Vegvisar til vilbli.no Kva er vilbli.no? vilbli.no er di hovudkjelde til informasjon om vidaregåande opplæring. På vilbli.no skal du til ei kvar tid finne oppdatert og kvalitetssikra informasjon. På grunnlag av denne informasjonen skal du kunne gjere dine val. Målgruppene for vilbli.no er ungdom og vaksne som skal søkje vidaregåande opplæring samt foreldre og rådgivarar. Fylkeskommunane, KS og Utdanningsdirektoratet har gått saman om å etablere vilbli.no. Pedlex er hovudredaktør for vilbli.no, og har ansvaret for utvikling og drift av tenesta på vegne av fylkeskommunane. Om denne vegvisaren Vegvisaren gir deg hjelp til å komme i gang med å bruke vilbli.no. Du får óg ein grundig gjennomgang av innhaldet og tips til korleis du kan finne fram. Vi håpar vegvisaren vil vere nyttig for deg. Lykke til med val av vidaregåande opplæring! Helsing vilbli.no-redaksjonen vilbli.no er ei informasjonsteneste for søkjarar til vidaregåande opplæring Kva inneheld vilbli.no? ei innhaldsforteikning til denne vegvisaren Framsida si >2 og >3 Om vidaregåande opplæring med tilleggsinformasjon frå fylka, side >4 Utdanningsprogram og programområde med strukturkart, side >5 Beskriving av opplæringa side >6 Opplæringstilboda i fylket på Vg1, Vg2 og VK2, side >7 Opplæringstilboda ved skolen på Vg1, Vg2 og VK2, side >8 Skoleinformasjon side >9 Yrke og utdanningsvegar side >10 Søk side >11 Meir hjelp og tilbakemeldingsskjema side >12
Framsida På vilbli.no finn du informasjonen: i strukturerte oversikter via den horisontale menyen (utdanningsprogram, programområde, fag, skoletilbod og yrke). i artiklar via menyen til venstre Inngangar og menyar Inngangane på framsida kan delast i 6 grupper: 1 Dei gule inngangane gir deg samlingar av artiklar som er relevante for deg, anten du er elev, lærling eller rådgivar. 5 Søkefeltet leiar deg til ei kategorisert oversikt over søkeresultatet. Du finn òg søkefeltet øvst til høgre. Sjå meir på side 11. 6 Fylka i noregskartet leiar deg til opplæringstilboda ved skolane i fylket. Sjå meir på side 7 9. 2 Du finn òg alle artiklane via menyen til venstre. Sjå meir på side 4. 3 Dei grønne inngangane leiar deg til strukturert informasjon om utdanningsprogram, programområde, fag og yrke. 4 Du finn òg desse sidene via menypunkta i den horisontale menylinja. Sjå meir på side 5 10. >2
H U G S Hovudmenyen er den lange, horisontale menyen øvst på sida: den er med på alle sider du brukar den til å bytte mellom dei ulike hovudsidene på vilbli.no Menyen til venstre finn du berre på artikkelsidene: velg Om vidaregåande opplæring i hovudmenyen for å få fram venstremenyen På nokre sider er det òg korte, horisontale menyar: du brukar dei til å bytte mellom undersider Klikkar du på logoen nullstiller du alle val og kjem til framsida. Valde menypunkt er raude og markert med ein firkant. >3 Endre skoleår, reform, målform og fylke På framsida kan du endre dei førehandsvalde statusane (utheva er førehandsvalde): 1 Målform eller språk (førebels bokmål og nynorsk). 2 Skoleår (informasjon som gjeld 2006 2007 eller 2007 2008, t.d. vil skoletilboda vere ulike). 3 Reform (vel mellom informasjon om gammel struktur Reform 94 eller ny struktur* Kunnskapsløftet). 4 Fylke (veljast i kartet eller i lista) Målform og fylke kan du endre overalt, ikke berre på framsida.j * Ny struktur gjeld deg som søkjer inntak til Vg1 eller Vg2 skoleåret 2007 2008.
