SYNS- OG AUDIOPEDAGOGISK TENESTE I HORDALAND Årsmelding 2010



Like dokumenter
SYNS- OG AUDIOPEDAGOGISK TENESTE I HORDALAND Årsmelding 2012

SYNS- OG AUDIOPEDAGOGISK TENESTE I HORDALAND Årsmelding 2011

SYNS- OG AUDIOPEDAGOGISK TENESTE I HORDALAND Årsmelding 2014 Årsplan 2015

SYNS- OG AUDIOPEDAGOGISK TENESTE I HORDALAND (SAPT) Årsmelding 2015 Årsplan 2016

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

SYNS- OG AUDIOPEDAGOGISK TENESTE I HORDALAND (SAPT) Årsmelding 2017 Årsplan 2018

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

SYNS- OG AUDIOPEDAGOGISK TENESTE I HORDALAND (SAPT) Årsmelding 2016 Årsplan 2017

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

på vegne av barn og unge

Barnehageplan for Vinje kommune

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

1. Mål med samhandlingsreforma

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Endeleg rapport frå tilsyn med Fjell kommune ved Nav Fjell 2013

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Sandeid skule SFO Årsplan

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Samhandling mellom opplæring og helse Statped Vest sitt bidrag

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Velkomen til Mork barnehage

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

Hordaland fylkeskommune og kommunene i Hordaland Styret i Syns- og Audiopedagogisk tjeneste. Dato: 29. august 2011

Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste

Informasjonshefte Tuv barnehage

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

PPT-organisering i Sogn Oppsummering og tilråding frå prosjektleiar

FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND HANDLINGSPLAN Prinsippet om vasshjul og sagbruk blir utprøvd i Sveio barnehage

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Den nye seksjon for applikasjonar

Høringssvar til veileder: Samarbeid mellom helse- og omsorgstjenesten og utdanningssektor om barn og unge med habiliteringsbehov

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

Plan for overgangar. for barn og unge

NOTAT om familiehuset

18. RETNINGSLINJER FOR AKAN

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Team Sunnmørsgruppa Trygt liv i eigen heim

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Samarbeidsavtalefor NAV fkmli

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Handlingsprogram og økonomiplan

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Skule - OPPL AVD. Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

10/60-14/N-211//AMS

Transkript:

SYNS- OG AUDIOPEDAGOGISK TENESTE I HORDALAND Årsmelding 2010 Syns- og Audiopedagogisk Senter Besøksadresse:Sandbrekkeveien 27, Paradis Postadresse: Postboks 6039, 5892 Bergen Sentralbord: 55 92 35 30 E-post synogaudio@bergen.kommune.no Hjemmeside: www.bergensskolen.no/synogaudio Syns- og Audiopedagogisk Teneste Stord Besøksadresse: Borggata 32, Stord Postadresse: Postboks 335, 5402 Stord Telefon 53 40 11 16/18 Syns- og Audiopedagogisk Teneste Voss Adresse: Uttrågata 38, 5700 Voss Telefon:: 56 51 74 20/40 1.1

SYNS- OG AUDIOPEDAGOGISK TENESTE I HORDALAND Innhald ÅRSMELDING 2010 1. Årsmelding Syns- og Audiopedagogisk Teneste i Hordaland 2010 side 1.3 1.1 Generelt om tenesta side 1.3 1.2 Utviklingstrekk innan resultateininga sine tenester i 2010 side 1.3 1.3 Resultateininga sine hovudmål/satsingsområde i 2010 måloppnåing side 1.4 1.4 Organisatoriske tilhøve side 1.4 1.5 Samarbeid/nettverk/målgrupper side 1.4 1.6 Register syn og hørsel side 1.5 1.7 Formelle organ side 1.5 1.8 Arbeid med synshemma i 2010 side 1.5 1.9 Arbeid med hørselshemma i 2010 side 1.6 1.10 Spreiing av kompetanse/oppbygging av kompetanse side 1.6 1.11 Helse, miljø og tryggleik side 1.7 1.12 Økonomi side 1.7 1.13 Vedlegg: Kurs- og informasjonsverksemd side 1.8 1.2

