitten Gyrodactylus Salaris har vore forsøkt utrydda sidan 1996. Lærdalselva leverer også nær 1,2 TWh årleg via tre kraftanlegg i Borgund Kraftverk. Du kan fylgje elva gjennom heile dalføret frå samløpet av Mørkedøla og Smedøla ved Eraker øverst i Lærdal og til Lærdalsfjorden, ei strekning på cirka 44 kilometer. Øverste del av elva har rike høve for aurefiske, kontakt turistinformasjonen for detaljar. Dei nederste 25 kilometrane har totalforbod mot padling, roing, kajakk osv. 13 14

Bautastein Lærdalskompaniet Hauge kyrkje "... den mest berømte avdelinga i nyare norsk militærhistorie" Avstand frå sentrum: 0,5 km. Høgde over havet: 2 moh. Komme dit: Gå/sykle Lærdalskompaniet var den mest suksessfulle norske hæravdelinga under svenskekrigane 1807-1814. Forsvaret har sjølv karakterisert kompaniet som «den mest berømte avdelinga i nyare norsk militærhistorie». Lærdølene var med på å bane veg for hendingane i 1814 og var landets største krigsheltar fram til andre verdskrigen. 17. mai 1902 vart ein seks meter høg bautastein reist ved den gamle ekserserplassen på Øyramarki til minne om kompaniet. Ein av få langkyrkjer i tre med to spir Avstand frå sentrum: 0,5 km. Høgde over havet: 2 moh. Komme dit: Gå/sykle Det er ikkje vanleg at ei langkyrkje i tre har to spir i Noreg, men Hauge kyrkje har. Arkitekten Christian Christie var inspirert av stavkyrkjer då han teikna Hauge, som vart innvigd 6. mai 1869. Hauge er soknets tredje kyrkje. Dei to tidlegare sto på garden Hauge. 15 16

Lærdalstunnelen verdas lengste vegtunnel Rikheim gard Som siste ledd i ferjefri stamveg mellom Oslo og Bergen vart Lærdalstunnelen opna av Kong Harald i november 2000. Lengde: 24,509 kilometer. Inne i tunnelen er det tre fjellhallar med ei spesiell lyssetting som skal gje ei oppleving av dagslys. Ikkje bompengar. Avstand frå sentrum: 6 km. Høgde over havet: ca. 50 moh. Komme dit: Bil/buss Dagens Rikheim gard er fra 1660-talet, men har hatt busetnad mykje lengre. Godset vart gradvis tileigna familien Rumohr frå Schlesvig-Holstein fra midten av 1660-talet. Tidlegare jordbruksskule, i dag ei slope-rata 6-hols golfbane. Ved drivingrangen finn du treningsområde for putting og bunkerslag. Proshop, kaffe- og matautomat. Bana open kvar dag. www.legk.no Avstand frå sentrum: ca. 13 km. Høgde over havet: ca. 100 moh. Komme dit: Bil/sykle Midt-Ljøsne gard Ljøsnaveiti Opplevingsbakeri og bringebær- og morellegard med orkesterplass til lærdalsnaturen. Her kan du kjøpe ferske brød eller lære å bake brød i steinomn. Du kan nyte fantastiske bringebær og moreller midt i hagane der dei er produsert. Ope kvar dag frå omlag 10. juli til 20. august. Garden er med i Sogn fruktrute. Tlf.: (+47) 908 58 191. Les meir på www.moreller.no Avstand frå sentrum: ca. 12 km. Høgde over havet: ca.100 moh. Komme dit: Bil/buss Også kalla Storaveiti eller Uppabakkveiti. Lærdal og spesielt Ljøsne er blant Noregs mest nedbørsfattige områder. Kunstig vatning har difor lange tradisjonar. I gamle dagar skjedde dette via eit sinnrikt system av vatningsveiter som leia vatnet ved hjelp av «aoskjer», ein slags trespade. Vatnet vart fordelt på bøndene til fastsette tider. Ljøsnaveiti var hovedleverandør av vatn til sju gardar og målte opphaveleg 6-7 kilometer. I dag er Ljøsnaveiti turrlagt og ein fin tur og gå med super utsikt frå Ljøsne-platået. Den lettast tilgjengelege strekninga går frå Stuvane til Ljøsne-platået/Kapteinsgarden og er på cirka to kilometer. Avstand frå sentrum: ca. 14 km. Høgde over havet: ca. 100 moh. Komme dit: bil/buss 17 18

