SYNSTE MØRE TORSDAG 12. MARS 2009



Like dokumenter
3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Til deg som bur i fosterheim år

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

MEDLEMSINFO. august 2009

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Jon Fosse. For seint. Libretto

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Barn hjelper Barn ein miniputt kan gjere stor skilnad. Ei oppsummering av tiltak som miniputtane har vore med på i

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min


Minnebok. Minnebok NYNORSK

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5


Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsbrev for Rosa september 2014

6. trinn. Veke 24 Navn:

OK, seier Hilde og låser.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Frå kl var det orientering og omvising på Myklebust skule. Deretter orientering og omvising på Syvdetun.

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Informasjon til elevane

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

INFORMASJON om førestellinga:

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Brukarrettleiing E-post lesar

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Refleksjon og skriving

mmm...med SMAK på timeplanen

Kommunestyre- og fylkestingsvalget 2019

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato: Møtet tok til 08:00 Møtet slutta 11:55.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

FANTASTISK FORTELJING

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Info til barn og unge

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

UTGIVELSESDAGAR AVIS. Motta korrektur på mail, godkjenn for trykk eller korriger evt. feil.

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

No sprett knuppane og sevja stig

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Valdres vidaregåande skule

Transkript:

1 Varmepumper Ring 700 23990 6143 Fiskåbygd TORSDAG 12 MARS 2009 NR 11 ÅRGANG 40 DENNE VEKA Markerte opning av ungdomshus Ordførar Jan Helgøy, her assitert av Inger Lise Aaland og Kristoffer Martin Sætre opna fredag den nye ungdomsklubben i den tidlegare veterinærbustaden på Fiskå. SIDE 8 Sommarskule? Sommarskule er kjent mellom anna frå Oslo-skulen. No kan det bli ein realitet også i Vanylven. Tysdag vart kommunestyret orientert av rektor for tiltaket i hovudstaden. SIDE 15 På grunn Søndagsmorgonen klokka 09.00 skjedde det: Bilferja Kvam på veg frå Voksa kom ikkje inn i ferjeleiet på Åram, men enda i staden i fjøresteinane. Ein kommisjon skal no granske uhellet. SIDE 5 FOTO: Ole Magne Kvalsvik Skammeleg skadeverk Martin Sekkingstad i Syltefjorden fortvilar. Det er fjerde gongen han oppver at ubedne gjestar tek seg inn i naustet og forsyner seg med bensin. At det nyleg er montert godt lås på døra, har ikkje hindra tjuvane i å bryte seg inn, kutte slangen og ta med seg heile bensintanken. Du og du kor smått. Dei må ha det fatigt, seier Sekkingstad. SIDE 14 www.synste.no Lat oss teste synet ditt! Nakkekotelettar Gilde, frosne, pr. kg 30 00 Appelsin/banan plukk & miks 12 90 PERIODISK KØYRETY- KONTROLL Godt vi har kvarandre Tinging av time: 70 07 70 19 Autorisert verkstad Tlf 57 85 65 45

FØDDE 2 HELSINGAR Molde sykehus: Den 28. februar kom endeleg Ihne og Christoffer sin etterlengta lillebror til verden. Jonas vog 3670 g og var 51 cm lang. Stolte og lykkelege foreldre Bodil og Ole André Hånes Volda sjukehus: 6. mars: Ein gut, Nina Lilleide Prozenko og Rolf Kristian Vik, Fiskåbygd GIFTARMÅL Vi gifter oss i Svalbard kirke 20. mars. Festen er på Spitzbergen Hotell. Gunn Veronika Brudevoll og Kjell Arne Bakken Vi vil gratulere vår kjære Cassandra Løvold med 10 årsdagen som er i morgon den13. mars. Vi er veldig glad i deg! Kos og klem fra Mailen, Mariette, mamma og pappa. Bestemor og Gunnar vil også gratulere gull jenta si. Celine Constance Endal Gratulere så masse med 13-års dagen din, som var i går den 11. mars. Vi er utruleg stolte av deg vennen vår!:) Kjempe glad i deg!:) Klem frå mamma, Johan og Stine Jeanette. Resten av familien helsar også!:) Dagmar Ervik Vidnes Gratulerer so masse med dagen bestemor! Vi er kjempeglade for å ha en sånn sporty og sprudlende bestemor som deg. Mange kosa fra Olaf Andrè og Julianne. Mamma og pappa helsar også Elias Aarflot Go guten vår på Sunde fyller 3 år laurdag 14. mars! Gratulerer med dagen vennen vår! Vi er veldig glad i deg! Stor bursdagsklem frå storesyste Ane, mamma Elin og pappa Øyvind I dag fyller vår kjære Dorthea Hermansen 13 år. Vi gratulerer og ynskjer deg ein strålande dag! Helsing mamma, pappa og Lars-Herman Vi vil gratulere fiskeren og spelemannen, Trygve Koppernes, så mykje med 68 års dagen 17. mars. Håper du får ein kjekk dag! Mange klemmer frå lisje-systå m/fam APROPOS at Magne Sandnes frå Eidså har fått sølvmedalje i si klasse i fotomønstringa UTSNITT 08. Helsingar til spalten til høgre må vi ha hos oss måndag innan kl. 16, den veka den skal på trykk. Det kostar ikkje noko, men hugs å ta med fullt namn på den eller dei det vert helsa til. HJARTELEG TAKK Takk for all kjærleg omsorg, forbøn og praktisk hjelp, for blomar, gåver og helsingar i samband med vår kjære Birgitte s død og gravferd. Takk også for alle gåvene til Birgitte s Minnefond. Eli og Sjur m/fam Hjartans takk for besøk, blomar og gåver på dagen min. Helsing Marie Skår KYRKJA Søndag 15. mars Ingen gudstenster i kyrkjene i Vanylven. Dalsfjord kl. 11.00: Familiegudsteneste. Sokneprest Svein Kvamsdal. Takkoffer. DAKRUKO Leikanger kl. 11.00: Barnas misjonsdag. Toril Lange frå NMS. Selje barnekor, Offer til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt. Onsdag 18.mars Dalsfjord kl. 17.30: Songstund for dei små Søndagsskule Åheim, Sion kl. 11.00 Eldbjørg Halsen 70 år. Vi vil gratulere vår kjære kone, mamma, svigermor, farmor og mormor med 70 års dagen den 17. mars! Det blir feiring og åpent hus på Husmortun lørdag 14. mars fra klokka 16 og utover. Vi gleder oss! Mange bursdagsklemmer fra alle oss som er så glad i deg; Erling, barn, svigerbarn og barnebarn Marit Krakset vi vil gratulere gojenta vår med den store 1-årsdagen 14. mars. Bursdagsklem til lisjemarit frå mamma og pappa :-) Gatelys på Eidså Innbetaling på Rønnestads Eft. eller på konto 3972.61.21862. Nyttar ein konto må ein sende mail til post@trivelegeeidaa.no om kven ein vil utfordre. erthe Løvoll har bet. 200. Liv Inger Arseth har bet. 200. Thorbjørn Blikeng har bet. 200. Siv B. Fagervoll har bet. 200 og utfordrar Torill Nielsen Sandnes og Solfrid Gjerde. Per-Ivar Fagervoll har bet. 200. Svein Terje Fagervoll har bet. 200 og utfordrar Sigvald Marholm og Stian Søvdsnes. Liv Takseth har bet. 200 og utfordrar Ingunn Løvoll Nordal og Berit Kjelstadli. Ellinor Sandnes har bet. 200. KRONERULLING Tor Sæther Gratulerer så mye med 50 år`s dagen din som er den 16. mars. Håper du får en fin dag. Vi er såååå glade i deg alle sammen. Klem fra Trine, Marte, Magnus og Sølvi. Phillip Balslev Kære Phillip, til lykke med din 7 års fødselsdag. Vi håber du får en god fest den 13. mars. knus og kram fra far, mor, Isabella, Nicole, farfar og Liana (som kjem på besøk). Roar Sandnes har bet 200. Bodil Iren Søvdsnes har bet. 200. Randi Johanne Sandnes har bet. 200 og utfordrar Kari Sunde Sandnes og Annbjørg Skar. Sverre Sellevoll har bet. 200 og utfordrar Harald Søvdsnes. Eldar Eikrem har bet. 200. Sølvi Sandnes har bet. 200. Jorid Kolgrov Strand har bet. 200. Herborg Kolgrov har bet. 200. Ragnvald Våge har bet. 200. Kjell Kjellstadli har bet. 200. Petter Sandnes har bet. 200. Inge Sandnes har bet. 200. Edel Sandnes har bet. 200. Svein Sandnes har bet. 200. Eit tips om dette har blitt borte i systemet vårt og vi ringjer ei veke på etterskot. Magne har altså vunne sølv i klassen "Musikk" i den prestisjetunge stormønstringa UTSNITT 08. Gratulerer med prisen og beklagar at vi ikkje alt har vore på tråden, Magne! Takk. Og eg skal vise storsinn og ikkje seie opp abonnementet denne gongen... Då er det vår tur til å takke... Men spøk til side: Kva betyr ein slik pris? Det er alltid hyggjeleg å bli sett pris på og få anerkjenning for det ein gjer. Dessutan gjer naturlegvis slikt til at ein blir litt meir lagt merke til. Mellom anna blir alle premierte bidrag samla i ei bok som blir distribuert til reklamebyrå og liknande institusjonar. Då kan ein kanskje håpe på at fleire merkar seg namnet, noko som igjen kanskje gir seg utslag i fleire og spanande oppdrag. Ja, kva er spanande oppdrag? Kva skal eg seie til det? Eg er altså reklamefotograf og lever av å lage bilete som folk betalar for å få som dei vil. Det er altså ikkje alltid rom for dei store eksperimenta i mykje av det eg driv med til kvardags. Og bevares, slik må det vere. Det biletet eg fekk prisen for, var av ein gjeng som spelar folkemusikk. Eg ekperimenterte med lyset og biletet er mørkt. Eg er ik- kje sikker på om det var det biletet dei ville ha valt om dei skulle kjøpe det for å nytte det i marknadsføringa si - om du forstår? Kva er eit typisk "Magne Sandnes-bilete"? Som eg sa nettopp: Mykje av det eg gjer er ting som er tinga og der rammene er forholdsvis avgrensa. Men når eg står fritt. er det vel helst lyssettinga eg må nemne om det er noko som er spesielt. Vi ser litt kva du meiner i biletet av deg sjølv du har sendt oss. Over til noko heilt anna: Har du nok å gjere? Akkurat no har eg faktisk både nok og vel så det. Men er det ikkje slik då - anten så manglar ein oppdrag eller så er det haugen på. Nokon mellomting finst visst ikkje. Eg skal så visst ikkje klage no. Du opererer frå studio i Bergen? Ja. Men det blir mange turar både hit og dit for å fotografere for kundar. Studioet mitt ligg fint til med utsyn over Lungårdsvann. Vi bur like ved, så det er kort veg til jobben. Nei, eg har det aldeles utmerka. eg. Og no i tillegg med medalje Ja, du må ikkje snakke! Seier Magne - som for nokre år sidan var innom avisa vår som freelancmedarbeidar og som også fleire gonger har hjelpt oss med bilete ved seinare høve. Gratulerer igjen - og lukke til vidare! VIDAR PARR