1. ÅRSMELDING SYNS- OG AUDIOPEDAGOGISK TENESTE I HORDALAND 2010 1.1 Generelt om tenesta Syns- og Audiopedagogisk Teneste i Hordaland (SAPT-H) skal gje eit heilskapleg tilbod i kvalitet og omfang som vert vurdert nødvendig og føremålstenleg og i samsvar med dei prioriteringar som er vedtekne av styret. Det overordna målet er å yta syns- og audiopedagogiske tenester innanfor Hordaland fylke til born og ungdom i grunnutdanning og høgare utdanning, og til vaksne for deltaking i utdanning, yrkes-, samfunns- og kvardagsliv. Dei tilsette i tenesta er 5 audiopedagogar, 1 spesialpedagog i utdanningsstilling ved kontoret på Stord (audiopedagog) og 7,3 synspedagogar, 1 spesialpedagog i utdanningsstilling ved kontoret i Bergen (synspedagog) og 1 spesialpedagog i utdanningsstilling ved kontoret på Voss (synspedagog). Sekretær i 90% stilling og leiar i 100% stilling høyrer også til tenesta. Hovudkontoret ligg på Paradis lokalisert saman med Statped Vest. I tillegg er det distriktskontor på Voss og på Stord. Distriktskontora er bemanna med ein synspedagog og ein audiopedagog kvar. Tenesta er finansiert gjennom eit interkommunalt samarbeid mellom dei 33 kommunane i fylket og fylkeskommunen. Utgiftsfordelinga mellom kommunane er basert på innbyggjartal. For å utnytta den statlege og kommunale kompetansen på det syns- og audiofaglege området i Hordaland, har Statped Vest og Tambartun lagt inn ein ressurs tilsvarande fire årsverk frå staten si side i finansieringa av SAPT-H. Arbeidsgjevar (vertskommune) for heile tenesta er Bergen kommune. Vertskommunen sitt ansvar gjeld også distriktskontora på Voss og Stord. Tenesta har eit eige styre der alle eigarane, brukarane og dei tilsette er representerte. Kommunane sine representantar var i 2010 frå Meland og Bømlo. Staten (Statped Vest og Tambartun kompetansesenter) har ein representant i styret. Styreleiar er frå vertskommunen. 1.2 Utviklingstrekk innanfor resultateininga sine tenester i 2010 Tenesta har stått for utgreiing/kartlegging av syns- og hørselsfunksjonar hos tilmelde brukarar som har rett til støtte frå det offentlege i samsvar med gjeldande lov-/regelverk. Det er gjeve råd og rettleiing til brukarar, føresette, pedagogar og anna personale i ehagar og skular, helsepersonal, arbeidsgjevarar o.a. I tillegg er det lagt til rette og gjeve råd i høve til praktiske og tekniske tiltak for born, unge og vaksne med særskilde behov i heim, skule eller på arbeidsplass. Tenesta har hatt innlegg på konferansar, kurs og samlingar og har gjeve råd og rettleiing i samband med universell utforming. Arbeidet omfattar også det å vera fagkunnig utgreiar for PPT i saker som gjeld syns- og hørselsproblematikk og stå for utprøving av hjelpemiddel inkl. datatekniske hjelpemiddel og elektronoptisk utstyr. 1.3

