saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.12.2012 76302/2012 Sigri Spjelkavik Saksnr Utval Møtedato U-10/13 Fylkesutvalet 28.01.2013 Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak Bakgrunn Høyringsutkastet til Planprogram for Regional delplan for folkehelse vart lagt ut til offentleg ettersyn 03.10.12, med høyringsfrist 16.11.12. I alt har vi mottatt åtte høyringsinnspel. I tillegg har det vore orientert om planprogrammet i kultur- og folkehelseutvalet, eldrerådet, rådet for likestilling av funksjonshemma og likestillingsutvalet. Kort om prioriteringane i høyringsdokumentet Planprogrammet føreslår at regional delplan for folkehelse skal ha fire hovudtema; organisering og samhandling, helserelatert åtferd/levevanar, oppvekst og levekår og fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø. Kort om høyringsinnspela Høyringspartane er bedne om å ta stilling til om planprogrammet i tilstrekkeleg grad gjer greie for; innhald i kommande plan, organisering av planarbeidet, korleis medverknad skal sikrast og framdriftsprosessen. Tre av høyringsinnspela går ut på at planprogrammet er tatt til vitande/ein sluttar seg til programmet. Det er sakna ein omtale av den samfunnsøkonomiske dimensjonen i folkehelsearbeidet. Det er påpeika at det bør vere med fleire referansar til relevante stortingsmeldingar, ein temarettleiar og ein nasjonal handlingsplan. Det er kome eit innspel på behov for ei vidare presisering og klargjering av tema og problemstillingar knytt opp mot aktuelle fokusområde. Det er ikkje vidare utdjupa kva dette er. Det er bedt om at ein i det vidare arbeidet med regional delplan for folkehelse er bevisst på problemstillingar rundt kvinne-/mann-helse, seksuell legning, innvandringsmiljø og vold i nære relasjonar.
Side 2 Det er kome innspel på at ein må ha fokus på likestilt tilgjenge for alle ved å integrere universell utforming i alle planar og prosessar, samt fokus på førebyggjande helsearbeid for å hindre livsstilssjukdommar og betre eldre og funksjonshemma sin livssituasjon. Samt ei tilføying til hovudtema (jf 3.2) - Helserelatert åtferd/levevanar. Siste avsnitt/siste linje:.. og med ulike ferdigheiter. Vurdering Det er ikkje kome innspel om endringar i hovudtema, organisering av planarbeidet, korleis medverknad skal sikrast eller framdriftsprosessen. Innspelet på referansar til stortingsmeldingar, ein temarettleiar og ein nasjonal handlingsplan er relevant og vil bli innarbeidd i planprogrammet. Problemstillingar rundt kvinne-/mann-helse, seksuell legning, innvandringsmiljø og vold i nære relasjonar vil ein kunne ivareta gjennom arbeidet med regional delplan for folkehelse. Fylkesmannen i Møre og Romsdal sin kommentar om at ein på nokre område ser behov for ei vidare presisering og klargjering av tema og problemstillingar knytt opp mot aktuelle fokusområde, er ikkje nærare utdjupa. FMMR vil vere ein sentral part i det vidare arbeidet med planen, og vil dermed få god anledning til å kome med utdjupingar og innspel i løpet av prosessen. Det vil bli innarbeidd ei setning om den samfunnsøkonomiske betydinga av folkehelsearbeid. Tilføyinga og med ulike ferdigheiter - under hovudtema helserelatert åtferd/ levevanar, er ei viktig presisering og kan innarbeidast i planprogrammet. Likestilling og universell utforming er gjennomgåande perspektiv i all planlegging og vedteke i fylkesplan 2013-2016. Forslag til endeleg planprogram, sjå vedlegg 2. Forslag til vedtak: Fylkesutvalet vedtek framlegget til planprogram for Regional delplan for folkehelse. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Arvid Blindheim fylkeskultursjef Vedlegg 1 Samandrag av innkomne høyringsuttalar 2 Planprogram - Regional delplan for folkehelse
