Kartlegging av potensielt tilgjengeleg bustadareal

Like dokumenter
Kartlegging av tilgjengeleg areal i bustadregulerte område

Kartlegging av tilgjengeleg areal i bustadregulerte område

AUD-rapport Kartlegging av tilgjengeleg areal i bustadregulerte område. Os kommune

AUD-rapport Endring i billettinntekt ved nytt ungdomsbillettområde. Metode for automatisert berekning av ungdomsbillettområde.

AUD-rapport Berekning av dispensasjonar frå skuleskyssordninga. Grunnlag for svar til helse og opplæringsutvalet.

Bustadbehov i Bergensregionen

Prognoser og kart i planarbeid. Lasse Kolbjørn Anke Hansen, rådgjevar i Seksjon for forsking, internasjonalisering og analyse

Skulebruksplan Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune prognosar Vedlegg 4

Fylkesprognosar Hordaland : Bustad

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell?

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Fylkesprognosar Hordaland : Bustadbehov

Regional jordvernkonferanse Kva stilling har jordvern hos politikarane og kommunane i Rogaland og Hordaland?

Arealanalyse av bustadbygginga i Bergensområdet. på 2000-talet. Nr. 7-15

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

VOSS HERAD Kommuneplan SENTERSTRUKTUR

Arbeidsliv

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Fylkesprognosar Vestland : Bustadbehov

Samarbeid mellom fylkeskommunen og kunnar om fortetting og knutepunktsutvikling

Skildring av planoppdraget

Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

Kommuneplanen sin arealdel Folkemøte 13. januar 2015

Saksutgreiing til folkevalde organ

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

Evaluering av leveransar og tenester til dei politiske utvala i Hordaland fylkeskommune

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kuventræ 54/11 og 54/26. Os kommune. Kulturhistoriske registreringar i samband med reguleringsplan for Kuventræ, Os k. Rapport

Nedbygging av jordbruksareal

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE. Potensiale for auka matproduksjon i Sogn og Fjordane

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17

Kommunedelplan Edland/Haukeli

SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD

Bustadbehov

Nedbygging av jordbruksareal

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

Fylkesprognosar Hordaland : Bustadbehov

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Høring av statlige planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpasning i kommunene

Kvar skal handel og kjøpesenter bli plassert i byane og bygdene våre?

Planprogram for revisjon av regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter (handelsføresegna)

Planstrategi for Vinje kommune Synspunkt

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

AR 5 BROSJYRE 1/2011 (FORSIDEN) Arealressurskart

Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16017 Bergen:

FRÅSEGN - HØYRING AV STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR BOLIG-, AREAL- OG TRANSPORTPLANLEGGING - MLJØVERNDEPARTEMENTET

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr.

Forum for regionsenterkommunar Føremål! Per Nordmark, seniorrådgjevar, planseksjonen

Om Fylkesprognoser.no

Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skolesekken for skuleåret

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

Boligbygging i overordna planlegging arealbehov og arealstrategi. 3.februar 2016 Marit Rødseth, Plansjef

PLANPROGRAM Endring av deler av kommunedelplanen for Dale

Vedlegg 2 - Fordeling av midlar til:

Regional planstrategi Sogn Regionråd Fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff

FELLESFØRESEGNER 7 Ein bør i størst mogleg utstrekning søkje å taka vare på eksisterande vegetasjon i området.

Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiingar (FOR )

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Erik Andreas Kyvig 16/732-4

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Forvaltningsstyret - Planutval /18

Oppstart - reguleringsendring Rong del av gnr 38 bnr 3, 151 m.fl. - Øygarden kommune

Kor mange blir vi i Hordaland? Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen

Disponering av investeringsmidlar i opplæringssektoren 2017

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

Kommunens bekrefta DOK: Nytt vedlegg til FDVavtalen

ANALYSE AV TAL PERSONAR SOM BUR INNAFOR EIN AVSTAND PÅ 45 MINUTT MED BIL FRÅ UTVALDE REGIONSENTER I SOGN OG FJORDANE.