Vidare har tenesta delteke i oppbygging av nettverk omkring brukarar og mellom hjelpeinstansane, utvikla og halde kurs for brukarar, føresette, personale i ehagar og skular, helsepersonell og andre samarbeidspartnarar. 1.3 Resultateininga sine hovudmål/satsingsområde i 2010 - måloppnåing Hovudmåla er både system- og brukarretta. Dei systemretta hovudmåla er særleg arbeid knytt til tilmeldingsrutinar, nettverksarbeid og samarbeidsrutinar når det gjeld å gje rettleiing og opplæring av born, unge, vaksne og eldre med syns- og/eller hørselshemming. Tenesta gjev også informasjon og kurs for ulike instansar/samarbeidspartnarar i kommunane. Hovudmåla for brukarretta tiltak er å medverka til at born, unge, vaksne, eldre og deira pårørande får ei god fagkunnig vurdering, rettleiing, rådgjeving og oppfølging. Desse måla har vore essensielle i ei årrekkje, og uformelle tilbakemeldingar frå brukarhald viser at intensjonane vert nådde. Eit satsingsområde i 2010 har vore å vidareføra arbeidet med å evaluere tenesta sine verknadsområde på alle felt. Spesielt har det vore viktig å arbeida for ei felles plattform med tanke på forståing, etiske normer i arbeidet og ei felles praktisering/forståing av rutinar og omgrep. (Planen vert teken opp til jamleg evaluering og eventuell justering). Tenesta har dette året hatt mykje fokus på universell utforming. SAPT-H må, sameleis som andre einingar, vera budd på endringar og omstillingar i tida som kjem. Det vert difor sett visse krav til endringskompetanse på alle nivå innanfor tenesta. Som eit ledd i dette, har personalgruppa i fellesskap starta arbeid med framtidig organisering av tenesta, jf. Samarbeidsavtalen, som er gjeldande ut 2011. Dette arbeidet vert vidareført i 2011 som ei arbeidsgruppe sett ned av styret, der dei tilsette også er representerte. NOU 2009:18: - Rett til læring Midtlyngutvalget, gjev signal på endringar i det spesialpedagogiske feltet. 1.4 Organisatoriske tilhøve 2010 er det femte året tenesta har vore lokalisert saman med Statped Vest. For dei tilsette på senteret har dette vore eit positivt år. Dette gjeld både lokalitetar, fagleg samarbeid og sosialt samvere. I 2010 vart det gjort nokre strukturendringar internt i organisasjonen. Vanskeområda syn og hørsel fikk kvar sin faglege koordinator. Desse funksjonane fortset fram til utgangen av 2011, då tenesta sin noverande avtale med stat, fylke og kommunar går ut. Ut denne perioden er det fagleg koordinator syn som er tenestegjerande når leiar er fråverande. 1.5 Samarbeid/nettverk/målgrupper Tenesta ynskjer å medverke til eit best mogeleg samarbeid med aktuelle aktørar. Den har eit omfattande samarbeid med mange ulike faggrupper, ulike institusjonar, skular/ehagar, sjukehus, interesseorganisasjonar, kommunal helse- og sosialteneste, kompetansesentra, arbeidsgjevarar, utstyrsleverandørar, hjelpemiddelsentralar og føresette og brukarar. På hørselsområdet har det spesielt vore utfordringar i 2010 då det i ein periode ikkje har vore hørselsfagleg kompetanse på NAV-Hjelpemiddelsentralen. Tenesta arbeider også for å medverke til eit best mogeleg samarbeid med aktuelle aktørar. 1.4

