Ulike menneske like sjansar. Program for Møre og Romsdal SV 2007 2011



Like dokumenter
TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

PROGRAM FOR SV SITT ARBEID PÅ FYLKESTINGET I MØRE OG ROMSDAL

Til veljarane i Tysnes

Politisk program for Jølster KrF

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Program for Masfjorden Venstre

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Vers /EMS/rev INTENSJONSAVTALE. Samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven

Ål Venstre. Ål Venstre

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Program OSTERØY HØGRE

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Kommunedelplan for oppvekst

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Møre og Romsdal er eitt av 19 fylke i Noreg budde det ca menneske her.

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Oppgåvedeling i Sogn og Fjordane

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Regional planstrategi

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

DET KONGELIGE MILJ ØVERNDEPARTEMENT. Invitasjon til å delta i verdiskapingsprogram på kulturminneområdet

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Midt-Telemark SV VALPROGRAM 2019

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Hemsedal KRF Program

STRATEGISK PLAN

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

ETNE VENSTRE

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

FORSLAG TIL ORGANISERING, METODE OG FRAMDRIFTSPLAN

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Regionreform status. Trond Nerdal fylkesrådmann. Fellesmøte 28. september

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Avdeling for regional planlegging

LINDÅS. Framtida i fokus

Regionreforma på Vestlandet - status

Program Opplevingsnæringar Sogn og Fjordane. Retningslinjer for søknad om tilskot frå programmet 2009.

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

INTERNASJONAL STRATEGI

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Regionreforma i Hordaland og Sogn og Fjordane. Nytt Vestland Nye muligheiter

Regionreforma i Hordaland og Sogn og Fjordane. Nytt Vestland. Nye muligheiter

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

HOVUDNETT FOR SYKKEL

Kommunestrukturprosessen i Hardangerrådet iks 2013 Fylkesmannsamling ved Dagleg leiar Leiv Vambheim

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

«Nordhordland kommune»

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

KrF vil legge til rette for ei positiv utvikling der vi kombinerer det særeigne med framtidsretta satsing.

Valprogram Viken SV Sosialistisk Venstreparti

ORGANISERING AV NORSK PETROLEUMSVERKSEMD

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Til deg som bur i fosterheim år

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

SOGN driftig raus ekte

Transkript:

Ulike menneske like sjansar Program for Møre og Romsdal SV 2007 2011

1. INNLEIING Sosialistisk Venstreparti (SV) arbeider for eit sosialistisk samfunn bygd på eit sterkt folkestyre, rettferdig fordeling og likeverdige livskår for alle menneske uavhengig av bakgrunn, bustad, kjønn og livssyn. SV vil i fylkestinget arbeide for å sikre meiningsfylte arbeidsplassar til dei som ønskjer arbeid og eit godt miljø og høg livskvalitet for alle som bur i fylket. Dette er ein politikk som krev klåre politiske prioriteringar, og SV lovar difor ikkje alt til alle. Eit sterkt SV som oppnår politiske resultat i fylkespolitikken er avhengig av folkeleg engasjement, deltaking og oppslutning. Fagrørsla og miljørørsla er saman med andre organisasjonar viktige medspelarar for å gjere Møre og Romsdal til eit betre fylke å leve i. Møre og Romsdal SV vil arbeide for at fylket vårt markerer seg som det mest miljøbevisste fylket i landet. Det skal skje ved at det tidleg i fylkestingsperioden blir utarbeidd ein miljøstrategi. Strategien skal gi ein omtale av dei viktigaste miljøutfordringane i fylket med fokus på klimaspørsmål og andre globale utfordringar der også vårt fylke har eit ansvar. Strategien skal inkludere forslag til tiltak i kommunane, fylket, andre regionale etatar og i næringslivet. Tiltaka bør vere særleg retta inn mot å ta hand om klimautfordringane. Fylket må også vere ein aktiv pådrivar for klima- og miljøplanlegging i kommunane. SV vil også arbeide for likestilling; likestilling og likeverd mellom kvinner og menn, mellom minoritetar og majoriteten og mellom menneske som har funksjonshemmingar og dei som er utan slike. Fylkestinget si makt er sterkt avgrensa av lover, forskrifter og økonomiske rammer som er fastsette av staten. Mange forbetringar og reformer er difor heilt avhengige av vedtak i Stortinget. Gjennom fråsegner og gjennom partiet sine representantar på Stortinget vil SV arbeide for at det blir eit godt samsvar mellom statlege løyvingar og pålagde oppgåver. SV vil også i åra framover praktisere eit klårt samsvar mellom det partiet står for på Stortinget, i fylkestinga og i kommunestyra. SV meiner at dei fylkeskommunale tenestene best kan styrast gjennom politiske prioriteringar, og vil gå imot at viktige tenester innan helse, omsorg og skule blir privatiserte eller skilde ut som offentleg eigde aksjeselskap. 3

