Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken 2010 2011. Valdresmusea tilbyr 13 undervisingsprogram i skuleåret 2010 2011

Like dokumenter
Barn på museum. Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2014

Valdresmusea Den kulturelle skulesekken

Barn på museum. Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2015

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken Valdresmusea tilbyr 10 undervisingsprogram i skuleåret

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken Valdresmusea tilbyr 14 undervisingsprogram i skuleåret

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I SAMFUNNSFAG 1. TRINN

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Klepp kommune Tu skule

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Historie: To revolusjonar

Kva er økologisk matproduksjon?

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

mmm...med SMAK på timeplanen

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Ulike kompetansemål i barneskolen man kan nå med Grønt Flagg.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Årsplan i samfunnsfag for 5. og 6. trinn 2015/2016

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 4. TRINN 2013/2014 Læreverk: Cumulus Faglærer: Liv Ytre-Arne

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Til deg som bur i fosterheim år

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

På museum Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2018

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Årsplan 2015/16 Samfunnsfag, 6. trinn

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

ÅRSPLAN 2013/2014 FAG: Samfunnsfag TRINN: 10.trinn

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40

Samansette tekster og Sjanger og stil

«Ny Giv» med gjetarhund

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 4. TRINN BRYNE SKULE ÅR 2017/2018 Veke Tema Mål (K06) Læringsmål Innhald (Lærebøker )

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Sandeid skule SFO Årsplan

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR TRINN

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Forslag frå fylkesrådmannen

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

VELKOMNE PÅ MUSEET TIL HAUSTEN!

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Årsplan i samfunnsfag for 7.trinn 2013/14

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 35 Vakre vekstar. 2t pr. veke i 4 veker

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Verdsarvskulen Eidsdal «gardsdrift før og no»

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Årsplan i naturfag 2 klasse (Oscar, Sindre, Aron, Theodor og Marius)

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Samtale, refleksjon og oppgåveløysing. Bruk av atlas. Vi jobbar med ulike oppdagingsreiserar. Samtale, refleksjon, skodespel og oppgåveløysing.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Kom skal vi klippe sauen

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Transkript:

Valdresmusea Den kulturelle skulesekken 2010 2011 Valdresmusea tilbyr 13 undervisingsprogram i skuleåret 2010 2011 1

1 Rite runar! Gardbergfeltet er eit av dei viktigaste gravfelta i Noreg frå jernalderen, med meir enn 900 funn frå romersk jernalder (cirka 300 e.kr.) og vikingtid (cirka 900 e.kr.). Om lag 600 gravrøyser er registrerte i feltet. Her er også ein skålgropstein med 70 skålgroper, kanskje frå bronsealderen. Einangsteinen frå cirka 300 e.kr. er den eldste runesteinen i Nord-Europa, som enno står på sin opphavlege plass. Steinen har runer frå det eldste runealfabetet: Ek Godagastir runo faihido står det på steinen, og tyder Eg Gudgjest rita runene. Les meir om Gardbergfeltet på www.valdresmusea.no. Omvisinga startar i felt A med Einangsteinen, gravrøyser og kolgrop i tilnærma jernalderlandskap. Omvisinga held fram i felt B. Her finn vi gravrøyser, ei hustuft frå 1600-talet og ein skålgropstein, i skoglandskap frå vår tid. Elevar på besøk i Gardbergfeltet, hausten 2008. Praktiske oppgåver 1. Elevane får innføring i runealfabetet og får risse eigne runer. 2. Ofring ved skålgropsteinen. 3. Utgraving saman med omvisar. Jamfør læreplanen 4. årssteget: Elevane skal arbeide med gjenstandar frå fortida og bli kjent med historiske minnesmerke. Slik skal dei utvikle interesse for fortid og for heimstaden sin. Elevane skal lære mytar, segner og eventyr med historisk innhald. Elevane skal fortelje korleis jordbruket forandra levemåten i Noreg og beskrive hovudtrekk ved bronsealderen og jernalderen. 7. årssteget: Elevane skal skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneske tenkjer og handlar ut frå samfunnet dei lever i. Elevane skal utforske ulike kjelder, illustrere korleis dei kan gje ulik informasjon om fortida, og forklare korleis historikarar bruker dei til å lage historiske framstillingar Tid på året og lengde på programmet Valdresmusea tilbyr omvising i Gardbergfeltet så lenge det er bart og fritt for snø, dvs frå mai til oktober. Omvisinga tilsvarar eit halvdagsopplegg. Rundturen tek cirka 1 ½ time. I tillegg kjem reise og matpause. 3. 7. klasse. Klede og matpakke Varme klede! Hugs at vi skal vere ute heile dagen. Etter omvisinga blir det tid til nistemat. Materiell Mellomalderantrekk til omvisar. Elevane får utdelt skifertavler med kritt. Kroner 50 per elev. Maks 50 personar per gruppe. 2