Samarbeid med kompetansesentra omfattar kompetanseheving, samarbeid om kursverksemd og einskildpersonar, i tillegg til viktig informasjonsarbeid. Målgrupper er syns- og hørselshemma uansett alder, som oppfyller krav om støtte frå det offentlege og som har rett til opplæring i samsvar med gjeldande lov- og regelverk. Alle som har eit reelt syns/hørselsproblem, kan få hjelp frå tenesta. I utgangspunktet vert det ikkje stilt noko krav til kven som kan søkje om hjelp frå tenesta. Alle, også brukaren sjølv, kan ta kontakt med tenesta for støtte. 1.6 Register syn og hørsel SAPT-H er pålagt å føre register over brukarar av tenesta. (Jf. Konsesjon av 1994 ved Statens utdanningskontor). Alle brukarar av syns- og audiopedagogiske tenester er registrert (etter eige samtykke). 1.7 Formelle organ Verneombod Verneombodsarbeidet er eit samarbeid med dei ulike avdelinger i Statped Vest. 4 møter Koordineringsmøter Koordinatorane for Syn/Hørsel og leiar Planlegging fellesmøter 10 møter Styremøter 4 møter Drift, økonomi, fagspørsmål Dialogmøter 8 møter ( tillitsvald og leiar) 1.8 Arbeid med synshemma i 2010 - Synsutgreiing/synsfunksjonsprøving - Oppfølging av synshemma born/pedagogisk tilrettelegging/deltaking i ansvarsgruppemøter - Foreldresamarbeid - Utprøving/tilrettelegging/opplæring vaksne/eldre synshemma - Nettverksarbeid - Kurs og informasjonsarbeid - Planarbeid - Registrering - Samarbeidsmøter (kompetansesentra, sjukehus, NAV-Hjelpemiddelsentralen, andre) - Kompetansespreiing og kompetanseoppbygging - SAPT-H har i samarbeid med ulike aktørar som arbeider med synshemma, og i regi av Helse Bergen, avslutta første del av eit prosjekt som m.a. har som føremål å kartleggja livssituasjonen for ulike grupper synshemma. I tillegg har ein arbeidd med å få ei oversikt over om det er mange som ikkje får den støtte dei har krav på spesielt gjeld dette eldregruppa. Dette arbeidet fortset i og med at dei aktuelle faggruppene fortset sitt arbeid 1.5

mot dei einskilde målgruppene. Faggruppene rapporterer til et vald fagråd for syn i Bergen og Hordaland. 1.9 Arbeid med hørselshemma i 2010 - Oppfølging av og unge - Foreldresamarbeid - Oppfølging av vaksne tunghørte, døve og tunghørt-/døvblitte - Utprøving av hørselstekniske hjelpemiddel - Kontakt og samarbeid med andre instansar - Hørselsutgreiing born - Deltaking i Straks-teamet på Vestlandet (Tidleg oppfølging etter hørselsscreening av nyfødde) - Deltaking i APD- teamet ved Statped Vest - Deltaking i gruppa Tidlig Innsats ved Statped Vest - Samarbeid med Haukeland Universitetssykehus-Høresentralen, Helse Fonna, NAV Arbeidsrådgivning for hørselshemmede, NAV Hjelpemiddelsentralen, Statped Vest, Rådgivningskontoret for hørselshemmede og døvblinde i Bergen, Hørselshemmedes Landsforbund, Bergen Døvesenter, og Lærings- og mestringssenteret i Bergen om planlegging og gjennomføring av ulike kurs for hørselshemma i yrkesaktiv alder. - Samarbeid med Fylkesaudiografen når det gjeld kurs for nye eldre høreapparatbrukarar. - Kurs og informasjonsverksemd - System- og planarbeid - Registrering - Arbeidsplasstilrettelegging i samarbeid med NAV-ARK og NAV-HMS - Oppfølging av eldre 1.10 Spreiing av kompetanse/oppbygging av kompetanse Spreiing av kompetanse syn Det er avvikla 10 kurs i 2010 for til saman 117 deltakarar. Hovuddelen har vore kompetanseoverføring til helseetaten og til pedagogar i ehage og skule. Spesielt må nemnast eit samarbeidsprosjekt med Statped Vest som omfattar kursing av lærarstudentar ved NLA, og spesielle kurs for helsesøstrer. I tillegg kjem klassetrinnskurs i samarbeid med Tambartun kompetansesenter og innlegg på kurs/konferansar om universell utforming. Oppbygging av kompetanse syn Synspedagogane har delteke på 2 større kurs/seminar i 2010 med 1-3 deltakarar frå vår teneste. Spreiing av kompetanse hørsel Det er i 2010 avvikla 39 kurs for til saman 681 deltakarar. Kursa har vore innanfor emneområda kommunikasjon og audiopedagogiske spørsmål omkring konsekvensar av ulike hørselstap og aktuelle tiltak. I tillegg har Audiopedagogisk Teneste, saman med Lærings- og mestringssenteret og kompetansenettverket for hørsel, vore medarrangør for 4 kurs for gruppa tunghørt-/døvblitt i yrkesaktiv alder. 1.6

