TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA. Kvalitetsplan for barnehagane

Like dokumenter
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Trygg og framtidsretta

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Barnehage til beste for barn

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Kva er nytt i rammeplanen?

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

BARNEHAGANE vbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq. KVINNHERAD KOMMUNE wertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Du må tru det for å sjå det

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING BARNEHAGANE og BARNEHAGESEKTOREN. Klepp kommune. Barna vår framtid

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Plan for kvalitet og kompetanse Sund kommunale barnehagar

KOMPETANSEPLAN BARNEHAGANE

«Korleis skape eit godt og stimulerande språkmiljø i Florabarnehagen»

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Årsmelding for Urhei barnehage

Kommunedelplan for oppvekst

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Bø kommune. Plan for kvalitetsutvikling i barnehagane

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

UTVIKLINGSPLAN Pedagogiske rom

«Kvalitet 2020» Fagsamling mai 2014 Maren Ørjasæter Aaland

Barnehageplan for Vinje kommune

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

"Barnehagen skal ved å ta utgangspunkt i borna sine interesser legge til rette for læring i både formelle og uformelle situasjonar

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Barnehagen sitt samfunnsmandat

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

«TO FRAM» -Leiarskap i barnehagen gjennom ny rammeplan

Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune Foto: Mariann Steinsland

PP-tenesta i Austevoll. Foreldremøte

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Årsplan barnehage. Her kan bilde/logo sette inn. Bærumsbarnehagen

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Selje kommune

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

Undervegs KVALITETSPLAN FOR SFO BØ KOMMUNE

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Årsplan Lundedalen barnehage

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Bø kommune. Plan for kvalitetsutvikling i barnehagane

Tryggleikssirkelen i systemretta arbeid

Trygg og framtidsretta

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

RAMMEPLAN FOR. FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON OG LEIING (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA

Saksgang. Møtedato Saksnr. Kultur- og oppvekstutvalet /05. Sakshandsamar: Arkiv: K2-A10 Arkivsaknr Runa Nybakk Objekt 04/33

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

Minoritetsspråklege barn i barnehage

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Frå barnehagebarn til skuleelev

Handlingsprogram 2015

Utviklingsplan

Tryggleikssirkelen i systemretta arbeid

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

Leiing i barnehagen. Forventningar til styraren

Saman om Ørstabarnehagen

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Veileder til årsplanmalen

på vegne av barn og unge

Vår ref.: Dykkar ref.: Saksbehandlar: Dato: 2013/291-10/A10 Marianne Bolghaug

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Kjetil Andreas Hansen Leder, Karmøy PPT

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Transkript:

TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA Kvalitetsplan for barnehagane 2017-2022 1

Innhald 1 Innleiing... 3 2 Leik og Læring... 5... 5... 5 3 Språk og fleirkulturellt mangfold... 6... 6... 6 4 Tidleg innsats... 7... 7... 7 5 Barnehagen i informasjonssamfunnet... 8... 8... 8 6 Leiing og samarbeid... 9... 9... 9 2