Om vidaregåande opplæring På vilbli.no står mykje av informasjonen om vidaregåande opplæring i artikler. Desse artiklane når du direkte frå venstremenyen eller gjennom dei gule inngangane på framsida. I venstremenyen er informasjonen delt i to. 1 Kva må du vite? her finn du det som gjeld alle søkjarar: Forklaring av skolesystemet i vidaregåande opplæring (3 år i skole eller 2 år i skole og 2 år i lære, studie- og yrkeskompetanse, omgrep osv.). Moment som er viktige når ein skal velje utdanning og yrke. Informasjon om søkeprosedyrer. 2 Meir om vidaregåande opplæring her finn du utfyllande informasjon, som mellom anna: Informasjon om rettigheiter, inntakskrav og inntaksreglar. Informasjon som berre gjeld einskilde grupper, t.d. minoritetsspråklege. Informasjon for vaksne søkjarar. H U G S Det er viktig at du vel fylket ditt slik at du får fullstendig informasjon. >4 Velje eit anna fylke Øvst på nettsida ser du fylket som er vald. Der har du òg ein eigen horisontal meny med tre menypunkt Fylkesinformasjon (med oversyn over alle skoler, PTT, OT, osv.) Opplæringstilbudoda i fylket (sjå side 7) Vel eit anna fylke Tilleggsinformasjon frå fylka Kvart fylke kan gi tilleggsinformasjon til eit punkt i venstremenyen. Tilleggsinformasjonen kan mellom anna dreie seg om: spesielle reglar som gjeld i fylket spesielle tilbod og ordningar Tilleggsinformasjon frå eit fylke kan stå som eget underpunkt i venstremenyen eller nedst i ein artikkel. Har du ikkje vald fylke, kan du velje fylke nedst i artikkelen. Når du har vald fylke ser du at fylkesinformasjonen i artikkelen er markert med fylkesvåpen og ei skillelinje. Les meir... Nokre emne er kompliserte og krever ofte grundige forklaringer. I slike høve har vi òg skrive eit samandrag av artikkelen. Hugs å bruk lenkene til Les mer... og Sammendrag... nedst i artiklane.
Utdanningsprogram og programområde Strukturkart På vilbli.no kan du finne beskrivingar av alle utdanningsprogram og programområde i Kunnskapsløftet (ny struktur) og studieretninger og kurs i Reform 94 (gammel struktur). 1 Vel menypunktet Utdanningsprogram og programområde i den horisontale menyen eller vel inngangen «Utdanningsprogram» på framsida. 2 Vel eit utdanningsprogram. 3 Når du har vald utdanningsprogram får du opp alle programområde på neste trinn i dette utdanningsprogrammet. Fargekoder og teiknforklaringer til strukturkartet: Kryssløp er merka med X. Gule programområde tyder at opplæringa foregår i skole. Grøne programområde tyder at opplæringa foregår i bedrift. Lengda på programområdet angir tid, t.d. kan du sjå at særløpa strekk seg over 3 år i bedrift. 4 Slik kan du fortsette å velje eit løp for opplæringa. Programområda du har vald er merka med raud tekst og firkant foran. >5
H U G S Bruk den horisontale menyen under strukturkartet for å bytte mellom: kvar opplæringa blir tilbode beskriving av opplæringa Beskriving av opplæringa 1 Utfør steg 1 4 på side 5. 2 Vel Beskriving av i den horisontale menyen som du finn under strukturkartet. 3 No får du opp beskriving av opplæringa så langt som du har vald. Det vil seie: beskriving av utdanningsprogrammet fag- og timefordelinga på Vg1 og eventuelt: fag- og timefordelinga på Vg2 fag- og timefordelinga på Vg3 beskriving av opplæringa i bedrift beskriving av yrkeskompetansen eller studiekompetansen >6 4 Når du har vald Vg1 eller Vg2 får du ei oversikt over alle kompetansene det er mogleg å oppnå med det valde programområdet. Har du berre vald Vg1 vil det altså vere fleire moglege kompetanser enn når du òg har vald Vg2.
