Når og korleis vann kristendommen fram i Norge? Av Leiv Olsen



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

«Ny Giv» med gjetarhund

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Brødsbrytelsen - Nattverden

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Jon Fosse. For seint. Libretto

Kva er økologisk matproduksjon?

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Setring ved Håbakkselet Hareid

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Kulturhistoriske registreringar

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Til deg som bur i fosterheim år

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Samansette tekster og Sjanger og stil

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

VEKEPLAN 4.TRINN Veke 13, 14 og 15 Namn:

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER


Tor Arve Røssland. Oslo

G A M A L E N G K U L T U R

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kom skal vi klippe sauen

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Brannsår, rus eller friheit?

Notat om historie og kulturlandskap

Eksamen MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B


Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Transkript:

Når og korleis vann kristendommen fram i Norge? Av Leiv Olsen Tradisjonell oppfatning av kristningsverket bygger på Snorres framstilling i Heimskringla (Hkr.). 1 Ifølgje Snorre blei Norge kristna av Olav Tryggvason og kristninga fullført under Olav Haraldsson. Vika (området rundt Oslofjorden) hadde vore dansk, og blei kristna då danskekongen Harald Gormsson tidleg på 960-talet påla alle undersåttane sine å gå over til den kristne trua, mens mange i det indre Austlandet heldt fast ved heidne gudar heilt til Olav Haraldsson tvangskristna dei rundt 1020. Kystlandet (Vestlandet med Agder, Trøndelag, Hålogaland), som var det opphavlege Norge («seglingsleia mot nord»), blei kristna av Olav Tryggvason, i løpet av bare to år. Snorre fortalde at Olav Tryggvason stemnde til ting for å omvenda folket då han segla rundt kysten. Fyrst i Rogaland; bøndene samla seg og valde dei tre mest taleføre til å tala kongen imot, men då dei reiste seg, fekk dei ikkje fram eitt ord, og det enda med at hele tinglyden gjekk over til den nye trua. «Alt tingfolket vart døypt før kongen skildest frå dei.» 2 Så stemnde han til Gulating; der allierte han seg med stormennene, gifta syster si til Erling Skjalgsson, og alt folket blei døypt og kristna, skreiv Snorre. Same hausten stemnde han til firefylkersting på Dragseid ved Stad (år 997, ifølgje Sæmund frodes utrekning). Alt folket let seg kristna der. Endeleg segla han inn på Lade, arnestaden for heidendommen. Han braut ned