Vedlegg 3 8 a til Arkivplan for HiT Side 1 av 6 ;Y Høgskolen i Telemark Fellesadministrasjonen Vedlegg 38 a til Arkivplan for HiT LÆRARUTDANNING PÅ NOTODDEN 1895-1994 1. INNLEIING TIL ARKIVERINGSDISPOSISJON Lærarutdanninga på Notodden har meir enn ei hundreårig historie. Den tok til i 1895 ved ein privat lærarskole som av Stortinget blei nedlagd med verknad frå 1938. Dette året blei det oppretta ein statleg faglærarskole på Notodden, og i 1963 blei det etablert ein statleg allmennlærarskole. I 1977 blei so faglærarskolen og allmennlærarskolen på Notodden slått saman til ein ny statleg institusjon under namnet Telemark lærarhøgskole. Det er altså 4 institusjonar som har hatt ansvar for lærarutdanninga på Notodden, og det er : 1 NOTODDEN FRISEMINAR - NOTODDEN PRIVATE LÆRARSKOLE blei oppretta i 1895 og nedlagd av Stortinget i 1938. Ein privat ungdomsskole starta i 1893 og var knytta til den private lærarskolen fram til 1914 då ungdomsskolen blei flytta til Sagavoll, Gvarv. 2 STATENS SLØYD- OG TEIKNELÆRARSKOLE NOTODDEN ( SSTS/SSTL) - frå 1965 med nemninga STATENS LÆRARSKOLE I FORMING, NOTODDEN (SLFN) blei oppretta i 1938 og flytte inn i dei ledige lokala etter Notodden private lærarskole på området Skoland. 3 NOTODDEN OFFENTLEGE LÆRARSKOLE (NOL) blei oppretta i 1963 og fekk tilhald i kommunale skoleanlegg fram til 1975. Skipinga av denne lærarskolen førte til at Notodden no hadde to offentlege lærarskolar. 11975 flytta dei to lærarskolane inn i eit moderne fellesbygg på Øvre Sætre, Notodden. 4. TELEMARK LÆRARHØGSKOLE. NOTODDEN (TI-H_) blei namnet på høgskolen som framsto etter samanslåinga av dei to lærarskolane på Notodden i 1977. Etter omorganiseringa av høgre utdanning i 1994 har nemninga lærarhøgskole gått ut, og verksemda på Notodden er blitt ei avdeling av Høgskolen i Telemark. Det vil vere naturleg å ordne det samla arkivmaterialet frå lærarutdanninga på Notodden i 4 grupper - svarande til dei 4 institusjonane som er nemnde ovafor. Som ei innleiing til det materialet som er ordna i arkiv, blir det nedanfor gitt ei kort historisk presentasjon av kvar einskild institusjon. Denne presentasjonen blir framført i kronologisk rekkefølgje. 1 NOTODDEN PRIVATE LÆRARSKOLE ( 1895-1938 ) med NOTODDEN PRIVATE UNGDOMSSKOLE (1893-1914) Opprettinga av eit friseminar for utdanning av lærarar på Notodden var eit privat tiltak. Det var initiativrike einskildpersonar - ikkje organisasjonar, som sto bak tiltaket. Den som sto i første rekke blant "grundarane" var Kviteseid-mannen Asbjørn Knutsen (Øyan) som makta å få til alliansar mellom sentrale personar innan kyrkje, friviljuge kristne organisasjonar, bondestanden, lærarar og andre " for kristendommen engasjerte personar." Planen for tiltaket var i første omgang å opprette ein eittårig ungdomsskole som også kunne tene som førebuingskurs for opptaksprøva til eit seminar. Ungdomskolen starta på Heibø gard i Heddal i 1893. Det viktigaste var likevel å reise eit friseminar som kunne gje toårig lærarutdanning innanfor dei same lovreglane som galdt for dei offentlege stiftsseminara. Viljen til å gi tomt,