2 Mat i fortid og framtid Valdres Folkemuseum inviterer 6. og 7. klassingane i Valdres til å vera med på Mat i fortid og framtid. Samanhengen mellom natur, levesett og kosthald er hovudtemaet for programmet. Garden Kvie på museet er eit godt utgangspunkt for å lære meir om gamle, norske mattradisjonar. På aktivitetsdagen gjer me ei tidsreise 100 år tilbake i tid. Her er hus, reiskap, åker og eng om lag som det var den gongen. Elevane blir delte inn i grupper som rullerer mellom seks ulike postar. Mat i fortid og framtid, hausten 2008. Gamle mattradisjonar mat i vår tid Gamle mattradisjonar og lokalprodusert mat er i vinden som aldri før. Rakfisk, kurv og ost er viktige nisjeprodukt for valdresbøndene, og blir selt som eksklusiv matvare i delikatesseforretningar. Under Mat i fortid og framtid får elevane innblikk i denne matproduksjonen og dei får vite kvifor slik matvareproduksjon vil utgjere ein stor del av verdiskapinga i Valdres i framtida. Påmelding og frist Mat i fortid og framtid blir arrangert desse dagane i 2010: Tysdag 14. september klokka 09.30 14.00. Onsdag 15. september klokka 09.30 14.00. Påmeldingsfristen er 1. september. Program Aktivitetar på seks postar, 30 minutt på kvar post. Bisk klokka 11.15 12.00. Då får elevane servert vassvelling, havresuppe med brunost, smør eller sukker, kokte potetar, forskjellige ostar, flatbrød, surmjølk og søtmjølk. 1. Potethistorie og potetgraving på Kvie og på Fristadplassen. 2. Kornåkeren på Kvie: a. Hauste korn (skjera, binde og henge kornet på staur). b. Treske korn (treske kornet med tust). c. Korn til turk (demonstrasjon i tørrstova). 3. Kornmaling (med skubbekvern, handkvern og i bekkekverna frå Skattebu). 4. Kvikakesteiking på Kvie. 5. Lompebaking i Dalestogo. 6. Urtehagen på Kvie: Nyttevekstar frå natur og hage. Løpstikke, bær, humle og mynte mm. 7. Rakfisk i Flatigardsbygningen: Korleis blir rakfisken til? Jamfør læreplanen 7. årssteget: Elevane skal lære om naturen som spiskammer ved å hauste inn nyttevekstar som kan etast og som kan brukast som mat. Elevane skal ha kunnskap om måltidsskikkar til kvardag, høgtid og fest, og dei skalkjenne til sentrale emne om norsk tradisjonsmat. Elevane skal vise korleis kjøkkenreiskapar, tillagingsmåtar eller matvanar har endra seg over tid eller flytta seg geografisk, og dei skal forklare korleis dette har verka inn på livet til folk. 3

Lengde Heildagsopplegg. I tillegg kjem reise og matpause. 6. og 7. klasse. Ustyr og klede Alle tilsette på Valdresmusea stiller i tidstypiske klede og sko. Me oppmodar elevar og lærarar om å gjera det same (sjå døme). Arbeid før og etter Påmeldte skuler får tilsendt undervisingsheftet Mat i fortid og framtid. Kroner 80 per elev (inklusiv mat). Maks 30 personar per gruppe. 4

3 Musikkmagi Har du høyrt om musikkmagi? Folkemusikken i Valdres har trollbunde folk i fleire hundre år. Det gjer han framleis. Tonane frå hardingfela, langeleiken, toradaren og songskatten vår har skapt magiske stunder for menneska gjennom århundrer. Springar, bonde og halling er artige dansar som gjev liv til både kropp og sinn. Kom og lær meir om din eigen musikktradisjon! Program Musikkmagi inneheld konsert, besøk i Valdres Folkemusikkarkiv og opplæring i go karstykkje. Kvar post varer i cirka 30 minutt. Konsert Valdresmusea tilbyr varierte konsertar med profesjonelle folkemusikarar og -dansarar frå Valdres. På konserten får de høyre song, langeleik og hardingfele, sjå dansedokka Tore og dansane springar og halling. Musikk på boks! På Valdres Folkemusikkarkiv arbeider Elisabeth-arkivar. Ho tek hand om cirka 9 000 enkeltspor med song, musikk og videoopptak av folkemusikarar og -dansarar frå Valdres. Dei eldste musikkopptaka er frå 1940-talet. Arkivet inneheld viktig kjeldemateriale for alle med interesse for folkemusikk og folkedans. Dei gamle opptaka fortel også om einskildmenneske og samfunnsformer som ikkje lenger finst, men som kan gje oss viktige perspektiv til vår eiga tid. I tillegg til å høyre om musikk og song frå Valdres, får elevane lære enkle songstubbar. Go karstykkje Her har gutar og jenter sjansen til å lære dei verdsberømte go karstykkjene. Go karstykkje frå Valdres gjev høve til å byggje laganden, kjenne meistring, arbeide i gruppe eller på eiga hand. Elevane får lære smidige og morosame go karstykkje, og dei får trena rå styrke og balanse. Av eit utval go karstykkje nemner me: Dra kattestrype: for dei som er sterke i nakken. Kjerringlyft: for sterke gutar og jenter. Strekke kalveskinn: for dei med god spenst og stødig landing. Jamfør læreplanen Generelt: I eit fleirkulturelt samfunn kan musikkfaget mederke til positiv identitetsdanning. Faget skal fremje tilhøyre til eigen kultur og kulturarv, toleranse og respekt for andres kultur. Gjennom musikkfaget skal elevane danne seg ei forståing for korleis musikken er kulturberar og verdiskapar lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Musikkfaget skal ivareta musikalsk mangfald og sjangerbreidde. Samisk og norsk musikk, og folkemusikk frå andre kulturar inngår i musikkfaget. 5

