Ivar Aasen nynorskens far



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Nynorsk i nordisk perspektiv

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Jon Fosse. For seint. Libretto

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje.

Denne minigrammatikken tar for seg nokre av hovudreglane for nynorsk.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS


Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Årsplan i norsk, 4. klasse,

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Frå novelle til teikneserie

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3


Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Månadsbrev for Rosa september 2014

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

«Ny Giv» med gjetarhund

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Vurderingsrettleiing 2011

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Refleksjon og skriving

Vel nynorsk for barnet ditt!

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Kåffår ha Skåbu-dialekta forandra sê?


Teknikk og konsentrasjon viktigast

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Ircere alle saman! Tusen takk for invitasjonen til å halde stemnetalen. Eg er både stolt og glad for at eg fekk. dette høve å kome hit.

mmm...med SMAK på timeplanen

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Med god informasjon i bagasjen

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Unorsk og Norsk, eller Fremmedords Avløsning

ØYSTESE BARNESKULE ÅRSPLAN FOR FAG

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...


Sprog i Norden. Språk i fokus: norsk. Titel: Forfatter: Lars S. Vikør. Kilde: Sprog i Norden, 2012, s [i hæftet: s.

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

8 tema for godt samspel

Språk og kultur III. Grunnskole

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Munnleg norsk frå B1 til B2

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Med tre spesialitetar i kofferten

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kokebok i nynorsk. Eg lige ikkje nynorsk, eg! (Er siddisar dumme?) Spørsmål: Kor mange dialektar brukar jeg og ikke?

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Språkhistorien på 1800 tallet

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Transkript:

Nettopp norsk Ivar Aasen nynorskens far Av Lars Sigurdsson Vikør forkorta og tilrettelagt av Elisabeth Smith Bakgrunn og oppvekst Ivar Aasen (1813 1896) vart fødd den 5. august i Hovdebygda i Ørsta på Sunnmøre. Familien hans levde under enkle kår med små sosiale skilnader i den vesle bygda der folk levde av fiske og jordbruk. Han mista foreldra sine tidleg, mora da han var tre, og faren da han var tolv år. Etter at faren døydde, arbeidde han på garden som broren hadde overteke. Han skreiv ein gong at den tida var «en for mig ubehagelig Tid», og han var oppteken av å kome seg vekk heimanfrå. Ivar Aasen lærte seg tidleg å lese, og han hadde ein enorm appetitt på kunnskap. I dag blir han ofte vurdert som eit slags under, eit geni frå eit folkedjup som ikkje las bøker eller var lærd på noko vis. At han vart den leiande på sitt felt, var mest ikkje til å tru om ein tenkjer på kor han kom frå, men han vart faktisk den første verkelege språkvitskapsmannen i landet. Han jobba mykje med dialektar og studerte ordforrådet i dei norske dialektane, og han dikta mykje på den nye målforma han sjølv fann opp. Det er først og fremst som skaparen av det nynorske skriftspråket vi kjenner Ivar Aasen i dag. Nynorsk var den dialektbaserte målforma som var meint å ta over etter dansk, som Noreg brukte som skriftspråk etter mange år i union med Danmark. I 1831 vart Aasen omgangsskolelærar. Omgangsskole var eit slags omreisande undervisningstilbod, der lærarane reiste rundt på gardane og underviste dei som budde der, mot at dei fekk kost og losji mens dei var der. Dei vart ikkje lenge på kvar stad, berre nokre dagar, og dei underviste mest i religion og lesing. Dette heldt Aasen på med i to år, til han fekk eit tilbod om studieopphald hos ein prost på Herøy, litt lenger sør på Sunnmøre. Slike ting gjorde enkelte velståande menneske på den tida for å hjelpe evnerike gutar til å kome vidare. To år seinare fekk han ein huslærarpost ein annan stad, med høve til å studere vidare, og der vart han til han var klar for å ta fatt på livsoppgåva si i 1842. Han var altetande i kunnskapstrongen, men det var særleg botanikk og språkstudium han styrte seg inn mot. Det kan tyde på ein sans for systema-

