Voss kommune Dykkar ref. Vår ref. Dato 14/1008-33/KES 23. april 2019 Tre vegnamnsaker i Voss kommune. Tilråding. Me syner til to brev som i Voss kommune skreiv til stadnamntenesta i Språkrådet 4. og 11. mars i år. Så langt me kan sjå, er det tilrådeleg å nytta Eideshagevegen som namn på den gjennomgangsvegen som går forbi idrottsanlegget Eideshagen. I staden for Seimsgrend(i) bør kommunen nytta Seimsgrendvegen som namn på den vegen som går gjennom Flagateigane og ned til garden Seim. (Namnet Seimsgrend(i) er ikkje dekkjande for heile vegparsellen.) Me finn det ikkje tilrådeleg å gi vegen som går forbi dei øvste tuna på garden Nesheim i Myrkdalen, namnet Nesheimsgrend(i). Ordet grend (f.) er ikkje nytta som nemning i den lokale munnlege språktradisjonen, og det bør ikkje lagast nye namn som har etterlekk av dette ordet. (Namna Seimsgrend og Reimegrend vart tekne i bruk som stasjonsnamn (stoppestadnamn) for om lag hundre år sidan og må seiast å vera to ganske innarbeidde namn.) Det vil vera naturleg å la vegen på Nesheim få eit namn som er avleidd av gardsnamnet, men sidan Nesheimsvegen no ikkje kan nyttast lenger som namn her, bør ein sjå om det kan finnast ei anna nemning enn ordet veg (m.) som kan leggjast til grunn for etterlekken i namnet. Ordet gote f. = køyre- veg finst i ein del nedarva namn i Voss kommune, blant anna i namnet Blomgòta («Blommgåto») som Kåre O. Kyte registrerte på garden Nesheim i 1952. (Sjå den hovudoppgåva om stadnamn i Myrkdalen som Kyte skreiv det året.) Kommunen bør vurdera om vegen på Nesheim kan gjevast namnet Nesheimsgotene. Det er mogleg at Nesheimsbrekkene òg er eit brukande alternativ til namn på denne vegen. Med helsing frå Gunnstein Akselberg stadnamnkonsulent Daniel Ims seksjonssjef Kjell Erik Steinbru rådgjevar Brevet er elektronisk godkjent og blir sendt utan underskrifter. Postadresse Besøksadresse Sentralbord E-post Organisasjonsnummer Postboks 1573 Vika NO-0118 Oslo Observatoriegata 1 B NO-0254 Oslo +47 22 54 19 50 post@sprakradet.no Internett www.språkrådet.no 971 527 404
Mottakar: Voss kommune Kopi til: Kartverket Bergen Side 2 av 2
Fra: Sendt: 6. mars 2019 13:26 Til: Emne: 'kjell.erik.steinbru@sprakradet.no' Endring av adressenamn i Voss kommune Hei Jf. e-post under, dat 04.03.2019, vedkomande forslag til adressenamn. Vi ber dykk også vurdera Eideshagevegen som alternativ til Eideshagen. Med venleg helsing Voss kommune-tekniske tenester Plan og oppmåling Postboks 145, 5701 Voss tel..56 52 32 63 Fra: Sendt: måndag 4. mars 2019 13:28 Til: 'kjell.erik.steinbru@sprakradet.no' <kjell.erik.steinbru@sprakradet.no> Emne: Endring av adressenamn i Voss kommune Hei I samanheng med samanslåing i 2020 av Voss kommune og Granvin herad, er det vedtatt at fylgjande adressenamn i Voss kommune må endrast: Eidesvegen; Nesheimsvegen og Seimsvegen Forslag til nye adressenamn: - Seimsgrendi/ Seimsgrend - Eideshagen - Nesheimsgrendi/ Nesheimsgrend Vi ber om dykkar vurdering på dette som tidlegare er sendt til aktuelle partane til uttale. Vedlegg er innkomne merknader frå partar. Vi ber om rask handsaming viss det er mogleg. Med venleg helsing
Voss kommune-tekniske tenester Plan og oppmåling Postboks 145, 5701 Voss tel..56 52 32 63
Fra: Kjell Erik Steinbru <kjell.erik.steinbru@sprakradet.no> Sendt: 23. april 2019 09:32 Til: Emne: 14/1008-33 Voss kommune - endring av adressenamna Eidesvegen, Nesheimsvegen og Seimsvegen - tilråding Vedlegg: Voss kommune endring av adressenamna Eidesvegen, Nesheimsvegen og Seimsvegen tilråding (130.docx.pdf Oppfølgingsflagg: Status for flagg: Følg opp Flagget Se vedlagte saksdokumenter. Sjå dei vedlagde saksdokumenta.