Handlingsprogram for klima og energi 2016
Innhald Innleiing... 4 Kva er Handlingsprogram for klima og energi?... 4 Hovudmåla for Møre og Romsdal Fylke (2009-2020)... 4 Gjennomføring i partnarskap... 5 Moglege tilskotsordningar... 6 1. Energiproduksjon... 7 Resultatmål: «Elektrisitetsproduksjonen frå fornybare kjelder skal aukast med 0,7 TWh»... 7 Innsatsområde 1: Auke elektrisitetsproduksjon frå fornybare energikjelder... 7 Innsatsområde 2: Auke produksjon og bruk av fornybar energi... 7 Resultatmål: «Varmeproduksjonen frå varmepumper og bioenergi skal aukast med 0,2 TWh»... 7 Innsatsområde 1: Varmeproduksjon frå fornybare energikjelder... 7 2. Stasjonær energibruk... 8 Resultatmål:... 8 1. «Dei stasjonære klimagassutsleppa i byggsektoren skal reduserast med 10 %»... 8 2. «Det stasjonære elektrisitetsforbruket skal reduserast med 0,4TWh»... 8 Innsatsområde 1: Energieffektivisering... 8 Innsatsområde 2: Bruk av fornybar energi... 8 3. Landbruk... 8 Resultatmål: «Binding av CO 2 i trevirke og skog skal aukast»... 8 Innsatsområde 1: Skogkultur... 8 Innsatsområde 2: Auka bruk av tre som bygningsmaterial... 9 Resultatmål: «Lystgassutsleppa (N 2O) skal reduserast med 10 %»... 9 Innsatsområde 1: Betre agronomi... 9 Resultatmål: «Metanutsleppa (CH 4) skal reduserast med 10 %»... 9 Innsatsområde 1: Jordbruk... 9 Resultatmål: «Bruken av fossilt brensel i landbruket skal reduserast med 10 %»... 10 Innsatsområde 1: Biovarme... 10 4. Marin og maritim industri... 10 Resultatmål: «Klimagassutsleppa i marin sektor skal reduserast med 10 % / produksjonseining». 10 Innsatsområde 1: Transport... 10 Innsatsområde 2: «Biogass og alternativ produksjon i havrommet»... 10 Resultatmål: «Energiforbruket i marin sektor skal reduserast med 10 prosent / produksjonseining... 11 Innsatsområde 1: Energieffektivisering... 11 5. Petroleumsindustri... 11 2
Resultatmål: «Det skal nyttiggjerast 0,2 TWh meir spillvarme»... 11 Innsatsområde 1: Utnytting av spelvarme... 11 Resultatmål: «Klimagassutsleppa i petroleumsindustrien skal reduserast med 10 %»... 11 Innsatsområde 1: Reduksjon av klimagassutslepp... 11 6. Anna landbasert industri... 12 Resultatmål:... 12 1. «Klimagassutsleppa frå den landbaserte industrien skal reduserast med 10 prosent»... 12 2. «Energiforbruket i den landbaserte industrien skal reduserast med 0,5 TWh*»... 12 * Korrigert for produksjonseiningar... 12 Innsatsområde 1: Meir bruk av fornybar energi... 12 7. Samferdsel*... 12 Resultatmål: «Klimagassutsleppa frå transportsektoren skal reduserast med 10%»... 12 Innsatsområde 1: Meir bruk av fornybar energi... 12 8. Folkehelse... 13 Innsatsområde 1: Kommunal planlegging... 13 9. Kultur og reiseliv... 13 Innsatsområde 1: Gjenbruk og istandsetting av eldre bygningsmasse... 13 Innsatsområde 2: Eit meir berekraftig reiseliv... 14 Innsatsområde 1: Partnarskap i Grøn Fjord 2020... 14 10. Kompetanse... 14 Innsatsområde 1: Vidaregåande opplæring... 14 Innsatsområde 2: Kompetanseutvikling og nettverksbygging... 15 11. Andre tiltak i fylkeskommunal og kommunal verksemd... 15 Innsatsområde 1: Vidareutvikle elektroniske konkurranse-, kontrakts- og bestillingsprosessar i fylkeskommunen si verksemd... 15 Innsatsområde 2: Reiser og transport i fylkeskommunen si verksemd... 15 Innsatsområde 3: Kommunikasjonsteknologi i fylkeskommunen si verksemd... 15 Innsatsområde 4: Innsatsområde 4: Nettverk og samarbeid om klimaarbeid i kommunane... 16 Innsatsområde 5: Klimatilpassing... 16 3
