VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL UTVAL: Formannskapet Møtestad: Ordførarens kontor - Rådhuset, Fiskå Dato: 06.12.2016 Møtet tok til 09:05 Møtet slutta 12:05. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 01.12.2016 Ordførar Lena Landsverk Sande leia møtet. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Lena Landsverk Sande Ordførar V Bjarne Sætrenes Varaordførar FRP Ingebrigt Berget Medlem SP Idar Brekke Medlem H Øystein Blom Medlem KRF Lena Nordal Vedeld Medlem H Ottar Jan Løvoll Medlem AP 7 av 7 medlemar møtte. Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Andreas Chr. Nørve Rådmann Kåre Kvangarsnes Møtesekretær Dessutan møtte kommunalsjef teknisk Terje Kolstad i sak 219/2016 og 220/2016 og under «Eventuelt» (ikkje B-saker) og kommunalsjef helse- og omsorgssektor Arnhild Nordaune i sak 222/2016 og 223/2016. Rådmann Andreas Chr. Nørve gjekk frå som ugild i sak 221/2016.
Underskrifter: Vi stadfestar at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 6143 Fiskå, den
SAKLISTE Saksnr. Sakstittel Arkivkode PS 216/2016 Godkjenning av innkalling PS 217/2016 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte PS 218/2016 Skriv og meldingar PS 219/2016 Omklassifisering av kommunal veg Q14 PS 220/2016 Skilting av sjåverdigheiter og attraksjonar Q84 PS 221/2016 Ny auke i foreldrebetalingssatsar barnehage frå januar 231 2017 i tråd med statsbudsjettet PS 222/2016 Endring av betalingssatsar i sektor for Helse- og omsorg 231 PS 223/2016 Busetting av flyktningar - endra behov F30 PS 224/2016 Organisatoriske endringar i STAB 031 PS 225/2016 Evt. tilskot til lag og organisasjonar 2016-223 formannskapsposten PS 226/2016 Formannskapet - møteplan 1. halvår 2017 033 PS 227/2016 Temaplan våren 2017 033
PS 216/2016 Godkjenning av innkalling Innkallinga vart godkjend PS 217/2016 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Møteprotokoll frå siste møte vart godkjend. PS 218/2016 Skriv og meldingar Ingen skriv og meldingar vart refererte. PS 219/2016 Omklassifisering av kommunal veg Tilråding: Driftsutvalet tilrår: 1. Halde fast ved kommunestyrevedtak i sak 12/2012 når det gjeld omklassifisering av vegar som ikkje er komme noko høyringsmerknadar til: 14. Veg til Ulstein Betong, Syvde 41. Kryss Fv 61 kai Sylte 45. Veg til Slagnes kai. 2. Halde fast ved kommunestyrevedtak i sak 12/2012 for desse vegane når det gjeld omklassifisering av vegar som det er komme høyringsmerknadar til: 18. Notaplassen Småbåthamn 30. Veg til Sighaug i hyttefelt. 3. Desse vegane vert oppretthaldne som kommunale vegar så lenge noverande oppsittarar bur der: 21. Harbakkvegen II 54. Veg til Eikremsæter, Almklovdalen 55. Lidavegen, Almklovdalen 4. Halde fast ved kommunestyrevedtak i sak 12/2012 i pkt. 2: Ved overlevering av kommunalveg skal vegkroppen gjere nytte som gardsveg/landbruksveg. 5. Driftsutvalet bed administrasjonen sende fylgjande vegar ut på høyring: 12. Reitevegen (bru-brudevoll) i Syvde (fjellveg +1 husstand) 19. Nedreberg Øvreberg i Syvde (fjellveg) 66. Sandvikdalen, Åram 60. Plassen, Sørbrandal 61. Lidane, Sørbrandal 31. Brudevik 3. Veg til Rovde skule
57. Sundal bru - Kroken 59. Hellebust/Sande. Framlegg frå Ingebrigt Berget: Saka vert utsett til kriteriar for kommunale vegar er vedtekne. Framlegget frå Ingebrigt Berget vart samrøystes vedteke. Saka vert utsett til kriteriar for kommunale vegar er vedtekne. PS 220/2016 Skilting av sjåverdigheiter og attraksjonar Samrøystes tilråding som framlegget. Formannskapet tilrår: Vanylven kommune ber Statens Vegvesen prioritere skilting av fylgjande sjåverdigheiter og attraksjonar: Stad Type skilt Sjåverdigheit/attraksjon Åheim (kryss v/bedehus, synleg for køyrande frå Stadt) 640.10 Severdighet St. Jetmund Kyrkje Peridotplassen. Steinsenteret, Åheim.