og brann hovet der, men då samla trøndarane og håløygane seg til krig mot kongen. Han kom tilbake sommaren etter og stemnde då til ting for heile Trondheimen; både han og bøndene møtte godt væpna. Med list og makt fekk kongen viljen sin, og det enda med at trøndarane måtte gi seg under kongen og Kvitekrist; noko etter gjorde håløygane likeeins. Seinare sytte Olav Tryggvason for å kristna både Island og Grønland, før han stupte i svolderslaget hausten år 1000. Etter kva Snorre skreiv. Kristninga blei følgt opp av Olav Haraldsson, som tvang bøndene i det indre Austlandet til å ta imot den nye trua og kalla saman til ting på Moster (1024?) for å vedta dei fyrste kristenrettane, formulerte av biskop Grimkell. Snorre hadde nemnt Håkon Adalsteinsfostres kristningsforsøk, og at Håkon brakte kristne biskopar til landet, men skreiv at han gav opp kristninga etter motstanden han møtte i Trondheimen. Sjølv om Snorre kjende til det tidlege kristningsforsøket, hevda han at heile Norge var heidensk fram til Olav Tryggvason blei konge (Vika var dansk), for så å bli kristna på bare to år. BIRKELI REISER TVIL VED SNORRES FRAMSTILLING Fridtjof Birkeli stilte spørsmål ved denne framstillinga i dei to verka Norske steinkors i tidlig middelalder (1973) og Tolv vintrer hadde kristendommen vært i Norge (utgitt posthumt 1995). Birkeli visste ut frå eigne erfaringar som misjonær at eit trusskifte tar tid; det er ikkje gjort på to år og ikkje i løpet av ein generasjon. I dei to verka dokumenterte han omfattande kristningsarbeid i Norge gjennom eit par generasjonar før den avgjerande vendinga under Olav Tryggvason, eit arbeid krona med både framgang og tilbakegang før den endelege sigeren for kristendommen. Kristen påverknad hadde begynt endå tidlegare, og kristningsverket heldt fram også etter Heilag-Olavs tid; det var «en århundrelang utvikling med infiltrasjon, misjon og organisasjon» som måtte til før religionsskiftet blei full realitet (Birkeli 1973:9; kursivert i originalen). Snorre hadde nemnt at Håkon Adalsteinsfostre brakte biskopar frå England til Norge. Ágrip, skrive 40-50 år før Snorre, skreiv at mange då vende seg til kristendommen, og at Håkon bygde kyrkjer og sette lærde menn til dei (Ágrip kap. 5). Både Ágrip og Snorres Hkr. er seine kjelder, men Birkeli fann ei angelsaksisk kjelde som nemnde biskopar under kong Edgar (958-975), blant dei sigefridus norwegensis eps., Sigfrid, norsk biskop. Denne Sigfrid kan bare ha vore norsk 1 For eksempel følgjer Birger Lindanger Snorre i verket Klepp bygdesoge fram til 1837 (utg. Klepp 1990). 2 Snorre. Noregs kongesoger. Jubileumsutgåva 1979 (red. Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy), 1:168. Oslo: Samlaget. 1