Oppbygging av kompetanse hørsel Audiopedagogane har delteke på 5 kurs/konferansar i 2010. Kursa/fagsamlingane har i all hovudsak vore samlingar rundt aktuelle emne innan det audiopedagogiske fagfeltet. I tillegg har audiopedagogane delteke på interne fagmøter med Statped Vest avd. hørsel og på interne fagdagar på Statped Vest, og på produktpresentasjonar av besøkande leverandørar av hørselstekniske hjelpemiddel. 1.11 Helse, miljø og tryggleik SAPT-H har felles arbeidsmiljøutval med Statped Vest. Utvalet hadde i 2010 5 møter og behandla 36 saker. SAPT-H gjennomførde hausten 2010 ei måling av medarbeidartrivsel. Resultata frå denne kartlegginga er fylgde opp gjennom arbeid i personalgruppa. 1.12 Økonomi Brutto utgifter i 2010: kr. 11 362 000 Meir utfyllande opplysningar om tenesta si verksemd kan ein få ved å venda seg til leiar på telefon 55 92 35 30 / 31. 1.7

1.13 VEDLEGG: Kurs og informasjonsarbeid HØRSEL 2010 Dato Målgruppe Tema deltakartal 22.01 Audiopedagogar / Teknisk audiologi 20 hørselskonsulentar I samarbeid med SPV 27.01 Sjukepleiarstudentar Hørselshemming og kommunikasjon 60 24.02 Barnehagepersonale Tilrettelegging av ehagetilbod for 12 hørselshemma born 26.02 Deltakarar på grunnkurs, i Aldersrelaterte hørselstap og 13 samarbeid med NBF hørselstekniske hjelpemiddel 03.03 Tunghørtblitte vaksne Kommunikasjon med fokus på 8 munnavlesing 10.03 Tunghørtblitte vaksne Kommunikasjon med fokus på 8 munnavlesing 11.03 Foreldre til tunghørte elevar, i Tekniske hjelpemiddel i heim og skule 10 samarbeid med SPV 11.03 Nettverk til tunghørtblitte Innføring i bruk av teikn som støtte til 13 talen 23.03 Eldregruppe Aldersrelaterte hørselstap og tekniske 17 I samarbeid med lokalt Folkeakademi hjelpemiddel 24.03 Tunghørtblitte vaksne Kommunikasjon med fokus på 7 munnavlesing 25.03 Foreldre til tunghørte elever I Tekniske hjelpemiddel i heim og skule 11 samarbeid med SPV 25.03 Nettverk til tunghørtblitte Innføring i bruk av teikn som støtte til 10 talen 06.04 Foreldre i ehage med et Teikn som støtte til talen kva og 18 hørselshemma kvifor? 07.04 Tunghørtblitte vaksne Kommunikasjon med fokus på 7 munnavlesing 08.04 Nettverk til tunghørtblitte Innføring i bruk av teikn som støtte til 11 13.04 Nye høreapparatbrukarar I samarbeid med Fylkesaudiografen i Hordaland talen Høretaktikk; tilvenning, stell og bruk av høreapparat 22.04 Nettverk til tunghørtblitte Innføring i bruk av teikn som støtte til 9 talen 23.04 Kollegagruppe Arbeidsplasstilrettelegging å ha en 8 hørselshemma kollega 05.05 Foreldre til tunghørte elevar, i Tekniske hjelpemiddel i heim og skule 4 samarbeid med SPV 20.05 Foreldre til tunghørte elever, i samarbeid med SPV Tekniske hjelpemiddel i heim og skule 14 9 1.8