Side 3 Vedlegg 1: Planprogram Regional delplan for folkehelse. Samandrag av innkomne høyringsuttalar. Innspel 1 Herøy kommune Formannskapet tek forslag til planprogram for regional delplan for folkehelse til vitande. Innspel 2 Hareid kommune Hareid formannskap sluttar seg til planprogrammet for ein regional delplan for folkehelse. Innspel 3 Ålesund kommune Administrativ uttale. Folkehelsekoordinator i Ålesund kommune saknar ein omtale av den samfunnsøkonomiske dimensjonen i folkehelsearbeidet, og meiner at det bør omtalast under kap 1.2 Føremål og målgrupper. Fylkesrådmannen vurderer dette som eit relevant innspel og innarbeider ei tilføying om dette i planprogrammet. Innspel 4 Rauma kommune Administrativ uttale. Uttalen tyder på at administrasjonen har oppfatta dette som ein plan og ikkje eit planprogram. Innspela går på at; det er positivt med plan og den rolla som fylkeskommunen har i forhold til å støtte kommunane. Rauma kommune er spesielt oppteken av; Fortsetje med God Helse programmet, kompetanseheving, felles arenaer, bistand i forankring av folkehelsearbeidet, arbeidet med oversikt over folkehelsa, økonomisk støtte mv. Ut ifrå at innspela er gitt som om det er planen som er på høyring, vel fylkesrådmannen å ta dette innspelet til orientering. Innspel 5 Fylkeseldrerådet Eldrerådet tek regional delplan for folkehelse planprogram til vitande. Innspel 6 Likestillingsutvalet Likestillingsutvalet ber om at ein i arbeidet vidare med regional delplan for folkehelse er bevisst på problemstillingar rundt kvinne-/mann-helse, seksuell legning, innvandringsmiljø og vold i nære relasjonar. Innspelet frå likestillingsutvalet omhandlar det vidare arbeidet og gjer det ikkje nødvendig å omarbeide planprogrammet.
Side 4 Innspel 7 Rådet for likestilling av funksjonshemma Likestilt tilgjenge for alle ved å integrere universell utforming i alle planar og prosessar. Førebyggjande helsearbeid for å hindre livsstilssjukdommar og betre eldre og funksjonshemma sin livssituasjon. Område to: Helserelatert åtferd/levevanar. Siste avsnitt/siste linje:..og med ulike ferdigheiter. Rådet for likestilling av funksjonshemma ber om å bli løpande orientert om prosessen vidare. Universell utforming er eit gjenomgåande perspektiv i all planlegging. Førebyggjande helsearbeid er sentralt i folkehelsearbeidet alle er i målgruppa for dette arbeidet. Vi er eit fylke med ein høgare del eldre det er omtalt i pkt 3.2. Dei funksjonshemma er ikkje nemnt spesielt, men likestilling er eit gjennomgåande perspektiv i all planlegging. Tilføyinga og med ulike ferdigheiter - er ei viktig presisering og kan innarbeidast i planprogrammet. Innspel 8 Fylkesmannen i Møre og Romsdal (FMMR) FMMR er positiv til den vekta arbeidet med folkehelse har fått i fylkesplanarbeidet og ønskjer å vere ein viktig samarbeidspart i det vidare planarbeidet. FMMR peikar på at utkastet til planprogram er innhaldsmessig strukturert og presentert på ein ryddig og oversiktleg måte. FMMR peikar vidare på at Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging har blinka ut Helse, livskvalitet og oppvekstmiljø som eitt av seks hovudsatsingsområde for perioden 2013-2016. FMMR er oppteken av det tverrfaglege og tverrsektorielle perspektivet og god forankring i regionale og kommunale plan- og styringsdokument. FMMR trekkjer fram at førebyggjande helsearbeid bør integrerast i areal- og transportplanlegginga og nemner St.meld. nr 23 (2001-2002) Betre miljø i byer og tettsteder. FMMR peikar også på at mange vert utsett for helse- og miljøfarlege kjemikaliar og viser til St.meld. nr 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø forutsetninger for en tryggere fremtid. FMMR nemner også St.meld. nr 39 (2000-2001) Friluftsliv