(misjons)biskop under Håkon Adalsteinsfostre, og misjonsverksmeda må ha gått føre seg i 950-åra (smst. s. 22f). Birkeli argumenterte òg for at fleire av dei seinare misjonsbiskopane, under Olav Tryggvason og Olav Haraldsson, var nære slektningar av denne Sigfrid. Misjonsverksemda til Sigfrid må fyrst og fremst ha vore driven på Vestlandet, som var kjerna i riket til Håkon, og der kongen hadde setegardane sine. Ingen har motsagt Birkeli i dette. Skandinavia hadde hatt kontakt med det kristne Vest-Europa i mange hundreår før vikingtida; kristne tankar kan ikkje ha vore ukjende. Danmark veit me blei kristna sørfrå, i løpet av 700-, 800- og 900-talet. Norge fekk dei sterkaste kristne impulsane frå vest, frå Irland og England, viste Birkeli. Mykje tyder på at både Norge og dei norrøne bygdene i Nord-Atlantaren (Island m.m.) blei påverka av kristne tankar på 800- og 900-talet. Bautasteinar og gravskikkar kan tyda på det; me høyrer også frå sagaene om norske menn og kvinner som reiste steinkrossar på Island etter eit lengre opphald blant kristne i vest (Birkeli 1973:56f; 1995:46-51). Desse steinkrossane er bare omtalte i seine sagaer, det finst ikkje spor etter dei i dag. Det me derimot veit, er at danske og norske vikingkongar på 800- og 900-talet gifta seg inn i kristne irske og angelsaksiske slekter, at danske vikingar i England blei kristne på slutten av 800-talet og norske vikingar i Irland og England blei kristna i fyrste halvdel av 900-talet. Desse hadde samband med slektningane sine heime i Norge, og særleg i Rogaland. Spesielt interessant er ein bautastein som blei funnen på Kuliøya i Edøy sokn, Sunnmøre. Den var brukt som støtte under låvebrua. Steinen blei brakt til Trondheim. Der oppdaga forskarar eit krossmerke på ei side og ei runeinnskrift på den andre sida. Aslak Liestøl las: «Tolv vintrar hadde kristendomen vori i Noreg», og oppfatta det som tolv vintrar sidan folket i 996 eller 997 blei kristna på Dragseidtinget (Liestøl 1957:283). Birkeli meinte språktrekk i innskrifta viste til 900-talet (1973:121-126; 1995:48). Då måtte dei tolv vintrane vera tolv vintrar etter ei hending under styret til Håkon Adalsteinsfostre. Som me skal sjå, er innskrifta og dateringa omdiskutert. Vestlandet skil seg ut frå resten av Norge ved dei mange monumentale steinkrossane, frå Jæren i sør til Sunnmøre i nord, reiste i tidleg kristen tid. Birkeli registrerte 42 store steinkrossar; dei fleste i Rogaland og Sogn og Fjordane, den nordlegaste i Volda på Sunnmøre. 3 Dei vakraste var krossar av keltisk type og krossar av anglisk type. I tillegg har me meir grovt tilhogde krossar. Det er vanskeleg å datera dei, men det må vera ein grunn til at dei er reiste på Vestlandet og ikkje andre stader i landet. Det er naturleg å setta dei i samband med trusskiftet på 900-1000-talet, eit trusskifte der dei viktigaste impulsane kom frå dei britiske øyane. Når steinkrossane bare blei reiste på Vestlandet, kan det vera fordi dei høyrde til den tidlege fasen, før den irsk-britiske misjonen hadde fått same makt over sinna andre stader. Birkeli viste òg at det var fleire norske kongar som støtta kristninga. Om Harald Gråfell blei det fortalt at han reiv ned dei heidenske hova (ei strofe i skaldekvadet Vellekla), ja, tilmed Eirik og Svein jarlar, sønene til den ramheidenske Håkon Ladejarl, ser ut til å ha støtta kristendommen etter at dei kom til makta. Kristninga var ein langvarig prosess, fyrst nokre hundreår med kulturkontakt og kristen påverknad, deretter aktiv misjon frå midten av 900-talet fram til Heilag-Olavs styre i 1020-åra, til slutt kyrkjeleg organisering og innføring av kristenrettar som langsomt endra tankegangen til folk. Meinte Birkeli. BIRKELI BLIR KRITISERT Seniorprest Olav Tveito i Oslo bispedømme etterlyser eit oppgjer med Birkelis syn. «På flere punkter kan man i dag konstatere at han tar feil,» skreiv Tveito i Historisk tidsskrift 2013 (Tveito 2013:371). Han tenkte då spesielt på Kulisteinen, som Tveito «med stor sikkerhet» daterer til 1030- åra. Eg kjem tilbake til den dateringa, som ikkje er så sikker som Tveito trur. Han tvilar òg på at 3 Samt 18 mindre krossar, truleg meinte for graver på kyrkjegarden. Nokre få av desse mindre krossane er frå Numedal (fire) og Nord-Trøndelag (ein), ein åttekanta steinkross frå seint 1200-tal er funnen i Nidarosdomen, elles er alle steinkrossane frå Vestlandet, frå Jæren i sør til Sunmøre i nord. Sjå Birkeli (1973:122-214). 2

