"Tidt eg minnest ein gamal gard " Garden Vigdal og livet der før i tida. Eit tilbakeblikk



Like dokumenter
3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Kom skal vi klippe sauen

Setring ved Håbakkselet Hareid

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

«Ny Giv» med gjetarhund

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

mmm...med SMAK på timeplanen

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Jon Fosse. For seint. Libretto

Notat om historie og kulturlandskap

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Brannsår, rus eller friheit?

Kva er økologisk matproduksjon?

Til deg som bur i fosterheim år

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

G A M A L E N G K U L T U R

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking


INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

Skjervheim 279 1/6. Moderne gardsdri i pakt med kulturlandskapet. Myrkdalen Voss kommune

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Norsk etnologisk gransking. April Emne nr. 15. G J E R D E

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Månadsbrev for Rosa september 2014

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

FANTASTISK FORTELJING

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Hallo i nedslagsfeltet!

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Brødsbrytelsen - Nattverden

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Transkript:

"Tidt eg minnest ein gamal gard " Eit tilbakeblikk Åsmund A. Vigdal, 2005

Vigdal, gnr. 54. Bumerke Eldre skrivemåtar er Wigedall (1611-12), Wigdall (1645), Wigdal (1667) og Wiigdal (1723). Namnet kjem av elvenamnet Vigga eller Vigda, meiner professor Rygh, som har skrive boka Norske gårdsnavne. I Leikanger bygdebok skriv Bøthun at Vigdal er nemnd i lensrekneskapen 1611 - fyrste brukaren er nemnd som "ødegårdsmænd." Dette kan tyda på at garden har vore i bruk før Svartedauden 1349, og at han har lege aude fram til 1600- talet. På grunn av Svartedauden vart mange gardar liggande avfolka og aude, og dei vart ikkje tekne i bruk att før folketalet på bygdene auka igjen. På 15-1600 hundretalet vart slike "ødegårder" tekne i bruk igjen. Mogens Haar er den fyrste ødegårdsmann i 1611-14. Dei som var brukarar frå slutten av tjueåra og fram til sekstiåra var far, Andreas E. Vikdal og mor, Brita A. Vikdal. Dei hadde borna Elmar, Signy, Marta, Arthur, Åsmund og Annlaug. Ein annan brukar var bror til far, Jørgen E Vikdal og kona Kari, med borna Målfrid, Håkon, Åshild, Ellend, Karen, Anna, Ola og Leif. Etternamnet var Vikdal, men læraren min Per H. Bøtun viste til professor Rygh, og sa at Vigdal måtte vera det rette namnet. På slutten av åttitalet søkte vi om å ta Vigdal til etternamn, og søknaden vart innvilga. Det må vel vera slik at etter Svartedauden vart Vigdalen teken i bruk på nytt, om lag år 1600, og då vart husa bygd opp att på gamle tufter framme på Garden. Gjennom 350 år vart no garden rydda og dyrka opp att. Hus vart bygd, og vegmurar, åkremurar, naust med båtstø og andre ting som høyrer til på ein gard kom til etter som åra gjekk. I Vigdalen er det bratt, og bruka var tungdrivne. Det meste av arbeidet måtte gjerast for hand, og det meste måtte berast på ryggen året rundt. - 2 -

LITT OM DET SOM DET SOM GJEKK FØRE SEG PÅ GARDEN I DEN TIDA DET BUDDE FOLK DER Frå Garden og heim, og ned til sjøen, var det bygd ein veg der det var mogleg å køyra med hest og treslede. Vegen var greven inn i bakken, og han var mura opp der det var nødvendig for å få brukbar framkomst. Ja - murar var det mykje av; vegmurar, åkremurar og bakkemurar, det må kunna reknast i kilometer. Grunnen til at dei lagde husa framme på Garden då garden vart rydda, var vel at dei kom nærare fjellet, som nok hadde stor betyding når det vart jakta på rein og når dyregraver skulle ettersjåast. Kanskje var det busetnad i Vigdal den tida fangstanlegget på Tuftafjellet var i bruk, og reinskjøt var eit stort tilskot til kosthaldet. Fangstanlegget på Tuftafjellet og dei andre fangstanlegga kring Fresvikbreen har vore i bruk frå år 200-400 etter Kristus og fram til Svartedauden, då bygdene vart avfolka. Alderen på anlegget er fastslege ut frå radiologiske prøver av materiale av bjørk, som kom fram under isen ved fangstanlegga. På toppen av bægjemurane var det sett opp ei stolperekke for å bægja reinen ut på stupet. Dette viser at det var lagt ned mykje arbeid der oppe i 1500 m.o.h., og kor viktig fangstmåten var. Denne fangstmåten gjekk vel ut av bruk då det vart meir vanleg med bruk av skytevåpen - då kunne dei også jakta når reinen beita nærare ned i dalane. Korn vart nok også dyrka på Garden - i stølselva, som renn forbi om lag 400 meter unna, heiter det Kvernhusgjelet. Her vart det nok bygd vassdrevi kvern på eit tidspunkt, her var det flaumsag, det var bru over elva, og stiar til Tuftastølen, Nesali, Breigytteli, Leiteskrea og seinare til stølen i Nonhaugbakkane og til Stølsdalen. I Breigytteli gjekk det eit kjemperas før 1850. I skulddelingspapira frå 1874 blir området frå Mjelkehaug fram mot Langajøtta, om lag 250 meter breidt, kalla Storeskreden. Det viser endå tydeleg merke i terrenget. Den tida stølen i Nonhaugbakkane var i bruk, fortalde bestemor, kunne budeiene på stølen sjå bjørn som beita øvst i Eingjabakkane i solskinet om morgonane. Graset var grønt fordi det rann vatn frå Eigjafjellskori. Sidan fjellet halla utover, dusja vatnet bakken under, og dette graset var mat god for bjørnen. Nonhaugstølen vart teken av ras. Ein haust straks etter dei hadde buført heim, reiste stølen i eit ras ei uversnatt. Ein god del ost, som skulle hentast etter at budeiene og beisti var reist heim på garden, og alt utstyr som stølsdrift tilhøyrer, fòr på stølselva. Raset tok også kverna og flaumsaga i Kvernhusgjelet. Stølen vart oppattbygd i Haugen i Holtamarki i åra før 1900, og var den siste som var i bruk i Vigdalen. Sumaren 1952 var siste sumaren Vigdalsstølen var i bruk, geitene vart vekkleigde to sumrar inne i Gudvangen - der inne vart dei også selde. - 3 -