Vedlegg 38 a til Arkivplan for HiT Side 2 av 6 tømmer og pengegåver - serleg blant bøndene i Heddal og Lisleherad, var så stor at skoleprosjektet kunne realiserast alt i 1895 då ein flytta inn i nyreiste bygningar på Skoland. Framdrifta av prosjektet var slik det framgår av punkta nedanfor. 1. Ein ungdomsskole med Asbjørn Knutsen som styrar starta i leigde lokale på Heibø gard i Heddal i 1893. Kurset tok til 2.oktober med 32 elevar i ungdomsskolen og 30 elevar på førebuingskurset til seminarutdanning. Etter eit intenst arbeid sto eit nytt skoleanlegg ferdig 1.september 1895 på eigedomen Skogland /Skoland nærare det som seinare blei Notodden sentrum. Bygningane var ikkje heilt ferdige, men blei likevel tatt i bruk av til saman 143 elevar, både seminar- og ungdomsskoleelevar. Som den første styraren av seminaret blei tilsett cand. teol Bernt Støylen medan Asbjørn Knutsen heldt fram som styrar av ungdomsskolen. Bygningane kunne på grunn av store gåver bli oppførde for ein samla utgift for skolen på om lag kr 40 000. For å makte finansieringa måtte det likevel takast opp eit banklån på kr 12 000. Vidare rekna ein med eit årleg driftsbudsjett på ca kr 15 000. 2. Ei ny lov om lærarutdanning som kom i staden for 1890-lova, blei iverksett frå 1902. Dei tidlegare seminara fekk no namnet lærarskole, og Notodden friseminar blei til Notodden private lærarskole. Fordi private skolar gav eit viktig bidrag til utdanning av lærarar, fekk seminaret på Notodden like etter starten tilskott frå staten. 11901 var dette tilskottet kr 2 000, snaue 15 % av driftskostnadene. Elevane måtte betale skolepengar som samla dekte om lag halve driftsbudsjettet. Arbeidet med å skaffe friviljuge gåver var difor viktig og ikkje minst Asbjørn Knutsen såg det som ei utfordrande oppgåve. Dei første åra blei det skipa støtteforeningar for lærarutdanninga på Notodden fleire stader i både Agder og Rogaland, m.a. i Flekkefjord, Egersund og Stavanger. I perioden 1895 til 1911 var det 3 styrarar/ rektorar for lærarutdanninga på Notodden. Bernt Støylen blei i 1902 etterfølgt av cand. teol. Peter Hognestad som hadde vori lærar ved skolen sidan 1896. Etter eitt års konstitusjon som rektor reiste han frå Notodden og blei etterfølgd av kateket Alfred Hauge som sto i stillinga til 1911. Dette året blei so cand. teol. Håkon Wergeland ny rektor for lærarskolen, og han var rektor i 27 år til skolen blei nedlagd. Fram til 1911 hadde det vori eigen styrar for ungdomsskolen, men med Håkon Wergeland blei det innført ein ny skipnad slik at lærarskolerektoren også blei styrar av ungdomsskolen. 3. Etter kvart såg ein mange uheldige sider ved at lærarskolen og ungdomsskolen heldt til i same bygget, at dei var under den same pedagogiske og administrative leiinga og at dei delvis nytta dei same lærarane. Reint økonomisk var det utslagsgjevande at ungdomsskolen ikkje fekk det same statstilskottet til drifta som lærarskolen. Tanken om å flytte ungdomsskolen til ein annan stad voks seg sterkare og fekk etter kvart brei støtte. Arbeidet med å skaffe ny tomt gav positivt resultat, og i 1914 flytta Notodden private ungdomsskole frå Notodden og fekk tilhald på Gvarv, først med namnet Telemark kristelege ungdomsskole, eit namn som straks etterpå blei endra til Sagavoll ungdomsskole, seinare Sagavoll folkehøgskole. Skolen fekk eigen styrar og eige styre, men heilt til 1926 hadde Notodden private lærarskole og Sagavoll ungdomsskole felles forstandarskap. 4. 