saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 10.05.2019 49715/2019 Hans Roger Tømmervold Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet 12.06.2019 Tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2019 Bakgrunn Møre og Romsdal fylkeskommune fordeler kvart år spelemidlar til idrettsanlegg. Etter vedtak i statsråd 10. mai 2019, vart det avsett 1 511 829 000 kroner av spelemidlane til idrettsanlegg i kommunane i heile landet. Departementet har gitt fylkeskommunane myndigheit til å foreta detaljfordelinga av dei midlane som vert stilt til disposisjon for bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Departementet informerer fylkeskommunane om beløpet som er stilt til disposisjon for kvar fylkeskommune, normalt innan 1. mai, jamfør føresegnene for tilskotsordninga (V-0732), punkt 5.2.2. Departementet stiller midlar til disposisjon basert på ein fordelingsmodell som vektar kvart fylke sin del etter godkjent søknadssum (tel 50 %), anleggsdekning (tel 25 %) og innbyggjartal (tel 25 %). Kriteria og vektinga av desse, er laga for å oppnå ei fordeling som sikrar at tilskotsordninga er behovsbasert, og at den har ein utjamnande effekt på anleggsdekning mellom fylka. Det er opp til fylkeskommunen å avgjere kor mykje av midlane som skal fordelast til høvesvis nærmiljøanlegg og ordinære anlegg. Fordelinga mellom ordinære anlegg og nærmiljøanlegg vart vedteke i sak KF- 18/19: Minimum 10 prosent av tildelte spelemidlar skal gå til nærmiljøanlegg Alle kommunar som har på nærmiljøanlegg skal få til førsteprioriteten sin Føringar frå Kulturdepartementet for fylkeskommunanes detaljfordeling: 1. Søknader som har fått deltildeling tidlegare (gjentekne ) skal tildelast resterande beløp. Sjå og punkt 3. 2. Anlegg spesielt tilrettelagt for personar med nedsett funksjonsevne skal prioriterast. 3. Om oppdeling av tilskot: a. For med godkjent søknadssum lik eller under 1 000 000 kroner (ekskludert særlege tilskotssatsar), skal ikkje tilskotet delast. Søknader med godkjent søknadssum over 1 000 000 kroner kan få tilskuddet fordelt over to år, med en halvdel hvert år. b. Søknader med godkjent søknadssum over 1 000 000 kroner kan få tilskotet fordelt over to år, med ein halvdel kvart år.
c. Søknader med godkjent søknadssum lik eller over 6 000 000 kroner kan få tilskotet fordelt over tre år, med ein tredjedel kvart år. d. Ved betydeleg høgare godkjente søknadssummar enn omtalt i punkt c) kan tilskot delast over 4 år etter avtale med Kulturdepartementet. 4. Søknader som ikkje får midlar i år kan fremmast på nytt, og bli vurdert ved neste års fordeling, på linje med andre og etter dei gjeldande føresegnene. 5. Det er berre prosjekt som inngår i ein vedteken kommunal plan som omfattar idrett og fysisk aktivitet som har rett til tilskot (om nærmiljøanlegg, sjå nærmare føresegnene i V-0732, punkt 3.3.4). Midlar til fordeling for idrett og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal I 2019 er det i alt 85 565 098 kroner til fordeling til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Beløpet er i hovudsak tildeling frå Kulturdepartementet, men også overførte midlar frå 2018. Beløpet er sett saman slik: Tildelte spelemidlar frå Kulturdepartementet: 83 946 000 kroner Rentemidlar: 752 565 kroner Inndregne midlar: 888 500 kroner Tidlegare avvik: - 21 967 kroner Rentemidlar er renter av overførte spelemidlar frå Kulturdepartementet før dei vert utbetalt til dei anlegga som har fått tilsegn. Inndregne midlar er midlar som det er gitt tilsegn på, men som ikkje er utbetalt. I årets spelemideltildeling frå Kulturdepartementet ser vi ein auke på om lag 6,8 mill. kroner frå 2018. Møre og Romsdal har den sjette høgste tilskotsramma blant fylkeskommunane. Tildelinga til fylka varierer frå 33 931 000 kroner (Finnmark) til 167 686 000 kroner (Akershus). Sjå vedlegg 4. Innkomne Det har kome inn i alt 252 frå alle kommunane i Møre og Romsdal, fordelt på 106 nærmiljøanleggs og 146 på ordinære anlegg. Godkjent samla anleggskostnad er 1 881 103 699 kroner. Godkjent total søknadssum er 369 657 957 kroner. Krav til søknaden Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2018, publikasjonsnummer V-0732, fastset krava for å få ein godkjent søknad. Ein søknad skal ha følgjande vedlegg: Vedlegg 1: Idrettsfunksjonelle førehandsgodkjende planar for anlegget, med behovsoppgåve Vedlegg 2: Detaljert kostnadsoverslag Vedlegg 3: Finansieringsplan med dokumentasjon Vedlegg 4: Plan for drift av anlegget Vedlegg 5: Dokumentasjon på rett til bruk av grunn Reglar for fastsetting av tilskot og tilskotssatsar Hovudregelen for stønad til ordinære anlegg er inntil 1/3 av godkjent kostnad. I tillegg er det fastsett maksimal tilskotssats for ein rekke anleggstypar i føresegnene for ordninga.
For nærmiljøanlegg er hovudregelen stønad på inntil halvparten av godkjent kostnad, maksimalt 300 000 kroner. I tillegg ligg det òg generelle merknadar i tildelingsbrevet frå Kulturdepartementet. Rutinar for saksbehandling og prioritering Fylkeskommunen ser det som ei viktig regional utviklingsoppgåve å gje faglege råd for utvikling av gode anlegg til beste for innbyggarane i fylket. Det blir nytta tid til dialog og rettleiing av kommunar og søkarar i utviklingsfasen for mange av anlegga. Det er dessutan fylkeskommunen si oppgåve å kontrollere/vurdere, og eventuelt innhente ytterlegare vedlegg frå søkaren. Fram til 15. mars vurderer administrasjonen om vedlegga er i orden. Det blir innhenta nødvendig tilleggsinformasjon så langt råd er, slik at flest mogleg kan bli godkjent. Oversikt over dei godkjente søknadene blir sendt til Kulturdepartementet innan fristen 15. mars. I denne perioden er det gjennomført samarbeidsmøte med anleggsrådet, som representerer dei ulike idrettane og friluftslivsorganisasjonane. I 2019 var 41 ikkje formelt i orden innan fristen for innsending til Kulturdepartementet (vedlegg 3). 14 av desse vart trekt då dei såg at dei ikkje fekk på plass all dokumentasjon innan fristen. I årets saksbehandling er følgande lagt til grunn for fylkesrådmannen sitt framlegg til fordeling av spelemidlar: Meld. St. 26 (2011-2012) Den norske idrettsmodellen Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020 Sak KF-6/13: Handlingsprogram for fysisk aktivitet 2013-2016 Sak KF-18/19: Spelemidlar 2019 til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - generelle prioriteringar Generelle merknader i oversendingsbrevet frå Kulturdepartementet Kommunal prioritering Prioriteringar frå anleggsrådet Folketal i den enkelte kommune Tildeling av spelemidlar dei siste fem åra Tildeling av spelemidlar dei siste ti åra Søknadssum og tal på frå den enkelte kommune Vurdering I sak KF-18/19, Spelemidlar 2019 til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - generelle prioriteringar, vart følgande vedtak gjort: 1. Friluftsliv og rehabilitering av idrettsanlegg blir prioritert. 2. Anlegg som utjamnar sosiale skilnader for aktivitet og helse skal prioriterast. 3. Interkommunale anlegg skal prioriterast. 4. Samlokaliserte anlegg blir prioritert. 5. Regionale konkurranseanlegg som dekker framtidige behov skal prioriterast. 6. Fylkeskommunen skal vere merksam på, og eventuelt prioritere, anlegg som treff nye målgrupper. 7. Minimum 10 prosent av tildelte spelemidlar skal gå til nærmiljøanlegg, og alle kommunar som har på nærmiljøanlegg skal få tilskot til sin førsteprioritet. 8. Tilsegn til kostnadskrevjande anlegg fordelast på inntil 3 år. 9. Retningslinjer og satsingsområde lagt i gjeldande fylkesplan og handlingsprogram «Fysisk aktivitet i Møre og Romsdal 2013-2016» (KF- 6/13), skal følgjast så langt som råd.