Det var mogleg å koma opp på Nonhaugen frå stølen i Nonhaugbakkane og opp på Nonhaugen gjennom "gangane"; nokre stupbratte skårar. Me kom ned gangane etter ein fjelltur ein gong fyrst i 50-åra; Arthur, Ola, Leif og eg. Det var med livet som innsats, eit feilsteg her var ikkje å gjera om att. Men ned kom me, og heim att, det var nok geitene som for opp og ned her. Frå stølsvegen til Nonhaugstølen ved Leiteskrea var det sti opp i Oksla og vidare fram i Fossbotnog Tuftadalenog opp på Nonhaugen. Tett ved Garden låg Tjørehjellen. Han var om lag åtte meter i diameter, og Tømmerløypet, der tømmer frå stølsmarka og Resateigen vart løypt ned. Det var mykje stor og fin furuskog her i Resamarka, og spik til hjellen var det nok av i gamle vindfall og tyristubbar. Her er det også tydeleg at det har vore ein tømmerveg, der tømmer frå Resateigen vart køyrt heim til løypet og vidare løypt ned til Garden. I det som er kalla Resateigen, vart det i sekstiåra anslege at det var 500 m 3 hogstmogen skog der då Elmar kjøpte han hjå bestefar Ellend. Teigen var det siste av kåret som gjekk inn att i garden. Det var JørnNils, Nils Bjørnetun, som takserte teigen. Prisen var 1800 kroner. Elles i stølsmarka er det óg mykje fin og stor skog. Frå Garden til nedste del av Resateigen, som heitte Stegagjelneset, var det også sti. Derfrå kunne ein kryssa elva frå stølsdalen og koma opp til stølen i Nonhaugbakkane. Her, før stølselva møter Galdagjelet, er Resafossen. Han er om lag 40 meter høg, og eit flott syn i vår- og haustflaum. Her lauva me og fram til i femti åra. Frå Stegagjelneset og på skrå over lia var det laga eit steingjerde som vart kalla Kyragarden. Det enda i ein hammar som vart kalla Kyrahammaren. I eldre tid var det ikkje vanleg med gjerdehald. Det var meir vanleg med gjeting, og då brukte ein steingjerde til å halda dyra borte frå heimemarka om sumaren. Frå Kyrahammaren gjekk ein løypestreng som vart brukt til å senda lauvet ned til Garden. Etter at husa vart flytta heim i Vigdalen, rundt år 1870, vart det også sett opp løypestreng heim dit. Tett ved det nedste åkerleget på Garden står eit gamal epletre, surapalen kalla me han. Epla var sure og knapt etande. Stamma er 70-80 centimeter i diameter, og han er innroten. Berre eit skal i ytterkant er det liv i. Han må vera svært gamal, truleg fleire hundre år. Kanskje er han frå tida før det vart vanleg med søteple. Apalen kan såleis gje ein idé om kva tid det vart rydda innmark på Garden. Nedanfor Garden, der Vigdalselva og Stølsdalselva møtest, ligg eit område som heiter Almebakken, og ei inngjerda slåttemark kalla Almebakkgjerda. Denne slåttemarka dyrka far opp fyrst i 1930-åra. Etter krigen dyrka Elmar om lag eit mål til. - 4 -

Frå Almebakken er det bru over stølselva til Tråna, og sti vidare til Tuftene og Nonhaugbakkane. Lat meg gå tilbake til Resateigen. Stølsvegen til Gamlestølen på Engjafjellsida tok av frå Reset over Galdagjelet. Dette var nok den stølen som var i bruk før stølen i Nonhaugbakkane. Det er ein lun plass som ligg 350 meter over havet, der det i dag berre er murane att. Her står kjempestore almetre over heile lia, sikkert fleire hundre år gamle. Desse vart lauva heilt fram til gardsdrifta vart nedlagd, og var prega av lauving frå gamalt av. Almen veks best der det er lunt og varmt, og her sto sola på heile dagen og vegetasjonen er frodig. Frå Reset, der me hadde fast kvile når me fór til støls, tek også stølsvegen av opp til den stølen som sist var i bruk, om lag 400 meter over havet, i Holtamarka. Her var det dårleg med vatn, og vatn treng ein mykje av på stølen. Derfor vart det lagt vassrøyr frå Galdagjelet, halvveges heim til stølen og til rabben framfor selet. Der var det plassert eit stort kar der beisti kunne drikka. Ulempa var at det ofte gjekk steinsprang som slo av røyrene. Då måtte mannfolka opp til støls for å kappa og gjenga røyrene, så springen fungerte igjen. Frå stølen gjekk stien fram forbi vassinntaket i Galdagjelet, fram forbi Sva og Eingjabakkane og vidare over til Nonhaugbakkane ved Bruahammaren. Her var det bru over elva før i tida. Stien gjekk også fram i Myrkjeli. Kvar haust plukka me tytebær her. Blåbær plukka me i Nonhaugbakkane. Elles var det bær overalt, og det vart plukka og selt ein god del - det gav nokre kroner, det òg. Ein haust - det måtte vera i 1952 vart Elmar, som var matros på "Firda", som gjekk i lasteruta Bergen Sogn, spurd av gamle los Bendiksen om han kunne skaffa 50 kilo tytebær. Jau, då, det var nok av bær, og det vart mange turar i marka for å henta dei heim. Ein stor kasse, som det hadde kome spikar i til Fresvik Handelslag, vart fora med papir. I denne vart bæra pakka, og me leverte dei då los Bendiksen og "Firda" var i rute til Fresvik att. Utpå sumaren, når den store snøskavlen var borte, kunne ein ta seg opp frå Myrkjeli og opp på Botnafjellet fremst i stølsdalen. Frå stølen i Holtamarka (stølsmarka) - i daglegtale kalla Vigdalstølen - går ein sti opp på Nesteholten. Her, tett ved stien under Nesteholten, ligg ein mur etter ei gamal utmarkløa; i dagleg tale kalla Holtaløa. Vidare går stien opp på Øvsteholten og fram under Engjafjellet, ovanfor Bjørkeholten. I dette området var det ein strandsitjar inne frå bygda, Johannes heitte han, som sanka fór om sumrane. Det han slo og lauva måtte berast til sjøen og roast inn til bygdi. Det vart mange turar opp for å henta fór, men dette var nok eit godt tilskot til å fø dei få dyra han hadde. Bestemor Marta fortalde at ein gang han kom opp i tunet og skulle på fórsanking, bad ho han inn og baud på mat, som skikken var når det kom folk til gards. Då gret han og sa han ikkje hadde ete om morgonen. Det vesle som var heime måtte ungane få. Det vart nok sikkert også stølsmat seinare på dagen. - 5 -