Nettopp norsk / Erasmus Montanus 2 tikk at han måtte lage grupper og ordningar av materialet han arbeidde med. Han hadde eit imponerande herbarium, men det vart språkstudiane hans som vekte interessa blant folk. Han fekk tilbod om å studere på universitetet i Christiania (no Oslo), men han takka nei fordi han var redd for å fjerne seg for langt frå røtene sine. Det var berre dei privilegerte som fekk studere der, og han kjende seg ikkje heime i eit slikt miljø. Aasen som språkforskar I den tida snakka folk dialektar, slik dei gjer i dag. Det var ikkje mange som kunne skrive, og dei som kunne det, skreiv på dansk på grunn av unionen med Danmark, som hadde vart sidan 1400-talet. Men på 1800-talet var nasjonalromantikken på full frammarsj, og det var fleire etter kvart som meinte at Noreg burde ha ein eigen identitet. Med det burde nordmennene òg ha eit eige språk, men det var usemje om korleis det skulle vere. To unge studentar ved universitetet, Peter Andreas Munch og Henrik Wergeland, var blant dei som no tok opp språkspørsmålet. Wergeland ville fornorske det danske språket ved å ta inn norske ord og norske former, og han spådde at språket ville vere norsk «før Aarhundredet nedrødmer». Munch meinte at den lina ville gjere språket rotete og vulgært, og han ville heller berre halde på dansken, eller eventuelt finne ein gammal og opphavleg dialekt og lage eit skriftspråk ut ifrå den. (Sjå læreboka s. 310) Ivar Aasen hadde følgt med på debatten mellom desse to, og han skreiv eit lite programskrift, Om vort Skriftsprog, som aldri vart gjeve ut av han sjølv, men som vart trykt etter at han var død. I det skriftet seier han seg einig med Munch og argumenterar for eit sjølvstendig språk som er tufta på talemålet i landet altså dei ulike dialektane. Men Ivar Aasen var ein sjenert og lite framfus mann, så han heldt desse tankane for seg sjølv. Eit slikt program hadde vore dristig av ein ukjend bondegut å lansere, og han visste nok det. Han heldt likevel fram med språkstudiane sine og lærte seg norrønt. Dessutan var han kreativ og begynte å lage ei skisse til grammatikken over dialekten på Sunnmøre. Den tok han med seg til biskop Neumann i Bergen, som vart imponert over dette arbeidet. Neumann var også ein mann med interesse for det folkelege tidsånda var prega av storstilte innsamlingar av eventyr, segner og folkeviser, norrøne tekster og anna nasjonalt styrkjande verksemd og Ivar Aasens arbeid trefte denne tidsånda midt i blinken. Dermed fekk han eit stipend for å reise rundt på Vestlandet og samle inn dialektmateriale til ein grammatikk og ei ordbok. Frå 1842 og til 1846 reiste han rundt i landet og samla inn stoff til desse bøkene. Han sette tidleg opp ei skisse som han fylte ut etter kvart som han fekk meir stoff frå fleire stader alt bygd på fellestrekk i dei ulike dialektane. Prosjektet hans vart kjent for ganske mange menneske, og han kjende eit press på seg for å gjere det ferdig. Derfor slo han seg ned i Christiania og begynte å arbeide med grammatikken og ordboka. Det Norske Folkesprogs Grammatik kom ut i 1848, og Ordbog over det Norske Folkesprog kom i 1850. Desse bøkene vart hylla som epokegjerande verk, noko dei faktisk var, og særleg P.A. Munch var begeistra for dei. Han var på den tida rekna som den store autoriteten på området. Wergeland døydde allereie i 1845. Desse to bøkene var grunnsteinar i Ivar Aasens vitskaplege arbeid. Han vart Noregs første dialektolog (ein som studerer målføre). Før han kom på banen, hadde vitskapen berre hatt lause kunnskapar om dialektane, bygde på tilfeldige inntrykk og ikkje på systematiske studium. Det fanst nokre ordsamlingar, men dei inneheldt gjerne spesielle dialektord som var vanskelege å