Denne prioriteringa, og føringar i tidlegare nemnte nasjonale og regionale dokument, har vore styrande for forslaget til fordeling. For den einskilde kommune har vi prøvd å følgje den kommunale prioriteringa, så sant summen av andre vedtekne føringar ikkje kjem i konflikt med prioriteringa til kommunen. Tilskotsordning Tal Tal godkjente Tilrådd tal Tilrådd sum tilskot Dekning i prosent Godkjent søknadssum Nærmiljøanlegg 106 85 21 432 377 52 13 187 000 61,5 % Ordinære 146 126 348 225 580 61 72 378 000 20,8 % anlegg Totalt 252 211 369 657 957 113 85 565 000 23,1 % Forslag til fordeling av midlar til særskilte anleggskategoriar innanfor ordinære anlegg: Anleggskategori Godkjent søknadssum Tilrådd sum tilskot Dekning i prosent av søknadssum for anleggskategori Dekning i prosent av totalt tildelt Fotballanlegg 37 040 588 15 078 000 40,7 % 17,6 % Idrettshaller og 171 283 572 20 928 000 12,2 % 24,4 % aktivitetssaler Idrettshus og 12 365 000 4 495 000 36,3 % 5,2 % servicebygg Ski- og alpinanlegg 4 367 000 2 277 000 52,1 % 2,6 % Friidrettsanlegg 5 494 000 1 194 000 21,7 % 1,3 % Skyteanlegg 2 054 631 1 362 000 66,2 % 1,5 % Friluftslivsanlegg 13 253 000 7 253 000 54,7 % 8,4 % Luftsportanlegg 700 000 0 0 0 Hestesportanlegg 711 789 0 0 0 Svømme- og 82 713 000 13 383 000 16,1 % 15,6 % stupeanlegg Is- og 7 000 000 3 500 000 50 % 4 % skøyteanlegg Vannsportanlegg 373 000 373 000 100 % 0,4 % Skateanlegg 436 000 436 000 100 % 0,5 % Racketsportanlegg 845 000 845 000 100 % 0,9 % Mindre 254 000 254 000 100 % 0,2 % utendørsanlegg Klatreanlegg 9 335 000 1 000 000 11,1 % 1,1 %
Forslag til vedtak: 1. Spelemidlane 2019 til Møre og Romsdal, i alt 83 946 000 kroner + 1 641 065 kroner (renter og inndregne midlar) 21 967 kroner i tidlegare avvik, blir tildelt søkarane som vist i vedlagte prioriteringslister, jf. vedlegg 3 og 4. A. Ordinære anlegg Tidlegare tilsegn, 11 Nye tilsegn, 50 Samla sum 28 900 000 kroner 43 478 000 kroner 72 378 000 kroner B. Nærmiljøanlegg Samla sum 52 nye tilsegn 13 187 000 kroner 2. Ikkje godkjente I alt var det 41 som ikkje var formelt i orden, og dei får avslag med grunngjeving gitt i vedlegg 3. 3. Fordeling av inndratte midlar og rentemidlar Rentemidlar (752 565 kroner), inndratte midlar (888 500 kroner) er ført inn i spelemidelfordelinga 2019, og tidlegare avvik på 21 967 kroner er trekt frå dette. Endeleg tilsegn vil bli gitt etter eventuell klagebehandling. Ved imøtekomen klage vil desse bli vurderte på nytt. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Heidi-Iren Wedlog Olsen fylkeskultursjef Vedlegg 1 Ordinære anlegg 2 Nærmiljøanlegg 3 Grunngjeving for ikkje godkjente 4 Fylkesvis fordeling av spelemidlar 5 Vedtak frå rådgivande organ