Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Olaf Sigurd Gundersen SP Oddrun Undheim Slagstad SP

Like dokumenter
Gloppen kommune. Møtebok. Utval Formannskapet Møtestad Gloppen ungdomsskule - GU-salen Dato Tid Kl. 12:45-12:50. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Eldrerådet Møtestad: På Søreide - formannskapssalen Dato: Tid: Kl.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad På Søreide - formannskapssalen Dato Tid Kl. 13:00-15:00

Møteinnkalling. Varamedlem møter etter nærare innkalling. Oppmøte på møterom servicetorg, i same fløy som organisasjonane held til.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad På Søreide Dato Tid Kl.

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: På søreide Dato: Tid: Kl. 14:00

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:00. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Grete Marit Veka Maraas Vigdis Røen Leirvik. Leiar Nestleiar

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl.

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad Formannskapssal VEST Dato Tid Kl.

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Administrasjonsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 08:30-09:40

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-11:30. Følgjande medlemar møtte

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein Ottar Sandal Venke Kollbotn

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:10. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Skarsteinsbygget på Sandane/På Søreide Dato Tid Kl.

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 13:00-15:00

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Arnfinn Ommedal Kristin Sandal

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

Møteinnkalling. Lista over arbeidsgruppa sine framlegg til driftsendringar, vedlegg til sak 3/18, var ikkje klar då denne saklista vart sett opp.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:00

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad Formannskapssal VEST Dato Tid Kl.

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:30. Følgjande medlemar møtte

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 3. etasje Dato: Tid: Kl. 09:00-10:45

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad På Søreide Dato Tid Kl.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arnstein Nupen Arkivsak: 2014/2443 Løpenr.: 3044/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET MØTEBOK

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset, 3. etg. Dato: Tid: Kl. 12:00-13:00

Innkalling til Flora eldreråd

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:30. Følgjande medlemar møtte

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Grete Marit Veka Maraas Leiar SP Vigdis Røen Leirvik Nestleiar AP Ole Bergesen Medlem H

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Randi Langlo MEDL AP

Austevoll kommune. Møteprotokoll Eldrerådet

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA MØTEBOK

MØTEINNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimasida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Helse- og omsorgsutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

Møteprotokoll for Formannskapet

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Møteprotokoll SAKLISTE 73/15 14/445 FORSLAG TIL KOMMUNEPLAN FOR SKODJE SAMFUNNSDELEN - OFFENTLEG HØYRING

FUSA KOMMUNE. Andre som var tilstade på møtet: Ansvarleg sekretær Gunn Sissel Teigen

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

MØTEPROTOKOLL. Medlem. Leiar sentralkjøkkenet på omsorgssenteret SAKLISTE. Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Valstyret Møtestad: I Trivselshagen på Sandane (kulturdelen) Dato: Tid: Kl.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Anniken Rygg H Roar Henden H

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Mariel Eikeset Koren MDG Ingen

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl.

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Eldrerådet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 13:00

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Gunnvor Linde Gudvin Haraldsson Kari Bolstad Kjetil Nesse Anne Margrethe Kråvik

NESTL MEDL MEDL MEDL. Helse- og sosialsjef Sekretær

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad På Søreide Dato Tid Kl.

Austevoll kommune. Møteprotokoll UTVAL FOR HELSE OG OMSORG

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Forfall: Namn Funksjon Representerer Vigdis Røen Leirvik Nestleiar AP

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Synfaring Sandane skule kl 09 / Heradshuset etterpå Dato Tid Kl.

Forslag til forskrift om rett til opphald i sjukeheim - kriterie og venteliste

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Formannskapet. Sakliste

MØTEPROTOKOLL. Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Anne-Grete Gjerdevik Ap Ingen

Transkript:

Gloppen kommune Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad På Søreide Dato 05.04.2017 Tid Kl. 09:00-12:15 Møtebok Følgjande medlemar møtte Anniken Rygg Arnfinn Jørgen Brekke Liv Petra Holme Marit Straume Per Ståle Husevåg Vidar Sandal Frå H KRF AP SP KRF SP Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Olaf Sigurd Gundersen SP Oddrun Undheim Slagstad SP Andre som møtte Anita Lothe, helse- og omsorgssjef Øyvind Hervik, NAV-leiar i sak 10/17 Representant frå lensmannen i Gloppen i sak 10/17 Orienteringa om barnefattigdom og russituasjonen i Gloppen i sak 10/17 og sak 11/17 evaluering av tverrsektoriellt team vart presentert saman med oppvekstutvalet. Møteleiar: Arnfinn Jørgen Brekke Underskrifter: Arnfinn Brekke

Sakliste Sak nr. Sakstittel 009/17 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste 010/17 Referat og orienteringssaker 011/17 Tverrsektorielt team - evaluering 012/17 Tildeling av midlar frå August Christian Mohrs legat for 2017 013/17 Sluttrapport frå prosjektet forebyggande heimebesøk 014/17 Planprogram for helse og omsorgsplan 2018-2030 015/17 Omdisponering av ressursar frå dagtilbod til reinhald i Breim heimeteneste - utprøving i eit år 016/17 Søknad om løyve til sal av øl og rusbrus - Joker Sandane 017/17 Søknad om skjenkeløyve på uteareal - Lauget kaffi og kultur Side 2