Innleiing Kva er Handlingsprogram for klima og energi? Regional delplan for klima og energi 2015-2020 vart vedteken i fylkestinget 15. juni 2015, sak T- 24/15. Planen er utarbeidd etter Statlig planretningslinje for klima- og energiplanlegging i kommunane, der det under Nasjonale mål heiter m.a.: «Kommunane, herunder fylkeskommunane, skal gjennom planlegging og anna myndighets- og virksomhetsutøvelse stimulere og bidra til reduksjon av klimagassutslipp, samt økt miljøvennlig energiomlegging.» Vedtaket av den regionale delplanen føreset at det blir utarbeidd handlingsprogram for gjennomføring av planen, at dette blir vedtatt av fylkesutvalet og rullert årleg. Dette er det første handlings-programmet til planen, utarbeidd av ei arbeidsgruppe med deltaking frå alle avdelingar i fylkeskommunen og frå landbruksavdelinga og miljøvernavdelinga hjå i Møre og Romsdal. Hovudmåla for Møre og Romsdal Fylke (2009-2020) Hovudmåla for reduksjon av klimagassutslepp og for energiproduksjon og energibruk i Møre og Romsdal tar utgangspunkt i nivåa for 2009, då den første «Fylkesdelplan for energi og klima» vart vedtatt. Klimagassutsleppa i Møre og Romsdal skal, i forhold til utsleppa i 2009, reduserast med meir enn 10% innan 2020. Summen av ny fornybar energi, energieffektivisering og energiomlegging skal tilsvare 2 TWh elektrisitet. «Ungdommens miljøkrav» er også nedfelt i klima- og energiplanen: Innan 2020 skal det vere gjennomført minst fem -5- konkrete tiltak i kvar kommune i fylket for å betre miljøet og redusere klimagassutslepp. Alle kommunane i Møre og Romsdal har utarbeidd klima- og energiplanar med tiltak for eigen organisasjon og kommunesamfunnet. Gjennomføring av kommunale planar vil gi viktige bidrag til å oppnå hovudmåla og resultatmåla for Møre og Romsdal. Oppfølginga av planane er eit kommunalt ansvar, medan fylkeskommunen og fylkesmannen mfl. har ei rettleiingsrolle. Regionale tilskotsordningar vil også kunne bidra til gjennomføring av tiltak i kommunane. 4
Ungdomspanelet får eit særskilt ansvar for å vere pådrivarar ovanfor kommunane og få oversikt over gjennomførte tiltak. Sak om status for ungdommens miljøkrav blir sett opp på Ungdommens fylkesting i november 2016. Gjennomføring i partnarskap For å gjennomføre tiltaka i handlingsprogrammet er det i stor grad behov for samarbeid mellom fylkeskommunen, i Møre og Romsdal, andre statlege etatar som Innovasjon Norge og Enova, næringslivsaktørar og kommunar, samt institusjonar og organisasjonar. I dette første handlingsprogrammet er ansvar for gjennomføring av tiltak fordelt på avdelingar i fylkeskommunen og/eller hos fylkesmannen. Etablering av samarbeid og partnarskap med andre konkrete aktørar i fylket vil vere ein føresetnad for å løfte klima- og energiarbeidet vidare i planperioden, og dette er difor i seg sjølv ei viktig oppgåve i 2016. 5
Moglege tilskotsordningar Fylkeskommunale tilskotsordningar 2016: 1. Tilskotsordning regional delplan for energi og klima. Formål: Medverke til at offentleg og privat sektor gjennomfører tiltak som er med på å nå måla i regional delplan for energi og klima, anten energieffektivisering eller miljø. Vilkår: Vilkår for støtte vert annonsert i utlysinga Målgruppe: Både private og offentlege aktørar kan søke Tilskotsramme: 1.000.000 kroner Søknadsfrist: Eiga utlysing vert annonsert første halvår 2016 2. Tilskotsordning hurtigladestasjonar Formål: For å legge til rette for at alle i Møre og Romsdal skal ha høve til å bruke elbil, har fylkestinget vedteke eit mål om at ingen skal bu meir enn fem mil frå ein hurtiglader i 2020. Vilkår: Det vert prioritert inntil 4 nye ladestasjonar i 2016, Ladestasjonen