Nettopp norsk / Erasmus Montanus 3 skjøne for danskar. Ivar Aasen hadde beskrive dialektane systematisk ut frå kunnskapane sine i gammalnorsk og moderne grammatikk. Han beskreiv dialektane i samanlikning med kvarandre, og ikkje ein og ein. Tanken hans var at alle dialektane var variasjonar av det same grunnleggjande systemet, og det viste seg at han hadde rett i det. Han var den første til å setje opp ei systematisk inndeling av dei norske dialektane, og hovudtrekka i denne inndelinga blitt ståande fram til vår tid, om enn noko endra på somme punkt av seinare granskarar. Frå 1850 fekk Aasen eit fast årleg stipend av Stortinget for å halde fram med arbeidet sitt, og han levde av det resten av livet. Han heldt fram med å samle dialektstoff, samtidig som han arbeidde med utforminga av det samlande skriftspråket som han ville byggje på grunnlag av dialektane. Forskingsarbeidet hans førte fram til dei to eigentlege hovudverka hans, Norsk Grammatik (1864) og Norsk Ordbog (1873). Her fekk det vitskaplege arbeidet hans si endelege form, og han brukte det nyforma skriftspråket sin ortografi (rettskriving) i si skildringa si av folkespråket. Han hadde ei sylkvass evne til å gi gode og presise definisjonar av ord og omgrep, og ordboka hans vart rekna som mønstergyldig. Den gjorde greie for kor orda vart brukte, dei viktigaste dialektformene, og han viste til bruksmåtar gjennom eksempelsetningar. Det var den første ordboka i sitt slag i Noreg som både var beskrivande, og som tente som rettesnor. Men Ivar Aasen var ein flittig og arbeidslysten mann. Han gav ut fleire bøker, også etter at han var ferdig med hovudverka sine, blant anna ei personnamnbok, eit ordspråkleksikon, ein slags ensyklopedi for ungdom, og ei liste over plantenamn som han fekk trykt i eit tidsskrift. Han laga òg ei såkalla tesaurisk ordbok. Tesaurisk tyder at orda ikkje stod alfabetisk, men dei var ordna i tydingsgrupper, det ein kallar semantiske felt, til dømes klesplagg for seg, møblar for seg, jordbruksreiskapar for seg. Den kom ut lenge etter at han døydde, og han lét også etter seg andre arbeid som han ikkje gav ut mens han levde, truleg på grunn av sterk sjølvkritikk og perfeksjonisme. Aasen grunnlegg landsmålet (nynorsken) I 1853 gav han ut ei lita bok som heitte Prøver af Landsmaalet i Norge. Landsmålet var nemninga hans på ei målform som skulle samle heile landet. I boka gjorde han greie for dei viktigaste dialekttrekka og -skiljemerka i landet, og han presenterte ei samling tekstar på dialektar frå heile landet. I tillegg tok han inn eit utkast til samlande skriftnormal han hadde sett opp, og tok inn nokre tekstar på det. Han tok utgangspunkt i bygdedialektar, og dermed fekk ordet landsmål ei anna tyding i folks medvit enn han hadde tenkt (eit språk for bygdene). Landsmål vart erstatta med nynorsk først i nyare tid i 1929 for å vere presis. Det var eit digert arbeid å setje opp fellesnormalen for dette målet, og han gjekk fram ved å gjennomføre ei systematisk samanlikning av dei ymse dialektane. Han meinte at dei norske dialektane hadde utvikla seg frå gammalnorsk, og han fann mange samlande former ved å gå tilbake til det opphavlege. Men det var ikkje alle fellesformer som kunne finnast i gammalnorsk, og mange opphavlege former var døydd ut. Bøyingssystemet var annleis, utan alle kasusbøyingane av adjektiv og substantiv og personbøyingane av verb. Han bestemte seg derfor for berre å ta med former som han fann i dei levande dialektane. Men han gjorde nokre få unntak og tok med enkelte «forelda» former som var i bruk i grannespråka (svensk og/eller dansk), som samleformer i landsmålet (som fortidsforma kastade for talemålets kasta).