gravfunn frå 800-900-talet kan tolkast som kristne impulsar. «Tolker man slike funn nøkternt, vil konklusjonen måtte gå ut på at denne type gjenstander primært dokumenterer kulturkontakt» (smst.). Gravfunn frå sein vikingtid vil han ikkje tolka som framgang for kristendom, då heidensk kult framleis var vital i Norge, tidlege kristningsforsøk «fikk en parentetisk karakter» (smst. s. 373). Det var fyrst under helgenkongen, Heilag-Olav, det viktigaste vendepunktet kom. No blei landet og folket kristent i den tydinga at dei blei døypte og fekk kristen gravferd. Etter Olavs tid forsvinn heidenske innslag forbausande raskt. Kven gir det mest truverdige bildet, Birkeli eller Tveito? Skriftlege kjelder om kristningsverket er så seine at me ikkje kan legga avgjerande vekt på dei. Korleis skal me tolka arkeologien? KULISTEINEN «Tore og Hallvard reiste denne steinen etter..,» begynner innskrifta det er forskarane samde om. Fleire bokstavar i det som følgjer, både namnet på han som skal minnast og andrelinja i innskrifta, er vonde å tyda. Liestøl hadde i andrelinja lese tualf uintr hafþi kristin tumr uirit inuriki, «tolf vetr hafþi kristindómr verit í Nóregi». Han peika på uvanlege språkformer. I fyrstelinja stod det þinsi for «denne», ei form som er kjent frå danske innskrifter, men bare frå Vangsteinen på norsk område. Tualf er ei eldre form for «tolv», elles bare kjent frå Röksteinen i Östergötland; den innskrifta blir datert til tidleg 800-tal. Uintr var vanleg i austnordisk mens den vestnorske forma var vet(t)r. «Denne innskrifta viser då at i dette ordet var assimiliasjonen nt > tt ikkje gjennomført ved Smøla omkring år 1000», skreiv Liestøl (1957:284). Vendinga kristin tumr må vera det eldste eksempelet på at dette lånordet frå engelsk er brukt i Norge. Skrivemåten nuriki (dativ) for Noreg «speglar vel av ein uttale Nóregi, som vi kjenner frå skaldekvæde på 900-talet», skreiv han òg (smst.). Som Birkeli kommenterte (1973, 1995), var det dermed fleire språktrekk som peika mot at innskrifta kunne vera eldre enn 1000-talet. Andre forskarar har komme til andre konklusjonar. Nils Hallan meinte at når det stod at kristendommen hadde vore tolv år i Norge, kunne ikkje det sikta til eit lokalt vedtak på Dragseidtinget, men til Mostratinget, der dei fyrste kristenrettane blei vedtatt (Hallan 1966:25). Mostratinget blir gjerne tidfesta til 1024. Arkeologiske utgravingar i 1984 avdekte ei gammal trebru i området der ein meiner Kulisteinen hadde blitt reist. Kristian Pettersen daterte treverket i brua med C14-metode til 990 +/- 60 år (Pettersen 1990:94). Seinare blei brua datert dendrologisk til 1034 (Hagland 1991:162). Jan Ragnar Hagland hevda Kulisteinen blei reist for å markera at brua blei laga, den var ein såkalla bru-stein. Slike kjenner me frå Sverige og Danmark. Følgjeleg blei steinen reist i 1034, og det må ha vore tolv år etter Mostratinget, meinte han (smst.). 1998 las Hagland innskrifta på nytt, no med såkalla mikrokartiseringsteknologi. Då kom han fram til ei anna tolking enn Liestøl. Andrelinja las han som tuhlf uin(t)r h(a)(f)þi kr(i)(s)(t)in tumr um ri(t) (i) n(u)riki, «tolv vintrar hadde kristendommen betra (ting) i Noreg» (Hagland 1998:135ff). Den nye lesemåten gjorde det endå meir sannsynleg at innskrifta viste til Mostratinget, som vedtok kristenrettar. Men Haglands nylesing har ikkje fått allmenn tilslutning, skriv Karin Fjellhammer Seim i Handbok i norrøn filologi (2013:172). Dei fleste held Liestøls tolking som den beste. Det er lite tvil om at Kulisteinen runologisk har gamle trekk. I tillegg til det Liestøl nemnde, peikar Seim på at /o/ blir skrive med u-runen; det er ingen spor av ei nyutvikla o-rune, slik Galtelandsteinen (datert til rundt 1016, Seim 2013:168) har. «Det betyr ikke nødvendigvis at Kuli må være eldre enn Galteland, men skrifthistorisk står den på et tidligere stadium» (smst. s. 171). Min konklusjon blir at Birkelis datering til andre halvdel av 900-talet er meir sannsynleg enn 1034. Kva med trebrua, som på overbevisande vis er datert til 1034? Steinen og brua treng ikkje vera like gamle. Mange steinkrossar blei reiste på langt eldre gravhaugar. Bautasteinar og steinkrossar som er reiste ved ei kyrkje, treng ikkje vera reiste samtidig med kyrkja. Steinkrossar og bautasteinar blei reiste der folk ferdast. Trebrua på Kuliøya, som ikkje treng ha vore den fyrste på staden, blei sikkert bygd fordi folk måtte fram, og i det myrlende området hadde dei neppe andre vegar. Ville 3

