Omstillingsavtale og retningsliner for innplassering av tilsette Fjord kommune 2020 1313.2.1813.2.2018 Høyringsutkast
1. Avtalepartar Denne omstillingsavtalen er inngått mellom Norddal og Stordal kommunar på den eine sida, og arbeidstakarorganisasjonane i Norddal og Stordal kommunar på den andre sida. 2. Tidsrom for avtalen Omstillingsavtalen gjeld for endringsprosessane i samband med samanslåinga av Norddal kommune og Stordal kommune. Avtalen gjeld i hovudsak frå avtalen er underskriven og ut omstillingsperioden fram mot ny kommune. 3. Avtalen sitt føremål og virkeområde I Intensjonsavtalen mellom Norddal og Stordal står følgjande under punktet om kommunen som arbeidsgjevar: Fjord kommune skal ha ein arbeidsgjevarpolitikk som bidrar til å samle og utvikle arbeidstakarane i den nye kommunen, og som skaper eit løysingsorientert miljø med gode relasjonar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarar. Fjord kommune skal ha ein tydeleg og inkluderande arbeidsgjevarpolitikk, vidareføre det gode trepartssamarbeidet og legge til rette for mangfald blant dei tilsette. Strategi og tiltak: Stor grad av medverknad frå arbeidstakarorganisasjonane både under og etter etablering av den nye kommunen Alle tilsette sine noverande rettar vert vidareført i samsvar med lov- og avtaleverk Ingen tilsette må slutte som følgje av kommunereforma. Alle tilsette vil få tilbod om stilling i tilsvarande størrelse og tidsperiode som ein har i noverande kommune. Dersom det blir overtallige, vil den nye kommunen gje tilbod om anna passande arbeid. Bygge ein kompetent, effektiv og attraktiv kommuneorganisasjon og sikre gode fagmiljø som stimulerer til god rekruttering og godt omdømme som arbeidsgjevar. Dei tilsette vil framleis vere sikra pensjonsordning gjennom KLP/SPK Det skal opprettast eit partssamansett utval for handsaming av saker som gjeld forholdet mellom den nye eininga som arbeidsgjevar og dei tilsette, jfr Inndelingslova 26, 2.ledd. Det partsamansette utvalet skal lage eit omstillingsdokument som: Harmoniserer ulike reglement (tilsettingsreglement, permisjonsreglement m.m) Inneheld ein felles lønspolitikk for alle tilsette Har retningsliner for lønsskilnader over tid Denne omstillingsavtalen er ei konkretisering av intensjonsavtalen og har som føremål å sikre ein trygg og føreseieleg omstillingsprosess for dei tilsette. Denne avtalen skal sikre kapasitet og kompetanse for å kunne levere gode tenester til innbyggjarane i dei to kommunane i omstillingsperioden, men også til rettelegge for bemanning og kompetanse i Fjord kommune etter 1.januar 2020. Dei aller fleste stillingane og tilsette vil ikkje bli direkte råka av kommunesammenslåinga (skular, barnehagar, institusjonar m.fl.). Tilsette i administrative fellestenester på rådhusa eller i einingane, og tilsette i leiarstillingar som kan vere i en situasjon der dei blir overtallige, eller får endra ansvar og mynde- og arbeidsoppgåver deltek i kartlegginga og får tilbod om samtalar.
