M/S Victoria starter eventyrferden fra Skien til Dalen under Minutt for minutt søndag 26. august 2012. Årsmelding 2012



Like dokumenter
Dokkadeltaet 28. Mai 2014 Daglig leder Pål Kleffelgård

Årsmelding for M/S Henrik Ibsen ved Spjotsodd bryggje i Kviteseid, foto Kåre Pedersen Bilde for Bilde.

Telemarkskanalen som regionalpark

Strategisk handlingsplan Telemarkskanalen regionalpark

NY NÆRING UNDER GAMLE TAK Låveprosjekt. Det er to sider ved en bygning; bruken og skjønnheten. Bruken tilhører eieren, skjønnheten hele verden

Attraktiv reisemålsutvikling krever god samhandling. Pål Kleffelgård daglig leder Telemarkskanalen regionalpark.

Forslag frå fylkesrådmannen

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

THE TELEMARK CANAL AS A REGIONAL PARK PRESENTATION WCC 22. SEPT BY PER ESPELI CCR

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

Politisk program for Jølster KrF

i6c)( Melding om vedtak - Tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring - skuletilbod høyringsuttale

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

LOKALE OG REGIONALE PARKER

Lokale og regionale parker i Norge

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

REGIONALPARK OG NÆRINGSUTVIKLING

Rekneskapet for prosjektet såg slik ut pr. september 2008:

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Analyse av erfaringer fra etablerte parkprosjekter i Norge; planer, kriterier, måleindikatorer og rapporteringssystem

Møteprotokoll. Utval: Fylkeseldrerådet i Hordaland Møtestad: Fylkesutvalsalen, 3.etg., Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 10:15-14:50

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

«Ny Giv» med gjetarhund

Referat frå MINTA møte

PLP-PROSJEKTPLAN. Styringsplan for landbruk og bygdeutvikling i Telemark

Sak /12 Forprosjekt Vefsna regionalpark. Trykte vedlegg: -søknad til IHR sitt regionale næringsfond om med-finansiering

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Plan for etablering av Telemarkskanalen regionalpark

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

The Climate Park 2469 in Jotunheimen, Norway combining science, interpretation and tourism in an innovative collaboration

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Parkplan Basert på plan for etablering av Telemarkskanalen regionalpark av 16. april 2010, justert 26. mai 2014

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Utviklingsforumet for Ålesund Lufthavn, Vigra - søknad om tilskot i samband med etablering av direkte flyrute mellom Amsterdam og Ålesund.

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

SØKNAD OM TILSKOT, «FÅRESTILLING» - NASJONALT SENTER FOR ULL OG FÅR.

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Kompetansemekling i privat og off sektor

Forstudie Næringshage i Vinje

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan for 2015 og 2016

Møteprotokoll Styret for Stord vatn og avlaup KF

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

1. Mål med samhandlingsreforma

ARBEIDSPLAN

M/S NYBAKK SI HISTORIE

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Landskapspark, kva kan det tyde for Myrkdalen?

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Attraktivt Midt-Telemark. Landskapskonvensjonen. Deltaking. telemarksforsking.no 3. Solveig Svardal

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Prosjektbeskriving: Utviklingsprosjekt inkubator Fram Flora AS. Vår 2016

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Handlingsplan for fellestiltak Pr

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Meld forfall snarast råd til sekretær for utvalet Line Bosnes Hegna på mobil eller epost:

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Kva er (Midt-)Telemark? Kva er Telemark Kva kan dette brukast til? telemarksforsking.no 3. Solveig Svardal. Assosiasjonar og flyttemotiv

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Transkript:

M/S Victoria starter eventyrferden fra Skien til Dalen under Minutt for minutt søndag 26. august 2012 Årsmelding 2012 Godkjend av styret 13. februar 2013 Regionalparken har nettsider på www.telemarkskanalen.no under Kontakt 1