Fylkeskommunen som folkevald institusjon har vore under sterkt press dei siste åra, spesielt frå høgresida i norsk politikk. Den raudgrøne regjeringa ønskjer å satse på regionar med eit utvida ansvarsområde og eventuelt større geografiske område. I Innstilling S.nr.166 (2006-2007) om Regionale fortrinn regional framtid frå kommunal- og forvaltningskomitéen får regjeringspartia støtte frå partiet Venstre og delvis KrF i dette synet. Det ligg no til rette for at Møre og Romsdal kan halde fram som eigen region, og fram til regionreforma blir sett i verk bør forsøket med einskapsfylke utviklast vidare med meir folkevald involvering i dei nye ansvarsområda som skal overførast frå fylkesmannsembetet. Møre og Romsdal SV ønskjer at fylket vårt skal utgjere vår regionale eining og meiner også at denne regionen har folk og kompetanse til å ta ansvar for fleire og større politikkområde enn det regjeringa har gjort framlegg om. Denne regionen kan samarbeide med andre regionar innanlands og utanlands på alle område som er naturlege og fornuftige. Ein modell med to nivå som høgresida argumenterer for, er lite ønskeleg eller sannsynleg. Det sannsynlege er at det utviklar seg eit mellomnivå av administrasjons- eller embetsstyre i slike modellar, og då har ein likevel tre nivå. Med tre nivå er folkestyret det suverent beste styringsalternativet. I dagens Europa har det store fleirtalet av nasjonar samfunnstyring på tre nivå eller meir, og mykje makt og ansvar for utvikling er lagt til regionnivået. Dersom nasjonen vår skal kunne utnytte dei store sjansane til regionalt samarbeid som ligg nedfelt i EØS-avtalen sitt rammeverk og økonomiske fundament, er det ein stor fordel at vi held fast på regionstyringa. Møre og Romsdal SV går inn for grunnlovsfesting av lokalt og regionalt folkevald sjølvstyre. 2. TA BARN OG UNGE PÅ ALVOR! Ungdomspolitikk krev stor grad av samarbeid på tvers av kommunegrensene. Fylkeskommunen må difor spele ei rolle som pådrivar i saker som har med barn og ungdom sine oppvekstvilkår å gjere. SV vil føre ein politikk for å motverke eit samfunn der økonomi skaper nye klasseskilje mellom barn og ungdom. SV legg særleg vekt på at barn og ungdom skal ha eit tryggare og meir innhaldsrikt liv. Dette er kanskje det viktigaste bidraget til å oppnå redusert bruk av rusmiddel blant unge. Samstundes vil SV støtte andre tiltak som har same mål. SV vil ta ungdommen med på råd for å utvikle kulturtilbod, offentlege reisesystem 4