PS 221/2016 Ny auke i foreldrebetalingssatsar barnehage frå januar 2017 i tråd med statsbudsjettet Tilråding: Livsløpsutvalet tilrår: Vanylven kommune aukar foreldrebetalingssats for barnehage frå 01.01.2017 i tråd med statsbudsjett. Reduserte plassar er prosentvis rimelegare etter same mal som før. Ny auke i foreldrebetalingssatsar barnehage frå januar 2017 Sum pr. år for barn nr. 1 med heil plass i barnehage og betaling i 11 månadar = 30.030,- Plass Ny sats barn nr.1 Ny sats barn nr. 2 Ny sats barn nr. 3 100% 2730,- 1911,- 1365,- 80% 2320,- 1624,- 1160,- 60% 1911,- 1338,- 956,- Det vil framleis vere 30% reduksjon for barn nr 2 og 50% reduksjon for barn nr 3. Barn nr. 3 vert halv sum av barn nr. 1 Hushald med låg betalingsevne har høve til å søkje redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid for 3-, 4- og 5- åringar. Rådmann Andreas Chr. Nørve gjekk frå som ugild- sambuar er eigar av Solsikka barnehage. Framlegg frå Ingebrigt Berget og Ottar Jan Løvoll v/ingebrigt Berget: Satsar som tilrådd. Barn 1 100 % Barn 2 50 % Barn 3 0 % Saka opp i kommunestyret. Votering: 5 røyster for tilrådinga frå livsløpsutvalet. 2 røyster for framlegget frå Ingebrigt Berget og Ottar Jan Løvoll. Formannskapet tilrår: Vanylven kommune aukar foreldrebetalingssats for barnehage frå 01.01.2017 i tråd med statsbudsjett. Reduserte plassar er prosentvis rimelegare etter same mal som før. Ny auke i foreldrebetalingssatsar barnehage frå januar 2017 Sum pr. år for barn nr. 1 med heil plass i barnehage og betaling i 11 månadar = 30.030,- Plass Ny sats barn nr.1 Ny sats barn nr. 2 Ny sats barn nr. 3 100% 2730,- 1911,- 1365,-
80% 2320,- 1624,- 1160,- 60% 1911,- 1338,- 956,- Det vil framleis vere 30% reduksjon for barn nr 2 og 50% reduksjon for barn nr 3. Barn nr. 3 vert halv sum av barn nr. 1 Hushald med låg betalingsevne har høve til å søkje redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid for 3-, 4- og 5- åringar. PS 222/2016 Endring av betalingssatsar i sektor for Helse- og omsorg Tilråding: Kommunestyret vedtek ei slik endring i betalingsatsane for 2017, gjeldande frå 01.01.17: Heimehjelp o Heimehjelp timar sjølvkost auke frå 258 kr/ stk til 360 kr/ t. o Heimehjelp inntil 2 G auke er sentralt bestemt. o Heimehjelp 3-4 G auke frå 1032 kr/ mnd til 1500 kr/ mnd. o Heimehjelp 4-5 G auke frå 1548 kr/ mnd til 1800 kr/ mnd. o Heimehjelp over 5 G auke frå 1548 kr/ mnd til 2100 kr/ mnd. Middagsombringing o Middag auke frå 95 kr / stk til 100 kr / stk o Fullkost auke frå 150 kr / døgn til 4900 kr/ mnd. 158 kr/ døgn. Tryggleiksalarm auke frå 258 kr/ mnd til 320 kr/ mnd. Framlegg frå Ottar Jan Løvoll: Endring i første punkt: Heimehjelp timar sjølvkost auke frå 258 kr/ stk til 270 kr/ t. Votering: Første punkt: 6 røyster for tilrådinga frå adm. 1 røyst frå framlegget frå Ottar Jan Løvoll. Resten av tilrådinga frå adm. vart samrøystes tilrådd Formannskapet tilrår: Kommunestyret vedtek ei slik endring i betalingsatsane for 2017, gjeldande frå 01.01.17: Heimehjelp o Heimehjelp timar sjølvkost auke frå 258 kr/ stk til 360 kr/ t. o Heimehjelp inntil 2 G auke er sentralt bestemt. o Heimehjelp 3-4 G auke frå 1032 kr/ mnd til 1500 kr/ mnd. o Heimehjelp 4-5 G auke frå 1548 kr/ mnd til 1800 kr/ mnd. o Heimehjelp over 5 G auke frå 1548 kr/ mnd til 2100 kr/ mnd. Middagsombringing o Middag auke frå 95 kr / stk til 100 kr / stk o Fullkost auke frå 150 kr / døgn til 4900 kr/ mnd. 158 kr/ døgn. Tryggleiksalarm auke frå 258 kr/ mnd til 320 kr/ mnd.