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

REGULERINGSPLAN FOR RUNDKØYRING VED ØYSTESE MEKANISKE VERKSTAD REGULERINGSFØRESEGNER

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

PLAN FOR BUSTADPOLITIKK I BØ KOMMUNE

Elevtalsframskriving

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 067/2018 Formannskapet PS

Omklassifisering av eksisterande strekningar på E134 i samband med bygging av Stordalstunnelen i Etne kommune - ny høyring

Regional plan for attraktive senter - ein statusrapport. Plansjef, Marit Rødseth Byregionprogrammet 20.april 2018

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune

DETALJREGULERING FOR GNR/BNR 39/32 M. FL., SJOARBAKKEN, STORD KOMMUNE

Kommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen.

Tettstadsutvikling i Hordaland - Arendal, 14.juni Fagansvarlig for stedsutvikling, Liz Eva Tøllefsen

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

oktober. Plankonferansen Framtidsretta bustadplanlegging rett bustad på rett plass. Glimt frå konferansen

Forslag til Ungdommens fylkesting februar 2016

NOTAT Framtidig sentralitet

Klimagassutslepp i Time kommune. Status og grunnlag for evaluering av tiltak i. KDP Energi og klima

Vår saksbehandlar: Direkte telefonnr.: Dykkar dato: Dykkar referanse: Aud Gunn Løklingholm

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 143/16 Plan- og miljøutvalet PS

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling - Søknad om deling - 99/1 - Dimmelsvik - Eivind Tvedt

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers forening RIF

Samanlikning av arealtal frå Analycen og gardskart

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Hva er AR5? Arealtype Skogbonitet Treslag Grunnforhold

Produksjon og ringverknader i reiselivsnæringane

Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova 12-10, 11 og 12.

Statens vegvesen. Statens vegvesen sin uttale til kommuneplan for Kvinnherad kommune - Arealdelen

Transkript:

Foto: Gunnbjørg Austrheim, HFK AUD-rapport nr. 11-19 Kartlegging av potensielt tilgjengeleg bustadareal Kvinnherad kommune

OM RAPPORTEN Ansvarleg avdeling/eining: Seksjon for forsking, internasjonalisering og analyse Kontaktinformasjon/ e-post: Alexander Gulbrandsøy Stadheim, alexander.gulbrandsoy.stadheim@hfk.no ; Dato/ev. versjonsnr: AUD-rapport nr 11-19, 29.08.2019. Forsidefoto: Gunnbjørg Austrheim, HFK 2

INNHALD 1 BAKGRUNN... 4 2 METODE... 5 2.1 Grunnlagsdata... 6 3 RESULTAT... 7 3.1 Potensielt tilgjengeleg areal for bustadbygging... 7 3.2 Arealressursar i potensielt tilgjengeleg areal (AR5)... 8 4 UTBYGGINGSPOTENSIAL... 12 5 OPPSUMMERING... 13 5.1 Feilkjelder... 13 3

