4000-innbyggjarkommunen Etne. - Ein rapport om arbeid med aktiv folketalsutvikling i Etne Kommune



Like dokumenter
HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

HORDALANDD. Utarbeidd av

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

ETNE VENSTRE

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Til veljarane i Tysnes

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Plankonferansen i Hordaland Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland. Solveig Svardal. Forståingsramme

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

PROSJEKTPLAN Bygdelivsmeklaren i Vest-Telemark

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Ål Venstre. Ål Venstre

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Vestlandet ein stor matprodusent

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Frivilligpolitisk plattform

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Til deg som bur i fosterheim år

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Søknad. RF

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Politisk program for Jølster KrF

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Tittel Kort beskrivelse Prosjektbeskrivelse

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

HALLINGDAL 2020, REGIONAL POSISJONERING, HOVUDPROSJEKT

Statusrapport. Kommunestyret Monica Sølyst

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Program Opplevingsnæringar Sogn og Fjordane. Retningslinjer for søknad om tilskot frå programmet 2009.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Sandeid skule SFO Årsplan

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Søknadsskjema for Bolyst.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Kunst, idear, dugnad og pengar eller litt om kulturbasert næring i Eid og andre stader. Magni Hjertenes Flyum, VAKN Bremanger 4.

PENDLING OG BULYST I HARDANGER

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Marit Magdalene Schweiker K /5829

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Mellom bakkar og berg. Felles oppsummering

R Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Bygdemobilisering. om åløfte bygda etter håret. Synnøve Valle

Lotteri- og stiftingstilsynet

PROSJEKTPLAN. Stagepass Pendling Stressless - Bulyst. Visjon:

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

Kor mange blir vi i Hordaland? Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Transkript:

4000-innbyggjarkommunen Etne - Ein rapport om arbeid med aktiv folketalsutvikling i Etne Kommune Etne United Bulystutvalet i Etne Kommune Sluttrapport, 10. Mars 2009 1

1 Føreord Denne rapporten representerer sluttleveransen til Etne United Bulystutvalet sitt arbeid. Oppdragsgjevar er Etne Kommune, som me takkar for tilliten me er blitt vist ved å ha fått lov til å arbeida med denne spanande tematikken. Utgangspunktet for arbeidet har vore ei målsetjing om å identifisera moglege tiltak for å snu ein svakt negativ trend i folketalsutviklinga i Etne Kommune. I prosjektet har me henta inn lokal informasjon og innspel, samt nytta oss av den relativt omfangsrike mengda med teori og praktiske erfaringar frå andre prosjekt som er tilgjengeleg. Ein av erfaringane me har gjort oss, er at me definitivt ikkje er åleina i distrikts-norge om å arbeida med utfordringane kring folketalsutviklinga. Dette gir moglegheiter til å hausta erfaringar og lærdom av kvarandre, men illustrerer også den konkurransesituasjonen kampen om innbyggjarane er, og i aukande grad, vil bli. Me vil også påstå at arbeidet har vist oss at Etne Kommune har mykje godt på menyen, det er berre ofte så forsvinnande godt gøymd. Hovudresultata frå prosjektet vert lagd fram i Kommunestyremøte i Etne tysdag 24. Februar 2009. Me takkar alle som har vist velvilje og delt informasjon til beste for prosjektet. God lesning og lukke til! Etne, 10. mars 2009 Hanna K. Litlehamar Elisa Bjørk Jakobsdottir Tommy Johansson Liv Astri Halvorsen Hesjedal Gro Sævereid Kari Aakra Beate Hetleflåt Asbjørn Moe 2

INNHALD 1 FØREORD... 2 2 SAMANDRAG... 4 3 MÅL OG RAMMER... 4 3.1 BAKGRUNN... 4 3.2 HOVUDMÅL... 4 3.3 RESULTATMÅL... 4 3.4 PROSJEKTMÅL... 4 3.5 MÅLGRUPPER... 4 4 OMFANG OG AVGRENSING... 5 4.1 DEFINISJONAR... 5 4.2 METODE... 5 4.2.1 Lokale innspel og kommunikasjon... 5 4.2.2 Erfaringar frå andre prosjekt... 6 5 ORGANISERING... 6 5.1 FORANKRING... 6 5.2 PROSJEKTORGANISERING... 6 6 RISIKOANALYSE OG KVALITETSSIKRING... 7 6.1 KRITISKE SUKSESSFAKTORAR... 7 6.2 RISIKOANALYSE - MANGLANDE KRISESTEMNING EIN TRUSSEL?... 7 7 AKTIVITETAR I PROSJEKTET... 7 7.1 GENERELLE TEMA... 7 7.1.1 Nasjonale flyttemønster... 7 7.1.2 Kva gjer ein kommune attraktiv?... 8 7.1.3 Kvifor er nedgang i folketalet eit problem?... 8 7.1.4 Kva er ein innbyggjar verd?... 9 7.2 ETNE I DAG... 9 7.2.1 Folketalsutvikling... 9 7.2.2 Fødsel og flytting...10 7.2.3 Folketalsutvikling i dei ulike aldersklassane...11 7.2.4 Elevtalsutvikling geografisk fordeling...11 7.2.5 Etne sett utanfrå...12 7.3 HOVUDTEMA...13 7.3.1 Oppvekst...13 7.3.2 Bustad...15 7.3.3 Fritid...16 7.3.4 Arbeid...18 8 TILTAK... 20 9 LIVET ETTER ETNE UNITED - BULYSTUTVALET... 22 9.1 TING I KJØMDA...22 9.2 FRAMTIDIG ORGANISERING AV ARBEIDET MED FOLKETALSUTVIKLING...22 9.2.1 Føringar for organiseringa...22 9.2.2 Organiseringsalternativ lokal satsing eller regionalt samarbeid?...22 9.3 FINANSIERINGMOGLEGHEITER...23 10 VEDLEGG... 24 10.1 DEN GODE HISTORIEN...24 10.1.1 Quantum Solutions AS Gründer i vekst...24 10.1.2 SMV satsing på ungdom...25 10.1.3 Heimbygda først og fremst ungdomar i Grannar-distriktet...25 10.1.4 Industrivask Haugaland AS Betre løn var starten...26 10.2 KJELDER...27 10.3 LENKJER...27 10.4 ANDRE PROSJEKT...28 3