1 Innleiing Kvalitetsplanen for barnehagane skal væra eit styringsverktøy som gir ei tydeleg og definert retning mot felles mål. Planen er utarbeida i ein prosess der styrarane i private og kommunale barnehagar i Time kommune har gitt tilbakemeldingar på fem utvalde fokusområde og problemstillingar knytta til desse. Planen legg føringar for barnehagane si utforming av eigne planar i forhold til felles mål. Det er over 1260 barn som kvar dag går i ein av barnehagane i Time kommune. Timebarnehagane skal bidra til at dei får ein god start i livet, og leggja tilrette for at alle barn som går i barnehage får ein god barndom som er prega av trivsel, venskap og leik. Timebarnehagane består av 9 kommunale barnehagar, 1 open kommunal barnehage, 10 private barnehagar og 1 privat familiebarnehage. Barnehagar med høg kvalitet må ha kompetente leiarar og tilsette som er fagleg reflekterte. Dei tilsette sin kompetanse er den viktigaste enkeltfaktoren for at barn skal trivast og utvikla seg i barnehagen. Kompetente tilsette skal sikra at barnehagane oppfyller sitt samfunnsmandat i tråd med Barnekonvensjonen, Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver. Utover dei nasjonale retningslinene for barnehagesektoren vil kvalitetsplanen ta inn føringar frå kommunen sine eigne satsingar. For barnehageområdet inneber målsettingane at vidare kvalitetsutvikling skal bidra til at barn vert styrka i møte med framtida og at livslang læring skal gjelda for alle. Ei viktig målsetting nasjonalt og kommunalt er at barnehagane skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon, samt å arbeida for å utjevna sosiale forskjellar. Barns psykiske og fysiske helse skal verta fremja i barnehagen. Kvalitetsplan for barnehagane byggjer på Time kommune sin kommuneplan, Samfunnsdelen og Strategiplan for oppvekst. Planen beskriv fem satsingsområde for barnehagene i same planperiode som strategiplan for oppvekst. 1. Leik og Læring 2. Språk og fleirkulturelt mangfold 3. Tidleg innsats 4. Barnehagen i informasjonssamfunnet 5. Leiing og samarbeid Innan kvart av satsingsområda er det valt ut mål på kva me ønskjer, og kva me vil gjera for å oppnå desse. I tillegg er det utarbeida ein barnehagebruksplan som tek for seg framtidige behov for barnehageutbygging. Ein viktig føresetnad for å lykkast med målsettinga, er å arbeida i nært samarbeid med foreldre. Foreldra må bli involvert på eit tidleg stadium for å sikra medverknad. Dette gjeld på alle område, og særleg i dei tilfella der det er behov for ekstra innsats for enkelte barn. Foreldresamarbeidet skal alltid ha det beste for barnet som mål, både på individ nivå og gruppe nivå. 3

Eit grunnleggjande kjenneteikn på god kvalitet er eit likeverdig samspel mellom barn og vaksne. Eit samspel der vaksne kommuniserer verbalt og nonverbalt og ressonerer saman med barna. Barn treng at vaksne stiller gode spørsmål som stimulerer dei til å reflektera, tenka og bruka språket sitt aktivt. Kvalitet er avhengig av tilstrekkeleg bemanning og at personalet har barnehagefagleg utdanning. Barnehagen er ei pedagogisk verksemd som skal planleggja, vurdera og dokumentera arbeidet. Det er viktig at val som vert tekne er fundamentert på forsking og evidensbasert kunnskap. I dette ligg ei forventing om at barnehagane søkjer tilgjengeleg kunnskap som omhandlar barn og barnehagar. Dette skal sikra at barnehagane byggjer verksemda si på oppdatert kunnskap. Det er utvikla nasjonale verktøy som barnehagane bør nytta som utgangspunkt for kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling. 4