1 Bakgrunn Nye statlege planretningsliner legg strengare føringar for kommunane når det gjeld å redusere klimagassutslepp 1 og å sørge for ei berekraftig by- og tettstadsutvikling som fremjar helse, miljø og livskvalitet 2. For å kunne planlegge for nye bustadområder med aukande krav til klima og miljø, trafikk, folkehelse og god tilgjenge til tenester for innbyggarar, er det naudsynt å gjere gode vurderingar for å kome fram til kva areal ein bør utnytte. Ein måte å gjere dette på er gjennom overlagsanalysar i GIS (geografiske informasjonssystem). Denne rapporten bruker ein automatisert metode 3 for å berekne tilgjengeleg restareal i kommuneplanens arealdel. Fordelen ved å automatisere metoden er at den kan gjentakast med jamne mellomrom og den kan brukast på fleire kommunar. Ved å berekne eit bustadpotensial i dette restarealet, kan ein undersøke om det er tilstrekkeleg areal for å handtere bustadbehovet i ein planperiode. Regional areal- og transportplan for Bergensområdet 2017-2028 ber kommunane om å ha ein oversikt over arealreserven i kommuneplan på minimum 12 og maksimalt 20 år 4. Planen seier også at veksten av bustader i hovudsak bør skje innanfor regionale vekstsoner. Fylkeskommunen ønsker å leggje til rette for at kommunane kan få hjelp til å svare på desse utfordringane. Kvinnherad kommune er ikkje underlagt RATP for Bergensområdet, men har likevel nytte av å vite kva som er arealreserven for bustadbygging i deira kommune. Ved å gjere slike GIS-analysar kan både kommunane og fylkeskommunane få tilgang til eit felles kunnskapsgrunnlag. Ein automatisert metode for å identifisere areal har sine fordelar og ulemper. Ein av fordelane er å utvikle ein felles metode som kan brukast for fleire kommunar. Ein ulempe er at resultatet berre blir så godt som grunnlaget tilseier. Det kan vere utfordringar knytt til å vurdere om arealet verkeleg kan utnyttast, eller det kan vere føresegner som ikkje kjem fram godt nok, ettersom metoden legg opp til å følgje kodeverket. Her er det viktig å presisere at metoden kjem fram til eit potensiale, og at som oftast må ein gjere meir konkrete vurderingar dersom resultatet skal brukast vidare i detaljplanlegging. Dei ovanfor nemnte problemstillingane er likevel mogleg å adressere med justering av metoden, i samråd med planleggarar i kommunane. Denne rapporten er ein bestilling frå Kvinnherad kommune og skildrar resultatet frå GIS analysen for deira kommune. Resultatet for potensielt tilgjengeleg bustadareal er fordelt innanfor og utanfor tettstadinndelinga til SSB frå 2018. Bustadarealet er også fordelt på arealbruk på grunnlag av FKB-AR5, for å synleggjere kva type areal som er tilgjengeleg. 1 https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/horing-av-statlige-planretningslinjer-for-klima--og-energiplanlegging-ogklimatilpasning-i-kommunene/id2573433/ 2 https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/statlige-planretningslinjer-for-samordnet-bolig--areal--ogtransportplanlegging/id2001539/ 3 SSB-notat 2016/31 4 Retningsline 2.2 a Regional areal og transportplan for Bergensområdet 4

2 Metode Metoden som er brukt er ein modifisert versjon av SSB sin analyse «Areal for boligbygging beregnet fra kommuneplanens arealdel» 3. I korte trekk tek metoden utgangspunkt i arealføremåla 1001 bebyggelse og anlegg, 1110 boligbebyggelse, 1130 sentrumsføremål og 1800 kombinert bebyggelse og anlegg frå kommuneplanens arealdel. Frå dette grunnlaget blir eksisterande bygningsomriss først teke vekk med ein buffer på 10 m til næraste bygning. For å identifisere kva areal som ligg mellom bygningane nyttast datasettet SSB arealbruk som er ein detaljert arealbruksklassifisering basert på flyfoto og nyare arealbrukskartleggingar. På denne måten kan ein fjerne areal som ikkje bør vere opne for eller er i konflikt med bustadbygging. Dei ulike arealføremåla blir behandla ulikt i analysen i høve til eksisterande bebyggelse. For 1110-områda er det opna opp for transformasjon av industri- og lagerbygg slik at desse bygningane ikkje blir teke vekk. Areal knytt til idrett, grøntområde (inkl. parkar), beredskap teknisk infrastruktur, og vegar blir deretter fjerna frå grunnlaget. For dei kombinerte føremåla (1001, 1130, 1800) som er arealføremål som kan nyttast til andre føremål enn bustad er all anna arealbruk enn det som er identifisert til bustad og uklassifiserte areal 5 i SSB-arealbruk fjerna. Område som har eit areal på mindre enn ein dekar (<1 daa) eller er under 20 meter breie er fjerna frå grunnlaget, då desse vanskeleg kan nyttast til vidare bustadbygging. Vidare følger ei manuell redigering for å ta bort areal som tydeleg ikkje er eigna for bustadbygging, til dømes mindre friluftsområder/lekeplassar eller anna regulert areal frå reguleringsplanane. Resultatet er eit restareal som potensielt kan nyttast til bustadbygging. På dette grunnlaget er det vidare gjort ei berekning av utbyggingspotensialet. Metoden som her er brukt skil seg frå SSB ved at omsynsoner, flomsoner, kulturminner og liknande ikkje er vurdert inn i analysen. Dette må vurderast nærare dersom areala skal opnast for detaljregulering. Figur 1: Skjematisk framstilling av overlagsanalysen i GIS. Kjelde: SSB 5 Sjå meir i feilkjeldene bakerst i dokumentet 5