Sentralt i kroppsøvingsfaget står rørsleleik, allsidig idrett, dans og friluftsliv. Elevane skal ut frå eigne føresetnader skal kunne oppleve meistring og meistringsglede. Faget skal inspirere til rørsle, kreativitet og sjølvstende hos den einskilde. 2. årssteget: Elevane skal delta i leikar med variert repertoar av songar, rim, regler, songleikar og dansar. Elevane skal kjenne att lyden av og kunne namna på nokre instrument. 4. årssteget: Elevane skal kjenne til norsk og samisk folkemusikk og folkemusikk frå andre kulturar. Elevane skal danse norske og internasjonale folkedansar. Elevane skal vere med i songleikar og enkle dansar frå ulike kulturar 7. årssteget: Elevane skal diskutere særtrekk ved kunstmusikk, norsk og samisk folkemusikk, folkemusikk frå andre land og rytmisk musikk. Elevane skal danse enkle dansar frå ulike kulturar. 10. årssteget: Elevane skal gjera greie for korleis musikk speglar trekk ved samfunnsutvikling og ungdomskultur, og korleis dette kjem til uttrykk gjennom ulike formar for rytmisk musikk, kunstmusikk og norsk folkemusikk. Elevane skal danse dansar frå norsk kulturtradisjon og frå andre kulturar. Lengde Musikkmagi varar cirka 1 ½ time. I tillegg kjem reise og matpause. 1. 10. klasse. Utstyr og klede Gode klede og sko. Kroner 50 per elev. Maks 30 personar per gruppe. 6

4 Byggjeskikk og arkitektur Hus er viktige rammer omkring folk sine liv. Dei er solide vern for vær og vind, og dei gjev rom for personlege og kollektive smaksoppfattingar. Dette er viktige dimensjonar ved husbygging i fortid så vel som i vår eiga tid. Likevel har husa endra både stil og form gjennom tidene. Kvifor er det slik? Hus er ikkje berre ein praktisk innretning som menneska kan organisere liva sine i og omkring. Utsjånaden på eit hus kan til dømes fortelja mykje om huseigaren sine smakskjensler, og den kan seia noko om huseigaren sine haldningar til det samfunnet han lever i. Valdresmusea tek elevane med på ei vandring gjennom Fagernes og på Valdres Folkemuseum. Me syner korleis hus vart konstruerte før i tida og korleis dei blir til i vår tid. Me studerer ulike stilartar og me lærer skilnaden mellom arkitektur og byggjeskikk. Husa i Fagernes og på Valdres Folkemuseum er gode døme på korleis arkitekturen og byggjeskikken har endra seg gjennom snart tusen år. Høveloftet på museet er frå 1200-talet og er eit av dei eldste husa i sitt slag i Valdres. Urban arkitektur i Fagernes og teikningane for nybygget på Valdres Folkemuseum er døme på bygging i vår eiga tid. Forslag til nytt administrasjonsbygg på Valdres Folkemuseum, Lund Hagem Arkitekter, 2001. Barokk, empire, sveitsarstil, jugendstil, modernisme og nostalgi er stikkord for omvisinga, og noko av det elevane lærer meir om under vandringa. Under omvisinga skal elevane utføre skisser og teikningar av hus i Fagernes og på Valdres Folkemuseum. Jamfør læreplanen Kjennskap til kunst, design og arkitektur og medvit omkring kulturarv i eit globalt perspektiv, utgjør sentrale sider ved faget Kunst og handverk i grunnskulen. 10. årssteget: I faget står kunnskap om det fysiske nærmiljøet sentralt. Elevane skal kjenne til korleis bygningskulturen påverkar kvardagen vår. Elevane skal teikne hus og rom ved hjelp av topunktsperspektiv. Gjennom samtale om arkitektteikningar og digitale presentasjonar av byggeprosjekt, skal elevane vurdere tilpassing til omgjevnadane og skissere ulike løysingar. Elevane skal forklare korleis klima, kultur og samfunnsforhold får konsekvensar for konstruksjon, val av materiale, form, uttrykk og symbolfunksjon i eit hus. I den vidaregåande skulen (formgjeving, studiespesialisering) skal programfaget medverke til å utvikle evna til å vurdere ny arkitektur i eit berekraftig miljøperspektiv, og evna til å verne om kulturlandskap og kulturhistoriske miljø. Programfaget skal medverke til å utvikle kunnskap om proporsjonar, målestokk og materiale, som både er ein del av allmenndanninga og eit nødvendig grunnlag for vidare studiar innanfor design og arkitektur. 7

Design og arkitektur 1: Elevane skal teikne rom i plan, oppriss og perspektiv, og dei skal lage skisser og utarbeide arbeidsteikningar. Elevane skal presentere sentrale arbeid innanfor kunsthandverk, design og arkitektur frå 1900-talet, og dei skal karakterisere særtrekk ved byggjeskikken i regionen. Elevane skal gjere greie for funksjon, form og dekor på bygningar og bruksgjenstandar frå 1900-talet. Design og arkitektur 2: Elevane skal gjere greie for hovudtrekk i vestleg gjenstandskultur fram til 1600-talet og gje døme på korleis arven frå antikken har verka inn på formspråket. Design og arkitektur 3: Elevane skal gje døme på kulturpåverknad i arkitektur, byggjeskikk og kulturlandskap fram til 1600-talet. Elevane skal beskrive sentrale materiale og teknikkar i bruksgjenstandar, design og arkitektur fram til 1600-talet, og dei skal gjere greie for korleis arkitektur og ornament speglar religion, filosofi, mytologi og litteratur. Lengde Byggjeskikk og arkitektur er eit heildagsprogram og varar i underkant av fire timar. Rundturen startar klokka 10.00 utanfor Annekset i Fagernes. Klokka 12.00 er det matpause på Valdres Folkemuseum. Programmet er ferdig cirka klokka 14.00. I tillegg kjem reise. 8. 10. klasse og elevar i den vidaregåande skulen. Arbeid før og etter Påmeldte skuleklasser får tilsendt eit lærehefte om byggjeskikk og arkitektur. Det finst òg ein rekke bøker med innføring i temaet: Arne Lie Christensen 1994: Den norske byggeskikken. Hus og bolig på landsbygda fra middelalderen til vår egen tid. Ragnhild Dietrichson 1996: Gamal byggjeskikk i Nord-Aurdal. Rapport frå registreringa av hus bygde før 1900. Bøker i same serien finst også for kommunane Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Sør-Aurdal og Etnedal. Kroner 50 per elev. Maks 40 personar per gruppe. 8