Gloppen kommune Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/3475 Saksbehandlar: Anvor Hauge Saksnr. Utval Møtedato 009/17 Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste Vedlegg i saka: 17.02.2017 Protokoll - Helse- og omsorgsutvalet - 15.02.2017 Utvalsleiar si tilråding: 1. Helse- og omsorgsutvalet godkjenner møteboka frå siste møte 15.02.2017. 2. Helse- og omsorgsutvalet utvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet 05.04.2017. Møteprotokollen frå siste møtet blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber utvalsleiar om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 Arnfinn Brekke ynskjer at møteboka frå forrige møte er tilgjengeleg i saklista. HOU- 009/17 Vedtak 1. Helse- og omsorgsutvalet godkjenner møteboka frå siste møte 15.02.2017. 2. Helse- og omsorgsutvalet utvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet 05.04.2017. Side 3

Gloppen kommune Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/4735 Saksbehandlar: Anita Lothe Saksnr. Utval Møtedato 010/17 Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 Referat og orienteringssaker Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. Orienteringssaker: Felles orientering til helse- og omsorgsutvalet og oppvekstutvalet Orientering ved Øyvind Hervik, leiar ved NAV Gloppen - Barnefattigdom i Gloppen Orientering ved Gloppen lennsmannskontor - Russituasjonen i Gloppen Framlegg om å flytte neste møte i helse- og omsorgsutvalet til 30. mai eller 6. juni. Ordet fritt... Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 Utvalet var samde om å ikkje flytte neste møte. Under ordet fritt: Anniken Rygg (H) bad om å få utgreia kva konsekvens auka eigedomsskatt har for gruppa fattige i Gloppen kommune. Ho stilte spørsmål ved om gruppa fattige ville auke som ein konsekvens av auka eigedomsskatt og kva dette betyr økonomisk for dei fattige. Vidar Sandal (Sp) stilte spørsmål om prosessen med revidert budsjett og moglegheit for å få inn nye tiltak i sektoren. Arnfinn Brekke (Krf) viste til brev til eldrerådet om ernæring og tidspunkt for måltid i kommunale institusjonar for eldre. Han ynskjer ei orientering om arbeidet og vurderingar av dette i Gloppen kommune. HOU- 010/17 Vedtak Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 4

Gloppen kommune Arkiv: HIST - 15/48 JournalpostID: 17/4432 Saksbehandlar: Anita Lothe Saksnr. Utval Møtedato 011/17 Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 015/17 Oppvekstutvalet 05.04.2017 014/17 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Tverrsektorielt team - evaluering Rådmannen si tilråding Helse- og omsorgsutvalet og oppvekstutvalet tek saka til orientering. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Frå skuleåret 2016/2017 vart det iverksett eit prøveprosjekt mellom fire einingar i oppvekst og Solsikka avlastingsbustad. Det vart etablert eit tverrsektorielt team med fire fagstillingar. Dei tilsette i teamet skulle arbeide med dei same borna både i barnehage/skule og i Solsikka avlastningsbustad. Målet var å skape kontinuitet og kvalitet i tenestene til desse borna. Dei tilsette skulle primært arbeide i ein barnehage/skule i veka og enkelte helgar på Solsikka. Ved å lyse fast stillingar i høge stillingsprosentar og organisere stillingane i eit team, tenkte ein at dette ville bli attraktive stillingar som kunne bidra til å etablere gode fagmiljø kring barn og unge med nedsett funksjonsevne. Dei fire einingane i oppvekst som har delteke i prosjektet er Mona barnehage, Sandane skule, Gloppen ungdomsskule og Firda vidaregåande skule. Firda vgs har kjøpt fri ein av dei tilsette i teamet i 50 % stilling. I tillegg til det tverrsektorielle teamet skulle barnehagen/skulen og Solsikka fortsatt ha eigne tilsette som arbeidde med borna. Det tverrsektorielle teamet skulle ha ansvar for å: Overføre kunnskap/kompetanse om barnet frå ei eining til ei anna. Ha ein koordinerande funksjon ved å sikre at endringar og nye tilak vert gjennomført på begge arenaene, og at alle tilsette får naudsynt opplæring. Rettleie andre tilsette. Sikre eit fagleg forsvarleg tilbod. Sikre gode overgangar frå ein arena til ein anna, eventuelt følgje barnet 1-2 år på ny arena. Vere del av eit tverrfagleg team som fremmar utvikling av felles kompetanse og tilnærming på tvers av fagområde. Ha gode profesjonelle ferdigheitar og bidra til eit godt arbeidsmiljø. Dette inneber mellom anna å vere gode rollemodeller overfor andre tilsette. Evaluering I januar og februar 2017 har vi evaluert erfaringane med det tverrsektorielle teamet. Vi har Side 5

