Kommuneplan for Eid kommune



Like dokumenter
DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Kommunedelplan for oppvekst

Politisk program for Jølster KrF

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Frivilligpolitisk plattform

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Til veljarane i Tysnes

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Innovasjonsmetoden vår

Programmet til Jølster Arbeidarparti byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET

Trygg og framtidsretta

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Ål Venstre. Ål Venstre

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Program for. Årdal Venstre

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Hemsedal KRF Program

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

«Nordhordland kommune»

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Program for Masfjorden Venstre

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Innspel frå FUNK til kommuneplanen sin samfunnsdel

Kommunedelplan for oppvekst

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Kunst, idear, dugnad og pengar eller litt om kulturbasert næring i Eid og andre stader. Magni Hjertenes Flyum, VAKN Bremanger 4.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Regionplan Agder RUP 2012 & Setesdal! NB: Bildene i denne presentasjonen kan ikke benyttes videreuten tillatelse fra Setesdal regionråd.

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Åseral kommune Vedteken av kommunestyret sak 3/2009 NÆRINGSPLAN

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Resultat brukarundersøkingar

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

av ordførar Arne Vinje Vinje kommune Servicekonferansen, 29. oktober 2010

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Program OSTERØY HØGRE

Program for. Seljord Venstre

Til deg som bur i fosterheim år

Samnanger. der du vil leva og bu Kommuneplan

Mellom bakkar og berg. Felles oppsummering

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Arkivsak Arkivkode Dato 09/ /A2/ Drøftingsnotat vedk. tidlegare Fortun skule

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

DEN GRØNE TRÅDEN TIDLEG INNSATS

BEST PÅ SERVICE BLANT NORSKE KOMMUNAR. Slik arbeider dei beste

Netcan Utvikling. Forretningsplan

Kommunikasjonsstrategi

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Lønnsundersøkinga for 2014

INTERNASJONAL STRATEGI

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Transkript:

Kommuneplan for Eid kommune 2005 2016 Del II Mål og strategiar Høyringsdokument Teknisk styre 23.08.05 1

Innhald DEL 2 MÅL OG STRATEGIDEL...4 1. VISJON OG STRATEGI...4 1.1 Visjon...4 1.2 Innsatsområde/Strategi...5 2. EIT NYSKAPANDE, VARIERT OG BEREKRAFTIG NÆRINGSLIV SOM STYRKAR ARBEIDSMARKNADEN OG SERVICETILBODET...5 2.1 Legge til rette for gründere...6 2.2 Oppdatert plangrunnlag og effektiv sakshandsaming...6 2.3 Marknadsføring og profilering av Eid...6 2.4 Sikre rett kompetanse for næringslivet...6 2.5 Opplyse om statlege og regionale finansieringsordningar...7 2.6 Bidra til nettverksbygging...7 2.7 Tilgjengeleg areal...7 2.8 Vere utviklingsorientert og positiv...7 2.9 Infrastruktur...8 3. KULTURLIV OG FRITID MED ROM FOR NYE IDEAR...8 3.1 Vidareutvikle kulturelle og sosiale møteplassar for folk flest...8 3.2 Sikre tenelege anlegg for idretten og anna kulturliv...9 3.3 Oppretthalde det frivillige lag- og organisasjonsliv...9 3.4 Kulturskulen som motor for kulturlivet...9 3.5 Hestemiljøet som identitetsskapar...9 3.6 Utvikle Eid til den leiande arrangementstaden i Nordfjord...10 3.7 Legge rette for fysisk aktivitet i kvardagen...10 3.8 Gjere kulturhistoria kjent for folk flest...10 4. KOMMUNIKASJONAR OG INFRASTRUKTUR FOR FRAMTIDA MED TILGJENGE TIL RESTEN AV VERDA...10 4.1 Satsing på telekom...11 4.2 Gratis ferje med auka frekvens...11 4.3 Framtidsretta flyplass i Nordfjord...11 4.4 E39 opprusting av uferdige trasear...12 4.5 Utbetring av Rv15 rassikring Strynefjellet...12 4.6 Gang- og sykkelvegar...12 4.7 Lokalbussrute...12 4.8 Allmenn tilgjengeleg gjestehamn i sentrum...12 4.9 Cruisekai/industrikai...12 4.10 Opprusting av kommunale vegar...13 5. MULEGHEITER FOR BUSETTING I HEILE KOMMUNEN...13 5.1 Open til spreidd utbygging i tilknyting til anna busetnad...13 5.2 Open til privat bustadplanlegging...13 2