Jutlamannen "Statt i stein, ver ikkje folk til mein" Avstand frå sentrum: ca. 16 km. Høgde over havet: ca. 125 moh. Komme dit: bil/buss Segna fortel at då Heilage Olav reid gjennom Lærdal i 1023, losna skoen under ein fot på hesten. Då han skulle feste skoen, slo han feil med hammaren og ein jutul og ei gyger oppe i lia byrja å le av han. Olav vart harm og slo hammaren i ein stein medan han ropte: «Statt de der i stokk og stein, og ver ikkje folk til mein». Begge vart ståande. Jutulen har sidan vorte kalla Jutlamannen, medan kona ramla ned ein gong mellom 1749 og 1845. Trollet er foreviga i Fugleværelset på slottet, måla av Johannes Flintoe i 1845. På sitt offisielle brudebilde står Kronprinsparet med Jutlamannen i bakgrunnen. Parkering med infotavle ved E16. Nårekista Segna sa at Olav den Heilage gøymde skattar i Nårekista då han fór gjennom Lærdal i 1023. Steinen låg ved den gamle Kongevegen frå 1793 lenger framme i dalføret, men vart flytta hit i samband med moderne vegbygging. Kista har vore forsøkt sprengt, truleg av arbeidskarane på Kongevegen som truleg var på jakt etter skattane. I 2010 vart Nårekista sett saman att ved sidan av infoskilta om Bjørkum-kaupangen ved E16. Infoskilt. Parkering. Avstand frå sentrum: ca. 17 km. Høgde over havet: ca. 130 moh. Komme dit: bil/buss Bjørkum-kaupangen Vikingkaupangen (kaupang = handelsplass) på Nordre Bjørkum vart etablert rundt år 800. Den er spesiell fordi den låg 17 kilometer frå fjorden og fordi den inneheldt den største samlinga av torvgammer frå jernalderen i Noreg. Kaupangen skjulte også det mest komplette og største beinfunnet frå vikingtida. Det er den einaste staden på Vestlandet kor det er funne spor av kambproduksjon. Infoskilt ved E16. Funna er utstilt i besøkssenteret til Borgund Stavkyrkje. Avstand frå sentrum: 17 km. Høgde over havet: ca. 130 moh. Komme dit: bil/buss 19 20

Lærdal Turistinformasjon sommar 2013 HISTORISK RUTE Gløym dei moderne tunnelane på E16. Køyr av der du ser skiltet «Historisk rute» og opplev lærdalsdalføret på sitt trongaste, og Lærdal på sitt mest spanande i dette historiske området av nasjonal verdi som biskop Pontoppidan i 1749 kalla «... den vanskeligste Vei som kan findes i noget land...» Avstand frå sentrum: ca. 20-30 km. Høgde over havet: 250-400 moh. Komme dit: Bil/buss (sykle/gå i området) Merka turstier. Parkering fleire stadar. Flotte og unike vandremoglegheiter i kulturhistoriske og idylliske områder (be om turbrosjyre). Koren rasteplass Lærdal er nasjonal veghistorie. Minst fem generasjonar med vegar er å finne langs «Historisk rute» og to av dei kan du starte gåturen på ved Koren rasteplass: Postvegen frå 1647 og «Bergenske Hovedvej» frå 1840-åra. Lærdalselvi renn forbi. Parkering og rasteplass. Postvegen 1647 Heilt sidan postvesenet vart oppretta i Noreg har posten gått gjennom Lærdal. Postvegen over Filefjell er henta fram att og ein del går frå Koren rasteplass over Seltunåsen og Steineåsen. Truleg fyl den mykje av den same traseèn som Tjodgata frå Gulatingslova. Parkering i Koren. Kongevegen 1793 Soldatar bygde den fyrste køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet. Store delar av den er inntakt mellom Øye i Valdres og Lærdalsøyri, og langs «Historisk rute» ligg den mest spektakulære delen. I dette bratte og vakre området er mange nasjonalikon blitt laga opp gjennom historia. Kongevegen går på andre sida av elva. Inngangar