skal vere tilgjengeleg for alle. Søknadar frå følgande kommunar vert prioritert først: o o o o Nesset Smøla Haram, Midsund, Sandøy eller Aukra Vanylven Ytterlegare vilkår vert presisert i utlysinga. Målgruppe: Både private og offentlege aktørar kan søke Tilskotsramme: Inntil 60 000 kr per ladestasjon. Søknadsfrist: Eiga utlysing vert annonsert andre halvår 2016 s tilskotsordningar: https://www.fylkesmannen.no/more-og-romsdal/landbruk-og-mat/tilskot-innan-jordbruk-ogskogbruk/ Enova: http://www.enova.no/finansiering/naring/41/0/ Innovasjon Norge: http://www.innovasjonnorge.no/no/finansiering/ Regionalt forskingsfond Midt-Norge: http://www.regionaleforskningsfond.no Tilskotsordningar frå Klima- og miljødepartementet: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/tilskotsordningar-for-2016/id2460185/ 6
1. Energiproduksjon Resultatmål: «Elektrisitetsproduksjonen frå fornybare kjelder skal aukast med 0,7 TWh» Innsatsområde 1: Auke elektrisitetsproduksjon frå fornybare energikjelder Stimulere til meir utnytting av solenergi, vindenergi, bioenergi, vasskraft og havenergi Innsatsområde 2: Auke produksjon og bruk av fornybar energi Gjennomføre biogass og hydrogenseminar/arrangement Legge til rette for etablering av nye biogassanlegg Utgreie, initiere og delta i prosjekt innan bioøkonomi i havrommet Resultatmål: «Varmeproduksjonen frå varmepumper og bioenergi skal aukast med 0,2 TWh» Innsatsområde 1: Varmeproduksjon frå fornybare energikjelder Etablere prosjekt for gardsvarmeanlegg/ flisfyringsanlegg Legge til rette for varmeproduksjon og distribusjon frå varmepumper, fjernvarmeanlegg basert fornybare energikjelder Legge til rette for auka utnytting av geotermisk energi Fylkeskommunale bygg, som t.d. dei vidaregåande skulane i Ørsta og Tingvoll skal koplast til nærvarmeanlegga som leverer bioenergi Norsøk Innovasjon Norge Byggje- og vedlikehaldsseksjonen 7
2. Stasjonær energibruk Resultatmål: 1. «Dei stasjonære klimagassutsleppa i byggsektoren skal reduserast med 10 %» 2. «Det stasjonære elektrisitetsforbruket skal reduserast med 0,4TWh» Innsatsområde 1: Energieffektivisering Stimulere næringslivet og offentlig sektor til energieffektivisering, og overgang til meir berekraftige energiformer gjennom støtte til energianalyser/ energinettverk. Vidareføre eksisterande strategi med rehabilitering av fasadar og vinduer innan den eldre fylkeskommunale bygningsmassen Redusere elforbruket i den fylkeskommunale bygningsmassen gjennom betre og meir effektiv styring av forbruket. Vektlegge kompetanseheving og val av organisering for arbeidet med styring av forbruket Miljøfyrtårnsertifisering av alle fylkeskommunale einingar Proaktiv innsats for miljøsertifisering av minimum fem kommunale einingar/ rådhus Byggje- og vedlikehaldsseksjonen Byggje- og vedlikehaldsseksjonen Byggje- og vedlikehaldsseksjonen Utdanningsavdelinga Tannhelsetenesta Innsatsområde 2: Bruk av fornybar energi Vurdere solenergi og andre fornybare energikjelder som energibærer for varmebehov ved framtidige nybygg Byggje- og vedlikehaldsseksjonen 3. Landbruk Resultatmål: «Binding av CO2 i trevirke og skog skal aukast» Innsatsområde 1: Skogkultur Auke CO₂-binding i skog: Stimulere til meir bruk av støtteordninga til tett planting og gjødsling av skog. Kommunane 8