Nettopp norsk / Erasmus Montanus 4 Vi tek nokre døme på korleis han tenkte: Det er ulike infinitivsendingar i verb i norske dialektar: vi finn både å skriva, å skrive og å skriv. Derfor lét han den forma som låg nærast den gammalnorske, bli den samlande nemleg a-ending (å lesa, å skriva). På Sørvestlandet var og er den forma heilt vanleg i bruk. Substantiva har på norsk tre kjønn: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn (mens dansk berre har to: felleskjønn og inkjekjønn). Men Aasen fann ein enorm variasjon i bøyinga av hokjønn i bestemt form eintal, til dømes solasoli-solè og visa-viså-viso. Mange stader var det to ulike bøyingsklasser i hokjønn: Sterke (ord som endar på konsonant, som sol) og svake (ord som endar på trykklett vokal, som vise). Ein del dialektar kan da ha den soli/solé, men den visa/viso. Men dei fleste dialektane har berre éi ending i alle hokjønnsord, stort sett -a: den sola, den visa. Berre Bergen har ikkje hokjønn i det heile; der heiter det solen og visen (som i dansk). Ivar Aasen valde å halde på skiljet mellom sterk og svak bøying, fordi det var det mest opphavlege systemet, og bestemte den samlande forma ut ifrå det. Denne grunntanken låg bak heile oppbygginga av normalen til landsmålet. Derimot endra han ikkje overflatiske grafiske trekk, som stor førebokstav i substantiv og aa der vi bruker å. Det var folk vane med, så det meinte han kunne gå like bra på norsk som på dansk. Dette endra seg jo seinare, slik at det som for Aasen var normalt, på oss verkar gammaldags. Landsmålet vart på kort tid teken i bruk av folk som sette i gang ei stor kulturrørsle. Alt i 1885 jamstilte Stortinget språket med dansk, og i 1892 fekk skolane lov til å bruke det som undervisningsspråk. Samtidig med alt dette skjedde det ei fornorsking av dansken, og det var Knud Knudsen som da var talsmannen for det. Målet hans var å la kvardagsspråket til overklassa som var tufta på dansk, men hadde norsk uttale vere grunnlaget for eit norsk skriftspråk. Han ville fornorske ved å skrive harde konsonantar (gate, bok i staden for gade, bog) og setje inn -er i fleirtalsbøying (hester i staden for dansk heste). Han var ein ivrig talsmann for saka og fekk gjennom det som vart eit avgjerande steg mot dagens bokmål. (Sjå meir om dette i læreboka s. 314 317.) Ivar Aasens landsmål vart for gammaldags og stivbeint for folk flest, og den første reforma av normalen kom allereie i 1901 (da vart kastade avskaffa, og alle skreiv kasta). Aasen sjølv var imot all endring av den opphavlege forma, men det vart likevel etter kvart gjort større endringar som gjorde landsmålet likare talemålet til fleire, særleg austpå og nordpå (for eksempel gjennomføring av -a i alle hokjønnsord: sola og visa, som i dag er hovudform og den aller vanlegaste forma i nynorsk). Målet til rettskrivingspolitikken på den tida var ei full samansmelting i eit fellesnorsk eller samnorsk skriftspråk. Men som vi veit er det ikkje blitt slik. Vi har framleis både bokmål og nynorsk som offisielle skriftspråk i Noreg, sjølv om begge måla har vore gjennom mange reformer. Aasen som diktar Ivar Aasen var ikkje berre den første språkvitskapsmannen i Noreg. Han var også diktar. Den litterære produksjonen hans var ikkje så stor, men han er kjend som ein av dei viktigaste og mest folkekjære diktarane vi har hatt. Det tidlegaste gjennomslaget hadde han med visetekster på sunnmørsdialekt, som vart mykje brukt av vanlege folk på Nordvestlandet. Han var faktisk kjend som visediktar før han vart kjend som språkvitar. Hovudverka hans er skodespelet Ervingen (1855) og diktsamlinga Symra (1863). Begge verka er (fysisk) tynne, og litterært og formelt enkle og folkelege.

