BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid



Like dokumenter
Arbeidstilsynets publikasjoner Best.nr Ungdom i arbeid

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Arbeidsreglement Sund kommune

Til deg som bur i fosterheim år

11 Eg i arbeidslivet

Husarbeid, tilsyn og pleie i privat arbeidsgivers hjem eller hushold

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

A R B E I D S REGLEMENT

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Arbeidsreglement Vedteke i kommunestyret , sak K 11/65

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

10/60-14/N-211//AMS

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Sandeid skule SFO Årsplan

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Forsand kommune Personalkontoret

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Arbeid som utføres i arbeidstakers hjem

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Kvalitetsplan mot mobbing

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Namning av vegar i Fræna Kommune

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Grupperettleiing for turnuslegar i kommunehelsetenesta

ARBEIDSREGLEMENT FOR SUNNFJORD KOMMUNE

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Vurdering av allianse og alternativ

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Skjema for HMS-GJENNOMGANG I BALESTRAND KOMMUNE Godkjent av: Arbeidsmiljøutvalet i møte XXXXX, sak XXXX. UTKAST AV

Finansiering av søknaden

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Forbrukerrådets husleiekontrakt

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fritidsbåt mellom private

Fastsatt av Tariffnemnda 27. november 2014 nr

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

PENSJON Generelt om pensjon, AFP, offentlig tjenesstepensjon m.m. Kurs for atv/vgo - Tromsø 15. og 16. mars

SOGNDAL KOMMUNE. Tilsetjingsreglement. Revidert i administrasjonsutvalet den , skal 2/12

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Orientering om. Innleige av arbeidskraft

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Plan for Liabygda SFO

Permisjonsreglement: Vedteke av kommunestyret i k-sak 30/11 den Saknr. Arkivkode Dato AHE 11/

INNFØRINGSKURS OM PENSJON I OFFENTLEG SEKTOR

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Transkript:

BEST. NR. 456-NYN Ungdom i arbeid

Utgitt første gong i 1985 Direktoratet for arbeidstilsynet Statens hus, 7468 Trondheim September 2002 Brosjyren er revidert og har fått ny lay-out. Mars 2008 Brosjyren er oppdatert. På internettsidene til arbeidstilsynet finn du meir informasjon om bl.a. arbeidsmiljø og ungdom, sjekk www.arbeidstilsynet.no eller www.arbeidstilsynet.no/ungdom Arbeidstilsynet gir råd og rettleiing om arbeidsmiljølova. Har du spørsmål, ring svartenesta vår: 815 48 222 E-post: svartjenesten@arbeidstilsynet.no

INNHALD FØR DU BYRJAR I JOBB NÅR DU BYRJAR I JOBB NÅR DU ER I JOBB NÅR DU SLUTTAR I JOBBEN 5 10 14 26

4

Stort sett gjeld reglane i arbeidslivet for alle, utan omsyn til kor gammal du er, men på nokre område finst særskilte reglar for personar under 18 år. Desse reglane skal gi unge ekstra vern mot arbeid som kan vere skadeleg. I arbeidsmiljølova finn du føresegner som regulerer arbeidstilhøvet, og i ferielova finn du føresegner om ferie og feriepengar. Før du byrjar i jobb Dersom du er under 18 år, kan du ikkje ta alle slags jobbar. Årsaka til det er at somme jobbar kan vere skadelege. 5

UNDER 13 ÅR Personar under 13 år kan som hovudregel ikkje ta arbeid. Dersom familien driv gard, kan likevel barn under 13 år til dømes hjelpe til med å hauste inn poteter, plukke bær og drive med lett stell av dyr. Dette blir ikkje rekna som arbeid slik lova tolkar det. Aldersgrensa på 13 år gjeld heller ikkje dersom du til dømes skal vere med på filminnspeling eller teater, men då berre dersom det blir teke tilstrekkelig omsyn til tryggleiken, helsa, utviklinga og skulegangen din. Arbeidstilsynet må også gi samtykke på førehand. 13 15 år Personar mellom 13 og 15 år kan ta somme typar arbeid. Har du fylt 13 år, kan du utføre lett arbeid. Såframt arbeidet er lett, kan du til dømes ta jobb som avisbod eller utføre kontor- og butikkarbeid. 6

Har du fylt 14 år, kan du også ha anna arbeid som ledd i skulegangen eller i praktisk yrkesrettleiing. Slike opplæringsopplegg skal vere godkjende av skulestyresmaktene. Dersom du er under 15 år eller er skulepliktig, må du ha skriftleg samtykke frå foreldre eller andre føresette før du kan byrje i arbeid. 15-18 år Ungdom over 15 år kan ha arbeid som ikkje er til skade for tryggleiken, helsa, utviklinga eller deira skulegang. Det tyder at du til dømes kan ta butikkarbeid og rydde- og vedlikehaldsarbeid i parkar. Arbeidsgjevaren må i kvart tilfelle ta standpunkt til om arbeidet kan vere til skade for deg og pliktar å gjere det som er nødvendig for å ivareta di sikkerheit, helse og utvikling. Visse typar arbeid blir rekna som farleg arbeid, og er derfor 7