KINO The Spirit Ubunden lokalavis for Vanylven og dei næraste bygdene. Tema i dag: Vinter 3 Kjem ut på Fiskå kvar torsdag. Redaktør og dagleg leiar: Vidar Parr FRÅ LOFTSGLASET Synste Møre ønskjer å arbeide etter "Vær Varsom"-plakaten sine reglar for god presseskikk. Den som meiner seg utsett for urettmessig avisomtale, vert oppmoda til å ta kontakt med redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. PFU handsamar klager mot pressa i presseetiske spørsmål. Adressa til PFU er: Prinsensgt. 1, Pb 46, Sentrum 0101 Oslo. Telefon 22 41 56 80 Telefax: 22 41 19 80 PÅ TRÅDEN Vipa er komen The Spirit er basert på den legaendariske teikneserien av geniet Will Eisner og har blitt ein stor film denne vinteren med eventyr, action og romantikk og ikkje minst ei stjernespekka rolleliste. Dette er historia om ein tidlagare politimann som vender tilbake etter døden som The Spirit for å kjempe mot kriminalitet i underverda i Central City. Erkeuvenen hans, The Octopus, er ute i eit anna ærend: Han vil øydelegge byen The Sprit er så glad i på jakt etter sin eigen variant av det å bli udøyeleg. The Spirit er på sporet av den kaldbodige drapsmannen. Undervegs møter han naturlegvis mange vakre kvinner. Nokre av dei har skumle planar UTELIV Rune Oshaug til Fiskå laurdag Rune Oshaug (biletet) er ein allsidig trubadur frå Molde. Frå vokalist i bluesbandet BUG til å vere vokalist og gitarist i discobandet Funky Strike, så har Rune mange låtar frå forskjellige sjangrar innan musikkverda. Med meir enn ti års erfaring som trubadur har Rune Oshaug det som trengs for at det alltid blir god stemning der han spelar. Med kassegitar, godt humør og kjende slagerar er stikkorda party og allsong! Slik står det i presseskrivet. laurdag er Oshaug på puben på Fiskå. RETTING Ikkje 30 i år Vi skreiv i førre nummer at den vidaregåande skulen i Syvde har 60 primærsøkjarar til komande år - og det er rett. Derimot har vi misforstått litt når vi skriev at dette er det doble av det skulen har i år. Det var skuleåret 2007/08 at ein var nedi vel 30 elevar. I år (2008/09) er talet vel 50. Det har alstå stige i år og ser ut til å stige meir neste år. Vi lanserer i dag ein ny spalte som vil bli å finne i avisa med litt ujamne mellomrom - og kanskje også på ulike stader i avisa, alt etter som det høver Det er Steinar Slagnes som lagar spalten. Frå loftsglaset i huset på Korsneset sitt har han fanga stemningar i hundretal. Og som vi etter kvart vil sjå - det er ein enorm variasjon ein kan finne frå dette eine punktet og utetter fjorden. Steinar har samla bileta i grupper på tre og sortert dei etter stemningar og årstider. Vi startar med vinterstemninga i dag. Med alle vårteikna som blir rapporterte, kjenner vi på at det hastar! Kasten Velle - han bur på Storeide - er på tråden og kan fortelje at vipa er komen. Eg såg ho i dag, tysdag 10. mars, på myra her framme. Det er nesten eit par veker tidlegare enn eg har sett henne her før om åra. Og det var ikkje berre ei eg såg tre fuglar, seier Velle. Dermed noterer vi endå eit sikkert vårteikn. Han har også lagt merke til at hjortetrekket er i gang, der dyra kjem tilbake frå området nede ved sjøen og dreg innover att. Også dette er tidlegare enn det han har sett før om åra, seier Velle. Farleg veg Eg vil gjerne nemne det eg oppfattar som ei farleg vegstrekning for gåande, spesielt born og eldre, seier Magne Venøy frå Åheim. Eg tenkjer på strekninga frå Tue til sentrum. Det er sjølvsagt spesielt etter det er mørkt at det er farleg. Dette er eit område utan gangveg, og eg har opplevd mange gonger som gåande at bilar som passerer langt frå held fartsgrensa. Ein må gå langt ut i grøfta for å kome seg unna. Dette er også skuleveg for mange barn frå Tue-sida. Eg skulle ønskje ein tok tak i dette og at det vert prioritert ein gangveg der før det skjer ei ulukke. Noko vi som bur i området, sårt saknar. Ein gangveg vil gjere det mykje tryggare å ferdast her for gåande- ikkje minst born og eldre. Eg vonar fleire er einige i dette og at noko blir gjort frå dei styrande si side, seier Venøy. INNSAMLING Innsamling Fredtun Innsamlinga til Fredtun er faktisk berre så vidt komen i gong. Idag kvitterer vi for fylgjande gåver: Enok Sørdal kr. 500. Einar Brudevoll kr. 500. Edvin Skår kr. 500. Solveig Sætre kr. 500. Paul Eikrem kr. 500. Reidar Vik kr. 500. Kjellaug Jacobsen Vik kr. 500. Hagny Nordal kr. 500. Randi Strømmen kr. 500. Liste er framlagd på Coopen i Syvde. Takk til alle som vil støtte innsamlinga. Styret

Vanylvs-rekneskapen forseinka Rekneskapstala for Vanylven kommune er forsinka. Dette skuldast litt at vi nett har skift økonomileiar, men mest at vi har skift økonomisystem. Dette har vore arbeidskrevjande og har altså gjort at vi ikkje har fått avstemt 4 rekneskapen så tidleg som vi ønskte og innan fristen Statistisk Sentralbyrå eigentleg set, seier økonomileiar Kåre Yksnøy i Vanylven kommune. Og før rekneskapen er avstemd, vil eg ikkje seie noko om kvar vi hamnar resultatmessig. I løpet av ei god veke vonar eg at tala skal vere klare, seier Yksnøy. ØKONOMILEIAR Kåre Yksnøy Smilet vann fram Kommunestyret vedtok tysdag slagord og grafisk profil for Vanylven. OLE MAGNE KVALSVIK Vanylven ein grunn til å smile vert no slagordet som skal brukast i lag med den nye bladliknande logoen. Representantar for firmaet I&M som har utarbeidd profilen, var tysdag til stades og orienterte om tanken bak det som er gjort. Målgruppe Kommunikasjonsrådgjevar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn la vekt på at tanken bak særleg var å nå dei som kan tenkje seg å flytte til kommunen og dei som ein vil ha til å flytte heim. Eit slagord gjer ingen sommar. Meininga er å få fram det ein er gode på og det som skil Vanylven frå andre. Då må ein bygge stoltheit og kommunisere tydeleg kva ein kan tilby til målgruppa. Sjølve selde eg og mannen min ein tomannsbustad i Oslo og kunne kjøpe ein einebustad i Ålesund. Det er ein grunn til å smile, sa Rotevatn. Del av heilskap Ho poengterte at slagord og profil er del av ein heilskap som seier noko om kvifor ein bør velje Vanylven. Her er stikkord som tid, plass og miljø sentrale i eit større materiell som skal utarbeidast. Kreativ leiar i I&M, Per Paulsen, meinte Vanylven måtte tore å skilje seg ut. Fin natur sel ikkje og det er mange som brukar trivsel, triveleg og vekst i sine slagord. Skal ein kommunisere til målgruppa, er det jobb, hus og barnehage som er viktig, sa han. SMILET: Skal vere del av ein heilskap som fortel kva Vanylven er gode på og kva som skil kommunen frå andre, sa representantar frå I&M. Frå venstre: Kreativ leiar, Per Paulsen, kommunikajonsrådgjevar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og konsulent Kåre-Stig Nøstdal. Endra syn I sjølve debatten var dei fleste positive til slagordet. Eg var negativ sist, men har endra syn og synest det ikkje er så verst likevel. Det er som med ein del måleri, dei kan by på ein del motstand først, men er så kanskje dei ein vert mest glad i, sa Magni Vik (V). Ottar Jan Løvoll (Ap) kunne fortelje at han hadde fått gode tilbakemeldingar frå ein del ungdom som har tilhald utanfor kommunen. Dei synest det er eit friskt og godt slagord som det er flott at kommunen torer å satse på, fortalde Løvoll. Ville hatt solsikka Randulf Lillebø (Sp) meinte kanskje det gamle slagordet og solsikka var meir innarbeidd. Vi burde nok smilt meir alle i hop, men eg er redd for at det nye kan misbrukast og i verste fall nyttast i mobbesamanheng, sa Lillebø. Kommunestyret var likevel ganske samstemte på å gå for det nye slagordet, men litt betenkte på logoen. Dette er finansiert av næringslivet og vi skal ta i vare deira interesser. Eg har fått innspel frå mange som nyttar solsikka på brevark og liknande og skulle gjerne sett at vi beheldt denne, men det går kanskje an å bruke ho i samarbeid med den nye logoen, sa Lasse Rindal (A). Eit samrøystes kommunestyret valde dermed å gå for både logo og slagord slik det var føreslege frå I&M. Sluttstrek for barnehagen Kommunestyret vedtok tysdag tilrådinga om å legge ned Fiskåbygd barnehage. OLE MAGNE KVALSVIK Etter å ha vorte teken opp att både i Livsløpsutval og formannskap siste vekene, vart det ingen diskusjon kring saka i kommunestyret, men ei samrøystes godkjenning av tilrådinga om legge ned. Rett nok vart nokre representantar litt overrumpla over at det ikkje kom innlegg og vedtaket gjekk rett til klubbing, slik at dei nok kunne tenkt seg å markert usemje, men det store fleirtalet slutta seg til tilrådinga utan debatt. Avtale med Solsikka Nokre få innlegg vart det til saka om godkjenning av avtale med den private barnehagen Solsikka AS. Her ville ein særleg ha forsikringar i ordlyden om at dei tek på seg å ha stor nok kapasitet i framtida for alle som søkjer plass på Fiskå. I avtalen pliktar Solsikka seg også til å tilby jobb til dei fast tilsette ved den kommunale barnehagen. LAGT NED: Kommunestyret gjorde endeleg vedtak om å legge ned den kommunale barnehagen på Fiskå. Kva som skal skje med bygget, vart det ikkje teke standpunkt til. Alle fast tilsette skal få tilbod om jobb i Solsikka barnehage.

Gode eksamensresultat i Vanylven 5 Eit oversyn Utdanninsdirektoratet har lagt ut på nettsidene sine, viser at avgangselevane i grunnskulen i Vanylven har svært gode resultat på eksamensprestasjonane sine siste året. I matematikk er landsgjennomsnittet 3,2 for dei som har hatt eksamensprøve. I Møre og Romsdal er snittet 3,3 medan elevane i Vanylven som var oppe i matematikk, ei klasse ved Åheim skule, skorar heile 3,7 som er eit svært bra resulatat for matematikk å vere. Dette faget ligg jamt noko lavare enn norsk og engelsk. Elevane ved den andre ungdomsmskulen i Vanylven som er med i talmaterialet, Myklebust skule, var oppe i engelsk. Og dei gjorde sanneleg sine saker bra, de også. Eit snitt på 3,8 vart det der, medan ein på lands- og fylkesbasis har 3,7 som snitt. Åram skule er ikkje med i talmaterialet ettersom der er så få elevar. Ferje i fjøra på Åram Bilferja Kvam er no på verkstad i Vegsund etter å ha hamna i fjøresteinane på Åram søndag morgon. Korkje folk eller bilar fekk skade ved grunnstøytinga. Tide sin granskingskommisjon skal no sjå nærare på årsaka. VIDAR PARR Det var søndag morgon klokka ni at bilferja Kvam som kom frå Kvamsøy og Voksa glei inn på feil side av ledaren inn til ferjelemmen og gjekk heilt fram i fjøresteinane der ferja blei ståande fast på grunn. Det var full flo då uhellet skjedde. Dette er ikkje første gongen slikt uhell skjer. Seinast i januar skjedde eit likande uhell då ferja også kom inn på feil side av kaia og var nedi grunnen. Den gongen stod ho ikkje fast og kom ut att for eigen maskin. At det no skjer igjen har fått fleire til å spørje seg om det kan ligge tekniske årsaker til grunn, eller at materiellet kort og godt er for dårleg. Vind årsak? Men kommunikasjonsdirektør Arild Sondre Sekse i Tide sa til oss søndag at ei førebels forklaring på uhellet var at eit kraftig vindkast gjorde at ferja kom ut av kurs då ho skulle inn til ferjelemmen. Trafikksjefen i selskapet, Lars Juvik, seier måndag at ein held seg til denne førebelse forklaringa utifrå det skipperen har fortalt. Men uhellet vil bli granska av ein eigen kommisjon, utan at det i det ligg at selskapet tvilar på den førebelse forklaringa. Å la ein slik kommisjon granske eit uhell av denne typen er fast rutine hos oss, seier Juvik. Trygt å ferdast med Kvam Kommunikasjonsdirektør Arild Sndre Sekse i Tide seier at det etter selskapet sitt syn er trygt å ferdast på alle sambanda dei trafikkerer - og dermed også SAUEKLIPPAR Pål Støylen var einaste passasjer på ferja då uhellet skjedde. Han kom seg etter kvart til Stadlandet og fekk gjort jobben. Her knipsa av Gunn Sande i ein pause i arbeidet. Liten skade? Ferja ligg no på verkstad i Vegsundet. Trafikksjef Lars Juvik fortel at dei førebelse granskingane ikkje har avdekt alvorlege skader etter grunnstøytinga. med B/F Kvam på rute 01. Avisa spør med utgangspunkt i etter måten mykje driftstekniske vanskar både i dette sambandet og på ruta Koparnes - Årvik. Tryggleik er første prioritet, men ein veit samstundes at uhell kan skje, seier Sekse. På spørsmål frå Vestlandsnytt FERJA låg søndag føremiddag godt fast i fjøra på Åram etter ha kome inn på feil side av kaia vi ser til venstre i bakgrunnen. Men dette vil no bli nøye granska på slipp før vi set ferje i drift att, seier Juvik. Har ferja kome frå det utan nemneverdige skader, vil ho snart vere i rute att. Vi har i ettertid fått vite at ferja vil gjennomgå noko planlagt vedlikehald når ho først er komen på verkstad, Ein passasjer Pål Støylen frå Kvamsøya var på veg til Stadlandet og einaste passasjer om bord då ferja gjekk på grunn. Han sat i bilen, klar til å køyre på land då det brått kom eit rykk og han forstod at noko ekstra hadde skjedd. Men korkje eg eller bilen fekk skade, seier Støylen. Han kom seg etter kvart i land, fekk låne seg bil og kom seg til Stadlandet på saueklipping som avtala. svarar Sekse at det er meininga Kvam skal halde fram i sambandet. La fram budsjett Under kommunestyret tysdag vart det og lagt fram eit førebels budsjett for Vanylven Vekst til godkjenning. I budsjettet går det fram at ein ikkje har lagt inn midlar til nye satsingsområde, då ein er i gang å revidere ein strategisk næringsplan som skal godkjennast før sommaren. Utanom drift, er det i budsjettet berre lagt inn vidareføring av eksisterande prosjekt på bulyst, næringsutvikling, infrastruktur og merkevarebygging. I kommunestyret vart det spurd om dette betyr stopp for eventuelt nye prosjekt som måtte melde seg før næringsplanen er klar. Dagleg leiar i Vanylven Vekst, Bernt Westad, meinte at eventuelle nye prosjekt måtte kunne godkjennast slik at dei kan starte opp og få støtte betalt ut i etterkant, når planen er godkjend. Ottar Jan Løvoll (Ap) stilte og spørsmål ved dagleg leiar sitt konsulenthonorar på 700 000, men rådmann Einar Vik Arset meinte at ein i ein mellomfase, slik ein er no, sparer 130 000 kroner på å gjere det slik i forhold til ei fast tilsetjing. Det var og teke opp om driftsutgifter på vel 1,7 million kroner er dyrt i forhold til å skulle forvalte ordninga, der det førebels berre er sett opp 5,84 millionar kroner som skal brukast på prosjekta som er nemnde ovanfor. DAGLEG LEIAR i VV: Bernt Westad (FOTO Kjell Brenne) Ukjende bøsseberarar Lensmannskontoret fortel i går at dei har fått melding om bøsseberar som går rundt på dørene på Åheim. Det er i alle fall ikkje nokon vi kjenner til har fått løyve her hos oss, seier lensmann Tor Sæter og ber folk krevje dokumentasjon frå bøsseberarane før deifør dei eventuelt gir noko.