Ein veg til høgare livskvalitet som vektlegg friluftslivet som ei kjelde til glede, livskvalitet og god helse. Målsetjinga om at friluftsliv skal styrkast i samband med behandling av sjukdom, skadar og rehabilitering, og i det førebyggjande arbeidet. FMMR meiner òg at Nasjonal handlingsplan for fysisk aktivitet 2005-2009 bør inngå som ein del av grunnlagsdokumenta for det vidare arbeidet. FMMR peikar på at når det gjeld barn og unge har fylkeskommunen plikt til å ta omsyn til og involvere barn og unge i si planlegging og nemner T-1513 Barn og unge og planlegging etter plan- og bygningsloven. FMMR har barn og unge som særskilt satsing i 2013-2016. FMMR oppsummerer med at dei utanom kommentarane gjengitt ovanfor, elles ikkje har særskilte merknader til dei prioriteringane og avgrensingane som er gjort i
Side 5 høve til innhald/prioritering og vidare organisering av planarbeidet. På nokre område ser vi likevel behov for ei vidare presisering og klargjering av tema og problemstillingar knytt opp mot aktuelle fokusområde. FMMR har innspel til Nasjonale rammer og føringar og det er relevante innspel som kan innarbeidast i oversikta i kapittel 2.2. Når det gjeld innhald/tema og vidare organisering har ikkje FMMR innspel, men meinar at det på nokre område likevel er behov for ei vidare presisering og klargjering av tema og problemstillingar knytt opp mot aktuelle fokusområde. Dette er ikkje ytterlegare utdjupa og vil såleis ikkje føre til endringar i planprogrammet. FMMR vert ein sentral part i det vidare arbeidet med planen, og får god anledning til å kome med innspel.
U 10-13 Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak 6 Samrøystes vedtak i fylkesutvalet - 28.01.2013 Fylkesutvalet vedtek framlegget til planprogram for Regional delplan for folkehelse. U 11-13 Fråsegn til "Moderne vegtunneler" Behandling i fylkesutvalet - 28.01.2013 Fylkesrådmannen endra sitt forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune har følgjande merknadar:! Viktige regionale og lokale tunellprosjekt bør også i framtida kunne byggjast etter dagens praksis med stigning/fall inntil 7%. For tunnellar med relativt låg trafikk, bør det vere høve til å dispensere frå 7% stigning/fall til 9% stigning/fall.! Vi føresett at tunellprosjekt som er kome langt i planlegginga ikkje vert påverka av dei evt skjerpa krava, slik at dei kan gjennomførast som dei er planlagd. Frank Sve (Frp) fremma følgjande endring i fylkesrådmannen si tilråding: Bør blir erstatta med Må, på begge stader i forslaget. Steinar Reiten (Krf) fremma følgjande forslag til nytt kulepunkt: Alle tunnelar må ha mobildekning/naudnett. Votering: Samrøystes som nytt forslag frå fylkesrådmannen med endringa frå Sve og nytt kulepunkt frå Reiten. Samrøystes vedtak i fylkesutvalet - 28.01.2013 Møre og Romsdal fylkeskommune har følgjande merknadar:! Viktige regionale og lokale tunellprosjekt må også i framtida kunne byggjast etter dagens praksis med stigning/fall inntil 7%. For tunnellar med relativt låg trafikk, må det vere høve til å dispensere frå 7% stigning/fall til 9% stigning/fall.! Vi føresett at tunellprosjekt som er kome langt i planlegginga ikkje vert påverka av dei evt skjerpa krava, slik at dei kan gjennomførast som dei er planlagd.! Alle tunnelar må ha mobildekning/naudnett. U 12-13 Uttale: Helse Midt-Norge RHF må halde fast på vedtatt investeringsplan Samrøystes vedtak i fylkesutvalet - 28.01.2013 Fylkesutvalet delegerer til fylkesordføraren å sende ein uttale til Helse Midt-Norge RHF med krav om at prioriteringsrekkefølgja for investeringar ikkje blir endra i disfavør av eit nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Fylkesutvalet viser her til seinare tids oppslag i Adresseavisen.