Visse typar arbeid blir rekna som farleg arbeid, og er derfor forbode å utføre for personar under 18 år. Arbeidsgjevaren din kan ikkje sette deg til slikt arbeid. Du kan til dømes ikkje utføre arbeid der du kan bli utsett for kreftframkallande kjemikaliar. Sjølv om arbeidet i utgangspunktet er forbode, kan ungdom mellom 15 og 18 år i visse tilfelle likevel utføre arbeidet dersom det skjer som ledd i ei yrkesretta opplæring. 18 ÅR Personar over 18 år kan ta dei aller fleste jobbar. I somme jobbar er det likevel eigne aldersgrenser. Du må til dømes ha fylt 20 år for å ha lov til å selje brennevin. 8

9

Når du byrjar i jobb ARBEIDSAVTALE Det skal skrivast ei arbeidsavtale i alle arbeidstilhøve. Ei slik avtale skal blant anna innehalde opplysningar om arbeidstid, lønn, oppseiingstid og andre vilkår. Dersom arbeidstilhøvet skal vare under ein månad, må arbeidsavtala skrivast med ein gong. Skal arbeidstilhøvet vare i meir enn ein månad, må ein inngå arbeidsavtala snarast mogeleg og seinast innan ein månad etter at arbeidstilhøvet byrja. ARBEIDSREGLEMENT På dei fleste arbeidsplassar skal det vere slått opp eit arbeidsreglement. Reglementet skal innehalde de ordensreglar som trengst og reglar for arbeidstidsordninga. Les reglementet og følg det. 10

PRØVETID Den første tida i ny jobb er gjerne såkalla prøvetid. Det vil seie at både arbeidsgjevaren og du sjølv skal sjå om du passar til jobben. Prøvetid gjeld berre om det er skriftleg avtala, og ho kan ikkje vare meir enn 6 månader. I prøvetida kan du seies opp på grunn av manglande tilpassing til arbeidet, fagleg dyktigheit eller pålitelegheit. I prøvetida er oppseiingsfristen 14 dagar både for arbeidsgjevaren og deg. 11

OPPLÆRING Når du er ny, har du krav på skikkeleg opplæring i jobben. Det gjeld både korleis sjølve arbeidet skal gjerast, og kva særskilde reglar du må følgje av omsyn til tryggleik og helse. SKATTEKORT Når du byrjar å tene egne pengar, må du ha vanleg skattekort eller frikort. Dette skal du levere til arbeidsgjevaren din. Skatteetaten kan gi nærare opplysningar om dette. 12

13

Når du er i jobb ARBEIDSTID Arbeidstida for personer under 18 år skal leggjast slik at ho ikkje hindrar skulegang eller hindrar dei i å dra nytte av undervisning. PERSONAR UNDER 15 ÅR SKULEPLIKTIGE For personar som er under 15 år, eller som er skulepliktige, må ikkje arbeidstida overstige 2 timar i døgnet og 12 timar i veka i veker med undervisning. På skulefrie dagar kan du arbeide opptil 7 timar i døgnet. I skuleferiar som varer i minst ei veke, kan du arbeide opptil 7 timar i døgnet og 35 timar i veka. Arbeidstilsynet kan gi løyve til at du kan arbeide utover 14

2 timar i døgnet og 12 timar i veka ved kulturelt og liknande arbeid. Eksempel på dette er deltaking i eit teaterstykke. Dersom du er med i ei ordning i regi av skulen som byter på teoretisk og praktisk utdanning, må arbeids- og skuletida til saman ikkje overstige 8 timar i døgnet og 40 timar i veka. PERSONAR MELLOM 15 OG 18 ÅR IKKJE SKULEPLIKTIGE For personar mellom 15 og 18 år som ikkje er skulepliktige, må arbeidstida ikkje overstige 8 timar i døgnet og 40 timar i veka. PERSONAR OVER 18 ÅR For personar over 18 år må den alminnelege arbeidstida ikkje vere meir enn 9 timar i døgnet og 40 timar i veka. Mange arbeidsplassar har avtale om kortare arbeidstid. OVERTID Personar under 18 år kan ikkje jobbe overtid. Dersom du er over 18 år, kan du jobbe overtid. Du har då krav på overtidsbetaling for den tida som overstig vanleg arbeidstid etter 15