Toppår for Ulstein gav: Bonus som smakte på Fiskåholmen 6 Sist fredag kunne dei tilsette ved Ulstein Verft Vanylven nyte både kake og beskjed om rekordbonus på lønsslippen. tional og Ulstein Engineering på 30 668 kroner, noko som er litt under i fjor, men i tillegg har dei gjennom året arbeidd seg opp ein såkalla prosjektbonus på vel 21 000 kroner, slik at det samla sett vert det beste som er utbetalt i bonus. OLE MAGNE KVALSVIK Ulsteinkonsernet la bak seg eit svært godt år også i 2008. Konsernet leverer eit resultat før skatt på 364,4 millionar kroner. Av dette står verftssida for vel 253 millionar kroner. Dette gir også ein årsbonus til dei fast tilsette i UMVH, Ulstein Verft, Ulstein Design, Ulstein Interna- Økonomisjef i Ulstein Verft, Hans-Børre Fiskaa, presenterte tala for arbeidarane fredag. Ein av årsakene bak eit slikt resultat er at vi er flinke å omstille oss når ting ikkje går som planlagt og gode til å få prosjekta gjennomførde. Det er alle sterkt delaktige i, sa han til dei tilsette. Pengane vil dei få til ut- betaling etter generalforsamlinga i mai og det skulle såleis vere råd å gle seg over eit romsleg feriebudsjett, eller, kanskje til mindre glede under prosessen, ha råd til å ta litt ekstra oppussing i huset. GODE TAL: Hans-Børre Fiskaa tok sjølv til på Fiskåholmen i 1988, men har gått gradene og er i dag økonomisjef i Ulstein Verft. Fredag kunne han presentere flotte tal for arbeidarane på avdelinga som dei kunne nyte attåt velsmakande kake, Serveringa er alt i gang, ser vi i bakgrunnen. Vil rydde gamlevegen Krinslaget i Slagnes og Vik satsar no på å setje i stand gamlevegen gjennom Vikebogen. OLE MAGNE KVALSVIK Gamleveien for meg står,/ like mystisk, like dragende som i de unge år. / Slekter drar forbi/, her jeg sitter på en stabbestein og dyrker nostalgi. Slik song Stein Ove Berg i 1972, eit år etter at nyevegen var ferdig frå Hatlenes og utover til Slagnes og gamlevegen gjekk ut av dagleg bruk. No var det nok ikkje vegen i Vikebogen som Stein Ove Berg skreiv om, men mange minne og mykje nostalgi knyter seg til vegen også her, frå dei som enno hugsar han som skuleveg, til dei som hugsar grusvegen, bakke opp og bakke ned. Og dei lett bilsjuke, som underteikna, hugsar kvalmen som kunne dukke opp på kyrkjeveg, medan ein meir bilsterk veslebror kunne vere ovanpå. Snakka om lenge Etter å ha gått ut av bruk, har partiet mellom Krokenes og Vik stadig grodd meir att, grøfter har fylt seg og vatnet gropa ut enkelte stader. På dei betre bevarte partia kan ein derimot kose seg på graskledd veg mellom trea. Og no vil krinslaget ta fatt og setje i stand att vegen. Anita Munck og Eva Ytrøy Vikebakk sit i krinsstyret og har vore dei som har arbeidd mest med saka. Det er noko det har vore snakka om lenge. Oppe på nyevegen er det ikkje akkurat koseleg å gå tur. Det er smått med å halde 80-grensa, der. Det er og for gale at denne fine vegen skal ligge her og gro att, seier Anita. Får vi til dette vil det vere bilfritt og koseleg. Her kan vi til og med sleppe ungane våre om dei vil frå Hatlenes og ut til Slagnes, eller andre vegen, legg Eva til. Kostbart Største utfordringa vert sjølvsagt midlar. Arbeidet med å ruste opp rundt 1,5 kilometer veg er kostnadsrekna til om lag 287 000 kroner, utanom dugnad. Ein stor sum for ei lita bygd, men krinsstyret går likevel inn for å få det til og på årsmøtet laurdag fekk dei tilslutning til planane. Vi må i første omgang starte opp med dugnad og få folk med å rydde skog og slikt som kan gjerast manuelt. Så får vi prøve å få inn pengar med basarar, kronerulling og ved å søkje midlar her og der. Eg trur alle vil vere positive til dette og vi skal nok få det til, seier Anita. LANGS GAMLEVEGEN: Om dei får rydda og stelt gamlevegen i Vikebogen og ut til husa i Vik, som vi ser i bakgrunnen, vil det verte ein flott gang- og sykkelveg for mange grupper, meiner Eva Ytrøy Vikebakk (til venstre) og Anita Munck.

7 Sande Fastlandssamband eit steg nærare målet: Øyfolket imponerte Samferdselsutvalet Sande Fastlandssamband er eit steg nærare målet. Både prosjektet og framtidstrua til folket på øyane imponerte Samferdselsutvalet då dei besøkte Kvamsøya sist onsdag. KJELL BRENNE Knallbra! meinte leiar Frank Sve, FrP, om planane for fastlandssambandet. Fastlandssambandet for øyane i Sande omfattar fylling og lågbru frå Kvamsøya til Voksa og derifrå ein undersjøisk tunnel til Åram. Kostnadskalkylen er på 450 millionar kroner, og vert rekna som eit sjølvfinansierande prosjekt om ein legg inn dei samfunnsmessige innsparingane. Lånebehovet blir i underkant av 400 mill kroner om ein dreg ifrå statlege innsparingar. Med 30 års nedbetaling og 4.8 % rente utløyser dette eit kapitalbehov årleg på 25 mill kroner. På møtet vart det gjort merksam på at både fylkeskommunen, Sande kommune og Vanylven kommune har gjort intensjonsvedtak om at innsparte midlar kan nyttast som finansieringsgrunnlag for sambandet. Fylket har løyvd 500 000 kroner til reguleringsplan og konsekvensutgreiing. Dette arbeidet er pårekna vere ferdig til sommaren 2010. Finansiering Årspakken av finansar som må til er sydd saman slik: Kapital ferje: 3,5 mill, driftsunderskot ferje 14.0 mill, kommunale innsparingar 6.7 mill, drift av fire ferjeleie sjø, 0.56 mill, drift av fire ferjeleie land 0,4 mill, bompengar 3.0 mill: til saman 28.1 mill. I den kommunale delen ligg samanslåing av Kvamsøy, Sandsøy og Åram til ein felles skulekrins. Sande størst Dagleg leiar Jostein Korsnes orienterte om selskapet Sande Fastlandssamband der Sande kommune står for 51 % av aksjekapitalen på 3,6 mill, Vanylven kommune 11 % og Brimer AS 7% som dei tre største av i alt 313 aksjonærar. Vegvesenet stilte med toppa lag i det både distriktssjef Ragnhild Vestre og sjefsingeniør Svein Solbjørg var til stades. Solbjørg som kjenner svært godt til prosjektet, kunne i følgje Vestlandsnytt opplyse at fylket alt har sett ein mann på jobben med å gå igjennom SFprosjektet. Bru eller tunnel? Om det vert bru/fylling frå Kvamsøy til Voksa eller om ein vil gå for undersjøisk tunnel mellom øyane slik opphavelege plan la opp til, er ikkje heilt avklart. Dette er noko vegvesenet vil vurdere nøyare med tanke på tekniske løysingar og kostnad. Kommunestruktur ikkje tema Sande Fastlandssamband kan legge fram ein finansieringsplan som vekkjer tiltru, noko også Solbjørg framheva. Samferdselsutvalsmedlem Knut Anders Oskarson, H, ville vite om sambandet la opp til endring i kommunestrukturen den dagen bilane kan køyre på land på Åram. Men både styreleiar i SF, Jarle Støylen, og dagleg leiar i SF, Jostein Kornes, har vore krystallklare på at slike spørsmål ligg langt utanfor deira mandat. Uansett kommunekart så er det eit faktum at det blir langt lettare å reise til kommunesenteret Larsnes ved å nytte Årvik-Koparnes-ferja med sine hyppige avgangar. Broderfolkets veg Ordførar Jan Helgøy, styremedlem i SF, var raus med godorda både om prosjektet og i forholdet til kollega Dag Vaagen. Ein broderfolkets veg, høgt heva over kommunestruktur og strid, framheva ein godlyndt vanylvsordførar som trudde dei frammøtte fylkespolitikarane fekk seg ei aha-oppleving då dei fekk sjå dei godt gjennomarbeidde planane for sambandet. Sjølvfinans kan køsnike At forkjemparane for Sande Fastlandssamband hadde gjort eit sterkt trekk med å invitere Samferdselsutvalet, kom godt fram då Senterpartiet sin profilerte samferdselspolitikar, Oddbjørn Vatne, la godsida til og meinte det ikkje ville vere problem at eit sjølvfinansierande prosjekt går utanom køen, men stilte likevel spørsmål om rentesatsen og kor vidt nedlegging av ambulansebåten kan gå inn i innsparingsrekneskapen. Livskraft på øyane At øyane er livskraftige lokalsamfunn kom godt fram under besøket. Dagleg leiar i Brimer AS, Jarle Støylen orienterte om ei moderne bedrift innan glasfiber og med leveransemarknad over heile verda. Fire av ungdomsskuleelevane som hadde vore med på gründercamp, viste fram resultatet av si oppgåve, ei tiltalande brosjyre om SF, som også vart ei god innføring i fastlandsplanane for samferdselspolitikarane. Oppsummerte Samferdselsutvalsleiar Frank Sve oppsummerte til slutt med oppmoding til eldsjelene i LYDHØYR: Ei lydhøyr forsamling på plass i Brimerkantina då Samferdselsutvalet gjesta Kvamsøya sist onsdag, med Sande Fastlandssamband og grendalaga på Sandsøy/ Voksa og Kvamsøya som vertsskap. (FOTO: Endre Worren, Vestlandsnytt) Sande Fastlandssamband om å stå på vidare for dette prosjektet som er ein positiv faktor for alle, medrekna næringsliv, reiseliv og busetnad. Sandeordførar Dag Vaagen framhevar den sterke entusiasmen kring prosjektet. Fastlandssambandet er inne i ein positiv fase. Fylket er i gang med å kvalitetsikre prosjektet, eit arbeid i regi av vegvesenet. Både teknisk og kostnadsmessig blir prosjektet grundig ettergått i saumane. Ein må derfor gå ut frå at prosjektet er tufta på sikre utrekningar når dette arbeidet, truleg midtvegs i 2010, er i mål, seier Dag Vaagen. Såg film Samferdselsutvalet fekk også presentert fastlandsambandet visuelt. Filmen som ei gruppe ungdomsskulelevar laga på gründercampen på Åram nyleg, vart vist for utvalet.