5.3 Variert bustadtilbod i sentrum...14 5.4 Sentrumsnære bustadfelt...14 5.5 Nytt liv på gamle buplassar/gardsbruk...14 5.6 Ta omsyn til kostnad for infrastruktur ved planlegging av nye buområde...14 6. GODE OG EFFEKTIVE OFFENTLEG TENESTETILBOD GJENNOM HEILE LIVSLØPET.15 6.1 God kvalitet på dei lovbestemte oppgåvene som det offentlege har ansvar for...15 6.2 Balansert satsing på ulike tenesteområde tilpassa det behovet som eksisterar...15 6.3 Kommunaltekniske tenester...16 6.4 Heilskapleg tenestetilbod...16 6.5 Administrativ kompetanse til å takle rask omstilling og samordning...16 6.6 Systemkunnskap og fagkompetanse...16 6.7 Endrings- og omstillingsevne...17 6.8 Brukarundersøking og brukarmedverknad i utforming av tenestetilbodet...17 6.9 Helseførebyggande tenking i alle ledd for tenestemottakarar/brukarar/innbyggjarar og tilsette...17 6.10 Fleire offentlege arbeidsplassar til Eid...17 3

DEL 2 MÅL OG STRATEGIDEL Det er stadige endringar i samfunnet som blir mindre forutsigbart. Denne delen av kommuneplanen viser kva for område ein må ha fokus på for å få den ønska utviklinga av Eidasamfunnet i tida framover. Mål og strategidelen bygger på analysedelen. Planen er ikkje detaljert og ein kan kanskje savne konkrete tiltak. Vi ønskjer ikkje at ein overordna kommuneplan skal bli for detaljert og legg opp til at kommuneplanen skal etterfølgjast av tematiske kommunedelplanar og tiltaksplaner som er meir konkrete og handlingsretta. Slik håper vi at kommuneplanen kan bli eit overordna styringsdokument der det er fokus på dei overordna linjene. Planen er heller ikkje delt inn etter sektorar vi ønskjer å lage ein plan som er heilskapleg og sektorovergripande. Målet er at planen skal sjå på utviklinga i Eidasamfunnet som ein heilskap. Mens ein før var opptatt av kva kommunen sjølv kunne gjere for å får til ønska utvikling i kommunen, har utviklinga i kommunane ført til at ein har mindre handlingsrom. Ein må samarbeide meir med andre for å få ting gjort. I denne mål og strategidelen tar vi utgangspunkt i kva som bør satsast på for å få til ønska utvikling. Dette er ikkje berre ting kommunen kan gjere noko med. Mange av tiltaka må også andre ta inn over seg for at det skal bli gjort. 1. VISJON OG STRATEGI Kommuneplanen handlar om korleis ein skal møte framtida. Ein visjon er eit bilde på korleis vi ønskjer det skal vere her i kommunen i framtida. Han skal vere noko å strekkje seg etter slik at vi heile tida har eit felles mål å jobbe mot. For å kunne nå visjonen må vi gjere nokre vegval, vi kan ikkje gå i alle retningar. Med det avgrensa handlingsrommet vi har er det nødvendig å velje ut dei mest effektive vegane for å nå visjonen. Desse vegane kallar vi strategiar og innafor kvar strategi har vi igjen valt ut ein del tiltak vi ønskjer å fokusere på i denne planperioden. Muligheiter for å oppnå visjonen krev at ein samarbeider med andre. 1.1 Visjon Det vart arrangert politikarverkstad for å få fram politikarane sine tankar omkring visjon, strategiar og tiltak. Administrasjonen bearbeida resultata og kom med forslag basert på ideane frå politikarane. Kommunestyret samla seg seinare om følgjande visjon for Eid i planperioden 2005-2016: Eid ei levande og attraktiv kommune med rom for utvikling og nyskaping. Eid skal vere ein levande kommune og visjonen synleggjer at her skal vere ein plass 4

der det skjer noko. At Eid skal bli ein attraktiv kommune peikar på at vi ønskjer at så mange som muleg finn det attraktivt både å bu her, etablere næringsverksemd her og opphalde seg her. Her skal vidare vere rom for utvikling i kommunen. Dette gjeld både næringslivet og kulturlivet. Her skal også vere ein stad der det skjer nyskaping. Vi skal ha tru på at nye idear kan realiserast og føre med seg noko positivt. 1.2 Innsatsområde/Strategi For å nå denne visjonen har vi utvikla strategiar. Strategiane er dei vegval vi gjer for å nå visjonen. Kvart strategiområde er ikkje nødvendigvis uttømmande i forhold til kommunen sitt totale engasjement og produksjonsområde, men er strategisk viktige område for å møte utfordringane som ligg til grunn for visjonen. Vidare detaljering med handlingsretta tiltak vert å finne i tematiske kommunedelplanar. Innsatsområde Næringsliv Kultur Kommunikasjon Busetnad Offentlege tenester Strategi Eit nyskapande, variert og berekraftig næringsliv som styrkar arbeidsmarknaden og servicetilbodet Kulturliv og fritid med rom for nye idear Kommunikasjonar og infrastruktur for framtida med tilgjenge til resten av verda Mulegheiter for busetting i heile kommunen Gode og effektive offentleg tenestetilbod gjennom heile livsløpet 2. EIT NYSKAPANDE, VARIERT OG BEREKRAFTIG NÆRINGSLIV SOM STYRKAR ARBEIDSMARKNADEN OG SERVICETILBODET Næringslivet er ein viktig berebjelke i eit lokalsamfunn. Dei sysselsetter folk, produserer varer, yter tenestar og service m.m. Skal Eid framstå som ein attraktiv kommune å bu og opphalde seg i, må vi ha eit næringsliv som yter den service og dei tenestene innbyggjarane etterspør. Vi må få tak i dei varene og tenestene vi har behov for, og ikkje minst må her vere arbeidsplassar som sysselsetter både innbyggjarane i kommunen og andre som ønskjer å jobbe her. For å oppnå eit nyskapande, variert og berekraftig næringsliv som styrkar arbeidsmarknaden og servicetilbodet, vil vi i planperioden prioritere følgjande tiltak: Oppdatert plangrunnlag og effektiv sakshandsaming Marknadsføring og profilering av Eid Sikre rett kompetanse for næringslivet 5

