Rettleiing til Kartlegging 1

Like dokumenter
Kari Kolbjørnsen Bjerke. Kartlegging 1. Bokmål

Veiledning til Kartlegging 1

Veiledning til kartlegging 1

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Veiledning til Kartlegging 2

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

mmm...med SMAK på timeplanen

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Samansette tekster og Sjanger og stil

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Halvårsplan i norsk 2. trinn HAUST Nynorsk

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Valdres vidaregåande skule

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015


JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Etter å ha arbeidd med oppslaget skal eleven kunne fortelje om eigne opplevingar og erfaringar med tid stille spørsmål til ytringar frå andre

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.


Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Kva er økologisk matproduksjon?

Kom skal vi klippe sauen

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Klepp kommune Tu skule

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Veiledning til oppstartprøve

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Til deg som bur i fosterheim år

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Brødsbrytelsen - Nattverden

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Lærarar: Elin Fredheim, Merete Moen, Oddbjørg Fretland Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering. Elevbok A s Arbeidsbok A s.

«Ny Giv» med gjetarhund

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

FANTASTISK FORTELJING

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Halvårsplan i norsk 2. trinn VÅR Nynorsk

Vi lærer om respekt og likestilling

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Informasjon til elevane

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Kåre Kverndokken 1-2 LESE- OG SKRIVESTART

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 35 Vakre vekstar. 2t pr. veke i 4 veker

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Veiledning til kartlegging 2

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Jon Fosse. For seint. Libretto

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

I N N H O L D. Forord

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Veiledning til Kartlegging 2

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Veiledning til Kartlegging 1

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Transkript:

Kari Kolbjørnsen Bjerke Rettleiing til Kartlegging 1 Nynorsk

Introduksjon I kartleggingsmateriellet til Salto ønskjer vi at du skal få eit samansett bilete av kva ferdigheiter eleven har i lesing og skriving, slik at du kan byggje vidare på desse undervegs i skuleåret. Kartlegging 1 kartlegg om eleven kan stave ord og lese og forstå ord og setningar. Det blir òg kartlagt om eleven kan lese og tolke korte tekstar. Prøva gir ein peikepinn på kva lesenivå det kan vere tenleg å begynne på for den enkelte eleven. Du finn òg konkrete forslag til korleis du kan hjelpe eleven vidare i utviklinga. I all kartlegging er målet å fremje læring og utvikling. Eit kartleggingsverktøy vil aldri kunne gi eit heilskapleg bilete av lese- og skriveferdigheitene. Informasjonen kartlegginga gir, bør alltid supplerast med observasjonar læraren gjer i andre situasjonar, og bakgrunnsinformasjon frå føresette om for eksempel syn og høyrsel. Gjennomføring Kartlegging 1 er ei kvalitativ kartlegging med ein individuell del og ein gruppedel. Den individuelle delen (del 1) skal eleven gjere på tomannshand med læraren. Den individuelle delen består av ein lesetekst som eleven skal lese. Eleven skal ikkje hjelpast undervegs. Du skal berre gi instruksjonar og ta eventuelle notat om eleven si leseåtferd. Vi foreslår at gruppedelen (del 2) blir gjennomført i ei lita gruppe, slik at det er mogleg for deg å følgje med på om elevane har forstått oppgåva, og eventuelt gi hjelp viss det ikkje er tilfelle. Bruk god tid på å forklare oppgåvene. Syt for at du er sikker på at elevane har forstått kva som skal gjerast. Elevane bør oppfordrast til å prøve å svare på oppgåvene sjølv om dei er i tvil. Gruppedelen tek ca. 50 60 minutt å gjennomføre. Vi tilrår at du bruker Salto Smart Vurdering i registreringa av prøveresultata. Dersom du ikkje ønskjer det, bør du bruke registreringsskjemaet som høyrer til denne lærarrettleiinga. På side 6 i rettleiinga finn du ei konkret vurderingsrettleiing innanfor dei tre hovudområda i kartlegginga: skriving, avkoding og leseforståing. 2