I løpet av få veker er det planen å opne miljøbutikk i lokale der Felleskjøpet før held til i Syvde. Men først må dei tomme lokala fyllast med varer og oppmodinga går no ut til dei som har ting dei vil ha omsett. VIDAR PARR Karsten Roos er opprinneleg frå Nederland, men har budd i Norge i lengre tid. Han er no på plass for å drive butikken. Roos er for tida inne i NAV-systemet og så langt blir ikkje lønn beslasta drifta. Det er meininga dette skal vere sjølvfinansierande. Då må vi tene pengar til å dekke husleige i første omgang, seier Roos. Han ser føre seg at ein gjennom samarbeid med ulike partnarar og frivillige kan halde kostnadene låge og dermed auke sjansen for å lukkast. Viktig er det også at miljøbutikken blir triveleg, ryddig og greier å skape eit miljø. Gjennom eit slikt miljøsenter kan viktige ting resirkulerast som bøker, CD/DVD, stereo, datamaskiner, møblar, kvitevarer og syklar for å nemne noko. Også nye produkt som lokalt blir produserte på Stenbakken eller Vanylven Arbeidssenter kan vere ein del av produktsortementet, seier Roos. Namnetevling Det blir nytta fleire namn på tiltaket. Vi har alt brukt både Miljøbutikken og miljøsenteret. Vi har også høyrt Miljøfabrikken. 8 Treng varer til ny miljøbutikk Vi må ha ein namnekonkurranse der folk kan sende inn forslag på namn, seier Karsten Roos. Folk som har gode forslag kan levere desse hos Karsten Roos på butikken eller ta kontakt med Espen Wigaard. Sortere på miljøstasjonen No må varene levarast direkte til butikken for å få fylt opp lokala og kome i gang. På sikt ser Roos føre seg at folk tek med seg det dei ikkje lengre treng til miljøstasjonen på Lisjeeide og at ei sortering mellom brukbart og ubrukbart skjer der. Vi får anten sjølve eller i samarbeid med Stenbakken Industrier hente varer der. Kanskje må det fiksast på før det kan kan seljast fullt brukbart, men til ein hyggjeleg pris. Ross meiner det er viktig at butikken er open kvar dag, slik at den blir mest muleg tilgjengeleg. Opnar i vår Bulystkoordinator Espen Wingård er mannen som har fått fram dette prosjektet. Han har også fått kontakt med Roos og fått han busett i Vanylven. Eg hadde håpt at vi skulle kome i gang i løpet av mars månad. Eg veit ikkje om det går, det er mykje opptil responsen vi får når det gjeld varer til butikken, seier Wingaard som vonar mange vil ta kontakt med ting dei meiner kan resirkulerast. Wingard avvser at dette skal bli eit kommunalt tapsprosjekt: Vi legg opp til at dette skal vere eit sjølvfinansierande tiltak under bulysttiltaka, så dette sak ikkje belaste noko budsjett, UNGDOMSREDAKSJONEN Ungomsklubben opna fredag Fredag 6.mars blei den nye ungdomsklubben i Vanylven opna. Tilstades på opninga var ordførar Jan Helgøy. ANNE-METTE THUNEM, UNGDOMSREDAKSJONEN Utanfor ingangsdøra var det hengt opp ei blå snor, denne klipte ordførar Jan Helgøy av for og erkærte huset opna. Det var ein del folk som møtte opp denne kvelden, og vi meinerkvelden var vellykka. Etter denne opninga tok Espen Wingaard alle med på ei omvisning inne, slik at alle fekk sjå roma i huset, og lage seg tankar om kva dei ville fylle alle desse romma med. OPNING: Ordførar Jan Helgøy stilte kjede og fullt ordførarustyr under opninga. Her saman med Inger Lise Aaland frå styret og Espen Wingaard. TOMT: Karsten Roos er klar. Men som vi ser - det er god plass i dei nyoppussa lokala i Syvde. seier Wingaard. Denne saka har ikkje vore behandla i politiskeorgan. Wingaard kommenterer dette slik: Vi ser på dette som ei oppfølgjing av tidlegare kommualt initiativ om å få til ei sortering ved avfallsplassen på Lisjeeide. Vi trur vi kan få ei betre løysing ved å legge det i sentrum i Syvde. Og som sagt - vi legg opp til sjølvfinasiering. Etter omvisninga fortalte Espen om framtidsplanane vi har med huset, også kva reglar vi i styret hadde kome fram til. Til slutt fekk alle i styret utdelt kvar sin nøkkel til huset. Nede i stova var der musikk, play station og data som ungdommane kunne bruke. På borda sto der frukt, dip og potetegull, og dette gjekk fort unna. Det vart også steikt vafler og selt brus. Namn? Kva namn som skal vere på ungdomsklubben er fortsatt ikkje bestemt, og vi synes dette må kome i orden snart. Nokon tips har vi fått, blant anna Kosekroken Ungdomsklubb, Vanylven Ungdomsklubb, Fiskå Ungdomsklubb og Solbu ungdomsklubb. Men ingenting er bestemt endå, så vi tar med glede i mot fleire tips til namn. Er det nokon som har tips kan dette sendast på mail til: anne_mette_thnem@hotmail. com

9

10 Country og korsong på triveleg kafe Suksess Sist torsdag var det skulefest på Åram skule med full sal og stor stemning. OLE M. KVALSVIK (TEKST)/ ERLEND KRAGSET (FOTO) Dessverre hadde ikkje avisa sine tilsette høve å møte og det var kanskje dumt, då vi får oss fortalt om episodar som kunne gitt store oppslag. Ordførar Jan Helgøy møtte visstnok opp på scena fleire gonger og tok ordet, slik at han til slutt måtte leggast i jarn. No må kanskje det heile sjåast i lys av at det var Vegar Krokevik (10. kl) som agerte Helgøy, eit komitalent vi nok får høyre meir i frå. Countrycompagniet var gjester då Rovde blandakor skipa til sin tradisjonelle korkafe søndag. VIDAR PARR Det vart eit fruktbart samarbeid. Koret hadde hatt øvingshelg og presenterte fleire nye nummer i svært ulike sjangrar. Dei to hovudaktørane hadde kvar si avdeling, men også nokre nummer saman der heile eller deler av Countycompagniet spela saman med koret. Mellom anna var Gunhild Nordvik Reite og Paul Sindre Vedeld høvesvis engelskspråkleg og norskspråkleg solist med koret i I love you because. Vi merka oss også at compagniet har fått inn nye, unge krefter: Hallvard Sæle på gitar og Hanne Overvoll på fiolin/vokal. Dei får det til, dalsfjordingane! Ein humørfylt og hyggjeleg ettermiddag vart det. Mykje flott musikk og i tillegg sjølvsagt alt anna som høyrer med: loddsal med trekning, god mat, kåseri og allsong. Og då har vi ikkje nemnt praten kring borda. Høgt trekkspel-nivå Distriktsmeisterskapen i trekkspel i Ulsteinvik i helga synte at det er eit høgt nivå på dei som trakterer dette instrumentet. OLE MAGNE KVALSVIK Vanylven og Selje stilte med seks utøvarar i solistklassene i tillegg til Vanylvsdragarane som stilte i orkesterklassen. I klassen S3, som er 15-17 år, stilte Lars Andreas Myklebust, i S2 stilte Tor Øystein Hoddevik og Bjørn-Magnus Skaar, medan Tonje Sjåstad, Tone Mette Jørgensen og Cassandra Løvold stilte i S1, som er dei under tolv år. Og her enda det like godt med gull til Cassandra og sølv til Tone Mette, ein flott prestasjon. KORSONG OG KRUTYRØYK: Tre lystige tenorar song eigenprodusert velkomssong før Rovde blandakor slapp til med første avdeling. Vi kjenner att Pål Vedeld til venstre og Per Knardal til Høgre. Sistnemnde viser fram at han er bevæpna - og sjølv om pistolen Per held i handa er så liten at han knapt er synleg på biletet, skjuler armen hans på dette biletet delvis den tredje av dei tre uovervinnelege: Agnar Knardal i midten. COUNTRYCOMPAGNIET: I fremste rekkje frå venstre Hanne Overvoll (filolin/vokal), Gunhild Nordvik Reite (vokal), Ove Aksnes (gitar), Magne Aksnes (bass). Bak frå venstre Øystein Blom (elpiano), Hallvard Sæle (gitar) og Stein Jarle Løvik (slagverk) Det er likevel ikkje minst på kvantitet at Vanylven merkjer seg ut og mønstra i lag med Ørskog flest utøvarar av dei 170 som deltok i arrangementet. I pausen stilte og dei kjekke musikantane frå kulturskulen som vi hadde bilete av sist, opp og leverte eit flott innslag. RAPP I FINGRANE: Cassandra Løvold imponerte og vann yngste trekkspelklasse under DM i Ulsteinvik. Dei to programleiarane, Bendikte Krøvel (8. kl) og Amalie Kragset (7. kl) kunne elles by ein fullsett sal på eit rikhaldig program, som viste at bygdene i ytre har mange ressursar å ta av. Programmet hadde kjærleik som den raude tråd, frå 2. 4. klasse som spelte Prinsessa som ingen kunne målbinde, 5. 7. klasse med Grease-opptrinn og ein moderne versjon av Romeo og Julie, til foreldra sine bonderomantikk-forviklingar, der den forvilla ålesundaren til slutt endar opp med fire bondetøtter frå området, som lyg på seg både storgardar og andre fordelar. Vi kan og nemne at Romeo og Julie i elevane sin versjon, der dei visstnok i starten har ein del tilhald på kaia på Klovningen, lever vidare og giftar seg. Men etter 20 år stikk Julie av med ein Tussa-kar og Romeo mister straumen slik at han ikkje får sett ferdig Chelsea-Liverpool. Kanskje eit hint til alle mannfolk som brukar mykje tid framfor skjermen med fotball. Elles stod sjølvsagt eit dyktig skulekor for opning og avslutning, med Let it be og Mykje lys og mykje varme dyktig arrangert og framført.. ROMEO; DU MIN ROMEO: Andreas Nystøl som Romeo og Rikard Årvik som Julie i den berømte balkongscena (til høgre)

11 på Åram SKULEKORET: Til venstre ser vi Helga Kvamme, Kamilla Benjaminsen og Torstein Kvamme som var solistar i lag med Stian Bellen (med gitar heilt til høgre). Vidare frå venstre: Norvald Brandal, Julie Strand, Ronja Strømsnes, Amalie Kragset, Helene Benjaminsen, Andreas Nystøl, Rikard Årvik, Jonas Nybø Johnsen, Anders Sylte Bellen, Kristin Kobbevik (delvis gøymd), Kai Robin Nystøyl og Heidi Kobbevik. Bakerste rekkje: Silje Strand i kvit kjole, Bendikte Krøvel, Anna Kvamme, Susann Kragset, Bjørn Arild Lillebø, Julianne Lillebø, Vegar Krokevik og Marius Nystøl. SUMMER LOVIN : Og her er Andreas Nystøl att, no som Danny (t.h) som legg ut for vennane sine, vidare mot høgre: Rikard Årvik, Norvald Brandal, Jonas Nybø og Torstein Kvamme. BAYWATCH: Og her Stian Bellen og Heidi Kobbevik i det vi - i motsetnad til balkongsena vi nemnde ovan for kan kalle ballongscena under innslaget berømte par. Så får ein tippe kven dei etterliknar. Vi vil tru kombinasjonen rock/badevakt er eit godt tips.