Frå Bjørkeholten har Engjafjellet utoverheng, noko som var medverkande til ei nifs oppleving eg skal koma tilbake til. Frå Øvsteholten gjekk eit rekkje som geiteflokkane brukte når dei beita i Trettetungene og i fjellet ved Vetlasåta. På ettermiddagane, når dei kom til mjølking, såg me dei koma på rekkje etter kvarandre gjennom denne ulenda, der knapt folk kunne fara, hit på holten og heim til mjølking. Etterpå fekk dei ei klype salt. På seinsumaren hende det av og til at geitene var seine til mjølking. Då måtte budeiene opp på Holten for å lokka på dei. Ein sti eller eit rekkje gjekk også ut frå stølen, ut på Nova, vidare ut i Glennene og ut på Jervehaugen. Eg nemnde ei nifs hending under Eingjafjellet, og skal no fortelja om denne. På saueleit Hausten 1965 vart det sett to sauer midt oppe i fjellet i Eingjafjellskåri. Dette var noko som hadde hendt tidlegare også, år om anna. Beisti, om det no var sau eller geit, beita seg opp frå Myrkjeli og inn i skori, men dei kom seg derifrå før snøen kom. No var det ut i oktober, og då Elmar mangla to vérar som han hadde leita etter heile hausten, fann me ut at me måtte gjera eit forsøk på å få dyra ned før snø og is stengde dei inne. Me starta tidleg. Vêret var fint, og soli skein frå klar himmel. Oppe på Øvsteholten tok me kaffi og mat, og deretter byrja me å ta oss opp etter den bratte rabben over holten. Me hadde med Kragen i tilfelle det vart problem med å få dyra ned. Hengjande bratt var det, så me måtte meir hala oss opp enn å gå. Men opp kom me, og tok ein pust i bakken. Eg skulle gå fram om lag 300 meter og sjå om eg fekk auga på dyra. Det var temmeleg augert å gå, men då eg kom fram, såg eg i fremste delen av skåra berre ein sau. Øyremerket var naboen Leif sitt. Han mangla to sauer, men her var berre ein, og han sto heilt ut på floget. Mellom meg og sauen var det eit svaberg, så eg kom ikkje ned der. Eg kasta det eg fann av lause ting for å få han opp att, men han stod bak ein krake, så eg greidde ikkje å skremma han opp. På oppsida i skåra var det ein stor heller, der det ofte var snakka om kunne vera dyr innestengde før gjennom åra. Eg såg etter om det var beinrestar, men fann ingen. Det hadde vore folk oppe her for lang tid tilbake og henta geiter som gjekk i skåra seinhaustes. No tok eg meg tilbake der Elmar venta, og fortalde om det eg hadde sett. "Skal eg gå bort att og skyta sauen?", spurde eg. Leif hadde sagt ein dag før at det var tidleg å skyta sau i fjellet endå, so me burde lata vera, meinte han. Så laut me koma oss ned att på holten, me henta oss etter småbjørk og sprake nedover til Øvsteholten. No tok me stien fram under Eingjafjellet under staden der me såg sauen. Der var det festmåltid for ramn og ørn på sauen som ikkje var i skåri. Han hadde ramla utfor og falle to hundre meter. Kanskje var det ørna som hadde slege han utfor, ho gjer ofte det når dyr står utpå eit stup. - 6 -

Så er det hender noko nifst. Me høyrer det susar i lufta, og ser opp. Steinar treffer rundt oss, og me spring tilsides. Heldigvis unngår me å bli trefte. Det var nok sauen som hadde utløyst steinane. No tek me beina fatt, og kjem oss heim på holten, og derifrå ned og heim. Dagen etter dreg Leif opp i Eingjabakkane. Sauen står utpå kanten. Han skyt, og han ramlar utfor. Det vart meir fuglemat der. Det vart leita etter verane alle stader i utmarka, og om lag to veker seinare kom det telefon frå Feios. Verane til Elmar var funne i Feiosdalen, og vart henta der. Dette at det hamna sauer frå Vigdalen i Feiosdalen og omvendt, hende fleire gonger. Det var tidleg i femtiåra at søskenbarnet mitt, Ola, og eg fann to sauer på gamlestølen i Eingjabakkane. Me fekk dei heim til tuns, og det viste seg at dei tilhøyrde KleivaNils, Nils Borlaug. Han kom og henta dei, og me tykte me fekk godt betalt. Han gav oss ti kroner kvar! Når sauene frå Vigdalen beita fremst i Stølsdalen og dei kom opp på Botnafjellet eller Eingjafjellet, var det berre eit smalt platå før dei var i Turiddalen i Feios. Saueleiting Ein haust fyrst i oktober mangla me framleis ein svart sau med to lam. Det var vanleg å ha nokre svarte sauer denne tida, då slapp ein å farga garnet svart til sokkar og liknande. Sauasvart vart ulla kalla. Denne sauen gjekk kvar sumar med lamma sine på beite i området rundt Snyttestølen og i Jervedalane. Etter fleire turar på leit der, hadde me ikkje funne sauen og lamma. Ein dag skulle eg ta meg ein tur utover dit, eg var i konfirmasjonsalderen då. Eg gjekk ut Glennevegen og ut til inste Trettetunga. Der gjekk eg over, og tok meg opp mot vetlesåta. No nytta eg høvet til å sjå etter noko som ofte vart snakka om når det mangla dyr i Vigdalen. På utsida av Eingjafjellet, nett under fjellbruna, var ei om lag to hundre meter lang skår. Kyrkjeskåra vart ho kalla, oppkalla etter ein stor heller som vart kalla Kyrkja. Dit ville eg no, for å sjå om det kunne vera beinrestar innunder hellerane der. Det var ikkje så lang heft. Eg klatra to hundre meter opp frå vetlesåta. Der byrja skåra, og eg fylgde henne. Ho vart smalare, og eg måtte til å krypa bortover. Over og under meg var det stup. Eg kraup skåra til endes, og undersøkte hellerane. Eg fann ikkje spor etter dyretragediar, så eg tok meg tilbake. Dette ville eg ikkje fortelja heime - då vart det skjenn å få. Eg meinar å hugsa at det hadde vore folk i skåra for lenge sidan. No måtte eg sjå etter sauene. Kvar skulle eg leita? Eg tok beina fatt utover bak store Såta, men fyrst klatra eg opp på toppen av Storesåta. Ho er flat på toppen med nokon forkrybla fjellbjørker på, men du verda for ei utsikt det var derifrå. - 7 -

Vidare gjekk eg bak ytste Jervedalen, og nedover på utsida av han. Då eg kom ned i skogen, skremde eg opp to hjortar. Eg fortsette nedover i Almenningane, over Presthiller, kryssa fram og tilbake nedover i skogen, og der fann eg sauene. Dei tok nedover på kanten av Jerva heilt ned i strandastien og fylgde han innover og til tuns. Der slapp eg dei inn i sauehuset. No vart det kvile - me trengde kvile no, både sauene og eg. Det vart siste året for svartesauen og lammi. Svart garn frå Sygna vart det heretter. På utsida av Trettetunga, midtlia, er det ein skogkledd rygg. Her var me på tur ein gang, det var vel beist me såg etter. Det hadde kome ein kastevind (trombe), vindstråle kalla far det, på skrå frå fjellet og nedover. Han hadde laga ei 30 til 40 meter brei gate i skogen. Store osp og furutre var knekte som fyrstikker i ei lengd på over 100 meter på skrå over ryggen, voldsame krefter hadde vore i gang her. Hadde denne stråla kome på husa, hadde det gått gale. Slike kastevindar oppstår stundom når vêrtilhøva ligg til rette for det. DET SOM FØREGJEKK PÅ BRUKA I VIGDALEN, OG SOM SKULLE GJERAST TIL DEI FORSKJELLIGE ÅRSTIDENE På kvart av bruka hadde me ei, somme tider to kyr, 12-15 vinterfødde sauer og 25-30 geiter. Sauene gjekk på beite og var innom stølen når dei ville ha salt, og når hausten kom dreiv me sauesanking etter potetopptaket i midten av september. Klypping var både mannfolk og kvinnfolk saman om. Ho Annafaster kom og klypte sine sauer. Eg hugsar så godt ein episode. Annafaster sat og klipte ein sau. Ho hadde kaffikoppen attmed seg, og eg var med og heldt i beina på sauen. Det låg ei saueperle på golvet. Eg knipsa ho med fingeren, og ho hamna i kaffikoppen utan at ho Annafaster såg det. Anna var ei myndig dame, så eg torde ikkje seia noko, men du veit eg fylgde med for kvar sup ho tok av koppen. Ho øya seg felt då ho såg kva som låg i koppen, men ho hadde ikkje mistanke til meg. Det vart no fort gløymt, og klyppinga heldt fram. So skulle det slaktast. Det var heimeslakting den gongen, av det som skulle seljast og det som var til salting og hermetisering heime. Elektrisk straum kom fyrst til Fresvik i 1958, og då gjekk me meir over til å frysa ned kjøt og andre ferskvarer. På tradisjonelt vis steikte me kjøt og kjøtkaker, hermetiserte, og laga rullepølse, blodpølse og mårmat. Sauehovuda vart svidde og salta, og mykje meir. Saueskrottane vart pakka og sende, men det var fast at han SimlenesIngvald skulle ha to fjorlam av ver. Det var gode beite i Vigdalen, og far kjøpte ver frå Vik av premierte dyr. Dette gav ei slaktevekt på rundt 45 kilo, noko som var vanskeleg å få tak i andre stader. Ulla som ikkje skulle spinnast til garn heime, vart sortert og pakka i sekker, og ut på vinteren tok dei turen til Sygna Ullvarefabrikk med bygderuta. " Samband 1" heitte båten, som vart ført av Sverre Fedje frå Feios. Han gjekk i storm og stille, det var - 8 -