2 Samandrag Hovudmålet for prosjektet er å danne grunnlaget for eit arbeid med å snu den negative folketalsutviklinga i Etne Kommune. Kunnskap og erfaringar frå teori og andre prosjekt har vore nyttige referansar, men me har freista leggja til grunn ei open og lokal tilnærming til problemstillinga. Arbeidet syner at Etne på mange område er ein god oppvekstkommune, med eit relativt variert og godt fritidstilbod. Næringslivet er i litt tilfeldig, men i sunn utvikling. Det kunne likevel med fordel vore meir attraktivt innan kunnskapsintensive næringar for å tiltrekka seg arbeidskraft med høgre utdanning. Bustadsituasjonen er i ferd med å betra seg, men har framleis store utfordringar på utleigemarknaden. Ein har altså litt å henga fingrane i før ein kan kalla seg ein attraktiv kommune å bu og arbeida i, men Etne si hovudutfordring er at ein er meir eller mindre usynleg for omverda, tilmed for folk med nære band til kommunen, som sine unge, utflytta innbyggjarar. Her er det trong for eit realt marknadsføringsarbeid, for å synleggjera det som trass alt er mykje bra, og ikkje minst planane og forbetringane som me ventar vil skje i nær framtid. 3 Mål og rammer 3.1 Bakgrunn Arbeidet med prosjektet tar utgangspunkt i ein svak nedgang i folketalet sidan slutten av 80-talet. Kommuneplanen til Etne Kommune har eit uttala mål om å nå 4000 innbyggjarar i 2013. Fleire parti gjekk til val i 2007 med utfordringa om å snu denne trenden høgt på agendaen. Eit utvida formannskap med ordføraren i spissen tok på bakgrunn av dette initiativ til å sette ned eit utval for å sjå nærare på korleis ein kan jobba aktivt for positiv folketalsutvikling i Etne Kommune. 3.2 Hovudmål Etne kommune skal verta ein attraktiv kommune som vinn kampen om innbyggjarane gjennom å tilby gode arbeidsplassar, eit godt oppvekstmiljø, vera ein god plass å bu og ha eit rikt kultur og fritidstilbod for alle. 3.3 Resultatmål Ein set seg som mål å nå 4000 innbyggjarar i Etne Kommune i år 2013. 3.4 Prosjektmål Målet for denne prosjektfasen er å identifisera utfordringar og tiltak som kan gjere Etne kommune til ein enno meir attraktiv stad å arbeida og bu. 3.5 Målgrupper Det er to måtar å auka folketalet i kommunen; ved fødselsoverskot og ved netto tilflytting. Dette tilseier at ein ser på tiltak retta mot dagens innbyggjarar såvel som potensielle innflyttarar. I utgangspunktet er alle målgrupper som kan bidra til positiv folketalsutvikling interessante for prosjektet, men ei skil seg ut som særleg viktig: Unge par og familiar i etablerarfasen, der ein eller begge har tilknytting eller kjennskap til Etne kommune frå før. 4