4. Arbeidstakarorganisasjonane sin medråderett Arbeidstakarorganisasjonane sin medråderett går fram av Hovudavtalen del B, 3-1. Arbeidstakarorganisasjonane skal få tilbod om deltaking i formelle fora som vert oppretta i samband med kommunesamanslåingsprosessen. Etter vedtak om samanslåing og plan for omstillingsperioden er utarbeidd, skal behov for ytterlegare frikjøp for tillitsvalde kartleggjast og drøftast, jf. HA 3.3. Ingen av organisasjonane skal i omstillingsperioden ha mindre frikjøp enn det dei har samla før prosessen starta. Arbeidsgjevar skal, i samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane, utarbeida ein informasjonsstrategi for omstillinga. Arbeidsgjevar sitt ansvar: 1) Utforma ein strategi for informasjon 2) Drive kontinuerleg informasjon Arbeidstakarorganisasjonane sitt ansvar: 1) Spreia informasjon til sine medlemmar 2) Sørge for at informasjon og tilbakemeldingar når fram til arbeidsgjevar 5. Informasjon Dei tilsette skal gjennom heile prosessen gjevast den informasjon som er naudsynt for å sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmilø jfr. AML 4-2(3) Tilsette som vert direkte råka av omstillingsprosessen, skal gevast særskild informasjon. Det vert elles vist til vedteken informasjonsstrategi for bygging av Fjord kommune. 6: Omstillingsutval Omstillingsutvalet er eit admninistrativt utval. Norddal og Stordal kommunar etablerer eit felles omstillingsutvalg så snart denne avtalen er underskriven. Felles omstillingsutvalg skal vere samansett av to representanter fra arbeidsgivarsida og to tillitsvalde (ein fra kvar kommune). Administrasjonssjef/eller prosjektleiar for Fjord kommune vel dei to representantane frå arbeidsgjevarsida, ein frå kvar av kommunane. Administrasjonssjef/eller prosjektleiar vil kunne velje ulike arbeidsgiverrepresentantar frå sak til sak. Arbeidstakarorganisasjonane vel ein fast tillitsvalt frå kvar av dei to kommunane til å representere dei tilsette i omstillingsutvalet. Dei kan peike ut andre tillitsvalde ut frå kva sak det handlar om. Dei tillitsvalde som blir valt til å sitje i omstillingsutvalet, skal vere representant for alle tilsette, og ikkje berre for sine medlemmar. Omstillingsutvalet skal gje ei administrativt innstilling etter handsaming av saker i utvalet. Innstillinga skal leggast fram for administrasjonssjef/eller prosjektleiar. Personalsef i Norddal kommune stiller som sekretær for utvalet. Det skal lagast protokoll etter behandling i utvalet, og denne skal sendast PSU som referat.
Ein skal forsøke å oppnå konsensus i omstillingsutvalet, men arbeidsgivar har det avgjerande ordet. Omstillingsutvalet må få nødvendig oversikt over ledige stillingar og evt. overtal. 6.1 Omstillingsutvalet sine oppgåver Ved ledige stillingar i perioden fram til kommunesamanslåing, skal omstillingsutvalet vurdere om stillinga bør vere vakant inntil den organisatoriske plasseringa av stillinga i ny organisasjon er avklara. Dersom stillinga ikkje kan haldast vakant av omsyn til tenesteproduksjonen, bør det vurderast om midlertidig tilsetjing kan nyttast i påvente av endeleg organisering. Omstillingsutvalet skal gi tilråding om korleis tilsette som vert berørt av kommunesamanslåinga kan innplasserast i ny stilling. Omstillingsutvalet skal gi tilråding om korleis tilsette som vert berørt av kommunesamanslåinga, kan innplasserast i ny stilling. Omstillingsutvalet skal gi si tilråding m.o.t omsøkte permisjonar. Permisjonar utover 31.12.2019 kan ikkje påreknast. Det gjeld ikkje lovfesta permisjonar som t.d fødselspermisjon. Omstillingsutvalet skal og si tilråding ved eventuelle mellombelse stillingar i prosjektperioden Omstillingsutvalet skal gi si tilråding om korvidt ledige stillingar skal lysast ut internt eller eksternt Omstillingsutvalet skal gi si tilråding ved tilsetjing av leiarstillingar Tiltak for å behalde kompetanse. Ein kan gje auka løn for ein tidsbegrensa periode for å behalde sentrale nøkkelpersonar fram til 31.12.2019. Tilskotet kan gjevast for å ikkje miste kritisk kompetanse i prosessperioden. Tilskotet kan gjevast som månadleg beløp, eller utbetalsat etter for eksempel 1.januar 2020. Kven ordninga skal gjelde for vert opp til dei to rådmennene/admninstrasjonssjefen å vurdere. Det vert elles vist til HTA kap.4.2.3 og 5.2 om særskilte lønnsforhandlingar. 7.Verksemdsoverdraging Arbeidsmiljølova kap.16 vert lagt til grunn ved samanslåing av Norddal og Stordal kommunar. Ei kommunesamanslåing er å rekne som ein verksemdsoverdraging etter arbeidsmiljølova sine reglar. Dei «gamle»komunanane opphøyrer og det vert etablert ein felles ny kommune. Ved etablering av den nye komuna, skjer verksemdsoverdraginga i det alle dei tilsette i dei tidlegare kommunane vert overført til nye Fjord kommune1.1.2020. Ingen tilsette vert oppsagde i samband med kommunesamanslåinga. Dei tilsette beheld i utgangspunktet sine lønns- og arbeidsvilkår. Overordna administrativt organisasjonskart Nytt overordna organisasjonskart for Fjord kommune er ei prioritert oppgåve. Frist for dette er avhengig av at det fyrst vert gjort vedtak om politisk struktur. Vidare organisasjonskart vrt bygd frå toppen. Fellesnemnda skal vedta ny administrativ hovudstruktur før tilsetjing av admninistrasjonssjefen si næraste leiargruppe kan iverksetjast for Fjord kommune.
