Rammer, prinsipp og prosess for lokalisering av ulike administrative og tenesteproduserande einingar i Nye Øygarden kommune Presentasjon møte styringsgruppa NØK og 12 HTV 19.08.2019
Styringsdokument handsama i PSU og i Fellesnemnda Avtalar og vedtak m/føringar for lokaliseringa: 1. Intensjonsavtalen - Kommune- og kommunedelsenter - Nærtenesteprinsippet - Innbyggjartorg - Tenester som ikkje vert nytta dagleg kan sentraliserast - Eksisterande skule-, barnehage- og omsorgsstruktur skal vidareførast - Digitalisering 2. Omstillingsavtalen - Verksemdsoverdraging inneber at nokon får ny arbeidsstad - Andre vil ut frå sin eigenart, verta lite berørt av endring - Skal lagast oversikt over einingar som ikkje vert berørt, og disse skal vera gjenstand for drøfting (jf. steg 1 i prosessen). 3. Grunnlagsdokument og sak om overordna administrativ organisering på nivå 1 i NØK - Mål om å byggja sterke fagmiljø med redusert sårbarheit. - Mål å behalda (og rekruttera) strategisk viktig kompetanse. - Digitalisering skal kunna kompensere for fysiske avstandar. 4. Rapport risiko-analyse HMT- omstilling NØK - Fargekode raud > bør utviklast tiltak. - Føreslåtte tiltak er god «informasjon om kva 30.10. betyr», og - vurderast ei «tidlegare avklaring på lokaliseringa». - Styringsdokument vedteke i juni, må sjåast som oppfølging av tiltak.
Avklaringsprosess i tre steg! Steg 1: Hovudprosjekta skal identifisera: 1. Einingar som ikkje vert involvert av lokaliseringsendringar (jf. intensjonsavtalen) 2. Andre moglege einingar og tenestar innan t.d. stab, drift, vedlikehald, reinhald, transport etc. som ikkje vil få endra fast arbeidsstad 3. Arbeidet er delegert til hovudprosjekta der HTV og HVO er representert Fristar: - Leveranse frå hovudprosjekta 6. september - Drøftingsmøte 11. september (12 HTV og styringsgruppa) - Steg 1 avslutta 13. september -> varsla einingar som ikkje vert berørt
Steg2: Hovudprosjekta skal arbeide fram forslag til: 1. tenester i lokale innbyggjartorg 2. andre brukarretta tenester som bør få ei desentralisert/brukarnær lokalisering (jf. at brukarar må forståast som innbyggarar og tilsette) 3. tenester som innbyggjarane ikkje nyttar dagleg, og kan sentraliserast til Straume, Skogsvåg eller Rong 4. sjefsområder, einingar, fag, stab etc. som av samhandling- og effektivitetsomsyn bør vera lokalisert fysisk nær kvarandre 5. kompetansar som kan vera vanskeleg å behalde/rekruttera dersom det skjer vesentlege lokaliseringsendringar Fristar: - Leveranse frå hovudprosjekta 25. september
Framlegg vedtakssak PSU 7. oktober og Fellesnemnda 9. oktober 1. For å sikre god politisk forankring av lokaliseringa skal det leggjast fram ei eiga sak til fellesnemnda, for vedtak, som inneheld punkta skildra som steg to i saka. 2. Det er avgjerande at forslag om lokalisering blir knytt opp mot nærtenesteprinsippet. 3. Fellesnemnda ber også om at det i den vidare prosessen kjem fram korleis lokalisering kan frigjere ressursar gjennom effektivisering og reduserte kostnader. 4. Fokus på brukarane skal alltid telje høgt ved vurdering av lokalisering.
Steg 3: endeleg vedtak 1. Prosess/drøfting fram mot endeleg vedtak 30. oktober 2. Vedtak skal byggje på forslag i steg 2, men vedtaksmynde er lagt til prosjektrådmann. 3. 12 HTV og styringsgruppa skal vera involvert i vedtaksprosessen 4. Møte styringsgruppa og 12 HTV 14. oktober og 25. oktober.