Rettleiing for gjennomføring Del 1 Individuell del I denne delen skal elevane lese ein lesetekst høgt for deg, individuelt. Leseteksten er delt inn i dei to lesenivåa i Salto 3: måne og sol. Sjå og høyr etter: Eventuelle feil som eleven gjer, gir deg verdifull informasjon om eleven sine lese- og skriveferdigheiter, og korleis du kan hjelpe eleven vidare. Legg merke til om eleven bruker illustrasjonane som støtte for å føregripe innhaldet i teksten og leite etter ei meining mens han eller ho les. -teksten kartlegg om eleven kan lese korte og enkle setningar. -teksten kartlegg om eleven kan lese lengre og meir komplekse setningar som går over fleire linjer. Slik gjer du: Be eleven ta eit superblikk på sidene, begynn med -teksten. Kva ser du på illustrasjonen? Kva fortel overskrifta? Kva trur du teksten kjem til å handle om? Fortel eleven kva som skal skje: No vil eg at du skal lese teksten for meg. Viss det er nokre ord du synest er vanskelege å lese, les du det du trur står der. Les roleg, éi setning om gongen. Dersom eleven bruker mykje krefter, stoppar du etter denne teksten, alternativt etter andre avsnitt. Dersom eleven fint klarer å lese teksten, går du vidare til -teksten. Når eleven har lese heile teksten, stiller du spørsmåla nedanfor. Elevar som berre har lese -teksten, får spørsmåla etter denne. Elevar som har lese begge tekstane, får spørsmåla etter -teksten. Eleven kan finne svar i teksten dersom han eller ho har behov for det. : Høyr etter om eleven les og uttalar alle bokstavane i ordet tydeleg. Lyderer eleven alle eller nokre av orda (for eksempel bevegar, smidig, sølvrygg), eller les han/ho fleire av orda som heilord, utan å lydere (for eksempel ser, frå, henne, vesle)? Legg òg merke til kor fort eleven les. Høyrest det ut som om eleven forstår det han/ho les ut frå tonefall og bruk av skiljeteikn? Legg merke til om eleven bruker illustrasjonane som støtte for å føregripe innhaldet i teksten og leite etter meining mens han/ho les, og for å svare på spørsmåla. : Denne teksten har fleire ord som kan vere utfordrande å lese (for eksempel savannen, sjiraffane, fôringstid, høgreiste). Legg merke til om eleven stoppar opp ved desse orda. Les eleven delar av eller heile ordet fleire gonger, eller les han/ho orda utan å lydere i det heile teke? Legg merke til om eleven bruker illustrasjonane som støtte for å føregripe innhaldet i teksten, og for å svare på spørsmåla. Legg òg merke til om eleven dreg slutningar og reflekterer over det han/ho har lese. Spørsmål etter lesing: : Kva handlar teksten om? Kven er Chima? Kva gjer gorillamamma med Chima? Kven er sølvgorillaen? : Kva handlar teksten om? Kva skjer med solbrillene til mannen? Kvifor går sjiraffane alltid i flokk når dei skal drikke? Vi tilrår at du bruker Salto Smart Vurdering mens eleven les. Dersom du ikkje ønskjer det, bør du bruke noteringsskjemaet på side 8 i denne lærarrettleiinga. 3