26.05 Nettverk til hørselshemma Kommunikasjon med fokus på bruk av 16 22.06 Deltakarar på grunnkurs, i Aldersrelaterte hørselstap og tekniske 12 samarbeid Med NBF hjelpemiddel 18.08 Kollegagruppe Arbeidsplasstilrettelegging: Å ha en døv 11 kollega 04.09 Hørselshemma i yrkesaktiv Hørselshemming og arbeidsliv - med 30 alder, i samarbeid med HLF fokus på tilrettelegging 08.09 Nettverk til hørselshemma Kommunikasjon med fokus på bruk av 19 11.09 Hørselshemma likemenn, i Hørselshemming tilrettelegging og 25 samarbeid med HLF kommunikasjon på ulike arenaer 15.09 Nettverk til hørselshemma Kommunikasjon med fokus på bruk av 13 23.09 Pedagogar og tilsette i Mellomøreproblematikk 21 ehage og skule 24.09 Pedagogar og helsepersonale Auditive prosesseringsvanskar 35 I samarbeid med Helse Fonna og SPV 27. og Pedagogar i grunn- og Med fokus på hørselshemming 55 28.09 vidaregåande skule I samarbeid med SPV 04.10 Deltakarar på grunnkurs, i Aldersrelaterte hørselstap og tekniske 12 samarbeid med NBF hjelpemiddel 06.10 Nettverk til hørselshemma Kommunikasjon med fokus på bruk av 11 06.10 Nye høreapparatbrukarar, i samarbeid med Fylkesaudiografen Høretaktikk; tilvenning, bruk og stell av høreapparat 20.10 Nettverk til hørselshemma Kommunikasjon med fokus på bruk av 26 27.10 Netteverk til hørselshemma Kommunikasjon med fokus på bruk av 26 03.11 Nettverk til hørselshemma Kommunikasjon med fokus på bruk av 23 17.11 Nettverk til hørselshemma Kommunikasjon med fokus på bruk av 22 29.11 Pedagogar i vidaregåande Tankar rundt tunghørte og identitet 34 skule 13.12 Kollegagruppe Hørselshemma på jobben; Utfordringar, 10 tilrettelegging, muligheter SUM DELTAKARAR 681 I tillegg har SAPT-H saman med Kompetansenettverk-hørsel og Lærings- og Mestringssenteret i Bergen arrangert kurs for vaksne med nedsett hørsel omkring temaa Tinnitus og Cochlea Implantat. - SPV = Statped Vest - NBF = Norges Blindeforbund - HLF = Hørselshemmedes Landsforbund 11 1.9

Oppbygging av kompetanse Hørsel 2010 Dato Arrangør Tema Deltakarar frå SAPT-H 13. -14.01 Skådalen og Briskeby Med lyd og lyst 4 kompetansesentra 15.04 Statped Vest Lytte og taletrening 3 20. 08 Phonak Hørselstekniske 3 hjelpemiddel 24.09 Helse Fonna i samarbeid Auditive prosesserings- 2 med SPV vanskar 25.10 Stord kommune Universell utforming 1 I tillegg har audiopedagogane delteke på interne fagdagar på SAPT-H og ved Statped Vest avd. hørsel. Vi har også delteke på produktpresentasjonar på NAV Hjelpemiddelsentralen. SYN 2010 Dato Målgruppe Tema Deltakarar 09.02. Studentar Synshemming 30 02.03. Helse- og omsorgsleiarar m Synshemming hos eldre 10 fl 23.03. Personale vidaregåande skule Syn og synshemming 15 23.11. Rådet for funksjonshemma Universell utforming 10 24.11. Personale skule Syn og synshemma 12 29.11. Personale bustad Ledsaging mobilitet 14 06.12 PPT Syn og lesing 5 21.06.-23.06 Personale skule Skuleforbund 12 26.10. Personale ehage Punktskrift 5 11.11. Personale skule/ avlastning Mobilitet 4 Oppbygging av kompetanse Syn 2010 Dato Arrangør Tema Deltakarar fra SAPT 10.-11.03. Huseby kompetansesenter Husebydagane 4 31.05.-03.06. Tambartun Fylkespedagogsamling 1 1.10