Opplyse om statlege og regionale finansieringsordningar Bidra til nettverksbygging Tilgjengeleg areal Vere utviklingsorientert og positiv Infrastruktur Legge til rette for gründere 2.1 Legge til rette for gründere Eid kommune skal legge til rette for gründerverksemd for å sikre at det kontinuerleg vert etablert nye verksemder. Den kanskje viktigaste måten å auke gründerverksemda på er å endre haldningar. I Eid kommune skal det vere eit utstrekt samarbeid mellom næringsliv og skule. Gjennom etablering av elevbedrifter skal ungdom få kunnskap om korleis det verkar å starte eiga bedrift samtidig som vi håpar at fleire av elevane kan få lyst til å skape eiga verksemd sjølv. Fyrtårn Eid, eit prosjekt der samarbeid mellom næring, kultur og skule står i fokus, skal vidareutviklast i planperioden. 2.2 Oppdatert plangrunnlag og effektiv sakshandsaming Eid kommune skal vere ein stad der det er enkelt å komme i gang med ulike typar verksemder. Vi vil derfor prioritere å eit oppdatert plangrunnlag og effektiv sakshandsaming. Vi vil gjennom god rådgjeving prøve å hindre at ulike lover og forskrifter blir ofte oppfatta som ei bremse for utvikling av næringslivet. 2.3 Marknadsføring og profilering av Eid Eid skal bli kjent som ein god plass å bu og ein god plass å etablere næringsverksemder. Positiv marknadsføring og profilering av Eid i alle samanhengar skal vere med på å gi eit positivt bilde av Eid kommune. Vi trur at dette vil vere med på skape ein optimisme som kan skape ringverknader med omsyn til bedriftsetableringar. Vi må alle bli flinkare til å marknadsføre bu, nærings- og kulturkommunen Eid. Næringslivet kan vere med på å trekke fram dei positive sidene ved Eid når dei er utafor kommunen i forretningsverksemd. Likeins har vi tru på at ein må verte flinkare å vise fram dei positive elementa ved Eid; t.d. kulturliv, natur, kulturlandskap, når ein har besøk utafrå. 2.4 Sikre rett kompetanse for næringslivet Næringslivet skal ha tilgang på den kompetansen dei til ei kvar tid har behov for. 6

Både grunnskulen og den vidaregåande opplæringa må samarbeide med næringslivet for å nå dette målet. Elevane som er framtidige arbeidstakarar må få kjennskap til kva kompetanse næringslivet treng, slik at dei vel utdanningsvegar som kan gi deg jobb på heimstaden. Det er allereie etablert fleire samarbeid mellom næringslivet og den vidaregåande opplæringa, der næringslivet sitt kompetansebehov står i fokus. Det er viktig at dette arbeidet blir utvikla vidare i planperioden. Eid kommune skal vere ein viktig støttespelar for dette arbeidet. 2.5 Opplyse om statlege og regionale finansieringsordningar Eid kommune skal i større grad nytte sin kompetanse til å informere om ulike støtteordningar som kan vere med på å gjere det lettare å etablere næringsverksmed i kommunen. Det er viktig at finansieringsordingane vert gjort kjent for dei som kan ha bruk for dei. 2.6 Bidra til nettverksbygging Eid kommune skal støtte opp under nettverksbygging mellom bedriftene i kommunen. Ein føresetnad for vidareutvikling av næringslivet er samarbeid mellom bedrifter. Undersøkingar viser at det er i dei miljøa der ein har kontakt mellom bedriftene ein får til mest nyskaping og innovativ verksemd. Det er også her ein kan få til knoppskyting av nye etableringar. Eid kommune skal fortsette samarbeidet med Eid Næringshage og Eid Utviklings Fellesskap. 2.7 Tilgjengeleg areal Vi skal hjelpe til med å skaffe eigna areal slik at vi sikrar vidareutviklinga av næringslivet i kommunen. Eid kommune skal yte nødvendig hjelp og kompetanse til å skaffe areal når nokon ønskjer å etablere ei verksemd i kommunen. Gjennom arealplanlegginga skal vi syte for eigna areal til ulik næringsverksemd. Fleire gonger har det vist seg at det er avgjerande å ha tilgjengeleg areal når bedrifter ønskjer å etablerer seg i kommunen. Det er likevel slik at den kommunale økonomien ikkje tillet at ein eig og bygger ut infrastruktur sjølv. 2.8 Vere utviklingsorientert og positiv Eid kommune skal vere positiv til utvikling og etablering av ulike typar næringsverksemd. Vi skal ha ei positiv haldning til gode initiativ og ei utviklingsorientert haldning. Kommunen skal også sjølv vere utviklingsorientert i eigne planar og prosjekt. 7