ved Seltun, Sjurhaugen og Husum. Bergens Hovedvej 1840 Kongevegen vart erstatta av «Bergenske» cirka 50 år seinare, og flytta over elva. Den vart bygd av ingeniørar og erfarne vegbyggarar, det ser me på standarden og ikkje minst på dei mektige vegmurane. Start/stopp ved Koren rasteplass eller Steine bru, evt. nedanfor Husum Hotell. Tyske krigsminner Overalt i området «Historisk rute» ligg bunkersar, skyttargroper, MG-stillingar, kommandoplass og lasarett, samt bygningar, stigar og vegar frå då tyske soldatar gjorde Lærdal til ein «propp» som dei allierte vanskeleg kunne kome gjennom dersom dei gjekk til åtak. Dei lettast tilgjengelege krigsminna ligg langs Kongevegen og Bergenske Hovedvej. urhistoriske og idylliske områder. (Se vandrekart) 21 22

Galdane Restaurert husmannsplass med busetnad frå 1600-talet til 1947. Dagens bygningar frå 1800-talet. Tilgang via Kongevegen. Utsiktspunkt og rasteplass ved «Historisk rute». Storfossen ved sida av heiter Sokni. Lærdalselvi renn forbi. Gamle E16 Vestre del sto ferdig i 1877 og austre del er frå 1860-åra. Skiljet går ved Steine bru. Dette var hovedveg mellom Oslo og Bergen til 2001. I dag er strekninga med alt vegutstyr freda. Steine bruruin Del av den store ingeniørkunsten som Bergenske Hovedvej var gjennom Lærdal i 1840-åra. Teken av flaum i 1860. Vegen held fram på hi sida av elva og møter Kongevegen 1793. Sjurhaugsfossen I mange tiår var dette det store foto- og utsiktspunktet. Er du heldig kan du nemlig sjå Lærdalslaksen hoppe i fossen! Inngang til Kongevegen 1793 over brua. St. Olavsklemma Ved Kongevegen på andre sida av elva. Segna seier at gjelet her var for trongt for Kong Heilage Olav då han fòr gjennom Lærdal i 1023. Han sette hesten sin til å utvida passasjen. Den dag i dag kan du sjå merka etter hendinga i fjellet som i realiten er ei jettegryte. St. Olavsklemma vart forstyrra da tyskarane bygde forsvarsverk i 1942-43. Mellom anna finn du eit ammunisjonslager i ei hole i fjellveggen. Tyske krigsminner. Nedre Kvame Bru Denne steinkvelvingsbrua frå 1863 vart bygd etter at Steine bru vart teken i flaum. Bergenske Hovedvej vart samstundes lagt om på denne strekninga. Husum Hotell Husum er ein del av Lærdal si hundreårlange rolle som vertskap og knutepunkt. Opphaveleg ein skysstasjon frå 1835, post- og telefonstasjon og seinare hotell med stolt laksefisketradisjon. Det kvitmåla hotellet i sveitsarstil har vore heim for Kong Oscar II, Bjørnstjerne Bjørnson, Edvard Grieg, Ole Bull og mange andre. Hotellet er ikkje ope. Vakkert fotopunkt. På andre sida av elva ligg Husum kraftstasjon som gav Lærdal straum i 1936. Vindhella Dette skaret har alltid vore kortaste veg mellom Lærdal og Borgund. Kongevegen 1793 går opp her, med 25 prosent stigning. Då Bergenske Hovedvej skulle byggast oppå, forsøkte dei å gjere noko med stigninga (Kongevegen er synleg under). Men nye-vegen vart nesten like bratt. Vindhella er likevel eit storarta minnesmerke over norsk vegbyggarkunst, med imponerande murar. Anbefalt gåtur. Parkering ved Rimskjold Ungdomshus eller Borgund Stavkyrkje. Sverrestigen Gjennom historia har nesten alle dei store kongane reist gjennom Lærdal. Kong Sverre passerte i 1177 og fylgde mellom anna denne urgamle stigen. Like etter måtte han slå ned eit angrep frå lærdalsbøndene. Parkering ved Rimskjold Ungdomshus eller Borgund Stavkyrkje. Første bilturist Noregs første bilturist var hollendaren Peter Beduin. Han køyrde ned Vindhella og Lærdal i 1901 på ein Panhard&Levassor. Bragden har fått ei minnestøtte ved inngangen til Vindhella. 23 24

