MØTEBOK FOR SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Onsdag 5. juni Desse møtte: Frå soknerådet: Kommunal representant: Frå kyrkjebladnemnda: Skrivar: Forfall: Fungerande leiar Anlaug Røen Hauge, Solvor Aadland, Inger Odland, Brynjulv Hernes og sokneprest Audun Aase. Åshild Aadland Haga var med frå sak 26. Brigt Olav Gåsdal Bente Bødker, tok del frå matpausen. (Britt Haukanes og Anlaug R. Hauge er også med i nemnda) Kyrkjeverje Britt Haukanes. Kristi Mjelstad Møtestad: Haga kyrkje Møtet byrja kl. 18.30 og slutta kl. 22.00 Kyrkjebladnemnda vart invitert med, i tilknytning til sak 25. Arbeidet til nemnda var også oppe som tema. I tillegg vart Bente Bødker også spurd om arbeidet sitt i kyrkja. Opning v. Britt Haukanes: «Sumarkveld» av Ivar Åsen. SAKSLISTE: Sak 21/13 KS Sak 22/13 KS Sak 23/13 KS Sak 24/13 SR Sak 25/13 SR Sak 26/13 SR Sak 27/13 SR GODKJENNING AV INNKALLING/ MØTEBOK MELDINGAR OG RÅDET SITT KVARTER STILLINGSOMTALE KYRKJETENAR LØNA HJELP TIL TRUSOPPLÆRINGA PROGRAM FOR KYRKJEBLADNEMNDA VEGEN VIDARE KVA VIL ME? Halvtårsplan hausthalvåret 2013 - Hovudliner 2014 Revidering av handlingslista PERMISJONSSØKNAD LEIAR FOR TRUSOPPLÆRINGA (Ekstrasak meldt på møte)
Sak 21/13 KS GODKJENNING AV INNKALLING/ MØTEBOK Vedlegg Møtebok 22.4 : Innkallinga vart godkjend. Møtebok frå 22.4 vart endeleg godkjend. Sak 22/13 KS MELDINGAR OG RÅDET SITT KVARTER Årsmelding og rekneskap er trykt opp og ligg framme i kyrkja for dei som vil ha. Årsmeldinga: Kyrkjeverja fann at samlinga om Noa for 5-åringane, likevel vart halde. (Det stod i den opprinnelege meldinga at ho var avlyst.) Dette er retta i den årsmeldinga som er trykt opp. Rekneskapen: Oversikta over balansen som rekneskapssystemet hadde laga til oss, stemte ikkje overeins med den detaljerte balansen rekneskapsføraren hadde sett opp. Den vart difor teken ut av rekneskapen. Evaluering av kyrkjelydshelga. Det har kome mange positive attendemeldingar om kyrkjelydshelga. Små og store kosa seg i det fine veret. Gode samlingar og samtaler og fint fellesskap! Det er greitt at avstanden er så kort at nokon kan overnatta heime, og folk kan vera med dei dagane dei har høve til det. Ting å gjera betre: Det var vanskeleg for dei små å få sova, fordi det var svært mykje trafikk i gangane utanfor romma deira. Anna plassering til neste år? Gudstenesteverkstaden engasjerte ikkje meir enn nokre få. Skal det vera eit anna år, må det leggjast opp slik at alle har ei reell oppgåve. Fleire leiarar må ha kvar si gruppe td. kan kantorane leia ei gruppe med song og musikk, det kan vera bilde til preika måla av ungar, eller dramatisering av teksten. Dette må planleggjast og avtalast på førehand. Det er også ynskjeleg at gudstenesta vert halden på Wallemtunet, før leiren vert avslutta. Heile kyrkjelyden kan heller inviterast til å vera med på gudstenesta der oppe. For når folk har rydda, pakka, vaska og køyrt heim, er det ikkje alle som orkar å rykkja ut igjen til gudsteneste ein liten time etterpå. Vedlikehaldsmidlar, vedtak frå formannskapet. Det var ein del diskusjon i formannskapet om kyrkja kunne få omdisponera midlar som står på fond, for å få måla kyrkja på Haga. Rådmannen meinte at desse midlane ikkje var kyrkja sine, men burde gå attende til kommunen om dei ikkje vart nytta til det dei var løyvde til. Kyrkjeverja reagerte sterkt på uttale frå rådmannen om at kyrkja fekk oppføra seg som dei andre etatane, og viss ikkje ho gjer det får ho rekna seg som ein kva som helst anna organisasjon. Dette er i beste fall kunnskapsløyse, i verste fall bevisst desinformasjon. Kyrkja er ikkje ein etat i kommunen og har ei særstilling som er regulert gjennom kyrkjelov og forskrifter. Kyrkjeverja vil ta kontakt med ordføraren om saka. Saka om omdisponering går vidare til kommunestyret (møte 20. juni) med tilråding frå formannskapet om lov til å omdisponera midlane. «Godhetskonferansen 2013» Imikirken i Stavanger arrangerer inspirasjonsdagar /kurs for dei som ynskjer å ha godleiksfestival til neste år. Soknerådet ynskjer å senda dei som skal ha hovudansvar for konferansen her i bygda, på denne konferansen. Jmf. Sak 26. Møte med mentor for trusopplæringa. Referat frå møtet og framlegg til «veiledningsavtale» vart utdelt til kyrkjestyret. Postjournal for siste månaden vart utdelt på møtet