2.9 Infrastruktur Eid kommune skal arbeide for at det vert lagt til rette med nødvendig infrastruktur for næringsverksemdene. Dette gjeld både innan telekom, fjordvarme, vegar m.m. Det skal vere enkelt og rimelig å etablere seg i Eid kommune. 3. KULTURLIV OG FRITID MED ROM FOR NYE IDEAR Ei meiningsfull fritid er ein viktig del av livskvaliteten for dei fleste av innbyggjarane i kommunen. Vi ønskjer at alle skal kunne oppleve ei meiningsfull fritid. Vi må ha rom for nye idear og tore å satse. Satsinga innafor dette strategiområdet skal skje gjennom følgjande tiltak: Vidareutvikle kulturelle og sosiale møteplassar for folk flest Sikre tenelege anlegg for idretten og anna kulturliv Oppretthalde det frivillige lag- og organisasjonslivet Kulturskulen som motor for kulturlivet Hestemiljøet som identitetsskapar Utvikle Eid til den ledande arrangementstaden i Nordfjord Legge rette for ei fritid med fysisk aktivitet Gjere kulturhistoria kjent for folk flest 3.1 Vidareutvikle kulturelle og sosiale møteplassar for folk flest Eid kommune skal vere ein inkluderande kommune og skal jobbe for å styrke det sosiale miljøet i kommunen gjennom at folk kan møtast på fleire ulike sosiale arenaer. I Eid kommune er det eit yrande kulturliv desse aktivitetane treng eit kulturhus som kan romme denne aktiviteten og som kan vere med på å vidareutvikle aktiviteten. Samlokalisering av fleire kulturaktivitetar i same hus kan vere med på å gi rom for nye aktivitetar. Eid kommune skal derfor vere med på å realisere bygging av Operahus/kulturhus gjennom samlokaliseringa av dei to avdelingane ved Eid vg. skule. Mange er aktive i ulike lag- og organisasjonar, andre likar helst dei uformelle arenaene der dei berre kan gå for å treffe andre. I Eid kommune skal vi ha eit mangfald av slike møteplassar for at alle i kommunen skal kunne finne det tilbodet dei ønskjer. Det er viktig at folk har plassar de naturleg kan treffe folk utanom organiserte opplegg. Den uformelle møtestaden er også viktig for ungdom. 8

Eidsgata skal vere eit satsingsområde. Eidsgata er i ferd med å få ei lenge etterlengta ansiktsløfting og det er von om at gata kan framstå som ein sosial møteplass og ein stad der det skjer noko også utanom butikkane si opningstid. I Eid kommune skal vi ha eit levande sentrum også på kveldstid 3.2 Sikre tenelege anlegg for idretten og anna kulturliv Eid skal ha gode og tenlege anlegg både for idrettsaktivitetar og anna kulturliv. Kommunen har ei viktig rolle i å legge tilhøva til rette slik at alle som bur i kommunen har like vilkår til å delta i dei aktivitetane som blir tilrettelagt. Eid kommune skal gjennom planstyrt tilrettelegging, stimulere til auka fysisk aktivitet og deltaking i idrett. Vi ønskjer spesielt at det blir tilrettelagt idrettsanlegg for barn og unge. Harpefossen Skisenter har status som fylkesanlegg for alpine greiner, Eid kommune skal vere ein aktiv pådrivar for at anlegget beheld denne posisjonen blant idrettsanlegga i fylket. 3.3 Oppretthalde det frivillige lag- og organisasjonsliv Eid kommune skal stimulere det frivillige lag- og organisasjonslivet til å oppretthalde eit mangfald i kultur- og fritidstilbodet for alle innbyggjarane i kommunen. Den frivillige innsatsen er berebjelken i kulturlivet og organisasjonslivet. Vi er avhengig av denne dugnadsanda skal vi ha det rike fritidstilbodet og kulturlivet vi har i kommunen vår. Det er viktig at den frivillige innsatsen ikkje vert redusert. I den grad det er mogleg skal kommunen gjere sitt til at rammevilkåra for arbeid i frivillige organisasjonar blir slik at det blir kjekt og interessant å ta på seg verv og føre organisasjonskulturen vidare. Vi kan også vere med å stimulere til etablering av velforeiningar, utviklingslag o.l. ved å brukar desse som uttalepart i saker som vedkjem vedkomande lag sitt område. 3.4 Kulturskulen som motor for kulturlivet Eid kommune skal sikre rekruttering til kulturlivet gjennom ein god kulturskule. Kulturskulen skal gi begynnaropplæring i ulike kunst og kulturformer til glede for publikum og nytte for lag- og organisasjonar 3.5 Hestemiljøet som identitetsskapar Fjordhesten er ein del av identiteten til Nordfjordingen. Det er viktig for Eid å ha eit levande fjordhestmiljø. Fjordhesten har vore eit kjennemerke for Eid kommune frå gamalt av. Ei vidare satsing på hesteaktivitetar skal vere ei prioritert oppgåve i planperioden. 9