Nettopp norsk / Erasmus Montanus 5 Ervingen handlar om to unge elskande som får kvarandre til slutt, trass i all motstand frå den eldre generasjonen. Hovudpersonen Åmund er arving til ein gard som familien måtte selje, og familien emigrerte til Amerika. Det var storbonden Sauenbach som kjøpte garden, men det var slik den gongen at odelsguten i ein familie som selde garden sin, hadde rett på han om han ville. Konflikten i stykket handlar om nett det, at Åmund kjem heim for å ta garden tilbake på odel. Han forelskar seg i dottera til Sauenbach, Inga, som faren har lova bort til ein annan. Paret får kvarandre, og stykket ender godt, men det var spesielt for si tid at dei sosiale og kulturelle skilnadane mellom folk, og konfliktane som kan oppstå på grunn av det, vart skildra på den måten Aasen gjorde det på. Storbondens aping etter embetsmennenes, «storfolkets» måte (han heitte eigentleg Sauebakken, men ville heller ha eit «finare» namn), og bondeguten som kom att frå USA og som var trufast mot sin eigen stand, er døme på desse konfliktane. Stykket er skrive på «småfolks» premisser, og Ivar Aasen let dei stå fram som dei normale, om enn noko idealiserte. Symra inneheld ein del av dei mest kjende dikta til Ivar Aasen. Symre er namnet på ein av dei vanlegaste vårblomane i Noreg, blåsymre og kvitsymre, i dag mest kjende som blåveis og kvitveis (det var nok ikkje tilfeldig at samlinga fekk namn etter blomar). Han kalla ikkje tekstene sine for dikt, men for viser. Dei var enkle og rytmiske, og det var meininga at dei skulle syngjast. Han skriv om ulike emne, blant anna fedrelandet, naturen og årstidene, menneskelege kjensler og stemningar og meir filosofiske og moralske emne. Bodskapen er å vere kravlaus og plikttru, akseptere sin plass i livet og ha «tolugt mod». Det er enkle og klassiske småfolksdygder, som er tufta på tradisjonell bygdekultur. Men han kunne vere kvass i forsvaret for menneskeverdet til dei små i samfunnet (jf. «Etterstev», avslutningsdiktet i Symra). Samlinga inneheld også nokre av dei klassiske fedrelandssongane han skreiv. Den mest kjende er vel «Mellom bakkar og berg», som eigentleg heiter «Nordmannen». Den er blitt ein slags uoffisiell nasjonalsong, og blir rekna som den songen flest nordmenn kan alle versa på! Ivar Aasen sine tekstar har vore flittig brukt i skolen gjennom song- og lesebøker heilt frå levetida hans, og dei har nok vore med på å gjere den nye språkforma kjend for vanlege folk rundt om i landet. Aasen og ettertida Ivar Aasen levde aleine heile livet. Han budde i ei lita hybelleilegheit i Christiania til han døydde i 1896. Han vart 83 år gammal. Det største monumentet som står etter han i dag, er sjølvsagt nynorsken. Ikkje berre språket i seg sjølv, men heile den store skriftkulturen som har vakse opp kring det. Nynorsken er ein del av norsk nasjonalkultur som ikkje kan skjerast vekk utan at det blir som ein amputasjon å rekne, til tross for at han blir brukt av eit mindretal. Dei største brukargruppene finn vi på Vestlandet og fjellbygdene i det sentrale Sør-Noreg, og ein talfestar dei til rundt 10 15 prosent av befolkninga. Men det finst nynorskbrukarar og nynorskmiljø overalt i Noreg, det kjem ut mykje litteratur på nynorsk, og målet har sin plass i media, sjølv om mange slåst om kor mykje plass det skal ha. Ivar Aasen har vore beundra både som diktar og som språkvitskapleg geni, men det er ikkje alle som har beundra han like høgt. Somme meiner at nynorsken ikkje burde ha ein plass i samfunnet i det heile, mens han for andre har vore eit samlingsmerke. Innanfor nynorskrørsla har det vore usemje om korleis forma skal vere. Nokre vil ha ho slik mest mogleg slik Aasen laga ho, mens andre tenkjer seg ei tilnærming til talemålet, i tråd med Aasens tanke