aldri nei når me spurde om han ville gå under kaien i Vigdalen for å henta eller bringa folk. På Sygna vart ulla levert, og det me trengde ut over vinteren av garn, ullteppe og anna, vart handla inn. Saueskinna vart turka og seinare leverte til "BergaAndreas"; Andreas J Bøtun, som kjøpte skinn. Slakteavfallet var det HaukaJohans; Johannes E Haukenes, som fekk - han dreiv med pelsdyr. Tidlegare hadde også farbror Jørgen drive med pelsdyr. Skogsdrift Ei viktig innkome var skogsdrift og vedhogst for sal. I fleire år hogg far og Elmar ved på Snyttestølen, ut på stranda. Dei reiste i mørkni med båten ut til Båtasva og gjekk derfrå og opp midtlia til hogstplassen, ofte i meterdjup snø. Her vart hogge mange mål ved gjennom fleire vintrar Veden vart send på løypestreng, fyrst over Yste Jerva, deretter på ny streng ned i Birtateigen, som det heiter nede ved sjøen. Der vart han kappa opp, kløyvd og sett opp i mål - klar til levering. Leveringa vart gjord ved at det kom ei stor kuttar som veden vart lasta om bord i. På Presthiller, noko lengre ute på stranda, dreiv det under krigen mykje folk og hogg ved til Bergen Kommune. Farbror Jørgen og sønene hogg ved på utsida av Insta jerva i høgd med Snyttestølen. Seinare byrja me å hogga ved i Nesali, framme i dalen. Når me var fri frå skulen hogg me gamal lauvbjørk, kappa ho i to- og trealningar og løypa dette ned til elva. Der vart veden kappa opp i kubb, som seinare vart kløyvd. Eg hugsar at det ofte var kaldt å stå og kløyva veden. Det var ikkje lett å få kløyva han. Ein ofte to - jernkilar måtte til. Me slo med slegga, heile dagen, og arbeidet var tungt. Me fekk eit avbrot i ein liten matpause. Då stod me og stampa med føtene for å halda varmen på beina. Det var ofte ti til tolv kuldegrader så langt framme i dalen, og i tillegg var det ein gjennomtrengande dalatrekk. Seinare har eg ofte lurt på kvifor me ikkje laga oss eit bål å varma oss på. Svaret må vera at det ikkje var vanleg. Når kvelden kom, var det godt å koma til husa att, få byta klede og få varm middag på kjøkenet, der vedkomfyren frå Kverner Ovnsstøperi stod nesten raudglødande i omnskroken. Ein haust hogg me fem mål bjørkeved oppe i Aksli, på toppen av Nesafossen. Veden vart løypt ned hamrane, kappa og kløyvd nede ved Nesaflaten, der me hadde resten av veden. 30 mål ved kunne bli hogge om vinteren. Veden blei fløyta i elva om sumaren i snøsmeltinga, når vassføringa i elva var stor nok. Også på nabogarden hjå Jørgen dreiv dei vedhogst lengre heime i dalen i Breiagjøtta (Storeskreden som ho er kalla i skulddelingspapir).fløytinga var me saman om, det var om å gjera å vera mykje folk under dette arbeidet. - 9 -

I elva ovanfor brua laga me dam. To grove ospetre vart lagde over kvarandre med halvannan meter avstand Så vart det sett tett med stek, eller beine tre som veden stoppa mot. Her var det arbeid for to mann å lempa veden opp på Elvahaugen. To - tre mann reinska elva. Dette arbeidet var farleg, på sleipe steinar og svaberg, med tømmerhake til hjelp. Åtte til ti mål kunne det bli for dagen, og dersom vasstanden heldt seg, dreiv me på til alt var kome heim på Elvahaugen. Men dersom elva minka, var det mykje arbeid å få veden heim til dammen, der han vart sett opp so han turka opp. Veden, som fyrst var vorten turr og so fløytt i elva, vart seld til Torkel Simlenes, som leverte ein del av han til sardinfabrikken Viking. Når han var fløytt i elva, var han seigare og gav meir røyk og mindre varme under røyking av sardinar. Det hende fleire gonger at dammen rauk og alt hamna på sjøen. Då laut me samla det opp og få det på land, noko som medførte mykje ekstraarbeid. Årsaka til at dammen rauk var at han tetta seg til med rusk og rask som elva førte med seg. Med mykje ved og regn som sette inn med regn så elva vaks til flaum, vart det for stor belastning på dammen. Ved vart også levert til Bergen. Det var han SimlenesOla, (Ola Simlenes) som frakta veden dit. Han hadde ei skøyte som tok 50 mål ved, og gjorde fleire turar kvart år med ved frå distriktet. Elvahaugen er borte no, då vegen kom gjekk han beint gjennom denne. Også på andre sida av elva i Kolåshagen vart det hogge ved av dei som eigde der. Veden vart og fløyta heim elva i åra etter krigen. Ein del tømmer vart hoggen i Resateigen eller nærare i marka, då mest til eige bruk. Rett over husa i Vigdalen er det mykje kjempestor furuskog - tre som er mykje over famnen i omkrins. Dei er 30 meter høge, kvistfrie med ein liten topp. Her hogg me ikkje. Det hende stormen braut overende tre, og desse vart henta ut, men skogen skulle verna mot steinsprang, og skulle ikkje rørast. Her oppved Svartesvåi står det ei gamal furu. Det må to mann til for å femna rundt ho. Mykje kvist, ikkje noko tre som kan brukast til material, men eit mektig syn er ho. I 1920-åra planta Far gran fleire stader ved vasstaket og framme på Garden, medan Jørgen planta nede ved naustet og over husa i Vigdalen. I femtiåra planta Elmar eit felt i oppe Holten. Stølar og stølslivet Tuftastølen (850 meter over havet)var den fyrste stølen som var i bruk i Vigdalen. Her var det gode beite og nærleik til vedaskog. Skoggrensa gjekk lengre opp mot fjellet i den tid, det såg me tydeleg når me gjorde oss turar fram der som gutungar i femtiåra. Det stod gamle stubbar etter furuskog på rabbane mot Storebotn, Hattadalen, Horrabakkane og Fossbotn. På den andre sida av elva er det synlege - 10 -