4 Omfang og avgrensing Prosjektet har fokus på kartlegging og tilrådingar for vidare arbeid, og kan sjåast på som eit forprosjekt. Perioden for prosjektet har vore 1 år frå vedtak i formannskapet. Prosjektet har hatt eit budsjett på NOK 30.000,- over det kommunale næringsfondet, samt løyving på NOK 30.000,- frå Hordaland Fylkeskommune sine småsamfunnsmidlar. Prosjektet er gjennomført innanføre budsjett. Prosjektet har fokus på utfordringar ein faktisk kan påvirka frå lokalt hald. 4.1 Definisjonar Denne rapporten nyttar to ulike definisjonar på Etne Kommune: 1) Etne Kommune, som eit samfunn av innbyggjarar og næring lokalisert innanføre kommunegrensene 2) Etne Kommune, som politisk og administrativt organ 4.2 Metode Prosjektgruppa har lagt vekt på å samla innspel frå eit breiast mogleg utval av innbyggjarane i kommunen. Dette for å få eit tydeleg bilete av folk si opptatning av kommunen ein bur i og kva dei meinar bør fokuserast på, samt å sikra lokal forankring og eigarskap til prosessen og det vidare arbeidet. 4.2.1 Lokale innspel og kommunikasjon Spørreundersøking Prosjektgruppa har utforma og gjennomført ei spørreundersøking blant innbyggjarane i Etne Kommune. Den er gjennomført på Torgdagane i Skånevik, Haustfest i Etne sentrum samt frå Tenestetorget på Tinghuset. Det kan såleis ikkje dokumenterast at undersøkinga er gjort blant eit representativt utval av innbyggjarane og ein må difor handsama og tolka resultata forsiktig. Me meinar likevel undersøkinga gir ein nyttig peikepinn på kommunen sine sterke og svake sider frå eit innbyggarsynspunkt. Arrangement og presentasjonar Prosjektet har vore representert ved fleire høve både med tanke på å presentera status i prosjektet og å få innspel til det vidare arbeidet: Presentasjon på stand Torgdagane i Skånevik Temamøte med fokus på bulyst Etnemarknaden 2008 Presentasjon på stand Etnemarknaden 2008 Presentasjon på stand Haustfest i Etne, 4. Okt 2008 Halvårspresentasjon Formannskapet, 26. Nov 2008 Bulyst, Fest og Basar Fugl Fønix, 2. Juledag 2008 Møte med Kommunalminister Kleppa Skånevik, 7. Januar 2009 Presentasjon og paneldebatt Næringslivsmøte EK, 28. Jan 2009 Presentasjon av rapport Kommunestyremøte EK, 24. Feb 2009 5

Presse Prosjektet har vore synleg i media gjennom heile prosjektperioden. Dette er ein tjuvstart på arbeidet med å skapa positiv blest om Etne utover kommunegrensene, og har i tillegg vore avgjerande for å bidra til lokalt engasjement og interesser for arbeidet. Prosjektet i media: Grannar Haugesunds Avis Radio 102 Radio Haugaland NRK Radio og web Stavanger Aftenblad Hardanger Folkeblad www.grannar.no www.h-avis.no www.radio102.no www.radiohaugaland.no www.nrk.no/nyheter www.aftenbladet.no www.hardanger-folkeblad.no 4.2.2 Erfaringar frå andre prosjekt Det finst ei rekkje bulystliknande prosjekt rundt om i distrikts-norge med ulik grad av fokus på eigen folketalsutvikling. Gjennom kontakt med mange av desse har ein identifisert både felles utfordringar og moglegheiter, og fått inspirasjon og innspel til tiltak som kan overførast til Etne Kommune. 5 Organisering 5.1 Forankring Prosjektet er forankra i: - Kommunplan for Etne 2006 2013 - Vedtak i Formannskapet i Etne kommune, 11. Mars 2008 5.2 Prosjektorganisering Oppdragsgjevar: Prosjektansvarleg: Prosjektleiar: Prosjektgruppe: Etne Kommune, utvida formannskap Ordførar Sigve Sørheim Asbjørn Moe Beate Hetleflåt Elisa Bjørk Jakobsdottir Gro Sævereid Hanna K. Litlehamar Kari Aakra Liv Astri Halvorsen Hesjedal Tommy Johansson 6

6 Risikoanalyse og kvalitetssikring 6.1 Kritiske suksessfaktorar Arbeidet med Bulyst og positiv folketalsutvikling er i utgangspunktet underlagt fleire ansvarsområde i kommunen. Avgjerande for å lukkast med det vidare arbeidet er at dette, uavhengig av framtidig organisering, vert satsa og fokusert på i kvardagen av alle som har noko med det. Med dette meinast minimum ansvarspersonar i administrasjonen i Etne kommune, men ideelt i eit samspel med dei politiske organ, næringsliv, lag og organisasjonar og innbyggjarane elles. 6.2 Risikoanalyse - manglande krisestemning ein trussel? Nedgangen i folketalet i Etne Kommune er svak og tilsynelatande udramatisk. Fråværet av dramatikk og akutt krise er sjølvsagt bra, men kan også vera ein trussel i form av at den negative utviklinga kjem snikande, utan at den vekkjer det heilt store alvoret og viljen til handling. Sett i eit 20-årsperspektiv har folketalet i Etne gått ned med om lag 7 %. Framhald av denne utviklinga forsterka av ein aldrande befolkning vil gi Etne Kommune utfordingar med å vera ein god stad å bu og arbeida i. 7 Aktivitetar i prosjektet 7.1 Generelle tema 7.1.1 Nasjonale flyttemønster Generelt er trenden på landsbasis at folk flyttar frå bygd til by, med størst vekst i dei største byane. Dette gjeld i nokon grad fleire kvinner enn menn, særleg i dei yngre aldersgruppene. Figur: Relativ utvikling i folketalet i by- og senterregionane 185 2007 (1985 = 100) 7