evaluert erfaringane med einingsleiarane i dei aktuelle einingane, tilsette i teamet og føresette til borna. Ein av dei tilsette i teamet slutta etter kort tids tilsetting. Vi har difor ikkje lang tids erfaring frå nokre av einingane og for nokre av borna. Vi har likevel evaluert tilbodet med alle dei involverte. Einingsleiarane er positive til ordninga og meiner at kvaliteten på innhaldet i tilbodet er heva. Det har vore utfordrande å skulle tilpasse skule og barnehage til turnusar, men det praktiske har «gått seg til» sett frå den administrative sida. Dei har gjort seg erfaringar kring organisering av teamet som ein kan nytte seg av i vidare arbeid. Dei opplever at det faglege innhaldet er styrka i tilbodet. Det er kome innspel om at det også kan vere positivt med personell med pedagogisk kompetanse i tillegg til helsefagleg kompetanse blant dei som arbeider tett på desse borna. Dei tilsette som har arbeidt som eit samlokalisert team med borna melder tilbake om ein arbeidskvardag og eit fagmiljø der dei lærer av kvarandre, utvekslar erfaringar og gje kvarande konstruktive tilbakemeldingar. Ved at dei kan observere kvarandre og drøfte problemstillingar som kjem opp i løpet av dagen kan dei ha eit kontinuerlig utviklingsarbeid, og kvalitetssikre tilbodet på ein betre måte enn ved å jobbe mykje aleine. Dette opplever dei har gjeve eit fagleg godt tilbod til borna og opplever at målet om eit godt og stabilt læringsmiljø for elevane vert lettare å oppnå. Dei føresette som har erfaring med det tverrsektorielle teamet har litt ulik erfaring med teamet. Nokon opplever mindre kontinuitet i tilbodet, då det er fleire tilsette som arbeider med borna i skulen enn tidlegare år. Dette opplever at det har gjeve mindre regelmessighet på personalsida, meir uro for bornet og føresette og eit dårlegare tilbod enn tidlegare. Nokre av dei føresette har opplevd eit betre tilbod enn tidlegare. Det har vore meir kontinuitet i tenestene og større grad av fagleg oppfølging enn tidlegare total sett. Dette har vore positivt for borna og dei føresette er godt fornøgde med tilbodet. For det eine bornet har ein ikkje fått prøvd ut intensjonen med prosjektet då den eine tilsette slutta etter kort tid og det vart ikkje tilsett ny person i denne stillinga. Dei har likevel evaluert intensjonane med teamet og har innspel til korleis dette kan bli bra for deira barn. Dei fleste føresette er positive til at det vert arbeidt for betre kontinuitet, stabilitet og fagleg innhald i tilbodet til borna deira. Dei ser også stor verdi av at dei tilsette føl borna på ulike arenaer. Dei har innspel til kva som er viktig å tenke på i forhold til organisering og innhald i tilbodet til borna. Dette tek vi med oss i det vidare arbeidet og vil så langt som mogleg ta hensyn til desse innspela. Konklusjon Samla sett ser vi at fleire av dei føresette ikkje hadde fått nok informasjon om det tverrsektorielle teamet, og det er sjølvsagt beklageleg. Vi ser det som svært viktig å ha fagleg kvalifiserte tilsette i arbeid med borna for å sikre eit Side 6

fagleg godt tilbod til desse borna, då dei står for mykje av oppfølginga av borna i opplæringa. Fleire av borna har også helseutfordringar som krev helsefagleg kompetanse blant dei tilsette som arbeider med borna for å sikre eit fagleg forsvarleg tilbod. Tanken om at dei tilsette som skal arbeide med borna bør følgje dei på ulike arenaer er viktig å bygge vidare på. Det er kanskje ikkje hensiktsmessig å organisere dei tilsette som eit team, men i større grad ta utgangspunkt i det enkelte barnet sitt behov og tilstrebe eit individuellt tilpassa tilbod. Det er likevel viktig å påpeike at administrasjonen må ha høve til å organisere tenestene på ein måte som ivaretek både borna og dei tilsette på ein god måte. Borna har krav på eit godt og stabilt læringsmiljø og eit fagleg forsvarleg helsetilbod. Dei tilsette har krav på eit godt og forsvarleg arbeidsmiljø. Det er også viktig sikre at det er fleire tilsette som kjenner borna godt. Dette gjer det mindre sårbart når tilsette har fråvær av ulike årsaker. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Helse- og omsorgssjef Anita Eide Lothe orienterte om saka. RAD- 014/17 Vedtak Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne tek saka til orientering. Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 HOU- 011/17 Vedtak Helse- og omsorgsutvalet tek saka til orientering. Side 7

Gloppen kommune Arkiv: FE - 241, HIST - 15/436 JournalpostID: 17/4033 Saksbehandlar: Anita Lothe Saksnr. Utval Møtedato 012/17 Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 Tildeling av midlar frå August Christian Mohrs legat for 2017 Kort samandrag av saka Helse- og omsorgsutvalet er styre for August Christian Mohrs legat. Etter vedtak i legatstyret den 12. juni 2012, er det no berre ein søknadsfrist kvart år for legatet. Søknadsfrist for 2017 var 22.03.2017. Då søknadsfristen gjekk ut, var det kome inn 6 søknader, med samla søknadssum på kr 58.450,- Rådmannen si tilråding Helse- og omsorgsutvalet vedtek denne tildelinga: 1. Oreteigen og 1.etasje på Gloppen omsorgssenter får tildelt 15.000 kr til felles jonsokfeiring 2. Furubu får tildelt 12.000 kr til turar og julemiddag 3. Gloppen Janitsjar får tildelt kr 4.500 for å dekke utgifter knytt til å «spele inn» jula 4. Oreteigen får tildelt 15.000 kr til trivselstiltak for dei eldre på Oreteigen 5. Gotatoppen får tildelt 6.450 kr til trivselstiltak for dei eldre på Gotatoppen 6. Breim heimeteneste 7.500 kr til felles tur for bebuarane ved Byrkjelotunet og Reedtunet. Til saman vert det delt ut kr 58.450,- frå legatet i 2017. Saksutgreiing Bakgrunn for saka August Chr. Mohrs legat har slike statuttar: 1 August Christian Mohrs legat til beste for beborene på det hjem for eldre som skal bygges på Sandane, er opprettet ved August Christian Mohrs testament av 13. juli 1955. Kapitalen er etter foreløpig utlodding kr 36.000,-. Til kapitalen skal legges det beløp som fremkommer etter den endelige utlodding. 2 Legatet skal styres av styret for det hjem som skal bygges for eldre i Sandane. Inntil dette styret er valgt, fungerer Gloppen formannskap som legatstyre. 3 Rentene av legatkapitalen, og også kapitalen dersom styret finner det formålstjenlig, skal benyttes til ekstraforpleining av beborene på hjemmet for eldre på Sandane. Pengene skal ikke nyttes til formål som vanligvis dekkes av offentlige institusjoner. 4 Regnskap avlegges hvert år og revideres av kommunerevisjonen i Gloppen. Side 8