ein finna éin stad på øya der alle måtte forbi, var nok dette staden. Derom Kulisteinen blei reist for å markera at ein hadde gjort bru, ville dei nok ha skrive det. Innskrifta er ikkje av dei kortaste; det står at Tore og Hallvard reiste denne steinen etter ein annan person (namnet på denne er uvisst), og at det skjedde tolv vintrar etter ei viktig hending; ei så pass innhaldsrik innskrift ville nemnt det, dersom poenget var å markera brubygginga. Står det at tolv vintrar hadde kristendommen vore i Norge, eller at tolv vintrar hadde kristendommen omrett i Norge? Vendinga um rétt, retta om, er sjeldan. Fritzner (Ordbog over det gamle norske Sprog) nemner rétta frá sér, rétta út, rétta til, rétta at, rétta fram, rétta aptr, rétta upp, rétta á, rettir af, rétta við (Fritzner 1:85-87), men har ingen eksempel på vendingar med rétta um. Heller ikkje Ordbog over det norrøne prosasprog (ONP) har eksempel på det. I Norges gamle Love (NgL) finst det eitt, og bare eitt, eksempel: nu hoffum ver that umspurt och med vorum godum monnom huat thar haffuer verit rettat um att fornu (NgL 3:215, frå kong Olav Håkonssons rettarbot om tollen til islandsfararane. Bergen 27.10.1382 eller 30.4. 1383). «No har me spurt om det, og med våre gode menn, kva som har vore retta om frå gammalt» Ein kunne seia rétta um på norrønt, men då måtte setninga ha eit objekt, noko måtte bli retta på. Innskrifta frå Kuliøya manglar objekt, slik Hagland les den. Derfor må han føya til eit ord som ikkje står der: «tolv vintrar hadde kristendommen betra (ting)» Runeinnskrifter må studerast på staden. Ofte er dei vanskelege å lesa, utan spesiell ekspertise er det uråd å vita kva for eit fagmenneske som har lese mest nøyaktig. Men Liestøls lesemåte har framleis støtte frå flest fagfolk og gir også best meining. Haglands lesemåte gir eit ufullstendig utsagn, der objektet manglar. Eg har mest tru på tolkinga til Liestøl. Når det gjeld dateringa, er det fleire språklege trekk som peikar mot at 900-talet er vel så sannsynleg som 1000-talet. Dei som vil knytta Kulisteinen til trebrua frå 1034, gjer det bare fordi dei to tilfeldigvis stod på same plassen, og trass i at ingenting i innskrifta tyder på at den blei reist for å markera brubygginga. Eg må konkludera at innskrifta truleg lyd: «tolv vintrar hadde kristendommen vori i Noreg», og at det er noko meir sannsynleg at steinen blei reist på 900-talet enn på 1000-talet. STEINKROSSANE PÅ VESTLANDET Kristine Holme Gabrielsen har gjennomført den mest omfattande studien av dei vestlandske steinkrossane etter at Birkeli gjorde sitt banebrytande arbeid (Holme Gabrielsen 2007). Ho grupperer krossane i fem typar som ho kallar type A (keltiske krossar), B (angliske krossar), C, D (bare éin kross) og E. Den siste typen er minst homogen og omfattar dei grovast tilhogde krossane. Dei angliske krossane skil seg ut ved at alle er fint tilhogde og svært høge, 2-5 meter høge, fint bearbeidde av granitt frå Hyllestad; også dei keltiske krossane er høge (2,5-4 meter). Av dei andre finst det både fint og grovt tilhogde krossar (av type E er omtrent samtlege grovt tilhogde), dei fleste noko lågare (Kvitsøykrossen, type C, er 4 meter høg). Interessant er plasseringa av krossane. Mange krossar ser ut til å seia noko om lokale forhold. Krossen på Krosshaug i Klepp blei reist på den største gravhaugen ved den lokale tingplassen. Dermed «vigsla» dei gravhaugen til denne ætta. Men krossen hadde aldri fått stå i fred, på tingplassen, om dei hadde fått tinglyden imot seg. Eg tolkar denne krossen som at heile tinglyden, det vil seia Jæren, vedtok å stilla seg under Kvitekrist. Mange krossar andre stader i landet blei òg reiste på gamle gravhaugar, eller der særleg mange folk ferdast (som steinkrossen i Stavanger, reist etter Erling Skjalgsson). Det var nok lokale stormenn som tok initiativet til slike krossar. Men nokre krossar la heile Norðvegr og heile Gulatinget under Kristus. Der må me leita etter mektigare bakmenn. I Eivindvik i Gulen, den gamle tingplassen for Gulatinget, blei det reist to krossar: ein keltisk (type A) og ein anglisk (type B). Dei kan bare ha blitt reiste, og fått stå i fred, etter samtykke frå tinglyden. Saman ramma dei inn tingplassen, anglisk kross i nord, keltisk i sør. Den angliske var 4