7.1.2 Kva gjer ein kommune attraktiv? Arbeid er framleis viktigaste årsak til folk sitt val av stad å bu, men betyr mindre i dag enn for berre få tiår attende. Folk frå distriktskommunar har gjerne også tette band til sin heimstad, noko som spelar inn når ein vel å verta buande eller flytta attende. Figur: Kva gjer ein kommune attraktiv, Telemarkforskning 2008 Viktigaste bu- og flyttemotiv: - (Attraktive) arbeidsplassar og utdanning - Butilhøve miljø og pris og tryggleik - Kultur- og fritidstilbod - Sosialt miljø og familie - Infrastruktur og tenestetilbod 7.1.3 Kvifor er nedgang i folketalet eit problem? Ein tar gjerne for gitt at nedgang i folketal er negativt, men kvifor er det eigentleg det? Nokre viktige faktorar som gjerne vert peika på: - Folk flest er sosiale dyr og ynskjer naboar, kollegaer og leikekameratar - Ein del tenestar og ytingar i ein kommune er avhengig av eit minste kritisk tal folk for at tilbodet skal oppretthaldast (skule, butikk, post/bank, fritidstilbod m.m) - Kommunen misser viktig del av sitt inntektsgrunnlag ved folketalsnedgang, gjennom lågare skatteinngang og overføringar større del av kommuneøkonomien går til faste og (lov)pålagde oppgåver. 8

7.1.4 Kva er ein innbyggjar verd? Positiv utvikling av folketalet gir auka inntekter til kommunen som igjen vonaleg kjem fellesskapet til gode. Kommunen har i hovudsak sine inntekter per innbyggjar frå to kjelder: - Skatteinntekter - Rammetilskot = Frie inntekter Storleiken på desse inntektene kan variera ein del, blant anna etter den politiske situasjonen nasjonalt, og er difor vanskjelege å fastslå framover i tid. Kommunar med nedgang i folketal, særleg barnetal, mistar inntekter grunna dette. Denne effekten kan i nokon grad verta dempa av at kommunar i vekst og med relativt færre eldre, må bidra noko til utjamning til kommunar med negativ vekst. Etne Kommune budsjetterer for 2009 med frie inntekter pr innbyggjar på om lag NOK 38.000,-. 7.2 Etne i dag 7.2.1 Folketalsutvikling Folketalet i Etne har sidan 1988 gått ned frå nesten 4150 til 3852 i 2008. Ein har på vegen hatt eit par oppturar, men desse har vore små og av relativt kort varigheit. Ein har ikkje noko eintydig svar på kva mekanismar som ligg bak utviklinga, men ein ser på landsbasis ein generell sentraliseringstendens. Samanlikna med snittet av andre småsenterregionar i landet kjem faktisk Etne noko betre (eller mindre dårleg) ut. Figur: Folketalsutvikling i Etne 1980-2008 9

7.2.2 Fødsel og flytting Etne Kommune har frå år til anna eit lite fødselsoverskot, den negative utviklinga har då kome av negativ netto tilfytting, som synt på figuren under. Ein kan likevel fastslå at verken netto tilflytting eller fødselsoverskotet er sterkt i Etne Kommune. Det er ein kjend sak at folk til slutt vil døy, det er difor over tid først og fremst fødselsraten som kan positiv utvikling av fødselsoverskotet. I 2008 vart det fødd kun 38 born i Etne Kommune, ein oppgang på 3 frå 2007, men likevel eit svært lågt tal. Innvandring frå utlandet står for størsteparten av tilflyttinga til Etne, dette reknar ein med i hovudsak er arbeidsinnvandring. Denne tilflyttinga hadde nedgang i 2008 i høve føregåande år, ei utvikling som sansynleg held fram med bakgrunn i ein relativt brå slutt på høgkonjunkturen i 2008. Figur: Folketalsendring i prosent dekomponert, Telemarkforskning 2008 10

7.2.3 Folketalsutvikling i dei ulike aldersklassane Endringar i dei ulike aldersgruppene varierar noko, men gruppene 0-5 og 20 24 har hatt nedgang dei siste 3 åra. Sistnemde kan sansynlegvis forklarast med utflytting under utdanning. 25 66 har hatt ein liten auke, noko som kan vera par og familiar som vender tilbake til heimkommunen etter endt utdanning og i etableringsfasen. Det er fødd 38 born i Etne Kommune i 2008, noko som gjer at gruppa 0-5 år pr 1.1. 2009 tel 260 personar. Dette er ein sterk nedgang om ein ser på perioden frå 1.1. 2005. Figur: Årsplan Etne Kommune, 2007 7.2.4 Elevtalsutvikling geografisk fordeling Elevtalsutviklinga i Etne kommune synleggjer korleis elevtalet fordeler og utviklar seg i dei ulike krinsane i kommunen. Dette er ikkje eit absolutt bilete på den totale folketalsutiklinga og fordelinga, men gir ein god peikepinn på kor det gror best, og seier kanskje noko om preferansane over tid når det gjeld kor i kommunen innbyggjarane ynskjer busetja seg. Figur: figuren syner tal elevar per årskull, fordelt på krinsar Totalbiletet i elevtalutviklinga syner at krinsane er små, men med relativt stabil utvikling. Dette peikar i retning av at sentraliseringseffekten internt i Etne Kommune ikkje gjer seg gjeldande i særleg stor grad. 11