3.6 Utvikle Eid til den leiande arrangementstaden i Nordfjord Eid kommune ønskjer eit kulturliv og ei fritid for alle der det er rom for å tenke nytt. Opera Nordfjord, Malakoff Rockfestival og Elskhug og Eksis er gode eksempel på slik nytenking. Desse arrangementa har vorte realisert ved hjelp av mange ulike partar. Det er viktig å støtte opp om denne kompetansen for å kunne utvikle Eid vidare som ein leiande arrangementstaden i Nordfjord. 3.7 Legge rette for fysisk aktivitet i kvardagen Eid kommune skal legge til rette for god folkehelse blant innbyggjarane gjennom å stimulere til fysisk aktivitet i kvardagen. Naturen er ein plussfaktor i Eid. Vi har ein natur og eit miljø som skal takast omsyn til i all vidare planlegging. Vi må legge tilhøva til rette slik at skular, barnehagar, bustadområde o.l. lett kan ta seg ut i utmarksområde. Arealdelen må ta omsyn til dette ved å legge ut grøntkorridorar frå slike område. Vi har rik tilgang på friluftsområde i Eid kommune. Kommunen skal i planperioden arbeide for å betre kartgrunnlaget og gjennom samarbeid med lokale organisasjonar få til ei betre skilting av turstiar og andre rekreasjonsområde. Vatn er eit viktig trivselselement. Vi har rikeleg tilgang på slikt i Eid, men særleg i sentrum er tilkomsten til sjøen for dårleg. Ei tilrettelegging her skal prioriterast i planperioden. Vi ser eit stort potensiale i å vidareutvikle sjøfronten i sentrum til eit attraktivt nærfriluftsområde. Også området langs dei største elvane våre, som Leivdøla, Hjalma, Stårheimselva, Eidselva, Fargarelva og Kjølsdalselva skal setjast av som tilgjengelege for allmenta. 3.8 Gjere kulturhistoria kjent for folk flest Eid kommune har mange kulturminne som er viktige å ta vare på. Vi har m.a. området rundt gravhaugane på Nordfjordeid som er freda i medhald av Lov om kulturminne i tillegg er det mange verdifulle bygningar, bygningsmiljø og museumssamlingar som vi må ta vare på. Det er også viktig å ta vare på den kulturarven som ligg i kyrkjebygga i kommunen. Det er målsetjing å halde desse bygga vedlike. Vedlikehaldet på kyrkjelege anlegg skal til ei kvar tid vere så optimalt som mogleg. For å gjere kulturhistoria betre kjent er det nødvendig å skape aktivitet i tilknyting til dei verdifulle kulturminna våre. 4. KOMMUNIKASJONAR OG INFRASTRUKTUR FOR FRAMTIDA MED TILGJENGE TIL RESTEN AV VERDA 10

Kommunikasjonsteknologien er i stadig endring og er eit føremon for utvikling. Vi vil satse på følgjande i planperioden: Satsing på telekom Fjordvarme Gratis fergje med auka frekvens Framtidsretta flyplass i Nordfjord E39 opprusting av uferdige trasear Utbetring av Rv15 rassikring Strynefjellet Gang- og sykkelvegar Nærbussrute Allmenn tilgjengeleg gjestehamn i sentrum Cruisekai/industrikai Opprusting av kommunale vegar 4.1 Satsing på telekom I Eid kommune skal vi ha eit godt utbygd breibandnett som tener innbyggjarane sine behov. Vi skal ta del i utviklinga innafor breibandområdet slik at innbyggjarane og bedriftene kan nytte seg av e-tenestar på fullgod måte. Eid kommune skal saman med dei andre Nordfjordkommunane utvikle gode IKT - tenestar til nytte både for innbyggjarane og næringslivet. 4.2 Gratis ferje med auka frekvens Eid kommune skal jobbe for å realisere gratis ferjer med auka frekvens som alternativ til kostnadskrevjande ferjefrie fjordkryssingar. Som ein vestlandskommune er ferjer ein naturleg del av livet vårt. Og er ein transportmessig barriere i mange tilfelle. Alternativet til ferje over fjorden er som regel bru eller tunnel. Dette er dyre løysingar og vi meiner at ferjer med auka frekvens er eit betre alternativ enn dyre bruprosjekt. Eit anna moment som er med på å løyse opp i hindringane er billettprisane. Vi vil at alle skal kunne reise gratis med ferjene, slik at vi får meir rettferdige transportprisar i landet. 4.3 Framtidsretta flyplass i Nordfjord Eid kommune skal vere ein pådrivar for at vi framleis skal ha flyplass her i Nordfjord. Ein flyplass er viktig for å ha ein rask og effektiv måte å komme seg til og frå resten av verda på. Utan flyplass vil vi bli ein utkant i forhold til resten av verda. I ei meir globalisert verd er det stadig viktigare både for næringslivet og innbyggjarane å ha ein effektiv, trygg og rimeleg kommunikasjon med resten av verda. 11