Innhald Oppsummering og vegen vidare... 3 Høgdepunkt i 2012... 4 Organisasjon... 5 Arbeid med innsatsområda i parkplanen (2010)... 6 Landskapsforvaltning... 6 Reiseliv og annen næring... 7 Informasjon og marknadsføring... 8 Frivillig sektor... 9 Kunnskapsutvikling... 9 Nasjonale og internasjonale nettverk... 9 Finansiering... 10 2

Oppsummering og vegen vidare Det har vore eit innhaldsrikt og godt startår for Telemarkskanalen regionalpark, der høgdepunktet var Telemarkskanalen minutt for minutt på NRK. Telemarkskanalen minutt for minutt søndag 26. august blei ein knallsuksess, mye takket være ein utrolig oppslutning frå innbyggarar, lag og foreiningar langs kanalen, både før og under programmet. I tillegg var det mange telemarkingar som med stoltheit følgde M/S Victoria på TV, radio og internett. Til saman var 1,3 mill. personer innom fjernsynsendinga og 224 000 følgde heile sendinga. For regionalparken blei dette eit svært viktig prosjekt. Ansvaret for å koordinere tipslister til NRK, praktiske førebuingar og publikumsprogram på land ga oss ein fenomenal mogelegheit til å etablere nettverk og gode samarbeidsrelasjonar med kommunane, frivillige lag og foreiningar og andre viktige aktørar langs kanalen. Vi blei imponerte over engasjementet frå privatpersoner, lag og foreiningar, både innsatsen for å sette i stand og pynte til programmet, og idear og innspel til korleis vi skulle presentere Telemarkskanalen. I 2012 søkte og fikk vi pengar frå to sentrale verdiskapingsprogram, eit for kulturminner (VSP kulturminne) og eit for lokale og regionale parker (VSP park). Det siste er det største. Rett før jul fikk vi gladnyheita om at vi fikk heile søknadsbeløpet på 1,9 mill. kr frå Kommunal- og regionaldepartementet. Dersom fylkeskommunen løyver det vi har søkt, får vi totalt 3,6 mill. kr til å auke områdets attraktivitet. Arbeidet med å realisere parkplanen, som er fundamentet for regionalparken, er i gang. På alle satsingsområda har regionalparken hatt aktivitet i 2012, anten med eigne tiltak eller ved å medverke i andre sine. Formålet med Telemarkskanalen regionalpark er å auke kanalområdets attraktivitet, både som reisemål og stad å bu. Besøkstala for heile Telemark og for Telemarkskanalen har vore synkande dei seinare årene. Til tross for Minutt for minutt og andre tiltak held denne tendensen fram i 2012: Det var 17 038 passasjerar på kanalbåtar i rute i 2012, ned 16 prosent frå 2011 Det var 3 786 passasjer på kanalbåtar i charter i 2012, ned 22 prosent frå 2011 Det var 19 985 passasjerar totalt på kanalbåtane i 20112, ned 17 prosent frå 2011 Det var 590 fritidsbåtar som passerte Skien sluse, 5 færre enn i 2011 Det var 231 fritidsbåtar som passerte Ulefoss sluse, 25 fleire enn i 2011 Telemarkskanalen er ein spydspiss i Telemarks reiselivsstrategi som skal trekke turistar til heile fylket. Regionalparkens oppgåve er å bidra til å snu den negative trenden. Regionalparken skal ikkje erstatte eller ta over oppgåver frå andre aktørar, men skal være ein samarbeidsplattform og eit felles reiskap for å få til meir samhandling og heilskap i 3

arbeidet med å utvikle Telemarkskanalen og kanallandskapet. I det første året har regionalparken fått på plass ein formell organisasjon som eit interkommunalt samarbeid med eigne vedtekter. Forslag til strategisk handlingsplan 2012-2016 har vore på høyring til eigarane og blir endelig vedteke av styret. Men viktigare enn vedtekter, målsettingar og strategiar er at vi får til ei felles forståing hos alle kanalaktørane av at dei er del av ein større fellesskap der alle må gjere sitt for å få til ein positiv utvikling. Viss vi får ei slik felles forståing, av at vi er saman om utfordringar og løysingar og hjelper kvarandre til å bli gode, kan vi snu den negative trenden og få ei ny blomstringstid for Telemarkskanalen. Høgdepunkt i 2012 NRK-sendingane frå Telemarkskanalen Minutt for minutt på tv, radio og nett 26. august 2012. Som koordinator for tips til NRK, arbeidet med å rydde og pynte før dagen og arrangement for publikum langs ruta på dagen fikk regionalparken en fantastisk start. Tildeling av 1,9 mill. kr frå KRD sitt verdiskapingsprogram for lokale og regionale parker, som var full pott i forhold til søknaden og den største tildelinga, var ei flott anerkjenning. 4