og sosiale møteplassar som er slik at ungdom får lyst til å bli verande i fylket eller ønskjer å kome attende dersom dei reiser bort for å ta utdanning. Medverknad: Forsøk med røysterett for 16-åringar ved val til fylkesting og kommunestyre. Eigne midlar til demokratiutvikling mellom ungdom. Midlane skal vere store nok til at ordninga med ungdomspanel og ungdommens fylkesting får ressursar til å utvikle seg vidare i meiningsfull retning. Ordningar som stimulerer til aktivt elevdemokrati og politisk aktivitet i det vidaregåande opplæringstilbodet. Økonomisk støtte til Elevorganisasjonen (EO). Utdanning: Styrkje arbeidet med ungt entreprenørskap/ungdomsbedrifter. Gratis læremiddel i vidaregåande opplæring, også gratis bruk av PC. Ei ressurstildeling som gir lærarane tid til individuell oppfølging av elevane i alle studieretningar. Tenestene innan oppfølging, rådgjeving og yrkesrettleiing skal ha høg prioritet for å hindre at elevar droppar ut av vidaregåande utdanning. Utvikle ordningar for opning og bruk av skulane på kveldstid for elevane. Halde oppe eit desentralisert tilbod om vidaregåande opplæring. Helse: Vitalisere og styrke skulehelsetenesta og PP-tenesta, ordningar med helseteam. Oppretthalde og styrkje ei desentralisert fylkeskommunal PP-teneste slik at ho kan samarbeide tett med PP-tenesta for barnehage og grunnskule. Tilbod til rus-, valds-, incestutsette barn og unge. Auka kunnskap om spisevanskar og livsstilssjukdomar, spesielt i vidaregåande skule. Motverke bruk av alkohol og narkotika i ungdomsmiljø. Aktivt arbeid i vidaregåande skule mot sextrakassering og anna kjønnsdiskriminerande åtferd. Gratis prevensjon og prevensjonsrettleiing til ungdom under 25 år. Næring: Eigne kvotar øyremerkt for ungdom som vil etablere seg i fiskerinæringa. 5

Fylkeskommunen må ta inn fleire lærlingar i verksemdene sine. Fylkeskommunen må saman med aktuelle kommunar tilby stipend til unge kunstnarar som vil etablere seg i fylket. Fylkeskommunen må arbeide for at det skal bli lettare å starte næringsverksemd for unge menneske i etableringsfasen gjennom tilskot på lån frå nærings- og tiltaksfond. Fylkeskommunen må samarbeide med høgskulane i fylket om utdanning til næringsetablering for unge gründerar. Samferdsel: Halde oppe ordninga med ungdomskort på kollektivreiser utan å auke prisen på dette. SV ønskjer på sikt å redusere prisen på kortet og stiller seg svært positiv til gratis kollektivtransport for ungdom som ikkje er i fast lønna arbeid. Styrkje trafikktryggleiken gjennom sikring av vegar, bygging av sykkel- og gangvegar langs skulevegane, redusert fart, trafikkopplæring i den vidaregåande opplæringa m.m. Sikre kollektive transporttilbod. Heve aldersgrensa på ungdomskort slik at også studentar kan gjere seg nytte av dette tilbodet. Kultur: «Kulturnista» skal vere eit tilbod til alle barn og ungdommar i heile fylket. Det betyr at tilbodet til elevane i grunnskulen må halde fram, og at det må utvidast til å gjelde barn i førskulealder og ungdom i vidaregåande skule. Ungdommens kulturmønstring må bli ført vidare med minst det omfang mønstringa har no. Samhandlinga mellom dei profesjonelle kulturinstitusjonane i fylket og barn og ungdom må bli utvikla vidare, og kontakten med dei unge brukarane blir sett endå betre i system. Fylkesbiblioteket og «kulturnista» må få midlar til å utvikle samarbeidsprosjekt som har som mål å auke den viktige kontakten mellom ungdommen og biblioteka. Den planlagde forsøksordninga med kulturkort for ungdom må bli ei varig og fylkesomfattande ordning. 6

