Innkalling til årsmøte i Øystese båtlag. Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Øystese Båtlag på Øystese gymnas, auditoriet, tysdag 15.03.16. kl. 19:00. Sakliste: 1. Konstituering 2. Årsmelding 3. Rekneskap 4. Vedtektsendring 5. Reglar for bruk av opplagsplass 6. Retningsliner for dugnadsarbeid 7. Prisar og satsar 8. Innkomne saker 9. Val. Helsing Styret i Øystese Båtlag Enkel servering.
Årsmelding for Øystese Båtlag 2015 Styret har vore samansett slik: Leiar: Dag Harald Østborg/ Odd Aarsand Skrivar: Hans Frode Sørheim Kasserar: Dragoslav Jesmenica Hamnesjef: Svein Leon Selsvik Nesthamnesjef: Dick Rune Jensen Varafolk: Valnemnd: Revisorar: Martin Lunestad Terje Vines Håkon Arne Laupsa Samson Håland, Kjell Einar Sekse Helge Skiple, Arvid Børve Styret har i perioden hatt seks møte. På nokre av desse møta har ein eller fleire av varamennene vore med. Det har vore ein del arbeid med å få sluttfinansieringa av anlegget ferdig grunna ein del usemje med leverandør, men med godt innsats frå Dag Harald er saka no avslutta. Ettersom anlegget no er nytt og til dels oppgradert, har det vore eit roleg år for styret. Når det gjeld utført arbeid, viser ein til rapporten frå hamnesjefen. Elles har styret jobba med vedtektene for å få dei «up to date». Sjå eiga sak! Det same gjeld og arbeidet med å finne gode retningsliner for bruk av opplagsplassen. Her er det særleg opphoping av umerka vogner/tilhengarar som har sett grå hår i hovudet på hamnesjefen. Her må me få rydda opp. Sjå eiga sak! Styret prøver også å få til ei dugnadsordning som kan verke både effektiv og rettferdig. Sjå eiga sak! Styret takkar medlemene for driftsåret 2015. For styret Odd Aarsand leiar
Årsrapport 2015 frå Hamnesjefen. Våren 2015 vart Tanken oppgradert med nye utriggarar, fortøyningsbommar og feste til gangveg. Det var tildels store skader på stålstrukturen under platting innerst på tanken som kom til syne då denne vart heva. Desse skadane vart utbetra, og strukturen forsterka. Alt dette arbeidet vart utført av Vidar og Øyvind Haugen. Dugnadsarbeid som vart utført i 2015. * Assistert etter behov ved arbeid med Tanken, til dømes supplering av materiell, montert nytt dekke på gangveg og ny kaifront. Heving/senking av Tank samt rydding etter endt arbeid. * Generell opprydding av rot, skrot og boss på opplagsplassar. * Kosting av strøsand/spyling av asfalt. * Montert rekkverk på landgang til Tanken. * Spyling av kaifront og platting framfor klubbhus. * Demontert gammal gangveg og bryggefront før arbeid med utbetring av tanken. * Fjerna tau frå gamle fortøyningar som til tider flyt opp. Det vart utført ca 130 timer dugnad i 2015. Det går mykje tid med oppfølging av medlemmer som ikkje fortøyer båtane sine forskriftsmessig. Det er hovudsakleg manglande bruk av strekkavlastarar og for dårlig dimensjonert tauverk som er gjengangarar. Viktig med rett dimensjonert fortøyning og strekkavlastning for å unngå skade på brygger og båt. Det går og mykje tid på alle båt tilhengarane som har funne vegen til hamna, her går det veldig mykje unødvendig tid til å flytte hengarane fram og tilbake i hamna. Det er svært mange hengarar som ikkje er merka med namn og nummer trass i at det er vedtatt at umerka vogner skal fjernast frå området. Alle som har utsette båtplassar, må få båtane sine på innsida i le i vinterhalvåret. Svein Leon Selsvik