Innsatsområde 2: Auka bruk av tre som bygningsmaterial Auke bruk av tre i driftsbygningar gjennom å etablere tilskottsordning Vidareføre og synleggjere tilbod om kompetansebygging for meir bruk av tre i offentlege og private bygningar, samt kartlegge kommande byggeprosjekt i kommunane i samarbeid med Tredrivaren Innovasjon Norge Byggje- og vedlikehaldsseksjonen Resultatmål: «Lystgassutsleppa (N2O) skal reduserast med 10 %» Innsatsområde 1: Betre agronomi Stimulere til tidleg spreiing av husdyrgjødsel i vekstsesongen Bidra til auka bruk av tilførselsslangar for spreiing av husdyrgjødsel Bidra til større bruk av tilskott til grøfting og omgraving av myr Bøndene Kommunane Bøndene Kommunane Bøndene Kommunane Resultatmål: «Metanutsleppa (CH4) skal reduserast med 10 %» Innsatsområde 1: Jordbruk Legge til rette for etablering av biogassanlegg gjennom; - Gjennomføring av prosjekt med samhandsaming av gjødsel og fiskeslam - Drift og utvikling av pilotar på biogass både på gardsnivå på Tingvoll og for settefisknæringa på Smøla - Utgreiing av fleire biogassanlegg i fylket, blant anna moglege anlegg knytt til Volda og Ørsta reinhaldsverk og Nyhamna Gjennomføre arrangement retta mot auka bruk av biogass og hydrogen Redusere avgang av dyrkajord Unngå nydyrking av myr der det finst andre areal tilgjengeleg Kommunane Kommunane 9
Resultatmål: «Bruken av fossilt brensel i landbruket skal reduserast med 10 %» Innsatsområde 1: Biovarme Etablere prosjekt for gardsvarmeanlegg/ flisfyringsanlegg Norsøk Innovasjon Norge 4. Marin og maritim industri Resultatmål: «Klimagassutsleppa i marin sektor skal reduserast med 10 % / produksjonseining» Innsatsområde 1: Transport Legge til rette for meir miljøvenleg drivstoff innan maritim sektor i form av infrastruktur for bruk av gass til transport på sjø Synleggjere støtteordningar retta mot utvikling av meir energieffektive framdriftskjelder og klimavennlege løysingar til skip Utarbeide ei oversikt over status i arbeidet med å etablere båtruter for transport av sjømat frå Midt-Norge og andre deler av landet Arbeide for at ein større del av transporten av sjømat produsert i Møre og Romsdal blir flytta frå bil til båt og bane Regional og Innsatsområde 2: «Biogass og alternativ produksjon i havrommet» Stimulere til forsking som vil bidra til at ein auka del av mengda slam frå oppdrettsindustrien kan nyttast til biogassproduksjon Stimulere til prosjekt og forsking som vil auke vitskapen om dyrking av algar til fôrproduksjon Regionalt forskingsfond Midt-Norge Arbeide for at det blir etablert anlegg for dyrking av mikroalgar i Møre og Romsdal 10
Resultatmål: «Energiforbruket i marin sektor skal reduserast med 10 prosent / produksjonseining Innsatsområde 1: Energieffektivisering Synleggjere støtteordningar og vise til gode døme som kan bidra til utvikling av nye kjølemedium og meir energieffektive og klimavennlege løysingar for kjøling av vatn i skip Synleggjere støtteordningar og vise til gode døme som kan bidra til utvikling av meir energieffektive løysingar i prosessindustri og fôrproduksjon 5. Petroleumsindustri Resultatmål: «Det skal nyttiggjerast 0,2 TWh meir spillvarme» Innsatsområde 1: Utnytting av spelvarme Legge til rette for utnytting av spelvarme på Nyhamna Resultatmål: «Klimagassutsleppa i petroleumsindustrien skal reduserast med 10 %» Innsatsområde 1: Reduksjon av klimagassutslepp Arbeide for at meir naturgass skal prosesserast på Nyhamna Følge opp moglegheita for boring frå land 11