3. SKULE OG UTDANNING Fylkeskommunen har som oppgåve å sikre eit godt vidaregåande opplæringstilbod for all ungdom. Samtidig skal det vidaregåande opplæringssystemet tene alle innbyggjarane i eit livslangt læringsperspektiv når det gjeld vaksenopplæring, verksemda til ressurssentra osb. SV går inn for : å utvikle den vidaregåande skulen til eit mest mogleg inkluderande samfunn. å utvikle det vidaregåande opplæringstilbodet slik at forholda blir lagt til rette for å sikre rekruttering til arbeids- og næringslivet i fylket. å samordne opplæringstilboda for å sikre fagleg kvalitet, gode opplæringsmiljø og god ressursutnytting. Det må likevel leggjast stor vekt på at det vidaregåande opplærings-tilbodet er viktig i ein distriktspolitisk samanheng, og SV ønskjer framleis desentraliserte tilbod og eit mangfald av større og mindre skular i fylket. å samarbeide med lokale bedrifter om lærlingplassar i eit slikt omfang at elevar slepp å flytte for å fullføre udanninga si. å ruste opp skulebygningane i tråd med krav om kvalitet, miljø og tilgjenge. å fornye det vidaregåande opplæringstilbodet gjennom pedagogisk utviklingsarbeid. å prøve ut og setje i verk tiltak som kan få elevar til å velje meir utradisjonelle utdanningsvegar i forhold til kjønn enn det som er tilfelle i dag. å inkludere dimensjonane helse og kultur i vidaregåande opplæring. at folkevalde organ på fylkesnivå skal ha ansvar for kvaliteten og mangfaldet i vidaregåande utdanning. SV går altså imot at primærkommunar kan ta over flikar av eit samla tilbod. å styrkje IT- tilbodet på biblioteka. at vidaregåande utdanning, inkludert alle læremiddel, skal vere gratis og finansiert av stat og fylke. 7

4. KULTUR OG FRITID SV vil at kulturlivet skal ha både eit individuelt og eit samfunnsmessig perspektiv. Det skal vere ei kjelde til eigenaktivitet og identitetsutvikling og samtidig eit verkemiddel i utviklinga av arbeidsplassar og livskraftige lokalsamfunn. Møre og Romsdal brukar lite pengar til kultur samanlikna med mange andre fylke, men har stor kulturaktivitet. Med eit rimeleg stort kulturfond på plass og ein auke i løyvingane til institusjonar og tiltak kan vi bli eit endå betre kulturfylke. Møre og Romsdal SV går inn for: at løyvingane til kulturføremål skal aukast til minst gjennomsnittet av andre fylkeskommunar. at kulturperspektivet blir styrkt gjennom tverretatleg og tverrfagleg samarbeid. at det blir lagt til rette for at menneske med funksjonshemmingar kan delta i eit variert kulturtilbod. at det frodige amatørkulturlivet i fylket blir verdsett og støtta, m.a. gjennom tilskot, administrativ hjelp, nettverksbygging og opplæring. at bibliotektilbodet blir styrkt, m.a. ved satsing på fylkesbiblioteket, utbygging av tilbodet i vidaregåande opplæring og bibliotektilbod på helseinstitusjonane våre. Bibliotektenestene skal halde fram med å vere gratis for brukarane. at løyvingane til musea blir haldne oppe, og at musea satsar på formidling til barn og unge. å prioritere amatøridrett framfor eliteidrett, og nærmiljøanlegg framfor nye store idrettsanlegg. å gje støtte til vidare satsing på kulturelle møteplassar som festspel og festivalar å oppretthalde driftstilskot til viktige kulturinstitusjonar i fylket vårt som t.d. Jugendstilsenteret, Nynorsk kultursentrum, Teatret Vårt og Operaen i Kristiansund. å utvikle fylkesgalleriet, Kube, til å bli eit samtidsmuseum for heile fylket med ambulerande utstillingsverksemd og stipendordningar for kunstnarar som er busette i Møre og Romsdal. å stimulere fleirkulturelle ytringsformer gjennom tilskot, administrativ hjelp og andre støtteformer. 8