Enkel tilstandsrapport, 13.jan. 2015 El-anlegg, Øystese Båtlag 1) Deler av el-anlegget i båthavna er frå 80-talet. 2 nye betong-flytebryggjer vart montert 2012 inkludert 8 stk underfordelinger med låsbare stikk og separate straummålere. Kursoversikt er oppdatert og HMS-perm i bua inneheld div. dokumentasjon. 2) Hovedfordeling er plassert i eige skap ved klubbhus og inneheld både gammalt og nytt utstyr. Etter at nye straummålere er montert har båtlaget fått bedre kontroll på kven som bruker straum, slik at kun nødvendig ganglys/lanterner og varme/lys i bua blir belasta fellesskapet. Likevel må dei som nyttar straum på opplagsplass melde forbruk til styret. 3) Klubbhus m/toalett og lager har fungert utan problem. 4) Lanterner og lysmaster fungerer greit, og lyspærer vert skifta fortløpande. 5) Instruks vedrørende straumforsyning er hengt opp fleire stader. Minner om at alle stikk skal vera låst til ei kvar tid. Alle som har straumkontrakt er ansvarleg for sitt straumforbruk, dette gjeld også om stikkontakten står åpent tilgjengelig for kven som helst, pga manglende hengelås eller feil stikk som ikkje kan låsast. Dersom hengelås blir vanskeleg eller treg, bruk litt låsolje. Alle må hjelpe til slik at anlegget varer, ver gild å sei ifrå ved eventuelle feil/problem. 6) Arbeid utført 2015: Generelt vedlikehald vert loggført på kontrollskjema i HMS-perm, som viser skifting av 8 stk lanterne-pærer. Lagt opp provisorisk stikk på Tank ifbm sveisearbeid og montering av nye utriggere. Registrert straumforbruk ihht pkt i, "Instruks for straumforsyning". Sporadiske streifrunder for å sjekke landganger m/kabler. 7) Mål for 2016: Montere 2 nye straumsøyler, samme type som på nye flytebryggjer: 1 stk v/ opplagsplass på land. 1 stk på flytebryggje B (midtbrygga). Torstein Fosso Ansvarleg elektriker
Øystese Båtlag Instruks for tilkobling til 230V straumforsyning Denne marina leverer ein jorda straumforsyning til din båt. Jordfeilvarsling er montert i front av hovedfordeling ved klubbhus, og feil vert varsla ved hjelp av lys i raud lampe. Generelt: a) Dersom du ikkje har ein skilletrafo om bord for å skille det elektriske system om bord i din båt frå landsystemet, kan elektrolytisk korrosjon øydeleggje din båt eller andre båtar i marinaen. b) Bruk av ujordet elektrisk utstyr er strengt forbudt. c) Forsyningsspenning på denne marina er 230V - 50 Hz einfase. d) Ta forholdsregler for å unngå at bevegelig tilknytningsledning (gummikabel) kjem i kontakt med sjø. e) Berre ein (1) gummikabel er tillatt pr. stikkontakt. f) Gummikabel skal vere i ein lengd utan skjøt, skjøtesett eller forgreiningar. g) Fuktigheit, støv og/eller salt i inntaket på båten kan utgjera fare. Undersøk inntak, og gjer reint om nødvendig, før tilkobling til marinaens straumforsyning. h) Det er farlig for ikkje-sakkyndige å reparere eller endre på det elektriske utstyret. Ta kontakt med fagmann / elektroansvarleg for marina dersom problem skulle oppstå ved el-anlegget om bord / på marina. i) Båtar som nyttar straum skal ha godkjent utstyr for måling av kw-forbruk, til dømes ved å leiga 1 av 64 stk nye stikkontakter med integrert straummålar i lysmast. Forbruk skal registrerast og rapporterast til styret / elektroansvarleg for marina, ein (1) gong pr. år. Frist 1.januar Forbruk som ikkje kan dokumenterast, vert stipulert ihht vedtekter for båtlaget. Ved ankomst: a) Koble frå alt straumforbrukande utstyr om bord. b) Koble til bevegelig ledning først til inntak om bord, deretter til stikkontakt på marina. Ved avreise: a) Koble frå alt straumforbrukande utstyr om bord. b) Trekk ut støpsel av stikkontakt på marina, og deretter frakobles skjøtekontakt frå inntak om bord. c) Kveil opp skjøteledninger og forviss deg om at plugg og skjøtekontakt er reine og tørre, og plassèr utstyret tørt. Torstein Fosso Elektroansvarleg Januar -16