4.4 E39 opprusting av uferdige trasear Eid kommune skal vere ein pådrivar for å sikre at E39 skal framstå som ein effektiv nord-sør transportåre. Vi ser det som nødvendig å ruste opp fleire av dei uferdige traseane i fylket vårt. Desse flaskehalsane gjer transporten lite effektiv og trafikkfarleg. 4.5 Utbetring av Rv15 rassikring Strynefjellet Eid kommune skal jobbe for at RV 15 vert eit trafikksikkert vinterope vegsamband austover. Dei siste vintrane har vi sett at vegen stadig oftare vert stengt på grunn av rasfare. Dette er ein situasjon som skapar stor usikkerheit for næringslivet og innbyggjarane som er avhengig av vinteropen veg. 4.6 Gang- og sykkelvegar I Eid kommune skal innbyggjarane ferdas trygt langs vegane. Vi ønskjer at fleire vert meir fysisk aktive i kvardagen for å betre folkehelsa. Kommunen skal vere pådrivar over for staten for å få fortgang i bygginga av gang- og sykkelstiar langs riksvegane i kommunen. Dei gang- og sykkelvegane kommunen sjølv har ansvar for, skal byggast ut etter ein eigen vedteken prioriteringsplan for desse. Opparbeidinga av gang- og sykkelstiar er eit viktig område for å trygge skulevegen. 4.7 Lokalbussrute Eid kommune ønskjer at innbyggjarane skal ha eit godt busstilbod. Store delar av kommunen er godt dekt opp av dei gjennomgåande bussrutene, vi ønskjer likevel å arbeide for å få oppretta fleire lokalruter i kommunen. Dette gjeld både i sentrumsområda men også betra tilbod i bygdelag der det er minimal rutefrekvens. Betre busstilbod er betre både for miljøet samtidig som det vert lettare for innbyggjarane utan eigen bil. 4.8 Allmenn tilgjengeleg gjestehamn i sentrum Dei som kjem til Eid kommune skal bli tatt i mot på ein positiv måte vi ønskjer derfor å legge forholda til rette for at det kan etablerast ei gjestehamn for småbåtar i tilknyting til sentrum. 4.9 Cruisekai/industrikai I Eid kommune ønskjer vi å legge til rette for mange ulike næringsverksemder. Som ein fjordkommune er det sjølvsagt at mykje trafikk og transport også kjem sjøvegen. Dei siste åra har cruiseturismen tatt seg opp i regionen, for at Eid skal kunne ta del i denne turistnæringa vil Eid kommune støtte opp om etablering av ei cruise- og industrikai. 12

4.10 Opprusting av kommunale vegar Etter fleire år med nedprioritert vedlikehald av dei kommunale vegane ønskjer vi i planperioden å prioritere vedlikehald av vegane. Spesielt viktig er det å sikre trygge skulevegar. 5. MULEGHEITER FOR BUSETTING I HEILE KOMMUNEN Det er ønskjeleg at så mange som muleg finn det attraktivt å bu i Eid kommune, derfor er det viktig at det er enkelt å busette seg i kommunen. Eid kommune har hatt som målsetjing å oppretthalde busetnaden i alle deler av kommunen. Dette målet står framleis ved lag. I denne planperioden ønskjer vi å satse på følgjande: Open til spreidd utbygging i tilknyting til anna busetnad Open til privat bustadplanlegging Variert bustadtilbod i sentrum Sentrumsnære bustadfelt Nytt liv på gamle buplassar/gardsbruk Ta omsyn til kostnad for infrastruktur ved planlegging av nye buområde. Oppretthalde desentralisert skulestruktur 5.1 Open til spreidd utbygging i tilknyting til anna busetnad I Eid kommune skal det vere muleg å busette seg i alle bygdelag i kommunen. Kommunen skal legge tilhøva til rette for bustadbygging i alle deler av kommunen. Dette skal skje enten ved etablering av bustadfelt eller ved å opne for bustadbygging i LNF-områda. Slik utbygging skal kunne skje i mindre klynger på eigna stader. Slik ønskjer vi å legge til rette for gode buområde for dei som skal bu der, samtidig som vi får høve til å etablere løysingar for vatn, avløp og andre tekniske løysingar som er betre både for miljøet og den enkelte. Buområda skal vere gode å vekse opp i og leve i for alle. 5.2 Open til privat bustadplanlegging Eid kommune skal legge til rette for utbygging av bustadområde gjennom kommuneplanen sin arealdel. Regulerings- og detaljplanlegginga vil kunne skje både gjennom at kommunen utarbeider nødvendige planar eller gjennom privat fremma planar. 13