7.2.5 Etne sett utanfrå Etne Kommune kjem dårleg ut i nokre undersøkingar som skal måla kor attraktiv ein kommune er å busetja seg i. I Telemarkforskning sin publikasjon Attraktivitetsbarometeret i 2008 vert Etne rangert som nest dårlegaste kommune i fylket, og faktisk nummer 401 av 431 kommunar i landet. Figur: Attraktivitetsbarometeret 2002-2006, Telemarkforskning 2008 I ei søsterundersøking av same perioden (2002-2006) der ein går næringslivet nærare i saumane kjem derimot Etne svært godt ut av det. Både når det gjeld gründerverksemd og lønsemd og vekst i bedriftene gjer næringslivet i Etne det bra. Samla sett vert Etne rangert som beste kommune for næringsutvikling i Hordaland, og nummer ni på landsbasis. Figur: Lønsemd i bedriftene (2002-2006), Telemarkforskning 2008 12

7.3 Hovudtema Arbeidet med denne rapporten er delt inn i fire hovudtema; Oppvekst, bustad, fritid og arbeid. Det understrekast at dette er overlappande områder og ikkje isolert frå kvarandre. Døme på dette er kulturhus og idrettshall i Skånevik og Etne. Desse er sentrale både under oppvekst og fritid, men er i denne samanhengen plassert under fritid. Tabellen med Kva har me? og Manglar og behov er ikkje å sjå på som ei uttømande liste, det har ikkje vore prioritert i mandatet å utarbeida dette, men kan sjåast på som viktige område ein er god på i dag og område for utbetring som er kritisk for å auka attraktiviteten til Etne Kommune. 7.3.1 Oppvekst Oppvekstvilkåra i Etne kommune vert av innbyggjarane vurdert til å vera gode. Undersøking gjennomført i 2008 syner at ein er nøgd med skule- og barnehagetilbodet, men ein bør merka seg skuleveg som eit område som kjem dårleg ut av undersøkinga. Dette går i hovudsak på trafikktryggleik og dårlege skuleskyssordningar for borna i nokre av krinsane. Figur: Innbyggjartilfredsheit oppvekst, Etne United 2008 Dei vidaregåande skulane i Etne og Ølen gir samla sett eit variert og godt tilbod for dei unge som ynskjer ta sine første år av utdanninga i heimkommunen. Ungdommen i kommunen har ikkje formelt ei stemme som representerer deira syn i saker som særskild påvirkar denne gruppa av innbyggjarane. Gode minner og opplevingar frå oppveksten er ein føresetnad når ein seinare skal vurdera om ein ynskjer verta buande eller flytta attende til heimkommunen. Høve til medråderett over eigen situasjon i oppveksten vil vera ei positiv erfaring som også i vaksen alder vil prega haldninga til Etne Kommune som ein god stad å bu og stifta familie. 13

Kva har me? Etne har full barnehagedekning, med både privat og offentleg barnehagetilbod. Etne har fire skular spreidde i kommunen, i tillegg til ein vidaregåande skule med tilbod innan medie-, mekaniske,- tekniske,- design-, og handverksfag, og almenn påbygg. Både organisasjonar og grendalag syt for at alle aldersgrupper i dei fleste delar av Etne har gode og varierte tilbod av fritidsaktivitetar både innan kultur og idrett. Både skular, barnehagar og grendalag har gode leikeplasser som blir mykje brukt. Helsetilboda er gode. Helsestasjon i både Etne og Skånevik tilbyr nybakte foreldre barselsgrupper. Manglar og behov Sikre vegar for born og mjuke trafikkantar. Etne treng fleire og meir omfattande infrastruktur av gang- og sykkelstiar. Både for born med farleg skuleveg, og for innbyggjarar i bustadfelt lengre borte frå sentrum. Etne vidaregåande skule er ein av dei minste vidaregåande skulane i fylket. Skulen er spreidd på fire ulike lokalitetar, noko som er med på å hindra utviklinga av skulen som ein heilskap, og bli ein skule med vekstpotensiale. Det er per dags dato ikkje ein fullstendig oversikt over alle tilbod over fritidsaktivitetar, lag og organisasjonar i Etne kommune. Mange tilbod treng å bli synleggjort for å bli vidare levedyktige. Ungdommen manglar representantar med reell påverknadskraft i kommunen. Dei manglar eit formelt talerøyr. Eit dekkande kollektivt transporttilbod manglar mellom Etne og Skånevik. Etne kommune si heimeside er på ingen måte ei god og brukavennleg informasjonsside, og gir dårleg og lite informasjon om kva som finnest Det er framleis mangel på det evigvarande kravet frå ungdomen om ein «plass å henga». 14