6. Anna landbasert industri Resultatmål: 1. «Klimagassutsleppa frå den landbaserte industrien skal reduserast med 10 prosent» 2. «Energiforbruket i den landbaserte industrien skal reduserast med 0,5 TWh*» * Korrigert for produksjonseiningar Innsatsområde 1: Meir bruk av fornybar energi Legge til rette for etablering av nye biogassanlegg Stimulere bedrifter i landbasert industri til overgang til meir berekraftige energiformer Stimulere bedrifter i landbasert industri til energieffektivisering gjennom mellom anna støtte til energianalysar 7. Samferdsel* Resultatmål: «Klimagassutsleppa frå transportsektoren skal reduserast med 10%» Innsatsområde 1: Meir bruk av fornybar energi Arbeide for tilrettelegging av nullutsleppstransport både på land og til sjøs gjennom støtte til utgreiingar Utgreie logistikk, produksjons- og forretningsmoglegheiter for bruk av hydrogen, og utvikle eit pilotprosjekt for hydrogen Utarbeide standard for miljøkravsspesifikasjon under utarbeiding av del 2 av ny ferjestrategi. Utgreie potensialet for låg- og nullutsleppsteknologi i rutepakke 1, Ålesund, Sula og Giske Utgreie behov for lade- og/eller fylle- infrastruktur i rutepakke 1, Ålesund, Sula og Giske Gjennomføre test av hydrogenkøyretøy i FRAM FLEX område Gjennomføre test av nullutsleppskøyretøy i ruteområde som er i drift i bruttoanbod Avklare potensial og kostnader for innføring av lav- og nullutslippsferger på samband i Møre og Romsdal. Vere ein pådrivar for å få utløyst statleg støtte til meir miljøvennleg fergemateriell Regional og Regional og Regional og 12
Utgreie potensialet for etablering av landstraum for skip ved havnene i Ålesund, Molde og Kristiansund, herunder kapasitet i eksisterande straumnett og kostnader ved utbygging Stimulere til at frakt av gods vert flytta frå veg til sjø og bane * For anna tiltak knytt til samferdselssektoren vises det til dei aktuelle innsatsområda i «Handlingsprogram for Samferdsel 2016» for Møre og Romsdal fylkeskommune. 8. Folkehelse For resultatområdet folkehelse er det i den regionale delplana for klima og energi ikkje definert eigne resultatmål. I handlingsprogrammet er det difor sett opp tiltak som skal bidra til å nå hovudmåla i plana. Innsatsområde 1: Kommunal planlegging Styrke kompetansen hos planleggarar i kommunane gjennom å vektlegge klima- og energi i plannettverka, samt i den fortløpande sakshandsaminga i plansaker Stille krav i kommune- og reguleringsplaner om utgreiing og etablering av gang- og sykkelvegar, samt turvegar/ snarvegar Plan- og analyseavdelinga Plan- og analyseavdelinga Kommunane 9. Kultur og reiseliv For resultatområdet kultur og reiseliv er det i den regionale delplana for klima og energi ikkje definert eigne resultatmål. I handlingsprogrammet er det difor sett opp tiltak som skal bidra til å nå hovudmåla i plana. Innsatsområde 1: Gjenbruk og istandsetting av eldre bygningsmasse Kartlegge tilstand og sårbarheit på kulturminner og kulturmiljø av Kulturavdelinga nasjonal og regional verdi Tilskot til istandsetting og vedlikehald av verneverdige bygg Kulturavdelinga 13
Innsatsområde 2: Eit meir berekraftig reiseliv Arbeide for at reiselivsnæringa blir meir berekraftig og gje støtte bedrifter og destinasjonar som satsar på berekraftig reiseliv, mat og opplevingar Fylkeskommunen Innovasjon Norge Innsatsområde 1: Partnarskap i Grøn Fjord 2020 Bidra til eit nytt steg mot sporlaus ferdsel, og gjennomføring av eit konkret tiltak innan miljø- og klimavenleg aktivitet Bidra til erfaringsdeling gjennom partnarskapet 10. Kompetanse I den regionale delplana for klima og energi er det ikkje knytt særskilte mål til resultatområdet kompetanse. Utdanning er sentralt innan feltet kompetanse, og dei fleste tiltaka i handlingsprogrammet for 2016 er retta mot den vidaregåande skulen. Behovet for kompetanseheving innan klima- og energiområdet gjeld også innanfor andre sektorer, og det er difor definert eit eige