5 Adopsjon av kulturminne Adopsjon av kulturminne skal gje barn og unge kunnskap om lokale kulturminne, om historiske føresetnadar og om kulturelle kontekstar. Elevane skal få kjennskap til sentrale problemstillingar i arbeidet med kulturminne, og forståing for viktige utfordringar for kulturminneforvaltinga. Gjennom prosjektet skal elevane arbeide med ulike tilnærmingar til kulturminnearbeid. Undervising i klasserom, teikning, formgjeving, dramatisering, dokumentasjon, registrering, vedlikehald, restaurering og skjøtsel er døme på innfallsvinklar, verkemidel og metodar for prosjektarbeid i Adopsjon av kulturminne. Prosjektet skal vere eit supplement til det generelle formidlingstilbodet ved Valdresmusea, og skal styrke det lokale produksjonstilbodet gjennom formidlingsordninga Den kulturelle skulesekken. Kvifor adopsjon av kulturminne? Dei vestlege samfunna har sidan 1500-talet vore vitne til gjennomgripande endringsprosessar. Opplysningstid, sekularisering, ideologireising og industrialisering førde til store hamskifte med konsekvensar for folk i Valdres, Noreg og Europa. I dag er endringane større enn nokon gong, og globale samfunnsendringar trugar miljø og daglegliv for menneske over heile kloden. Omfattande samfunnsendringar slår gjerne fylgje med eit aukande behov for å kjenne til mangfaldet av eldre samfunnsformer. Dette er bakgrunnen for framveksten av historieinteressa og kulturminnerørsla i moderne tid, og det forklarer kvifor kjennskap til lokalhistorie ofte er eit grunnleggjande behov for menneska. Barn og unge er nysgjerrige, undrande og inkluderande på same tid. Dette er ein fin eigenskap og innfallsvinkel for å lære meir om samfunnsforhold som ikkje lenger finst, eller som er forskjellige frå våre eigne. Det set i tillegg nøkkelorda integrering og integritet i eit spennande perspektiv. Barn og unge fortener å bli kjend med kulturhistorie og kulturminne, som omgrep og som fenomen, lokalt og globalt, i fortid så vel som i eiga samtid. Dersom me ynskjer varig vern av truga kulturminne, er det viktig at barn og unge får høve til å kjenne ansvar og engasjement for kulturminna våre. Kvart år forsvinn 2 % av alle sefrak-registrerte bygningar, og 5 % av alle arkeologiske kulturminne. Tilstanden for freda hus i privat eige er heller ikkje bra nok, skal ein tru tal frå Miljøstatus i Noreg. Dersom offentlege styresmakter ynskjer å nå den nasjonale målsetjinga om at årleg tap ikkje skal overstige 0,5 %, lyt ein starte eit langsiktig, haldningsskapande arbeid, gjerne i grunnskulen. Dette er bakgrunnen for Valdresmusea sitt initiativ til prosjektet Adopsjon av kulturminne, som skal gjera barn og unge til forvaltarar av kulturminne i eige nærmiljø. Forankring til overordna planar Den kulturelle skulesekken ynskjer at barn og unge skal få kjennskap til mangfaldet av kulturelle ytringar i Noreg. I dette mangfaldet høyrer kulturminna heime. Kunnskap om kultur og samfunnsformer, i fortid så vel som i vår eiga tid, er viktig og grunnleggjande for barn og unge i møte eit mangfaldig samfunn. I Stortingsmelding nr. 8 (2007 2008), Kulturell skulesekk for framtida, heiter det at kunnskap og innblikk i kulturarv og tradisjonar skal vere sentrale og viktige element i Den kulturelle skulesekken, og at kulturminne kan vere møteplass mellom skuleelevar og den lokale kulturminneforvaltninga. Gjennomføring i skulene, forankring i læreplanverket I læreplanverket for kunnskapsløftet heiter det for faget samfunnsfag at ein skal stimulere til utvikling av kunnskap om det kulturelle mangfaldet i verda i fortida og samtida, og til forståing av forholdet mellom naturen og dei menneskeskapte omgjevnadene. Faget skal òg medverke til at elevane utviklar medvit om at menneska inngår i ein historisk samanheng, og at ei lang rekkje historiske hendingar gjer at dei er der dei er i dag. 9