godt synleg frå fjorden, den keltiske såg ein fyrst når ein kom inn i vågen. Det tyder på at den angliske blei reist fyrst, den keltiske skulle supplera. Den keltiske krossen har venteleg blitt reist av ein konge som hadde vore i keltisk område. Av dei tre kjende misjonskongane, Håkon Adalsteinsfostre, Olav Tryggvason og Olav Haraldsson, er Olav Tryggvason den einaste som hadde vore i Irland, etter det me veit. Hallfred Vandrådaskald fortalde i eit kvad at Olav herja på Man, i Irland og på britisk og kymrisk område i England (områda rundt Irskesjøen) samt i England. Snorre skreiv i Hkr. at Olav blei kristna på dei keltiske Scillyøyane (vest for Cornwall), gifta seg med syster til den norrøne kongen i Dublin, og deretter oppheldt seg skiftesvis i England og Irland. Frå Irland vende han seinare (995) tilbake til Norge. 4 Dei konkrete opplysningane treng ikkje vera sanne, men sidan han er den einaste kristningskongen som tradisjonen knyt til keltisk kristendom, er det sannsynleg at det var han som reiste ein keltisk prega kristenkross på sjølvaste Gulatinget. Den angliske krossen kan då ha blitt reist av ein annan konge, og plasseringa tyder på at den blei reist fyrst det vil seia før Olavs tid. Alternativet er at den same Olav reiste begge krossane i Eivindvik, både den angliske og den keltiske. Dei andre angliske krossane blei reiste på Gard lengst nord i Haugesund, ved innseglinga til Karmsundet, nær fylkesgrensa mellom Hordaland og Rogaland, i Korssund i Fjaler, ved fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane, og på Svanøy i Flora, Sunnfjord. I tillegg har me fragment av to krossar, frå Brekke i Gulen og Kinn i Flora, som ser ut til å vera av den same typen. 5 Svanøykrossen er den lågaste av desse; det finst ein tradisjon om at den opphavleg stod på Brandsøy, like aust av Florø (i Flora kommune). Då kan den ha stått ved seglingsleia. Plasseringa ved seglingsleia er viktig. Dei som skulle segla langs Norðvegr måtte passera gjennom desse sunda. Særleg Karmsundet var viktig; andre seglingsleier fanst knapt, om ein ikkje tok sjansen på eit langt meir vêrhardt strekk på utsida av heile Karmøy. I Fjaler kan ein enten segla gjennom det trange, men smule, Korssundet, eller legga kursen utanfor Lutelandet, der det kunne vera meir skiftande forhold. Begge stader markerer krossen at den som ferdast langs «nordvegen», er underlagt kristenkrossen. Korssund var ved fykesgrensa mellom Fjordane og Sogn, tingplassen i Eivindvik ved fylkesgrensa mellom Sogn og Hordaland, Gard nær fylkesgrensa mellom Hordaland og Rogaland: desse tre angliske krossane markerer samtidig fylkesgrensene mellom alle dei fire fylka som på slutten av 900-talet danna Gulatinget. Saman gir dei beskjed om at her er Kvitekrist herre. Kven som helst kan ikkje ha reist dei. Knapt andre enn kongen kan ha stått bak, og han har vore nøydd til å få tinglyden på Gulatinget med seg. Kva for ein konge kan det ha vore? Håkon Adalsteinsfostre, Olav Tryggvason og Heilag-Olav Haraldsson var alle misjonskongar. Av desse tre er Håkon den som er tettast knytt til Gulatinget. Olav Tryggvason og Olav Haraldsson la heile landet under seg; var det dei som stod bak, skulle ein trudd dei ville prøvd å reisa slike krossar i andre landsdelar òg. Dei kan sjølvsagt ha prøvd, men ikkje fått folket med seg andre stader enn på Vestlandet. Håkon Adalsteinsfostre måtte gi opp å kristna Trondheimen, men hadde tydelegvis større framgang på Vestlandet, som var kjerneområdet i riket hans. Dersom han ville reisa krossar, var det naturleg å reisa krossar av anglisk type. Nettopp det at alle dei angliske krossane står i området til Gulatinget, og ingen andre stader, samtidig som dei er så sentralt og strategisk plasserte i nettopp denne tinglagen, høver best med kva som blir fortalt om kristingsverket til Håkon Adalsteinsfostre. Eg trur det var han som tok initiativet til å få reist desse krossane. Men dei hadde ikkje fått stå i fred utan tilslutning frå tinglyden. Det tyder på at Håkon fekk gjennomslag for eit kristningsvedtak på Gulatinget, og då må det vera dét vedtaket Kulisteinen viser til. Formuleringa «tolv vintrar hadde kristendommen vore i Norge», blir naturleg dersom det viste til vedtak som la seglingsleia langs vestlandskysten, Norðvegr, under kristent herredømme. 4 Snorre. Noregs kongesoger, s. 142-146; 158-159 (Soga om Olav Tryggvason, kap. 30-32; 46-47). 5 Holme Gabrielsen 2007:140; 191-198; 258. 5