Resultatrekneskap Øystese Båtlag Nr. Kontonavn 2015 2014 2013 Inntekter 3000 Medlems og havneavgift kr 292 871,25 kr -260 250,00-255 780,00 3001 Slipp og havneavgift kr 11 236,00 kr -17 581,00-17 150,00 3005 Momskompensasjon kr 16 902,00 kr -10 531,00-9 236,00 3010 Straum kr 25 554,90 kr -16 916,00-26 698,70 3011 Nøkkeldepositum kr -4 250,00-3 000,00 3900 Forsikringsoppgjer kr -68 307,00 0,00 3020 Sal båtplassar kr 140 500,00 Sum inntekter kr 487 064,15-260 250,00 kr -377 835,00-311 864,70 6000 Grunnleige kr 31 237,50 kr 30 950,00 30 950,00 6001 Straum kr 20 328,00 kr 26 301,00 31 771,30 6002 Havnesjef og formann kr 4 000,00 kr 20 000,00 22 000,00 6005 Vedlikehald båthavn kr 85 124,50 kr 157 400,13 17 699,00 6006 Renovasjon /vatn /brøyting kr 11 632,74 kr 9 643,50 10 055,25 6007 Porto/kontorrekvisita kr 2 306,00 kr 5 749,00 5 869,50 6008 Bankgebyr kr 1 458,75 kr 1 355,00 1 144,50 6009 Rekneskap kr 13 231,00 kr 8 505,00 9 689,00 6010 Møter kr 1 220,00 kr 799,73 5 340,63 6011 Kontigent KNBF kr 18 120,00 kr 18 120,00 18 120,00 6012 Forsikring kr - kr 21 528,00 21 335,00 6013 Trykking kr 11 338,50 kr 8 114,00 7 285,00 6015 Annonse kr - 0,00 8151 Renter banklån/leverandør kr 71 286,06 kr 56 678,33 61 997,16 Sum utgifter kr 271 283,05 kr 365 143,69 243 256,34 8050 Annen renteinntekt kr 1 762,71 kr -5 799,25-4 044,50 Årsresultat kr 217 543,81 kr -18 490,56-72 652,86 Nr. Kontonavn 2015 2014 2013 Aktiva 1400 Båtplassar kr 13 900,00 kr 13 900,00 93900,00 1401 Ny båthavn kr 4 126 061,97 kr 3 337 888,97 3 251 938,97 1402 Eigenbet. ny båthavn kr -1 575 830,00 kr -1 575 830,00-1 575 830,00 1500 Kundefordringer kr - kr 5 500,00 500,00 1920 DnB 20 05202 kr 243 158,98 kr 55 967,72 189 074,69 1925 Fastrente 30 28065 kr 3 140,72 kr 241 592,42 155 944,89 Sum kr 2 810 431,67 kr 2 079 019,11 2 115 528,55 EGENKAPITAL OG GJELD 2050 Annen egenkapital kr -1 120 022,86 kr -1 101 532,30-1 028 879,44 2240 Banklån kr -1 471 875,00 kr -957 375,00-1 012 875,00 2400 Leverandørgjeld kr -990,00 kr -1 121,25-1 121,25
Gjeldande vedtekter for Øystese Båtlag: Lover for Øystese Båtlag 1. Øystese Båtlag har till føremål å samla båt interesserte for å ta vare på sams interesser, særleg med tanke på utbygg, bygging og drift av småbåthamna. 2. Styret skal ha 5 medlemer. Det skal vera samansett slik: Formann, varaformann, sekretær, kasserar og hamnesjef. Det skal vera 3 varamenn til styret. 1. varamann vert kalla inn når styret finn det turvande. Det skal vera 2 revisorar. Styremøte vert halde når formann finn det nødvendig eller når 3 styre-medlemer krev det. Styret er vedtaksført når minst 3 styremedlemer møter. Avgjerd vert teken me simpelt fleirtal. 3. Årsmøtet vert halde innan utgangen av februar og skal mellom anna ha føre val etter 2 og godkjenning av årsmelding og rekneskap. Arbeidsåret til båtlaget følgjer kalenderåret. Innkalling med sakliste må gjerast kjend for medlemene seinast 14 dagar før årsmøtet. Saker ein vil ha fremja på årsmøte må vera styret i hende innan 1.februar. Lovendringar og andre viktige arbeidsoppgåver for laget kan berre vedtakast eller forkastast av eit vanleg eller eit nytt innkalla årsmøte. Slike vedtak krev 2/3 fleirtal. Alle val gjeld for 2 år med unntak av formann som skal veljast for 1 år. Ein må velja slik at 2 frå det gamle styret alltid sit att. 4. Alle båt interesserte kan verta medlemer mot å betala den medlems-kontingenten som vert fastsett av årsmøtet. Kontingenten skal betalast på forskot for heile året og betalingsfrist er 31. januar. Dersom kontingenten ikkje er betalt seinast 1 månad etter forfall, er ein ikkje å rekna som medlem lenger. 