1920- og 1930- åra blei tunge tider for lærarutdanning. Overproduksjon av lærarar gjorde at på slutten av 1920 -talet blei det ikkje tatt opp nye elevar ved lærarskolane. I skoleåret 1929-30 stod lærarskolane tomme for elevar. Nedlegging av lærarskolar blei ofte drøfta på Stortinget, og dei private lærarskolane kom gong på gong i søkeljoset. Privat lærarutdanning blei i aukande grad motarbeidd særleg av Arbeidarparti -politikarar. Ei ny lov frå 1930 gjorde lærarutdanninga fireårig. På Notodden blei det tatt opp elevar til den forlenga utdanninga i 1930, 1931 og siste gong i 1932. Siste elevkullet gjekk såleis ut i 1936. På dette tidspunktet låg det føre ei offentleg utgreiing om talet på lærarskolar, og Notodden var blant dei skolane som ein ville leggje ned. Framlegget blei møtt med sterke motargument, men med eit knapt fleirtal gjorde so Stortinget i mai 1937 vedtak om nedleggjing av m.a. den private lærarskolen på Notodden. Formelt eksisterte lærarskolen fram til 1938 med rektor, tilsett personale, men ingen elevar. Fleire av lærarane blei etter kvart tilsette ved andre lærarskolar, og rektor Håkon Wergeland kom i 1938 til Kristiansand som rektor ved lærarskolen der. Etter nedleggingsvedtaket baud Forstandarskapet skoleanlegga sine til Staten for ein uvanleg låg sum. Staten leigde lokala i skoleåret 1938-39 og overtok eigedomen frå 1juli 1939 etter at Stortinget i mars same året hadde godkjent kjøpet. Stortinget hadde i 1936 vedtatt nye lover for by- og landsfolkeskolen. Ny normalplan blei tatt i bruk http://www-pors.hit.no/fa/arkivet/arkivplan/vedlegg3 8aa.htm 09.05.2005
Vedlegg 38 a til Arkivplan for HiT Side 3 av 6 frå 1939. Dei nye skolereformene førte med seg ein aukande trong for fleire lærarar. Både under krigen og i etterkrigstida opplevde landet ein stor mangel på lærarar. I eit slikt perspektiv hadde samfunnet framleis hatt bruk for lærarskolen på Notodden. 2 STATENS SLØYD- OG TEIKNELÆRARSKOLE, NOTODDEN seinare med namnet STATENS LÆRARSKOLE I FORMING, NOTODDEN 1938-1977 1.Dei ledige lokala etter Notodden private lærarskole blei frå hausten 1938 tatt i bruk av Staten som inngjekk ei eittårig leigeavtale med Forstandarskapet for den private lærarskolen. Våren 1939 godkjende Stortinget at skoleanlegget blei statleg eigedom og kjøpte anlegget for ein avtalt sum. Som kompensasjon for tapet av lærarskolen blei det oppretta ei heilt ny form for lærarutdanning på Notodden i 1938, ein sløyd - og teiknelærarskole som skulle gje lærarar eittårig vidareutdanning i sløyd eller i teikning. Den nyoppretta Statens sløyd - og teiknelærarskole tok til 1.september 1938 med 43 studentar og eit lærarpersonale på 4. Rolf Bull -Hansen var tilsett som den første rektoren for skolen. SSTS, som seinare fekk avkortinga SSTL skulle etter kvart bli ein møtestad for det pedagogiske reformarbeidet som hadde vakse fram i mellomkrigstida. Konkret var det innanfor dette fagområdet snakk om å gjere dei såkalla "ferdighetsfaga " om til "uttrykksfag " og til fullverdige innslag i den allmenne utdanninga av born og unge. 2. Frå hausten 1940 blei det ein stor auke i elevtalet på Notodden. Heile Kristiansand lærarskole med elevar og lærarar flytta i oktober 1940 til Notodden. Dei nye elevane, og det var 3 klassar, delte plass på Skoland med elevane på SSTS. Bakgrunnen var at tyskararne okkuperte bygningane til lærarskolen i Kristiansand som måtte finne seg ein annan stad for verksemda si. Etter avtale mellom dei to rektorane og godkjenning av departementet blei flytting til Telemark løysinga for Kristiansand lærarskole. Dei som måtte byte studiestad var ei toårig studentklasse tatt opp i 1940 og 2 fireårige klassar opptekne i 1939 og 1940. Ei ny studentklasse blei tatt opp i 1942. Frå 1944 var det ingen lærarskoleelevar ved skolen, og tyskarane rykka inn i alle bygningane. For Statens sløyd- og teiknelærarskole blei krigsåra ei vanskeleg tid. Etter ei verksemd på 4,5 år blei skolen frå 1.januar 1943 stoppa av nazistyresmaktene med den grunngjeving at "...lærerpersonalet ikke har vært positivt innstilt overfor den nye tid." Verksemda kom ikkje i gang att før i 1945. 