tufter etter det som var Djupvikstølen, som vart teken av ras. Dersom Tuftene var base for jakt og drift av fangstanlegget i gamal tid, gjekk det nok hardt utover det som var av skog der oppe i 800 meter høgd, gjennom fleire hundre år. Då stølen vart bygd her, kalla dei han Tuftene. Her var det gamle murar etter det som i eldre tid var ein samlingsplass og base for fangsting på fangstanlegget på Tuftafjellet, rett fram for Tuftene. Dette er eit av dei større fangstanlegga i området. Stølsdrift i den tid var på ein annan måte, ikkje so mykje ysting som det vart seinare, meir produksjon av kjøtt, utnyttelse av fjellbeite, (fedrifter) Namnet på fjellet og stølen kjem nok av at folket som bygde i Vigdalen kom til fjells her og fann tuftene etter den gamle fangst- og tilhaldsplassen. Då var det naturleg å kalla stølen Tuftene. Nøyaktig kva tid det vart sett opp stølshus veit ein ikkje, men det var den fyrste stølen, so før 1700 måtte det vera. Etter at stølen i Eingjabakkane (Gamlestølen) vart bygd, vart Tuftastølen bortleigd til forskjellige folk fram til 1860-åra, då ein dei kalla "Hermund Svein"(han var frå Bøthun, men flytte seinare til Vik og kjøpte seg gard der på Åse), fortalde bestefar Ellend. Leiga var eit mark tobakk. Seinare vart han nytta som fjellstøl av mellom andre Per Otrehjell og Botolf Djupevik. Men han vart fråflytt, og no står berre murane att. Tuftene er ein fin plass med utsikt over fjell og fjord og heim til tunet i Vigdalen. Då me gjorde turar fram der i oppveksten, var det endå spor etter stølsvegen frå Nesali og framover gjennom Fossbottenli og Horrabakkane. Ein kunne sjå antydning til murte brukar i Fossbottenbekken og bekken frå Hattadalen og Storebotn. Kvar vinter og vår gjekk det kjempestore snøskreder i Nesafossen, Fossbotn og Horrabakkane. Det var spennande å stå heime i Vigdalen og sjå når snøskredene dundra ned fjellsidene. Eit mektig syn var også Turrfurua. Ho stod på Ranene, ein loddrett fjellvegg på Kolåssida av Vigdalen, heilt ut på kanten av stupet. Turrfurua var knekt om lag 15 meter frå bakken, men ei kjempegrein, som også var knekt, peikte mot Nonhaugen på andre sida av Vigdalen. Dette landemerket såg me frå tunet heime. Det var også merke mellom eigarane i Kolåsen og Djupevik.I ein hauststorm i sekstiåra velta ho over ende, og dette særmerkte landemerket - fleire hundre år gamalt - var borte. På Kolåsen var det støl i eldre tid. Murane var synlege den tida me tok oss turar opp dit. Det var her Mikkel Bøtun, Meik vart han kalla, og far dreiv jakt på tiur og orre på vårparten. På ein haug innanfor stølen var det fast spillplass. Stølen i Nonhaugbakkane låg 500 meter over havet. Denne stølen var det bestefar Ellend som bygde og brukte. Då stølen vart teken av jordras før århundreskiftet, vart det bygd ny støl i Holtamarka, 400 meter over havet - den siste som var i bruk. - 11 -

Gamlestølen, som ligg på Engjabakksida 300 meter over havet, mellom stølselva og Galdagjelet, var den eldste av desse tre stølane. Tilkomsten over Galdagjelet og opp til stølen var ulendt, og det måtte vera vanskeleg å få kyrabeist opp der. Då eg voks opp, lauva me almelauv her kvar haust. Murane etter selet var der, men på denne grøderike staden der almen treivst så godt, var murane nesten skjulte av brennenòta og anna vegetasjon. Lauvet vart frakta på løypestreng over til Reset, bore ned på Garden og derfrå sendt på løypestreng heim i tunet. Stølen som var sist i bruk, ligg i Holtamarka 400 meter over havet, og var felles for vårt bruk og Jørgen Vigdal, som hadde den andre garden. Kvart bruk hadde ei budeie. Dei eg hugsar i min oppvekst var budeier hjå oss, var eldste søstrene mine. Fyrst Signy, og etter at ho drog ut på arbeid var det Marta som var budeie nokre somrar. Deretter overtok mor Brita til stølsdrifta vart avvikla i 1953. Hjå Jørgen var det søstrene Målfrid, Åshild og deretter Karen som var budeier. På kvart av bruka var det ei eller to kyr, mellom 25 og 30 geiter, og i tillegg leigegeiter. Så hadde bestefar Ellend, bestemor Marta og Annafaster ei kyr og 8 til 10 geiter. Anna var også budeie gjennom fleire år. Leigegeitene var frå bruk inne i bygda som ikkje hadde eigen støl. Her fekk eigarane oppgjer i ost. Såleis kunne kvar budeie stie rundt 40-50 geiter pluss ei til to kyr. På innsida av seldøra både i inneselet og uteselet (skotet) var det rissa inn mange bokstavar og datoar. Det var vanleg når det kom besøk, at dei rissa på døra. Kvar sommar bar me karane veden til rettes - ved til ysting og fyring. Veden var hoggen sommaren før, og sett opp og dekka over så han turka og var klar til bruk. Var ikkje ysteveden finkløyvd og turr, var ikkje budeiene nådige. Springrøyrene måtte monterast igjen. Kvar haust vart fremste delen demontert på grunn av snøskredene i Galdagjelet. Bufôring Før bufôringa kvar vår var kvinnfolka oppe og vaska og gjorde klar selet. Mannfolka bar opp halm til sengene og andre nødvendige ting. Ystekjelane av kopar vart pussa med stålull og oska så ein kunne spegla seg i dei. Over vinteren danna det seg ei oksydasjonshinne (eir), og den måtte vekk. Elles vart det eirsmak av osten. Å skura kjelen med oske kvar kveld etter bruk og skyla med vatn, var fast rutine heile sumaren. På utsida i eine enden av selet var det fjøs til kyrne, og om natta kunne me høyra når dei dunka horna borti selveggen. Geitene låg ute heile sumaren, men var det styggevêr, søkte dei inn under dei store furuene rundt stølen. Geitene likar ikkje regn. Dei har ikkje underpels, berre stritt ragg som ikkje held so mykje på varmen. - 12 -

