Innovasjonsmetoden vår

Like dokumenter
Trygg og framtidsretta

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Forsand kommune Rådmannen

Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid:

Kommunikasjonsstrategi

Trygg og framtidsretta

Vi skal få til meir! STRATEGI

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

VELKOMEN TIL TREFF FOR tilsette i Eid og Selje

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

HELSE2030 HOVUDTEMA: Område 9 Medarbeidarskap

ORGANISERING AV SEKTOR FOR SAMFUNNSUTVIKLING

PSU. Fredag

OPPLÆRINGS - OG KOMPETANSEPLAN

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

Vedteke i kommunestyret som sak 74/16.

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud ( ) eller tenestetorget ( ). Saker til behandling

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Til deg som er brukarrepresentant ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Bergen HF

Mestring og deltaking heile livet

Avtale om partnarskap

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Gry Susanne Hetlelid Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 18/1533-1

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for


Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom Haugesund kommune og Haugesund sjukehus, Helse Fonna Dato: 23.februar.2015

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Time kommune. 2. Kontaktperson: Odd Magne Amdahl. 3. E-post: 4. Telefon:

Orientering status prosjekt. Fellesnemnda


Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Digitalisering i Austevoll kommune - strategi, utfordringar og føring. Onsdag 20.mars 2019 Arild Hofland

Rapport frå Oppfølgingsmøte, Vanylven 20 november 2014

Internasjonalt orientert, aktiv og attraktiv

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Gjesdal kommune ROBUST- meir eller mindre. Rådmannsrefleksjonar frå glastaket

Budsjett 2018 prosess

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

DATO: SAKSHANDSAMAR: Bolstad SAKA GJELD: Strategiplan for Sjukehusapoteka Vest

Kommunedelplan for oppvekst

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3

Strategi Forord

Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Fjordportalen. Møteplass for verdsarven. Sentrum for natur- og kulturbasert næring og aktivitet. v/arve Tokvam

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Saman om Ørstabarnehagen

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Saksnummer Utval Vedtaksdato Formannskapet Kommunestyret

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

GODE PASIENTFORLØP. Presentasjon av internkontrollrutiner og heimemapper

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Stad kommune. Dette har vi valt å jobbe med: Digitalisering av areal og eigedom

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Møre og Romsdal fylkeskommune regional utviklar og ein tydeleg medspelar til samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal

PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

Norddal kommune Informasjonsstrategi

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

Strategiplan for Apoteka Vest HF

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

SAKSFRAMLEGG. SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Utvalet for oppvekst og omsorg /11 HLV

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Prosjektskisse. Innovasjon i offentleg sektor. Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

Å løyse kvadratiske likningar

AGP - vegen vidare. Medarbeidarskap og tydeleg kultur for læring og utvikling

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

Rettleiing Spørjeundersøking om heimetenester

Arbeidsgjevarstrategi Jobb med meining - skodd for framtida jobb i kommunen!

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

ORGANISASJON OG DIGITALISERING

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

SENIORPOLITISK PLAN MAI 2016

STRATEGI 2022 NORSK SENTER FOR UTVEKSLINGSSAMARBEID

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Transkript:

Innleiing Time kommune har sidan 2012 hatt mål i økonomiplanen om innovasjon i tenesteutviklinga. I 2013 gjennomførte kommunen åtte innovasjonsprosjekt og opplæring i innovasjonsmetodikk. I 2014 vart åtte nye prosjekt utvikla og gjennomførte, og tidlegare prosjekt vart følgde opp og implementerte i drifta. Rådgjevarar i denne prosessen har vore Innoco A/S. Eit hovudfokus i arbeidet med innovasjon har vore at innovasjonskultur og innovasjonsleiing skal innarbeidast heile organisasjonen. I juni kvart år vert det gjennomført ein innovasjonsdag der nye prosjekt og resultatet av tidlegare prosjekt vert presenterte. Strategien for innovasjon klargjer grunnlaget for innovasjonsarbeidet og peikar ut kursen for den vidare satsinga på innovasjon i Time kommune.

Kvifor innovasjon? Time kommune sin visjon er trygg og framtidsretta. For å oppretthalda eit trygt tenestetilbod må tenestene utviklast og tilpassast dei behova brukarane til ei kvar tid har. Dette krev fleksibilitet og nytenking i den kommunale organisasjonen. Etterspurnaden etter tenester og forventingane til kommunal service vert stadig høgare. Med sterk vekst i befolkninga, stram kommuneøkonomi og utfordringar med å rekruttera nok fagfolk må kommunane finna nye måtar å løysa oppgåvene på. For å vera ein økonomisk veldriven og attraktiv kommune å bu, arbeida i og besøka også i framtida må Time kommune skapa nye, innovative løysingar. Dette ønskjer me å få til: - Skapa gode tenester med fokus på brukarane sine behov - Finna nye løysingar som vert tatt i bruk og tilpassa organisasjonen til dei - Skapa ein innovasjonskultur med rom for refleksjon og nytenking - Iverksetja innovasjonsprosjekt som gjev kvalitet for innbyggjarane