Del 2 Gruppedel Prøveområde 1: Skriving Oppgåve 1: Skrive ord Del 2 1 Skriv orda. eleven kan skrive ord utan biletstøtte. Orda i oppgåva er ikkje-lydrette ord som for eksempel konsonantforbindelsar, diftongar, dobbel konsonant, samansette grafem (-ng, -rn) og stumme lydar. Slik gjer du: No skal eg seie åtte ord som du skal skrive på Gruppedel 5 linjene, eitt ord på kvar linje. Først seier eg ei setning med ordet, så gjentek eg ordet som skal skrivast. Den første setninga er: «Trine fekk eit plaster på såret. Skriv plaster.» Mads hadde håpa at han vann. Skriv vann. Kven har teke blyanten min? Skriv kven. Pia såg ei gaupe. Skriv gaupe. Lisa hoppa strikk. Skriv strikk. Anders klarte ikkje å tenkje. Skriv ikkje. Kan du hjelpe meg? Skriv hjelpe. Trym sprang fort. Skriv sprang. Prøveområde 2: Avkoding Oppgåve 2: Lese ord 2 Les ordet og set kryss på same ord. skog okse sko skog skrog song stong gong song tong fest vest flest best fest saks flaks straks seks saks stol stål stol stolt stor vesker veske vaskar vesker esker eleven meistrar å lese eit ord og finne det igjen mellom fire andre ord som er visuelt like ordet. Orda som skal gjenkjennast, er skog, song, fest, saks, stol, vesker, borg og skattar. borg bord bror borg torg Slik gjer du: Peik på den skattar skattar kattar skatt skrattar første oppgåva og sei: Her ser du eit ord. No skal Gruppedel 6 du setje kryss på det ordet som er likt. La elevane gjere første oppgåve og kontroller at dei har forstått oppgåva. Så let du elevane gjere resten av oppgåvene i eige tempo. Stopp etter tre minutt dersom ikkje alle er ferdige. 3 Set strek mellom orda. m å l e b o k s a k s e p l e f e m s k o g r i s h o i k kj e l y s f l y ø v e r k a k a o m e d k r e m b u s s h a l d e p l a s s u t e h e r v i l a l l e k a n e g k o p p h u s k a t t e g h a r g r i s Oppgåve 3: Lese ord eleven meistrar å gjenkjenne rotord i ei ordkjede. Slik gjer du: Peik på eksempeloppgåva og sei: Her ser e l l e r f r å d e g p e n n i n n e l y k t m a n n b o k h o p p e b i l g r u s k o m a l l e t i l e t t e r v a s e h e s t r i n g du at det står ei ordkjede. d a g m å n e v i n t e r k r o n e i s j a k k e e t t e r b l i m e g Det er sett ein strek mellom dei tre orda i ordkjeda: måle, bok og saks. No skal du gjere Gruppedel 7 det same med resten av oppgåvene. I kvar oppgåve er det tre ord du skal setje ein strek mellom. La elevane gjere resten av oppgåvene i eige tempo. Gå vidare når alle elevane er ferdige, eller når det har gått fem minutt. Prøveområde 3: Leseforståing Oppgåve 4: Lese setningar 4 Les setningane og set kryss på biletet som høyrer til. Gorillaen som har sølvrygg, er leiaren i flokken. elevane kan lese setningar og kople dei til rett bilete. Slik gjer du: Peik på første Gorillababyen Chima blei fødd i august. oppgåva og sei: Her ser du ei setning og tre illustrasjonar. Du skal lese setninga og setje Gorillaen har sterke armar. kryss på den illustrasjonen som høyrer til setninga. Sjå godt på alle illustrasjonane før du set krysset. Vis eleven Gruppedel 8 at oppgåva går over to sider. La eleven gjere oppgåvene i eige tempo. Gå vidare når alle elevane er ferdige, eller når det har gått fem minutt. 5 Les teksten og svar på spørsmåla. BLI BETRE KJEND MED DYRA Bli med når dyrepassarane skal gi dyra mat. Dyrepassarane fortel om dyra og livet i dyrehagen. Vi lovar deg ei oppleving du aldri vil gløyme! Presentasjon Sjiraffar... 11:00 Tidspunkt Sibirsk tiger... 11:00* Løve... 12:15 Gepard... 14:00 15:00 Krypdyr... 12:30 Sjimpansar... 10:30 Lemur... 12:00* (vêravhengig) Orangutang... 14:00 Surikat... 16:00 Gaupe... 13:00* Geit og gris... 11:00 13:00 17:00 Jerv... 16:00 Oter... 16:30 Alle presentasjonar varer i 30 minutt. * Varer berre i 15 minutt. Gruppedel 10 Oppgåve 5: Lese tekst elevane kan lese ein tekst og vise at dei forstår det som står der, og om dei kan dra slutningar baserte på opplysningane dei får. Slik gjer du: Peik på oppgåva og sei: Denne oppgåva har ein forteljande tekst og ein tabell på den eine sida, og oppgåver på neste side. 4