Opplæringstilboda i fylket 1 Utfør steg 1 4 på side 5. 2 Vel Kvar kan eg få opplæring i i den horisontale menyen som du finn under strukturkartet. 3 Hvis du ikkje har vald fylke må du velje fylke no. 4 Du får opp ei liste med skolar under kvart trinn. Lista viser kva for skolar i fylket som tilbyr programområdet du har vald i strukturkartet. Har du vald programområde både på Vg1 og Vg2, får du altså opp to kolonner, éi med skolane som tilbyr Vg1 og éi med skolane som tilbyr Vg2. 5 Nokre av skolane i lista ligg i andre fylke. Desse kjem fram fordi det er inngått avtaler fylka imellom om at søkjarane frå ditt fylke kan nytte dette tilbodet. 6 Godkjente friskolar i fylket vil òg komme fram i lista. 7 I nokre høve vil du få opp spesielle programområde som blir tilbode i fylket. Dei står innunder det ordinære programområdet, t.d. står «Golf» innunder «Idrettsfag». >7 Fargekodar og teiknforklaringar til strukturkartet: Programområde som blir tilbode på minst éin skole i fylket forblir gule. Programområde som ikkje blir tilbode på nokre skolar i fylket blir lysegule. Flagg abci strukturkartet eller ved ein skole tyder at tilbodet, eller tilboda ved denne skolen, er ei landslinje eller eit landsdekkande tilbod. Slike tilbod kan elevar frå heile landet søke på. H U G S Skuletilboda på Vg1, Vg2 og VK2 for neste skuleår blir tilgjengelege på vilbli.no i januar (i nokre fylke er skuletilboda tilgjengelege før dette).
Opplæringstilboda ved skolen 1 Utfør steg 1 4 på side 7. 2 Vel ein skole i lista. 3 Strukturkartet syner no skolen sitt tilbod. 4 Skolen du har vald står over strukturkartet. 5 Under skolen er det ein eigen horisontal meny med tre val: Les meir om opplæringstilboda Skoleinformasjon Vel ein annan skole Fargekoder og teiknforklaringer til strukturkartet: Programområde som blir tilbode på skolen forblir gule. Programområde som ikkje blir tilbode på skolen blir lysegule. Ein blå i markerer at det finnes tilleggsinformasjon om tilbodet. Ein raud i markerer at det finnes tilleggsinformasjon om det tilbodet du står på. Sjølve tilleggsinformasjonen finn du under beskrivinga av programområdet. 6 Når du først har vald ein skole forblir den vald heilt til du veljer ein annan skole. Menypunktet Vel ein annan skole åpnar fylkesinformasjonssida. Her kan du velje ein annan skole i fylket. For å «fjerne» skolen utan å velje ein annan skole må du bruke menypunktet Opplæringstilboda i fylket under fylkesnavnet øvst på sida. For å velje ein skole i eit anna fylke må du først velje eit anna fylke (sjå side 4). >8
Skoleinformasjon 1 Vel menypunktet Skoleinformasjon i menyen under skolen (sjå punkt 5 på side 8). 2 Du kjem da til ei side med detaljar om skolen. På skoleinformasjonssida finn du: Adresse og kontaktopplysningar til skolen. Anmerkningar til skolen (t.d. «Har internat»). Heile tilbodet til skolen samla i éi oversikt: Alle programområda som blir tilbode er med i strukturkartet. Programområda som ikkje blir tilbode visast ikkje i strukturkartet. T I P S På sida med skuleinformasjon får du ei samla oversikt over alle programområda som blir tilbode på skulen. >9
Yrker og utdanningsvegar Yrka og utdanningsvegane du finn på vilbli.no er knytta til vidaregåande opplæring. Du kan finne alle yrke og kompetanser som vidaregåande opplæring kan gi. 1 Vel menypunktet Yrke og utdanningsvegar i den horisontale menyen, eller vel inngangen «Yrke» på framsida. 2 Vel forbokstaven på eit yrke eller ein kompetanse, bruk søkefeltet eller vel ein kategori. 7 Under yrkesbeskrivinga ser du alle moglege utdanningsvegar: ordinære løp kryssløp (markert med X) Du kan klikke direkte på eit programområde i oversikta for å lese meir om det. Da kjem du til sida med utdanningsprogram og programområde (sjå side 5) 3 Vel eit yrke eller ein kompetanse i lista du får opp etter punkt 2. 4 Du får opp ei side som viser ei kortfatta beskriving av yrket eller kompetansen: Aktuelle arbeidsstader Sentrale arbeidsoppgåver Eigenskaper yrkesutøvaren bør ha Formelle krav til yrkesutøvaren Dette er viktig informasjon for deg! 5 I ny struktur er det òg ein lang versjon av yrkesbeskrivinga, dette er ei gjengiving av den offisielle kompetanseplattforma. 6 Nedst er det lenker til intervju av yrkesutøvarar. Det er ikkje intervju på alle yrka. >10 H U G S Du får oversikt over alle moglege utdanningsvegar som fører til eit yrke eller ein kompetanse på sida «yrke og utdanningsvegar». Sjekk at du oppfyller dei formelle krava til yrket du ønskjer!
