MAI Månadsskriv for Nøtteliten Tilbakeblikk på april: I april hadde me «turglede i naturen» og «påske» som tema. Me gjekk på fleire lange fine turar, kor me fekk auge på endå fleire vårteikn. På turane fann me blant anna påskeliljer og hestehov langs vegen. Me har og hatt om påske og det som høyrer påsken til. Blant anna fekk me besøk av kateketen som fortalde litt om kvifor me feirar påsken, dette syntest barna var veldig spanande!
Målet for sosial kompetanse i april var at me skulle øve oss på å hjelpe kvarandre og dele. Dette snakka me om i «Være samansamlingane», men også i kvardagssituasjonar som blant anna påkledning i garderoben. Om me som vaksne minner barna på at dei kan hjelpe kvarandre i staden for å stå å vente til ein vaksen er ledig bidreg me til at barna opplev samhandling, mestringsglede og det å vere ein god hjelper. «Sosial kompetanse er en forutsetning for å fungere godt sammen med andre og omfatter ferdigheter, kunnskaper og holdninger som utvikles gjennom sosialt samspill. I barnehagen skal alle barn kunne erfare å være betydningsfulle for fellesskapet og å være i positivt samspill med barn og voksne.» (Rammeplan for barnehagen)
Kva skjer i mai? I mai skal me læra meir om nasjonaldagen vår. Me skal sjå nærmare på korleis det norske flaget ser ut, kva fargar og geometriske former det har. 17. mai tog er også ein viktig del av feiringa og derfor skal me øve på å gå i tog med flagg i den eine handa samtidig som me syng nokre av dei tradisjonelle syttande mai songane som brukast her på Lyefjell. Me vil også gjere det fint ute til syttande mai og skal derfor ha ein felles «ruskendag», kor me sopar ute og plantar blomar. 16. mai skal me feire med å gå i tog, ha kjekke aktivitetar på leikeplassen og is. I være saman samlingane og elles i kvardagen skal me ha fokus på det å glede andre. Me skal snakke om korleis me kan vere eit godt medmenneske og glede dei rundt oss. Mai er også ein stor bursdagsmånad på Nøtteliten. Ida blir 2 år 4. mai, Vetle blir 2 år 10. mai, Sanne blir 3 år 10.mai og Thea blir 3 år 23. mai. Hipp hipp hurra! Månadens songar er «Nå er det syttande», «Ja, vi elsker dette landet» og «Lyefjell barnehage, hei hei hei». Tema og mål for mai: Tema: «17. mai» og «glede andre». Sosial kompetansemål: Korleis kan me glede andre? Språkmål: Me øvar på 17. mai songar! Mattemål: Det norske flaget. (Fargane raud, kvit, blå og dei geometriske formene me finn i flaget).
H U G S! 1., 17., 30. og 31. mai er barnehagen stengt. Tysdag 28. mai tek rød gruppe taxi ned til Jærbarnehagen for å vere med på «Toddlerdagen». Fint om barna kjem til klokka 9.00 denne dagen. Varmere dager er på veg då er det fint om de sjekker korgene, tek med vinterklær heim og fyller på med litt tynnere tøy. VEKEPLAN Dag Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Tema Fysisk aktivitet Kl: 09.00: Gymsal Leik og språk Sosial kompetans e Antal, rom og form Plan Kl: 10.30: Møtedag Leikegrupper
Månadsskrivet finn de på heimesida vår: www.minbarnehage.no/lyefjell og me heng opp eit eksemplar igarderoben. Mobil nr. til Nøtteliten: 46 84 87 00 Mailadresse til ped. leier: id: turid.fosse@time.kommune.no Maren: maren.steinsland@time.kommune.no Helsing id, Maren, Karin, May Ellen, May Rita og Helene