Selje kommune Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunehuset, 2. etg Dato: 14.11.2018 Tid: Kl. 09:00-13:00 Møteprotokoll Følgjande medlem møtte Åge Lundebrekke Marita Aarvik Stein Robert Osdal Gunn Sande Jan Vidar Smenes Judith Kvåle Parti Ap Frp KrF Sp Tp Tp Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti Geir Årvik H Kenneth Brandal H Andre som møtte: Belinda Fure, førte møteboka Kristin Hennøen Kristin Otneim Aarsnes Kristine Dahl Merete Nerland Ole Starheim Ragna Haaland Møtenotater: Kyrkjeverje Nanda Maack orienterte om tilstand på kyrkjelege bygg i Selje kommune. Ho informerte om kva som har blitt gjort av vedlikehald, kva planar dei har for 2019 og behovet for budsjett. Møte i formannskapet den 05.12.018 blir avlyst på grunn av møte på Skei om brannfagleg leiing i Sogn og Fjordane.
Saksliste Sak nr. Sakstittel 166/18 Godkjenning av sakliste 167/18 Godkjenning av møteprotokoll 168/18 Referatsaker 169/18 Avhending av "ikkje-næringsaktive fiskerihamner" - Kystverket 170/18 Sak om bruk av fondsmidlar i 2019 171/18 Årsbudsjett 2019 - økonomiplan 2019-2022 172/18 Sak om forskottering av fv. 620 - Forstudie 173/18 Kompetanse- og rekrutteringsplan 2018-2020 174/18 Brøyting av veg - Vestkapp 175/18 Sal av gamal brannbil Side 2
166/18: Godkjenning av sakliste Tilråding frå administrasjonen: Sakliste for møte 14.11.2018 vert godkjent slik den ligg føre. Forslag frå formannskapet om å løfte RS 9 og RS 14 som eigne saker. RS 9 får saksnr 174/18 og RS 14 får saksnr 175/18. Tilråding frå administrasjonen med tilleggssaker fekk 7 stemmer for. FS- 166/18 Vedtak: Sakliste for møte 14.11.2018 vert godkjent slik den ligg føre, med tilleggssaker 174/18 og 175/18. 167/18: Godkjenning av møteprotokoll Tilråding frå administrasjonen: Møteprotokollen frå møte 24.10.2018 vert godkjent slik den ligg føre. Tilråding frå administrasjonen fekk 7 stemmer for. FS- 167/18 Vedtak: Møteprotokollen frå møte 24.10.2018 vert godkjent slik den ligg føre. Side 3
168/18: Referatsaker Tilråding frå administrasjonen: Referatsaker vert teke til etterretning slik dei ligg føre. RS 1: Møteprotoll - 06.09.18 - utskrift til kommunestyret RS 2: Referat - arbeidsmøte grensejustering Bryggja 30.08.2018 RS 3: Vedtak - Sogn og Fjordane Fiskarlag - Statsbudsjettet - Stad Skipstunnel RS 4: Revisjonsrapport - Arbeid med etikk i kommunen - utskrift til kommunestyret RS 5: FN sine berekraftsmål og «Grøn strategi for Stad kommune» RS 6: Dispensasjon frå detaljregulering - fv. 633 tunnel ved Kleiva RS 7: Svar på førespurnad om etablering av vegselskap - Vanylven kommune RS 8: Svar på førespurnad om etablering av vegselskap - Vågsøy kommune Jan Vidar orienterte om status. Vanylven var positiv til forespurnaden og ønska å sjå nærmare på dette, mens Vågsøy sa nei. Det står ikkje i Selje eller Vanylven sine vedtak om kva som skjer dersom nokon sei nei. Saka må då eventuelt tas opp på nytt. Den vil kome til ny behandling i Selje. Det kan vere aktuelt med eit møte med Vanylven. RS 9: Søknad om brøyting av veg - Vestkapp Løfta som eiga sak - 174/18 RS 10: Avslutning av tilsyn med kommunal beredskapsplikt RS 11: Tilbakemelding på spørsmål knytt til etablering av parkeringsplass i Hoddevik RS 12: Revidert innbyding til høyring - Vest politidistrikt si indre organisering RS 14: Søknad om overtakelse av brannbil Løfta som eiga sak 175/18 RS 15: Ny utnemning til Riksantikvar Hanna Geiran er utnemnt til ny Riksantikvar. Ho er invitert til Selje og kjem ein tur over nyttår. RS 16: Brannfagleg leiing i Sogn og Fjordane Direktoratet har sgnalisert ny forskrift: Kommuna er pliktig til å ha heile stillingar innan Side 4