5. Einkvar som bryt loven, ikkje følgjer vedtak som styret eller årsmøtet har gjort, eller på annan måte ikkje er kollegial eller heiderleg, kan ekskluderast på lagsmøte eller årsmøte. Slikt vedtak krev 2/3 fleirtal. Styret har suspensjonsrett til lagsmøte eller årsmøte vert halde. Styret pliktar å varsla vedkomande på førehand slik at han kan vera til stades og ta vare på interessene sine. 6. Dersom laget skal løysast opp, må vedtak om dette gjerast med 2/3 fleirtal av to vanlege årsmøte etter einannan. Vert slikt vedtak gjort, skal alle aktiva, etter at alt er gjort opp, gå til NSSR Redningsselkapet dersom laget ikkje er kome i arbeid att innan 3 år.
Sak 4: Vedtektsendring, framlegg: Vedtekter for Øystese Båtlag 1. Øystese Båtlag har til føremål å samla båtinteresserte for å ta vare på sams interesser, særleg med tanke på utbygging og drift av småbåthamna. 2. Styret skal ha 5 medlemer. Det skal vera samansett slik: Formann, sekretær, kasserar, hamnesjef og nest hamnesjef. Det skal vera 3 varamenn til styret. Minst ein varamann skal kallast inn til styremøta. Laget skal ha ein el.ansvarleg som vert peika ut av styret. Styremøte vert halde når formann finn det nødvendig eller når 3 styre-medlemer krev det. Styret er vedtaksført når minst 3 styremedlemer møter. Avgjerd vert teken me simpelt fleirtal. 3. Årsmøtet vert halde innan utgangen av mars og skal mellom anna ha føre val etter 2 og godkjenning av årsmelding og rekneskap. Arbeidsåret til båtlaget følgjer kalenderåret. Innkalling med sakliste må gjerast kjend for medlemene seinast 14 dagar før årsmøtet. Saker ein vil ha fremja på årsmøte må vera styret i hende innan 15.februar. Lovendringar og andre viktige arbeidsoppgåver for laget kan berre vedtakast av eit vanleg eller eit nytt innkalla årsmøte. Slike vedtak krev 2/3 fleirtal. Alle val gjeld for 2 år med unntak av formann som skal veljast for 1 år. Ein må velja slik at 2 frå det gamle styret alltid sit att. Valnemnd vert peika ut av årsmøtet. Valnemnda skal ha tre medlemer som vert valde for to år slik at ein eller to medlemer vert skifte ut kvart år. 4. Alle båtinteresserte kan verta medlemer mot å betala den medlems-kontingenten som vert fastsett av årsmøtet. Kontingenten skal betalast på forskot for heile året, og betalingsfrist er 31. januar. Dersom kontingenten ikkje er betalt seinast 1 månad etter forfall, er ein ikkje å rekna som medlem lenger. 5. Einkvar som bryt vedtektene, ikkje følgjer vedtak som styret eller årsmøtet har gjort, eller på annan måte ikkje er kollegial eller heiderleg, kan ekskluderast på lagsmøte eller årsmøte. Slikt vedtak krev 2/3 fleirtal. Styret har suspensjonsrett til lagsmøte eller årsmøte vert halde. Styret pliktar å varsla vedkomande på førehand slik at han kan vera til stades og ta vare på interessene sine. 6. Dersom laget skal løysast opp, må vedtak om dette gjerast med 2/3 fleirtal av to vanlege årsmøte etter einannan. Vert slikt vedtak gjort, skal alle aktiva, etter at alt er gjort opp, gå til NSSR Redningsselskapet dersom laget ikkje er kome i arbeid att innan 3 år.