Organisasjon 2012 var det første driftsåret for regionalparken og i løpet av året har alle nødvendige formelle element kome på plass: Administrasjonen starta 2. januar, med daglig leiar Pål Kleffelgård og prosjektkoordinator Frida Sviland. Kontorplassen er i fylkeshuset, i kontorfellesskap med Telemarkskanalen FKF, som føresett i Parkplanen. Styret hadde sitt fyrste møte 26. april. Eigarane hadde oppnemnd kvar sine representantar og styret konstituerte seg sjølv med Tor Erik Baksås (fylkeskommunen) som leiar og Bjørg Tveito Lundefaret (Nome) som nestleiar. Dei andre i styret er Tom Rasmussen (Skien), Gunnar Ruud (Kviteseid), Kjell-Magne Grave (Tokke), Hans Kortner Ryen (Sauherad) og Roger Heimdal (Notodden). Styret har hatt tre styremøte, pluss eit strategiseminar og har behandla til saman 23 saker. Det første årsmøte var 11. september (bildet). På dagsorden sto vedtekter for Telemarkskanalen regionalpark og framlegg til strategisk handlingsplan for Telemarkskanalen regionalpark 2012-2016. Vedtektene hadde vore til høyring hos eigarane før dei blei vedtatt på årsmøtet. Organisasjonsforma er interkommunalt samarbeid (IKS) etter kommunelova 27. Framlegg til strategiske handlingsplan for 2012-16 blei sendt på høyring til eigarane 23. oktober 2012, med svarfrist 20. januar. I framlegget er det sett mål og strategiar for alle satsingsområda i parkplanen. Hovudmål for perioden er at Telemarkskanalen med dei områda som regionalparken omfattar skal bli ein betre besøkt reiselivsattraksjon. Det er styret som gjer endeleg vedtak. Regionalparken er ein nettverksorganisasjon der alle eigarane skal levere administrativ innsats til fellesskapet i regionalparken. Viktige element i dette er: Den administrative ressursgruppa, som er vidareført frå prosjektperioden, og har hatt tre møte. I tillegg blei den utvida og fungerte som arbeidsgruppe for arbeidet med Minutt for minutt, med seks møter frå mai til september. I august blei det oppretta eit fagnettverk for arealplanleggarar i kanallandskapet, med representantar frå alle eigarane, pluss Statens Vegvesen. Det har hatt to samlingar. Administrasjon har aktivt tilbode seg å informere om regionalparken si rolle og oppgåver. I løpet av året har vi hatt presentasjonar for fire av eigarane (Tokke, Kviteseid, Sauherad og Skien), samlingane til Norske parker, Lions i Nome, Senterpartiet i Nome, tre folkemøte i forbindelse om Minutt for minutt (Nome, Skien og Kviteseid), samling for eit landskapsparkprosjekt i Vinje og årsmøtet til Telemarkskanalens venner. 5