12 Stadlandet tok poeng Det vart eit oppløftande poeng for Stadlandet sine jenter 14 år i kampen mot Florø 1 i helga. OLE MAGNE KVALSVIK Som vi har nemnt tidlegare, er Stadlandet sine jenter etter nyttår plasserte i ei avdeling med harde motstandarar som gjer det tungt å hevde seg. I helga var det Florø sine to lag som stod for tur. Medan det som venta vart tøft å hevde seg mot avdelingsleiar Florø 2 og tap 11-21, klarde jentene eit flott poeng i ein spennande kamp mot Florø 1. Etter ein jamn førsteomgang, stod det 7 7. Deretter gjekk Florø opp til 8 10 før Stadlandet knappa inn på. Og då Betty Lise Myren sette inn 11-11 og Tina Hoddevik med vel to minutt att, scora til 12-11, såg laget håp om å kapre alle tre poenga. Dessverre fekk i staden Florø sleppe til og utlikne til 12-12, men Stadlandet kapra sitt første poeng i serien. Laget kan også gle seg over spele- messig utvikling siste månaden, med færre tekniske feil, meir bevegeleg spel og fleire som kan avslutte angrepa. I denne kampen ville dei også vinne og heile laget stod fram og kjempa og ikkje minst gjorde keeper Malene Friberg ein flott kamp med høg redningsprosent. Mange mål i mot for 11-åringane TOK POENG: Stadlandet gjorde ein flott kamp mot Florø 1. Her set Marte Stave inn 2-1, medan Katrine Leikanger og Charlotte Stave følgjer spent med. KFUM-Volda måtte gje tapt Stadlandet sitt lag i jenter 11 måtte plukke mange ballar ut av nota i sine kampar mot Haugen. OLE MAGNE KVALSVIK Også dette laget har hatt fin framgang gjennom året og får til mykje bra spel. På dette nivået spelar likevel alder ei stor rolle og ein god spelar kan gjere mykje frå eller til. Så sjølv om laget spelte ganske jamt med Haugen elles, gjorde nokre få spelarar hos Haugen at det vart ujamt i målprotokollen I den første kampen, mot Haugen 2, enda det såleis med 4 17. Haugen stilte med to overårige spelarar og den eine av desse, Ingrid Naustdal, sette åleine inn ni av Haugen sine mål. I den andre kampen enda det med 5 20 mot Haugen 1. Det synest likevel som Stadlandet sine leiarar er flinke å jobbe med haldningar og laget held humøret oppe og er flinke å jobbe for kvarandre sjølv om dei må kjempe mot motstand som kan synest litt urettvis. Gull til Magnor Det vart ein gull og tre sølv til Magnor Myklebust under NM for veteranar i friidrett i Drammen laurdag. Under eit hektisk program, der Magnor sine øvingar gjekk nesten oppe i kvarandre, slik at han til dømes gjekk rett frå målgang i hekk, til stavhopp, vart det gull i stav med 1,80 meter, sølv i høgde utan tilløp LOVANDE: Stadlandet J 11 viste lovande takter mot Haugen, trass i tap. Her gjer Mona Pernille Drage (t.h) eit av mange fine skotforsøk som viser ho kan verte ein storscorar med tida. I midten Malin Stave og til venstre Ida-Elise Leikanger, som og synte at dei vil verte gode spelarar med meir trening. med 1,25 meter og sølv på 60 meter hekk med 13.2 sekund. Mest nøgd er Magnor likevel med første øving, som var lengde utan tilløp. Her hoppa han 2,31 meter som også gav sølv i klassen hans, 65 69 år. Det er berre å måle ut på kjøkengolvet og prøve for den som vil. Med siger over Blindheim 2 kunne KFUM-Volda sitt J19- lag verte seriemeister i 2. divisjon kvinner. Før toppkampen sist torsdag låg begge laga på andreplass, to poeng bak Kristiansund Volleyballklubb. Med siger 3-0 kunne Voldajentene passere KVBK, medan Blindheim hadde for dårleg settscore i innbyrdes oppgjer til å gå forbi. Dessverre vart det ikkje kampen så jamn som tidlegare oppgjer mellom dei to laga. Sjølv om Volda leia heilt fram til 20 poeng i det første settet, vart det Blindheim som vann begge dei to første setta. KFUM-Volda vann så tredje sett, men i det fjerde kontrollerte Blindheim og avgjorde dermed kampen om å verte best av sunnmørslaga. Trenar Geir Humberset trekk GODT HUMØR: Sunniva Redse Mjaaseth ( t.v) og Sandra Haugen hadde før kampen mot Blindheim håp om å vinne både kampen og 2. divisjon i volleyball. Slik gjekk det ikkje, men det ventar nye sjansar. fram at vinterferie og pause frå samtrening kanskje var ei medverkande årsak til at laget ikkje presterte som ein kunne håpe i denne kampen. No gjenstår ei turnering i Førde til Helga, deretter Blindheim cup fjorten dagar etter, før det er NM U 19 i Bergen for Sunniva og Sandra & Co.

13 Det gror i volleyballmiljøet VANYLVEN 1: Frå venstre: Julie Strand, June Garshoel Berge, Linn- Katrin Lundehaug, Andrine Worren Kvamme og lagleiar Silje Lundehaug. (Biletet over til venstre) VANYLVEN 2: Framme frå venstre: Sunniva Velle Vedeld, Vilde Wefring og Birgitte Bjørlykke Tunheim. Bak frå venstre: Sofie Vik, Matilde Torvanger, Erle Marlen Lillebø og trenar og lagleiar Siv Nordal Vik. Grasrotordninga i gang Frå 1. mars vart ordninga med grasrotandel sett i gang og fleire lag og organisasjonar har fått kroner på kontoen. OLE MAGNE KVALSVIK Så langt har 23 lag og organisasjonar registrert seg i det såkalla Frivillegheitsregisteret. Med tilbakeverkande kraft til nyttår, kan vi på nettet sjå at fleire av dei alt har fått litt midlar på kontoen. Til dømes har Åheim IL fått inn 1 803 kroner gjennom at tolv personar har meldt frå at dei vil gje sin andel til dei, medan ti personar har registrert seg for Syvde IL og det har gitt 412 kroner. Det er altså fleire stortipparar som har registrert seg på Åheim, då det er 5% av tippebeløpet som går til laget. Vi kan og sjå at ÅVK har åtte registrerte, Syvde Skulekorps har sju oppføringar, medan til dømes Vanylven blandakor har tre og VanKam FK to. Men enno er altså ordninga ny og det skulle vere rom for mange å melde seg på og gje sin andel. Hos kommisjonærane får vi vite at det er mange spørsmål kring ordninga. Først og fremst trur mange at den andelen dei vil gje kjem i tillegg til beløpet dei tippar for. Kulturleiar Jermund Rekkedal skal vere kommunen sin mann i forhold til å hjelpe med registrering og liknande. Ein betaler ikkje noko ekstra. Skilnaden er berre at du no øyremerkar 5% av innsatsen til eit bestemt lag, medan det før gjekk inn i ein felles pott som så vart delt ut att. Tippar du for til dømes 160 kroner, kan du bestemme at 5 %, eller åtte kroner skal gå til Ungkar- og Spelmannslaget, medan dei før måtte få ut att desse kronene av fellespotten. Det har heller ingen verknad for den eventuelle premien ein måtte vinne, fortel han. På Sparbutikken på Fiskå får vi vite at dei som tippar er positive til ordninga. Mange har sett seg godt inn i det og veit kven dei vil gje til, medan andre har ein del spørsmål. Men folk synest det er ei god ordning at ein no kan bestemme kven ein vil pengane skal gå til, fortel tippeansvarleg, Miriam Nystøyl. Sidan Åram musikkorps enno ikkje har registrert seg, anbefalar ho sjølv Åram IL eller grendalaget til dei som ikkje har bestemt seg. Det avisa derimot kan sjå ved sjølvsyn, er at søkeordninga på kas- U12 jentene til Vanylven IL spelte nest siste volleyballturnering for sesongen i Volda på laurdag. JOHN WILLY KLUNGRE På U12 roterer alle spelarane etter tur VANYLVEN 3: Framme frå venstre: Kamilla Grande Hansen og Synnøve Worren Kvamme. Bak frå venstre: Marte Bentsen, Emilie Lovise Sætre, Nina Strand og trenar og lagleiar Siv Nordal Vik. sa til kommisjonærane er litt tungvint om ein vil sjå kven som har registrert seg i Vanylven. Nedanfor tek vi med lista over dei som stod der tysdag, men her vil nok komme fleire til utover. inn og ut av bana, og det er ikkje sluttrekkefølgje etter at kampane et avslutta. Dette gjer at det alltid er god stemning på U12 turneringane. Alle får spele like mykje, og det er ingen som kjem først og sist i turneringa. Sjølv om det ikkje er nokon av laga som er turneringsvinnarar kan vi likevel røpe at dei tre laga til Vanylven vann åtte av dei ni kampane dei spelte mot laga til Blindheim og KFUM-Volda, og det var jentene godt fornøgde med. ØYREMERKAR: Du betaler det same for Lottokupongen, eller anna du måtte levere, men du kan no bestemme at 5% av innsatsen skal øyremerkast i staden for å gå inn i ein sentral pott, fortel Jermund Rekkedal. Desse kan du gje til førebels: Eidså grendalag, Grendalaget (Åram), Slagnes og Vik krinslag, Nordstranda bygdalag, NKF Hakallestranda kvinne- og familielag, Rovdehorn, Syvde skulekorps, Fiskåbygd skulekorps, Åheim musikkorps, Mannskoret Frendar, Vanylven blandakor, Åram IL, Syvde IL, Åheim IL, Vanylven IL, VanKam FK, Vanylven golfklubb, ÅVK, Vanylven Røde Kors, Syvde sportsskyttarlag, Vanatur, Viking 4H og Vårbrus 4H.

heldt årsmøte på Ørsta Bowling 15 feb 09. Dette kombinerte vi i år med bowling for borna medan årsmøtet pågjekk, og det var god oppslutning og ei sosial og artig økt for dei yngste. Lokallaget dekkjer sju kommuner på Søre Sunnmøre, Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Hareid og Ulsteinvik. I handlingsplanen som vart vedtatt ligg det inne at vi skal jobbe med m.a. følgjande: Foredrag retta mot skuleverket / foreldre 25 april. Foreldreweekend på Yrineset, Olden 6-7 juni. Ungdomsleir på Sandsøy 28-29 juni Familieweekend på Sandsøy 5-6. september Div. mindre aktivitetar som bowling, klatring i klatresilo oa. Lokallaget har pr dato to representantar i styret i fylkeslaget og ein representant + ein vara i Kommunalt råd for funksjonshemma i Volda. Nytt styre i lokallaget vart: Njål Sætre, Lauvstad (Leiar) Kirsten Alice Holte, Folkestad (Nestleiar) Årsmøte i Syvde Samfunnshus L/L Torsdag 5. mars var det årsmøte i Syvde Samfunnshus L/ L. Leiar i samfunnshuset, Kjell Helge Nordal, leia møtet. Årsmeldinga for 2008 gav bodskap om at Syvde Samfunnshus er inne i endringsfase når det gjeld drift og økonomi. Siste året har styret i samfunnshuset gjort ein ny avtale med Vanylven kommune, og i tillegg er det forhandla fram ein avtale med Myklebust skule for sin bruk av dei ulike fasilitetane. Dette har vore eit heilt naudsynt grep for at samfunnshuset skulle ha ei framtid med eiga drift. Styret er takksame for den velviljen som er vist frå ulike partar i denne prosessen. Årsmeldinga viste også at det REFERAT ADHD-Norge - Søre Sunnmøre lokallag har vore utført eit omfattande dugnadsarbeid, spesielt i gymsalen. Mange frivillige har lagt ned fleire timars arbeid med maling, reinsing av stolar og justering av amfiet m.m. Gjennom siste året var det tradisjonelle aktivitetar som basar, julebord og nokre dansetilstellingar. Styret poengterte at desse aktivitetane er viktige å halde på i framtida. Rekneskapsførar Magne Holsvik la fram rekneskapen. Den viste eit overskot på nærare 80.000 kroner mot eit underskot på omtrent 29.000 året før. Overskotet er eit resultat av auka aktivitetar, lågare refusjonskrav frå Vanylven kommune og større utleige av samfunnshuset. Avtalen med Vanylven kommune inneber Medlemsmøte i Vanylven Pensjonistlag Eg fekk telefon idag 9. mars om ei annonse i Synste Møre der grunneigarlaget kalla inn til årsmøte. Dette måtte vere feil sa vedkomande, det heiter vel Fiskå fjellstyre? I daglegtale I fint ver ver med sol, vart medlemsmøte i pensjonistlaget halde på Eidsåtun 4.mars.. Oppmøtet var svært godt, om lag 90 personar. Smil og prat og god stemning fylte lokalet då Mary ønskte alle vel møtt. Spesielt velkomne ønskte ho Paul Sandanger og Oddvar Saunes som skulle underhalde med song, musikk og informasjon om elektriske apperat. Kristi Molvik las ord for dagen: "Dagen i dag" av Bjarne Rabben. Deretter snakka og song Sandanger. Fire songer i denne avdelinga: "Barnetro", "Nidelven", "Bonde ifrå Hareid"og "Jag har hørt om en stad". Så fekk vi orientering om elektriske innretningar. Han nemde mellom annan ferdigstøypte støypsel, komfyrstøypsel, lysrør, lampar og andre ting. Bordverset vart sunge og mat og kaffi smaka veldig godt.takk til kjøkkendamene. Magnhild Hjelle las to dikt av Henrik Straumsheim: "Ro stilt langsmed landet" og "Eg veit ei bygd". Aase las Kveldsol med fleire bygdesongar og ei vise REPLIKK Fjellstyre eller grunneigarlag? vert det vel snakka om Fiskå fjellstyre, men namnet er nok Fiskå grunneigarlag. Alle grunneigarar på Fiskåfjellet og hytteeigarar er hjarteleg velkomne og kan kome med innspel, men 14 Eilis Mari Grinde, Ørsta Yngve Krøvel-Velle, Ørsta Jannice Erlandsen, Sandsøy Reidar Opkvitne, Bølandet Fosnavåg (Vara) Sverre Ytterstad, Hovdebygda (Vara) Styret vil også takke alle som bidro til aktivitetar og støtte i 2008 Styret Njål Sætre også ein nedbetalingsplan der gjelda til kommunen er nedbetalt pr 2012. Kjell Helge Nordal takka for seg etter tre år i styret, eitt av dei som leiar. Magne Berge vart samrøystes vald til ny leiar. I tillegg vart Erna Lade og Ståle Eikrem valde inn som nye styremedlemmer. Det gamle styret fekk elles mykje ros av dei frammøtte for den snuoperasjonen som vart gjort siste året. Det nye styret tek med seg det inn i inneverande år og vonar god framgang også i år for Syvde Samfunnshus. ref frå utbygginga av straumen på 50-talet. Sandanger song så fleire songar. Heilt nydeleg å høyre på, syntest vi alle. Til sist fekk han Mary ilag med seg i songane "De nære ting", "Hjem langt mot nord" og "Der bjørkarna susa". Timane går fort i godt lag og Mary takka for frammøtet. Vi song "Den første song eg høyra fekk" som avslutning. Oddvar Saunes var med som hjelpar til Sandanger. Aase berre grunneigarane har stemmerett. Elsa Aaland Frekke tjuvar For fjerde gong på få år har Martin Sekkingstad hatt ubedne gjestar i naustet. OLE MAGNE KVALSVIK Det er bensin tjuvane er ute etter og også denne gongen forsvann det ei full kanne frå båten i naustet. Det er så småleg det skulle ikkje vere nødvendig i våre dagar. Hadde dei heller ringt på døra og spurt, skulle dei fått eit par hundrelappar så dei kunne kjøpe seg bensin, seier Martin Sekkingstad. Sette på lås Etter at det tre gonger hadde vore folk innom og forsynt seg, vart det etter siste besøket for om lag eit år sidan sett på slå og hengelås. Geir Kviebakk er gift med sonedottertil Martin Sekkingstad og nyttar naustet ein del. Den første gongen det forsvann bensin trudde vi det var nokon som hadde køyrt tomt påhengsmotoren og ikkje såg anna råd i nauda enn å forsyne seg, men då det hende fleire gonger vart vi irriterte og sette på lås, fortel Kviebakk. Denne var likevel broten opp med brekkjarn og Kviebakk finn det ganske fortvilande at heller ikkje dette nyttar. Vi vert oppgitte på heile Nils Olav Moen (biletet) fekk ordna det slik at han fekk kontor på Fiskå då han tok til med afaltplanleggingsarbeid i Mesta. No har Mesta vunne asfalt-kontrakten for Sunnmøre, verd 13 millionar kroner frå dette vesle kontoret. Det er rett at mykje av arbeidet med å vinne denne viktige kontrakten, er gjort herifrå. Men eg er for tida sjukmeldt og siste del av arbeidet har vore gjort frå andre kontor. Men artig er det i alle fall at eit lite kontor har vore med å kjempa fram denne kontrakten som er den første her i området på ei god stund no. Det er og viktig lokalt. Det har alltid vore eit asfaltleg- BROTE OPP: Sjølv ikkje slå med hengelås hindra tjuvar i forsyne seg med bensin frå naustet til Martin Sekkingstad. Lensmann Tor Sæter viser fram skrufestet som er brote opp med brekkjarn. greia. Sjølvskot er kanskje litt drastisk, så no prøver vi avisa, både i håp om at det skal hjelpe og for å høyre om det er andre som har opplevd eller sett noko. Tips Lensmann Tor Sæter seier at politiet også er interesserte i tips. Kviebakk fortel at han var nede i naustet sist i januar og no kom for å hente nokre garn for vel ei veke sidan. Innbrotet må difor ha skjedd ein gong i februar, truleg dei siste vekene i månaden. Kvifor nett dette naustet er så utsett, er ikkje godt å seie. Dei er nok kjende og veit at eg er ein gamal mann som legg meg tidleg og ikkje er så lett til beins å springe ned å undersøkje om det er noko, meiner Martin Sekkingstad. Det er både motorar og anna i naustet, men tjuvane har vore ute etter bensin og gått rett i bakromet på båten og skore av slangen for å få med seg den fulle kanna. Du og du kor smått. Dei må ha det fatigt, seier Sekkingstad. Storkontrakt frå Vanylvs-kontoret NØGD: Nils Olav Moen er for tida sjukmeld. Men han er svært nøgd med kontrakten det vesle lokalkontoret har vore med å hala i land. gingsmiljø i Vanylven der nokre har vore heitidstilsette og fleire innleigde, seier Moen.