5. HELSETENESTER OG UNIVERSELL UTFORMING Staten har overtatt eigedomsretten til og drifta av sjukehusa i fylket. Staten også overtatt det ansvaret fylkeskommunen har hatt for barnevern, familievern og rusomsorg. Berre tannhelse står att som eit fylkeskommunalt ansvarsområde. Gjennom rolla som regional utviklingsaktør må likevel fylkeskommunen meine noko om korleis helsetilbodet i fylket skal sjå ut. SV ønskjer at fylkeskommunen skal vere ein «sterk» rådgjevar overfor Stortinget, helsedepartementet, sosialdepartementet, det regionale helseføretaket, HF Nordmøre og Romsdal, og HF Sunnmøre. Det same må gjelde overfor storting og regjering når det gjeld rettane til menneske som har funksjonshemmingar. Møre og Romsdal SV meiner at desse rettane må sikrast gjennom ei antidiskrimineringslov som krev at alle offentlege og allment tilgjengelege bygg og uteområde skal ha universell utforming slik at dei som har funksjonshemmingar skal ha likt tilgjenge med folk utan slike funksjonshemmingar. Endringar i Plan- og bygningsloven må innehalde konkrete krav til universell utforming og tidsplan for oppretting i eksisterande bygningar. Offentleg transport, transportmateriell og sørvisstasjonar må ha universell utforming med heis dersom nivåforskjellar er så store at rampe ikkje kan nyttast. IKT må utformast slik at teknologien også fungerer for dei som har funksjonshemmingar. Møre og Romsdal SV vil : oppretthalde dei fire akuttsjukehusa i fylket og sjå til at desse sjukehusa har heilårsopne fødeavdelingar. overvake verknadene av den innsatsstyrte sjukehusfinansieringa, for å hindre at mindre "lønsame" sjukdomsgrupper blir underprioriterte. arbeide for at det blir oppretta eit regionalt kompetansesenter for førebyggjande og helsefremjande arbeid innan Helseregion Midt- Noreg i Møre og Romsdal. argumentere for at det ikkje berre blir tatt omsyn til den kroppslege helsa, men at pasientane får tilgang på gode kulturtilbod medan dei er innlagt ved sjukehusa. oppretthalde eit desentralisert tannhelsetilbod. at barn og ungdom, eldre og folk som har funksjonshemmingar skal få det offentlege tannhelsetilbodet dei har krav på etter lova. at det blir stilt krav ved konsesjonar på buss- og båtruter om at 9

materiell skal vere universelt utforma, og brot på konsesjonsvilkåra skal føre til sanksjonar. at buss- og ferjeruter blir merka slik at folk som har funksjonshemmingar veit når dei kan nytte ruter som er lagt til rette for dei. at haldeplassar, venterom og rutebilstasjonar må utformast slik at dei høver for alle, og det må lagast tiltaksplanar for å rette opp manglar som eksisterer i dag. 6. NATURRESSURSAR OG MILJØ A) Miljøvern SV sin miljøpolitikk har både eit nasjonalt og eit internasjonalt perspektiv. Vi vil kjempe for at dei økologiske omsyna blir overordna økonomiske interesser. Møre og Romsdal SV vil arbeide for: å få ned forbruk av naturressursar og energi som ikkje kan fornyast. å sikre det biologiske mangfaldet gjennom ein aktiv areal- og vernepolitikk. at det kommunale miljø- og planarbeidet blir styrkt å bevare ei desentralisert busetjing. eit moderat tempo i olje- og gassutvinninga ved kysten vår slik at desse naturressursane kan vare i fleire generasjonar. å sikre at matjorda vert halden i hevd og at fiskeressursane utanfor kysten vår blir forvalta på ein økologisk forsvarleg måte. å hindre nye inngrep i utsette biotopar og landskapstypar. å redusere avfallsmengda og stimulere til auka resirkulering og gjenbruk. å avgrense utslepp til vatn, luft og jord. å klargjere økologiske rammer for næringsverksemda i fylket. å hindre forureining av havet, t.d. radioaktivt avfall frå Cellafield. at reiselivsverksemd skal baserast på respekt for miljøet og prinsippa for geoturisme. B) Energi SV meiner at energi er ein del av infrastrukturen, på same måte som t.d. veg, vatn og kloakk. Offentlege organ må difor ha ansvar for å sikre nødvendig tilgang på energi, men også kunne redusere unødig bruk og sløsing gjennom avgiftsdifferensiering og satsing på enøkarbeid. Den evigvarande vasskrafta er ein av nasjonen sine fremste 10