Valdresmusea ynskjer mangfaldig representasjon av kulturminneprosjekt i Adopsjon av kulturminne. Dette med bakgrunn i kulturminnelova, som per definisjon opnar for eit kulturminneomgrep av det breie slaget. Kulturminne er i fylgje lova Spor etter menneskelig virksomhet i fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Vidare heiter det at kulturminne og miljø med eigenart og/eller variasjon, som er ein del av vår kulturarv eller identitet, og som har relevans for vitskapen skal vernast og takast vare på. Lokal forankring Den kulturelle skulesekken er forankra i årlege planar i den enkelte skule og kommune. Lokal forankring sikrar lokal entusiasme, og gjev rom for lokale variantar slik at alle skal kjenne eigarskap til Den kulturelle skulesekken. Dersom ein skal lukkast med Adopsjon av kulturminne er det ein føresetnad at prosjekta veks fram i den enkelte skule og kommune. Nokre skuler er allereie med i prosjekt retta mot kulturarv- og vern, men treng profesjonalisering, rettleiing og hjelp frå ein kulturverninstitusjon. Adopsjon av kulturminne skal vera til hjelp for allereie eksisterande prosjekt og for nye prosjekt. Gravsta n døme på adopsjonsprosjekt i Valdres Valdresmusea samarbeider med Etnedal skule, Etnedal kommune og grunneigar Harald Espelien om skjøtsel og vedlikehald av Gravsta n, ein gamal, privat gravplass på garden Nerre Hestkinn i Etnedal. Gravsta n vart oppretta i 1815 og teken i bruk siste gong i 1919. Heilt sidan mellomalderen kunne storfolk få grava si under kyrkjegolvet. I 1805 fall denne ordninga bort fordi ein meinte slik gravlegging var uhygienisk. Bygginga av private gravplassar er truleg eit resultat og ein konsekvens av denne forordninga, men ein kan også tolke dei som sosiale markørar for rikfolk med trong til å synleggjere makt og sosial posisjon. Gravsta n ligg fint oppmura på ei liten knaus, 200 meter frå gardstunet. I 2007 fekk eigaren tilskott frå Etnedal kommune og Norsk Kulturminnefond til eit istandsetjingsprosjekt. Tilstanden i 2007 synte sterk attgroing og samanraste murparti. Hausten 2007 tok elevar ved Etnedal skule del i eit større oppryddingsprosjekt, etter tilråding frå Oppland fylkeskommune og vegetasjonsrådgjevar Tanaquil Enzensberger. Våren 2008 gjekk murar og snikkar Hans Magne Lunde i gang med rekonstruksjon av heile nordre murvegg, samt oppretting av fleire mindre rasskader. Hausten 2008 vil Lunde ferdigstille rekonstruksjon av portstolpe og grind. Etnedal skule har underteikna ei adopsjonsavtale om forvalting og skjøtsel av Gravsta n i framtida, i samarbeid med grunneigar, kommune og Valdresmusea. Adopsjon av kulturminne passar for skuleelevar i 1. 10. klasse. Valdresmusea hjelper skulen din i gang med adopsjonsprosjekt. kroner 500 per dag. Vil du veta meir? Kontakt Ole eller Gyda ved Valdresmusea dersom du vil veta meir om Adopsjon av kulturminne. 10

6 Barnas dag Valdres Folkemuseum er den finaste leikeplassen i heile Valdres. Det er ikkje berre me som jobbar på museet som synest det. Her har ungar leika i over 100 år og kvar sumar kjem ungane tilbake. Det er mykje å undre seg over på Valdres Folkemuseum. Vaksne folk tenkjer nok mest på korleis dei greidde seg, dei som budde i dei gamle husa. Tenk at her budde det folk. Ikkje hadde dei vask og ikkje hadde dei do, seier dei, og traskar frå eitt hus til eit anna. Sjølv om tilhøva har endra seg mykje sidan gamledagar er det ikkje sikkert ungar på den tida var så forskjellige frå oss likevel. Nokre barn arbeidde meir enn andre, dagar var gode og dagar var mindre gode. Mange svalt, medan andre fekk mat fleire gonger om dagen. Før i tida laut barn ta del i hardt arbeid frå dei var ganske små. Ferie og fritid var ukjende omgrep både for unge og vaksne, men ungar leika mykje før òg, gøymsle, til dømes. Fleire gøymsleplassar enn på museet skal du leite lenge etter. På Barnas dag får ungane leike og kose seg, og dei får eta nysteikte lappar. Aktivitetar 1. Konsert i Rognebygningen. Høyr song og langeleikspel, og syng barnesongar frå Valdres. Mange av dei handlar om dyr, slike som kua, grisen, reven og bjørnen, til dømes. 2. Lappesteiking i Dalestogo og i Flatøydegarden: Marit Aasen og Ingrid Bolstad lagar verdas beste lappar, og dei hjelper ungane å steike sine eigne lappar. 3. På Kvietunet får du kaste hestesko, hoppe i foret og lage gardstun av kvistar, steinar og kongler. 4. Prøv ein strikkbåt: Ved dammen utanfor Tvengestølen kan ungane prøve morosame strikkbåtar. 5. På festplassen får du prøve stylter, leike i sandkassa, huske og sitja i traktoren. Brum brum! Førebuing Påmeldte barnehagar får songtekstar og musikk tilsendt. Alderstrinn Fire- og femåringar i barnehagar i Valdres. Utstyr og klede Gode klede og sko. Ta med niste. Program 10.00 11.30: Aktivitetar på postane. Cirka 15 minutt per post. Frammøte ved Slidrehuset 09.45. 11.30 12.15: Matpause på museumsplassen. Museet spanderer saft. 12.15 13.45: Aktivitetane held fram. 13.45: Avslutning på museumsplassen. Kroner 50 per unge. Barnehagane blir delte inn i grupper. Maks 30 personar per gruppe. 11