0 3. 11945 ønskte Håkon Wergeland og folk i distriktet å ta opp att allmennlærarutdanninga på Notodden, men departementet stod fast på vedtaket frå 1938 om at bygningane skulle nyttast til ein faglærarskole, og Håkon Wergeland tok opp att embetet som rektor ved lærarskolen i Kristiansand.. Det skulle koste mykje arbeid og pengar å få skoleanlegget på Skoland i god stand etter okkupasjonen. Rektor Rolf Bull- Hansen makta gjennom sine pedagogiske og administrative evner og i samarbeid med dyktige lærarar å byggje opp eit rikt og stimulerande utdanningsmiljø. Det blei satsa på ei fagleg opplæring på høgt nivå, studieringar, særoppgåver og ikkje minst ekskursjonar til inn- og utland. Øvingsopplæring stod sentralt i utdanninga, og i mange år hadde lærarar ved SSTL ansvar for øvingsopplæringa i folkeskolen. Mange såg det som ein veikskap at tekstilt handarbeid ikkje var med i utdanningstilbodet ved SSTL, men i 1962 blei det oppretta eit eittårig vidareutdanningstilbod i tekstilforming, og samstundes med dette kom også eit tilbod med hovudvekt på metallsløyd. Den store trongen for lærarar til ungdomsskolen gjorde at SSTL alt i 1961 oppretta eit toårig tilbod om utdanning til faglærarar i tresløyd. Handverksmessig blei det sett store krav til opptak på dette tilbodet, men etter måten små krav til allmennutdanning. SSTL oppretta dessutan gode kontaktar både innanlands og utanlands og blei vitja av mange framståande fagfolk. Omgrepet "Notodding" som var blitt innført tidleg på nittanhundretalet som viktig identitetsnamn på lærarar utdanna ved den private lærarskolen på Notodden, blei no ført vidare av den nye faglærarskolen med same geografiske, men med ei litt anna fagleg tyding. 4.Rektor Rolf Bull-Hansen gjekk av som rektor sommaren 1954. Overlærar Abraham Stubhaug styrde skolen den følgjande hausten, og den nytilsette rektoren Torleiv Hellkås, som sjølv hadde vori elev på det siste kullet ved den private lærarskolen og ved det første kullet ved den nye skolen i 1938-39, tiltrådde frå 1.januar 1955.Han førte vidare den pedagogiske tenkinga etter føremannen sin. SSTL engasjerte seg sterkt i debatten om innhaldet i den nye niårige skolen som
Vedlegg 38 a til Arkivplan for HiT Side 4 av 6 det blei opna for forsøk med frå 1960. Det var særleg uttrykksfaga som engasjerte lærarane, og skolen fekk i oppdrag å lage utkast til nye planar i dei faga som til no hadde hatt nemningane teikning, sløyd og handarbeid. Skolen lanserte ei ny nemning, forming, som skulle omfatte dei nemnde faga. Eit framlegg frå SSTL til fagplan i forming blei sendt oppdragsgjevaren, Forsøksrådet. Etter at konsulentar hadde hatt framlegget til vurdering, blei den med tillegg og endringar tatt inn som fagplan i forming i den nye læreplanen for forsøk med niårig skole frå 1960. Nemninga forming var ikkje heilt ny. Den hadde blitt nytta av Rolf Bull -Hansen alt på 1930-talet, og då SSTL i 1950 starte eit fagtidsskrift med Karl Hagen og Torleiv Hellkås som redaktørar fekk dette namnet FORMING! 