I tillegg har administrasjonen deltatt på møte i samband med ny organisering av reiselivet i Telemark, ny merkevareprosess for Telemark og ny reiselivsplan for Nome. Arbeid med innsatsområda i parkplanen (2010) Landskapsforvaltning Før Minutt for minutt blei det gjort ein jobb for å få betre innsyn til og frå kanalen. Det ble hogd og rydda ved sentrale utsiktpunkter bl.a. på Skotfoss, mellom Eidsfoss og Vrangfoss og langs Nomevann (bildet). Arbeidet blei finansiert dels med eigne prosjektmiddel, dels ved at kanalkommunane og Telemarkskanalen FKF brukte eigne folk og dels ved omprioritering av fylkeskommunen sine middel til rydding langs fylkesvegane. I tråd med parkplanen er det etablert eit fagnettverk for planleggarar i kanallandskapet med representantar frå alle eigarane, pluss Statens vegvesen. Formålet er å auke kompetansen hos fagfolk og ha eit faglig forum for å drøfte felles problemstillingar i kanallandskapet. Eit viktig tema er korleis vi skal utvikle kanallandskapet i tråd med den europeiske landskapskonvensjonen. Fire frå fagnettverket deltok i en nasjonal konferanse om landskap, gjengroing og turisme. Vi har starta arbeidet med ein forstudie om frakt av biomasse på kanalen. Bakgrunnen er at ein privat aktør har lansert ein plan om å bygge eit anlegg for biokull ved Voldsfjorden i Skien. Dersom prosjektet skulle la seg realisere blir det behov for store mengder biomasse og bare ein liten del vil være aktuelt for transport på kanalen. Vi har også hatt møte med AT Skog om å hente bioenergi frå kanallandskapet og gjerne frakte det på kanalen til dei nye varmesentralane langs kanalen, utan at det så langt har gitt konkrete resultat. Temaet beitedyr for landskapspleie er tatt opp i fleire samanhengar, m.a. i møte med Fylkesmannens landbruksavdeling. Kanalkommunen Sauherad og Midt-Telemark landsbrukskontor har vore pådrivarar i denne saka, og landbrukskontoret skal lage ein prosjektplan om å kartlegge spesielt viktige kulturlandskap langs kanalen, som regionalparken skal behandle i 2013. Regionalparken og Telemarkskanalen FKF har inngått avtale med Søve videregående skole om å ha fire telemarkskyr på beite ved Eidsfoss frå sesongen 2013, mot at regionalparken og kanalen dekker kostnader ved inngjerding. 6

Reiseliv og annen næring På dette området har vi både fleire eigne prosjekt og er aktivt med i andre sine prosjekt. Alt i januar starta regionalparken ein prosess saman med fylkeskommunen om innspel til Riksantikvarens verdiskapingsprogram for kulturminne. Resultatet var 400 000 kr til eit prosjekt for å utvikle Vrangfoss til Vrangfoss slusepark, med betre service og kulturhistorisk formidling som kan trekke til seg større publikumsgrupper. Saman med 250 000 kr frå fylkeskommunen og 150 000 kr frå Telemarkskanalen FKF blei det totale budsjettet på 800 000 kr. For det har vi fått rusta opp Café Slusemesteren sitt kjøkken og veranda, redda bryggjarhuset frå samanbrott, hogd og rydda trær og kratt, Telemark museum har registrert historiske gjenstandar og arbeidsoperasjonar og Vest-Telemark museum har laga ein formidlingsplan som handlar om temminga av den vrange fossen. Ein landskapsplan blir levert i februar. Det er pengar att til å gjennomføre noen fleire konkrete tiltak, men vi må søke ny finansiering for å realisere heile formidlingsplanen. Regionalparken samarbeider med Sauherad kommune om ein mogelegheitsstudie for å etablere eit vannsportsenter på Akkerhaugen, der både Midt-Telemark padleklubb og Norsjø Ferieland er aktuelle aktørar. Vi har innleia samarbeid med Matfestivalen Mersmak, både om at kanalen skal være tema på Mersmakfestivalen i august 2013 og om å stimulere til meir bruk av råvarer og mattradisjonar frå Telemark på og langs kanalen. Det store prosjektet under verdiskapingsprogram for parker 2012 har tittelen Verdiskaping basert på særprega natur- og kulturressursar i kanallandskapet. Det har fem delprosjekter som alle bygger opp under reiseliv og næringsutvikling: 1. Regionalparken som samarbeidsplattform, 2. Eit stort landskap med varierte attraksjonsklynger, 3. Tematiske nettverk som bind regionalparken saman, 4. Frivillige og 5. Felles vertskap i regionalparken. Svaret frå KRD kom rett før jul så realiseringa startar i 2013. I tillegg til desse eigne prosjekta har regionalparken vore aktiv med i mange andre tiltak og prosjekt på dette området. Dei viktigaste er: Båtnettverket, som består av de tre rutebåtselskapene, Telemark bilruter, Telemarkreiser og Telemarkskanalen FKF, pluss nå også regionalparken: Tema her har vore planlegging og evaluering av sesongen, utvikling av aktørane sine nettsider, utvikling av kanalpakker og behov for meir oppsøkande sal av kanalproduktet. Fleire arenaer for utvikling av sykkelturisme i regionalparken: varamedlem i styret for Stiftelsen sykkelturisme i Norge (STIN), medlem i styringsgruppa til sykkelprosjektet og har deltatt i turoperatøren Olivenreisers utvikling av sykkeltur i Telemark. Leiar for organisasjonskomiteen for VM i Wakeboard i august 2014 og Nordisk meisterskap i august 2013 på Akkerhaugen. 7