arbeidsmiljølova. Vanleg arbeidstid etter arbeidsmiljølova er 9 timar i døgnet og 40 timar i veka. Etter arbeidsmiljølova skal du ha minst 40 % overtidsbetaling. Dei fleste stadene får du overtidsbetaling for arbeid ut over det som er avtala som vanleg arbeidstid, til dømes 8 timar per dag. Arbeidsmiljølova set grenser for kor mykje overtid du kan jobbe. PAUSAR/FRITID Personar under 18 år har krav på pause i minst 1/2 time dersom den daglege arbeidstida overstig 4 1/2 time. Er du over 18 år, har du krav på pause dersom arbeidstida overstig 5 1/2 time i døgnet. Du har krav på pause i minst 1/2 time dersom arbeidstida er på minst 8 timar i døgnet. Dersom arbeidet er lagt opp slik at du ikkje kan gå frå arbeidsstaden i matpausen, eller det ikkje finns tilfredsstil- 16

lande pauserom, skal du også ha betalt for pausen som då blir rekna med i arbeidstida. Det finst også reglar om dagleg kviletid og kor mykje fritid du skal ha i veka, noko som skal sikre at du får nok kvile mellom arbeidsperiodane. 17

NATTARBEID Personar som er under 15 år, eller som er skulepliktige, skal ikkje arbeide mellom kl. 20.00 og kl. 06.00. Det finst unntak frå denne regelen. Du kan til dømes vere med i filminnspeling eller teaterstykke. Personar mellom 15 og 18 år som ikkje er skulepliktige, skal ha ein arbeidsfri periode på minst 8 timer som omfattar tida mellom 23.00 og 06.00. Arbeid mellom 21.00 og 23.00 er nattarbeid og er berre tillaten på visse føresetnader. Det finst unntak frå denne regelen også. Du kan til dømes ta arbeid som avisbod eller arbeide på lærekontrakt i verksemder innan hotell- og restaurantnæringa. LØNN Lova seier ikkje noko om minstelønn. Kor mykje du skal ha i lønn er det di eiga avtale direkte med arbeidsgjevaren eller tariffavtala som avgjer. Arbeidsgjevaren din har som hovudregel ikkje lov til å trekkje deg i lønn eller i feriepengar. Det kan likevel bli gjort dersom 18

det til dømes er avtala på førehand eller er regulert i lova. Du har krav på ein skriftleg oversikt som viser korleis lønna er rekna ut, og kva for frådrag som er gjort. SJUKEPENGAR For å ha rett til sjukepengar må du ha vore i arbeid i minst to veker rett før du blei sjuk. Sjukepengane utgjer til vanleg full lønn. Du må som regel levere sjukemelding. Dersom det er snakk om ein kortvarig sjukdomsperiode (inntil 3 dagar), kan du levere eigenmelding. Eigenmelding kan nyttast 4 gonger i løpet av 12 månader. Føresetnaden for å nytte eigenmelding er at du har vore tilsett i minst 2 månader. 19

Somme arbeidsplassar har inngått ei eiga avtale om utvida eigenmeldingsordning. Arbeids- og velferdsetaten (NAV) kan gi nærare opplysningar om dette. FERIE Du har rett til ferie kvart år. Dersom du er organisert med tariffavtale, har du krav på 5 veker ferie. Er du ikkje organisert, har du krav på 4 veker ferie og ein dag. Dersom du er under 18 år og går på skule, må du ha minst 4 veker ferie i året. Av desse skal du ha minst 2 veker om sommaren. 20

FERIEPENGAR Same kor lenge du har jobba, har du krav på feriepengar. Dei som er i jobb heile året, får utbetalt feriepengane når dei tar ferie. Når du fråtrer eller byter jobb, skal du ha feriepengar utbetalt når du sluttar. Som organisert med tariffavtale utgjer feriepengane 12 % av feriepengegrunnlaget, og som uorganisert har du krav på 10,2 % av feriepengegrunnlaget. Feriepengegrunnlaget blir rekna etter kva du tente året før ferien tar til. All lønna inntekt blir rekna inn i feriepengegrunnlaget. ARBEIDSMILJØ/VERNEOMBOD Alt arbeid skal gå føre seg under trygge tilhøve. Det er arbeidsgjevaren som har ansvaret for dette, og som skal syte for at arbeidsmiljølova blir følgt. Men det er viktig at alle dei som jobbar ein stad er med på å betre arbeidsmiljøet. På dei fleste arbeidsplassar skal det vere eit verneombod. Verneombodet skal ta vare på interessene til dei tilsette i 21

