SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAV D E L I NGA RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING DETALJREGULERING AV GARTNERHAGEN GNR/BNR 28/48 FLORA KOMMUNE Utsyn over Gartnerhagen. Mot NA. Foto: Karoline Hareide Breivik.
2 Kommune: Flora Gardsnamn: Nyland Gnr/Bnr: 28/48 Tiltakshavar: Adresse: Terje Rognaldsen Namn på sak: Detaljregulering for Gartnerhagen Saksnummer: 15/4514 Prosjektnummer: Registrering utført: 07.07.15-08.07.15 Ved: Karoline Hareide Breivik og Ine Askevold Hansen Rapport utført: Ved Karoline Hareide Breivik Autom. freda kulturminne i området: 0 Nyare tids kulturminne i området: 0 Askeladden id SAMANDRAG I samband med kulturminneregistreringa av Gartnerhagen vart det ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne eller indikasjonar på slike. Planområdet vart undersøkt ved maskinell sjakting og overflateregistrering, der det primært vart leita etter aktivitetsområde frå steinalder og jarnalderen. 4 dagsverk vart nytta i felt og 1 dagsverk er nytta på etterarbeid. Ingen C14 prøver er sendt inn til datering. Ingen automatisk freda kulturminne vart påvist. BAKGRUNN FOR PLANEN Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Kulturavdelinga gjennomførte ei arkeologisk registrering i Gartnerhagen i perioden 07.07.15-08.07.15. Bakgrunn for registreringa er Terje Rognaldsen sin plan om detaljregulering av Gartnerhagen. Registreringa vart utført for å oppfylle tiltakshavars undersøkingsplikt jamfør 9 i lov om kulturminne.
3 OMRÅDET Figur 1: Planområdet markert i blått. seeiendom.no/khb
4 Figur 2: Kart som synar planområdet Området ligg sør om Storevatnet i Florø i Flora kommune på gbnr 28/48 og er på 22,4 dekar. Området aust om hagesenteret er i dag ei mark, området sør om Storevatnet har i dag ein gangveg med skog på begge kantar i nord og sør.. Figur 3: Tidlegare registrerte kulturminne i nærleiken av planområdet. askeladden.ra.no/khb Av tidlegare registrerte kulturminne i nærleiken av planområdet er det eit aktivitetsområde frå yngre steinalder (ID: 107432), ei ballastrøys frå 1800-talet (ID: 139431), to skipsfunn frå 1900-talet, fyrste kvartal (ID: 145102 & 145100) og ein kyrkjestad frå 1800-talet, fjerde kvartal (ID: 84164).
5 STRATEGI OG METODE DELTAKARAR OG TIDSROM Arkeologane Karoline Hareide Breivik og Ine Askevold Hansen utførte den arkeologiske registreringa i Gartnerhagen i perioden 07.07.15-08.07.15 STRATEGI OG METODE Planområdet vart undersøkt ved visuell overflateregistrering og maskinell sjakting. Ved maskinell sjakting bruker ein gravemaskin for å fjerna torv og matjord ned til kulturminne eller steril undergrunnen. Området som vert opna blir deretter undersøkt av arkeologar. Sjaktene er vanlegvis om lag 3m breie med ei lengd tilpassa planområdet. Det vart opna 3 sjakter på planområdet, alle var negativ for funn. Arkeologane gjekk også over resten av planområdet og utførte ein visuell overflateregistrering. Ved ein overflateregistrering blir eit området nøye undersøkt for synlege strukturar i overflata som kan tyde på førhistorisk aktivitet. Ved mistanke om førhistoriske strukturar blir området undersøkt ved hjelp av eit jordbor eller ved prøvestikk. Eit prøvestikk tek ein ved å grave eit kvadrat på 40 x 40cm ned til den sterile undergrunnen. Ein fjernar torva og såldar om nødvendig jordmassane under. Om massane er fine og tørre kan dei tørrsåldast, men stort sett blir dei sålda i vatn eller sjø med eit såld med 4 mm maskevidde. Slik kan ein sjå om det finns spor etter førhistorisk aktivitet i området i form av til dømes trekol. RESULTAT Figur 4. Sjakt 3, mot A, S-A, foto: KHB Sjakt 3 måtte avsluttast då den vart for djup (1.7 meter). Området i den sørlege delen av marka var prega av våt myr, så det vart ikkje opna fleire sjakter i området.
6 Figur 5: Sjakt 2 mot V, N-V, foto: KHB Sjakt 2 var grunnare i den vestelege enden, om lag 30 cm. I den austlege enden var sjakta om lag 50 cm djup. Det kom fram eit gamalt rør i den austlege delen av sjakta mot sør. Figur 6: Sjakt 1 mot A, S-A, foto: KHB Sjakt 1 var om lag 50-60 cm djup. I den austlege enden av sjakta kom det fram 2 gamle røyr.
7 KONKLUSJON Det vart gjennomførte ei arkeologisk registrering i Gartnerhagen i perioden 07.07.15-08.07.15. Det vart opna 3 sjakter innanfor planområdet, alle negative for spor etter førhistorisk aktivitet. Det vart også føretatt ein overflateregistrering rett sør om Storevatnet, langs gangstien, heller ikkje her vart det påvist spor etter førhistorisk aktivitet. FØRDE 24.07 2015...Karoline Hareide Breivik... Feltleiar Vedlegg: Vedlegg 1. Fotoliste Vedlegg 2. Liste over sjakter Vedlegg 3. Foto Vedlegg 4. Innmålingar VEDLEGG 1: FOTOLISTE Nr. Motiv Retning Dato Fotograf 1 Planområdet N-A 07.07.15 KHB 2 Planområdet A, N-A 07.07.15 KHB 3 Sjakt 3 S-A 07.07.15 KHB 4 Sjakt 3 N 07.07.15 KHB 5 Sjakt 2 A, S-A 07.07.15 KHB 6 Sjakt 2 V, N-V 07.07.15 KHB
8 7 Gamalt røyr i den austlege enden av sjakt 2 S 07.07.15 KHB 8 Sjakt 1 N-V 07.07.15 KHB 9 Gamalt røyr i den austlege enden av sjakt 1 N-V 07.07.15 KHB 10 Sjakt 1 S-A 07.07.15 KHB 11 Gangstien sør om Storevatnet 12 Gangstien sør om Storevatnet A 08.07.15 IAH S 08.07.15 IAH VEDLEGG 2: LISTE OVER SJAKTENE Sjakt Gbnr. Storleik Undergrunn Masse over Strukturar/Funn Sjakta av 1 28/48 Om lag 27 meter Leirhaldig Torv, matjord Funntom KHB &IAH 2 28/48 Om lag 25 meter Leirhaldig Torv, matjord Funntom KHB &IAH 3 28/48 Om lag 8 meter Myr Torv, matjord, våt myr Funntom KHB &IAH
9 VEDLEGG 3: FOTO VEDLEGG 4: INNMÅLINGAR Kart som synar dei opna sjaktene i Gartnerhagen i Florø. ArcMap/KHB