RÅDET SITT KVARTER Kyrkjegardsmurane Vert murane snart reparerte? Det er driftseininga ved teknisk etat i kommunen som no har ansvar for kyrkjegardsmurane. Dette er avklart i avtala då dei overtok drifta av kyrkjegarden, og var ei av dei tinga som vart særleg snakka om at det hasta med å få gjort. Det har også sidan vore oppe i samtaler mellom Endre Kulleseid og kyrkjeverja. Teknisk seier at det er vanskeleg å finna midlar til å få dette gjort, men at dei prøver å få det til. Trea ved kyrkjeporten Det spirer no så vidt opp frå dei store trea ved kyrkjegardsporten som vart skorne ned i haust. Om det ikkje det lagar seg til noka trekrune, vil soknerådet be om at trea vert fjerna. Sak 23/13 KS STILLINGSOMTALE KYRKJETENAR Kyrkjeverja har etter mal frå KA og i samarbeid med kyrkjetenaren, arbeidd ut ein stillingsomtale for kyrkjetenaren på Ådland. Sjå vedl. Vedlegg 23/ Stillingsomtale kyrkjetenar Ådl Framlegg til vedtak Kyrkjestyret godkjenner instruks for kyrkjetenaren på Ådland, som vedlegg 23/13. Kyrkjestyret godkjenner instruks for kyrkjetenaren på Ådland, som vedlegg 23/13, men med denne endringa: Dei ynskjer stryka pkt. 2 under jobboppfylling: «At kyrkja er osb.» Sak 24/13 SR LØNA HJELP TIL TRUSOPPLÆRINGA Fakta Me har i 1,5 år hatt ein løna medarbeidar på kompis i tillegg til barnearbeidaren. Me har også hatt løna medarbeidar på babysong. I sidan desember 2012 har Linda Gangstø-Nordbø hatt begge desse jobbane. (15% stilling til saman) Ho sluttar 21.juni. Ho vil ta babysongen gratis frå hausten av. Anne Tandstad har vore frivillig på kjøkkenet og som medhjelpar på kompis elles. Ho vil frå hausten av prøva å gå ut i jobb, og kjem ikkje til å ha høve til å vera frivillig medhjelpar på same måten. Men ho kunne gjerne tenkja seg å vera «kompishjelpar» på løna basis. Av faste medhjelparar elles, har me Anlaug R. Hauge som har leksehjelp og Åshild Aarvik som stundom er med når ho ikkje er på jobb. Kostnader Grunnlag: Løn som «5228 menighetsarbeider» i lønsgruppe 1, timelønn 168,50 4 timar for kvar kompis-samling 16 stk, = 64 timar Planlegging 4 x 2 timar = 8 timar Ekstra arrangement som kompisleir, avslutning ol. 15 timar Til saman 90 timar
Utgifter: Lønn: 168,50kr/t x 90t = Feriepengepåplussing Arbeidsgjevaravgift Til saman 15 165 kr 349 kr 2 138 kr 17 652 kr I tillegg kan det koma kveldstillegg/ helgetillegg på helgesamlingane. Vurderingar Det må minst vera tre vaksne til stades på Kompis for at det skal vera forsvarleg med rundt 30 born ute og inne. Anne Tandstad har gjort ein kjempejobb på kjøkkenet, og er flink til å organisera og ta ansvar. Me vil svært gjerne behalda ho i dette arbeidet. Det er vanskeleg å finna folk til å ta på seg både frivillig arbeid (og løna småjobbar) på dagtid. Soknerådet ynskjer å løna ein vaksen medarbeidar til å hjelpa til på Kompis frå august tom. des. 2013. Denne skal lønast for 4 timar pr. gong. etter timeliste, frå lønsgruppe 1 5228 Menighetsarbeider, frå Art 3 0300 Ekstrahjelp, Ansvar 222 trusopplæring på soknerådsbudsjettet. Han skal også lønast for å ta del i planlegging inntil 4 gongar a 2 timar og kan lønast for dei ekstra timane som går med til store arrangement som juleverkstad og sommaravslutning. (ca. 15 timar). Anne Tandstad skal få tilbod om denne