GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Like dokumenter
Handlingsrettleiar BTI

Du må tru det for å sjå det

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Innsats i BTI Barnevern

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Til deg som bur i fosterheim år

Heilt einig. Litt einig

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

6-åringar på skuleveg

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Vågar du å vere vaksen?

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Betre tverrfagleg innsats. Handlingsrettleiar. Åd Årdal lkommune

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Oppfølging av opplæringsprogram til barnehagane i Førde. Barnekonferanse i Loen Jorunn Liv Kleiven

Tiltak frå førebyggande helse; Jordmor, helsestasjon og skulehelsetenesa

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Spørsmåla i Foreldreundersøkinga

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

KVA NO ØRSKOG? - Muligheter og utfordringer i ei ny kommune...

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Hvordan snakker jeg med barn og foreldre?

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Elevundersøkinga 2016

Høyringsuttale til forslag til ny barnevernslov - Sikring av barnet sin rett til omsorg og beskyttelse

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Rettleiar for oppfølging av brukarrepresentantar som deltar i arbeid ved Lærings- og mestringssenteret (LMS).


Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

FIRFOTMODELLEN. Fødselsdato

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

8 tema for godt samspel

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

Skjema for eigenvurdering

Psykologisk førstehjelp i skulen

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Forsand kommune Rådmannen

Etikkreglement for Gaular kommune

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

HAR DU BARN ELLER UNGDOM SOM PÅRØRANDE? Når nokon i familiaen blir alvorleg sjuk

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Rettleiing Spørjeundersøking om heimetenester

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Kommunedelplan for oppvekst

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO


Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Pedagogisk analysemodell

Metodiske verktøy ved kursleiing

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Transkript:

Rettleiar til bekymringssamtale / undringssamtale - til medarbeidarar som arbeider med barn Samtale med foreldre om bekymring for eit barn Nedanfor finn du fleire forslag til korleis personalet i ein barnehage eller personalet på ein skule kan gjennomføre ei samtale med foreldre om barnet si åtferd. Det er viktig å førebu seg godt slik at målsettinga om å kaste lys over omsorgssituasjonen til barnet vert formidla. Alle foreldre ynskjer det beste for barna sine. Det at vi som tenesteytarar bryr oss om barnet /ungdomen og familien er utgangspunktet for at vi tek initativ til slike samtalar. Planlegging Førebuing: - Skildre føremålet med møtet; snakke med foreldra om at barnet ikkje trivst og eit ønskje om å diskutere korleis vi kan samarbeide med målsetting om at barnet skal få det betre. - Dagsorden skal gå fram av innkallinga - Ta stilling til kven som skal ta del - Avklare kven som er møteleiar og referent - Finne eigna møterom Møteinnkallling: Det bør sendast skriftleg innkalling til samtalen på førehand. Gjer innkallinga forståeleg med korte setningar og ryddig struktur. Unngå å sende innkallinga i samband med ei helg, slik at du er tilgjengeleg for eventuelle spørsmål. Følgjande bør gå fram i møteinnkallinga: Føremålet med møtet. Ver konkret på korleis de vurderer barnet sin situasjon og kva som er grunnlag for uroa/bekymringa Dato, tid og stad ( hugs å ta med kor tid samtalen sluttar) Deltakarane i møtet Dagsorden; - føremål - barnet / ungdomen sin situasjon - innspel - løysingsforslag; kva kan vere til hjelp for barnet? - avtalar; innhald, ansvarlege - planleggje neste møtepunkt - referat gjennomgått og godkjent, dato

