HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

Like dokumenter
HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot mobbing

Plan mot mobbing og mistrivsel

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

Handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd 2018 Ekeberg skole

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Nytt kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

PLAN FOR ET TRYGT OG GODT SKOLEMILJØ FOR ALLE ELEVER I ØSTRE TOTEN KOMMUNE

Handlingsplan for å sikre eleven et trygt og godt psykososialt skolemiljø ved Rosenborg skole

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

Handlingsplan for elevane sitt psykososiale skulemiljø

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO

Handlingsplan mot mobbing på Eiganes skole. Er tilstede Er i utvikling Går sammen

FEVIK SKOLE. Sosial handlingsplan. Handlingsplanen revideres hvert år i april.

Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter

TILTAK MOT MOBBING Geiranger skule og barnehage 2012

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

Handlingsplan mot mobbing

1. AVDEKKING AV MOBBING

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Handlingsplan for håndtering av krenkende atferd på Kastellet skole

Plan for elevane sitt skulemiljø

Forord

Plan for elevenes psykososiale skolemiljø

VENNSKAP. * Me vil at alle skal føla seg trygge på skulen og på skulevegen. * Me vil at alle skal gje melding dersom dei eller andre vert plaga

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

ET TRYGT OG GODT SKOLEMILJØ

Lærdal kommune. Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN FOR arbeid med skulemiljø ved Stord vidaregåande skule

Godkjent av driftsstyret Handlingsplan mot mobbing

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

TILTAKSPLAN MOT MOBBING OG DISKRIMINERING. Slåtthaug skole

Prosedyrer Kapittel 9a i opplæringsloven Elevenes skolemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

Skolens visjon: Med arbeidsglede mot nye mål

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING KJELDÅS SKOLE 2017

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Handlingsplan for et godt psykososialt skolemiljø

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt elevmiljø ved Svortland skule

HEIDAL SKULE. Plan for arbeidet med elevane sitt skulemiljø Heidal skule SKULEMILJØARBEID. Heidal skule har nulltoleranse mot krenkjande åtferd!

Lysheim skole Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø

Plan mot mobbing/krenkende atferd Bergen Katedralskole

NYTT KAPITTEL 9A OM SKOLEMILJØ

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

Oslo kommune Utdanningsetaten Kampen skole

Handlingsplan for et trygt og godt skolemiljø.

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

BORGE SKOLE. Handlingsplan for godt skolemiljø

Frakkagjerd ungdomsskole

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7

HANDLINGSPLAN FOR ET GODT PSYKOSOSIALT MILJØ OPPLÆRINGSLOVEN 9a-3

Grunnskulane i Sirdal kommune. Planen er administrativt vedteke etter høyring. Planen gjeld frå

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

VIGRESTAD SKULE PLAN FOR EIT GODT PSYKOSOSIALT MILJØ. Vigrestad skule

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Transkript:

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule Bakgrunn/Lovgrunnlag april 2012, justert 26.06.15 og 21.08.17 Retten til eit trygt og godt skulemiljø etter opplæringslova 9a 1, gjeld for alle elevar på barnetrinn, ungdomsskule og vidaregåande skule. Reglane om elevane sitt skulemiljø gjeld i timar og friminutt på skulen, på skulevegen, i leksehjelp som er i regi av skulen eller skulefritidsordninga. Reglane gjeld også når skulen, leksehjelpa eller SFO har aktivitetar utanfor skulen sine bygningar/område, eller i lokale utanfor skulen sitt område. At årsak til ein elev sin mistrivsel skuldast forhold utanom skuletida (t.d digitale krenkingar), begrensar ikkje skulen si handlingsplikt dersom dette verkar negativt inn på skulemiljøet. Eleven har ein individuell rett til eit trygt og godt skulemiljø, og det er eleven si subjektive oppfatning som avgjer om skulemiljøet er trygt og godt (opplæringslova 9a-1) Alle elevar har krav på eit forsvarleg psykososialt miljø og skulen er plikta til å arbeide systematisk og aktivt for å sikre eit godt psykososialt miljø for alle elevane. Dersom nokon som er tilsett ved skulen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme skal vedkomande snarast undersøkje saka, varsle skuleleiinga og dersom det er nødvendig sjølv gripe inn. 1. Målsetjing Visjonen vår: Kunnskap, trivsel og glede inneber at alle skal ha det bra på skulen vår. Her vi alle kvarandre vel og elevane skal ha eit godt læringsmiljø. Mål: Det skal ikkje vere mobbing ved skulen vår. Nulltoleranse skal praktiserast. For å nå måla har vi fyljande rutinar: Førebyggande tiltak som hindrar at elevar vert utsett for mobbing Rutinar for å oppdage mobbing Skulen skal følgje opp både mobbar og mobbeoffer Rutinar for god dokumentasjon Rutinar for samarbeid med dei føresette 2. Definisjonar I elevundersøkinga er mobbing definert slik: Negativ eller vondsinna åtferd gong på gong frå ein eller fleire retta mot ein elev som har vanskeleg for å forsvare seg. Erting gong på gong på ein ubehageleg og sårande måte er også mobbing Stikkorda her er vondskapsfull, ulikt styrkeforhold og gjentaking.