Lærdal Turistinformasjon sommar 2013 Borgund stavkyrkje Borgund Stavkyrkje er blant Noregs mest dyrebare kulturskattar og sjølve kruna i det historiske Lærdal Avstand frå sentrum: ca. 30 km. Høgde over havet: ca. 400 moh. Komme dit: Bil/buss Besøkssenteret Senteret har ei omfattande utstilling om dei norske stavkyrkjene generelt, og Borgund stavkyrkje spesielt. Her er også funna frå Bjørkum-kaupangen utstilt. Kafé med heimelaga mat, turistbutikk og toalett. Ope 1. mai til 30. september. Prisar: vaksne NOK 80, familie NOK 190, student/ born NOK 60. Grupper (min. 15) og senior NOK 70. Tlf.: 57 66 81 09 BORGUND STAVKYRKJE Årringdateringar viser at tømmeret som er brukt i Borgund Stavkyrkje vart felt vinteren 1180-81. Kyrkja kan altså ha stått klar i løpet av året 1182. Ho er i dag den best bevarde og særmerkte av alle norske stavkyrkjer. Borgund er vigsla til Den Heilage Andreas og var i bruk til 1868, altså i nesten 700 år. Kyrkja er ei sokalla langkyrkje og mesteparten av kyrkja sin middelalderkonstruksjon er bevard. borgund@stavechurch.com www.stavechurch.com Kyrkja har også ein intakt, frittståande støpul med ei klokke frå mellomalderen. På grunn av stor turisttrafikk vart det bygd eit besøkssenter som vart opna av Dronning Sonja i 2005. Kyrkja er open 1. mai til 30. september. Resten av året på bestiling. Borgund kyrkje Soknekyrkje for Borgund og arvtakar etter berømte Borgund Stavkyrkje. Vigsla i 1868. Open kvar dag 1. juni- 1. sept. Inngang på same billett som til stavkyrkja. Vandring Rundt stavkyrkja er det etablert ein «Green Walk» som er ein skilta femminuttars gåtur i det unike kulturlandskapet, og meint for dei som ikkje er vant til å gå i natur. Spør etter vandrebrosjyre i besøkssenteret. Borgund Stavkyrkje er utgangspunkt for vandring på dei historiske vegane Vindhella og Sverrestigen. Spesielt rundturen som inkluderar begge er populær. Den tek 1,5 timar. Parkering ved besøkssenteret. 25 26

Borlo Bygdetun Margaretastova Kino i møkakjellaren og konsertar på taket. Ein entusiast har på eige initiativ bygd opp dette spennande bygdemuseet fullt av kulturhistorie frå Lærdal og Borgund. 16 bygningar med innhald. Kulturlandskap og vatningsveiter. Kongeveg i tunet. Ope etter avtale. Pris per vaksen NOK 50. Ekstra for servering. Ring: 57 66 87 43 eller 480 60 738 eller turistinformasjonen. Avstand frå sentrum: ca. 35 km. Høgde over havet: 500 moh. Komme dit: Bil/buss Allereie på 1300-talet sto det ei «salustove» på Filefjell. I 1358 høyrer me om «Margaretastofa á Filefjelli», ei stove som både konge og biskop gav vedtekter for. Stova var viktig for at kyrkja og staten sine tenarar og embedsmenn skulle få vern under dei farefulle ferdene over fjellet. Stova er såleis ei av dei eldste vitneprova på Lærdal si tusenårige vertskapsrolle. I samband med bygginga av kongevegen over Filefjell vart ei ny «Margrethestue» bygd i 1791-92. Vegbyggjaren sjølv, generalvegmeister Hammer stod bak, og han ville laga det makeleg for seg og sine. Stovemannen måtte holde stova i stand «... til Benyttelse for Reisende udenfor Bondestanden og ingenlunde til Brug for Bønder i nogen slags Maade...» I dag er stova eit privat museum, mellom anna kan du sjå generalvegmeistarens himmelseng. Gram Gardsbutikk Guida omvisning på førespurnad. Tlf.: 57 66 87 11. Turområder i nærleiken (Kongevegen 1793, blant anna med «De syv skuffelser», og Bergenske