brann, tilsyn og forebygging. Skjerpinga av krav vil små kommune ha problem med å tilfredstille. Frå Nordfjord si side er det initiert tettare samarbeid på brannberedskap. KS har satt ned ei arbiedsgruppe som har jobba fram forslag om organisering i framtida. Det vart valgt ein felles branneliing plassert i Florø. Dette skapte uro i fylket. 5. desember blir det eit høyringsmøte med gjennomgang av rapport utarbeida av Pwc og det blir utarbeid eit nytt alternativ til samarbeid. Dette blir løfta politisk når den kjem som høyringsak. Tilråding frå administrasjonen fekk 7 stemmer for. FS- 168/18 Vedtak: Referatsaker vert teke til etterretning slik dei ligg føre. 169/18: Avhending av "ikkje-næringsaktive fiskerihamner" - Kystverket Selje kommune melder interesse for kjøp av hamnene Hoddevik, Indre Fure, Drage og Røysetstranda på Barmøy. Selje kommune vil først ved mottak av kjøpekontrakt for hamnene ta endeleg stilling til kjøp av ein eller fleire av hamnene. Rådmannen ved administrajonen får i oppdrag å kartlegge behovet for framtidig offentleg (kommunalt) eige av dei nemnde hamnene. Til dette høyrer: kartlegging av dagens bruk tilstand på hamnene framtidig behov/bruk av hamnene til ålmenta sitt formål Formannskapet signaliserte at det er viktig å få fram om det er betingelsar for bruk ved kjøp. Dette vil kome fram i saksutgreiing. Formannskapet la fram forslag om eit ekstra punkt i vedtaket: Sjekke eigedomstilhøve til kaiene Det vart først stemt over tilleggspunkt frå formannskapet og det fekk 7 stemmer for. Rådmannen sitt framlegg med tilleggspunkt fekk deretter 7 stemmer for. Side 5
FS- 169/18 Vedtak: Selje kommune melder interesse for kjøp av hamnene Hoddevik, Indre Fure, Drage og Røysetstranda på Barmøy. Selje kommune vil først ved mottak av kjøpekontrakt for hamnene ta endeleg stilling til kjøp av ein eller fleire av hamnene. Rådmannen ved administrajonen får i oppdrag å kartlegge behovet for framtidig offentleg (kommunalt) eige av dei nemnde hamnene. Til dette høyrer: kartlegging av dagens bruk tilstand på hamnene framtidig behov/bruk av hamnene til ålmenta sitt formål sjekke eigedomstilhøve til kaiene 170/18: Sak om bruk av fondsmidlar i 2019 Orienteringa om aktuell bruk av fondsmidlar vert teken til vitande. Tilleggsforslag frå formannskapet: Formannskapet presiserar at lista i saksutgreiing ikkje er prioritert og fleire av punkta vil vente politisk behandling Rådmannen sitt framlegg med tilleggsforslag frå formannskapet fekk 7 stemmer for. FS- 170/18 Vedtak: Orienteringa om aktuell bruk av fondsmidlar vert teken til vitande. Formannskapet presiserar at lista i saksutgreiing ikkje er prioritert og fleire av punkta vil vente politisk behandling. 171/18: Årsbudsjett 2019 - økonomiplan 2019-2022 Rådmannen sitt balanserte årsbudsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022 vert teke til vitande. Side 6