7.3.2 Bustad Tomtesituasjonen i Etne Kommune var lenge prega av få private tilbod og begrensa utval av kommunale tomter. Dei seinare åra har dette betra seg blant anna ved framveksten av nye private felt og Bluesprosjektet i Skånevik si oppgradering av tomter. Ved realisering av planlagd utbygde felt vil Etne kommune kunna tilby eit variert utval tomter for byggelystne. Trass utbygging av leilighetar i sentrumsnære strøk seinare åra har tilgangen på hus til salgs og leilighetar til leige framleis vore ein knapp ressurs. Særleg mangel på utleigeeiningar er ein flaskehals for tilflyttarar som ynskjer busetja seg i Etne Kommune for kortare eller lengre periodar. Både næringsliv som søkjer arbeidskraft utanfrå og Etne VGS som ynskjer gi sine tilreisande elevar gode butilhøve, treng tilgang på utleigeeiningar for å utvikla seg vidare. Kva har me? Kommunale tomter ledige: Ca 20 tomter fordelt på felta Kambe, Skålnes, Eikanes og Ligrend Kommunale tomter under planlegging: Ca 60 tomter på Fitja Silde Private tomter ledige: Ca 25 tomter fordelt på felta Ve, Birkenesbøen, Rygg og Osnes Private tomter under planlegging: Ca 90 tomter fordelt på felta; Matskår, Steine, Osnes og Milja Småfelt, enkelttomter og leiligheter: Sørstranda, Stordalen, Sævareid/ Tjelmeland, Teigland, Rullestad, Skånevikstranda, Skålnes og sentrumsområder Manglar og behov For få tilgjengelege hus og leiligheter til leige Ledige tomter og bueiningar er lite synlege for dei som søkjer informasjon om dette Kommunikasjonsutfordring når det gjeld kommunal saksandsamingstid, tilbakemelding og tilrettelegging i byggesaker. Spørreundersøking syner at folk meinar/trur dette er dårleg i Etne Kommune, medan ein samanlikna med andre kommunar faktisk kjem godt ut på dette området. Lite attraktive tomter. Tomter som har vore til salgs i lengre tid er overgrodde og lite innbydande Forlatt småbruk til salgs: Åkrafjorden Grendalag har oversikt over fråflytta småbruk med eigarar som ynskjer selgja eigedomane 15

7.3.3 Fritid Eit godt fritidstilbod for born og ungdom betyr mykje for trivselen i oppveksten og erfaringane frå dette spelar inn når ein seinare i livet skal velga kor ein ynskjer etablera seg. For vaksne er eit rikt kultur- og fritidstilbod gjerne like viktig for kor ein slår seg ned som kor ein finn draumejobben. I Etne kommune er tilboda mange og varierte, men ikkje alltid synlege nok. Det er stadig behov for fornying og moderninsering av organisasjonslivet og aktivitetane som følgjer med. Fritidsinteresser er delvis trendstyrte og ein kommune som legg tilrette for utvikling av eit vitalt kultur- og fritidstilbod vil vera godt rusta i kampen om innbyggjarane. Etne Samfunnshus er 30 år, idretten i Etne har ein gymnastikksal som innearena og Etne Vidaregåande Skule har lite eigna lokaler spreidd rundt i sentrum. Tida er overmogen for realisering av Etne Kulturhus med idrettshall, eller Skakkesenteret om ein vil. Behovet er allereie til stades, og ein skal ikkje sjå bort frå ein tilleggseffekt tilsvarande den ein har sett frå utbyggingar av ei rekkje fotballstadionar i Norge, der publikumstilstrøyminga har doblast etter at klubbane byrja tilby betre fasilitetar, trass i like begredelege prestasjonar på bana. "Det skal ein landsby til for å oppdra eit barn". Tolga kommune har adoptert det afrikanske ordtaket, og bruker kulturskulen som verktøy for å gjere kommunen til ein god plass å bu. 16

Kva har me? Etne kommune har eit breitt tilbod innan fritidsaktivitetar, både innan kultur og idrett, og ein aktiv kulturskule med god fagkompetanse. Lag, organisasjonar og grendeutval er engasjerte i å tilrettelegga for fritidsaktivitetar både for born, ungdom og vaksne. I både Skånevik og Etne er tilgangen til mange av tilboda gode. For dei fleste innbyggjarane i kommunen er det passande avstand og ope for å delta i fleire fritidsaktivitetar. Etne er fullt konkurransedyktig i samanlikning med andre kommunar på dette området, og med den aktiviteten som finnest i dag, er det i svært få tilfelle naudsynt å pendla for å dekka behova for fritidsinteresser. Mykje brukt Kultur- og idrettshall i Skånevik. Eit godt tilbod innan kulturskulen. Manglar og behov Ein manglar eit funksjonelt kulturhus og idrettshall i Etne sentrum. Mange ungdommar har uttrykt ynskje om eit uorganisert fritidstilbod, der dei kan vera utan å involvera seg i noko form for aktivitet, til dømes ein ungdomskafé. Det er ynskje om likt tilbod innan fritidsaktivitetane i Skånevik og Etne, både innan kulturskulen og idrettslaga. Ungdom i Skånevik ynskjer seg ofte til Etne på fritida. Mangelfull kollektivtransport hindrar dette. Behov for betre oppmerking av turstiar, nye fritidsaktivitetar innan idrett: til dømes paintballbane, sykkelbane, bowling og elverafting. Det er ynskje om utgreiing av høvet til å iverksetja slike tiltak. Det er vanskeleg å få oversikt over tilboda som finnest og kva aktivitetar ein har høve til å delta i. 17