saker som gjeld arbeidsmiljøet. Ta kontakt med verneombodet om det er noko du meiner er farleg eller uheldig på arbeidsplassen, og som du meiner bør rettast opp. OM SKADER OG ULUKKER I nokre yrke er det lett å sjå kva som kan vere farleg, til dømes maskiner og reiskap som det kan vere lett å skade seg på. Det kan finnast giftige eller helsefarlege stoff som er farleg å få på seg, svelgje eller puste inn. Det kan vere fare for å falle ned, til dømes frå stillas. Gjenstandar kan falle ned og råke nokon. Det er reglar for korleis ulike typar arbeid skal bli utført så trygt som mogeleg. Til dømes skal giftige og helsefarlege stoff vere merka på norsk. I andre yrke er likevel ikkje farane så lette å sjå, men arbeidet kan vere belastande og gi alvorlege skadar. Det gjeld til dømes jobbar der du må løfte tungt eller sitje i same arbeidsstilling lang tid om gongen. Mange i slike jobbar får 22

belastningssjukdomar. Skadane kjem ikkje så brått som i jobbar med dei synlege farane, men dei kan vere like alvorlege. I slike jobbar er det særleg viktig å lære seg gode arbeidsstillingar og syte for variasjon i arbeidet. VERNEUTSTYR Dersom det ikkje er mogeleg å tryggje arbeidsplassen på anna vis, er det nødvendig å bruke særskilt verneutstyr. Dette kan til dømes vere hjelm, maske, høyrselsvern og vernesko. Både av omsyn til deg sjølv og dei andre på jobben, er det viktig at du følgjer føresegnene om tryggleik. Får du beskjed frå arbeidsgjevaren om å bruke verneutstyr, har du plikt til å gjere det. FAGORGANISERING Det er ein fordel å vere medlem av ei fagforeining, særleg når du er i jobb over lengre tid. Arbeidsgjevaren din kan ikkje nekte deg å vere medlem av ei fagforeining. 23

Fagforeiningane forhandlar om lønn og andre gode, og dei er part i tariffavtalene som finst på mange arbeidsplassar. Dei tillitsvalde på arbeidsplassen kan gi deg nærare opplysningar om dette. 24

25

Når du sluttar i jobben SKRIFTLIG OPPSEIING Dersom du vil slutte i jobben, må du levere ei skriftleg oppseiing. Dette gjeld ikkje dersom du berre er tilsett for ei avgrensa tid og skal slutte til avtala tid. FRIST Dersom ikkje noko anna er skriftleg avtala eller fastsett i tariffavtala, er kortaste gjensidige oppseiingsfrist ein månad rekna frå første dag i månaden etter oppseiinga. ATTEST Du har krav på skriftleg attest når du sluttar i ein jobb. Attesten skal blant anna fortelje kva slags arbeid du har hatt og kor lenge du har vore tilsett. Når du skal søke nye 26

jobbar eller søke opptak ved skule, er det viktig at du har attest frå dei jobbane du har hatt tidlegare. OM Å BLI OPPSAGT Somme blir bedne om å slutte, utan at dei sjølve ønskjer det. I slike tilfelle har arbeidstakarane rettar som skal sikre at dei ikkje blir urettferdig handsama. Du kan ikkje bli sagt opp utan at arbeidsgjevaren har sakleg grunn til det, til dømes at du ikkje har passa jobben din, eller at verksemda må innskrenke. Dersom du blir sagt opp, skal du ha skriftleg beskjed. Du kan krevje ei grunngjeving. SØK HJELP Om du meiner at det ikkje er sakleg grunn for oppseiinga, bør du straks ta kontakt med tillitsvalde for å få hjelp med korleis du skal gå fram. Her finst det fristar som du må halde, så søk hjelp straks. Er det ikkje tillitsvald der du jobbar, kan Arbeidstilsynet hjelpe deg med råd. 27

AVSKJED Dersom det er heilt klart at du ikkje gjer jobben din, eller på anna vis klart bryt arbeidsavtala, kan arbeidsgjevaren gi deg avskjed og krevje at du sluttar straks. I slike tilfelle gjeld ikkje oppseiingsfristar. Avskjed er altså meir alvorleg enn ei oppseiing. Du har krav på attest sjølv om du blir sagt opp eller får avskjed. 28

29

Kontakt Arbeidstilsynets svarteneste tlf. 815 48 222 Fagfolk svarar på spørsmål om helse, miljø og sikkerheit på arbeidsplassen, om arbeidsavtalar, arbeidstid, ferie, oppseiing og mykje anna.

Du kan tinge publikasjonar hos: Gyldendal Akademisk Postboks 6730 St. Olavs plass 0130 Oslo Ordretelefon: 23 32 76 61 Ordrefaks: 23 32 76 98 Sentralbord: 22 03 43 00 E-post: kundeservice@gyldendal.no Du kan også tinge publikasjonar over Internett: www.gyldendal.no/arbeidsliv eller www.arbeidstilsynet.no