PS 223/2016 Busetting av flyktningar - endra behov Samrøystes tilråding som framlegget Formannskapet tilrår: Vanylven kommune justerar omfanget, etter IMDI si anmodning, frå 80 i tidlegare vedtak, til å busette 72 flyktningar fram til t.o.m. 2019. PS 224/2016 Organisatoriske endringar i STAB Samrøystes tilråding som framlegget. Formannskapet tilrår: STAB vert frå 2017 organisert under ein leiar. PS 225/2016 Evt. tilskot til lag og organisasjonar 2016 - formannskapsposten Tilråding: På grunn av den stramme økonomiske situasjonen i kommunen, finn ein ikkje å kunne imøtekome mottekne søknader om tilskot i 2016. Framlegg frå Ottar Jan Løvoll og ordførar Lena Landsverk Sande v/ottar Jan Løvoll : Det blir frå formannskapsposten gjort desse løyvingane: 1. Amathea Møre og Romsdal kr. 6.436,- 2. NKS Veiledningsteneste for pårørande i Midt-Norge kr. 3.256,-. Framlegg frå Ingebrigt Berget: Som tilrådd. Tillegg: Flytte resten av reservepost til 2017. Votering: Først vart tilrådinga frå adm. sett opp mot framlegget frå Ottar Jan Løvoll og ordføraren. 4 røyster for tilrådinga frå adm. 3 røyster for framlegget frå Ottar Jan Løvoll og ordføraren
Deretter vart tilrådinga frå adm. sett opp mot tilrådinga frå adm. + tilleggsframlegget frå Ingebrigt Berget: 4 røyster for tilrådinga frå adm. 3 røyster for framlegget frå adm. + tilleggsframlegget frå Ingebrigt Berget. På grunn av den stramme økonomiske situasjonen i kommunen, finn ein ikkje å kunne imøtekome mottekne søknader om tilskot i 2016. PS 226/2016 Formannskapet - møteplan 1. halvår 2017 Samrøystes vedtak som framlegget. Formannskapet har møte desse dagane første halvår 2017: 10. januar, 24. januar, 7. februar, 28. februar, 14. mars, 4. april, 25. april, 9. mai, 23. mai, 13. juni, 27. juni. Møta skal normalt starte kl. 09.00. PS 227/2016 Temaplan våren 2017 Ottar Jan Løvoll foreslo følgjande tema ut i frå innspel frå rådmannen i saksutgreiinga: - Brannvern, omvising på brannstasjonen - Marine Harvest, med omvising + bedriftsbesøk Store Rovde SA - Åram skule, møte grendalaget og omvising - Nordstranda historiehus, omvising og bedriftsbesøk frå Marine Harvest, avd Sighaug - Vaksenopplæringa, omvising på Myklebust skule - Åheim skule/olivinhallen, og bedriftsbesøk Sparelys AS. - Tussa Framlegget frå Ottar Jan Løvoll vart samrøystes vedteke. For 2017 skal desse tema plasserast i temaplanen til leiargruppa, formannskapet og kommunestyret: - Brannvern, omvising på brannstasjonen - Marine Harvest, med omvising + bedriftsbesøk Store Rovde SA - Åram skule, møte grendalaget og omvising - Nordstranda historiehus, omvising og bedriftsbesøk frå Marine Harvest, avd Sighaug - Vaksenopplæringa, omvising på Myklebust skule - Åheim skule/olivinhallen, og bedriftsbesøk Sparelys AS. - Tussa
Eventuelt: Ottar Jan Løvoll tok opp spørsmål vedk. bygging av flyktningbustader; jfr. K-sak 47/2016: Etterlyste framdrift for bustadane på Åheim og i Syvde. Kommunalsjef Terje Kolstad orienterte. Opplyste at ein arbeider med saka og at bustader på Fiskå er venta ferdig i slutten av mai neste år. Ingebrigt Berget tok opp problemstillingar kring sjukefråveret i kommunen. Store kostnader. Lufta tankar om bonusordningar og forsikringsordningar. Rådmannen tok opp B-saker: Møtet vart lukka med heimel i kommunelova 31 nr. 2 og forvaltningslova 13 nr. 2 teieplikt forretningsforhold. Møtet vart lukka med heimel i kommunelova 31 nr. 4 omsyn til personvern. Rett utskrift 07.12.2016 Kåre Kvangarsnes