Helse- og omsorgsutvalet vedtok i møte den 12. juni 2012 å endre presiseringane til statuttane til: 1. Tildelinga av midlane skjer ein gong i året, med søknadsfrist 1. april kvart år 2. Årleg tildeling frå legatet skal maksimalt vere årleg avkasting på legatmidlane, pluss kr 20.000,- 3. Legatstyret vil også vurdere søknader som kjem frå/vedkjem dei som bur i kommunen sine aldersbustader og bufellesskap. 4. I møtet den 13.04.2016 vedtok Helse- og omsorgsutvalet å oppheve presiseringane til statuttane som var gjort i helse-og omsorgsutvalet i møte den 12. juni 2012. Begrensingane som vart vedtekne i 2012 var til hinder for viktige tiltak som kan bidra til gode opplevingar for brukarar i fleire einingar. Enkle tiltak utanom bustadane har gjerne kostnader som er høgre ein nokre få tusen. Dette betydde då i prinsippet at svært få kunne motta støtte kvart år, eller så vart tildelte summar så små at aktiviteten vart svært begrensa. Når det gjeld årleg tildeling ein gong per år er dette praktisk å forholde seg til for alle partar og rådmannen har også lagt til grunn at einingar utanom omsorgssenteret fortsatt kan søke til legatet. Fakta i saka Dei innkomne søknadene er: 1. Frå Oreteigen og 1. etasje ved Gloppen omsorgssenter Kr 15.000,- til felles jonsokfeiring for pasientane på omsorgssenteret og bebuarane i omsorgsbustadene og tuna rundt omsorgssenteret. Midlane er tenkt til mat (rømmegraut og kaffimat) underhaldning og ekstra personell. Dette har vore eit årleg og populært arrangement. 2. Frå Furubu Kr 12.000,- til ulike turar i nærområdet og julebord. Midlane er tenkt til transport, ekstra personalutgifter og mat/servering. Det er viktig for dei som bur på Furubu å kome seg på tur og oppleve kjekke ting i kvardagen, heiter det i søknaden. 3. Frå Gloppen Janitsjar Kr 4.500 til dekking av transport og annonsering i forbindelse med at dei «spelar inn» jula på Gloppen omsorgssenter. 4. Frå Oreteigen Kr 15.000,- til trivselstiltak for dei eldre på Oreteigen. Dei tilsette planlegg å ta pasientane med på fellesturar. Dei søkjer om støtte til transport/drosje, servering, musikkinnslag, innleige av personell og leige av evt lokale. 5. Frå Gotatoppen Kr 6.450,- til trivselstiltak for dei eldre på Gotatoppen. Det er planlagt underholdning, servering, turar i nærmiljø og transport. 6. Frå Breim heimeteneste Kr 7.500,- til felles tur for bebuarane ved Byrkjelotunet og Reedtunet. Målet for turen er Stardalen, der ein planlegg middag på Sommarkafeen. --- Side 9

Fristen for å søkje har til liks med tidlegare vore kunngjort på kommunen sitt intranett fleire gonger. Mohrs legat har no ein saldo på kr 338.073,01. Økonomiske konsekvensar for kommunen Ingen, sidan dette er eit legat med eigen økonomi. Rådmannen si vurdering Rådmannen vurderer dei innkomne søknadene som svært positive tiltak og som det er ynskjeleg å få sette i verk og støtte. Søknaden frå Gloppen Janitsjar er ikkje heilt i tråd med statuttane. Likevel vurderer rådmannen at dei bør få støtte. Dei har gjennom mange år gleda bebuarane på omsorgssenteret med fin musikk på julafta. Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 Framlegg frå Vidar Sandal (Sp): Som rådmannen si tilråding, men punkt 3 vart trekt ut. Ved alternativ avrøysting fekk - framlegget frå Vidar Sandal 6 røyster og - rådmannen si tilråding ei røyst. HOU- 012/17 Vedtak Helse- og omsorgsutvalet vedtek denne tildelinga: 1. Oreteigen og 1.etasje på Gloppen omsorgssenter får tildelt 15.000 kr til felles jonsokfeiring 2. Furubu får tildelt 12.000 kr til turar og julemiddag 3. Oreteigen får tildelt 15.000 kr til trivselstiltak for dei eldre på Oreteigen 4. Gotatoppen får tildelt 6.450 kr til trivselstiltak for dei eldre på Gotatoppen 5. Breim heimeteneste 7.500 kr til felles tur for bebuarane ved Byrkjelotunet og Reedtunet. Til saman vert det delt ut kr 53.950,- frå legatet i 2017. Side 10