Overtalige Overtalige tilsette eksisterar ikkje før etter 1. januar 2020 for Fjord kommune. Når organisasjonskarta på dei ulike nivåa er framlagt, og det vert kjent at ein tilsett vil verte definert som overtalig etter 1.januar 2020, skal det gjennomførast ein kartleggingssamtale med den tilsette. Kartleggingsssamtalar for dei som vert råka, skal gjennomførst av den som har personalansvar, med støtte frå den med personalfunksjon. Formålet med kartleggingssamtalen er å identifisere anna eigna arbeid, utifrå den tilsette sin kompetans og erfaring. I dei tilfeller der organisasjonskartet står att med to tilsette samanlikna med gjeldande organisasjonsstruktur (for eksempel to personalsjefar) vert det utarbeidd utvelgelseskriterie. Alle overtalige skal sikrast tilbod om anna arbeid i den nye kommunen. Endeleg beslutning vert teke av omstillingstvalet der dei innstiller til administrasjonssjef i Fjord kommune. Kriterie for utvelging ved overtalige tilsette Dersom ei stilling kan passe for fleire av dei som er overtalige, vert kompetanse og personleg eignaheit vektlagt. Under elles like forhold, vil anseinnitet vere avgjerande etter HTA. Innplassering av overtallige tilsette går framføre andre tilsette sine rettar til «passande arbeid» etter Arbeidsmiljølova 4-6 eller anna fortrinnsrett etter Arbeidsmiljølova. Stillingar Det skal utarbeidast stillingsbeskriving med kvalifikasjonskrav i dei tilfeller at nye organisasjonskart inneheld stillingar som ikkje eksisterar i dei to kommunane i dag. Tilsette som etter ny organisasjonsplan ikkje kan halde fram i stillinga si vil få tilbod om anna stilling, og må akseptere endring i ansvars- og arbeidsoppgåver. Det vert utarbeidd felles lokal prosedyre for overtaligheit. 8. Kompensasjon for skifte av arbeidsstad Ingen av dei tilsette har i utgangspunktet krav på kompensasjon for ny oppmøtestad. Sluttvederlag eller anna økonomisk kompensasjon Dersom alle verkemiddel er prøvd, og ein ikkje finn anna løysing for den tilsette vert denne definert som overtallig. Dersom arbeidsgjevar finnn det rett, kan det verte tilbydd sluttvederlag eller anna økonomisk kompensasjon. Sluttvederlaget eller anna form for økonomisk tilskot kan gjevast med eit beløp som tilsvarar 6 månadars lønn. I spesielle høveinntil 12 månader. Sluttvederlag eller anna form for økonomisk kompensasjon er betinga av at det tilsette sjølv seier opp stillinga si., og at stillinga ikkje vert erstatta. 9. Særavtalar Alle særavtalar vert vidareført i omstillingsperioden med mindre partane vert samde om noko anna. Alle kjente og gyldige særavtalar for dei som var omfatta av avtala på samanslåingstidspunktet vert vidareført inn i den nye kommunen med mindre partane vert samde om noko anna. Partane skal i løpet av omstillingsperioden kartlegge avtalar, og forhandle om nye kommuneomfattande avtalar der dette er hensiktsmessig.
. 10. Tenesteansiennitet Det vert i omstillingsprosessen og i vidare arbeidstilhøve i den nye kommunen nytta den samla tenesteansienniteten dei tilsette har frå Norddal og Stordal kommunar. 11. Harmonisering av løn Arbeidsgjevar skal drøfte prinsipp og prosess for harmonisering av løn med arbeidstakarorganisasjonane etter endeleg vedtak om kommunesamanslåing. Det skal utarbeidast ein lønspolitisk plan for den nye kommunen, med siktmål harmonisering av løn.. 12. Signatur Arbeidsgjevar tek atterhald om godkjenning av avtalen i fellesnemnda Namn og signatur på alle organisasjonar v/ tillitsvalde UDF Fagforbundet Delta NSF Stordal kommune Norddal kommune.