7.3.4 Arbeid Kunnskapsintensive næringar har hatt sterkast vekst i Norge siste tiåret. Denne veksten har i størst grad kome i dei største byane, men er også av aukande betydning i distrikta. Distrikta går i enkelte næringar glipp av urbaniseringsfordelar som større kunnskaps- og fagmiljø, kompetanse og kundegrunnlag. Næringsanalysen for Hordaland (Telemarkforskning, 2008) syner at halvparten av innbyggjarane i Etne kommune pendlar til arbeid. Samanlikna med det øvrige Sunnhordland indikerer dette at Etne kommune ikkje tilfredstiller krava til breidde i arbeidstilbodet innbyggjarane ynskjer. Undersøkingar viser også at arbeid vert mindre avgjerande for kor folk vel å busetja seg. Fleire er viljuge til å ofra kort veg til arbeid for å bu på stader med gode tilgang til natur og kultur, gode oppvekstvilkår og rimelegare bustadprisar enn i byar. Etne har tradisjonelt vore ein sterk landbrukskommune. Denne næringa er under omstilling og vert styrkja ved større einingar samt nye og spanande koplingar til reiseliv, som utviklinga i Åkrafjorden er eit godt døme på. Særleg Etne sentrum har dei seinare åra også styrka sin posisjon som eit viktig handelssentrum på indre Haugalandet. Det ligg utviklingspotensiale i tenesteytande næringar som ikkje er avhengig av fysisk nærleik til marknaden. Ein har allereie konkrete døme på dette i nyetableringar av IKT-bedrifter i kommunen. Illustrasjonen under skisserer at moglegheitane er mange. 18

Kva har me? Saman med Vindafjord er Etne Kommune ein attraktiv arbeidsmarknadregion med eit breitt utval arbeidsplassar i mange næringar Godt tilbod av arbeidsplassar innan helse, sosial, industri, reiseliv, utdanning og økonomi/administrasjon I ein utvida arbeidsmarkandregion er pendling til Haugesund, Stord og Odda moglege alternativ for arbeid i bransjar/spesialisering som ikkje er tilgjengeleg i nærområdet Manglar og behov Generelt lågare tilbod av arbeidsplassar for arbeidstakarar med høgare utdanning Begrensa utval arbeid innen samfunnsfag, realfag, økonomi, marknadsføring/reklame, media og forsking Langsiktig tilgjengeleg næringsareal for utvikling og nyetableringar Næringsutvikling satt i system plan, kompetanse og nettverk Næringshage (eller kanskje næringsbed?), kontorfelleskap og næringskoordinator/konsulent Rekruttering satt i system. Open utlysing og synleggjering av moglegheiter for jobb i kommunen/regionen Risikovillig investeringskapital. Det rår stort sett tradisjon og kultur for næringsutvikling med utgangspunkt i to tomme hender og ein god idé 19