Innovasjonsmetoden vår I Time brukar me BLT behov-løysing-testing som innovasjonsmetode. Me startar med å finna ut kva som er det eigentlege behovet. Så finn me ut om me kan laga løysingar som dekkjer behovet. Til slutt testar me løysingane ut. Dei fem fundamenta For å kunna lukkast med innovasjonsprosjekt må me avklara fem fundament: 1) Behov: kva er det eigentlege behovet brukaren har? 2) Løysingsverdi: er det fleire fordelar enn ulemper med løysinga? 3) Pådrivar: kven er genuint opptatt av å lukkast med prosjektet? 4) Team: arbeider teamet mot same målet som pådrivaren? 5) Forankring: kven må involverast for at me skal få prosjektet til? Innovasjon kan vera ein risikofylt prosess der feil oppstår og gjev læring. Difor krev innovasjon godt leiarskap, rom for å feila og tryggleik til å gå nye vegar.

I Time kommune vil me ha ein innovasjonskultur som gjev rom for nytenking, prøving og feiling, og der me gjer kvarandre gode. Radikal innovasjon - prosjekt for innovasjon i tenestene Kvart år vert det etablert overordna innovasjonsprosjekt der forventninga er at radikal innovasjon skal skje. Prosjekta går på tvers og ut av organisasjonen og skal finna løysingar på område der kommunen har særlege ressursutfordringar. Prosjekta er forankra i dei overordna politiske prioriteringane i økonomiplanen. Dette ønskjer me å få til: - Innovasjonsprosjekta skal utfordra båstenking og skapa synergi på tvers av organisatoriske skilje - Innovasjonsprosjekta skal vera fokuserte og fristilte frå vanetenking - Innovasjonsprosjekta skal finna heilt nye løysingar som kan vera ein slags "kvantesprang" for tenesta - Innovasjonsprosjekta skal setja Time kommune på kartet som ein dynamisk og attraktiv kommune å jobba i

Dette vil me gjera: - Oppmoda heile organisasjonen til å komma med framlegg til innovasjonsprosjekt kvar haust - Prosjekta vert prioriterte i økonomiplanen for kvart år - Prosjekta vert etablerte, utvikla og presenterte første halvår, og testa og vurdert vidareførte andre halvår. - Me brukar BLT som metode for å utvikla prosjekta. - Det går fram av årsrapporten kva prosjekt som er testa ut og kva prosjekt som skal vidareførast

Kvardagsinnovasjon Time kommune ønskjer å ha ein innovasjonskultur, der kvar leiar og medarbeidar i møte med brukaren ser muligheiter til å endra og betra tenestene i kvardagen. Kvardagsinnovasjon veks ut frå det faglege, som noko nytt eller ei vidareutvikling, som stort og smått. Me identifiserer behov og testar ut løysingar saman med brukarane i små, lokale prosjekt. Gjennom å synleggjera dei små, men viktige stega som vert tatt i kvardagen, skapar me læring. Dette bidreg til innovasjonskultur i organisasjonen. Dette ønskjer me å få til: - Synleggjera kvardagsinnovasjon som skjer i organisasjonen - Gi medarbeidarar faglege utfordringar og høve til å tenkja kreativt i eigen arbeidssituasjon Dette vil me gjera: - Innovasjonsrom på intranettet til inspirasjon og læring - Forteljingar frå kvardagsinnovasjon på innovasjonsdagen - Innovasjon skal vera tema i utviklingssamtalar med medarbeidarar

- Inspirasjonsføredrag for tilsette ved dei som har drive innovasjonsprosjekt Rollar i innovasjon Politikarar: Har det overordna ansvaret for prioritering av større innovasjonsprosjekt i økonomiplanen, og for å vurdera resultata av innovasjonen i årsrapportsamanheng. Rådmann: Har ansvar for å føreslå aktuelle område for innovasjon, og ansvar for at det er ein innovasjonskultur i organisasjonen. Rådmannen skal vera drivkraft for innovasjon og følgja opp, motivera og vidareføra innovasjonsprosjekta og kvardagsinnovasjonen som vert sett i gang. Leiarar: Har ansvar for å synleggjera tema for innovasjon, og for å heia på og dela gode idear og nye løysingar som kvardagsinnovasjonen gjev i tenesta. Leiarane skal vera innovasjonsleiarar, som ser muligheiter på tvers av tenester og som oppmoder til tenesteutvikling og gjev rom for å prøva og feila. Medarbeidarar: Alle som jobbar i Time kommune har ansvar for å sjå brukarane sine behov, vurdera tenesteytinga opp mot desse og ta initiativ til betre og meir effektive tenester.