Tilbod om sommarskule har vorte populært i Oslo og denne veka fekk kommunestyret i Vanylven orientering om opplegget. OLE MAGNE KVALSVIK Det var Framstegspartiet som før jul sette fram forslag om sommarskule i Vanylven. Til møtet tysdag var difor rektor ved sommarskulen i Oslo, Lisbeth Fossum, invitert for å fortelje om korleis det er lagt opp og kva erfaringar dei har gjort seg der. Aukande popularitet Fossum kunne fortelje kommunestyret om eit tilbod som har vakse i popularitet frå ein starta opp i 2006 med 4 000 born og unge, til det i 2008 var 11 000 som deltok på desse sommarkursa. I år ser det ut til å verte enno fleire. Tilbakemeldingane frå foreldre og deltakarar har vore svært gode. Fokus på læring Sommarskulen i Oslo kom i stand på bakgrunn av svake leseresultat, men tilbyr i dag kurs innanfor basisfaga norsk, matematikk og naturfag, samt språkfag. Det er fokus på læring og faglege utfordringar, men det skal vere ein annleis måte å lære på og det er og lagt vekt på å trivest og få nye venner, fortalde Fossum. Det faglege er difor ofte knytt til praktiske opplegg, som satsinga i år, som er kalla Einstein og fotball, der ein knyter matematikk og fotball i hop. Eit anna døme er Matteknappen, der ein brukar kroppen som utgangspunkt for matematikk, og kombinerer det med symjing. Fysisk økt I det heile er det, ved sida av læring, lagt vekt på det fysiske, med ei økt på ein time i alle kursa. I år kan ein tilby 49 ulike vekeskurs som vert gjennomførte i veke 26 og 27, eller i veke 32 og 33. Fossum gav att eit sitat frå ein av lærarane: Dette er ein draum for ein lærar, med motiverte elevar og eg sjølv som brenn for faget. Det gjer at dei lærer mykje og kan få faglege utfordringar, sa Fossum. Ho tok fram som døme om ein elev som tok kurs i tysk og gjekk frå å knapt tore å opne munnen til å prate som ein foss på språket etter ei veke. Dyktige tilsette Ho fortalde vidare at ein av suksessfaktorane var dei tilsette, som er personar rekrutterte frå universitet og høgskular, lærarar og lærarstudentar og rett og 15 Sommarskule Noko for Vanylven? slett folk med fagkompetanse på eit område. Desse brukar av ferien sin til å gje undervisning og Fossum trekte særleg fram viljen til å få til ting og vere fleksible. Såleis er det aldersblanda grupper og også stor vekt på å tilpasse opplegg til funksjonshemma og utviklingshemma. Ein samarbeider også mykje med institusjonar som Nobelinstituttet, Deichmanske bibliotek og frivillege organisasjonar. I 2008 var det leigd inn ein salsa -instruktør som var rundt på fleire av kursa. Oppstart i sommar? Så gjenstår det å sjå om dette vert eit tilbod også i Vanylven og korleis interessa er. Ei forundersøking her i kommunen eit tidlegare år, synte ikkje så stor interesse då, men kanskje vil dette endre seg med betre kjennskap til tilbodet og meir konkret innhald. Det er for 2009 sett av 312 000 kroner til å opprette eit tilbod og så vidt vi forstår vil ein med det første Stabel til besvær Det er ikkje alltid det luraste å vere stor. Serleg gjeld dette dale-bussen når han hentar elevar i Almklovdalen. KJELL BRENNE For attmed brua oppe ved Kassefossen, ligg ein stabel av småtømmer som i praksis stikk kjeppar i hjula for ein buss av større kaliber når han vil forsere svingen og ta seg over brua. Stabelen med dei oppsaga kjeppane ligg rettnok godt utanfor den oppmerka kvite stripa langs vegkanten, men likevel i vegen på bussen når han skal igjennom den krappe svingen og ta fatt på brua. For busssjåfør Randulf Lillebø vart dette eit problem i går då han brukte ein større buss på daleruta. Åheim skule hadde skidag på Harpefossen og det trongst større buss. Eg veit ikkje kven som har saga og kven det er sin stabel, men han ligg i alle fall i vegen når bussen er så pass lang som denne, fortel Randulf. Han har etterlyst på rådhuset om kven stabelen høyrer til. Det einaste eg veit er at trea vart saga i vinter. Til vanleg køyrer han ein mindre buss på daleruta og det har gått greitt. Å snike seg forbi stabelen har gått bra, utan å ha den store marginen å gå på. Men i går måtte han seie gå ut og søkje etter lærarkrefter med tanke på å starte eit kurs i sommar. IKKJE I VEGEN: Stokkane ligg godt utanfor kvitestripa pp vegen og slik er ikkje noko gale gjort. Det er berre det at svingen er knapp og bussen stor... med foreldra til elevane frammanfor vegskiftet ved grensedehuset at dei måtte køyre elevane ned til skulen om det skulle verte skitur. Og som sagt så gjort. Så langt vi har greidd å finne ut vart tømmeret felt i samband med at eit veglys skulle opp og at kommunen har gitt løyve til fellinga, men at stokkane skulle gå tilbake til grunneigar. På kommunen får vi opplyst at dei har teke kontakt med firmaet Nortun som vil syte for at kjeppane blir flytta. SUKSESS: Rektor ved sommarskulen i Oslo, Lisbeth Fossum, med brosjyren for 2009. Ho kunne fortelje om eit tilbod med stadig aukande popularitet. MÅTTE KØYRAST: Sander Seland Hellebust, Morten Hellebust og Stian Seland Hellebust måtte ha foreldreskyss til grendahuset for å kome på skitur. Randulf Lillebø (i bussdøra) fekk ikkje den store bussen gjennom Kasse- svingen.

Edna regndress, dame før 899,- no 599,- Lotus skibukse før 599,- no 299,-/399,- Jakker no 200,- før opptil 3000,- Nytt for damene: Støyping av negler i akryl m/design Vi kommer hjem til deg og gir deg råd og løsninger Tlf. 700 23 990 - Fiskåbygd SPAR STRØM! 8.000 12.000 kr. pr år Nå er det her, Ildstedet som varmer hele døgnet! Komfortabel og Miljøvennlig varme - Billigere enn strøm! www.jordegard.no Tlf. 908 81406 Jorde AS, 3570 ÅL GRATIS trekjelke! ved kjøp av bålpanne! www.espegard.no 3570 Ål Tlf 3208 6330 slipp sola inn når du selv vil markiser plisségardiner persienner rullegardiner levegger lamellgardiner Vedlikeholdsfrie vindussprosser med 30 års garanti Ring Bjørn, tlf. 952 56 348 bjorninge@fasadeprodukter.no Ring gratis: Tlf.: 800 80 488 www.fasadeprodukter.no 16 BARNAS DAGAR mange gode tilbod frå Skogstad (sjå utsendt ygeblad) Ansiktsmaling og aktivitetsbord Fleecesett, born før 369,- no 199,- torsd./fred. og laurdag VANYLVEN KOMMUNE ANBOD KUNSTGRASBANE EIDSÅ - GRUNNARBEID Vanylven kommune ynskjer tilbod på grunnarbeid for ny kunstgrasbane på Eidså grusbane ved Eidså. Arbeidet omfattar: Bygging av nytt bærelag for kunstgrasbane: 3360m 2. Opparbeiding av grøft for drens- og trekkerøyr for lys. Grøftelengd ca. 340m. Opparbeiding av byggegrop for nytt gjerde. Evt. oppsetting av lysfundament: 4 stk. Legging av drensrøyr og trekkerør, vegetasjonsydding, oppsetting av gjerde vurderast å utførast på dugnad av VanKam FK. Kvalifikasjon: Krav godkjenning i tiltaksklasse 2 etter plan og bygningslova innan fagområdet. Påmelding til anbodskonkurranse: Torsdag 19. mars 2009 innan kl. 10. Skriftleg påmelding via brev, e-post eller faks til prosjekt kontaktperson. Anbodssynfaring: Fredag 20. mars 2009 kl. 13. Oppmøte ved Eidså grusbane. Anbodsfrist: Fredag 3. april 2009 kl. 12, jf. anbodsdokument. Anbodsdokument vert utlevert på anbodssynfaringa eller vert tilsendt ved å kontakte driftsavdelinga. Prosjekt kontaktperson: Helge Kleppe Tlf: 700 30 064 - Faks: 700 30 009 E-post: helge.kleppe@vanylven.kommune.no Ein tek atterhald om politisk godkjenning. vanylven.kommune.no - tlf. 700 30 000 DEMO Vår nye make-up serie NOUBA + neglextension m/design onsdag 18. mars kl. 17-21. Inngong v/solariumet. Lett servering Tlf. 700 23 990 - Fiskåbygd