Definisjon på krenkjande åtferd Krenkande åtferd er eit felles uttrykk for alle formar for åtferd som utilsikta eller tilsikta rammar andre menneske fysisk eller psykisk. Krenkande åtferd kan skje som enkelthandling eller som gjentekne handlingar. Krenkande handling er ei handling som vert utført utan respekt for andre sin integritet. Nokre døme på krenkande åtferd: Mobbing: Ein person er mobba nar han eller ho gjentekne gongar over tid, er utsett for negative handlingar frå ein eller fleire personar. Diskriminering: Inneber at ein person vert dårleg behandla eller trakassert, t.d på grunn av kjønn, funksjonsnivå, tru/religion, hudfarge, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Rasisme: Rasisme omfattar diskriminering på grunnlag av «rase», hudfarge eller etnisk opphav. Vald: Med vald meiner vi at nokon tek i bruk fysisk makt for å skade andre. 3. Faresignal Auka fråver på skulen/kroppsøving Uvilje mot kroppsøving/bading Vondt i magen/hovudet særleg om morgonen Få vener står ofte/går aleine Engsteleg, ventar med å gå ut frå klasserommet i friminutta/søkjer kontakt med vaksne Humørsviningar/tar lett til tårer /aggressiv ved konflikt Søkjer yngre vener Ofte deprimert Fagleg uforklarleg tilbakegang 4. Førebyggande tiltak Korleis førebygge? Felles forankring og fokus hos elevar, personale og foreldre. Elevnivå kva kan eg gjere? Snakke med elevane om idear, skape diskusjon, bevisstgjere, sjå og forstå konsekvens av eigne handlingar. Ta ansvar for eigne handlingar. Klassenivå- kva kan vi som klasse gjere?

Arbeide for å få elevane til å lage sine eigne forpliktande samversreglar/klassereglar. Bruke klasseråd/klassemøte regelmessig og målretta for å fremme positive haldningar til kvarandre. Refleksjonar i forhold til verdiar. Elevråd Utfordre elevrådet til å jobbe aktivt for eit trygt og positivt elevmiljø. Vere spydspiss kampen mot mobbing Personalet - skulen Rask og resolutt handling ved mobbing/gjentaking Arbeide for god folkeskikk Respekt og toleranse for at vi er forskjellige Pliktoppfyllande følgje vakt/ inspeksjonsplanen og syte for at det alltid er nok vakter ute. Aktiv bruk av ordensreglar/klare reglar Vere tydelege vaksne, ha fast og forutsigbart reaksjonsmønster, vise at vi ser. Vere tydlege leiarar i klasserommet og i elevgruppa Fokus på arbeid med sosial kompetanse Elevsamtalar Spørjeundersøking om mobbing (elevundersøking og foreldreundersøkingar) Ha gode rutinar for samarbeid skule-heim (bruke samarbeidsråd, skulemiljøutval og FAU aktivt i tillegg til uformell kontakt) Målretta bruk av samlingsstunder Aktivitetsdagar for læring og felles opplevingar Alle skal ha vener Tema i elevråd og på foreldremøte Innføre STOPP regel i skule og SFO Fadderordning Møte før elevane i klasserommet og lærar må vere den siste som går ut av klasserommet Alle skal ha kunnskap om skulen sine planar og rutinar for å førebygge, oppdage og oppfølging av mobbesaker Foreldra Møte opp på klasseforeldremøte/konferansetimar/skulearrangement og gjere seg kjende med klassa, lærarar og skulen Arbeide aktivt gjennom FAU Gi melding/ta kontakt med klassestyrar når dei har mistanke om at mobbing føregår med eigne barn eller andre elevar Snakke vel om/vere inkluderande overfor andre elevar/foreldre i klassa Vere tydlege vaksne med klare grenser mot mobbing. Hjelpe barna til å løyse konfliktar gjennom samtale 5. Korleis avdekke mobbing? Skulenivå:

