GLADE ELDRE PÅ SYKKEL EIT PROSJEKT I REGI AV NASJONALFORENINGEN JØLSTER HELSELAG MED STØTTE FRÅ:
Forord: Nasjonalforeningen Jølster helselag fekk i 2016 prosjektmidlar frå Extrastiftelsen til prosjektet «Glade eldre på sykkel». Medlemar av helselaget har vore prosjektdeltakarar i godt samarbeid med Røde Kors, bygdekvinnelaget og pårørandegruppa. Kontaktpersonar i kommunen har vore folkehelsekoordinator, frivilligsentralen og avdelingsleiar på omsorgssenteret. Samandrag: Mange eldre vert dessverre passive og får redusert funksjonsnivå. Jølster helselag har difor kjøpt inn 2 stk Motiview syklar med abbonement på tilhøyrande filmar frå vegstrekningar i Jølster, til bruk på begge omsorgssentera i kommunen. Motiview syklane skal vere eit motivasjonsverktøy for å stimulere til fysisk aktivitet. Målet var at personar med demens og eldre generelt skulle få moglegheit til auka fysisk aktivitet i nærleiken av der dei bur, og i tilknyting til aktivitetar dei er med på. Syklane skal vere lett tilgjengelege slik at eldre utanom institusjonane også kan nytte seg av dei. Finansieringa av prosjektet er gjennom midlar frå Extrastiftelsen. Jølster helselag har bidrege med eigne midlar og med dugnad i prosjektet. Vi hadde tenkt å plassere to syklar på kvart av omsorgssentera i kommunen. Sidan vi ikkje fekk støtte frå andre instansar og eine omsorgssenteret var ute av drift i prosjektperioden fekk vi godkjend endring i prosjektet og kjøpte inn kun to syklar. Jølster helselag gjekk inn med dobbelt så mykje av eigne midlar enn det som var tenkt. Først vart det gitt opplæring til fysioterapeut, til personalet i heimetenesta og på omsorgssenteret i bruk av syklane. Vidare vart det gitt opplæring til frivillege i Røde Kors besøkstenesta, medlemar i heleslaget og pårørandegruppa som er tilknytta omsorgssenteret. I stadenfor "stand"i samband med "Jølstravatnet rundt" hadde helselaget ein aktivitetsdag i lag med andre frivillege lag og organisasjonar der vi presenterte syklane og prosjektet. Vi har også arrangert ein temakveld for frivillege og pårørande. I tillegg har vi arrangert ein temadag for alle eldre i kommunen med presentasjon av syklane. Jølster helselag har gitt støtte til at 4 personar fekk delta på motivasjonskonferanse for opplæring og inspirasjon til vidare bruk. Prosjektet har vore helsefremjande både fysisk og psykisk. Slik vi ser det gir det brukarane auka livskvalitet og trivsel. Sjølv dei bebuarane på omsorgssenteret som av ulike grunnar ikkje nyttar sykkelen, har stor glede av å sitte ved sida av og sjå dei lokale filmane rulle og gå på TV- skjermen når ein av dei andre bebuarane syklar. Prosjektet gir auka fysisk aktivitet og betre trivsel for ei gruppe som ofte vert passiviserte og lite aktive i kvardagen. Dette vil truleg betre fysisk og psykisk helse, og kan vere med å førebyggje mellom anna fallulukker, rastløyse og søvnproblem. Jølster helselag vil i samarbeid med Jølster frivilligsentral og pårørandegruppa forvalte den vidare bruken av utstyret, vidareføre utlån og integrering av bruk knytt til dei etablerte aktivitetane. Planen er å lære opp nye pårørande og frivillege kontinuerleg slik at fleire kan nytte seg av syklane.