17 Fiskaa Maskin as i samarbeid med Nystøyl & Fagerhol as har for salg: Innhaldsrike bustader og rekkehusvære i etablert bustadområde på Fredsvoll,Fiskå Stonewall ekte skifer Bustadane er innhaldsrike med god planløysing og livsløpsstandard. Barnevenleg område. Innhald: 1. etasje: - Kjøkken, stove, soverom, bad, vaskerom/bod og gang Garasje med bod. 2. etasje: - Stove, 2 soverom, kott og gang. BRA 130,2 m 2 inkl. garasje/bod. BYGGESTART APRIL for inne- og utebruk, m/hjørner 2 Tilbud nå pr. m og endestein 995,- Queen Salongteppe 160x230, før 2795,- nå 1495,- Eit parti gåveartiklar 70% Vi har for salg 3 rekkehusleiligheter på Fredsvoll, Fiskå. Bustadane har livsløpsstandar. BRA 76 m 2 +.carport/bod. For nærare informasjon/prospekt: Fredsvoll, Fiskå Våre åpningstider er: mandag - fredag 09-17, lørdag 09-15 CENTRUM FARGEHANDEL AS SYVDE - tlf. 700 20 800 - fax: 700 20 805 Nå på lager hos oss: Tlf.: 950 24 583 - kontor: 70 02 45 83 fax: 70 02 45 84 - epost: co skaa@online.no I samarbeid med Nystøl & Fagerhol as Invitasjon! Bygderadio Vest Torsdag 12.3. 13:02 Tankar i tida 13:07 Menneske eg møtte 13:20 Folk fortel- i kveld Alv A Grimstad v/ Arne Ola Grimstad 14:00 Nyhende frå Radio Volda 14:02 Klassisk time 16:00 Nyhende og magasin frå Radio Volda 17:00 Ettermiddagstimen (RS) 18:00 Radiohaud v/ Elevar frå VGS 19:00 Kveldstonar 20:00 Sennepskornet 21:00 Kveldstimen (RS) 22:00 Norrøna Radio Fredag 13.3. 08:00 Tankar i tida I høve byggavisa som kjem 2. april, inviterer vi alle born under 10 år til konkurranse! Teikn draumehuset ditt, og sende teikninga til oss! Eller bygg eit legohus* og ta bilete av det. Vi trekker ut fire vinnarar, som vert premierte og vil få sine hus i avisa. Send teikninga/bilete til: Synste Møre, postboks 53, 6139 Fiskåbygd, innan 23. mars. Bileta kan også sendast på mail til redaksjonen synste.no * Det kan sjølvsagt brukast andre typar klossar også! 08:10 Morgontonar 08:30 Morgonsending v/ Radio Volda 09:00 Ny dag (RS) 09:40 Minitreff (RS) 10:00 Norrøna Radio 11:00 Nyhende frå Radio Volda 11:02 Program frå Fosnavåg 12:00 Kaffipausen (RS) 13:00 Nyhende frå Radio Volda 13:00 Tankar i tida 13:10 Sennepskornet (reprise) 16:00 Program frå Fosnavåg 17:00 Ettermiddagstimen (RS) 18:00 Skumma kultur (Reprise) Sylvi Maria Kornberg 19:00 Folk fortel- i kveld Alv A Grimstad del 2 v/ Arne Ola Grimstad 20:00 Spørretevling Øystein Bakke 21:00 Kveldstimen (RS) 22:00 Nattsending v/arne Ola Grimstad Laurdag 14.3. 11:00 Reprise av nattsendinga Arne Ola Grimstad 21:00 Radio Sentrum Sundag 15.3. 09:45 Gjennom kyrkjeåret v/ Arne Grimstad 10:00 Norrøna Radio 11:00 Møteopptak frå Betel Volda 13:00 Gjennom kyrkjeåret v/ Arne Grimstad 13:15 Helgatonar 17:00 Radio Sentrum 18:00 Helgatonar 20:00 Møteopptak frå Betel Volda 21:00 Helgatonar STILLING LEDIG Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i norsk/norskdidaktikk. Nynorsksenteret. Søknadsfrist : 20. mars. Førsteamanuensis/førstelektor/høgskule lektor i norsk. Institutt for språk og litteratur. Søknadsfrist: 16. mars. Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i pedagogikk. Søknadsfrist: 16. mars. Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i friluftsliv. Søknadsfrist: 22. mars. Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i idrett/kroppsøving. Søknadsfrist: 22. mars. Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i engelsk. Søknadsfrist: 29. mars. Undervisningsstilling i journalistikk Avdeling for mediefag, nyheitsarbeid for fjernsyn. (kjem snart) Full kunngjering på www.hivolda.no/stilling Høgskulen i Volda Boks 500 6101 Volda postmottak@hivolda.no 70 07 50 00 21:30 VKS-sending v/ Betel Måndag 16.03. 08:00 Tankar i tida 08:10 Menneske eg møtte 08:15 Morgontonar 08:30 Morgonsending v/ Radio Volda 09:00 Ny dag (RS) 09:40 Minitreff (RS) 10:00 Norrøna Radio 11:00 Reprise av nattsendinga v/arne Ola Grimstad 12:00 Middagstimen 13:00 Tankar i tida og Menneske eg møtte 16:00 Reprise av nattsendinga v/arne Ola Grimstad 17:00 Ettermiddagstimen (RS) 18:00 Reprise av nattsendinga v/arne Ola Grimstad 19:30 Radiobingo 18000/51 21:00 Kveldstimen (RS) 22:00 Norrøna Radio Tysdag 17.3. 08:00 Tankar i tida 08:10 Menneske eg møtte v/ Arne Grimstad 08:15 Morgontonar 08:30 Morgonsending v/ Radio Volda 09:00 Ny dag (RS) 09:40 Minitreff (RS) 10:00 Norrøna Radio 11:00 Reprise av nattsendinga v/arne Ola Grimstad 12:00 Kaffipausen (RS) 13:00 Tankar i tida 13:10 Menneske eg møtte 16:00 Nyhende og magasin frå Radio Volda 17:00 Ettermiddagstimen (RS) 18:00 Program frå Fosnavåg 20:00 Møteplassen v/ J Moltu 21:00 Kveldstimen (RS) 22:00 Norrøna Radio 23:00 Tysdagsposten SYNSPRØVE Off. godkjent optiker - øye for ditt syn Tlf. 57 85 15 62 Folk Fortel - Ny programserie på Bygderadio Vest Alv A. Grimstad døydde 3. januar i år. Han var ein av dei eldste på Hareid, i sitt 96. år. Alv Grimstad var ein godt kjend mann i heimekommunen, men mange rundt om i bygdene kjende han som losjemannen, korsongaren. Blant dei som hadde han som arbeidskamerat, gjekk han oftast under tilnamnet Smeden. Alv Grimstad arbeidde ved Hjørungavåg verksted frå 1937 til han gjekk av som pensjonist. For to år sidan gjorde Arne Ola eit par intervju med far sin. I det første fortel Alv Grimstad om livet på Hjørungsvåg verksted gjennom fleire tiår, og i eit andre intervju er det barndom, oppvekst og store og små hendingar i barndomsgrenda Alv fortel om. Alv Grimstad hadde eit svært godt minne og hugsa detaljert stort sett frå heile livet sitt. Bygderadioen sender begge intervjua. Programma går onsdag, torsdag og fredag.

18 Få orden på vaskeromet! Vaskeromsmøblar frå Linn Bad. God kvalitet og god pris! Ta med målskisse, så teiknar og møblerer vi vaskeromet ditt Vårkolleksjonen er komen til vår nye avdeling med kle for store og små! Nydelege kle i friske fargar til born 0-12 år frå Claire.dk - uslåeleg på kvalitet og design! Zanussi vaskemaskin kr. 3498,- Tlf. 700 23 990 - Fiskåbygd A.M. VIK AS, 6140 Syvde - Tlf.: 70 02 31 13 Åpningstider: mand. - fred. 09.30-17, laurd. 10-14 Toyota Camry 2,0 89-modell, automatgir, km.stand ca. 265000, EU-godkjent mars 09. I teknisk god stand.delemotor + div. andre delar følger med. Heilt nye piggdekk, sommardekk går ei stund til. Veiavgift for 2009 betalt. Selgast for kr 10.000. Omregistrering ikkje inkludert. Tlf 92412190 E-post: jkr@bta.as Zanussi tørketrommel kr. 2998,- BRANN- STIGE kr. 1995 3,9 m enkel monte- ring - rett på veggen. På lager hos oss Er det fullt i kjellar og på loft? Kanskje nokon vil kjøpe det du ikkje treng meir? Eller du treng noko som andre kan ha liggande? Prøv ei rubrikk-annonse til 50,- + mva i lokalavisa! Ring 700 20 820 eller send mail: redaksjonen@synste.no Vanylven legesenter Legekontoret vert stengt onsdag 18. mars frå kl. 13-16 pga. kurs. For øyeblikkeleg hjelp - ring 700 77 564 Kommunelegen HUS - HYTTER - GARASJER HAR DU BYGGEPLANAR? Spør etter vår nye huskatalog. Den inneheld ei mengd spennande og interessante hustyper, samt mange gode idèar. Finn du ikkje noko som fell i smak, teiknar vi sjølvsagt eit heilt nytt hus spesielt for deg. For deg som har hytteplanar, har vi utarbeidd ein katalog som inneheld 16 fritidshusvære. I tillegg har vi eit stort arkiv med gode idèar. Vi har også eit betydeleg arkiv av garasjer i forskjellige storleikar og fasongar. Ta gjerne kontakt for eit hyggjeleg tilbod! Syvde, tlf. 700 20 800 Tlf. 70 07 60 09 www.bailine.no - Elektronisk trening - Smertelindring - Figurforming synste.no BYGGFAG Nystøl & Fagerhol AS 6143 FISKÅBYGD Tlf. 70 02 08 30 Fax. 70 02 08 31 E-post: post@nystol-fagerhol.no www.nystol-fagerhol.no Gjer som oss, sats på kjende leverandørar! www.byggfag.no