Hovedvej fra 1840-åra). Her er det blitt laga geitost sidan 1966. Ingen køyrer over Filefjell utan å smake brun geitost eller velsmakande geitostkarameller frå den karakteristiske gardsbutikken tett inntil E16. Butikken har også lokal honning, eplemost, flatbrød og diverse spekemat, samt eit breitt utval i skinn og ulltepper. Ope kvar dag. Tlf.: 91 70 30 62 Avstand frå sentrum: ca. 40 km. Høgde over havet: 630 moh. Komme dit: Bil/buss Avstand frå sentrum: 50 km. Høgde over havet: 816 moh. Komme dit: Bil/buss. Flåmsbana og Nærøyfjorden På andre sida av Lærdalstunnelen ligg Aurland og Flåm. Flåmsbana er ei utruleg togreise mellom høgfjellstasjonen Myrdal på Bergensbana og Flåm stasjon innerst i Aurlandsfjorden. Avgangar frå morgen til kveld. www.flaamsbana.no Turar på Nærøyfjorden kan du ta med passasjerbåtar, bilferje, fjordcruise, ribb-båt eller charter. Turstinformasjonen i Flåm: 57 63 21 06. 27 28

Lærdal Turistinformasjon sommar 2013 Lærdal Turistinformasjon sommar 2013 «Snøvegen» - Aurlandsfjellet «Snøvegen» - Aurlandsfjellet VVvVegen over det høge fjellet er Nasjonal Turistveg Avstand frå sentrum: 0-48,6 km. vestover Høgde over havet: 4-1306 moh. Komme dit: Bil/sykle www.vegvesen.no/vegprosjekter Fjellvegen mellom Lærdalsøyri og Aurlandsvangen fører deg over ein av dei majestetiske fjella du ser langs Sognefjorden. Den startar nede ved fjorden, der det er sommar, og køyrer opp gjennom dalar med elvar og grønkledde fjellsider, før den når høgfjellet der det framleis kan vere høge snøkantar langs vegen. Difor namet «Snøvegen». Deretter klatrar vegen ned att til fjorden. Vegen er 48,6 km. lang og vart opna i 1967. Høgste punkt er 1306 moh. Vegen er ein Nasjonal Turistveg. Ikkje bomveg. Kun sommaropen, som regel juni - oktober. Turen er ei reise mellom ulike landskap og gjennom fleire "årstider" Stegastein Dette spektakulære utsiktspunktet består av ein fire meter brei og 30 meter lang utstikkar i limtre og stål 640 moh. Konstruksjonen med utsikt over Aurlandsfjorden og Aurlandsvangen opna i 2006 og vekte internasjonal oppsikt. Parkering og toalett. Snø og isbre Oppe på høgfjellet kan du gå på ski i juli. Du kan drive brevandring på Blåskavlen og vite at verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen, går 1800 meter under deg. Fotturar og fiske Nesten kvar som helst kan du setje frå deg bilen og gå deg ein tur. Hugs at dette er toppen av ein av mange majestetiske fjell langs Sognefjorden. Fleire fiskevatn langs vegen. Du kjøper fiskekort på staden eller tek kontakt med turistkontoret. Bjørnehiet Den amerikanske kunstnaren Mark Dion har skapt eit bjørnehi i fjellet, der ein bjørn søv på ein skrothaug. Målet er å vise kva me gjer med naturen. Kunstverket har skapt stor debatt lokalt og nasjonalt etter at det opna i 2012. Parkering ved Vedahaugane, opphøgd gangveg inn til hiet, som ligg delvis skjult. Stopp 500 meter etter kommunegrensa dersom du kjem frå Lærdal. Utsikt mot fjelltinder i Jotunheimen. 29 30