fortrinn og må vere i samfunnseige. SV meiner at Noreg skal satse på energiøkonomisering, på optimal utnytting av linenett og kraftverk og på alternative berekraftige energikjelder. Møre og Romsdal SV går inn for: å ruste opp eksisterande kraftverk og linenett så langt det er mogleg og byggje ut småkraftverk som ikkje går ut over viktige naturvernog friluftsinteresser. å styrkje det fylkeskommunale enøk-arbeidet. fylket som huseigar skal påleggje seg sjølv å utarbeide ein plan for ei meir miljøvennleg oppvarming av alle større eigne bygg. å satse meir på alternative energikjelder som t.d. varmepumper, bioenergi, vindkraft og at det blir lagt til rette for vassboren varme og alternative energikjelder i fylkeskommunale bygg. at det blir kjøpt miljømerkt straum, eller straum som fyller kriteria for slik merking til fylkeskommunale bygg. at fylkeskommunen held fast på den eigarskapen som er att i energiverk i fylket. at det blir arbeidd ut ein regional plan for vindkraftutbygging. å stimulere til utarbeiding av kommunale klima- og energiplanar og til utbygging av fjernvarmenett i byar og tettstader. C) Olje og gass SV vil arbeide for at Noreg oppfyller internasjonale avtalar om å redusere utsleppa av drivhusgassar. SV går imot: utbygging av gasskraftverk som ikkje har som føresetnad at CO2 skal fangast og deponerast eller nyttast på andre klimavennlege måtar. boring etter olje og gass innanfor 50 nautiske mil eller i gyteområde. SV går inn for at: oljevernberedskapen blir styrka. Båtar som fraktar gass og olje langs kysten vår må ha dobbelt skrog som hindrar utslepp i tilfelle havari. det blir laga ein handlingsplan med sikte på å redusere CO2-utsleppa i fylket i samsvar med nasjonale mål og lågutsleppsutvalets innstilling. 11

7. NÆRINGS- OG ARBEIDSPOLITIKK SV sin næringspolitikk tek sikte på full sysselsetjing og arbeidsplassar der folk bur. Omsynet til miljøet vil vere ei rettesnor i SV sin næringspolitikk. Møre og Romsdal SV går inn for: at fylkeskommunen får ressursar til å føre ein aktiv næringspolitikk, m.a. gjennom større regional styring av Innovasjon Noreg, tilskotsordningane i landbruket og arbeidsmarknadstiltaka. at det blir sett ned ei arbeidsgruppe tilsvarande den som har arbeidd med «Ormen til Møre» for å utvikle prosjekt og arbeidsplassar i produksjon av alternativ energi. at arbeidsgjevaravgifta blir redusert. at det blir innført ordningar for tilsette som gjer at dei kan bli verande lenger i arbeid, t.d. bruk av tidskonto og redusert arbeidstid med lønnskompensasjon at privat og offentleg næringsliv og dei vidaregåande skulane samarbeider om rekruttering og etterutdanning. at ressurssentra ved dei vidaregåande skulane blir stimulerte til å fungere som drivkrefter i utviklinga av lokalt næringsliv. at fylkeskommunen arbeider for at innvandrarane våre får bruke kompetansen sin til beste for arbeids- og næringslivet i fylket. at fylket sine kompetansemiljø, høgskulane og Møreforsking, blir aktivt tekne i bruk ved utvikling av næringar og offentlege tenester. A) Industri Møre og Romsdal SV vil arbeide for ein enkel, ubyråkratisk og effektiv næringspolitikk som er retta mot små og mellomstore bedrifter. Etter Møre og Romsdal SV sitt syn bør energi- og miljøteknologi vere eit prioritert satsingsområde. SV vil arbeide for at : konsesjonslovene blir brukte aktivt for å sikre lokal og nasjonal råderett over energikjelder og naturressursar. fylkeskommunen er med og legg tilhøva til rette for samarbeid mellom små og mellomstore bedrifter om ny teknologi, marknadsføring og produktutvikling. det blir brukt ein offentleg innkjøps- og anbodspolitikk som søkjer å styrkje lokalt næringsliv. at fylkeskommunen i si nye rolle som regional næringspolitisk aktør arbeider for å utvikle teknologi som kan utnytte alternative bere- 12