2.1 GRUNNLAGSDATA Ulike data er brukt inn i denne analysen. Ei kort skildring av dei viktigaste. 2.1.1 Bygg Bygningsdata er levert av Kvinnherad kommune for å sørge for eit tilfredstillande oppdatert grunnlag. Ein eigen modell er laga for vidare uttrekk av bygg. I korte trekk er byggstatusane FA, IG, MB, MF, MT, OF, OI, OM, OR og TB med. Byggflater med objekttype Bygning er med. Objekttype AnnenBygning er med dersom dei fell saman med eit byggpunkt (innanfor 5 meter) og er innanfor 5 meter til Bygning. Nybygg frå PblTiltak er med dersom det ikkje ligg oppå Bygning. Denne metoden er ei forenkling av metoden skildra i SSB-notat 12/2013 6 2.1.2 SSB arealbruk SSB-arealbruk er eit datasett som gir landsdekkande oversikt over utbygd og opparbeida areal og korleis dette blir brukt. Datasettet er basert på ei rekke digitale kartdata 7. 2.1.3 Kommuneplan Kommuneplanen sin arealdel er levert av Kvinnherad kommune. 2.1.4 Reguleringsplan Gjeldande reguleringsplaner er levert av Kvinnherad kommune og er som tidlegare nemnt grunnlaget for den avsluttande manuelle redigeringa for å ta bort regulert areal som tydeleg ikkje er eigna for bustadbygging. 6 SSB-notat 12/2013 Arealbruk og arealressurser. Dokumentasjon av metode. 7 SSB-arealbruk: https://kartkatalog.geonorge.no/metadata/statistisk-sentralbyra/arealbruk/a965a979-c12a-4b26-90a0- f09de47dbecd 6

3 Resultat 3.1 POTENSIELT TILGJENGELEG AREAL FOR BUSTADBYGGING Resultatet for tilgjengeleg areal er som tidligare nemnt fordelt innanfor og utanfor tettstadinndelinga til SSB. SSB sin definisjon av tettstad er at «En hussamling skal registreres som et tettsted dersom det bor minst 200 personer der og avstanden mellom husene skal normalt ikke overstige 50 meter. Det er tillatt med et skjønnsmessig avvik utover 50 meter mellom husene i områder som ikke skal eller kan bebygges.» 8 Vidare blir det lista opp døme på kva som inngår i tettstadet og ikkje. Grensene til tettstadene er dynamiske og kan endrast frå år til år. Denne analysen bygger på tettstadinndelinga til SSB frå 2018, henta frå kart sida til SSB 9. Utifrå gjeldande kommuneplan og reguleringsplanar er det identifisert til saman 2 348 dekar potensielt tilgjengeleg areal til bustadføremål i Kvinnherad kommune. Tabell 1 viser korleis arealet fordeler seg i forhold til tettstad og figur 3, 4 og 5 viser den geografiske utstrekninga av det tilgjengelege bustadarealet i kommunen. Tabell 1: Tilgjengeleg bustadareal i Kvinnherad kommune fordelt innanfor og utanfor SSB sin tettstadinndeling frå 2018. Tal oppgjeve i dekar (daa). *Tilgjengeleg areal omfattar bustadføremål, sentrumsføremål og kombinerte føremål. Tilgjengeleg areal* Innanfor tettstad 476 Utanfor tettstad 1 872 Totalt 2 348 Som tabell 1 viser er den største arealreserven i kommunen utanfor tettstadene. Tilgjengeleg areal innanfor tettstadene i dag er mykje mindre, men har også plass til fleire bustader. Er det eit ønske om at bustadbygginga skal konsentrerast, kan det tilgjengelege arealet innanfor tettstadene takast i bruk. Statlege og regional retningsliner legger også opp til at den primære utbygginga bør kome i fortetting/vekstsoner 10. I tabell 2 er resultatet for tilgjengeleg bustadareal innanfor tettstadene fordelt på dei ulike tettstadene i Kvinnherad kommune. Tall på busett i 2018 og areal er henta frå SSB 9. Tabellen viser at dei største tettstadene har mest tilgjengeleg bustadareal, med nokre unntak. Tabellen viser også at busette per dekar ikkje er særleg høgt i tettstadene, Sunde/Valen tettstad har høgast tettleik med 1,18 busette per dekar. Tabell 2: Tilgjengeleg bustadareal i Kvinnherad kommune fordelt på tettstader, samt tal på busette og areal henta frå ssb 9. Tal på tilgjengeleg areal er oppgjeve i dekar (daa). *Tilgjengeleg areal omfattar bustadføremål, sentrumsføremål og kombinerte føremål. Krinsar Tilgjengeleg areal* Busett i 2018 Areal i dekar Busett per dekar Husnes 167 2 193 2 548 0,86 Sunde/Valen 147 2 301 1 943 1,18 Uskedalen 43 746 746 1 Rosendal 37 776 1 146 0,68 Sæbøvik 31 481 619 0,78 Dimmelsvik 21 453 433 1,05 Herøysund 16 523 467 1,12 Eidsvik 11 440 460 0,96 Seimsfoss 3 371 371 1 Totalt 476 8 284 8 734 8,62 8 https://www.ssb.no/befolkning/statistikker/beftett/aar 9 kart.ssb.no 10 https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/statlige-planretningslinjer-for-samordnet-bolig--areal--ogtransportplanlegging/id2001539/ 7