Sak 5: Reglar for bruk av opplagsplass: Styret sitt framlegg: 1. Opplagsplassen er reservert for båtar i opplag i tida 1. oktober 1. juni. 2. Alle vogner/hengarar skal vere merka med namn og tlfnr. Umerka vogner/hengarar vil verte fjerna. 3. Unytta vogner/hengarar som er til hinder for plassering av båtar, kan verte fjerna. 4. Båteigarane må sjølve ta ansvar for fornuftig utnytting av opplagsplassen. 5. Hamnesjefen har mynde til å bestemme plassering av båtar. 6. Båtar som ligg med straum tilkopla, skal ha montert straummålar. Desse reglane går inn under pkt 8 i Reglar for drift av båthamna. Sak 5: Retningsliner for dugnadsarbeid. Styret sitt framlegg: 1. Kvar båtplasseigar betalar inn ein dugnadspott på kr 300. 2. Hamnesjef set opp og kunngjer dugnadsarbeid ved oppslag i båthamna og via heimesida. 3. Medlemer som kan vere med på dugnad, melder seg til hamnesjef som set opp arbeidslag. 4. For utført dugnad får kvar medlem tilbakebetalt kr 150 pr time. Alt II: 2. Medlemer som vil utføre dugnad, melder seg til hamnesjefen som set opp liste. 3. Hamnesjefen kallar inn etter behov.
Sak 6: Vurdering av prisar og satsar i hamna. Gjeldande satsar: Øystese Båthamn - prisar og satsar i hamna 2015 Sal/kjøp liten plass Tekst Kroner 40 000 Sal/kjøp stor plass 50 000 Sal/kjøp ekstra stor plass 53 900 Hamneavgift pr. år 1 500 Medlemskap pr. år 750 Nøkkel (Depositum) 500 lkkje møtt på dugnad pr. time 100 Bruk av slipp store reparasjonar. (Ikkje medlem) 1 000 Bruk av slipp (Ikkje-medlem) 200 Bruk av høgtrykkspylar (Ikkje-medlem) 50 Bruk som gjestehamn pr. døgn 50 Bruk av gjestehamn inkl. straum pr. døger 70 Tilkobling straum pr. år 240 Straum medlemmer, pris pr. KWh Innpris + 20% Styret sitt framlegg: Verdien vert justert opp til: Liten plass: kr 60.000. Stor plass: kr 75.000 Ekstra stor plass: kr 78.900. Grunngjeving: Dagens prisar speglar ikkje kostnaden for etablering av nye plassar. Samanliknar me oss med Norheimsund Båtlag er tilsvarande prisar der: Liten plass ( 2,7 m): kr 50.000 Mellomstor plass ( 3,7 m): kr 75.000 Stor plass (3,7 til 4,5 m): kr 90.000
Fortøying av båt i båthamna For standard fortøying av alle båtar i heile hamna gjeld følgjande: - Båten skal fortøyast med 2 fortøyingar i baug og 2 fortøyingar akter. - Bruk kvalitetstau med tilstrekkeleg dimensjon. - Fortøyning skal festast med anbefalt knute/spleis til fortøyingsauge på utriggarane. - Bruk strekkavlastarar av gummi i god kvalitet. - Fortøyingane skal strammast tilstrekkeleg for å unngå at båten jagar i båsen. - Bruk av sjakkel er forbode, då det vil oppstå korrosjon og slitasje på fortøyingsauge. - For plassar som båteigarar vurderer som utsette, må ein bruke ekstra fortøyingar. Styret har ansvar for orden og sikkerheit i hamna. Styret kan kome med pålegg til båteigarar om å utbetre fortøyningar i samsvar med dette regelverket, noko båteigarar pliktar å etterkome med øyeblikkeleg verknad. Dersom ikkje båteigarar følgjer pålegg frå styret når det gjeld fortøying eller andre sikringstiltak, kan dette i verste fall medføre krav om flytting av båt og tap av båtplass/medlemskap. Storleik på båt. 6 meter utliggarar, maks 24.60 Fot 8 meter utliggarar, maks 31.16 Fot 10 meter utliggarar, maks 37.72 Fot