Bufôringsdagen var i slutten av mai. Det kunne variera litt om det var tidleg eller sein vår, men det var viktig å koma av garde i god tid før slåtten byrja. Normale sumrar var det slått fyrste veka i juni. Sola kjem tidleg i Vigdalen, på høgste sumaren kjem ho i femtida. Då stig ho opp over Bleia, bak Frønningåsen. På bufôringsdagen var det stor aktivitet tidleg frå morgonen av. Geiter og kyr måtte mjølkast, og når det var gjort, tok me av garde før geitene drog på beite. Eg trur nok dyra skjøna kva som skulle skje - dei hugsar vel, dyr også. Det bar av garde - budeiene føre med ei bytte med mjøl og oppkarva poteter. Kyrne dansa etter. Dei fleste i Vigdalen var med. Annafaster var også komen til tuns og skulle vera med. Alle bar eitt eller anna. Mat og ting og tang som skulle vera med opp til støls, var det mest naudsynte, og vart frakta opp i fyrste omgang. Meir kom seinare. Me tok stølsvegen fatt - fram på Storakleiva, fram på Garden, opp forbi plantefeltet, gjennom kyragardgrinda, over kyragardhaugen, forbi Reset og opp på Langehammaren. No ser me stølen. Morgonsola blenkjer i dei små glasrutene og helsar liksom velkomen attende. Så er me i tråna utanfor selet, og me let opp dørene. Spik og feit furuved ligg klar attmed omnen, og snart ryk det av omnsrøyret når kaffikjelen vert fylt opp og det skal bli bufôringskaffi. Jau, det kjem mat på bordet. Undredøler, eller harde vaflar, påsmurte nordlandslefser, flatbrød og spekeflesk. Praten går om arbeid som skal gjerast. Dyra spreier seg rundt om i området. Det er gode beite her, og dei kjenner seg nok att frå i fjor. Etter kvart dreg vaksne og ungar til gards att, og berre budeiene blir att for å ta seg av stølsstellet. Ein ny sumar på stølen er begynt. Gjeremåla på stølen varierer, men mjølking kveld og morgon og ysting ligg fast. Elles kan budeiene, når tida strekk til, driva med forskjellig. Dei henta vatn, tok ost or formene, spøta og liknande. På ettersumaren plukka dei vinterforsyninga av blåbær og tytebær. Det var også me ungane med på. Me drog til Nonhaugbakkane og Myrkjeli. Elles var det bær overalt i liene. Eg hugsar ein tur fram til Myrkjeli. Syskenbarnet mitt var med. Ho hadde beksaumstøvlar på beina, men dei var ikkje gode å gå med i ulenda. Annafaster spurde kven det var som hadde sagt ho skulle ta på seg desse skorne. Då seier ho, nesten på gråten: "Da va papan da, danna stygge røven". Dette vart seinare eit fast utrykk når nokon bala med noko. Ein gong for veka kom budeiene heim med mjølk, eitt spann med søt og eitt med sur mjølk. Av og til tok dei også med eit spann rømme som det skulle kinnast smør av. Ein ost eller to i tillegg bar dei nok med seg når dei kom ned. Om ettermiddagen skulle dei ha forskjellig proviant med seg til støls att, så lang tid heime fekk dei ikkje. Kveldsstellet venta dei når dei kom oppatt. Det å få kvitost og brunost ned frå stølen var arbeidsoppgåver me gutungane vart sette til. Etter nonsmaten vart me sende til støls med ting dei trengde der oppe, og heim att kom me, med ein kasse med ost på ryggen og eit spann mjølk i handa. - 13 -

Dette likte me. Å koma opp på stølen og få nylaga kvitost og brunost, såg me fram til, og so fekk me rømmekopp med sukker og flatbrød til! Når brunosten skulle lagrast, vart han voksa og stempla Andreas Vikdal, Ekte geitost. Han vart så pakka og seinare levert til faste kundar og til Fresvik handelslag, som butikken heitte den gongen. Killingar Dersom me ungane henta killingar frå stølen, tente me nokre kroner. Om våren vart killingane rodde ut på stranda og sleppte på land der, når det var godt nok beite. Dette gjorde også dei me hadde leigegeiter for. Killingane streifa rundt om i liene til det lei på ettersumaren. Då kom dei litt om senn utover sumaren saman med geitene når dei beita ut mot Trettetungene og Såtedalen. Budeiene hadde ofte strev med å få tak på dei, ettersom dei var vortne halvskyre i løpet av sumaren. Budeiene fekk dei inn i fjøsen, og me dragsa dei ned frå stølen. Det var vaksne bukkar blant desse. Dei kunne vera både olme og sterke, så å leia dei var vaksen jobb. Eg hugsar ein gang, då Marta skulle leia toåringen. Han sette av garde i unnabakken, og ho prøvde å halda, men vart dregen overende og slo seg kraftig. Alt etter kven sitt øyremerke dei hadde, ringde me eigaren, og når han kom, fekk me fem til ti kroner, ut frå kor mange killingar me hadde henta ned. Dette var det me kunne tena nokre kroner på, i tillegg til å plukka bær og lauva til Annafaster. Men det var ikkje alltid killingane kom i lag med geitene. Ein haust vart det sett killingar øvst i Yste Jervedalen. Far og eg rodde ut dit og langt ut på fjorden, og i kikkerten såg me dei nesten på snaufjellet utanfor store Såta. Eg gjekk opp på utsida av ytste Jerva. Halvannan time tok det meg å koma opp dit dei var. So byrja ein tur eg hugsar svært godt. Eg fekk snu dei slik at dei fór inn under Såta, inn og over inste Jerva, ned på Jervehaugen og vidare ned rabbane til dei fann stien inn stranda. Eg kom etter dei i fullt tan, forbi Gullskrea og Grøvene og inn til Nausthaugen. Her møtte dei gjerdet rundt innmarka, og fylgde det oppover mot husi og tunet. Far hadde rodd inn att, og no var han klar og fekk bægja dei inn i geitehuset og stengt døra. Dei var temmeleg sprengde, og det var eg også etter ein slik tur. Slikt høyrde med til livet i Vigdalen gjennom alle år, men i 1953 var det slutt med geitene. Budeiene ville ut og ta seg arbeid - det gjekk ei ny tid over bygdene og landet, og utan god hjelp på gardane måtte ein driva på andre måtar. Siste året me hadde geiter på stølen, var i 1953. Jørgen, Annafaster, NilsagjerdeErling og me hadde killingar det var 20-25 stykke i alt, og dei vart sette ut på Gullskrestranda. Desse hadde streifa rundt, oppe på fjellet og over Helgedalen; ein sidedal til Stordalen i Fresvik. Der såg ein saueleitar dei i, der dei gjekk mellom Helgedalsbråtet og Huldabotn. Det var kome ut i oktober då me fekk beskjed om det. - 14 -