11965 blei det på grunnlag av ei stortingsmelding om lærarutdanning gjort ei namneendring for institusjonen. Det tidlegare namnet Statens sløyd- og teiknelærarskole ble no endra til Statens lærarskole i forming, Notodden, forkorta til SLFN 5. Studentveksten og fleire nye utdanningstilbod gjorde at behovet for utvida skolebygg etter kvart melde seg med tyngde. Fleire meinte at skolen burde flyttast til Oslo-området med kortare veg til sentrale galleri og museum, men denne tanken fekk ikkje gjennomslag. I staden blei det i 1963 i samband med opprettinga av Notodden offentlege lærarskole gjort eit politisk prinsippvedtak om å reise eit felles bygg for dei to lærarskolane på Notodden. Etter eit omfattande planleggingsarbeid kunne dei to institusjonane i 1975 flytte inn i eit felles nybygg på Øvre Sætre, Notodden med om lag 160 studentar frå SLFN og om lag 500 studentar frå Notodden offentlege lærarskole. Den faglege utviklinga på SLFN blei på 1960- og 1970-talet ført vidare av rektor og eit kollegium som etter kvart nærma seg 25 lærarar. Etter at den nye lærarutdanningsloven av 1973 som blei iverksett frå 1975, opna for oppretting av toårige hovudfagstilbod ved pedagogiske høgskolar, fekk SLFN i 1976 godkjent eit slikt utdanningstilbod i forming. Det første året fekk røynde lærarskolelærarar i forming høve til å gjennomføre hovudfagsstudiet på eitt år og kunne då få lektorstatus. Kvart år seinare har det blitt tatt opp 10-15 studentar til det toårige hovudfagstilbodet. 3 NOTODDEN OFFENTLEGE LÆRARSKOLE 1963-1977 1. Ein aukande lærarmangel serleg i den obligatoriske skolen gjorde det på 50- og 60-talet naudsynt å auke kapasiteten ved eksisterande lærarskolar- samstundes som det måtte opprettast nye lærarskolar. 11963 blei ein av dei nyoppretta skolane lagt til Notodden. Det var kamp om lokaliseringa. Både Grenlandsområdet og Aust-Telemark ønskte ein lærarskole. Notodden kommune engasjerte hausten 1962 universitetsstipendiat Asmund L. Strømnes som konsulent for eit utgreiingsarbeid som fekk mykje å seie for den vidare drøftinga av lokaliseringa. Både fleirtalet i Lærarutdanningsrådet og statsråd Helge Sivertsen gjekk inn for å leggje skolen til Grenland, men statsminister Einar Gerhardsen skar gjennom med det resultatet at det i februar 1963 blei gjort vedtak om å plassere skolen på Notodden. Notodden offentlege lærarskole starta 1.september 1963 med førebels tilhald i Heddal framhaldsskole. Første året hadde skolen om lag 150 studentar, 2 fireårige klassar og 3 toårige studentklassar. Henrik Halvorsen blei tilsett som rektor og fekk med seg eit personale på 12 lærarar, eit par timelærarar, kontorfullmektig i 30 % stilling og vaktmeister. Ein tok i bruk utradisjonelle romløysingar med bruk av flyhangar på flyplassen til kroppsøving og campinghytter til undervisning i orgelspel. 2. Opphaldet på Heddal framhaldsskole varde eitt år. Notodden kommune hadde alt i 1963 fått godkjent byggeplanar for ein ungdomsskole og ein idrottshall på Sætreområdet. Då vedtaket om lokalisering av ein ny lærarskole til Notodden låg føre, blei arbeidet med desse bygga framskynda slik at lærarskolen kunne disponere bygga. Dei var innflyttingsklåre frå september 1964. Det blei inngått ein leigeavtale mellom Notodden kommune og departementet slik at lærarskolen fekk dekt rombehovet sitt for langt fleire studentar enn dei som tok til i 1963. Alt hausten 1964 blei studenttalet auka til 330 med ein tilsvarande auke i personalet som no vaks til om lag 30. Notodden kommune ga i denne ekspansive perioden også god hjelp i arbeidet med å skaffe bustader og hyblar. Opphaldet på Notodden ungdomsskole frå 1964 skulle bli lenger enn nokon hadde rekna med. Det var gitt løfte frå departementet om nybygg for dei to lærarskolane etter 4-5 år i leigde lokale. Endå om Notodden