7 Bunad og folkedrakt Bunad- og folkedraktrådet er ein 60 år gamal institusjon som arbeider for å fremje kunnskap om folkedrakt og bunad, gjennom dokumentasjon, forsking og formidling. Bunad- og folkedraktrådet består av eit fagråd oppnemnt av Kultur- og kyrkjedepartementet og eit sekretariat. Les meir på www.bunadraadet.no. Kva er eigentleg bunad? Fenomenet oppsto på midten av 1800-talet og vart brukt som kostyme for overklassa. Sidan vart bunaden eit radikalt uttrykk for norskdomsrørsla på byrjinga av 1900-talet. At bunadene skulle likne kleda folk brukte i før-industriell tid, vart eit ideal fyrst på 1950-tallet. I dag har vi mange ulike bunader, og med ulik tilknyting til dei gamle folkedraktene. Bunad- og folkedraktrådet og Valdresmusea har utvikla to undervisingsopplegg. Desse passar best for skuleelevar i 5. 10. klasse, men kan òg tilpassast yngre elevar. På kistebotn I draktutstillinga på Valdres Folkemuseum møter elevane ei ung jente, ei brudekone og ein museumspedagog. Brudekona er i ferd med å pynte jenta til brud. Saman med jenta og brudekona står ei stor, tung kiste. Denne er fylt med vakre klede som skal brukast i bryllaupet. Noko er gamalt, noko er nytt, og noko har jenta lånt. Medan brudekona kler på bruda, får elevane høyre om dei ulike draktdelane, om smykka og om reisten av brudepynten. I samtalen mellom pedagogen, bruda og brudekona, får elevane høyre om bryllaupstradisjonar i det gamle bondesamfunnet, og om førebuingane som måtte gjørast før bryllaupsfeiringa kunne ta til. Og kven veit, kanskje kjem brudgommen? Gjennom samtalen og påkledinga blir fortida gjort levande, og elevane kjem i nærkontakt med drakttradisjonar frå eige distrikt. Jamfør studieplanen 4. årssteget: Ved hjelp av eventyrforteljing dramapedagogiske metodar, skal barna leike seg til kunnskap om norsk kulturhistorie. Elevane skal skape forteljingar om menneske i fortida og snakke om skilnader og likskapar før og no. 7. årssteget: Elevane skal skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneskje tenkjer og handlar ut i frå samfunnet dei lever i. Elevane skal utforske ulike kjelder, illustrere korleis dei kan gje ulik informasjon om fortida, og forklare korleis historikarar brukar dei til å lage historiske framstilingar. 12

Lengde Cirka 1 time. I tillegg kjem matpause og transport 1. 7. klasse Kroner 50 per elev. Maks 30 personar per gruppe. 13

8 Kvikako, lappar og lompe Dei fleste forbrukarar veit lite om dei historiske og samfunnsmessige tilhøva omkring norsk tradisjonskost, og tilverkinga av den. Korleis blir kaffimat som kvikako, lappar og lompe til, og kvifor var speka og salta kjøt vanlegare enn fersk kjøt? Kvifor vart fersk kjøt berre brukt i slaktetida i månadsskiftet november/ desember? Kva er eigentleg husmannskost og kvifor blir dette oppfatta som festmat i dag? Måltida i gamledagar Måltida var styrd av rytmen av ein arbeidsdag. Fyrste måltidet om dagen vart kalla ferebisk. Dette var kaffi, lams eller brødskive med smør, sirup, brim og stundom syltetøy. Bisk var det andre måltidet om dagen. Dette kunne vera vassvelling, mjølkevelling, havrevelling eller graut med brim eller surost. Flatbrød av potet og bygg var alltid med. Potet, spekekjøt eller steikt flesk kunne også vera del av bisk-måltidet. Tredje måltidet om dagen var dugurd (12.00). Dette var vassgraut med surmjølk eller søtmjølk. Mellommåltidet etter dugurd kunne vera kaffi og biteti (lams). Ved 16.00-tida var det non. Om sumaren var dette helst spekemat, kokt eller steikt flesk, kurv, søll og kokt potet. I regnvêr og på kalde dagar var det vanleg med majel (suppe av salt kjøt, erter, kål og gryn). Til kvelds (20.00) åt ein gjerne vassgraut med surmjølk eller surbrim, nykokte potetar med sur mjølk eller smør. Bygg viktigaste matplanta Bygg var viktigaste matplanta i Valdres, og av bygg framstilte ein mellom anna kvikako. Men dei dyrka ikkje berre bygg her. Sorenskrivar Wisløff skriv at desse plantane var i bruk i Valdres i 1743: bygg, rug, blandkorn (blanding av havre og bygg), havre (eller harve som mange seier i Valdres), grå og kvite erter, hamp, lin og neper. Kvardagsflatbrødet vart baka av grovt byggmjøl og potet og, steikt på vedfyra takke i eldhuset. Der vart også ertebrød, finbrød (med finsikta bygg- eller rugmjøl) feittbrød, lompe og lefse baka. Elles vart gorobrød steikt i gorobrødjern i peisen, som festmat. Bakaromn fanst ikkje i Valdres før den vart innført med vedkomfyren på slutten av 1800-talet. Med den kom også gjærbaksten. Tradisjonskost blir til Undervisingsopplegget gjev innføring i mattradisjonar frå Valdres. Elevane får vera med å lage lappar, lompe og kvikako. Jamfør læreplanen I eit fleirkulturelt samfunn er det viktig med medvit om norsk matkultur og det særeigne for samisk mattradisjon, og ha kunnskap om og respekt for mattradisjonar i andre kulturar. Større mangfald på matvaremarknaden stiller større krav til kompetanse hos forbrukaren, slik at ein kan gjere medvitne val som gjeld eiga helse og eige miljø. 7. og 10. årssteget: Innanfor hovudområdet mat og kultur er måltidsskikkar til kvardag, høgtid og fest og kunnskap om norsk tradisjonsmat og mat i ulike kulturar og religionar sentrale emne. Maten skal vere innbydande. 14

Lengde Halvdagsopplegg. Cirka 2,5 timar (inkl. førebuing og etterarbeid). 5. 10. klasse. Kroner 30 per elev. 15

