MØTEINNKALLING Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: rådhuset Møtedato: 06.06.2007 Tid: Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 16/07 07/710 MØTEPLAN FOR 2. HALVÅR 2007 17/07 06/467 420 KV KRAFTLEIDNING ØRSKOG-INDRE SOGN YMSE Balestrand 10.02.16 NN Ordfører/leiar
Sak 16/07 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 16/07 Formannskapet 06.06.2007 Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 080 Arkivsaknr.: 07/710 MØTEPLAN FOR 2. HALVÅR 2007 Vedlegg: Framlegg til møteplan 2. halvår 2007 Bakgrunn: Lovheimel: SAKSOPPLYSNINGAR I samråd med ordførar er det sett opp framlegg til møteplan for 2. halvår 2007. Det er teke omsyn til andre viktige møte m.v. som ein kjenner til no, og møteplanen er forsøkt tilpassa til budsjettprosessen og sak om 2. tertialrapport. VURDERING Rådmannen si tilråding: Møteplan for 2. halvår 2007 vert fastsett i samsvar med vedlagd framlegg.
MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 26/06 Formannskapet 07.06.2006 17/06 Kommunestyret 22.06.2006 17/07 Formannskapet 06.06.2007 Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkivsaknr.: 06/467 Arkiv: T11 420 KV KRAFTLEIDNING ØRSKOG-INDRE SOGN Vedlegg: Brev frå NVE, 20.03.07 Konsekvensutgreiing, søknad om konsesjon, ekspropriasjonstillatelse og forhåndstiltredelse, Statnett februar 2007. (utdrag) Bakgrunn: Melding om 420 kv kraftline frå Ørskog til Indre Sogn, Stanett, 31.03.2006 (utdrag) Kommunestyresak sak 17/06 Lovheimel: SAKSOPPLYSNINGAR Balestrand kommune har motteke konsekvensutgreiing, søknad om konsesjon, ekspropriasjonstillatelse og forhådstiltredelse melding om bygging av ny 420 kraftline frå Ørskog i Møre og Romsdal til Fardal i Sogn. Det mottekne materialet som følgjer søknaden er omfattande, og av praktiske grunnar er difor berre delar av dette lagt ved saka. Resten kan ein få innsyn i ved å vende seg til administrasjonen. Søknaden ligg og på nve sine heimesider, jf vedlagt brev. Føremålet med høyring av søknaden er å kunne gje uttale på valde løysingar, er desse godt nok utgreidd eller bør alternative løysingar veljast eller utgreiast nærare. Fristen for uttale er sett til 22.06.2007. Traseval Gjennom Balestrand kommune er kraftlina søkt bygd i same trase som dagens 300 kv kraftline kraftline (drifta som 132 kv line). Dette gjeld både fjordkryssinga over Fjærlandsfjorden, kryssinga over Esefjorden og vidareføring av line opp til og gjennom Langedalen. Den nye kraftlina vil bli om lag som eksisterande line, men med noko kraftigare master og noko tjukkare liner. Eksisterande 300 kv line vil bli rive før den nye lina vert bygd.
Alternativt traseval som har vore vurdert er å krysse Fjærlandsfjorden lengre inn i området ved Storholten og over fjorden til fjellsida mellom Skopargjelet og Galdane (alternativ 1.26). Dette i tråd med uttale til meldinga frå Balestrand kommune. Statnett har ikkje søkt på å bygge kraftlina etter dette alternativet. Dette vert grunngjeve med auka kostnad, inngrep i område med rødlistart samt at denne traseen fører til at nye område vert berørte på begge sider av fjorden. Lina vil synast mindre frå Balestrand, men betre frå område i Fjordane. Alternativt traseval har også vore vurdert inn Esedalen (alternativ 1.25). Denne vert heller ikkje omsøkt på grunn av rasfare. Avbøtande tiltak Som avbøtande tiltak som er aktuelle i Balestrand er det i tillegg riving av 300 kv lina skissert. Kamuflasjetiltak maling av master og bruk av matte liner og isolatorar. Statnett er innstilt på å kamuflere med maling av master for deler av anlegget der NVE pålegg dei det. Statnett ser delar av strekninga Esebotn Balestrand Fardal aktuell, utan at dette er spesifisert nærare. For isolatorar er ikkje nokon del av strekninga nemnt, men Stanett ynskjer fortrinnsvis at NVE eventuelt set krav om matte glas isolatorar og at kompositt ikkje vert pålagt i fjellterreng og terreng med dårleg tilgjenge. Matte liner er lagt opp til gjennomgåande Merking av luftfartshindre Statnett ber om at det vert lagt opp til bruk av automatisk flyvarslingssytem, OCAS eller liknande, for lengre spenn over større dalar eller fjorder. Dette gjer at slike spenn