kommune hadde sikra lærarskolane ei tomt på 70 mål på Øvre Sætre, 300 meter frå ungdomsskoleanlegget, blei det ikkje løyvd pengar til nybygg. Etter at ein delegasjon frå Notodden hadde vitja kyrkje- og undervisningkomiteen på Stortinget i 1968, blei det meir fart i planarbeidet.. Arkitektar blei engasjerte og etter eit grundig førebuingsarbeid med romprogram og teikningar, kunne sjølve byggearbeidet ta til i 1973. Innflytting fant stad i 1975, og først no kunne Notodden kommune disponere ungdomsskolebygget til niårig skole, som i lovs
Vedlegg 38 a til Arkivplan for HiT Side 5 av 6 form blei vedtatt alt i 1969! Dei ledige lokala etter SLFN på Skoland-området fekk Notodden kommune disponere frå hausten 1975. ( Ein del av eit tømmerbygg frå 1895 blei herja av brann 5.mars 1974, men brannvesenet makta å avgrense brannen slik at den ikkje breidde seg til andre bygningar). Høgskolen meinte at sentrale delar av Skoland- området framleis skulle vere statleg og gi plass til nye utdanningstilbod. Men etter tilråding frå Det regionale høgskolestyret gjorde departementet i samråd med Statens byggje- og eigedomsdirektorat vedtak om å overdra eigedomen til Notodden kommune. Denne løysinga blei så godkjent av Stortinget i 1980. Dei to lærarskolane kunne som to sjølstendige institusjonar flytta inn i eit moderne nybygg der fleire funksjonar som bibliotek, kantine, idrottsanlegg m.m. var planlagde til felles bruk Notodden offenlege lærarskole hadde hatt ein sterk ekspansjon i perioden frå 1963 til 1975 og hadde ved innflyttinga i nybygget om lag 500 studentar. M.a. hadde skolen sett i gang forsøk med treårige studentklassar frå 1970, frå 1972 blei det starta toårig førskolelærarutdanning og det blei oppretta fleire vidareutdanningstilbod. Studenttalet på SLFN var om lag 160 då nybygget blei tatt i bruk. Avdi romprogrammet var utarbeidd for langt fleire formingsstudentar og færre studentar på NOL enn det faktiske talet i 1975, blei delar av romarealet i formingsfløyen overført til førskolelærarutdanning. 4. Frå sommaren 1976 gjekk rektor Torleiv Hellkås ved SLFN ut i permisjon for heile skoleåret 1976-77. Rektor ved NOL blei så konstituert som rektor også for SLFN under sjukepermisjonen til Torleiv Hellkås.. Tidleg hausten 1976 sende departementet over til dei to høgskolane eit framlegg til samanslåing til ein høgskole.etter lokale drøftingar og sterk motstand med m.a. demonstrasjonstog framfor Stortinget gjorde Stortinget 30.november 1976 i samband med budsjetthandsaminga for 1977 vedtak om samanslåing av dei to lærarhøgskolane til ein pedagogisk høgskole, slik Stortinget alt i 1973 hadde gjort prinsippvedtak om i samband med drøftinga av ny lærarutdanningslov. Den nye høgskolen fekk ein rektor og eitt øvste styringsorgan som blei kalla høgskolerådet. Høgskolen blei vidare organisert i tre avdelingar, avdeling for allmennlærarutdanning, for formingslærarutdanning og for førskolelærarutdanning. Høgskolerådet drøfta namnet på den nye høgskolen, og fleirtalet gjekk inn for Telemark lærarhøgskole, Notodden, ei nemning som seinare blei godkjent av departementet. 