Til kvar oppgåve er det eit spørsmål med tre svaralternativ. Vis elevane oppgåvene og svaralternativa på side 11. Les over teksten først, så svarar du på oppgåvene. Du skal setje ring rundt det svaret du trur er rett. Du må leite i tabellen for å finne svaret. Bruk tabellen og det du veit frå før, for å svare. La elevane gjere oppgåvene i sitt eige tempo. Gå vidare når alle elevane er ferdige, eller når det har gått ti minutt. 7 Les teksten og svar på spørsmåla. Låglandstapir Låglandstapiren er mørkebrun med ein kort hale og ei sort man som går frå hovudet bakover mot ryggen. Han har korte og sterke bein. Nasen er som ein snabel. Tapiren bruker nasen for å gripe tak i blad, skot og greiner. Tapiren ser dårleg, men har god høyrsel og luktesans. Luktesansen bruker han til å finne mat og til å finne andre tapirar i paringstida. Om dagen gøymer tapiren seg i skog og kratt, og om natta går han ut for å ete. Den store kroppen gjer at han lett kjem seg fram i regnskogen. Tapiren er ein veldig god symjar og dykkar og kan halde pusten i opp til 20 minutt. Viss tapiren blir skremd, spring han anten ned i vatnet eller inn i krattet, der rovdyra ikkje klarer å følgje etter. Tapirane er gode til å springe og klatre. Oppgåve 7: Lese tekst elevane kan lese ein tekst og vise at dei forstår det som står der, og om dei kan dra slutningar basterte på opplysningar dei får. 6 Les teksten og svar på spørsmåla. Løvenes herre Finn Bergli (25) er dyrepassar i Salto Zoo. Korleis blir ein dyrepassar? Eg har gått på skule for å bli dyrepassar. Der har eg lært om ulike dyr og kva dei treng av mat, leik og stell. Kva gjer ein dyrepasser? Eg syter for at dyra får mat og stell. Men eg må òg leike med dyra. Dei fleste dyra er ville artar. Dei er ikkje skapte for å vere i ein dyrepark. Då treng dei mykje aktivitet for å trivast. Kvifor blei du dyrepassar? Først og fremst fordi eg er veldig glad i dyr. Eg er oppteken av at dyr skal trivast. Er du ikkje redd for dyra? Oppgåve 6: Lese tekst elevane kan lese ein tekst og vise at dei forstår det som står der og kan dra slutningar baserte på opplysningane dei får. Dyra kjenner meg, og eg kjenner dei. Eg er ikkje redd for dei. Vi har veldig strenge reglar for Slik gjer du: Peik på oppgåva kva eg kan gjere og ikkje gjere. Så lenge eg følgjer dei, er eg trygg. og sei: Denne oppgåva Eg synest eg har den beste jobben i verda, for i Salto Zoo er ingen dagar like. består av ein tekst og Gruppedel 12 oppgåver. Til kvar oppgåve er det eit spørsmål med tre svaralternativ. Vis elevane oppgåvene og svaralternativa på side 13. Les teksten og oppgåvene. Du skal setje ring rundt det svaret du trur er rett. Det kan hende du må gå tilbake i teksten og leite for å finne svaret. Kanskje står ikkje svaret i teksten, men du må bruke det du veit frå før, og tenkje sjølv. La elevane gjere oppgåvene i sitt eige tempo. Gå vidare når alle elevane er ferdige, eller når det har gått ti minutt. Menneske jaktar på tapiren for både skinnet og kjøtet. Det er lett for jegerar å følgje stiane han lagar. Slik gjer du: Peik på oppgåva og sei: Denne oppgåva har ein tekst på den eine sida og Gruppedel 14 oppgåver på neste side. Til kvar oppgåve er det eit spørsmål med tre svaralternativ. Vis elevane oppgåvene og svaralternativa på side 15. Les teksten først, så svarar du på oppgåvene. Du skal setje ring rundt det svaret du trur er rett. Det kan hende du må gå tilbake i teksten og leite for å finne svaret. Kanskje står ikkje svaret i teksten, men du må bruke det du veit frå før og tenkje sjølv. La elevane gjere oppgåvene i sitt eige tempo. Gå vidare når alle elevane er ferdige, eller når det har gått ti minutt. 5