Gloppen kommune Arkiv: FA - F21, HIST - 15/1300 JournalpostID: 17/4028 Saksbehandlar: Anita Lothe Saksnr. Utval Møtedato 013/17 Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 008/17 Eldrerådet 03.04.2017 010/17 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Sluttrapport frå prosjektet forebyggande heimebesøk Vedlegg i saka: 14.03.2017 Sluttrapport forebyggande heimebesøk Rådmannen si tilråding Helse- og omsorgsutvalet tek saka til orientering. Saksutgreiing Bakgrunn for saka I helse- og omsorgssektoren i Gloppen kommune har vi gjennomført prosjektet oppstart av forebyggande heimebesøk. Vi har motteke tilskot til prosjektet frå fylkesmannen og helsedirektoratet. Denne saka er ei orientering og sluttrapport frå prosjektet. Innhald og erfaringar frå prosjektet Hovedmålet med prosjektet var å kome i gang med tenesta forebyggande heimebesøk. Vi har etablert tenesta, gjort oss erfaringar og tilpassa organiseringa vår eigen organisasjon. Prosjektet har gått som planlagt. Vi har innhenta erfaringar frå organisering av forebyggande heimebesøk andre stader gjennom rapportar o.a. Vi har gjort oss erfaring med både indviduelle besøk og gruppetilbod. Tilbodet er organisert etter konseptet lærings- og meistringstilbod og vi har hatt med brukarrepresentantar i prosjektet. Dette har vore svært positivt for prosjektet. Vi har gjennomført forebyggande heimebesøk i heile kommunen som gruppesamlingar og i tillegg individuelle besøk i eit geografisk område. Vi har fått positive tilbakemeldingar frå dei som har delteke. Tilbodet er evaluert som nyttig. I prosjektgruppa har vi evaluert arbeidet kontinuerlig og justert opplegget undervegs i perioden. Det er laga materiale i form av invitasjonar, presentasjonar og innhald til seinar bruk i gruppesamlingar og individuelle besøk. Ansvaret for vidareføring av forebyggande heimebesøk er plassert. Vi har ikkje ekstra midlar å bruke i samband med forebyggande heimebesøk, slik at oppgåva må løysast innanfor dei gjeldande rammene vi har tilgjengelege. Einingsleiarane i dei ulike heimetenesteområda Sandane, Breim og Hyen har hovudansvaret i sitt geografiske område i samarbeid med andre Side 11

aktuelle tilsette i sektoren. Vi planlegg samlingar anna kvart kvart år med oppstart i 2018. Vi skal då arrangere informasjonsmøter/helsestasjon for eldre. Dette vert gruppesamlingar der to årskull vert invitert til samlinga. Det skal arrangerast gruppesamlingar både i Breim, på Sandane og i Hyen. Vi startar opp i 2018 med dei som er fødde i 1946 og 1947 i lag med ektefeller. Dei som ynskjer individuelle heimebesøk vil få det av tverrfaglig team knytt til kvardagsrehabilitering. I prosjektet har vi spelt på kompetanse som vi allereie har i organisasjonen og vi ser at satsinga fell godt saman med andre satsingar vi har i kommunen. Desse satsingane sett under håpar vi vil bidra til å førebygge og utsette behovet for tenester og bidra til at innbyggarane vert sjølvstendige lenger. Dette vil vere av stor verdi for den enkelte og rett bruk av ressursar i kommunen. I kva grad vi vil kunne sjå denne effekten er sjølvsagt tidleg å vurdere og vil måtte sjåast i samanheng med andre satsingar i kommunen og anna utvikling i samfunnet. Eldrerådet 03.04.2017 Helse- og omsorgssjef Anita Eide Lothe orienterte om saka. ELD- 008/17 Vedtak Eldrerådet tek saka til orintering. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Helse- og omsorgssjef Anita Eide Lothe orienterte om saka. RAD- 010/17 Vedtak Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne tek saka til orientering, og oppmodar administrasjonen til å bruke omgrepet "seniorar" i staden for "eldre". Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 HOU- 013/17 Vedtak Helse- og omsorgsutvalet tek saka til orientering. Side 12

Gloppen kommune Arkiv: JournalpostID: 17/4575 Saksbehandlar: Åslaug Haugset Saksnr. Utval Møtedato 011/17 Eldrerådet 03.04.2017 013/17 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 014/17 Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 Planprogram for helse og omsorgsplan 2018-2030 Vedlegg i saka: 23.03.2017 Planprogram for Helse og omsorgsplan Rådmannen si tilråding Til eldrerådet: Eldrerådet vel som sitt medlem til arbeidsgruppa. Til rådet for menneske med nedsett funksjonsevne: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne vel som sitt medlem til arbeidsgruppa. Til helse- og omsorgsutvalet: Helse- og omsorgsutvalet legg planprogramet for helse- og omsorgsplan 2018-2030 ut på høyring med 15.05.2017 som høyringsfrist. Utvalet vel som sitt medlem til arbeidsgruppa. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Den forrige helse- og omsorgsplanen vart vedteken i 2007 med tidsramme fram mot 2010. I planstrategien for Gloppen kommune 2016-2020 står det at arbeidet med ny kommunedelplan for helse og omsorg skal starte opp våren 2017. Fakta i saka I tråd med plan- og bygningslova inneheld planprogrammet føremålet med planen, organiseringa av planprosessen, opplegg for medverknad og ein framdriftsplan. Planprogrammet skal vere på høyring i seks veker, høyringsfristen blir då 15.05.2017. I planprogrammet sitt kapittel 5.1 om arbeidsgruppa står det at helse- og omsorgsutvalet skal peike ut ein politikar til arbeidsgruppa, og at eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne skal få høve til å peike ut ein brukarrepresentant kvar. I kapittel 6, framdriftsplanen, vert det lagt opp til ein prosess der mesteparten av arbeidet skal gjerast hausten 2017, og at vedtak skal gjerast i januar 2018. Side 13