ikkje treng merkast med signalmaster og blåser på leidningane. Det er i søknaden ikkje sagt eksakt kva spenn ein ynskjer slik merking for, men det er lista opp nokre fjordspenn som er aktuelle. Fjærlandsfjorden er nemnt. Medan Esefjorden ikkje er det: Kryssingene av Storfjorden, Hjørundfjorden, Austefjorden og Fjærlandsfjorden samt enkelte kryssinger av daler kan bli aktuelle for slik merking. Elektromagnetiske felt ved busetnad Tiltak er aktuelle ved elektromagnetisk felt over 0,4 mikro Tesla. Slikt felt kan oppstå nærare lina enn 75 meter frå lina når denne heng ca 15 meter over bakken. Heng lina høgre vil feltet bli redusert. I Balestrand ligg hus ca 70 m frå lina på Grøneng under fjordspennet. Statnett skriv; Linene henger her høyt og magnetfeltene ved bebyggelsen blir derved betydelig redusert. Det er ikkje foreslått tiltak. På spørsmål på møte med NVE og Statnett i samband med søknaden vart det frå kommunen si side spurt om byggeavstand for bustader til fjordspennet. Statnett oppgav då dette til 10 meter utom ytterste line. Kabling Kabling av lina er til ein viss grad utgreidd i samband med søknaden. Då dette spørsmålet har vore aktualisert lokalt frå politisk hald vert samanfatning i konsekvensutgreiinga lagt ved. Det er også laga ein eigen og meir omfattande delrapport som er tilgjengeleg. For Balestrand er det berre vurdert eit alternativ med kabling direkte mellom Fardal og Ørskog, dvs ein kabel som passerer midt i Sognefjorden. Det er ikkje vurdert kabling av delstrekningar i Sogn, td Fardal- Ese for så å vidareføre lina på land. Det er derimot utgreidd kabling av delstrekningar i Møre
og Romsdal og i Nordfjord som kan vere relevante å samanlikne med. Det vert vist utdraget frå konsekvensutgreiinga. Søknad om dispensasjon frå kommuneplan Statnett søkjer om dispensasjon for tiltaket frå gjeldnde kommuneplan. Kommunane kan gje dispensasjon, alternativt krevje reguleringsplan for større tiltak VURDERING Balestrand kommune gav i kommunestyresak 17/06 følgjande uttale til meldinga til kraftlina: Vedtak Balestrand kommune er ut i frå ei samfunnsmessig grunngjeving i utgangspunktet positive til bygging av ny 420 kv kraftline som omsøkt. Balestrand kommune vil på bakgrunn av meldinga gje klart uttrykk for at det er uakseptabelt med parallellføring av to så store liner gjennom kommunen. Dette vil føre til merkbare inngrep i landskapet og negative konsekvensar i første rekke for næringslivet som rettar seg mot turisme og reiseliv. Balestrand kommune er såleis samd i Statnett sitt eige framlegg om å spesielt å vurdere sanering av 300 kv (132 kv) lina frå Fardal til Høyanger. Frå Balestrand kommune si side er det då viktig at det vert utgreidd og lagt opp til tilfredsstillande forsyningssikkerheit til Høyanger. Luftspennet over Fjærlandsfjorden for den nye 420 kv-linja må gå mellom området ved Storholten (der det i dag står mastrer for luftspennet til Meneseggi) og over fjorden til fjellsida mellom Skopargjelet og Galdane, eventuelt til eit området mellom Skopargjelet og Sandskreda om det er mogeleg. Grunngjevinga for dette er at den nye 420 kv-kraftlina etter planane til Statsnett vil gå i nærleiken av busetnaden i Dragsvikområdet. Også Sognekraft sitt fjordspenn bør vurderast lagt til same trasé. Ein har ved å legge fjordspennet litt lengre inn i Fjærlandsfjorden, eit unikt høve til å sleppe unna den uvissa som er knytt til helserisikoar ved kraftliner. Ein ber difor om at slik lineføring vert utgreidd og vurdert i samband med konsekvensutgreiinga. For heile strekninga gjennom Balestrand kommune må mastrer og trådar ved fargeval kamuflerast mest mogeleg. Samrøystes Søknaden frå Statnett er i samsvar med kommunen sin tidlegare uttale til meldinga med omsyn på at eksisterande 300 kv-line må rivast før det vert bygd ny line. Søknaden er også i samsvar med uttalen ved at den på meir generelt grunnlag opnar avbøtande tiltak med kamuflasje av master og liner samt intaslasjon av automatisk flyvarslingssystem som opnar for kamuflasje av fjordspenn. Kommunen bør med dette utgangspunktet framleis understreke kor viktig ein ser det at 300 kv-lina faktisk vert riven, og vidare stille klåre