5.3 Variert bustadtilbod i sentrum Eid kommune ønskjer å legge til rette for eit differensiert bustadtilbod med eit fullverdig tenestetilbod, og med stor grad av tilgjenge for alle i kommunesenteret Nordfjordeid. Det er mogleg med ei større fortetting i sentrum. Kommunen vil i planperioden vurdere tiltak for å få fleire til å selje areal der det er mogleg til å bygge eit bustadhus. Ved planlegging av nye bustadområde, skal kommune til ei kvar tid vurdere behovet for bustader til eldre og andre som det er ei kommunal oppgåve å tilretteleggje bustad for. Det skal vere balanse mellom private og kommunal bustadutbygging. 5.4 Sentrumsnære bustadfelt I Eid kommune skal det til ei kvar tid vere tilgang på byggeklare bustadtomter i kommunesenteret. Vi ser eit aukande ønskje om å bygge i sentrum og også næringslivet har behov for å bruke sentrumsnære bustadtomter i si marknadsføring av ledige arbeidsplassar. Utbygging i privat regi vil bli stimulert og prioritert, men der kommunen ser at det ikkje blir aktivitet i dei regulerte områda, skal ekspropriasjon vurderast. Utbygging på større område skal vere konsentrert. Det er mogleg med ei større fortetting i sentrum. Kommunen vil i planperioden vurdere tiltak for å få fleire til å selje areal der det er mogleg til å bygge eit bustadhus. 5.5 Nytt liv på gamle buplassar/gardsbruk I Eid kommune skal vi ha levande bygdemiljø. Landbruket er truga av nedleggingar, men vi ønskjer ikkje ei utvikling der dei gamle bygdemiljøa vert liggjande øyde. Det er viktig at det framleis bur folk på gardane og vi vil vurdere ulike tiltak(m.a. frådeling av gardstun, moderne klyngetun, frådeling av større attraktive tomter) for å hindre ei slik utvikling. Vi ønskjer å legge vekt på å få folk til å bli buande eller å få nye til å busette seg på gardsbruka i kommunen. 5.6 Ta omsyn til kostnad for infrastruktur ved planlegging av nye buområde. Eid kommune ønskjer å unngå høge kostnader for offentleg service etc. Vi vil derfor ta planlegge nye buområde der vi allereie har etablert nødvendig infrastruktur. Det er også viktig å ta omsyn til behovet for meir offentleg infrastruktur, tenestar m.m. når nye buområde vert etablert. Dette gjeld både offentlege og private bustadprosjekt. I Eid kommune skal vi framleis ha ein desentralisert skulestruktur, slik at vi sikrar framtidig busetting i bygdene og får betre utnytting av tidlegare infrastrukturtiltak. 14

6. GODE OG EFFEKTIVE OFFENTLEG TENESTETILBOD GJENNOM HEILE LIVSLØPET Innbyggjarane har behov for ulike tenester gjennom heile livsløpet, frå vogge til grav. Etterspørselen etter offentlege tenester er aukande samtidig som ressursbruken i offentleg sektor skal reduserast. I Eid kommune skal følgjande stå i fokus i planperioden: God kvalitet på dei lovbestemte oppgåvene som det offentlege har ansvar for Balansert satsing på ulike tenesteområde tilpassa det behovet som eksisterar Kommunaltekniske tenester Heilskapleg tenestetilbod Kompetanseoppbygging Administrativ kompetanse til å takle rask omstilling og samordning Systemkunnskap og fagkompetanse Endrings- og omstillingsevne Brukarundersøking på aktuelle område Helseførebyggande tenking i alle ledd for tenestemottakarar/brukarar/innbyggjarar og tilsette Fleire offentlege arbeidsplassar til Eid 6.1 God kvalitet på dei lovbestemte oppgåvene som det offentlege har ansvar for I Eid kommune skal vi ha god kvalitet på dei lovbestemte oppgåvene som det offentlege har ansvar for. Dette gjeld både dei tenestene kommunen har ansvaret for dei tenestene andre utførar og har ansvaret for. Eid kommune skal vere ein pådrivar for eit godt sjukehustilbod på Nordfjordeid også i framtida. Vi skal ha eit godt samarbeid mellom fyrste- og andrelinjetenestene innafor helsesektoren til beste for dei som har bruk for tilbodet. Vi ønskjer også eit utstrekt samarbeid med lag- og organisasjonar, som kan vere til hjelp for at den einskilde innbyggjar skal få ein så god kvardag som muleg. 6.2 Balansert satsing på ulike tenesteområde tilpassa det behovet som eksisterar I Eid kommune skal vi investeringar innafor ulike tenesteområde vere tilpassa det ei tid reelle behovet. Det er viktig for kommunen å prioritere midlane sine rett. Det er ofte stadig endringar i dei ytre føresetnadene som påverkar kva som blir satsa på i kommunane. 15