Me tok av garde, Elmar, Arthur, VigdalsOla, DjupvikOla og eg. Me rodde inn på Øyra og gjekk innom NilsagjerdeErling og Eirik Breilid, som og vart med. Framme på Storøyni såg me killingane, dei gjekk opp under hamrane mot Huldabotn. Oppover lia dit dei stod, bar det, men desse killingane som fylgde oss som hundar i vår då me var heime i tunet, dei bles i nasen og sprang oppover mot Huldabotn. Eg la etter og prøvde å snu dei før dei nådde oppspranget, men vart for sein. Erling og Eirik Breilid stod nede på Storøyni og fylgde oss i kikkerten. Då me kom ned att til dei, sa Eirik: Du sprang som du var på flata, du, der me pleier å gå i tau der oppe. Jau, i ulenda var me vande å ta oss fram. For den som er oppvaksen i Vigdalen er det ein naturleg ting å beherska ulenda. Ei veke seinare skulle me prøva igjen. Snøen var komen heilt i sjøstranda, det var kaldt og åtte til ti grader framme på Stordalen. Då me kom opp fann me nokre killingar under ein heller. Dei hadde søkt ly innunder denne, men det hadde rasa ned snø frå oppsida, og no var dei innestengde bak ei snøfonn. Me tok dei i tau, og to mann drog nedover med dei. Resten, elleve i talet, greidde å fara oppatt i Huldabotn. Arthur, Leif, Ola og eg fylgde etter. Det var med livet som innsats me drog oss oppover, over isete svaberg, og kom oss opp på kanten av Huldabotn. Her gjekk snøen over knea. Killingane hadde svinga ut på kanten mot fossen og hoppa nedover i skårane der. Det var uråd å fylgja etter. Det lei på dag, så me snudde og kom oss med livet i behald ned att i dalen, og drog til bygda med dei killingane me hadde fått tak i. Opp i Huldabotn på vinterføre hadde det ikkje vore folk før. Det er vanskeleg nok å koma dit sumarsdagen! Elleve killingar med slaktevekt på 14-16 kilo vart der oppe. Laksefiske Frå gamalt av hadde bruka i Vigdalen sitjenot i Gullskrea. Dette kravde at ein mann var bunden med dette, og då arbeidskrafta var bruk for på gardane, vart sitjenota erstatta med to kilenøter; i Gullskrea og ved Jerva. Seinare vart dei flytte inn i bukta, utanfor nausti. Laksefisket var felles for bruka i Vigdalen, og ein bytte på å ha tilsyn annakvar veke. Far hadde i mange år i tillegg kilenot ved Snytta hjå han AudneJohan (Johan Stadheim). Det var spennande og vera med og sjå til laksenøtene - morgon, middag og kveld. Eg hugsar me fekk 6 laksar i nota ved Jerva, og når fisket var godt, fekk me ofte fleire laksar på ein gang. Beste fiskevêret var når Havgula kom på ettermiddagane. Havgula bles inn fjorden, noko som gjorde at straumen gjekk ut oppe på buktene. Der kom også laksen, og det var god sjanse for at han gjekk inn i nota. Største laksen som vart teken Vigdalen, hugsar eg, var 27 kilo. Det var ein sværing. Eg meinar det var rundt 1950. Han låg i ein tunnekasse i naustet, tildekka med tang, til han vart levert på lakseruta til Gjertsen om ettermiddagen. Ein gong i 1950- åra skulle Arthur og eg sjå til nøtene om dagen. Det var ein stor laks i eine nota. Me fann ut at me skulle henta Bestefar Ellend - han var over 80 år, men - 15 -

dreiv med slåtten rett ved naustet. Han vart med oss ut i nota og fekk fisken inn i båten. 18 kilo vog han då han vart vegen på båten som henta laksen. Ja, at eg skulle få vera med på å ta laks igjen, det hadde eg ikkje tenkt, sa Bestefar. På begge bruka var det fast å ta ein laks på om lag ti kilo til røykelaks. Etter at beina var tekne ut, vart filetane lagde på eit brett og strødde med ei blanding av sukker og salt. Så stod dei og trekte i eit døgn, mørkt og kaldt. Dagen etter tende me opp på grua i eldhuset, og hengde laksen under taket. På glørne la me åre- eller sprakeved. Denne røyken gav ein fin smak på fisken. Røykelaks er festmat av beste sort. På ettersumaren kunne me òg ta ein tart (liten laks) til sundagsmiddag. Det var fleire bergensfirma som henta laks. Gertsen og Co var det eine. Det var Edvard Simlenes som gjekk i rute for Gertsen. I Fresvik hadde me ishus. Om vinteren vart det henta is inne i Skjolden. Isblokkene vart lagra i eit godt isolert naust, og dei vart dekka med sagmugg. Der isa Edvard fisken før han vart send med Fylkesbåtane til Bergen. Sætveit og Co og Kvinge hadde også båtar som henta laks, og laks vart fiska av dei fleste som hadde bruk ved stranda. Det var godt utkome for dei som dreiv med dette fisket i tillegg til gardsdrifta. Det var rundt 30 kilenøter i Fresvik i åra etter krigen. I 1952 kom fleire laksefiskarar frå Osterfjorden for å fiska laks forskjellige stader i distriktet. Ein av desse var Johannes Kleiveland. Han sette seg opp gilje til sitjenot på Gullskreknubben, og tok til å fiska der. Han budde i ei hytte han laga seg av bakhun - det var eit ytterst kummerleg krypinn. Kleiveland var ein livat kar som tok livet som det kom. Han tok ingen sorger på førehand, men levde frå hand til munn. Fiska laks kunne han, og han var den fyrste som brukte polaroid solbriller når han sat oppe på gilja og speida etter laksen. Desse brillene var slik at dei tok vekk glansen i sjøen, og ein såg betre ned i sjøen. Før brukte ein elles ein kvitmåla flake under nota, då såg ein laksen mot den kvite bakgrunnen. Me gutungane var ofte ute der om kveldane og tente oss nokre kroner på å plukka tang som var komen inn i nota. Ein gang skulle eg sitja og sjå etter fisk når han var nede og kokte seg middag. Best det er ser eg to laksar gå inn i nota. Eg slær laus lodda som drog opp inngangen og stenger fisken inne. Strilen kjem farande opp i fullt tan i treskogloggane, og er med og halar, så det blir heilt stengt i nota. Så var det ned og få fiskane inn i båten, og eg fekk nokre kroner som takk. Fredags kvelden tok han med seg ein laks eller to og rodde over fjorden til Slinda, og reiste vidare med buss til Sogndal. Der tok han inn på hotell, og levde glade dagar heile helga. Måndag var det tilbake til Gullskreknubben for å setja ut nota på nytt. Strilen var der i fleire år, men eitt år, då våren kom, dukka han ikkje opp. Ut på sumaren kom det brev til Far, med spørsmål om han ville kjøpa utstyret som var att i hytta. Det var noko verktøy, ein primus og litt andre ting. Jau, far sende dei femti kronene han ville ha for det, og me henta utstyret. - 16 -

Strilen, som han vart kalla i daglegtale, vart seinare sett på fisketorget i Bergen. Der tok han seg strøjobbar hjå fiskehandlarane og det vart fortalt at han seinare drukna i Vågen. - 17 -

ARBEIDET PÅ GARDEN Våronn I april månad måtte vinteren gje tapt, og no var det mykje arbeid som skulle gjerast på garden. Innmarka skulle ryddast for lauv og anna, det var fram med rivene og raka i hop det som hadde lege over vinteren. Avfallet samla me på åkeren. Der vart også lauvris frå vinterfôringa med lauv plassert. Det vart eit kjempestort bål når alt var samla. Alle gjerde rundt innmarka skulle ettersjåast og vølast så ikkje geitene kom seg igjennom. Såg dei grønt gras innom gjerdet, prøvde dei å koma igjennom. Me gjekk gå laus på geit- og sauetallen. Han skulle klubbast sund, og i store jutesekker bar me han rundt på marka og spreidde han. Dette arbeidet tok om lag fjorten dagar. Det neste som skulle gjerast, var å spa opp åkeren. Her hadde kugjødsla vorte dregen ut om vinteren når det var mykje snø. I ein stor tønnekasse med meiar under drog me ho ut og plasserte henne i dungar med passelege mellomrom. Med greip vart gjødsla no spreidd utover og sidan spadd ned. Det var tungt arbeid å spa åker, og då åkrane var langt frå flate skulle moldi kastast to spabreidder opp for å halda henne oppe i åkeren. Det var frå gamalt av mange åkrar i Vigdalen: Storåkeren, Gjerdeåkeren, Sjøåkeren, og åkeren framme på Garden. Desse var i bruk då eg vaks opp. Tidlegare var det ein åker på Brattåkerleget, og ein framme på Garden. Gamle Endre i Haukaneset, han var onkel til Far, fortalde at det vart frakta heile båtfarmar med poteter inn til bygda og sende til byen. Når åkrane var oppspadde og dette arbeidet var ferdig, skulle Far og Jørgen bøta og stella i stand kilenøtene. Etterpå sette dei dei ut der som nøtene skulle vera, med kaggar, ilar, grunnslo og bakslag. Nøtene skulle barkast for å unngå råte. Det føregjekk i ein støypt kumme ved notahengja ved naustet. Til impregnering brukte dei eit stoff som heitte Blåstein. Over 17. mai skulle potetene i åkeren, og før Jonsok skulle dei reinskast for ugras og haugast før potetlauvet skjulte rendene. Nøtene skulle i sjøen rundt 20. mai, og sesongen varte til 20. august. Fisketida var frå måndag klokka 1800 til fredag klokka 1800. Utanom tilsynet til nøtene var det mange gjeremål på garden. Det var lange dagar for å vinna over det som skulle gjerast, og alle måtte bidra. Åttetimarsdagen var ikkje innført, og ingen hadde høyrt ordet barnearbeid! Men sundagane var me fri, då vart det nesten aldri gjort noko arbeid. Kanskje eg hugsar at det ein regnsumar vart det berga høy i hus når det var turt og nye regnbyer var på veg. I helgane om våren kasta me òg etter aure med kastenot. Magnar Djupevik hadde nòt som var 45 famnar lang og 3 famnar djup. Det måtte vera stille på sjøen, elles såg me ikkje at fisken vaka. Dette føregjekk på den måten at båten med nota i vart - 18 -