... der naturen vert opplevd AKTIVITETAR AKTIVITETAR Lærdal er eit eldorado for fotturar og ein rekkje andre aktivitetar Bading Du kan bade i Sognefjorden på kommunal badeplass på Grandane (ved Lærdal Ferie og Fritidspark) eller i Hedler på andre sida av elva. Gå fra sentrum langs Hedlerbrua på Rv. 5. Båtutleige Med og utan motor. Lærdal Ferie- og Fritidspark. Tlf. 57 66 66 95. www.laerdalferiepark.no Tlf. 995 05 111 www.laerdalsport.com DNT-løyper i eller nær Lærdal: Breistølen-Sulebu (6 timar) Breistølen-Bjordalsbu (4 timar) Kyrkjestølen-Sulebu-Kyrkjestølen (5 timar) Kyrkjestølen- Sulebu-Breistølen (8,5 timar) Elvefiske Ørretens rike: I øvre del av Lærdalselva (også kalla Borgundselva) fiskar du billig og bra. Flugesoner, mark- og sluksoner. Du betalar med mobilen, skilt med nummer står langs fiskeplassane. Alle under 16 år gratis. Brunauren i Borgund er villfisk. Tlf. 57 66 67 71 915 51 043 www.orretensrike.no og www.inatur.no Laksefiske i Lærdalselvi: Lærdal elveeigarlag, Lasse Sælthun tlf. 911 81 665, seltun@online.no www.laerdalselvi.no Fjellfiske Fiskekort kan kjøpast ved enkelte vatn i Lærdal og Filefjell, samt Aurlandsfjellet. Kontakt turistinformasjonen: Tlf. 57 66 67 71 Fjordfiske Fjordfiske er gratis. Kontakt turistinformasjonen. for reglar/registrering. Registrering kan også gjerast på Posten i Prix-butikken. Tlf. 57 66 67 71 Golf Rikheim golfbane byr på slope-rata 6-hols golfbane, drivingrange og treningsområde for putting og bunkerslag. Proshop, kaffe- og matautomat. Open kvar dag. www.legk.nolokallag/laerdal Guida turar Vandring på Gamle Lærdalsøyri frå Telegrafen kl. 15. Se «Gamle Lærdalsøyri». Bestilling i Post- og Telemuseet/Telegrafen eller turistinformasjonen. Tlf. 57 66 67 71 915 51 043 Isklatring I isklatrarmiljøet er Lærdal ein svært attraktiv destinasjon. Det turre klimaet og ofte kalde periodar i januar og februar utan nedbør gjev stabile tilhøve for isveksten i dei mange fossefalla. Kontakt Lærdal Ferie- og Fritidspark: Jakt Jaktterrenget og jaktmoglegheitene er store i Lærdal. Her er hjort, rein, elg, småvilt og fugl. Kontakt turistinformasjonen eller sjå nettsida til Jeger og fiskerforeningen. Tlf. 57 66 67 71 http://www.njff.no/portal/page/portal/sogn_og_fjordane/ lokallag/laerdal Kano Kontakt Lærdal Sport og Rekreasjon. Tlf. 995 05 111 info@laerdalsport.no/www.laerdalsport.com Klatring Hedler klatrefelt har seks ruter for nybyrjarar og middels nivå, berre 500 meters fottur unna sentrum, ved Lærdalsfjorden og munninga av Lærdalselva. Instruktør på forespørsel. Kontakt Lærdal Ferie- og Fritidspark: Tlf. 57 66 66 95 www.laerdalferiepark.no Lund hjortefarm Ver med og fore hjorten. Opplev dei ville dyra på nært hald og i trygge omgjevnader. Lund hjortefarm har små kalvar, flotte koller og store bukkar. Avstand frå sentrum: ca. 8 kilometer. Ope tysdag og torsdag 19-20 eller ring 9594 3789 eller 9066 2744 for ein avtale. Etter 19. august kun ope etter avtale. Parkering. Tlf. 57 66 66 95 www.laerdalferiepark.no 31 32

AKTIVITETAR... ei god natts søvn OVERNATTING Lindstrøm Hotell Gamle Lærdalsøyri/Sentrum Tlf: 57 66 69 00 Sykling/sykkelutleige Lærdal er rik på asfaltruter og terrengruter for racer/landevegssykkel, tursykkel og terrengsykkel. Lette søndagsturar eller for profesjonelle, alle nivå og aldersgrupper. Lærdal Ferie- og Fritidspark hjelper med sykkelkart/ turbeskrivelsar og sykkelutleige. Tlf. 995 05 111 eller 57 66 66 95. www.laerdalferiepark.com www.laerdalsport.com Meir info på turistinformasjonen tel. 57 66 67 71. Tennis Kontakt Lærdal Ferie- og Fritidspark: Tlf. 57 66 66 95 www.laerdalferiepark.no Triathlonaktivitet Symje i kanalen eller i fjorden, løp flatt på asfalt eller på grus langs elvebreidda eller i middels bratt terreng på turveg. Sykkelrute langs fjorden er ideell for fartstrening og temposykling. Kontakt Lærdal Ferie- og Fritidspark: Tlf. 57 66 66 95 www.laerdalferiepark.no Trøbilar For born og vaksne. Lærdal Ferie- og Fritidspark. Tlf. 