9 Tilbod ved Bagn Bygdesamling Bagn Bygdesamling er opphavleg eit privat gardsmuseum grunnlagt i 1920 av Olaus Islandsmoen. I 1939 vart museet gjeve i gåve til Sør-Aurdal kommune. I dag finst det 16 hus på området med ulike utstillingar i dei fleste av husa. Museet ligg ved E-16, 6 km sør for Bagn. Bagn Bygdesamling tilbyr fem undervisingsopplegg i skuleåret 2010 2011. a) Frå skog til tømmer I Telthuset frå cirka 1800 finst ei utstilling om skogsdrift i gamle dagar. Utstillinga viser reiskap og utstyr som var vanleg for 60 70 år sidan. Sidan den gong har modernisering, sentralisering og nedlegging av tømmerfløtinga endra heile skogsdrifta. Ved Islandsmo-elva er det sett opp ein kopi av ei gamal skogskoie med inventar og utstyr som var vanleg i slike hus. Ei gamal oppgangssag frå cirka 1850 er sett opp ved elva. Praktiske oppgåver Elevane blir delte inn i grupper som rullerer mellom tre forskjellige postar, cirka ein halv time på kvar post. 1. I Telthuset får elevane sjå korleis skogsdrifta var før 1950. Dei får sjå gamalt reiskap og hogstutstyr og dei får vite korleis desse vart brukte. 2. I skogskoia ved Islandsmo-elva får elevane høyre om dagleglivet til skogskarane. 3. Elevane får sjå den gamle oppgangssaga ved Islandsmo-elva som vart drive av vasskraft. Jamfør læreplanen 4. årssteget: Elevane skal presentere historiske emne ved hjelp av skrift, teikningar, bilete, film, modellar og digitale verktøy. Elevane skal skape forteljingar om menneske i fortida og snakke om skilnader og likskapar før og no. 7. årssteget: Elevane skal forklare samanhengar mellom naturressursar, næringar og busetnad. Elevane skal forklare korleis produksjon og forbruk kan øydeleggje økosystem og forureine jord, vatn og luft, og dei skal drøfte korleis dette kan hindrast og reparerast. 10. årssteget: Elevane skal beskrive og forklare natur- og kulturlandskapet i lokalsamfunnet. Dei skal forklare korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi, i Noreg og i andre land i verda. Lengde Cirka 2 timar. Opplegget passar best for elevar i 5. 7. klasse, men kan òg tilpassast elevar i 1. 4. klasse og elevar i ungdomsskulen. Kr. 30 per elev. 16

b) Seterdrift På Bagn Bygdesamling står det fleire hus med tilknyting til gards- og seterdrift i Sør-Aurdal. Islandsmostugu som vart bygd i 1842, har komplett interiør og utstyr frå 1850 og fram mot 1900-talet. Smettbakbua er ei gamal årebu frå 1796. Seterbua stod opphavleg på Svartsetra på åsen innafor Islandsmoen og var eit av dei fyrste husa som kom til bygdesamlinga. I desse husa får elevane lære meir om korleis gards- og seterdrifta var i Sør-Aurdal for 100 150 år sidan. Praktiske oppgåver Elevane blir delte inn i grupper som rullerer mellom tre forskjellige postar, cirka ein halv time på kvar post. 1. Dagleglivet og mattradisjonane på ein gard, i Islandsmobygningen. 2. Setertradisjonar i søre Valdres (dyrehald, slått, reiskap og folketru), i Smettbakbua. 3. Elevane får prøve seg på gamle barneleikar som nibbe pinne, kaste på stikka, ball-leikar. Jamfør læreplanen 4. årssteget: Elevane skal fortelje om ei utvald råvare og korleis ho inngår i matvaresystemet, frå produksjon til forbruk. 7. årssteget: Elevane skal lære om naturen som spiskammer ved å hauste inn nyttevekstar som kan etast og som kan brukast som mat. Elevane skal skaffe seg kunnskap om måltidsskikkar til kvardag, høgtid og fest, og dei skal kjenne til sentrale emne om norsk tradisjonsmat. 10. årssteget: Elevane skal gje døme på korleis kjøkkenreiskapar, tillagingsmåtar eller matvanar har endra seg over tid eller flytta seg geografisk, og forklare korleis det har verka inn på livet til folk. Lengde Cirka 2 timar, inklusiv matpause. I tillegg kjem reise. Opplegget passar best for elevar i 5. 7. klasse, men kan òg tilpassast elevar i 1. 4. klasse og elevar i ungdomsskulen. Kroner 30 per elev. 17

c) Gamle jakt- og fangstreiskapar Jakt og fangst var ein viktig del av ressursgrunnlaget for folk i eldre tid. På museet har vi ei stor samling med gamle fangstreiskap. Elevane får høyre korleis reiskapane vart brukte og kva slags dyr ein jakta på. Praktiske oppgåver Elevane blir delte inn i grupper som rullerer mellom tre postar, 45 minuttar med framsyning av film, 30 minutt på dei to andre postane. 1. Framsyning av film frå Buvassfaret om bjørn og bjørnehi. 2. Naturstig langs Islandsmo-elva med utstoppa ville dyr der elevane får høyre om dyra dei ser og utstilling av reiskapane som vart brukt i fangsten av desse dyra. 3. Orientering om dei store flaumane som gjorde stor skade i området ved museet (Tressflaumen i 1760 og Storofsen i 1789). Elevane får sjå ein svær, gamal steinmur og dei får høyre bakgrunnen for at denne vart bygd. Jamfør læreplanen 4. årssteget: Elevane skal samle og systematisere informasjon og beskrive utdøydde dyreartar og dyregrupper. Elevane skal fortelje om dyr og dyrevelferd, og argumentere for forsvarlig framferd i naturen. 7. årssteget: Elevane skal skildre kjenneteikn ved nokre plante-, sopp- og dyreartar og fortelje korleis desse er ordna systematisk. 10. årssteget: Elevane skal observere og gje døme på korleis menneska sine aktivitetar påverkar eit naturområde. Elevane skal identifisere korleis ulike interessegrupper ser på si eiga påverking, og foreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar. Lengde Cirka 2 timar, inklusiv matpause. I tillegg kjem reise. Opplegget passar best for elevar i 5. 7. klasse, men kan òg tilpassast elevar i 1. 4. klasse og elevar i ungdomsskulen. Kroner 30 per elev. 18