lagd klar med lina festa i land. Så var det venting til me såg eitt eller fleire vak. Då sprang me i båten, og medan ein rodde vart nota sett ut i ein boge rundt der me såg det vaka og til land igjen. Så hala me til nota tok heilt botn, og deretter tok me nota inn i båten på same tid som me jaga fisken til den andre enden. Om me var heldige kunne fisket vera godt, men det var òg mange bomkast. Høgste natta tok me ein blund i naustet, men i grålysinga var det på igjen på nytt. Dette fisket vart stoppa på slutten av 1950- åra. Matfisk fekk me også ved og setja trollgarn, og om kveldane og søndagane var me på dorging etter torsk, lyr og sjøaure. I april var det sauelamming. Då måtte dei vaksne vera i sauehuset både natt og dag. No på seinvinteren og om våren hogg me og ris av alm og selje til tilleggsfor. Over 17. mai skulle potetene i åkeren. Før Jonsok skulle dei reinskast for ugras og dei skulle haugast før potetlauvet skjulte rendene. Eg trur eg kan seia utan å overdriva at det var ingen stader i Fresvik det vart sveitta meir for inntekta på garden enn i Vigdalen. Sumaronn Slåtten tok til fyrste veka i juni. Rundt husa var det mest å gjødsla, det var mange bærbuskar der, og desse skulle ha mykje naturgjødsel noko som gjorde at graset vart drive før fram. Så vart det slege framme i hagen, på Haugen og Brattåkerleget, deretter frå sjøen og oppover bakkane. I onna var alle med. Mannfolka slo med ljå, sette opp hesja og raka inntil gras. Kvinnfolka hesja og ordna med maten. Var det fint vêr og god turke, trengde det ikkje gå meir enn ei god veke før det blei høybering. Ja, bering var det nok av i Vigdalen. Alt som skulle til og frå garden måtte berast; møk, frukt, lauv, husved, vatn - alt som var bortsett frå kugjødsla. Det hende far måtte kjøpa høy om det var sein vår. Dette høyet var maskinpressa. Eg hugsar godt at eg bar høypakkar på 75 kilo opp i Vigdalen. Far sa me burde dela dei opp og heller gå to gonger, men nei - då måtte me gå to gonger, og det var seigare. Høy vart også kjøpt andre stader, mellom anna på Systrond og ute hjå ein Hamre ute på Rinde i Feios. Då brukte me seksringen og rodde det heim. Det hadde vore hest i Vigdalen i eldre tid, det synte namnet Stallåkeren. Vegen opp frå sjøen til husa, vidare fram til Garden og opp til Reset var råd å køyra med treslede. Det skulle vera svenskar som hadde mura ein del av veg- og bakkemurane - 19 -

i Vigdalen. Dette skal ha vore i unionstida. Då drog svenskane rundt i landet og tok på seg slikt arbeid. Kanskje dette var den fyrste arbeidsinnvandringa.. I 1958 sette me opp dobbel taubane frå sjøen og opp til løa, noko som vart eit stort framskritt. Heradsgartnar Meland fekk tak i utstyret til bana i Hardanger, og ho vart sett opp i fellesskap av begge bruka. Slåtten framme på garden og i Almebakken var det siste som vart slege av dyrka mark. Deretter vart det slege alle utslåttane som me måtte slå med stuttorven der det ikkje var fulldyrka. Nokre utslåttar på Snytta, Straumsnes, i Kolåsen og på Nesaflaten kom deretter. Seinare vart det lauva også på Snytta. I Djupeviki der bestefar Anders Aksnes hadde bruk vart det i nokre år slege graset og hausta frukta. Håslåtten måtte gjerast unna og berast inn i løa, og lauvinga tok til i august. Lauving var triveleg arbeid når det var fint vêr. Lauvteigane vart lauva sjuande kvart år, og det var lauva nær husa og framme i markene, som låg lengre vekke. Det var mest bjørk som vart lauva. Dette var geitelauvet, og gamal, stor steinbjørk vaks overalt. Me måtte kliva opp og nava (hogga) ned lauvet, og deretter snela i hop i kjerv - fire vaksne nevar med lauv i kvar. Osp var det mest av oppe i Holten, opp på Holtahamrane i mot stølsmarka. Herfrå vart det sendt på løypestreng ned framanfor løa, Holtastrengen. Osp vart også lauva framanfor Hagen. Askelauvet vart hogge langs elva, nede under husa. Når kvelden kom, vart det hengt opp så høgt at ikkje geitene nådde tak i det. Det skulle hengjast opp beistafritt! Det vart lauva om lag 1800-2000 kjerv på kvart av bruka så lenge me hadde geiter. Alt lauvet gjekk ikkje inn i løene. Då vart det sett i rauk på faste raukstød rundt om i marka. Dette var oppmurte flater som ein på ein spesiell måte la opp i ei såte det turre lauvet, så regn og fukt ikkje trengde inn i lauvet. Eit vanleg dagsverk var rekna til seks tjuv. Då var det arbeid for ein mann å hogga ned lauvet. Me lauva bjørk, osp, ask, alm, og selje. Å sitja i lauvdungen og få seg mat, er noko eg hugsar var triveleg. Det kunne vera kald graut med surmjølk til klokka ti, spekeflesk, flatbrød og kalde nypoteter midt på dagen og kaffi og brødmat til nonsmat. Ute på Snyttestranda vart det også lauva noko om haustane. Annafaster og bestefar lauva i Birtateigen, på Gullskrestranda og utanfor nausta. Då var me gutungane med; Arthur, Ola, Leif og eg. Visse forventningar om nokre kroner i belønning hjelpte på interessa til å hjelpa dei. Når lauvet var turt var me med og rodde det inn dit dei budde i Fresvik. Bestefar og bestemor hadde ein liten eigedom i Fresvik, som seinare Annafaster overtok. Etter skuletid var me ofte innom og venta medan Far var på butikken og i andre ærend. Då var det godt å få koma til dei og varma oss og få mat og noko å drikka. - 20 -