Vi ønskjer å utvikle heilskaplege planar som skal legge grunnlaget for kva vi skal nytte midlane våre til. 6.3 Kommunaltekniske tenester I Eid kommune skal vi ha kommunaltekniske tenester av god kvalitet. Alle abonnentane våre skal ha godt drikkevatn frå godkjente anlegg. Hornindalsvatnet skal takast i bruk som drikkevasskjelde for større deler av Eid kommune bli prioritert i planperioden. Dei store verdiane som ligg i reine sjø- og ferskvassressursar skal takast vare på. Utslepp av avløpsvatn skal ikkje kome i konflikt med andre brukarinteresser eller føre til uakseptabel ureining. Utslepp av avløpsvatn skal skje etter vedteken kloakkrammeplan, som skal fyljast opp med årlege løyvingar for gjennomføring. 6.4 Heilskapleg tenestetilbod Eid kommune skal gi innbyggjarane eit heilskapleg tenestetilbod. Brukaren skal vere i fokus, og vi skal legge til rette for at han får tilbod om dei tenestene han har bruk for i den situasjonen han til ein kvar tid er. Behovet endrar seg gjennom livsløpet og livssituasjon og vi skal i samarbeid med brukaren, jobbe for at han får eit godt livsløp i kommunen. Den administrative organiseringa er eit ledd i å bli ein organisasjon som tenkjer meir heilskapleg. Vi ønskjer å sjå meir heilskapleg på tenestetilbodet. Få vekk sektortenkinga og over på meir samarbeid mellom avdelingane/fagområda. 6.5 Administrativ kompetanse til å takle rask omstilling og samordning Administrasjonen i Eid kommune skal ha evne og vilje til dei omstillingane som er nødvendig, med omsyn til å yte gode, heilskaplege og effektive tenestar til innbyggjarane. Eid kommune skal legge til rette for at leiarane på alle nivå har nødvendig kompetanse for å kunne planlegge og gjennomføre rask omstilling og samordning til beste for innbyggjarane. 6.6 Systemkunnskap og fagkompetanse I Eid kommune skal vi yte gode og effektive tenester til innbyggjarane våre, derfor vil vi prioritere dei tilsette sin kompetanse. Dei som yter tenester i Eid kommune skal vere fagleg oppdatert slik at dei kan yte best muleg service overfor tenestemottakarane. For at mottakarane av ulike tenestar skal få eit best tenleg tilbod er det viktig at dei tilsette har god kunnskap om korleis dei ulike tenesteområda kan vere til nytte for tenestemottakarane. 16

6.7 Endrings- og omstillingsevne I Eid kommune skal vi ha tilsette med kompetanse og evne til nødvendige omstillingar. I alle større omstillingsprosjekt er det viktig at dei tilsette vert gitt dei nødvendige føresetnadene for at omstillingsprosjektet kan lykkast. Vi skal fokusere på arbeidsmiljøet til dei tilsette slik at vi vert ein attraktiv arbeidsgjevar slik at vi sikrar god rekruttering også framover. 6.8 Brukarundersøking og brukarmedverknad i utforming av tenestetilbodet Eid kommune skal ha eit tenestetilbod som er tilpassa behovet til mottakarane av tilbodet. Vi vil derfor sikre rett tilbod til brukaren ved hjelp av brukarundersøkingar og større grad av brukarmedverknad. Det er viktig at brukaren sjølv får vere med på å definere kva behov han har. 6.9 Helseførebyggande tenking i alle ledd for tenestemottakarar/brukarar/innbyggjarar og tilsette I Eid kommune ønskjer vi at innbyggjarane skal kunne oppleve eit godt liv med god helse. Vi skal derfor fokusere på å førebygge helseproblem blant innbyggjarane. Dette gjeld både tenestemottakarane, og dei tilsette. I alle planar skal det leggast vekt på helseførebyggande element. 6.10 Fleire offentlege arbeidsplassar til Eid Eid kommune skal ha eit mangfald av offentlege arbeidsplassar. Det er dei offentlege føretaka som sysselsett dei fleste av dei med høgare utdanning, det er derfor viktig å ha eit godt tilbod av offentlege arbeidsplassar i kommunen vår. Vi skal legge til rette for at det vert etablert nye statlege arbeidsplassar i Eid, samtidig som vi må jobbe for å behalde dei offentlege arbeidsplassane som er her. 17