Nettopp norsk / Erasmus Montanus 6 om at språket «bør være Eet, som enhver Landsmand uden Møie kan tage del i». Det er den tradisjonalistiske fløya i rørsla som vil halde nynorsken så tett opp til det opphavlege som mogleg, mens den radikale fløya vil ha språket nært opp til fellestrekka i dei moderne dialektane. Ei setning som uttrykkjer skilnaden mellom målformene tydeleg, og som er konstruert for nett det, er denne: Me hava fenget Soli, og ganga med Kui yver Brui uppe i Sudbygdi (slik Ivar Aasen ville ha skrive det). Me hev fenge soli og gjeng med kui yver brui uppe i Sudbygdi (tradisjonell nynorsk på 1900-talet). Vi har fått solen og går med koen over broen oppe i Sydbygden (tradisjonelt bokmål eller riksmål). Vi har fått sola og går med kua over brua oppe i Sørbygda (radikalt bokmål og nynorsk). I den siste setninga ser vi resultata av tilnærmingsstrevet i førre hundreår, bokmål og nynorsk fell saman og blir skrivne heilt likt. Slik er det sjølvsagt ikkje i alle setningar, men det er mykje som er likt i dag i samanlikning med korleis skilnaden var for hundre år sidan. (Sjå om rettskrivingsutviklinga 1917 1959 i «Det store samnorskprosjektet» under Tilleggsstoff og fordypning.) Slik vi ser Ivar Aasen i dag, var han ein nasjonalromantikar, ein som løfta opp og hylla den norske bondekulturen, som han sette opp mot bykultur og embetsmannskultur. Men han blir òg sedd som ein forsvarar for det språklege mangfaldet og for folks høve til å nytte sitt eige språk i tekst så vel som tale dei kunne med det uttrykkje kjenslene og ønska sine slik dei var vane med å seie det, utan å lære seg eit anna språk først. På den måten fekk folk betre sjølvkjensle, noko han såg på som ein føresetnad for å gjere seg gjeldande i samfunnet. Dette er eit brennande argument for språkarbeid i vår tid, med undertrykte nasjonar og språklege minoritetar som prøver å frigjere seg og etablere sine eige samfunn. I 1996 var det eit offisielt «Ivar Aasen-år». Det var hundre år etter at han døydde. Noko makabert, kan ein kanskje seie, men like fullt verd ei markering. Oppslutninga om det oversteig alle forventningar, og det er tankevekkjande når ein ser på haldningar til nynorsk rundt om i landet. Dei er ikkje udelt positive overalt. Grunnen til den store oppslutninga kunne vere at merksemda på nærkultur og tradisjonar har fått eit oppsving i dei seinare åra. Nynorsk representerar det opphavlege norske, og er dermed eit nasjonalt språkleg kjennemerke. Det har også vore motstand mot den påverkinga engelsk har hatt på det norske språket. Generelt kan ein seie at dei store, men få mektige nasjonalspråka eller «statsspråka», har trengt til side mindre språk, med ein omfattande språkdød som følgje. Folk vil behalde dei opphavlege språka sine, også om det ikkje er mange som bruker dei. Dessutan er det demokratiske prinsippet, at folk får delta i samfunnet på eigne språklege premissar, ein viktig bit i denne samanhengen. Hadde Ivar Aasen fått oppleve denne markeringa av seg sjølv og arbeidet sitt, ville han nok ha mislikt det intenst. Han skydde offentleg merksemd, talte aldri til folk, og ville ikkje late seg fotografere. Men han står klippefast i folks medvit som nynorskens far, og mange er veldig takksame for det! Det har gitt Noreg ein unik språksituasjon, med to offisielle skriftspråk så nære kvarandre.