4 felles tilleggsframlegg frå formannskapet: 1. Formannskapet ber administrasjonen bake inn ein reduksjon i eiendomsskatten frå 4 promille til 3,5 promille frå budsjettåret 2019. Formannskapet jobbar fram til 28.11 for å få ei inndekning på ca 950 000 kr i eiendomsskatten. 2. Formannskapet ber om ein auke i budsjett til Råd for eldre og funksjonshemma med 20 000,- til kurs og reiser. 3. Formannskapet ber om å få utarbeid ein rapport om oppgradering av kommunale vegar i Selje kommune. 4. Formannskapet ber om å få ei utgreiing om samlokalisering av brann, kommunalteknikk og Nomil i samla anlegg i Selje kommune. Kvart forslag vart stemt over kvar for seg. Alle vart vedteke samrøystes. Rådmannen sitt framlegg med felles tilleggsframlegg fekk 7 stemmer for. FS- 171/18 Vedtak: Rådmannen sitt balanserte årsbudsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022 vert teke til vitande med fylgjande tillegg: Formannskapet ber administrasjonen bake inn ein reduksjon i eiendomsskatten frå 4 promille til 3,5 promille frå budsjettåret 2019. Formannskapet jobbar fram til 28.11 for å få ei inndekning på ca 950 000 kr i eiendomsskatten. Formannskapet ber om ein auke i budsjett til Råd for eldre og funksjonshemma med 20 000,- til kurs og reiser. Formannskapet ber om å få utarbeid ein rapport om oppgradering av kommunale vegar i Selje kommune. Formannskapet ber om å få ei utgreiing om samlokalisering av brann, kommunalteknikk og Nomil i samla anlegg i Selje kommune. 172/18: Sak om forskottering av fv. 620 - Forstudie Selje kommune søkjer Sogn og Fjordane fylkeskommune om forskottering av forprosjekt for regulering av fv. 620, strekninga Kjøde Sandvik, i samsvar med vedlagt tilbod frå Nordplan AS. Side 7
Forprosjektet vert finansiert ved bruk av fond avsett til næringsformål. Rådmannen sitt framlegg fekk 7 stemmer for. FS- 172/18 Vedtak: Selje kommune søkjer Sogn og Fjordane fylkeskommune om forskottering av forprosjekt for regulering av fv. 620, strekninga Kjøde Sandvik, i samsvar med vedlagt tilbod frå Nordplan AS. Forprosjektet vert finansiert ved bruk av fond avsett til næringsformål. 173/18: Kompetanse- og rekrutteringsplan 2018-2020 Arbeidsmiljøutvalet vedtek planen med vedlegg slik den ligg føre. Vedtak som innstilling frå Arbeidsmiljøutvalet - 18.10.2018 Arbeidsmiljøutvalet vedtek planen med vedlegg slik den ligg føre. Arbeidsmiljøutvalet 18.10.2018: Rådmannen sitt framlegg fekk 7 stemmer for. AMU- 010/18 Vedtak: Arbeidsmiljøutvalet vedtek planen med vedlegg slik den ligg føre. Side 8
Arbeidsmiljøutvalet si innstilling fekk 7 stemmer for. FS- 173/18 Vedtak: Formannskapet vedtek planen med vedlegg slik den ligg føre. 174/18: Brøyting av veg - Vestkapp Felles framlegg frå formannskapet: Søknaden om vinterbrøyting på Vestkappvegen blir avslått. Formannskapet sitt framlegg fekk 7 stemmer for. FS- 174/18 Vedtak: Søknaden om vinterbrøyting på Vestkappvegen blir avslått. 175/18: Sal av gamal brannbil Felles framlegg frå formannskapet: Jan Petter Hoddevik får vederlagsfritt overdratt gamal brannbil frå Selje Kommune til bruk i museumsformål. Formannskapet sitt framlegg fekk 7 stemmer for. FS- 175/18 Vedtak: Jan Petter Hoddevik får vederlagsfritt overdratt gamal brannbil frå Selje Kommune til bruk i museumsformål. Side 9