Vurderingsrettleiing Skriving (Oppgåve 1) Elevane si skriveferdigheit kan gi oss mykje informasjon om kor langt dei er komne i leseutviklinga. På 3. steg bør alle elevar skrive bokstavane rett. Spegelvending på dette stadiet er eit teikn på at bokstaven ikkje er automatisert. Dersom eleven har spegelvend enkelte bokstavar, skal oppgåva registrerast som feil. Det er òg verdt å leggje merke til om eleven skriv med store og/eller små bokstavar, om bokstavane er like høge, og om dei står rett på linja. Dersom eleven har skrive eit ord feil, bør du merkje deg feiltypen. Har eleven utelate eller stokka bokstavar, eller er det ein rettskrivingsregel eleven ikkje meistrar? I elevbøkene til Salto 3 møter elevane ulike rettskrivingsemne. Mange elevar har behov for mykje repetisjon av rettskrivingsemna. I steg 3 i Saltos lesemetodikk får elevane høve til å repetere rettskrivingsreglane og identifisere ord som blir skrivne på ein annan måte enn vi uttalar dei. I lærarbøkene finn du forslag til aktivitetar som høyrer til rettskrivingsemna i kvart kapittel. I arbeidsbøkene får elevane høve til å trene på oppgåver som knyter seg til rettskrivingsemnet i kvart kapittel. Med Salto Smart Tavle kan du finne rettskrivingsord til kvart kapittel og gjere ulike aktivitetar som er knytte til desse. I øverommet finn elevane oppgåver til kvart rettskrivingsemne. Desse oppgåvene er opne for alle, og kan gjerast heimanfrå. For elevar som har gode skriveferdigheiter, er det fornuftig å gi dei utfordrande og meiningsfulle skriveoppgåver. I lærarbøkene finn du forslag til skriveoppgåver som knyter seg til dei nivådelte lesetekstane. Mange elevar vil ha utbytte av å bruke datamaskin til å skrive tekstar. På steg 3 i Saltos lesemetodikk tilrår vi at du stoppar opp ved ord som blir skrivne annleis enn vi uttalar dei, og let elevane gi eksempel på andre ord som blir skrivne på same måten, for eksempel ved å skrive lister. Avkoding (Oppgåve 2 og 3) Oppgåvene i dette hovudområdet kartlegg i kva grad elevane meistrar lyderingsprinsippet og om dei har bevega seg over til ortografisk lesing, altså om dei les ord som heilord. Ved feil i oppgåve 2 kan eleven ha blanda enkelte av orda, anten fordi han/ho har gjetta og ikkje bruker lyderingsprinsippet for å finne rett svaralternativ, eller fordi han/ho har vore unøyaktig i lesinga. Få gjennomførte oppgåver i oppgåve 3 kan tyde på at eleven framleis bruker lydering som hovudstrategi og ikkje klarer å identifisere rotorda som heilord (eple-femsko), og at avkodinga difor går tregt. Mange feil i denne oppgåva tyder òg på at eleven er usikker på lyderingsprinsippet og gjettar i staden for at han/ho identifiserer orda som heilord. Dersom eleven har klart å gjere svært mange, eller alle, oppgåvene rett, kan det tyde på at eleven har nådd eit ortografisk lesenivå. For elevar som strevar med desse oppgåvene, tilrår vi at du på steg 2 og 3 i Saltos lesemetodikk tydeleg modellerer lyderingsprinsippet, og at du stadig tydeleggjer forbindelsen mellom språklyd og bokstav(ar). I steg 3 i Saltos lesemetodikk er det fornuftig å rette fokus mot forma på orda, for eksempel ved å fokusere på uttale og automatisering av ord med konsonantforbindelsar (dr, pl, skr) og samansette grafem (kj, sk, ng). I tillegg kan du gjere elevane merksame på enkle reglar for skriving av ikkje-lydrette ord, for eksempel ord som blir skrivne med o for å, e for æ, osv. Med Salto Smart Tavle kan du bruke biletbanken og dra ut bilete og ord i Tavlerommet. Dersom du er sikker på at eleven meistrar lyderingsprinsippet, kan du òg la eleven øve intensivt med repetert lesing av høgfrekvente ord. Ordbilete og forslag til aktivitetar finst som kopioriginalar på Lærarrommet. I lærarbøkene finn du forslag til aktivitetar som trenar lesing av høgfrekvente ord. I Tavlerommet med Salto Smart Tavle finn du ordkort og aktivitetar med høgfrekvente ord. Også elevar som har gode avkodingsferdigheiter vil ha nytte av å øve med repetert lesing av høgfrekvente ord. Ordbilete og forslag til aktivitetar finst som kopioriginalar på Lærarrommet. I lærarbøkene finn du forslag til aktivitetar som trenar lesing av høgfrekvente ord. I Tavlerommet til Salto Smart Tavle finn du ordkort og aktivitetar med høgfrekvente ord. På steg 4 i Saltos lesemetodikk kan desse elevane med fordel øve på å lese teksten med eit normalt lesetempo og passande tonefall. Leseforståing (Oppgåve 4 7) Oppgåvene i dette hovudområdet kartlegg i kva grad elevane forstår det dei les i teksten. Oppgåve 5 7 kartlegg òg om elevane er i stand til å tolke det dei har lese og dra slutningar. Ved feil i oppgåvene kan elevane ha gjetta, vore unøyaktige i lesinga eller vore usikre på korleis han/ho skal dra slutningar. For å trene leseforståing tilrår vi at du ved lesing av tekstar bruker god tid på illustrasjonane og til å reflektere omkring tekstane før og under lesinga. Bruk gjerne ordforklaringane nedst på sidene som utangspunkt for samtalar om lesetekstane. Gi rom for at elevane kan kome med spørsmål og synspunkt rundt det dei har lese. I elevbøkene blir elevane kjende med Saltos lure leseknep og omgrepet «ta SALTO!». Ved hjelp av dette vil elevane få gode strategiar til å lese og forstå nye tekstar. Med Salto Smart Tavle kan du bruke biletbanken i Tavlerommet. 6