3.2 AREALRESSURSAR I POTENSIELT TILGJENGELEG AREAL (AR5) FKB-AR5 11 skildrar Noregs arealressursar i målestokk 1:5000 og er brukt i den vidare analysen for å synleggjere kva type areal som er tilgjengeleg. Det tilgjengelege arealet i Kvinnherad kommune er som i mange andre plassar i Noreg dominert av skog. Ca. 72% tilsvarande 1 696 dekar av det tilgjengelege arealet for bustadbygging er skog. Det samla jordbruksarealet (innmarksbeite, fulldyrka jord og overflatedyrka jord) utgjer til saman 373 dekar. Figur 2 synleggjer korleis det resterende bustadarealet fordeler seg. Skog 1696 Innmarksbeite Fulldyrka jord Bebygd Åpen fastmark 212 139 137 116 Myr Overflatedyrka jord Ferskvann Hav Samferdsel 25 22 1 0 0 0 500 1000 1500 2000 Dekar Figur 2 Tilgjengeleg bustadareal i Kvinnherad kommune fordelt på arealbruk frå FKB-AR5 Dei neste sidene inneheld kart som viser den geografiske utstrekninga av det tilgjengelege bustadarealet i Kvinnherad kommune. Figur 3, 4 og 5. 11 https://kartkatalog.geonorge.no/metadata/geovekst/fkb-ar5/166382b4-82d6-4ea9-a68e-6fd0c87bf788 8

Figur 3: Kart over tilgjengeleg areal for bustadbygging i dei sørlige delane av Kvinnherad. 9

Figur 4: Kart over tilgjengeleg areal for bustadbygging i dei midtre delane av Kvinnherad. 10

Figur 5 Kart over tilgjengeleg areal for bustadbygging i dei nordlige delane av Kvinnherad. 11