krav om kamuflasjetiltak og installasjon av automatisk flyvarslingssystem både for fordspenn over Esefjorden og Fjærlandsfjorden. Søknaden frå Statnett er derimot ikkje i samsvar med kommunen sin tidlegare uttale til meldinga med omsyn på val av trase for kryssing av Fjærlandsfjorden. Kommunen ynskte fjordkryssinga lengre inn i Fjærlandsfjorden i området ved Storeholten Galdane, medan det no er søkt om å plassere lina der ho går i dag. Dette er 300 meter lengre sør enn i meldinga. Som det går fram av søknaden er alternativet som kommunen ynskte utgreidd, men ikkje søkt utbygd. I tråd med vurderingane frå Statnett ser ein at ei slik fjordkryssing vil ha nokre positive sider særskild ved at denne vert mindre synleg frå Balestrand og Dragsvikområdet, men også at
slik plassering har nokre negative konsekvenser. Ut frå utgreiingane går det fram at kraftlina slik ho no vert plassert ikkje vil ligge så nær busetnad at ho vil utgjere ein helserisiko med omsyn på elektromagnetiske felt. Ut i frå dette finn ein ut i frå ei samla vurdering å kunne tilrå at kommunen kan akseptere slik plassering av lina som det no er søkt om. Når det gjeld kabling går det av delrapporten fram at det kan vere teknisk gjennomførbart for delstrekningar. Det er derimot ikkje lagt kabel på så store djupn som i Sognefjorden tidlegare. På avstandar under 80 km kan dei nytte vekselsstraumtekonlogi, noko som vil gjere installasjonane på land enklare og rimelegare. Desse vert i midlertid likevel omfattande utan at det er klargjort eksakte arealbehov for dei alternativ som er utgreidd i Møre og Romsdal og Nordfjord. Det vert også trekt fram forhold kring støy og stråling i kabeltraseen som ein må vere merksame på. Frå Statnett si side er nok kostnaden det viktigaste argumentet for ikkje å ville bygge delar av strekninga som kabel/sjøkabel. Generelt seier dei at kabling er 10 gongar dyrare enn å bygge lina som vanleg luftspenn. Delstrekninga Hyen Lote på 19 km er t.d kostnadsrekna til 740 millioner kroner. Dersom ein frå Balestrand kommune si side ynskjer kabling i eit alternativ Fardal Ese er det naturleg å be NVE påleggje Statnett å utgreie dette som eit konkret alternativ. Frå administrasjonen vert dette spørsmålet stilt ope til politisk drøfting. Eit mogeleg vedtak kan då vere: Balestrand kommune ber om at NVE påleggje Statnett om å utgreie eit alternativ med sjøkabel på Strekninga Fardal Ese. Dette vert grunngjeve med at ein ved eit slikt alternativ ikkje vil forringe, men tvert om sterkt forbetre, landskapskvaliteten i området ved at ein netto kan fjerne ei stor kraftline. Ein vil unngå to skjemmande fjordspenn, framføring av kraftlina i eit storslått naturlandskap langs Sognefjorden. Når det gjeld spørsmål om dispensasjon frå kommuneplan eller krav om eigne reguleringsplanar, finn ein søknaden så godt utgreidd for omsøkt løysing, at det ikkje vil vere grunn til å krevje ytterlegare reguleringsplan. Rådmannen si tilråding: Balestrand kommune er ut i frå ei samfunnsmessig grunngjeving i utgangspunktet positive til bygging av ny 420 kv kraftline som omsøkt. Det er derimot svært viktig at lina vert bygd på ein slik måte at ho fører minst mogeleg ulempe. For Balestrand kommune er følgjande viktig: Riving av eksisterande 300 kv kraftline Balestrand kommune er nøgd med at det frå Statnett si side er søkt om å rive eksisterande 300 kv (132 kv) lina frå Fardal til Høyanger. Dette er avgjerande viktig for Balestrand kommune at dette punktet vert følgt opp. Traseval Dersom lina vert bygd som ei vanleg line med master og fjordspenn kan Balestrand kommune akseptere omsøkt trase.
Avbøtande tiltak Balestrand kommune vil krevje at alle master i kommunen vert kamuflerte med utgangspunkt i terreng, at det vert nytta matte isolatorar og matte liner. Balestrand kommune vil krevje at det vert teke i bruk automatisk flyvarslingssytem, OCAS eller liknande, for fjordspenn over både Esefjorden og Fjærlandsfjorden. Dette for å unngå at desse spenna treng merkast med signalmaster og blåser på leidningane Balestrand kommune gjev dispensasjon frå gjeldande kommuneplan i medhald Plan og bygningslova 7 til gjennomføring av omsøkt tiltak.