Bakgrunn for prosjektet/målsetting: Mange eldre vert dessverre passive og får redusert funksjonsnivå. Særleg i vinterhalvåret er det ei utfordring for mange eldre å behalde sitt fysiske funksjonsnivå. Også personar med demens har vanskar med å oppretthalde fysiske aktivitet fordi det er utfordrande å gå tur på eiga hand og finne tilbake til heimen. Motiview syklane skal kunne bidra som eit godt alternativ og vere eit motivasjonsverktøy for å stimulere til fysisk aktivitet. Syklane kan justerast utifrå brukaren sitt nivå. Dette er ein fin aktivitet som kan førebyggje falltendens og bidra til styrke og balanse slik at brukarane opprettheld sine fysiske funksjonar. Vi tenkte å plassere to syklar på kvart av omsorgssentera i kommunen. Syklane skulle vere lett tilgjengelege og enkle å ta i bruk. Finansieringa av prosjektet er gjennom midlar frå Extrastiftelsen. Jølster helselag har bidrege med eigne midlar og med dugnad i prosjektet. Sidan vi ikkje fekk støtte frå andre instansar og eine omsorgssenteret var ute av drift i prosjektperioden fekk vi godkjend endring i prosjektet og kjøpte inn berre to syklar. Jølster helselag gjekk inn med dobbelt så mykje eigne midlar, enn det som var tenkt. Sidan vi ikkje hadde brukt alle midlane vi fekk tildelt frå Extrastiftelsen for 2016, fekk vi vidareført ubrukte prosjektmidlar til 2017. Dei skulle brukast til ekstrautstyr til sykkel og til eit nytt årsabbonement for filmbiblioteket. Ekstrautstyret gjer det muleg for brukarar med lammingar pga hjerneslag eller muskelsjukdomar å bruke sykkelen. I tillegg har vi kjøpt ein ekstra Tvskjerm slik at alle skal kunne bruke sykkelen i heimen, uavhengig om ein har Tv som kan koblast til Motiview eller ikkje. Det eine omsorgssenteret i kommunen har i løpet av prosjektperioden vore under ombygging. No er omsorgssenteret ferdigstilt og den eine sykkelen er no plassert der, i tillegg skal den brukast til utlån til heimebuande eldre. Slik får vi utnytta kapasiteten best mogeleg. Sidan vi har kjøpt ekstrautstyr til syklane er det ingen begrensingar på kven som kan bruka syklane. Målet med prosjektet er å aktivisere eldre i heile Jølster, med fokus på førebygging og rehabilitering. Syklane er også fine og bruke som aktivitet og stimulering for personar med demens. Eldre generelt skal få mogelegheit til auka fysisk aktivitet i nærleiken av der dei bur og i tilknyting til aktivitetar dei deltek på i tilknyttning til omsorgssenteret. Vi har difor kjøpt inn 2 stk Motiview syklar med abbonement på tilhøyrande filmar frå vegstrekningar i Jølster. Syklane er lett tilgjengelege slik at eldre utanom institusjonane også skal kunne nytte seg av dei. Målgruppa er personar med demens, andre eldre og personar med redusert funksjonsevne eller behov for rehabilitering, i heile kommunen.
Prosjektgjennomføring: Helselaget plasserte ein sykkel på omsorgssenteret på Skei og den andre vart brukt til utlån. Medlemar i helselaget hadde først opplæring til fysioterapeut, personalet i heimetenesta og omsorgssentera, i bruk av syklane. Vidare vart det gitt opplæring til frivillege i Røde Kors besøkstenesta, medlemar i helselaget og pårørandegruppa som er tilknytt omsorgssenteret. Vi har også arrangert ein temakveld for pårørande og frivillege der vi presenterte prosjektet og hadde opplæring i bruk av sykkelen. Opplæring til pårørandegruppa og testing av sykkel.
I stadenfor "stand" i forbindelse med "Jølstravatnet rundt" slik vi hadde planlagt, arrangerte Jølster helselag ein aktivitetsdag i lag med andre frivillege lag og organisasjonar der vi presenterte syklane og prosjektet. I tillegg var vi med å arrangert ein temadag for alle eldre i kommunen med presentasjon av syklane. Jølster helselag har også gitt støtte til at 4 personar kunne reise på motivasjonskonferanse for opplæring og inspirasjon til vidare bruk av Motiview syklane. Bebuarar på omsorgssenteret syklar ivrig Jølster helselag har også lagt ut bilder og informasjon om prosjektet på kommunen si nettside. https://www.jolster.kommune.no/nyhende/glade-eldre-pa-sykkel-i-jolster.11801.aspx I tillegg har vi hatt ein artikkel i lokalavisa der vi har informert om prosjektet. Vi har også laga plakatar som har vore hengt opp rundt om kring, slik at flest muleg skal få informasjon om prosjektet og bruk av syklane.
Resultat: Prosjektet har vore helsefremjande både fysisk og psykisk. Slik vi ser det gir det brukarane auka livskvalitet og trivsel. Sjølv dei bebuarane på omsorgssenteret som av ulike grunnar ikkje nyttar sykkelen, har stor glede av å sitte ved sida av og sjå dei lokale filmane rulle og gå på TV- skjermen når ein av dei andre bebuarane syklar Motivasjonskurset vart arrangert av Motitech som er leverandør av syklane. Dette var svært positivt og motiverande og har ført til at ein frivilleg stiller opp 1 2 dagar i veka og hjelper bebuarane på omsorgssenteret med sykkelen. Det viser seg at det er stor glede hjå bebuarane. I tillegg til fysisk aktivitet får dei «sjå seg rundt» i kjende omgjevnader og det er ei fin avveksling i kvardagen. Det vert også ført logg på kvar enkelt bebuar på kor mykje dei syklar kvar gong. Slik kan ein måle effekt av syklinga, og vi har oversikt på kor mykje sykkelen vert brukt. Planen var at også personalet ved omsorgssentera og heimetenesta skulle ta i bruk syklane i den daglege aktiviteten med bebuarane. Dette viser seg at det ikkje fungerer så godt, til tross for fleire opplæringsbolkar. Hovudgrunnen er nok at dei har ein travel kvardag, og er difor avhengig av at frivillege og pårørande sjølve tek ansvar for å organisere bruk av syklane. Vidare planer: Vi vil halde fram med dugnadsarbeid etter at prosjektperioden er avslutta. Jølster helselag vil i samarbeid med Jølster frivilligsentral og pårørandegruppa ved omsorgssenteret forvalte den vidare bruken av utstyret, og vidareføre utlån og integrering av bruk knytt til dei etablerte aktivitetane. Vi vil også halde fram med kontinuerleg opplæring til nye brukarar, pårørande og frivillege.