Prosjektplan for DRAUMEPLASSEN

Like dokumenter
Søknadsnr Søknadsår 2016 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2016 Togradersmålet - eit varmare samfunn

Sluttrapport for prosjektet

Sluttrapport for prosjektet

Frå idé til fullfinansiert prosjekt Hyllestad 6. juni 2015

Søknadsnr Søknadsår 2016 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2016 Prosjektnavn Barnas Matfestival 2016

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Velkomen til Superhelg inspirasjonssamling! Klårt hovud Varmt hjarte Flinke hender God helse

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Historikk. Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) Ca 45 SOFUL-lag 30 av desse eig bygg

Fjordkysten Friluftsråd

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Statusrapport. Kommunestyret Monica Sølyst

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Mitt SULA. Rune Liavåg Molde Multietnisk turmiljø i Sula

Kva, kven og kvifor FRI? Ein informasjonsbrosjyre om FRI

SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2011/1/0327 PROSJEKT GROV. Søkerorganisasjon: Norges Handikapforbund og NHF Vågå

HUSET I BYGDA -ein kulturarena der du bur-

MØRE OG ROMSDAL FYLKESLAG SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2008/1/0468. Dette prosjektet er støtta med EXTRA-midlar frå

7. Sterk auke i enkeltbesøka ved musea

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Prosjektnamn: Fonnesvågen trivsel, identitet og aktivitet

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Idrett og fysisk aktivitet

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Styret i NTF fikk på Tennistinget høsten 2015 i oppdrag å utarbeide konkrete målsettinger basert på den eksisterende Handlingsplanen for perioden.

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Bli lærling i BYGGOPP

Forprosjekt Interkommunalt Friluftsråd

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Byggepakke Naturmøteplass. Modell: Brekka naturmøteplass.no

Info til barn og unge

Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen AS - søknad om tilskot til pilotprosjekt

Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort

Lat deg bergta. Bulystprosjektet Bergteken Aurland kommune Prosjektleiar Silje Midttun

SEKOM-sekretariat Arbeidsplan 2017 og 2018

2018/HE HELSE - TRYGG I NATUREN MIDTRE NORDFJORD TURLAG

Idrett og fysisk aktivitet. Rullering av handlingsplanen 2016

Steinsprang frå Lærdal. Kommunemøte om UKM

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Bygd, reiseliv og universell utforming felles og same sak

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

ULSTEIN KOMMUNE Ulstein eigedomsselskap KF

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

Frivilligpolitisk plattform

Søknad om ti skot. ?.;"? l} H}w3LI%fie 1 i \ eee; - Kurs og oppleving i Kvinnherad - '_ im 2. desember RHV 5 í. Søknad fra Hfldring Jorun Larsen

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Ny regional satsing frå Norges Forskingsråd, i Sogn og Fjordane VRI 4

Velkommen til. årsmøte!

Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Turstiar i Kvinnherad

Framtidsfylket AS v/ Linda Hovland Naustdalsvegen 1B 6800 FØRDE

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Nye innbyggjarar nye utfordringar?

HANDLINGSPLAN 2019 LOKAL UTVIKLINGSSTRATEGI

Å leve og bu på kysten av Sogn og Fjordane.

SLUTTRAPPORT REHABILITERINGSPROSJEKT 2009/03/0240 AKTIVITETSHAGE FOR DEMENTE OG ANDRE SØKJAR ORGANISASJON: NASJONALFORENINGEN FOR FOLKEHELSEN

Oppfølging av tilsynet frå fylkesmannen

Konklusjon for 4 grupper

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

FASE II: TILTAK INNAN MERKING OG GRADERING AV TURSTIAR FOR VANDRING, SYKKEL, SKI OG PADLING

Oppstartsamling for. Instedalen krins og Nye Bremanger

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Saman for framtida (Ref # )

Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa

RALLARVEGRÅD - UTNEMNING AV REPRESENTANT

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Kartlegging og samanstilling av arbeidet med regionalparkar Kva er oppnådd og kva er meirverdien?

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Møteinnkalling SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

Ann Marit Vikan rådgiver i Grimstadhøgda 4H

Bestandsplan xxxxxxxx årsleveområde for hjort Vedteken på skipingsmøte

Sammen om Friluftsaktiviteter i nærmiljøet

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Vel nynorsk for barnet ditt!