2 Leik og Læring Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen. Leik har eigenverdi og gir grunnlag for læring og allsidig utvikling. I dette ligg det at barnehagane skal gje gode vilkår for leik gjennom å ha allsidige leikemiljø ute og inne, og at personalet har kompetanse om leik og om kva dette betyr for barnet. Leik og læring vert ofte sett på som pedagogiske motsetningar, medan forskning viser at ved å kombinera desse to i leikbasert læring vil det gje gode læringsprosessar for barnet på deira eigne premissar. I leikbasert læring, også kalla «guidet play» eller «veileda leik», er barnet aktivt i eigen læringsprosess gjennom å utforska, undersøkja og oppdaga. Den vaksne er aktiv saman med barnet ved å tilretteleggja leikemiljøet og ved å leika saman med barnet og kommentera det som skjer i leiken. I tillegg må det leggast tilrette for den verdfulle frie leiken. Læring i barnehagen skal skje gjennom leikbasert læring. Det er dei vaksne sitt ansvar å setja i gang leik ut frå tema og barnet sine interessar, samt å tilføra nye element for å utvikla barnet sitt perspektiv og sikra progresjon i barnehagen sitt innhald. Barnehagane skal ha eit utviklingstøttande læringsmiljø som støttar opp om barnegruppa og barnet si lyst til å leika, utforska, mestra og læra. Trygg tilknytning og kvaliteten på relasjonane mellom dei vaksne og barna er den vaksne sitt ansvar, og har stor betydning for barna si utvikling og læring. Barnehagane jobber ut frå teori og tenking henta frå COS og tryggleikssirkelen. Positive erfaringar med læring i barnehagen er viktig for motivasjon og læringslyst vidare i utdanningsløpet. Ei føresetnad for at barnet skal kunna leika og læra, er at det opplever barnehagen som ein trygg plass å vera. Dette er barnehagen sitt ansvar saman med foreldra. Barnehagen har ansvar for å oppdaga og ha system for å handtera situasjonar dersom barn ikkje trivs, eller om nokon opplever å bli krenka eller mobba. Tilsette med kunnskap om tilknytingsteori Tilsette som har kunnskap om leik og læring Alle barnehagane har handlingsplan mot mobbing Alle barnehagane har utviklingsstøttande læringsmiljø Stimulerande og støttande leikemiljø inne og ute Gje kunnskap om ombegrepet leikbasert læring Bruka tryggleiksirkelen i arbeid med trygg tilknytting Arbeida for å fremja venskap mellom barn Arbeida systematisk med sosial kompetanse 5

3 Språk og fleirkulturellt mangfold Rammeplanen for barnehagar er tydeleg på at tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehagen sitt innhald. Å kunna kommunisera med andre er sentralt for å kunna delta aktivt i eit fellesskap. Gode språklege erfaringar, sosialt samspel og meistring av språk i småbarnsalder kan førebyggja sosiale ulikheiter i befolkninga. Kvaliteten på språkmiljøet barna er ein del av vil påverka barnet si språkutvikling. Barnehagen må derfor leggja tilrette for at alle barn får varierte og rike språklege erfaringar. Barnehagane skal ha tilsette som har god kunnskap om, og er bevisste på at dei er viktige språklege rollemodellar. Barnehagane skal synleggjera i planverka sine korleis dei skal arbeida systematisk med dette, og leggja vekt på at foreldra har ei viktig rolle i språkopplæringa. I barnehagane er det ein aukande andel barn med anna morsmål enn norsk. Det er barn av flyktningar, arbeidsinnvandrarar og andre innvandrarar. I språkarbeidet må ein ta omsyn til at mange barn skal læra både morsmål og norsk. Dette vil få konsekvensar for innhald og praksis i barnehagane, og det som tidligare var spesielt er nå det normale. Det vert viktig å fokusera på individuelle forskjellar, uavhengig av etnisk og kulturell tilhøyrigheit. Barnehagane må ha fokus på inkludering og integrering, og sjå på mangfold som ein ressurs. Gjennom undring over likskap og forskjellar skal barnehagane fremja barns positive nysjerrigheit. Eit viktig fokus vil vera kva ein har felles og kva ein kan læra av kvarandre. Ha tilsette med fleirkulturell kompetanse i alle barnehagane Nytta mangfald som ressurs i det pedagogiske arbeidet Alle barnehagar arbeider systematisk med språkopplæring Alle barn skal beherska norsk ved skulestart Tilby kurs og kompetansehevande tiltak i forhold til fleirkulturell kompetanse Observasjonsverktøyet TRAS skal nyttast for alle barn frå dei er 2 år Tilby opplæring i ulike verktøy som skal brukast i språkarbeidet Plan for språkarbeid skal inngå i barnehagen sin årsplan Barnehagane skal nytta nettresurssen «Språkløyper» 6