57 66 66 95. www.laerdalferiepark.no Turar Lærdal Turlag inviterar til fellesturar i lærdalsnaturen kvar onsdag mellom 10. april og 4. september og fellesturar nesten kvar laurdag juni-august. Turkart over merka turar finn du på turistinformasjonen, og på hotell, campingplassar, butikkar og kafèar. Tlf. 91 77 66 81 www.laerdal.turistforeningen.no/ Vandring - fotturar Lærdal er eit eldorado for fotturar og vandring. Det er kort veg til fjord, elv og kulturlandskap, og på eit par timar kan du gå frå dalbotnen til høgfjellet. Lærdal har turar for den godt trente, den middels trente eller for deg som ikke er ute så mykje. Rundt Lærdalsøyri er det fleire fotturar i flate ruter langs elvebreidda og langs fjorden som passar for heile familien. Det er også mange turar i bratt terreng. Stigninga opp fjellsidene har forskjellige ruter og ulike vanskegrader. I resten av dalen finn du turmoglegheiter langs vatningsveiter, kongevegar, postvegar eller ein topptur til fjells. Be om vandrebrosjyra «Lærdal tur» på turistinformasjonen. Den ligg også i butikkane, i kafèar, på campingplassar og hotell. Under kapittelet «Historisk Rute» finn du informasjon om ein flott fottur i historiske omgjevnader. God tur! post@lindstroemhotel.no www.lindstroemhotel.no Lærdal Hotell Lærdalsøyri/ved fjorden Tlf: 57 66 65 07 post@lerdalhotel.no www.lerdalhotel.no Grandane Hotell Lærdal sentrum Tlf: 57 66 69 00 post@lindstroemhotel.no www.hotelgrandane.no Sanden Pensjonat Gamle Lærdalsøyri Tlf: 57 66 64 04 post@sandenpensjonat.no www.sandenpensjonat.no 33 34

Lærdal Ferie og Fritidspark Hytter, motell, leiligheter, camping Eggum Gard Grandane-Lærdalsøyri Borgund Tlf: 57 66 66 95 Tlf: 57 66 82 75 info@laerdalferiepark.com post@eggumgard.no www.laerdalferiepark.com www.eggumgard.no Vindedal Camping og hytter Vindedal Tlf: 57 66 65 28 / 90 65 13 48 avindeda@alb.no Steinklepp Hytter og Camping Borgund Tlf: 918 07 487 www.sognefjord.no/no/ Produkt/?TLp=263610 Eri Gardshus Eri Borlaug Turist- og Vandrarheim Borlaug Tlf: 57 66 65 14 / 913 44 418 Tlf: 57 66 87 80 rolja@online.no borlaug@hihostels.no www.mamut.net/erigardshus Bjørkum gard Hønjum Tlf: 905 56 111 ole.j.bjorkum@gmail.com http://bjorkumgard. drupalgardens.com Kvamme Hytte Borgund Tlf: 57 66 81 26 www.sognefjord.no/no/ Produkt/?TLp=263601 Bjøraker Camping Borgund Tlf: 57 66 87 20 olemagsk@frisurf.no Borgund Hyttesenter og Camping Maristuen Fjellferie AS Breistølen Fjellstue Borgund Maristova Hemsedalsfjellet Tlf: 57 66 81 71 / 90 62 08 59 Tlf: 57 66 87 11 Tlf: 95 75 28 03 ovoldum@alb.no post@maristuen.no www.breistolen.no www.maristuen.no 35 36

Ein duger ikkje utan... Haabakken Kro Håbakken/Tønjum MAT OG DRIKKE Opningstider 10.00-21.00 Adresse Ved E16 Lærdalstunnelen Kontakt 57 66 60 18 Kort & Godt Kafè og Butikk Borgund Stavkyrkje besøkssenter Sentrum Borgund Opningstider 10.30 22.00 (red. etter 18. aug.) Adresse Øyraplassen 6 Kontakt 942 52 222 / 975 82 300 Opningstider Kontakt 57 66 81 09 08-20 (10-17 etter 21. aug.) Green Norway Borgund Hyttesenter og Camping Lærdal Ferie- og Fritidspark Borgund Opningstider 08-10, 11.30-14.30 og 17-22 Opningstider 10-23 Adresse Lærdal Ferie- og Fritidspark Adresse Gatekjøken ved E16 Kontakt 455 622 03 Kontakt 906 20 859 / 913 34 652 Kvammes Kafè og Pub Postaabneriet Pub & Kafè Gamle Lærdalsøyri Borgund Opningstider 11-23 (02). (red. etter 14. aug.) Opningstider kvar ettermiddag, se www.buiborgund.no Adresse Øyragata 15 Adresse Borgund sentrum Kontakt 915 45 849 Kontakt 57 66 64 78 Laksen Kafè Breistølen Fjellstue Norsk Villakssenter Hemsedalsfjellet Opningstider 11-21 (22) Opningstider 10.00-19.30 (28.06-18.08) Adresse Øyraplassen 14 Adresse Ved Rv. 52 mot Hemsedal Kontakt 992 02 302 Kontakt 957 52 803 37 38