Her kan du dra ut bilete og bokstavar og øve på å kople ord, setningar og bilete. I Tavlerommet er det òg éi eller fleire oppgåver til kvart kapittel som trenar leseforståinga. Dersom du ikkje ønskjer å bruke Salto Smart Vurdering, kan du bruke registreringsskjemaet på side 9. Der står poenggrensene mellom dei to lesenivåa i parentes. Basert på poenga og det du elles veit om eleven, gjer du ei vurdering av kva for eit lesenivå du trur vil passe for han eller henne. Leseforståinga er ei ferdigheit som stadig kan vidareutviklast. For elevar som viser god leseforståing, tilrår vi at du både før, under og etter lesinga gir elevane høve til å svare på spørsmål som går ut over teksten og inn i eleven sitt indre, såkalla autentiske spørsmål. I tillegg til å bruke Saltos lure leseknep får elevane, gjennom arbeid med tekstane i elevboka, trening i mellom anna å dra slutningar og å lage oppsummeringar. Dei får òg trening i å reflektere over det dei har lese, saman med andre, men òg kva for strategiar dei brukte for å forstå og få oversikt over teksten. Lesenivå Dersom du gjer deg nytte av Salto Smart Vurdering, vil tilråding til lesenivå kome i rapporten til kvar enkelt elev. Her gir vi forslag til lesenivåa elevane kan begynne på i elevboka. Forslaga er baserte på kva elevane har fått til i dei ulike delområda i kartlegginga. Til sjuande og sist er det du som lærar som må gjere ei vurdering av kva for eit lesenivå du trur vil passe eleven, basert på kartlegginga og det du elles veit om ferdigheitene til eleven. Vi tilrår at elevane startar på det lesenivået kartleggingsresultata viser, og at lesenivået blir justert om nødvendig. Dersom du ikkje ønskjer å bruke Salto Smart Vurdering, kan du bruke registreringsskjemaet på side 9. Der står poenggrensene mellom dei to lesenivåa i parentes. Basert på poenga og det du elles veit om eleven, gjer du ei vurdering av kva for eit lesenivå du trur vil passe han eller henne. : Eleven skriv fleire ord rett, men har ikkje god nok kjennskap til rettskrivingsreglane. Eleven meistrar lyderingsprinsippet og lesing av enkelte heilord, men har framleis behov for mykje trening. Eleven kan avkode lengre tekstar, men strevar med å finne informasjon og dra slutningar. : Eleven skriv dei fleste ord rett og har god kjennskap til rettskrivingsreglane. Eleven les på eit ortografisk lesenivå. Eleven les lengre tekstar, finn informasjon og dreg slutningar. Eleven les nøyaktig, i eit passande tempo. Han eller ho les med innleving og bruker skiljeteikn for å understøtte bodskapen i teksten. 7