Utvikling av attraksjonsklyngene langs kanalen; styringsgruppa i Drømmemila på Ulefoss, prosessmøter i Fruktlandskapet i Sauherad og i sterke naturopplevingar i Kviteseid og Tokke. Utvikling av kanalmarina på Notodden/Notodden gjestehamn. Informasjon og marknadsføring Regionalparken deltok på reiselivsmesse i Herning i Danmark saman med Telemarkreiser og fleire kanalaktørar i februar. I den forbindelse brukte vi 15 000 kr til å få laga tre store reklamebanner for Telemarkskanalen med tanke på at dei seinare skulle være til gratis utlån for aktørane. I tillegg til i Herning er dei m.a. brukt under Minutt for minutt, på sykkelmarkering i Lunde og på M/S Henrik Ibsen ved rådhusbrygga i Oslo. Vi hadde hovudansvar for utforming av innhaldet da Telemarkskanalen FKF fikk bytta ut dei mange gamle informasjonstavler langs innfartsårer og vegar våren 2012. I tillegg hadde vi ansvar for å utvikle et kanal-/ nappekart som ble laget våren 2012. Der la vi inn 13 000 kr i ein spleis med kanalen. Regionalparken har ei intensjonsavtale med prosjektet Interaktive Telemark som gjeld digital formidling av turist- og reiseinformasjon. Avtalen gir oss først og fremst mogelegheit til å være med i prosessen, pluss opsjon på å kjøpe og å drifte infokioskar, dersom vi finn at dette er regionalparken si rolle. Det største marknadsinnsatsen er Kanalmagasinet 2013 som blir distribuert vinteren 2013. Men jobben blei gjort i 2012 i samarbeid med Telemarkskanalen, både økonomisk og når det gjeld innhald. 8