innsatsområde for kompetanseutvikling og nettverksbygging. Innsatsområde 1: Vidaregåande opplæring Fortsette sertifiseringa og resertifiseringa av dei vidaregåande skulane etter ordninga Miljøfyrtårn Undersøke behovet for samlingar for skulane i samband med krava til sertifiseringa til Miljøfyrtårn Arrangere gründer-campar for vidaregåande skular med tema havrommet Vurdere om mandatet til fagnettverka også skal inkludere tema knytt til Miljøfyrtårn Arrangere kurs og samlingar for skulane om bruk av digital teknologi og smart læring Vurdere behovet for kurs på kompetansesentra for alternativ energi for dei vidaregåande skulane Lage relevante oppdrag for innovasjonscampar med bakgrunn i klimaplanen Utdanningsavdelinga Byggje- og vedlikehaldsseksjonen Utdanningsavdelinga Byggje- og vedlikehaldsseksjonen Ungt Entreprenørskap Utdanningsavdelinga Utdanningsavdelinga Utdanningsavdelinga Utdanningsavdeling Andre avdelingar 14
Innsatsområde 2: Kompetanseutvikling og nettverksbygging Kartlegge behovet og definere tiltak for kompetanseheving og nettverksbygging Alle avdelingar 11. Andre tiltak i fylkeskommunal og kommunal verksemd Dei sektorvise tiltaka i kap. 1-10 over omfattar tiltak som til dels er retta mot kommunane og fylkeskommunen si eiga verksemd og bygningsmasse. I tillegg til dette er det i dette kapittelet definert fleire tiltak for fylkeskommunal verksemd, og for organisering av kommunalt arbeid med klima og energi. Det er også sett opp eit innsatsområde for klimatilpassing med tiltak for å få oversikt over nettverksog kompetansebehovet i fylket, samt førebu moglege konkrete prosjekt frå 2017. Innsatsområde 1: Vidareutvikle elektroniske konkurranse-, kontrakts- og bestillingsprosessar i fylkeskommunen si verksemd Auke bruken av elektroniske kontraktar Den enkelte rådgivar Elektronisk overføring av kontraktar frå Mercell til ephorte Innkjøpsseksjonen Innføre elektronisk signering av kontraktar i Mercell Sentraladministrasjonen Innkjøpsseksjonen Auke bruken av videokonferanse ved avtaleoppfølging Den enkelte rådgivar Auke bruken av elektroniske faktura Økonomiseksjonen Andre avdelingar Innsatsområde 2: Reiser og transport i fylkeskommunen si verksemd Utarbeide oversikt over fylkeskommunale tenestebilar og utgreie Sentraladministrasjonen moglegheit for og kostnader ved innkjøp/ bruk av miljøvenlege tenestebilar Innsatsområde 3: Kommunikasjonsteknologi i fylkeskommunen si verksemd Auke bruken av videokonferanse ved all møteverksemd IT-seksjonen Informasjonsseksjonen Alle fagavdelingar 15
Innsatsområde 4: Innsatsområde 4: Nettverk og samarbeid om klimaarbeid i kommunane Kartlegge kva som er status for klima- og energiplanar i kommunane, og rettleie dei til gode løysingar bl.a. gjennom å auke kompetansen, vise til gode døme og synleggjere finansieringsmoglegheiter Kartlegge kva som finst av nettverk for klimaarbeid i kommunane, samt initiere/ stimulere og eventuelt drive nettverk for klimaarbeid i kommunar der det er behov for dette Arrangere seminar/fagsamlingar for kompetanseheving i kommunane Deltaking og gjennomføring av EU-prosjektet BEAST som går på gjennomføring/erfaringsutveksling av klimaplaner Plan- og analyseavdelinga Plan- og analyseavdelinga Plan- og analyseavdelinga Innsatsområde 5: Klimatilpassing Kartlegge status, samt kompetanse- og nettverksbehovet angåande klimatilpassing i kommunar og fylkeskommunen. Utgreie moglegheita for etablering av eit eller fleire prosjekt på klimatilpassing frå 2017 Plan- og analyseavdelinga 16
Julsundvn 9 6404 Molde Tlf.: 71 25 80 00 mrfylke.no