PINSEMENIGHETEN Sion Åheim søndag 15. mars kl. 11 møte v/ Jan Erik Larsen Alle velkomne! Fiskå bedehus Velkomen til møte onsdag 18. mars kl. 19.30 Tale v/ Dagfinn Røsvik Misjonsgåve Kristen muslim misjon ÅHEIM MISJONSHUS Møte i kveld, torsdag 12. mars kl.19.30 v/ misjonssekretær Andrè Sætre. Alle velkomne. Den indre Sjømannsmisjon Årsmøte Fiskå IL skal ha årsmøte tysdag den 24.03.09 kl 18 på Combisenteret Korkafe på Åram skule laurdag 14. mars kl. 16 Sande Kantori, Mannskoret Frendar og Åram Damekor tek del, samt Fiori d Orama Kaffi, smørbrød og kaker Loddsal Alle hjarteleg velkomne! Arr. Åram Damekor For timebestilling: 917 19 818 Frisør May Sekkingstad Sylte Basar i bygdehuset laurdag 14. mars kl. 16 Andakt v/ Oddmund Måseide Song av Kvinneklang Mat og kaffi Alle hjarteleg velkomne Nor misjon Rovde Basar på forsamlingshuset laurdag 14. mars kl. 15 Tale av Johannes Redse. Kor kjekt syng, loddsal, åresal, mat og kaffi Velkomne Santalforeininga Nordfjord Bibelsenter Stårheim Elaine Swanson Søndag 15. mars kl. 16.00 Barnemøte. Alle velkommen VANYLVEN KOMMUNE FORMANNSKAPET OG PLANUTVALET held møte på rådmannens kontor, Rådhuset, Fiskå, tysdag 17. mars 2009 kl. 10.00. På saklista til planutvalet står m.a. kommuneplanens samfunnsdel og reguleringsplan Fiskå sentrum. Saklister er tilgjengeleg på kommunen sine internettsider og på Servicetorget, Rådhuset. Ordføraren vanylven.kommune.no tlf. 700 30 000 Lurer du på om brannslukkingsapparatet ditt fungerar? Vi får besøk av Mørebrannsikring tirsdag 17.03 Så leverer du inn apparatet ditt til oss før kl 12.00, vert det sjekka av fagfolk. Vi har godt utvalg av brannslukkingsapparat (pulver og -skum) og brannvarslara. Stikk innom, overraskelsar på lager!! Coop Byggmix Åheim - tlf.700 20 920 Vi har ope man-lør: 09.00-18.00 (16.00) Annonsa er betalt av vårt forsikringsselskap Gjensidige Forsikring BA 19 Strikkekafé på Syvdetun Vi startar opp att med strikkekafe på Syvdetun tirsdagar: 17. og 31. mars 14. og 28. april kl.16-18 Sal av kaffi og vafler alle velkomne Vanylven Røde kors besøkstjeneste og Vanylven husflidslag Annonsa er sponsa av: Sosialt samvær Fredtun, Syvde laurdag 14. mars kl. 15 Kåseri, song, kaffistund, bingo. Alle velkomne Kvamsøy Stor konsert på Høgtun søndag 15. mars kl. 15.00. Besøk av Merkesteinane frå Volda, koret Ervingen frå Hovdebygda og dansarar frå Kenya. Kaffi og kaker. Utlodning. Fri entre. Ferje frå Larsnes kl. 13.35 om Åram og Voksa. Vi ynskjer alle velkomne til ein uforgløymeleg ettermiddag. Kvamsøy Helselag. Konserten er sponsa av Syvde helselag Årsmøte på Fredtun søndag 29. mars kl. 15. Kiropraktor Henriette Svendsen held foredrag. Alle velkomne. Styret ÅRSMØTE Combisenteret Fiskåbygd tirsdag 17. mars kl. 13 Nordv.bedrift.h.teneste Åheim helselag held basar på misjonsshuset onsdag 18. mars kl. 17 Kåseri v/ Espen Wingaard m.m. Utlodning, mat og kaffi Alle hjarteleg velkomne ÅRSMØTE VANYLVEN SOGELAG held årsmøte tysdag 31.03.09 kl. 18.00 på Vanylven Arbeidssenter. Vanlege årsmøtesaker og sak om vedtektsendring: Tilføying til pkt. 5b - Leiaren har prokura for Vanylven Sogelag Event. merknader og saker ein ynskjer å ta opp - må meldast skriftleg til styret v/leiar Gunnar P. Strand, 6143 Fiskåbygd, event. sekr. Svein Thunem, Øyanevegen 37, 6770 Nordfjordeid. Det vert orient. om Sogelaget sitt arbeid med m.a. oppdateringsarbeidet. Det vert servert kaffi og litt å bite i Vel møtt! Styret Vanylven Sogelag VANYLVEN KULTURSKULE presenterer teaterforestillinga Av Haddy Jatoun N Jie Syvde samfunnshus onsdag 18.03 kl. 19.00 Fiskå Jeg vet hvorfor ungdomshus torsdag 19.03 kl. 19.00 Anbefalt alder: 10 år og oppover Bill. Kr 80,-/40,- (under 15 år) Trubadur Rune Oshaug spelar på puben laurdag 14. mars MUSIKKAFÈ søndag 15. mars kl. 13.00 Kafè og musikk i Ungdomshuset på Fiskå Dragarane Vanylven blandakor Knøttekoret Korpsaspirantar Lynutlodning, sal av kaffi og kaker Arr.: Fiskåbygd skulekorps Ann. bet. av Lakse lét 500 gr. (Hofset Invest) pr. pk. kr. 30,- Tlf. 700 23 008 - Syvde joker.syvde@ngbutikk.net Høg kvalitet og gode tilbud! - Motorsager (inntil 4 års garanti) og tilbehør - Høgtrykksvaskarar, straumagregat og kompressorar mm. - Batteridrillar, slagbormaskiner, og anna el. verktøy. Gjærsager og bordsager mm - Alt i smøreolje, grease og miljøbensin m.m. idag, torsdag Potetball m/tilbehør fredag Varme ostesmørbrød mandag Pytt i panne tirsdag Kjøttkaker m/kålstuing onsdag Prinsefisk Ring oss på 970 99 575 Serv. frå 12.30-16.00 Også klart til å ta med heim! www.matogsaant.no FISKÅ KINO Forbundet for Ledelse og teknikk avd. 101 Vestre Sunnmøre Årsmøte Dato/tid: 27.03.09 kl 19.00 Stad: Hareid hotell Vanlege årsmøtesaker Vi ønsker FLT pensjonister spesielt velkomne. Velkommen! KJØP/SAL/LEIE Plastbåt 13-14 fot ønskes kjøpt, m/u motor. Tlf. 91 17 79 85 Komfyr, oppvaskmaskin, kjøleskap og seng. Ta kontakt på tlf. 70 32 12 29 (dagtid) Skal du pusse opp? Vi har litt ledig kapasitet på våre handverkarar; maling, flislegging, gulvbelegg og tapetsering. Centrum Fargehandel AS, Syvde - Tlf. 700 20 800 Fiskåbygd - tlf. 48 02 68 76 Frisørloftet Frisør Nina Ekremsæter Timebestilling 958 81 785 The Spirit Fredag 13.03. kl. 21.00 Søndag 15.03. kl. 20.00 Alder: 11 år. Tid: 1 t. 4 min Kvar fredag etter kinoen: Buss retur Hakallestranda/Åram, Syvde Rovde og Åheim FILMAR SOM KJEM... Syv liv, My Best Friend s girl, Olsenbanden jr.

SOL & MÅNE Sola står i dag opp 07.05, og går ned 18.31. Der er skumring frå 19.16 og det vert heilt mørkt 21.04. SISTE 20SIDA SYNSTE MØRE SYNSTE MØRE TORSDAG 12. TORSDAG MARS 2009 12. MARS 2009 Månen står i dag opp 21.21 og går ned 06.43. Onsdag 18. mars kl. 18.48 er minkande halvmåne. FLO & FJØRE FLO FLO FJØRE FJØRE Tors. 04.46 17.14 11.10 23.59 Fred. 06.04 18.41 12.38 - Laurd. 07.28 20.05 01.03 13.58 Sønd. 08.33 21'.05 02.13 14.58 Mån. 09.20 21.49 03.06 15.43 Tys. 09.58 22.27 03.49 16.22 Ons. 10.33 23,01 04.26 16.57 Alle utrekningar med utgangspunkt i Fiskåbygd. Kjelde: Statens Sjøkartverk, Tidevasstabellene. Løyve 208/95. FOR 20 ÅR SIDAN Vestavisa 16.mars 1989 Forskrekka dame på tråden Eg må seie at eg reagerte då eg såg i vestavisa at det skal arrangerast ballefest med dans på skjærtorsdag i kafeen på Combisenteret på Fiskå, Eg er ingen pietist, tek gjerne sjølv ein dans, men eg meiner at ein må ha meir repspekt for våre religiøse tradisjonar enn å arrangere dans i den stille uke. Slikt har eg aldri sett før på bygdene og dette må ikkje bli nokon vane, avsluttar dama. (Frå spalten "På tråden") Då helsestasjonen vart for liten... Vi prøver oftast å få ei såkalla gladsak på baksida. Dette er ei slik. For då jordmor i Vanylven, Marianne Brune Leikanger - i framgrunnen på dette biletet og tilsett frå i haust - baud inn til fødselsførebuande kurs tysdag, hadde ho tenkt at det skulle skje i lokala til helsestasjonen. Men så mange melde seg på at dei måtte flytte til kommunestyresalen! Ikkje mindre enn 10 komande mødre, nokre av dei også i følgje med mann eller sambuar, møtte opp og sprengde alle rammer og forventingar. Og tider då vi skriv om svikt i barnetalet ja, så må då vel dette vere ei skikkeleg oppmuntring! Kanskje er det noko i det som vart sagt: Skaffar kommunen jordmor, så skal det bli ei råd med jobb til henne! Når vi så nemner at jordmora berre har fått knapt 40 % stilling, så er det mykje å gå på enno... VIDAR PARR Det var no så enkelt før i tida. Dette med kjærleik og slikt, meinar eg. Tippoldefar min, til dømes, han tok med seg klarinetten sin og sette seg oppi Skårabakken og spelte ein lystig melodi. Nede på Støylen fanst det ei taus som høyrde dei smektande tonane, og så var det gjort. Eller oldefar min, han Martinus, han leitte fram blyantstump og papir ein kveld, så skreiv han eit brev som han sende med einkvan han stolte på av kvinnekjønnet, for å overlevere til ho Karen i kyrkja på søndagen. Og var det noko Martinius kunne, så var det jo å ordlegge seg. Så gjekk det slag i slag, og før Karen visste ordet av det, vart ho kalla Martines-Karn. Og då var det jo gjort. Ja, dei fekk det til, desse karane. Dei hadde gode kort på hand, og spela dei bra. Håva inn potten. Og slik skulle det jo vere, den gong: det var karane som skulle ta initiativet, det var dei som måtte føre an, kurtisere og invitere. Tausene skulle vere nettopp det: tause. I alle fall ikkje vere dei som ymta frampå om kven dei ville ha. Tenk det. Å ikkje få ymte frampå om kven dei ville ha! Når eg treff mine fantastisk vakre, sterke og underleg nok single venninner, er det ikkje akkurat snakk om ymting i det heile tatt. Vi seier det rett ut som det er: Han vil eg ha!, kan vi til dømes seie. Eller: Han skal eg ta!, kan vi også seie, og så skålar vi for det. Ikkje nødvendigvis i musserande vin eller i gin & tonic, som menn ofte kallar damedrykk i ein litt nedlatande tone, men vi skålar gjerne i whisky. For menn har heller ikkje nokon fyrsterett på brunt brennevin, om dei innbilte seg det. Sist helg var Kvinnedagen. Ein dag eg synest godt om, og denne dagen er eg snar med å sende gratulasjonar i aust og PÅ TAMPEN Møt meg bak hesa når det doggfell vest til mine medsystrer. Eg vert rett og slett stolt: Kvinnemennesket er ein framifrå skapnad! Eg vert også aldri så lite krigersk slike dagar. Får lyst til å kakke menn i hovudet med ein jarstaur, eller eitkvart. Ikkje fordi eg ikkje likar dei, tvert om, men for å minne dei på at vi er på lik line, berre. Kakke dei ned eit par hakk. Kvinnedagen kan vere eit godt høve til å avruse dei frå sine eigne store ego og høge testosteron-nivå. Eventuelt kan kvinnedagen vere eit godt høve til å syne at vi faktisk likar desse tullingane, og gje dei ein sjanse til å syne kor godt dei likar oss: Ei venninne av meg, til dømes, gjekk ned på kne og fridde. Ho fekk ja. Slikt hadde vore ganske uhøyrt for berre ein generasjon sidan. Heldigvis er det annleis no. Ja, takk for det! Eg synest det er ei bra utvikling. Men av og til stussar eg litt. For kanskje har noko forsvunne også, ein stad på vegen. I måten å møtast på. Noko er borte. Noko med magien, trur eg. Eller romantikken, kanskje? Før i tida hadde dei stemnemøte, då. Kor romantisk høyrest ikkje det ut! Eg ser det føre meg: Det er sommar, akkurat i det sola renn og det doggfell, høyangen står tjukk mellom fjella, fuglane syng hjartet si fryd, markane fulle av heser, og bak ei av dei strår ein mann og ei kvinne, med raude kjakar, kanskje ein blome bak øyret, store smil, latter og prat. Så er det gjort. Dagen etter er dei forlova. Men no for tida. No går vi på date. Og kor kjedeleg og inkjeseiande høyrest det ikkje ut. Amerikanisert og tullete. Sitte der med ein drink og gjere seg interessante for kvarandre. Eller sitte der i kinomørkret og håpe på at ein ler eller gret på dei rette plassane. Etter ein date, kan ein slett ikkje seie: No er det gjort. Slik er det ikkje lenger. Fort komplisert vert det også: kor mange gongar må ein date før ein kallar seg kjærestar, til dømes. Eller kan ein date fleire samstundes? Er dette med dating noko vi finn på berre fordi vi ikkje vil forplikte oss? Fordi vi ikkje tør? Fordi vi er vorte ein gjeng med pyser som ikkje vil verte vaksne før vi er førti? Nei, takke meg til eit stemnemøte bak hesa! På gamlemåten. Men eg vil gjerne vere den som inviterar. HILDE MYKLEBUST hilde@gmail.com ADRESSE M.M: Postboks D, 6139 Fiskåbygd Telefon 70 02 08 20. Telefax 70 02 08 25. Bankgiro: 3972.20.33233 Heimeside: www.synste.no E-post: redaksjonen@synste.no INNLEVERINGSFRISTAR for annonsar: Tysdag kl. 14.00 Større forr.ann.: Måndag kl. 16.00 BLADPENGAR: Heilår: 650 kroner Halvår: 325 kroner Student (10 mnd) : 350 kr Tillegg for porto utanom Norden LAYOUT/ UTGIVAR: Synste Møre AS, 6139 Fiskåbygd PRENT: Edda Trykk Nordvest AS Best lokalt 70 02 08 20 PRIVAT-TELEFONAR/E-POST: Red/dgl.leiar Vidar Parr, privat 70 02 13 76. mobil, 950 245 48 e-post: vidar@synste.no Annonsekons. Rønnaug Søvik privat 70 02 01 38 mobil 951 40755 e-post: ronnaug@synste.no Journalist Ole Magne Kvalsvik mobil 911 84479 e-post: olemagne@synste.no Journalist Kjell Brenne privat 70 02 41 22 mobil 950 24553 e-post: kjell.brenne@adsl.no Synste Møre er medlem i Landslaget for lokalaviser (LLA)