8 Tiltak Føreslåtte tiltak skal freista fylla gapet mellom tilbod og udekka behov i Etne Kommune. Tiltaka må før iverksetjing gjennomgåast med tanke på prioritering, ansvar, tidshorisont og kostnad. Tiltaka i tabellen er delt inn i 4 tema: F = Fritid O = Oppvekst A = Arbeid B = Bustad Tiltaka er vidare kategorisert under: Infrastr. = Infrastruktur - fysisk og organisatorisk Komm. = Kommunikasjon - intern og ekstern Komp. = Kompetanse - kompetansehevingstiltak Tiltak Skildring av tiltaket Målgruppe Tema Kategori Etne Kulturhus/ Skakkesenteret Sikra realisering av planlagd bygging av bygget-med-mange-namn-og-funksjonar. Alle F Infrastr. Alternativ fritid Vera open for tilrettelegging for "nye" typar Born og aktivitetar som ikkje er tilgjengeleg i dag. unge F Infrastr. Døme: Vassport, skatehall, gatekultur VGS-elevar som Elevar som flyttar til Etne for å gå på VGS kan Born og ressurs i større grad involverast i organisasjonslivet. unge Kompetanse og engasjement til kommunen - F Komp. meiningsfull fritid for innflyttarane. etne.kommune.no Gjennom ny, brukarvennleg og oversikteleg Alle side, kan alle fritidstilbod og moglegheiter for dei som vil utvikla noko sjølv synleggjerast, F Komm. og marknadsførast. Kulturkart Som i Bluesbygda Skånevik må det lagast eit Alle kulturkart over heile Etne kommune, der alt frå kulturminne og turstiar til lydstudio og F Infrastr. nettkafé er presentert. Organisasjonstilskot Prioritering av stønad til frivillige lag og Alle organisasjonar som spelar ei viktig rolle med å F Infrastr. gi kommunen eit attraktivt fritidstilbod. Samferdsel Betre kollektivt transporttilbod mellom dei to Alle Skånevik - Etne bygdene betrar det totale fritidstilbodet i F Infrastr. kommunen. Tunell vil vera eit viktig bidrag. Samferdsel Tunnell Skånevik - Etne Alle A Infrastr. Ungdomsråd Eit reellt talerøyr for ungdommar, etter modell frå t.d. Sveio. Å få høve til å vera med å setja dagsorden, vil positivt påvirka heile aldersgruppa sitt syn på heimstaden. Ungdomsrådet kan sidestillast med eldreråd. Gang og sykkelsti Trygg veg til skule og fritidsaktivitetar er nærast eit basisbehov mange i dag ikkje får dekka. Tiltaket vil særleg gi stor positiv effekt for oppvekstvilkåra i kommunen etne.kommune.no Utarbeiding av web- og trykt materiell som synleggjer og marknadsfører Etne som ein god kommune å veksa opp i. Etne VGS - hyblar Arbeida for utbygging av hybeltilbod for elevar til Etne VGS. Ein føresetnad for tilreisande elevar. Born og unge Alle Familie under etablering O O O Infrastr. Infrastr. Komm. Born og unge O Infrastr. 20

Etne VGS - eigenart Næringskoordinator Tilskot til næringsutvikling etne.kommune.no Regional rekruttering Næringsareal Næringshage Næringsnettverk Ungdom, utdanning og lokalt næringsliv Vera synleg på utdanningsinstitusjonar/ byar CRM Investorpool Prøvebuordning Byggjetilskot Gi bort tomter 0-konsesjon Extreme makeover etne.kommune.no "Opne ditt hus" I samarbeid med Etne VGS og fylkeskommunen bidra til å utvikla skulen til ein attraktiv utdanningsinstitusjon med lokal eigenart. Idéen om blueslinje bør kanskje relanserast? Tilsetjing av næringskoordinator for Etne Kommune. Kommunen deltar men treng ikkje naudsynt ha arbeidsgjevaransvar Prioritera tilskot for næringsetablering og utvikling etter potensiell verdiskaping. Administrert av næringskoordinator og/eller eit næringsstyre. Synleggjering av arbeidsplassar på www.etne.kommune.no Aktivt arbeid med rekruttering av kvalifisert arbeidskraft gjennom samarbeid med Haugalandrådet sitt rekrutteringsprosjekt Vera i forkant med regulering og opparbeiding av næringsareal. Sørga for alltid å ha attraktivt venteareal tilgjengeleg Ta initiativ til etablering av næringshage. Fokus mot næringsklynger og små og mellomstore bedrifter Etablering av bransjespesifikt eller generelt næringsnettverk for bedrifter i Etne Kommune. Gjerne i samarbeid med nabokommunar Styrka arbeidet med koplinga mellom lærlingar og bedrifter. Samarbeid med ungdoms- og vidaregåande skular i distriktet. Møta og halda kontakten med utflytta innbyggjarar under utdanning ved deltaking på jobbmesser eller eigne Etne-arrangement i utdanningsbyar Kontakt med folk interessert i jobbmoglegheiter i Etne via e-postlister, nyhendebrev m.m. Koordinera risikovillig kapital for å leggje til rette for nyetablering og utvikling. Møteplass for gründerar og investorar Utvikla og formalisera eit system der potensielle tilflyttarar kan søka om å prøvebu Etne kommune for ein kortare periode Byggjetilskot frå kommunen til alle som ynskjer byggja nye bustadhus Gi bort kommunale tomter som har stått lenge utan å verta seld 0-konsesjon for bustadar i Etne Kommune for å sikra "ljos i kvart vindauga" heile året. Ekstremt tiltak - bør kanskje avgrensast til delar av kommunen. Rydding og opprusting av eksisterande tomter for auka attraktivitet Synleggjering og tilgjengeleggjering på web av ledige hus, leiligheter og tomter. Ta i bruk ledig buareal i kommunen. Mange sit på eit "2.hus" eller kjellarleilighet som med litt maling kan leigast ut til elevar eller arbeidskraft som trengs i kommunen Born og unge Næringsliv Næringsliv Unge under utdanning Familie under etablering Næringsliv Næringsliv Næringsliv O Komp. A Komp. A Infrastr. A Komm. A Komm. A A A Infrastr. Infrastr. Komp. Unge under utdanning A Komp. Unge under utdanning A Komm. Unge under utdanning A Komm. Næringsliv Alle Alle Alle Alle Alle Alle Alle A Infrastr. B Infrastr. B Infrastr. B Infrastr. B Infrastr. B B B Infrastr. Komm. Infrastr. 21