Økonomiske konsekvensar for kommunen Planarbeidet har ikkje direkte økonomiske konsekvensar for kommunen utover den arbeidstida som går med til å utarbeide planen. Økonomiske konsekvensar av tiltak i planen må inn i økonomiplanen. Rådmannen si vurdering Rådmannen vurderer at planprogrammet for helse og omsorgsplan 2018-2030 oppfyller krava i plan- og bygningslova. Rådmannen inviterer råda og helse- og omsorgsutvalet til å peike ut sine representantar til arbeidsgruppa. Eldrerådet 03.04.2017 Helse- og omsorgssjef Anita Eide Lothe orienterte om saka. ELD- 011/17 Vedtak Eldrerådet vel Maria Lundestad som sitt medlem til arbeidsgruppa. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Helse- og Omsorgssjef Anita Eide Lothe orienterte om saka. RAD- 013/17 Vedtak Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne vel Else Tystad som sitt medlem til arbeidsgruppa. Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 HOU- 014/17 Vedtak Helse- og omsorgsutvalet legg planprogramet for helse- og omsorgsplan 2018-2030 ut på høyring med 15.05.2017 som høyringsfrist. Utvalet vel Arnfinn Brekke som sitt medlem til arbeidsgruppa. Side 14

Gloppen kommune Arkiv: FA - G00 JournalpostID: 17/4428 Saksbehandlar: Anita Lothe Saksnr. Utval Møtedato 015/17 Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 010/17 Eldrerådet 03.04.2017 012/17 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Omdisponering av ressursar frå dagtilbod til reinhald i Breim heimeteneste - utprøving i eit år Kort samandrag av saka Rådmannen foreslår å omdisponere ressursar frå dagtilbod til reinhald som utprøving i eit år. Bakgrunnen for forslaget er stort behov for helse- og omsorgstenester og helsepersonell i tenesta for å kunne yte fagleg forsvarlege tenester innanfor tildelt budsjettramme. Rådmannen si tilråding Helse- og omsorgsutvalet vedtek å omdisponere ressursar tilsvarande 20 % stilling frå dagtilbod til reinhald i Breim heimeteneste som utprøving i eitt år. Saksutgreiing Bakgrunn for saka I Breim heimeteneste har Gloppen kommune i fleire år hatt dagtilbod ein dag per veke for bebuarane på Byrkjelotunet og andre som bur heime. Dei to siste åra har det vore svært få deltakarar utanfrå Byrkjelotunet. I same periode har ein fått stadig fleire og meir fagleg utfordrande helse- og omsorgsoppgåver. Fakta i saka I Breim heimeteneste er det ca 20 % stilling som helsefagarbeider knytt til dagtilbodet i Breim på Byrkjelotunet. Dei to siste åra har dagtilbodet vore ope ein gong i veka 42 veker i året. Ved årskiftet 2015/2016 hadde dagtilbodet 11 deltakarar. Ved årskifte 2016/2017 var deltakartalet 8, fleirtalet bur på Byrkjelotunet. Det har dei siste åra vore lite rekruttering til dagtilbodet utanfor omsorgsbustadane. Dei siste åra har heimetenesta fått stadig fleire brukarar med samansette sjukdomstilstandar og eit omfattande pleie- og omsorgsbehov som no bur i omsorgsbustader. Det er stor trong for helsefagleg kompetanse og eit behov for å sjå på korleis ein brukar eksisterande ressursar. Einingsleiar vurderer no situasjonen slik, at for å kunne yte den helse- og omsorgstenesta brukarane har behov for, er det nødvendig at all helsefagleg kompetanse vert nytta til personleg hjelp. Deler av den praktiske hjelpa kan utførast av reinhaldarar med kompetanse på området. Reinhald på bukollektiva i Breim har tradisjonellt vore utført av helsefagarbeidarar. Då det den seinare tid har vore stort press på tenestene for å kunne gje tilstrekkelege og gode helse- og omsorgstenester har det vore leigd inn reinhaldspersonell frå kommunen si reinhaldsavdeling. Dette har gått av ekstravaktsbudsjettet. Dei har hatt ansvar for reinhald av golv i fellesareal kvar veke og reinhald av golv i brukarane sine Side 15