Den høgaste krossen står på Kvitsøy, også det ved ei viktig seglingslei. Det er av ein annan type (type C). Den uvanlege høgda tyder på at også det er reist av ein person med større makt enn dei fleste. Det er fristande å knyta også det til ein konge, og helst Heilag-Olav. Inntrykket desse steinkrossane gir, er at kongen truleg Håkon Adalsteinsfostre på eit eller anna tidspunkt har fått gjennom eit kristningsvedtak på Gulatinget, og som resultat av dette vedtaket fekk reist monumentale, fint tilhogde kristenkrossar av stein der folk måtte ferdast langs Norðvegr. Me kan ikkje vita dette, men inntrykket er tydeleg. Inntrykket er òg at kristninga fekk meir folkeleg støtte, og mindre motstand, på Vestlandet enn i andre landsdelar, noko òg sagaene fortel. MEN HEIDENDOMMEN STOD ENNO STERKT? Heidendommen stod enno sterkt, særleg ved hirden til ladejarlen Håkon Sigurdsson den mektige. Det fortel sagaene, og det er tydeleg frå dei mange skaldekvada med heidensk innhald som hirdskaldane hans dikta. Kan kristendommen ha hatt framgang når heidendommen enno stod sterkt? Trusskiftet gjekk føre seg på ulike måtar og til ulike tider i dei forskjellige landsdelane. Vestlandet, og særleg Jæren, hadde tett kontakt med det kristne Vest-Europa, med både handel og plyndringstokt, i alle fall frå slutten av 700-talet. Etter rundt 900 veit me ikkje om heidenske graver på Jæren. No skal ein vera forsiktig med å trekka konklusjonar frå manglar i kjeldene, men sidan me har mange heidenske gravfrunn frå Jæren gjennom heile jernalder, mange også frå 800-talet, og sidan heidenske gravfunn held fram elles i landet, må me ha lov til å tolka mangelen i dette tilfellet som eit trusskifte. Det kan forklara korfor me ikkje høyrer om heidensk motstand mot misjonskongane frå Jæren eller Vestlandet, trass i den heftige motstanden misjonen møtte i Trondheimen, Hålogaland og på det indre Austlandet. Skiftet i tru og seder hadde fått oppslutning mange stader alt før den organiserte misjonen på Vestlandet, og særleg på Jæren, men ikkje andre stader. Styret til Håkon ladejarl blei ein kraftig heidensk reaksjon. Jarlen blei hylla for det i kvadet Vellekla. Men alle herskarane etter han satsa på den kristne kyrkja. Det betydde ikkje at trusskiftet gjekk lett der folk heldt fast på gamle gudar. Me har eit kvad av Hallfred Vandrådaskald der han fortel kor tungt det var å gi opp Odin; han gjorde likevel som kongen ville, og trudde no på Kvitekrist. Heidendom var ingen døyande tru som smuldra vekk av seg sjølv, den var livskraftig og blei knekt med brutal makt. I dei landsdelane der den stod sterkt, gjekk det sikkert fleire generasjonar før den nye trua var allment akseptert. På Vestlandet gjekk det lettare og fortare. Der må kristne tankar ha fått noko oppslutning alt før dei tre kjende misjonskongane. TIDFESTING AV KRISTNINGA Birkelis framstilling stemmer godt med bildet arkeologisk materiale gir. Som Birkeli skreiv, må kristninga ha vore ein langvarig prosess: fyrst kontakt og påverknad, deretter aktiv misjon, til slutt organisering. Det aktive trusskiftet kan ha vore eit vedtak på tinget (som i Island: på Alltinget), eit kongeleg påbod eller ein kombinasjon av begge delar. Dette trusskiftet gjekk ikkje føre seg samtidig i alle landsdelar. På Jæren ser det ut til at trusskiftet var gjennomført i fyrste halvdel av 900-talet. Då er det fullt mulig (men langt frå sikkert) at steinkrossen på den sentrale tingstaden er like gammal. Gulatinget trefte truleg eit kristningsvedtak under Håkon Adalsteinsfostre, ein gong midt på 900-talet. Det kan vera bakgrunnen for dei strategisk plasserte angliske steinkrossane. Vika blei offisielt kristna av Harald Blåtann, då han gjekk over til kristendommen på 960-talet. Trondheimen og Hålogaland blei fyrst kristna av Olav Tryggvason, og det indre Austlandet av Olav Haraldsson. Organiseringa av kyrkja begynte med kristenrettane Grimkell fekk vedtatt på Mostratinget rundt 1024. I løpet av 1000-talet kan me rekna me at folk over heile landet vende seg til den nye trua. 6