Frivillig sektor Gjennom Minutt for minutt blei det etablert mange kontaktar mellom regionalparken og frivillig sektor. Regionalparken organiserte ein dugnadskonkurranse saman med fylkesavisa Varden og Telemarkreiser med omtale i avisa og premiering av tre lag. Det blei gitt bidrag til frivillig vedlikehald og skjøtsel, pengar til maling osv. og til frivillige arrangement. Vi har god kontakt med Telemarkskanalens venner, som fekk støtte til sitt prosjekt for å få opp att gamle fyrlykter. Her er dessutan regionalparken representert i styret. Kunnskapsutvikling På nasjonalt nivå har vi hatt kontakt med Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB), Institutt for landskapsplanlegging og Aurland Naturverkstad, som var fagleg ansvarleg for utvikling av landskapsressursanalysen i forarbeidet til regionalparken i 2010. Landskapsarkitekt Morten Clemetsen, som er knytt til begge institusjonane, er framleis ein viktig medspelar for i fagnettverket for arealplanleggarar i kanallandskapet. Vi har og samarbeidet med han for å få landskapsstudentar frå UMB til å skrive oppgåver frå regionalparken. Til tross for at vi har laga ei lita stipendordning, har vi enno ikkje fått napp på det. Regionalparkens landskapsressursanalyse blir behandla i eit internasjonalt forskingsprosjekt som gjeld iverksetting av den europeiske landskapskonvensjonen. Dei norske fagmiljøa er Institutt for Skog og land ved UMB og Geografisk institutt ved NTNU. Vi har også brukt ein dr. gradstipendiat frå NTNU til å snakke om landskapskonvensjonen i fagnettverket. I Telemark har vi nær kontakt med Telemarkforsking Bø. De har levert prosess-støtte til utvikling av attraksjonsklyngene Drømmemila på Ulefoss, sterke naturopplevingar i Kviteseid og Tokke og opplevingar i fruktlandskapet i Sauherad. Dette er finansiert gjennom VRI, som allereie er finansiert bl.a. gjennom Forskingsrådet og fylkeskommunen. Regionalparken har gitt ein liten økonomisk støtte til utvikling av eit nytt konsept for lokalsamfunnsutvikling, Transition Towns. I tillegg har fagmiljøa ved Telemark Museum og Vest-Telemark Museum deltatt i utvikling av Drømmemila på Ulefoss, registrering av kulturminner på Vrangfoss og formidlingsplan for Vrangfoss. Nasjonale og internasjonale nettverk Regionalparken er medlem av Norske parker som er ein foreining for etablerte parkar og parkprosjekt. Per Espeli, som er seniorkonsulent hos Telemarkskanalen FKF, er vår representant i styret. Dessutan har 3-4 representantar frå Telemarkskanalen regionalpark deltatt på kvart av dei tre parkmøta. 9

Gjeldande programperiode for dei EU-baserte interregprogramma blei avslutta i 2012. Under forarbeidet var regionalparken laust tilknytta Waterways for Growth og Waterways Forward. I januar var vi representert på møte i Waterways Forward i Budapest, kostnadene blei dekt av Waterways. I tillegg har vi vore med ulike prosjekter på studieturar: VM i Wakeboard på Filippinene (bildet), for å studere arrangementet før VM her i 2014, betalt av VM 2014 AS. Studietur til Leeds-Liverpool kanalen i England med Drømmemila, tema var digital og menneskeleg formidling. Studietur til Snapsruten i Danmark med Fruktklyngen i Sauherad. Finansiering Utover det faste driftsbidraget frå eigarane har regionalparken henta finansiering til fire prosjekt i 2012: 1. 800 000 kr til Vrangfoss slusepark: 400 000 kr frå Riksantikvaren/VSP kulturminne 2012 + 250 000 kr frå fylkeskommunen + 150 000 kr frå Telemarkskanalen FKF. 2. 3,6 mill. kr til Verdiskaping basert på særprega natur- og kulturressursar i kanallandskapet Verdiskaping: 1,9 mill. frå KRD/VSP Park 2012 + 125 000 kr frå Lunde slusepark + 50 000 kr frå Telemarkskanalen FKF + 700 000 kr frå fylkeskommunen (med atterhald om at søknaden blir behandla i mars 2013). 3. 1 648 543 kr til Minutt for minutt på NRK: 450 000 kr frå fylkeskommunen + 297 043 kr frå regionalparkens driftsmidlar + 265 000 kr frå Telemarkskanalen FKF + 386 500 kr frå kanalkommunane + ca. 250 000 kr i innsats frå Statens vegvesen. Mye av dette gikk til vedlikehald og opprusting som har effekt i mange år framover. 4. 400 000 kr til Biokull og kanallogistikk: 10 000 kr frå regionalparken + 10 000 kr frå Telemarkskanalen FKF + 100 000 kr frå fylkeskommunen + 70 000 kr frå Innovasjon Norge + 20 000 kr frå Notodden + 20 000 kr frå Tokke + 20 000 kr frå Kviteseid + 20 000 kr frå Nome + 30 000 kr frå Skien + 30 000 kr frå fylkesmannen + 15 000 kroner frå Sauherad + 55 000 kr frå Sylvanus AS. Til saman blir det på 2,3 mill. kr frå sentrale statlege verkemiddel, dvs.400 000 kr frå VSP kulturminne 2012 og 1,9 mill. kr frå VSP park 2012. 10