leiligheter kvar 14. dag etter vedtak. Bruken av innleige har vore begrensa til timetal og konkrete oppdrag. Helsefagarbeidarar har hatt ansvar for helsehjelpa til brukarane og ein del daglege praktiske oppgåver Økonomiske konsekvensar for kommunen Forslaget om å dreie ressursar frå drift av dagtilbodet til reinhald medfører ikkje ekstra kostnader, men er ei dreiing av eksisterande ressursar. Rådmannen si vurdering Forslaget om å dreie ressursar frå drift av dagtilbod til reinhald, innebær i fyrste omgang å prøve dette ut i eitt år. Utfordringane er at det vert stadig fleire og meir komplekse helse- og omsorgsoppgåver som kommunane skal løyse. Det er ei klar forventning om at fleire brukarar skal få tenester i kommunen og kommunane overtek ein del oppgåver som tidlegare låg til spesialisthelsetenesta. Dette er i tråd med nasjonale føringar og forventningar. Dette krev personell som har helsefagleg kompetanse i tenestene og det er viktig å nytte denne kompetansen best mogleg. På samme tid er også reinhald vorte eit eige fag som krev eigen type kompetanse. Ei anna side ved denne saka er fokuset på at sosiale møteplassar også er viktig og dette har vi satsa på i kommunen dei seinare åra. Det gjev helsegevinstar å ha møteplassar med aktivt innhold. Vurderinga i denne saka vert kva som er best og rettast utnytting av knappe ressursar. På den eine sida er det heilt nødvendig å kunne gje fagleg forsvarlege helse- og omsorgstenester til dei som har behov for og rett til det. Dette kan vi best ivareta ved å nytte helsepersonell med rett kompetanse. Også sosiale møteplassar er viktige for å skape gode dagar for dei eldre og vi ser at ved å omdisponere ressursane så manglar vi dette tilbodet dersom behova endrar seg og fleire ville etterspørje dagtilbodet. Det er sjølvsagt også av verdi for dei som bur på Byrkjelotunet. Eit anna moment er at vi i dag nyttar vi helsepersonell til reinhald og har heller ikkje alltid nok ressursar til å yte både helsetenester og reinhaldstenester. På dagtilbodet den seinare tid er det få utanfrå som har nytta seg av tilbodet og spørsmålet vert om vi bør nytte denne ressursen til å leige inn reinhaldspersonell og frigjere personalressursar til helse- og omsorgstenester. Det innbær at vi då ikkje har dagtilbod i Breim til innbyggarane i Breim som bur heime. Kanskje kan desse nytte seg av andre møteplassar som er arrangert i regi av frivillig lag og organisasjonar? Det eksisterar mange møteplassar i kommunen i regi av frivillige. Kommunen er også ein viktig samarbeidspart for å få til gode møteplassar og ynskjer å tilrettelegge for dette. I bukollektiva i Breim har bebuarane besøk av besøksvenner og frå frivillige organisasjonar som arrangerer trim, bingo, kaffistunder med underholdning og liknande aktivitetar. Gjennom prosjektet Seniortreff i Gloppen er det etablert Onsdagstreffet på Gloppen omsorgssenter som er ein møteplass og tilbod til brukarar både frå Hyen, Sandane og Breim. Kostnad ved innleige av reinhaldarar vil vere noko lågare enn ressursen som er sett av til dagtilbodet slik situasjonen er i dag. Side 16

Rådmannen sitt forslag vert å tilrå å omdisponere ressursane i eit prøveår. Dette for å utnytte ressurane og yte lovpålagde tenester innan for budjettramma. Rådmannen ser også uheldige konsekvensar av å ikkje ha eit dagtilbod i Breim, men den samla vurderinga er at dette er ei løysing for å kunne yte forsvarlege helse- og omsorgstenester innan for tildelt budsjettramme. Eldrerådet 03.04.2017 Helse- og omsorgssjef Anita Eide Lothe orienterte om saka. ELD- 010/17 Vedtak Eldrerådet tar saka til orientering. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Helse- og omsorgssjef Anita Eide Lothe orienterte om saka. RAD- 012/17 Vedtak Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne oppmodar administrasjonen om å ta kontakt med frivillege lag og organisasjonar, som i lag med Frivillegsentralen kan utfordrast til å organisere eit vekentleg treff med eit felles måltid på Byrkjelo, til liks med det som vart etablert på Gloppen Omsorgssenter hausten 2016. Det må då vere fagpersonell tilgjengeleg for hjelp ved toalettbesøk etc. Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 Forslag frå Vidar Sandal (Sp): Helse- og omsorgsutvalet ynskjer å vidareføre dagtilbodet i Breim. Utvalet ynskjer ein plan på korleis ein kan skape betre deltaking på dagtilbodet gjennom tettare samarbeid med frivillige organisasjonar. Ved alternativ avrøysting fekk - framlegget frå Vidar Sandal 6 røyster og - rådmannen si tilråding ei røyst. HOU- 015/17 Vedtak Helse- og omsorgsutvalet ynskjer å vidareføre dagtilbodet i Breim. Utvalet ynskjer ein plan på korleis Side 17

ein kan skape betre deltaking på dagtilbodet gjennom tettare samarbeid med frivillige organisasjonar. Vedtaket var gjort med 6 røyster. Side 18