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

MØTEPROTOKOLL. SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: Sogndal kommune. Utval:

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

HANDLINGSPLAN for FOLKEHELSE. Vindafjord Vindafjord kommune prioriterer folkehelsearbeid retta mot: Aktive og trygge lokalsamfunn.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3

Avtale om partnarskap

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Transkript:

Prosjektplan for DRAUMEPLASSEN Samandrag No kan du og lokalsamfunnet ditt få prosjekthjelp og vinne pengar til å lage ein Draumeplass i naturen! Slik kan utlysinga av ein Draumeplass-konkurranse i Sogn og Fjordane sjå ut. 4H Sogn og Fjordane ønskjer saman med Gjensidigestiftelsen å hjelpe lokalsamfunn i fylket til å lage naturmøteplassar. Vi vil bygge på alle dei gode erfaringane 4H har frå prosjekta Miljøløftet og Møteplass: Naturen. Målet er fleire møteplassar med låg terskel for å bli med, og der born, unge og vaksne får auka glede og kunnskap ved å vere i naturen. Naturmøteplassane er aktivitetsområde i nærnaturen som er opne for alle. Sidan 2008 har 4Hklubbar saman med lokale samarbeidspartar skapt heile 44 naturmøteplassar i Sogn og Fjordane. På landsbasis er det bygd meir enn 200 naturmøteplassar dei siste åra. Gjennom prosjektet Draumeplassen vil 4H Sogn og Fjordane lyse ut ein konkurranse våren 2017 der lokalsamfunn kan vinne prosjekthjelp og 100 000 kr til å lage sin naturmøteplass. Vi har allereie god erfaring med ein slik konkurranse frå våren 2015, der 19 lokalsamfunn meldte seg, Frå Draumeplassen i Troda 4H, Davik i Bremanger. Foto: Åge Avedal og vi kåra to vinnarar, Davik og Solund. Sidan den gong har vi også lansert nettsida www.naturmøteplass.no og utvikla byggepakkar for naturmøteplassar med teikningar, 3D-modell, materiallister, budsjett og tips til prosessen. Vi håpar at ein slik konkurranse kan overførast til andre delar av landet, og bli ei nasjonal satsing i framtida. Hovudmål Gjennom Draumeplassen vil vi lyse ut ein konkurranse der lokalsamfunn i Sogn og Fjordane kan vinne pengar og prosjekthjelp til å skape opne møteplassar i naturen. På denne måten vil vi heve det kortreiste friluftslivet, få fleire til å bli aktive i friluft og skape auka glede og kunnskap om naturen. Postadresse: Fjellvegen 11, 6801 Førde Besøksadresse: Hafstadgården, Fjellvegen 11 Telefon: 960 96 775 E-post: Regionleiar Åge Avedal: age.avedal@4h.no Internett: www.4h.no/sognogfjordane Bankgiro: 3700 07 09132 Organisasjonsnummer: 991 796 266

Resultatmål 1. Lyse ut Draumeplassen-konkurranse våren 2017, og kåre fem vinnarar blant lokalsamfunna som melder seg på. Vinnarane får 100 000 kr og prosjekthjelp i form av besøk og assistanse av prosjektleiar 2. Opprette bloggar frå dei lokale draumeplassprosjekta og styrke nettsida www.naturmøteplass.no med nye verktøy, og på denne måten skape nasjonal interesse og overføringsverdi. 3. Utvikle prosjekthefte for ungdom mellom 12 og 18 år som vil jobbe med naturmøteplass som prosjekt gjennom 4H eller ein annan lokal organisasjon. 4. Spreie erfaringane og verktøya frå naturmøteplassarbeidet gjennom kontakt med friluftsorganisasjonar og det offentlege. 5. Utvikle forslag til korleis ein kan lyse ut Draumeplassen-konkurranse også andre stader i landet, i samarbeid med Gjensidigestiftelsen. Bakgrunn for prosjektet: Møteplass: Naturen Sidan 2008 har 4H hatt ei satsing på Naturmøteplassar. Dette har ført til at det i dag står 44 naturmøteplassar i 4H si eige i Sogn og Fjordane og over 200 naturmøteplassar i Norge. Naturmøteplassane er lokale arenaer for natur- og miljøaktivitetar. Dei er opne, tilgjengelege og familievenlege, og er ein fysisk møtestad ved sjøen, på fjellet, i skogen eller på opparbeidde friluftsområde i nærmiljøet. Mange av naturmøteplassane er universelt tilrettelagt og rettar seg mot mange ulike grupper. Vi likar å seie at naturmøteplassane er blitt friluftsfolkets svar på ballbingen. Frå bygginga av Rask 4H sin naturmøteplass i Ballangen i Nordland. Foto: Kjersti Johansen. Naturmøteplassane har dei seinare åra fått støtte gjennom prosjektet Miljøløftet i 4H Norge som vann Årets gåve og 10 millionar frå Sparebankstiftelsen DnB i 2008. Miljøløftet-prosjektet vart avslutta ved årsslutt 2012. 4H Sogn og Fjordane har i samarbeid med 4H Norge og andre samarbeidspartar sett i gang prosjektet Møteplass:Naturen (2014-2016) for å vidareutvikle dei mange naturmøteplassane.