Ein skriftleg invitasjonen kan følgjast opp med ein telefon som stadfestar om innkallinga har nådd fram. Gjennom den skriftlege invitasjonen får og foreldre/føresette høve til å førebu seg. Tilrettelegging: Det er ein fordel å vere to medarbeidarar saman under møtet. Rollene kan fordelast ved at ein leiar møtet og ein skriv referat. I praksis vil dei to personane ofte vere barnet sin faste kontaktperson/pedagog i barnehagen/kontaktlærar på skulen, som har mest kjennskap til barnet sine kjenslemessige behov og situasjon. Den andre kan vere ein leiar med det overordna ansvaret i barnehagen/skulen. Innleiing i møtet og kontekst: - Møteleiar legg rammene og er vertskap - Ta venleg imot deltakarane - Tenk igjennom kvar deltakarane skal sitje - Sørg for å starte opp til rett tid - Ønsk vel møtt og gjer greie for føremålet med møtet. Gje uttrykk for at de ønskjer å støtte opp under endringar som kan gange barnet - Presenter deg sjølv og referenten og kva rolle de har overfor barnet - La deltakarane få presentere seg - Gje informasjon om rammene i møtet Undervegs: - Sikre at alle vert høyrt og kjenner seg respektert gjennom til dømes å spegle foreldra si oppleving av situasjonen. - Hente ut foreldra sine eigne verdiar, motivasjon, evner og ressursar med omsyn til endring - Stille opne spørsmål; kva tankar gjer foreldra seg om det dei høyrer? Kva vil vere til hjelp for barnet og familien? - Hente fram og utforske foreldra sine eigne forlag til korleis situasjonen kan verte betre. - Rulle med motstand; t.d støtte, reflektere og stadfeste det ein høyrer. Du veit at dette ikkje er til det beste for barnet, men samstundes er det vanskeleg for deg å gjere noko med det. - Hjelpe til med å konkretisere og oppsummere innlegg - Ver merksam på skilnader i skildringane av barnet - Følgje, guide, styre: Etabler kontakt og engasjement gjennom å etterspørje foreldra si oppleving og tankar om situasjonen, guide ved å samarbeide om kva fokuset skal vere for familien framover, styre ved å halde fast i temaet sjølv om nokon sporar av Fortel om situasjonar som har kome til uttrykk i barnehagen / på skulen. Dette er med på å konkretisere bekymringa. Føremålet med samtalen er å støtte opp under endringar som kan gagne barnet.

Utgangspunktet er at alle foreldre ynskjer det beste for barna sine. Foreldra sine opplevingar av å verte behandla med respekt vert avgjerande for eit framtidig samarbeid og høve til endring for barnet og familien. Ver tydeleg på at de ønskjer dialog og sørg for å invitere til samarbeid om barnet og familien. Ved å ta initiativ til samtalen tilrår de samstundes nye måtar å prioritere på i barnet og familien sitt liv. De tilbyr og held såleis fast ved behovet for hjelp. Dette påverkar høve foreldra har til å ta ei ny avgjerd og bidreg såleis positivt til at foreldra kan sjå høve til å endre åtferd. Kvifor denne samtalen barnet sin situasjon kva bekymrar oss? Årsaka til at vi har invitert til dette møtet er uro / bekymringar knytta til.... Er det ok at vi startar med at vi seier noko konkret om observasjonane vi har gjort om sin situasjon? Gå gjennom konkrete observasjonar Sørg for at barnet sine signal vert formidla på ein forståeleg og oversiktleg måte. Skildre korleis barnet har det kjenslemessig: Har ho eller han t.d vanskar med å konsentrere seg, vanskar med vener eller med det sosiale samveret? Kva signal har barnet gitt den siste perioden? Kor lenge har det vore slik? Kva har eventuelt endra seg undervegs? Utforsk kva kunnskap foreldra har om korleis nære vaksne sine sosiale vanskar, rusbruk eller psykiske vanskar kan verke inn på barn sin trivsel og barn si evne til å konsentrere seg. Tilfør eventuell kunnskap du vurderer som viktig, og utforsk igjen kva foreldra tenkjer om situasjonen når dei har denne kunnskapen. Bruk formuleringar som måten å bruke alkohol på heller enn å drikke alkohol Unngå å sitere barnet direkte av omsyn til barnet sin lojalitet overfor foreldra. Fortel foreldra at barnet gjer så godt det kan, men at barnet har behov for hjelp for å kome ut av vanskane det har med omsyn til manglande trivsel og utvikling. Set fokus på barnet sitt behov i stadenfor vanskane knytt til foreldra. Ta utgangspunkt i deira felles omsorg for barnet. Sørg for å få presentert alle punkta de vil snakke om. Om foreldra reagerer med sinne eller avmakt, bør de seie kva de ser. Ver empatisk: Set ord på: dette er vanskeleg for deg, inga lett situasjon osv. Strek under at de gjerne vil oppretthalde kontakten og stå i situasjonen saman. Om ein far eller ei mor er påverka av alkohol bør de seie kva de ser/opplever Eg kan merke at det luktar alkohol av deg. Ver nøytral og avtal kva de skal gjera vidare både med omsyn til den konkrete situasjonen og i forhold til den planlagte samtalen. Ver merksam på barnet sin situasjon etter samtalen. Sjølv om det ikkje er føremålet, kan det hende at det oppstår vanskar i heimen som gjer barnet sin situasjon vert verre. Om de er