kraftige energikjelder. Verkstadindustrien og elektrobedriftene i fylket vårt bør ha gode føresetnader for å produsere til dømes vindmøller og varmepumpeanlegg. Råvarene våre får ein så høg foredlingsgrad som mogleg i fylket for å auke verdiskapinga og sikre arbeidsplassar. B) Produksjon av mat Jord- og skogbrukspolitikken må ha som mål å sikre god ressursutnytting, best mogleg sjølvforsyning av matvarer og gode arbeidsplassar som tek vare på miljøet i distrikta. Møre og Romsdal SV går inn for : at arealdisponeringa må ha eit langsiktig økologisk perspektiv. å stanse nedbygging av dyrka og dyrkbar jord. at det blir stimulert til og utvikla eit vesentleg maskin- og driftssamarbeid i jord- og skogbruket. å ta vare på mangfaldet i kulturlandskapet. at forsking og utdanning innan økologisk jord- og skogbruk må prioriterast. at det skal stimulerast til omsetjing av økologiske produkt. gjennom aktiv bruk av bu- og driveplikta stimulere til å styrkje busetjinga og sleppe fleire unge til i landbruksnæringa. å støtte prosjekt som har som målsetjing om å rekruttere nye gardbrukarar til jordbruket. å støtte opp om at kulturlandskapet blir halde i hevd. å støtte tiltak og ordningar som vil fremje tilgang på kortreist mat. SV sin fiskeripolitikk legg avgjerande vekt på ei langsiktig forvalting av ressursane. Møre og Romsdal SV vil at : fiskeria og havbruksnæringa skal vere med på å tryggje busetjinga langs kysten. vi skal ha ein variert flåtestruktur, og at kystfiskeflåten skal sikrast eit godt driftsgrunnlag. næringsmiddelindustrien i Møre og Romsdal skal foredle mest mogleg av det fiskeråstoffet som blir levert eller produsert i fylket, og foredlingsgraden bør vere høg. rettleiingstenesta blir bygd ut frå ein desentralisert modell. 13

Oppdrettslova og Konsesjonslova blir brukte aktivt for å sikre lokal råderett over havbruket. det blir stimulert til betre rekruttering innan havbruk og fiske. Møre og Romsdal får behalde utdanningsinstitusjonane som gir sertifikat på alle nivå innan maritime fag og fiskerifag. 8. SAMFERDSEL Samferdsel er eit viktig satsingsområde for SV. Samferdselspolitikken må verke til å samle fylket og syte for at regionar med store transportbehov får best mogleg tilgang til stamvegnettet. Samferdsel er ei av hovudkjeldene for utslepp av klimagassar. Difor er miljøperspektivet svært viktig når det gjeld å vurdere ulike samferdselsalternativ. Møre og Romsdal SV går inn for : at tilskota til kollektivtransporten blir nytta til å sikre rutetilbodet og senke prisane. at anbod i rutegåande trafikk ikkje blir nytta, men at ein i staden stiller krav til effektivitet i kvalitetskontraktar. at skiljet mellom riksvegar og fylkesvegar fell vekk, og at fylkestinget disponerer dei samla vegløyvingane (utanom stamvegane). at kollektive transportmiddel blir tilpassa menneske som har funksjonshemmingar. at Raumabanen blir utvikla og modernisert, m.a. med nye togsett og fleire avgangar. at eit framtidsretta transporttilbod i form av hurtigtog til Ålesund vert vurdert. at NSB og Statens vegvesen skal vere statlege forvaltingsbedrifter. å prioritere høgt rassikring, trafikktryggleik og høging av akseltrykket når millionane til riksvegar skal prioriterast. å forsvare den prioriteringa fylket har gjort mellom ulike prosjekt og arbeide imot omkampar om denne. å vurdere kritisk alle store bru- og tunnelsamband. at nattferjetilbodet blir utvida på stamvegane og viktige hovudvegar. at det blir bygd gassdrivne ferjer ved fornying av ferjeflåten. gratis ferje for passasjerar utan at det skal føre til større kostnader for næringstrafikken. at fylkeskommunen saman med aktuelle kommunar og staten arbeider for å etablere offentlege servicekontor som kompensasjon / alternativ til nedlegging av postkontor 14