Noteringsskjema til del 1 Eleven sitt namn: Dato: Eleven les teksten høgt. Noter eller marker ord som eventuelt kan lesast feil i teksten, og korleis orda blir lesne. Noter òg andre relevante opplysningar om lesesituasjonen, som for eksempel om eleven gjettar eller søkjer støtte i omgivnadene. Del 1 Kommentarar: Gorilla gorilla Tora ser på dei store, svarte dyra. Gorillamamma bevegar seg smidig. Kroppen svingar frå side til side. Gorillababyen klamrar seg fast bakpå ryggen. Hannen med sølvrygg følgjer nøye med. Dette er vesle Chima, seier dyrepassaren. Gorillamammaen legg seg på ryggen og kastar den vesle ungen opp i lufta. Gorillamamma kosebit ungen på tærne og kitlar henne på magen. Eigentlig er dei ganske like oss, seier Tora. Tante Trine nikkar. Sølvgorillaen slår seg på brystet. Tora gjer det same. Sølvgorillaen stoppar eit augeblikk. Så tek han springfart og slengjer seg mot glaset så det dundrar. Ganske like, seier tante Trine. Og veldig ulike! Les eleven nokre heilord? Uttalar eleven alle bokstavane? Les eleven utan å blande eller stokke bokstavane? Les eleven utan å gjette eller nøle? Les eleven utan å lese inni seg først? Bruker eleven illustrasjonane for å dra slutningar? Har eleven forstått teksten? Individuell del 2 Frekk sjiraff Tora og tante Trine nærmar seg savannen. Der går sjiraffane. Det er staselege dyr. Tora synest dei liknar på ballettdansarar. Dei går roleg med éin fot om gongen og har halsen strekt høgt i vêret. Visste du at sjiraffen er det dyret som har størst hjarte? spør tante Trine. Tora ristar på hovudet. Niks. Men no veit eg det. Det er fôringstid på savannen. Dyrepassarane lokkar sjiraffane bort til seg, så tilskodarane får sett dei på nært hald. Dei høgreiste dyra kikkar nysgjerrig over kanten. Tora skvett når ho ser kor store dei er. Éin av sjiraffane bøyer seg over kanten og snusar ivrig på bleia til ein liten gut. På tide å skifte bleia snart! ler dyrepassaren. Les eleven nokre heilord? Uttalar eleven alle bokstavane? Les eleven utan å blande eller stokke bokstavane? Les eleven utan å gjette eller nøle? Les eleven utan å lese inni seg først? Bruker eleven illustrasjonane for å dra slutningar? Har eleven forstått teksten? Kommentarar: Individuell del 3 8

Registreringsskjema til del 2 Namn Skriving Avkoding Leseforståing 1 (5/8) Sum 2 (6/8) 3 (14/18) Sum (20/26) 4 (4/6) 5 (2/4) 6 (2/4) 7 (2/4) Sum (10/18) 9