Søk På alle sidene er det eit søkefelt øvst i høgre hjørne. Skriv inn heile eller byrjinga på ordet du leiter etter og trykk på «Søk». Du kan søke etter omgrep, navn og alle andre ord som førekjem på vilbli.no Søket vil avgrense seg i forhald til: fylket du har vald strukturen du har vald (ny eller gammel) skoleåret du har vald Hvis du søker på omgrep frå gammel struktur når du har vald ny struktur vil du altså ikkje få treff. Du kan derimot søke på bokmålsord sjølv om du har vald nynorsk og motsatt. Systemet leitar gjennom begge målformene, men du får resultata på den målforma du har vald. Søkeresultatet kjem sortert etter kategori. Hvis du t.d. skriv inn søkeordet «studiekompetanse» vil du få treff i følgjande kategoriar: Programområde som har ordet i navnet eller beskrivinga (t.d. «påbygging til generell studiekompetanse Vg3». Fag som har ordet i navnet eller beskrivinga. Kompetanser (t.d. «musikk», «naturbruk») Artiklar med ordet, først artiklane frå den generelle informasjonen og så artiklane frå kvart fylke. Du kan få treff i andre kategoriar òg, t.d. i skoletilbod. Prøv å søke på «bygg- og anleggsteknikk» og sjå alle skoletilboda nedst i søkeresultatet! >11 Får du ingen treff? Sjekk at du har stava søkeordet riktig! Prøv eventuelt med å berre skrive inn byrjinga på ordet. T I P S Venn deg til å bruke søkefunksjonen for å finne informasjon: Du slepp å gjette kvar informasjonen er. Du finn kanskje meir informasjon om emnet enn du hadde gjort ellers. Du kan få opp lister og oversikter som ikkje finns ellers (sjå dømet med «studiekompetanse»).
Treng du meir hjelp? Rådgivaren på skolen din kan hjelpe deg med å finne fram på vilbli.no. Rådgivaren svarar òg på spørsmål om vidaregåande opplæring. Dersom rådgivaren ikkje kan hjelpe deg kan du bruke kontaktskjemaet for å sende spørsmål til inntakskontoret i fylket ditt: 1 Vel menypunktet «Kontakt oss» (nedst i menyen til venstre på framsida). Har du tilbakemeldingar til vilbli.no? Vi sett pris på å få tilbakemeldingar om innhaldet på vilbli.no og om korleis vilbli.no fungerer. Bruk kontaktskjemaet hvis du vil melde frå om feil eller manglar eller har kommentarar. Følg framgangsmåten beskrive i førre avsnittet, men vel «Hovedredaksjonen» i rullegardinmenyen hvis ikkje meldinga din gjeld eit bestemt fylke. 2 Vel ditt fylke i rullegardinmenyen. 3 Skriv inn navn og e-postadresse, emne og melding. 4 Trykk på Send-knappen for å sende meldinga. 5 Du får tilsendt ein kopi av meldinga til den e-postadressa du oppgav. Dersom du ikkje får ein kopi av meldinga bør du trykke på Tilbake-knappen i nettlesaren din og sjekke at du ikkje har ein stavefeil i e-postadressa. >12