God inspeksjonsordning, vere presis ut. Evaluere ofte om vi har mange nok vakter ute Alle veit kva ansvarsområde dei har Sikre gode overgangar, lærar er den siste som går ut av klasserommet Møte før elevane i klasserommet dersom det føreligg mistanke om mobbing Elevråd Elevundersøkingar Foreldreundersøkingar Klassenivå Fast tema på foreldremøte og kontaktsamtalar Klasseråd Elevsamtalar Vere obs på endringar i åtferdsmønster/signal frå elevar Foreldresamtalar ved mistanke Vere audmjuk i høve foreldre som tek kontakt, la dei oppleve å bli møtt. Dersom vi skal få informasjon frå foreldra må dei ha tillit til oss. Elevnivå Oppfordre elevane til å seie frå dersom dei blir mobba eller ser at andre blir det Foreldre Dersom foreldre oppdagar eller mistenkjer at eige barn eller andre elevar er utsette for mobbing, ta kontakt med den personen ved skulen de finn det naturleg å snakke med. Ikkje vent og sjå STOPP REGEL - Når nokon gjer noko mot meg som eg ikkje likar, skal eg lære meg å seie STOPP - Eg skal lære å seie STOPP når andre vert plaga - Eg skal lære meg å respektere at andre seier STOPP Det er dei vaksne som har ansvar for å halde liv i STOPP - regelen. 5. Aktivitetsplikt jmfr opplæringslova. Om ein elev seier ifrå om at han eller ho ikkje har det trygt og godt på skulen, eller om skulen har mistanke om at ein elev ikkje har det bra, skal skulen snarast innhente informasjon for å avdekke kva som har skjedd Desse undersøkjingane skal skulen bruke til å vurdere kva tiltak som skal setjast inn Innan ei veke skal skriftleg tiltaksplan utarbeidast Eleven(ane) skal involverast, og få seie si meining I alle vurderingar skal det takast omsyn til barnets beste Tiltaka skal følgast opp, evaluerast og endrast dersom naudsynt Rektor skal alltid varslast

6. Saksgang ved mobbing og anna krenkjande åtferd 1. Undersøkingar og observasjonar for å skaffe informasjon 2. Samtalar med den som er blitt plaga, for å skaffe informasjon og gi støtte. 3. Samtale med foreldra til den som har blitt plaga 4. Samtale med den som mobbar. Sjølv om det er fleire som mobbar, må de snakke med ein om gongen. Føremålet med samtalen er å gi beskjed om at mobbinga er uakseptabel og må stoppe straks. De inviterer så til samarbeid for å få slutt på mobbinga, gjer avtale om kva som skal skje, og set opp ein ny samtale 5. Samtale med foreldra til mobbarane kvar for seg. Dersom foreldra ønskjer det, kan de snakke med fleire samtidig. Ikkje la foreldra sjølve sjølv ordne opp i elevgruppa. 6. Innan ei veke, skal det utarbeidast plan for tiltak som skal setjast i verk for å stoppe mobbinga. 7. Sanksjonar og dokumentasjon. Setje inn sanksjonar andsynes mobbarar dersom det er nødvendig. Dette skal dokumenterast. 8. Oppfølging. Mobbesituasjonen må fyljast til han stansar heilt. Alle skal kunne gå på skulen saman og oppleve sosial tilhøyrsle og tryggleik. Etter ei tid kan det vere gunstig å ha ein samtale mellom den som vart plaga og mobbarane. Ikkje gjer dette for tidleg. Hugs at det tek tid å komme over alvorlege krenkingar. 9. Søk råd og støtte om nødvendig. Bruk tilgjengeleg ekspertise, PP- tenesta eller andre ressurspersonar i kommunen. 10. Alle møter, samtalar og kontakt om mobbing skal dokumenterast skriftleg i form av referat eller ved bruk av klageskjema. Rektor må varslast om alle slike saker og få kopi av referat/skjema. Syner elles til rutinar i høve 9 a. Elevane sitt psykiske og fysiske arbeidsmiljø.