Lærdal Turistinformasjon sommer 2013 Lærdal Turistinformasjon sommar 2013 Det skjer i Lærdal... Finn du det ikkje her... ARRANGEMENT Gratiskonsertar kvar onsdag i Kvammegården på Gamle Lærdalsøyri 26.06-14.08 kl. 18.00 Sjå«Vekesprogram Lærdal» for andre arrangement frå dag til dag. 9. - 12. MAI: Landstreff for Rutebilhistorisk Forening. 87 flotte veterankjøretøy og stint med folk. 20. MAI: Motbakkeløpet Storehaugen opp. Første runde i Noregscupen. 31. MAI - 2. JUNI: Alle som har vist interesse for Lærdal etter «Gøy på landet-serien» blir invitert til ei infohelg om Lærdal. 1.-2. JUNI: Kretsturnstemne for vaksne. 50 turnarar frå sju kommunar viser seg fram i Lærdal. 15-17. JUNI: Lærdalsmarknaden. Ein av Norges eldste og mest tradisjonsrike friluftsmarknadar fyller gamle Lærdalsøyri med tusenvis av besøkande. 23. JUNI: Jonsokfeiring. Bålbrenning og feiring fleire stadar i dalen. 28. - 30. JUNI: Jordeplerock. Dette blir framtidas store rockehappening. Bli med frå starten! 11.-14. JULI: Kom Heimatt! Den årlege bygdefesten der utflytte lærdøler kjem heim, har det gøy - og angrar på at dei flytta. 7. SEPTEMBER: Maristovedilten. Folk går mann av huse for å gå den gamle Kongevegen mellom Maristova og Kyrkjestølen før vinteren kjem. 20.- 21. SEPTEMBER: Villaksseminaret 2013. Tema for fagseminaret er Gyrodactylus Salaris. 27.- 28. SEPTEMBER: Smak av Sogn. Matfestival med fokus på kortreist mat, nettverksbygging og inspirasjon. 28.- 30. SEPTEMBER: Haustmarknaden. Bøndene i Lærdal er ferdig med årets avling. På tide å fylle opp matlageret for vinteren. HANDEL OG SERVICE Daglegvare Coop Prix Lærdalsøyri, Øyraplassen 2. Ope 09-21 (20). Tlf.: 57 66 62 30. Kiwi Lærdalsøyri, Øyraplassen 5. Ope 09-21. Tlf.: 57 66 62 08. Joker Ljøsne, Ljøsne. Ope 10-20 (18). Tlf.: 57 66 91 05. Joker Borgund, Borgund. Ope kvardagar 09-17 (15), torsd. 09-19. Tlf.: 57 66 81 05. Klede Vivendi AS, Øyraplassen 8. Tlf.: 57 66 63 50 Titten Tei, Øyragata 46. Tlf.: 57 66 89 28 Sport og fiske Sportsbui, Øyraplassen 4. Ope 10-18 (15). Tlf.: 90 94 61 60. Drivstoff Esso Lærdal, ope måndag-fredag: 07.30-22.00, laurdag søndag 09.00-22.00. 57 66 79 90 Borgund, sjølvbetjent stasjon Tønjum/Håbakken, sjølvbetjent dieselstasjon. Frisør Elins Frisørsenter, Øyragata 55a. Tlf.: 57 66 60 90 Anne Ma Frisørsalong, Vetla-elvi 2. Tlf.: 57 66 61 38 Vivendi, Øyraplassen 8. Tlf.: 57 66 63 50 Salong Kirsten, Håbakken. Tlf.: 57 66 92 06 Jernvare/byggevare Fretland Bygg, Byggeriet, Monsemarki 2. Tlf.: 57 66 79 10 FK-butikken, Grandavegen 6. Tlf.: 57 66 64 08 Blomster Blomsterbui, Lærdal og Amble Gartneri, Fortun 1. Tlf.: 57 66 65 71 Gavebutikk Norsk Villakssenter, Øyraplassen 14. Tlf: 57 66 67 71 En liten engel, Øyragata 50. Tlf.: 941 84 742 Kart og bøker Norsk Villakssenter, Øyraplassen 14. Tlf: 57 66 67 71 Bank og minibank Indre Sogn Sparebank, Øyraplassen 4. Tlf.: 57 64 85 10 Postkontor Post i butikk (Prix) Øyraplassen 2. Ope 09-21 (20). Tlf.: 57 66 62 30. Apotek Vitusapotek Lærdal, Øyraplassen 7. Tlf.: 57 66 99 66. Optikar Kjell Magne Talleraas, Øyragata 47. Tlf.: 920 94 145. Tannlege Distriktstannlækjar, Øyraplassen 6. Tlf.: 57 64 13 50 Lærdal Tannhelse, Hansegardsvegen 1. Tlf.: 57 66 66 59. 39 40