d) Ein skuledag for 60 år sidan I 1966 fekk Bagn Bygdesamling gamle Dølven skule i gåve frå Sør-Aurdal kommune. Det vart eit verdfullt tilskot til samlingane. I fyrste høgda er det samla skulemateriell frå omgangsskuletida og fram til sentraliseringa av skulen i 1966. Gjenstandane kjem frå fleire skular i Sør-Aurdal og gjev eit godt bilete av utviklinga innan skuleverket gjennom meir enn hundre år. I andre høgda står lærarbustaden akkurat slik som då den siste læraren Ingvar Koppervik, som var lærar ved skulen i 42 år, flytte frå skulen. Dotrene hans gav alle eignelutar etter far sin til bygdesamlinga, mot at alt skulle takast vare på for ettertida. Leikeplassen ligg der som før og utedoane står der dei alltid har gjort. Alt dette skapar eit levande bilete av korleis skuletida var før i tida. Praktiske oppgåver Elevane blir delte inn i grupper som rullerer mellom tre forskjellige postar, 30 minutt på kvar post. 1. Elevane får delta i ein skuletime der undervisinga går føre seg slik den gjorde for om lag 60 år sidan. Elevane får høyre om fleire ulike fag i skulen frå den tid. 2. Elevane får sjå lærarbustaden i andre høgda på skulen. Her får dei høyre og sjå korleis den siste læraren Ingvar Koppervik hadde det den tida han budde der. 3. Elevane får leike gamle barneleikar på skuleplassen, som å kaste på stikka og balleik på vegg. Jamfør læreplanen 4. årssteget: Elevane skal skape forteljingar om menneske i fortida og snakke om skilnader og likskapar før og no. Elevane skal fortelje om sin eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan, og om korleis levevis og levekår har endra seg. Elevane skal kjenne att historiske spor i sitt eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke. 7. årssteget: Elevane skal skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneske tenkjer og handlar ut frå samfunnet dei lever i. Lengde Cirka 2,5 timar, inklusiv matpause. I tillegg kjem reise. Opplegget passar best for elevar i 1. 7. klasse. Kroner 30 per elev. 19

e) Andre verdskrigen i Valdres Krigshandlingane som gjekk føre seg i Valdres under 2. verdskrigen er ein viktig del av vår historie. På Bagn Bygdesamling er det laga ei eiga utstilling om kampane i Bagn, i området rundt museet, og på garden Bangsbergatn, som er eit nasjonalt krigsminnesmerke. Museet disponerer garden, som står slik han gjorde i 1940. Elevane kan velje mellom to undervisingsopplegg 1) Omvising i krigsminneutstillinga på Bagn Bygdesamling. Her får elevane sjå sivile og militære effektar frå krigsdagane. Framsyning av filmen Bagn 1940 i administrasjonsbygget. Filmen fortel om dei dramatiske hendingane på Bangsbergatn i april 1940. Elevane får òg sjå kvar i nærområdet til museet kampane gjekk føre seg. 2) Besøk på Bangsbergatn gard med omvising i husa. Elevane får høyre kva som skjedde her under krigen. Garden ligg 5 km opp for Bagn sentrum og dit kan ein koma anten med buss (etter 1. juni) eller ved gå opp frå Gråbeinhølet litt nord for Bagn sentrum. Det tek cirka ein halv time å gå opp til garden. Informasjonstavler langs vegen. Opplegget varar cirka 3 timar. Med buss noko kortare tid, cirka 2, 5 time. Jamfør læreplanen 8. 10. årssteget: I opplæringa skal elevane arbeide med krefter, konfliktar og val som førte til dei to verdskrigane og samanhengar mellom dei. Elevane skal gjere seg kjende med gangen i krigane og vurdere følgjene av dei. Elevane skal finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og reflektere over korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis. Elevane skal lage spørsmål om sentrale internasjonale konfliktar på 1900-talet og i vårt eige hundreår, formulere årsaksforklaringar og diskutere konsekvensar av konfliktane. Lengde Cirka 1,5 timar, inklusiv matpause. Opplegget passar best for elevar i 8. 10. klasse. Kroner 30 per elev. 20

Kontaktinfo Ved bestilling av undervisingsopplegg ved Valdres Folkemuseum, Bunad- og folkedraktrådet eller Gardbergfeltet, kontakt: Ole Aastad Bråten Seksjonsleiar, formidling Tlf: 61 35 99 11 E-post: ole-aastad.braten@valdres.museum.no Gyda Grøndalen Hoffmann Fagkonsulent Tlf: 61 35 99 10 E-post: gyda.grondalen.hoffmann@valdres.museum.no Camilla Rudrud Fagkonsulent Tlf: 61 36 22 55 E-post: camilla.rudrud@bunadraadet.no Ved bestilling av undervisingsopplegg ved Bagn Bygdesamling, kontakt: Åse Østgård Hagen Avdelingsleiar Tlf: 61 34 77 49 E-post: ase.ostgard.hagen@valdres.museum.no 21