bekymra for eventuelle konsekvensar for tryggleiken til barnet, kan ein seie: Har eg nokon grunn til å tru at det eg har opplevd hjå barnet får negativ innverknad på korleis de reagerer overfor barnet heime?. Tilstreb å skapa forståing for barnet sin situasjon. Det er det beste utgangspunktet for eit konstruktivt samarbeid. Kva opplever foreldra sjølve om barnet sin situasjon? - Kva tankar gjer foreldra seg om det dei høyrer? - Kva tankar har foreldra gjort seg? Kva har dei observert? - Kva er foreldra si uro/ bekymring? Ser dei nokon årsaker til at barnet ikkje har det bra? - Undersøk kva tankar foreldra har om kva barnet tenkjer og kva opplevingar dei har i forhold til det barnet seier - Spør om dei har opplevd endringar hjå barnet i periodar der dei vaksne t.d har hatt opphald i drikkinga eller periodar der dei psykiske eller sosiale vanskane har vore mindre. Det er ikkje sikkert at foreldra ser barna sine vanskar i samanheng med eigne problem, t.d knytt til sosiale vanskar, bruk av rusmiddel eller psykiske vanskar. Kva kan hjelpe og kva treng barnet? Hald fast på fokuset kring barnet sin situasjon og uroa / bekymringa for barnet. Hald fast ved at alle dei vaksne gjer noko som er til nytte for barnet og såleis sikrar at barnet sine behov vert dekka. Kva løysingar ser foreldra og kva løysingar ser medarbeidarane? Inviter foreldra til å sjå barnet sine behov i samband med alkoholproblematikken eller dei psykiske vanskane ( tabu/realitet, merksemd, tryggheit/angst, rollar/ansvar, skuld og skam). Tydeleggjer / oppsummer kva dette inneber, inviter foreldra på nytt med ny kunnskap, om dei ser barnet sine behov. Kva andre moglegheiter finst? T.d støtte frå skulen, i barnehagen, heime eller andre stader? Er det behov for å involvere andre? Sørg for å ha informasjon om behandlingstilbod i samband med misbruket/dei psykiske vanskane tilgjengeleg. ( t.d brosjyrar eller høve til ein uforpliktande samtale med ein rådgjevar/nav) Kva avtalar de og kor tid skal de møtast att? Skriv ned dei konkrete avtalane i referatet Har barnet søsken? Skal de eventuelt samarbeide med andre som har kontakt med søskena til barnet? Sørg for at foreldra ikkje må ta del i bekymringsmøter fleire stader koordinere samarbeidet med foreldra Ta stilling til om andre skal involverast Gjer avtale om eventuelle andre som skal involverast og kven som gjer kva

Kva gjer de akkurat no og seinast i morgon? Kor lang tid skal det gå før neste møte vert halde? Gjer avtale om dato, tid og dagsorden for neste møte Gå gjennom referatet med foreldra Viser til rettleiaren, Frå bekymring til handling (IS- 1742) www.tidligintervensjon.no