jobben. et var samrøystes og som framlegget. Sak 25/13 SR PROGRAM FOR KYRKJEBLADNEMNDA I sak 58/12 bad soknerådet dei ulike nemndene om å laga program/ «føremåls-omtaler» for nemndene sine. Kyrkjebladnemnda hadde i møte 12.3 oppe program for nemnda. Sjå vedl. Vedlegg 25 Program for kyrkjebladnemnda Soknerådet godkjenner programmet for kyrkjebladnemnda som vedlegg 25/13. et var samrøystes og som framlegget Sak 26/13 SR VEGEN VIDARE KVA VIL ME? Halvtårsplan hausthalvåret 2013 - Hovudliner 2014 Revidering av handlingslista I planlegginga av hausten og neste år tek me med oss: Framlegg til gudstenesteliste for hausten 2013. Ting frå handlingslista? Kantor arbeider med korprosjekt for oktober. Bach for orgel, korps og song. (30-årsjubileum for orgelet og for organistane) Førebels datoar: Øving onsdg. 2. og 16., torsdag 24. og 31. og konsert 1. november. Kyrkjelydsfest, som i fjor? Kan me få til dugnad på Nordviksæter i sumar? Framlegg frå kyrkjelydshelga:
o «Myldredag» 4 gongar årleg sundagar med felles middag, leikar, turar, aktivitetar. o Samlingar i kyrkja på Haga ein gong i månaden. Undervisning, kveldsmat og grupper. o Kro for ung og gamal konfirmantane og ungdomane ynskjer invitera vaksne inn på kro ein gong i månaden. Vedlegg 26a Gudstenesteliste hausten 2013 26 b Handlingsliste Liste over planlagd ungdomsarbeid, vart lagt fram på møtet. Saka vart lagt fram utan framlegg til vedtak Soknerådet - gjekk igjennom handlingslista og bestemte kva som skulle strykast og kva som skulle arbeidast meir med. (Sjå vedl. 26 A Handlingsliste juni 2013) - ynskjer å senda minst to stk. til Godleikskonferanse i Stavanger i oktober. Det må før det, avklarast kven som skal ha hovudansvar for denne festivalen. - ynskjer å ha ein kyrkjelydsfest i oktober/ november. Audun Aase spør Per Fimreite om å vera med som talar på festen. - ynskjer å arrangera «Myldredag» 4 gongar årleg sundagar med felles middag, leikar, turar, aktivitetar. Dei kan også stundom kombinerast med gudstenesteverkstad. - ynskjer å ha samlingar i kyrkja på Haga ein gong i månaden. Desse skal ha undervisning, kveldsmat og samtale i grupper etterpå. - ynskjer at dei vekene det er kro om tysdagane, skal ein sløyfa bøn og lovsong om måndagane. Så kan dei vaksne vera med på kro saman med ungdomane. - ynskjer å arrangera dugnad på «bedehuset» ved Fitjavatnet 24. og 31. august. 2013. Solvor Aadland snakkar med dei som eig nabosælet. - ynskjer å ha kyrkjelydshelg 23. 25. mai. på Wallemtunet. Anlaug R. Hauge bestiller. Kyrkjestaben skal setja opp den endelege kyrkjekalenderen for hausten 2013, etter føringane ovanfor. Sak 27/13 SR PERMISJONSSØKNAD LEIAR FOR TRUSOPPLÆRINGA (Ekstrasak meldt på møte. Kome inn same dag som møte vart halde.) Fakta Leiar for trusopplæringa, Hilde Aarvik, søkjer om permisjon frå stillinga si frå og med 1. aug. 2013 t.o.m 31.juli 2014. Ho er tilsett i 50% i soknet. Sidan det er mindre enn tre månader frå søknadsdatoen til 1. august, tilbyr ho at dei timane me måtte ha «til gode» kan nyttast ved behov utover hausten/ vinteren. td. til opplæring av ny medarbeidar. Vurderingar Hilde Aarvik har gjort ein god jobb for kyrkja gjennom mange år. Det er rimeleg at ho får innvilga denne søknaden straks, sjølv om det vart kort varsel og uførebudd sak for soknerådet. Sett i høve til terminskift, er det og rimeleg at ein ny medarbeidar startar opp den nye terminen med konfirmantundervisning. Skulle ikkje me finna nokon som kan ta på seg leiar-jobben så fort, vil me kunna nytta oss av tilbodet om hjelp frå Hilde Aarvik i overgangsperioden. Hilde Aarvik får permisjon frå og med 1. aug. 2013. til og med 31. juli 2014. Arbeidsutvalet arbeider vidare med utlysing av stillinga, tilsetjing og tilrettelegging av overgang mellom gamal og ny medarbeidar.