Gjennom Møteplass: Naturen har vi jobba for større bruk av møteplassane og for å gjere konseptet naturmøteplass kjend hjå fleire. Vi har utvikla nettsida www.naturmøteplass.no og er klar med den første av i alt fire byggepakkar med teikingar, materialliste, budsjett og tips til bygginga. Teikingane finst òg som 3Dmodul på naturmøteplass.no, som ein enkelt kan justere og endre via Google SketchUp, eit gratis designprogram. Ytterlegare tre byggepakkar blir klar hausten 2016. Parallellt med hovudprosjektet har vi også hatt eit sideprosjekt, Godt tilgjengeleg, i samarbeid med Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, der vi har sett på tilrettelegging i naturen. Alt arbeidet har hatt som mål at fleire born og unge blir aktive i friluft og får kunnskapar og sunne haldningar til friluftsliv, naturmangfald, kulturlandskap og miljø. Draumeplassen 2015 Våren 2015 lyste vi for første gong ut konkurransen om å bli Draumeplass i Sogn og Fjordane. Vi fekk inn i alt 19 bidrag i konkurransen, frå ulike lokalmiljø i fylket. Alle prosjekta var godt gjennomtenkt og kunne lett blitt kåra til vinnarar! Vi landa til slutt ned på to vinnarar, Solund og Davik. Dei to vinnarane fekk 50 000 kr kvar, samt arkitekttenester og prosjekthjelp. Vi har følgt prosessane tett, og har lagt ut ein del frå dette på nettsida naturmøteplass.no og delt erfaringane gjennom nettverket til 4H. Det blir også laga ein kortdokumentar frå prosjektet i Davik, som truleg blir lansert hausten 2016. I Davik er arbeidet på plassen godt i gang, med mål om å vere ferdig med toalett og naturmøteplassbygg hausten 2016. I Solund har lokalmiljøet fått støtte til å lage universelt utforma veg / sti fram til naturmøteplassen, og er i gang med å planlegge toalettbygg med utkikkstårn, eit litt større bygg som kan vere samlingspunkt og mulige andre mindre installasjonar. I begge lokalmiljøa blir det samarbeida godt på tvers av organisasjonar og dugnadsånda er god. Erfaringane frå å lyse ut ein slik konkurranse er udelt positive. Lokalmiljøa blir engasjert, viljen til å skape er stor, og både pengestøtta frå Gjensidigestiftelsen og prosjekthjelpa frå 4H blir tatt svært godt imot. Friluftsliv = god folkehelse Gjennom prosjektet vil vi jobbe for at fleire kan utvikle ein sunnare livsstil. Overvekt og fedme som følgje av dårlege matvanar og lite fysisk aktivitet blir av mange trekt fram Leik på naturmøteplassen til Troda 4H i Davik. Foto: Geir Aardalsbakke