4 Tidleg innsats Tidleg innsats omhandlar kunnskap om barn si utvikling og å ha nødvendige tiltak i den enkelte barnehage. Det vil vera viktig å inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å kunna hjelpa og støtta barn og familiar som har behov for det. PPT er ein sentral samarbeidspartnar som skal bidra til å gje rettleiing på systemnivå til den enkelte barnehage, barnegruppe og i forhold til det enkelte barn. Dei fleste barn treng ein form for ekstra støtte i lengre eller kortare perioder i løpet av barnehagetida. Me ønskjer at denne støtta i hovudsak skal verta gitt innanfor det ordinære barnehagetilbodet. For å klara dette er det avgjerande at barnehagene arbeider systematisk og målretta. Barnehagar av god kvalitet vil vera i stand til å gje fleire barn tidleg hjelp, utan å involvera andre støttetenester. Ein avgjerande faktor for å lykkast med dette arbeidet er å ha høg fagleg kompetanse hjå dei tilsette Eit barnehagetilbod av høg kvalitet vil óg kunna gje eit meir inkluderande og likeverdig tilbod til alle barn. Om det er grunn til å tru at barnet eller familien har behov som dei ikkje kan få hjelp til innan det ordinære tilbodet skal det setjast i gang tiltak i barnehagen eller saman med andre. Dialog og samarbeid med foreldra og andre omsorgspersonar er viktig for å lykkast i dette arbeidet. Dei tre R`ane, Rett hjelp til Rett tid på Rett stad, skal vera retningsgivande for tidleg innsats. Alle har opplysningsplikt til barnevernet om ein er bekymra for eit barn. Styrar må sikra at alle tilsette har kjennskap til eiga rolle i arbeidet med å oppdaga, gripa inn og handla på bakgrunn av ei bekymring. Styrar og pedagogisk leiar skal óg ha kjennskap til spesialisthelsetenesta og ulike kompetansesenter for kunna tilby rett hjelp til barnet og familien. Tilsette med fagkompetanse for å identifisera og setja inn tiltak for barn i risiko At familien skal vera ein naturleg samarbeidspart Styrarar og pedagogiske leiarar som har kjennskap til ulike hjelpeinstansar Barnehagene skal ha rutinar for tverrfagleg samarbeid Prioritera tidleg innsats gjennom auka pedagogtettleik i barnehagane til 50 % Arbeida for at alle tilsette skal ha relevant utdanning Utarbeida felles kommunal handlingsplan for barn i risiko Involvera familie og nettverk når behov oppstår Alle pedagogane skal ha opplæring i «Barn i risiko» ved Øyvind Kvello Koordinera hjelpetiltak med andre støttetenester Alle barnehagar har ressursteam Utarbeida system som sikrar gode overgangar 7