Gloppen kommune Arkiv: FA - U62, HIST - 14/633 JournalpostID: 17/4668 Saksbehandlar: Margrete Anette Solheim Saksnr. Utval Møtedato 016/17 Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 Formannskapet Søknad om løyve til sal av øl og rusbrus - Joker Sandane Rådmannen si tilråding Formannskapet gjev Joker Sandane/Lødemel Dagligvare AS salsløyve for øl og rusbrus i samsvar med Gloppen kommune sin rusmiddelpolitiske handlingsplan. Tillaten salstid vert frå klokka 09:00 til klokka 20:00 måndag til fredag og mellom klokka 09:00 og klokka 18:00 laurdagar og dagar før helgedagar. Tommy Lødemel er godkjend som styrar for løyvet og Terese Egge-Lødemel er godkjend som varastyrar. Løyvet gjeld frå formannskapet sin behandlingsdato. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Lødemel Dagligvare AS søkjer om løyve til sal av øl og rusbrus ved oppstart av ny butikk, Joker Sandane. Butikken vert starta opp i same lokale som butikken Coop Prix Sandane hadde tidlegare. Fakta i saka Dagleg leiar og eigar er Tommy Lødemel og vara er Terese Egge-Lødemel. Det er ingen restansar eller merknader i skatteattestane vi har motteke frå Tommy Lødemel og Terese Egge-Lødemel. Tommy Lødemel skal vere styrar for løyvet, med Terese Egge-Lødemel som varastyrar. Begge har avlagt og klart kunnskapsprøva for sal av alkoholhaldig drikke, og dei er dermed kvalifiserte for å ha ansvar for løyvet. Økonomiske konsekvensar for kommunen I utgangspunktet ingen. Rådmannen si vurdering I kommunen sin rusmiddelpolitiske handlingsplan for perioden 2016-2019, pkt 10, er følgjande sagt og vedteke om salsløyve for øl og rusbrus: Gloppen kommune tillét sal av øl og rusbrus i butikk. Føresetnadene for tildeling av salsløyve er at utsalsstadene er registrert hos Mattilsynet, og at salsstyrar og varastyrar har greidd kunnskapsprøva etter alkohollova. Salstida skal haldast innanfor: Side 19

Kl 09:00-20:00 på kvardagar Kl 09:00-18:00 på laurdagar og dagar før helgedagar Sett opp mot at det generelt er tillate med sal av øl og rusbrus i butikk i kommunen, kan ikkje rådmannen sjå at det er nokon grunn for ikkje å gje Joker Sandane ved/lødemel Dagligvare AS, salsløyve. Det er ikkje henta inn uttale frå politiet, då det i dette lokalet i Sørstrandsvegen 9 også tidligare har vore butikkdrift med salsløyve for øl og rusbrus. Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 HOU- 016/17 Vedtak Helse- og omsorgsutvalet var samde i tilrådinga. Side 20

Gloppen kommune Arkiv: FA - U63, HIST - 16/290 JournalpostID: 17/3260 Saksbehandlar: Margrete Anette Solheim Saksnr. Utval Møtedato 017/17 Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 Formannskapet Søknad om skjenkeløyve på uteareal - Lauget kaffi og kultur Vedlegg i saka: 22.02.2017 Teikningar 22.02.2017 Konseptutgreiing for Lauget kaffi og kultur 23.02.2017 Ettersending av framlegg til parkeringsplan ved Lauget Kaffi og Kultur i samband med søknad om skjenkeløyve Kort samandrag av saka Lauget kaffi og kultur søkjer om skjenkeløyve i gruppe 1, 2 og 3 (øl, vin og brennevin) for utearealet ved kaféen. Frå før har dei skjenkeløyve inne i kafélokalet, vedteke i formannskapet den 21.11.2016. Rådmannen si tilråding Formannskapet viser til rusmiddelpolitisk handlingsplan og gjev Lauget kaffi og kultur skjenkeløyve i gruppe 1, 2 og 3 på det omsøkte utearealet dersom dette området er klart avgrensa og utan fri ferdsel gjennom sjølve skjenkeområdet. Det må avgrensast/gjerdast inne på ein slik måte at det er nok plass utanom inngjerdinga til at ein kan passere/gå mellom utearealet og leikeplassen. Også området mot Sørstrandsvegen må gjerdast inne på ein slik måte at det vert passering på fortau mellom uteområde langsmed bygget og parkerte bilar. Omsøkt skjenketid for utearealet vert då slik som det står i rusmiddelpolitisk handlingsplan for 2016-2019: Kl 13:00-24:00 søndag til torsdag og kl 13:00-01:00 fredag og laurdag, og dagar før skiftande helge- og høgtidsdagar. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Lauget kaffi og kultur, ved Charlotte Eikeset Mundal, søkjer om skjenkeløyve på det tilhøyrande utearealet for kaféen. Fakta i saka Lauget kaffi og kultur, ved Charlotte Eikeset Mundal, fekk i administrativt vedtak datert 23.02.2016 serveringsløyve og i politisk vedtak datert den 21.11.2016 skjenkeløyve for kaféen på Sandane. Mundal søkjer no i tillegg om skjenkeløyve for det tilhøyrande utearealet til kaféen. Ho skriv i søknaden at opningstidene vert måndag til laurdag. Normalopningstida skal vere mellom kl 10:00 01:00 for øl, sterkøl og vin, og kl 13:00 24:00 for brennevin. Side 21

Økonomiske konsekvensar for kommunen Ingen. Rådmannen si vurdering I følgje Gloppen kommune sin rusmiddelpolitiske handlingsplan står det at løyvet kan tildelast slik: Punkt 4. Utandørs serveringsareal, dersom arealet er klart avgrensa og ligg i naturleg tilknyting til skjenkearealet innandørs. Utearealet ligg i naturleg tilknyting til arealet inne, men i vedlegg og på teikning/kart til søknad står det at dei ser for seg at det vert eit område som går rett gjennom skjenkearealet der det skal vere fri ferdsel. Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 Forslag frå Arnfinn Brekke (Krf): Helse- og omsorgsutvalet rår formannskapet til å avslå søknaden frå Lauget kaffi og kultur om å kunne skjenke på omsøkt uteareal. Ved alternativ avrøysting fekk - framlegget frå Arnfinn Brekke 3 røyster og - rådmannen si tilråding 4 røyster. HOU- 017/17 Vedtak Helse- og omsorgsutvalet er samd i rådmannen si tilråding. Vedtaket vart gjort med 4 røyster. Side 22