som den største trusselen mot folkehelsa i Norge, og nærmare 1 million nordmenn blir rekna som overvektige. Tal frå Folkehelseprofilen 2013 viser at 80 % av den norske befolkninga er mindre fysisk aktive enn det Helsedirektoratet tilrår. Samstundes viser undersøkingar at sju av ti inaktive ynskjer å bli aktive gjennom friluftsliv (Synovate: 2010 / DNTs «verktøykasse for bedre folkehelse i Norge»). Naturen er den største arenaen vår for fysisk aktivitet. Der kan ein setje individuelle mål og vere aktiv etter evne gjennom alle fasar i livet. Friluftslivet er òg ein god arena for aldersblanda aktivitetar.vi meiner naturmøteplassane er eit viktig bidrag til lågterskel aktivitet i friluft, og ser at mange fleire finn gleda ved å vere aktive i naturen gjennom bruk av møteplassane. Nasjonal overføringsverdi Vi vil i prosjektet jobbe mykje med å sikre at erfaringane kan få ein nasjonal overføringsverdi. Vi ser føre oss ei liknande utvikling som den ein har hatt med midlar til løypemerking og skilt via Gjensidigestiftelsen. Her starta prosjektet i Sogn og Fjordane før det vart opna for heile Vestlandet, og seinare heile landet. Satsing på naturmøteplassar kan få ei liknande utvikling, og kan gjerne samkøyrast med løypemerkingsarbeidet. Ei vidareføring av konkurransen kan derfor like gjerne styrast av 4H som av det offentlege eller andre friluftsorganisasjonar. Vi vil vere tydelege på at Draumeplassen er for heile lokalmiljøet, og ikkje berre lokale 4H-klubbar, i heile arbeidet med prosjektet. Vi vil i prosjektet både opprette bloggar for Draumeplassen-vinnarane, utvikle ressursane på naturmøteplass.no, lage eit prosjekthefte for ungdom som vil bidra i skapinga av naturmøteplassar og spreie erfaringane gjennom aktivt informasjonsarbeid og ved å delta på arenaer i og utanfor fylket der vi kan spreie informasjon om naturmøteplassar og Draumeplassen. Framdriftsplan Innan tid Oppgåve Ansvar 4. kvartal 2016 Finansiering av prosjektet er klart 4H SOF 1. kvartal 2017 Prosjektleiar er tilsett og i gang med arbeidet 4H SOF 1. kvartal 2017 Lyse ut Draumeplassen-konkurransen Prosjektleiar 2. kvartal 2017 Etablere jury for Draumeplassen Prosjektleiar / 4H SOF 2. kvartal 2017 Vinnarane av konkurransen er kåra og besøkt Prosjektleiar

2. kvartal 2017 Starte arbeidet med prosjekthefte og med bloggar frå Draumeplass-vinnarane Prosjektleiar 3. kvartal 2017 Nye møte / besøk til vinnarane Prosjektleiar 4. kvartal 2017 Prosjekthefte om naturmøteplass er klart Prosjektleiar 1. kvartal 2018 Forslag til organisering av framtidig Draumeplassen-konkurranse er klar Prosjektleiar / Gjensidigestift. 1. kvartal 2018 Evaluering og sluttrapportering Prosjektleiar / 4H SOF Fortløpande Yte prosjekthjelp til dei lokale vinnarane Prosjektleiar Fortløpande Oppdatere og vidareutvikle naturmøteplass.no Prosjektleiar Fortløpande Marknadsføre Draumeplassen, bloggane og naturmøteplass.no. Delta på ulike arenaer. Prosjektleiar Budsjett Draumeplassen Inntekter Gjensidigestiftelsen 800 000 Eigeninnsats, 4H 100 000 Sum 900 000 Utgifter Gåve til fem Draumeplassar 500 000 Utvikling av prosjekthefte, design + trykk 30 000 Informasjonsarbeid, vidareutvikling nettside 30 000 Møteutgifter 20 000 Reiseutgifter, prosjektleiar 30 000 Løn, sos. kostn., prosjektleiar 40 % 1 år 220 000 Administrasjon, kontorutgifter mm. 50 000 Diverse utgifter 20 000 Sum 900 000

Organisering av prosjektet Prosjektet vil bli leia av ein prosjektleiar i 40 % stilling frå 1. kvartal 2017 til 1. kvartal 2018. Nærmaste overordna vil vere regionleiar for 4H Møre og Romsdal og 4H Sogn og Fjordane. Fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane fastset måla for prosjektet og dei økonomiske rammene, og vil bli oppdatert fortløpande om resultata. Prosjektet vil bli evaluert fortløpande, og resultata presentert via nettsida naturmøteplass.no og i møte med 4H-klubbar, friluftsorganisasjonar og andre. Sluttrapport vil bli lagt fram ved prosjektslutt våren 2018. For meir informasjon, kontakt: Åge Avedal, regionleiar 4H Sogn og Fjordane / Møre og Romsdal, 960 96 775 / age.avedal@4h.no