4 Utbyggingspotensial 4.1.1 Framtidig folketalsutvikling og bustadbehov I Kvinnherad kommune bur det i dag rett under 13 200 innbyggarar 12. Kvinnherad kommune hadde ein nedgang i folketalet på 0,3% i 2018. Fram mot 2039 er det i hovudalternativet for folketalsframskrivingane til Hordaland Fylkeskommune venta ein nedgang på 819 personar tilsvarande ein nedgang på 6,2%. I høgalternativet er det ein vekst på 53 personar, tilsvarande 0,4%. For lågalternativet ein nedgang på 1 291 personar, tilsvarande ein nedgang på 9,8%. Ser ein på bustadbehovet for framtida, er det i hovudalternativet for bustadprognosen frå Hordaland fylkeskommune venta ein nedgang på 41 hushald 13 fram mot 2039. I høgalternativet er veksten positiv og ein ser ein auke på 330 hushald, mens i lågalternativet er talet igjen ein nedgang på 244 hushald. Her må ein avgjøre om ein skal planlegge for vekst, som skisserast i høgalternativet, eller nedgang som skisserast i hovud- og lågalternativet. 4.1.2 Utbyggingspotensial Utbyggingspotensialet i det tilgjengelege arealet er bestemt utifrå kriterier om tettleik. Det er viktig å presisere at ein her tek utgangspunkt i nokre døme om tettleik, og dette er ikkje knytt opp mot kva type bustader ein ser føre seg å utvikle eller kva som passar til området. Til dette bør det gjerast meir inngåande moglegheitsstudiar. Kommunen kan også definere kva tettleik som er eigna i kvart område. I fortettingssona er det satt middels/låg tettleik (2 bustader per daa), og i områda utanfor er det satt låg tettleik (0,5 bustad per daa). Tabell 3: Utbyggingspotensial fram mot 2039. *For å ta høgde for at det trengs areal til veg, teknisk infrastruktur og rekreasjonsareal er det trukke frå 30 % av det tilgjengelege arealet. Tettleik (bustader/daa) Korrigert areal* (daa) Utbyggingspotensial bustader I tettstad 2 332 664 Utanfor tettstad 0,5 1 311 655 Sum 1 643 1 319 Tabell 3 viser at det samla utbyggingspotensiale i Kvinnherad er i overkant av 1 300 bustader. Dette er høgt over høgalternativet til bustadprognosen frem mot 2039, som var på 330 bustader. Kommunen er dermed i tråd med regional retningsline frå RATP i Bergensområdet om at «Kommunane bør ha ein bustadreserve i samsvar med befolkningsprognosar for minst 12 år og maksimum 20 år» 14. Kvinnherad kommune er som nemnt innleiingsvis ikkje underlagt RATP for Bergensområdet, men har nytte av den same informasjonen. I Kvinnherad kan tettstadene aleine dekke inn høgalternativet for bustadprognosen med ei middels tettleik på 2 bustader per daa. Områda utanfor tettstadene har også god kapasitet for bustadbygging, sjølv med ei låg tettleik på 0,5 bustader per dekar. 12 AUD-rapport 05-18 Fylkesprognosar Hordaland 2018-2045 Befolkning / statistikk.ivest.no 13 Eit hushald omfattar personar som har same bustad 14 Retningsline 5.1 Regional areal og transportplan for Bergensområdet 12

5 Oppsummering Omlag 2 348 dekar er potensielt tilgjengeleg areal til bustadføremål i Kvinnherad kommune. 1 696 dekar av det potensielt tilgjengelege arealet for bustadbygging er skog, mens det samla jordbruksarealet utgjer til saman 373 dekar. Samla utbyggingspotensiale i Kvinnherad kommune er i overkant av 1 300 bustader, gitt eit døme på 2 bustader per dekar i tettstadene og 0,5 bustader per dekar i områda utanfor tettstadene. Kommunen oppfyller regional retningsline frå overordna RATP for kommunane i Bergensområdet om ei arealreserve tilpassa forventa vekst mellom 12 og 20 år fram i tid. Kvinnherad kommune er ikkje underlagt RATP for Bergensområdet, men har nytte av den same informasjonen. 5.1 FEILKJELDER Denne analysen baserer seg i stor grad på datasettet SSB-arealbruk og byggflater frå felles kartdatabase (FKB) og matrikkelen. Alle feil eller unøyaktigheter i desse grunnlaga vil gi tilsvarande feil og unøyaktighet i resultata. I sær gjeld dette arealkategorien uklassifisert bebyggelse i SSB-arealbruk. Uklassifisert bebyggelse er avgrensa som bebygd i Ar5, men som manglar kartgrunnlag for å spesifisere bruken 15. Ut frå rein visuell sjekk mot flyfoto får vi eit inntrykk av at uklassifisert bebyggelse ofte omfattar små skogholt, delar av parkeringsplassar, eller små vegstubbar, men at det også kan omfatte leikeplassar, parkeringsplassar, treningsanlegg og hus. 15 SOSI Produktspesfikasjon, SSBArealbruk, versjon 20170515, side 23. 13

Agnes Mowinckels gate 5 Postboks 7900 5020 Bergen Telefon: 55 23 90 00 E-post: hfk@hfk.no www.hordaland.no Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.