5 Barnehagen i informasjonssamfunnet Eit av satsingsområda i strategiplan for oppvekst er «oppvekst i informasjonssamfunnet». Bakgrunnen for dette er at me lever i eit samfunn i stadig teknologisk endring og utvikling. For å dra nytte av moglegheitene dette gir er det nødvendig å sikra at tilsette har tilstrekkeleg kompetanse til å kunna bruka teknologien på ein medviten og god måte. Dette kan utfordra etablerte arbeidsmetodar og haldningar, men kan óg føra til nye løysningar og måtar å tenkja på. Bruk av digitale verktøy i barnehagen skal støtta opp om barn sine læringsprosessar og gje barn moglegheit til å utforska, leika, læra og undra seg. Personalet må ha ei aktiv rolle saman med barna ved bruk av digitale verktøy. Satsing på bruk av nettbrett i undervisninga på skulen i Time kommune, gjer at barnehagane må leggja tilrette for at barn får erfaringar, kunnskap og ferdigheiter som gir dei eit godt grunnlag for overgangen til skulen. Barnehagane skal utøva digital dømmekraft ved bruk av digitale verktøy, og det er viktig å snakka med barna om sentrale prinsipper kring dette. Å vera ein kritisk og reflektert brukar av digitale verktøy er ein viktig kompetanse som ein må leggja vekt på i barnehagen. Foreldra har eit stort ansvar i forhold til barn og unge sin bruk av teknologi og digitale medium. Dei fungerer óg som rollemodellar. Det må vera arenaer der dei kan få kunnskap og kompetanse om kva det betyr for barn å veksa opp i informasjonssamfunnet. Dei tilsette i barnehagane vil ha ei viktig rolle på dette området. Ein vil i tida framover bruka digitale verktøy for å styrkja samarbeid og dialog mellom barnehagane og foreldra. Dette vil kreva tilsette med digital kompetanse. Ha teknologisk verktøy og infrastruktur som er tenlege i samtida Barnehagar som bruker digitale verktøy i undring, leik og læring Tilsette med digital dømmekraft, kunnskap og kompetanse Barnehagar som gir barn erfaringar som gjer dei i stand til å nytta digitale verktøy som dei skal nytta i skulen Barnehagane må prioritera innkjøp av nødvendig utstyr Tilby opplæring, etter- og vidareutdanning innan digital kunnskap og kompetanse Nytta digitale verktøy på innovative måtar i leik og læring Nytta digitale nettløysingar i kommunikasjon mellom barnehage og heim Tilretteleggja for digital kommunikasjon internt i eigen barnehage Innføra elektroniske barnemapper 8

6 Leiing og samarbeid Barnehagane skal ha kompetente og tydelege leiarar og medarbeidarar som er opptekne av kvalitet og tenesteutvikling. Tilgjengeleg statistikk og data frå brukarundersøkingar, Basil, årsmelding, ståstadsanalysar m.m. skal nyttast som analyse og refleksjon for å følgja utviklinga og setja mål i barnehagane. Som lærande organisasjon skal einingane pregast av evne til å bruka tilgjengeleg kunnskap som er basert på evidens og forsking. Samla dannar dette grunnlag for vegval og beslutningar som igjen blir innarbeidd i barnehagens planar. Alle leiarar har eit særleg ansvar for og følgja opp Time kommune sin innovasjonsstrategi. Det er eit klart mål og søkja nye, betre og meir effektive løysingar av dei ulike oppgåvene kommunen har. Tilbakemeldingar frå innbyggjarane i Time kommune skal òg vera viktige bidrag i utforminga av tenestilbodet. Arbeid med innovasjon skal inn i planeverket til barnehagen. Kommunen har ei viktig rolle for å tilretteleggja for samarbeid med både private og kommunale barnehagar. Me arbeider ut frå ein tanke om at me har eit felles ansvar for barn i Time kommune, uavhengig av om barna har plass i private eller kommunale barnehagar. Det er viktig at samarbeidet gir molegheit for påverknad og at det er gjensidig forpliktande. Rammene for samarbeidet er organisert gjennom felles møte, styrarnettverk og plangruppe med representantar frå stab, kommunale og private barnehager. I tillegg vert private barnehagar inviterte til å delta i utviklingsarbeid i regi av kommunen. Alle leiarane skal ha leiarutdanning Barnehagane er ein lærande organisasjon Innovasjonsarbeid skal vera ein del av utviklingsarbeid til barnehagen 4 nye lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget kvart år Kommunen skal ha eit forutsigbart og forpliktande samarbeid med både kommunale og private barnehagar Tilby og leggja til rette for at styrarar tar styrarskulen Leggja til rette for vidareutdanning og etterutdanning som eit ledd i kvalitetssikring av barnehagane Gje tilbod til assistentar som ønskjer å ta fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget Krav til utdanning ved tilsetjing, eller krav om utdanning innan gitt tidsrom Ståstadsanalyse skal nyttast som grunnlag for eigenvurdering og utvikling Gjennomføra brukarunderundersøkingar Søkja og oppretthalda samarbeid med Uis når det gjeld praksisbarnehagar 9