Litteratur Birkeli, Fridtjof. 1973. Norske steinkors i tidlig middelalder. Oslo: Universitetsforlaget. Birkeli, Fridtjof. 1995. Tolv vintrer hadde kristendommen vært i Norge. Oslo: Verbum. Fritzner, Johan. Ordbog over det gamle norske Sprog (4 bd.). Omarbeidet, forøget og forbedret udgave. 4. utg. 1973 (1. utg. 1867; 1.-3. bd. er uforandra opptrykk av 2. utg. frå 1883-1896; eit 4. tilleggsbind redigert av Finn Hødnebø, utg. 1972). Oslo Bergen Tromsø: Universitetsforlaget. Hagland, Jan Ragnar. 1991. Kulisteinen endå ein gong. Heidersskrift til Nils Hallan på 65- årsdagen 13. desember 1991 (red. Gudbrand Alhaug, Kristoffer Kruken og Helge Salvesen), s. 157-165. Oslo: Novus. Hagland, Jan Ragnar. 1998. Innskrifta på Kulisteinen: Ei nylesing ved hjelp av Jan O.H. Swantessons mikrokartesingsteknologi. Innskrifter og datering. Dating Inscriptions (red. Anders Dybdahl og Jan Ragnar Hagland), s. 129-139. Senter for middelalderstudier. Skrifter nr. 8. Trondheim: Tapir. Hallan, Nils. 1966. Kulisteinen og kristenvedtaket på Mostertinget. Du mitt Nordmøre 1966, s. 21.28. Holme Gabrielsen, Kristine. 2007. Vestlandets steinkors: Monumentalisme i brytningen mellom hedendom og kristendom. UBAS Universitetet i Bergen Arkeologiske Skrifter. Hovedfag/Master 2; s. 115-271. Bergen. Liestøl, Aslak. 1957. Kuli. Norges innskrifter med de yngre runner. IV, s. 280-286. Oslo. Norges gamle Love indtil 1387. 3. Lovgivningen efter Kong Magnus Haakonssøns Død 1280 indtil 1387, udg. Rudolf Keyser og P.A. Munch. 1849. Christiania. Pettersen, Kristian. 1990. Nordmøres forhistorie i landskapet. Årbok for Nordmøre 1990, s. 77-97. Kristiansund: Nordmøre Historielag og Nordmøre museum. Ordbog over det norrøne prosasprog. www.onp.ku.dk Seim, Karin Fjellhammer. 2013. Runologi. Handbok i norrøn filologi (red. Odd Einar Haugen), 2. utg. (1. utg. 2004) s. 128-193. Bergen: Fagbokforlaget. Snorre. Noregs kongesoger. Jubileumsutgåva 1979 (red. Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy). Oslo: Samlaget. Tveito, Olav. 2013. Olav den hellige misjonær med jerntunge. Historisk tidsskrift 92:359-383. Oslo: Universitetsforlaget. 7