4 TELEMARK LÆRARHØGSKOLE, NOTODDEN (1977-1994) 1.Lærarutdanninga på Notodden blei frå 1.august 1977 samla til ein institusjon med ein rektor med høgskolerådet som øvste interne styringsorgan og med ny avdelingsstruktur. Som styringsorgan mellom departementet og høgskolane blei det i 1976 utarbeidd eit reglement for Det regionale høgskolestyret. Dette styret kan ein seie var ei vidareføring av dei distriktshøgskolestyra som blei oppretta frå 1970 og utetter. Som den første direktøren for Det regionale høgskolestyret for Telemark blei tilsett Birger Risnes. Med verknad frå august 1977 hadde høgskolestyret fått styringsfunksjonar i høve til dei regionale høgskolane. Budsjettsaker, studentopptak, tilsetjingar m.m. hørte med til dei saksområda der styret fekk avgjerdsrett eller høve til å utarbeide tilrådingar til departementet. Mellom Telemark lærarhøgskole og høgskolestyret blei det frå første stund oppretta eit samarbeid som heile tida var det aller beste. 2.Tida frå 1977 blei ein ekspansiv periode for lærarhøgskolen. Fleire nye utdanningstilbod blei oppretta - samstundes som både førskolelærarutdanninga og faglærarutdanninga i forming blei utvida frå to til tre år. Med same årlege opptaket førte dette til ein auke i talet på studieplassar. På 80-talet fekk høgskolen delegert frå styret auka avgjerdsrett både innan økonomiforvaltning og tilsetjingssaker - slik at den administrative autonomien blei styrkt. Tidleg på 80-talet var høgskolane likevel truga av ein svikt i søkinga. Offentlege prognosar - som det vart feste for stor lit til, rekna med eit stort overskot på lærarar med det resultatet at færre søkte opptak til lærarstudiet. Opptakstalet til lærarhøgskolane blei redusert, og høgskolane stod framfor omstilling til nye oppgåver. Særleg blei det lagt vekt på å styrke etterutdanninga av lærarar. Telemark lærarhøgskole måtte dra inn to lærarstillingar, men fekk i 1983 høve til å omdisponere desse til eit heilt nytt studium i folkekunst, lokalisert til Raulandsakademiet, men administrativt å rekne som ei eining ved Telemark lærarhøgskole. Seinare kom og eit studium i folkemusikk slik at folkekulturstudia etter kvart fekk 70-80 studieplassar. Prognosane om overskot av lærarar slo ikkje til, og alt frå 1990 måtte på nytt opptakstalet til lærarutdanninga aukast. I
Vedlegg 38 a til Arkivplan for HiT Side 6 av 6 studieåret 1993-94 hadde TLH om lag 1100 studentar Etter oppnådd aldergrense gjekk Henrik Halvorsen av som rektor i 1992. Etterfølgjaren hans - Odd Erik Johansen, blei tilsett på åremål, men etter omorganiseringa av høgre utdanning i 1994, då lærarutdanninga blei ei avdeling av Høgskolen i Telemark, var det ikkje lenger rom for eigen rektor for lærarutdanninga på Notodden. 3. 11988 låg det føre sentrale utgreiingar både om lærarutdanning og om organiseringa av høgre utdanning. Departementet la i 1990 fram ei stortingsmelding om høgre utdanning. Dette førte til eit stortingsvedtak våren 1991 om ei ny organisering av høgre utdanning i Noreg.. I staden for om lag hundre offentlege høgskolar blei det etter dette oppretta 26 nye statlege høgskolar. Lærarhøgskolane, ingeniørhøgskolane, distriktshøgskolane m.fl. blei borte som sjølvstendige institusjonar. Det regionale høgskolestyret blei lagt ned. På grunnlag av m.a. regionale utgreiingar blei dei fire høgskolane i Telemark slått saman til ein høgskole. Høgskolen i Telemark fekk studiestader i Porsgrunn, Skien, Bø. Notodden og Rauland med fellesadministrasjonen lagt til Porsgrunn. Reforma blei sett i verk frå I.august 1994, og frå dette tidspunktet var det ikkje lenger nokon sjølstendig lærarhøgskole på Notodden- endå om lærarutdanninga heldt fram, og talet på studieplassar blei større og større. Tilbake til Arkivplan for HIT Tilbake til Arkivets hdemmeside Lagt inn 07.03.2003 av JorunnPedersen HiT http://www-pors.hit.no/fa/arkivet/arkivplan/vedlegg3 8aa.htm 09.05.2005