og andre tenestetilbod. at det blir vurdert å etablere ei ordning for billegare kollektivreiser for pensjonistar i fylket, Honnørkortet etter mal frå ungdomskortet. at meir (tung)transport blir flytta frå veg til sjø. Det gjer at hamner og farleier må rustast opp til å ta fleire farty. For å få til sikker, miljøvennleg og effektiv transport, må Stadt skipstunnel bli realisert snarast. at Stadt skipstunnel, som vil spare miljøet for mykje tungtransport gjennom Gudbrandsdalen, blir prioritert som eit nasjonalt prosjekt å dempe behovet for bruk av privatbil og dermed utslepp av CO2 ved å satse på kollektivtransport som Timekspressen og liknande tiltak. gode kollektivtilbod gjennom Eiksundsambandet at ein større del av vegløyvingane i Møre og Romsdal går til bygging av gang- og sykkelvegar. at det blir utarbeidd ein sykkelstrategi i fylket, og at det skjer ein vesentleg auke i satsinga på tilrettelegging for sykkelbruk. 9. FYLKESKOMMUNEN SI FORRETNINGSDRIFT Møre og Romsdal fylke har eigardelar i om lag 50 aksjeselskap. Desse selskapa spenner over eit vidt register og omfattar helse- og opptreningsbedrifter, reiselivsprosjekt, eigedomar, næringsutviklings- og kompetansebedrifter, kulturføretak, energibedrifter, vegar, tunnelar, bruer, lufthamner og samferdselsbedrifter. Som regional utviklar er det rett at fylket har eigardelar i slike bedrifter, og ofte har det vore eit ønske eller ein føresetnad frå kommunar eller selskap at fylket engasjerer seg på eigarsida. Møre og Romsdal SV ønskjer at fylket skal engasjere seg i dei selskapa der fylket er eigar eller medeigar slik at eigarskapen kjem innbyggjarar og næringsliv til gode. Fylket sitt engasjement skal vere profesjonelt i forhold til strategiar, driftsresultat og miljøomsyn. Fylket skal såleis forvente utbytte minst på line med bankrente i dei selskapa som er forretningsmessig funderte. Det er Møre og Romsdal SV sitt syn at det er viktig med offentleg eigarskap på område som har med infrastruktur å gjere, spesielt gjeld det energi og samferdsel. 15

Fjord1 Nordvestlandske representerer Møre og Romsdal sitt suverent største engasjement innan forretningsdrift. Selskapet har mange kompetente og initiativrike tilsette som yter ein svært god innsats, og Fjord1 har vunne prestisjefylte anbod der dei fem gassferjene som blir sette inn på strekningar i Hordaland og Rogaland er det fremste og representerer eit stort trafikkvolum og betydelege inntekter. Samstundes blir det å vinne anbod ei utfordring for selskapet fordi det ofte krev nye investeringar og tilførsel av eigenkapital. Møre og Romsdal fylke har avgrensa mengd med kapital og kan kome i ein situasjon der vidare drift av selskapet krev eigenkapital frå andre. I ein slik situasjon vil Møre og Romsdal SV heller at dei to eigarane Sogn og Fjordane fylkeskommune og Møre og Romsdal fylke knyter til seg ein strategisk medeigar enn at fylka skal gå ut og selje aksjar på den frie marknaden. Prioritet nummer ein er likevel at selskapet skal ha så god inntening at overskot på drifta kan forsyne selskapet med tilstrekkeleg eigenkapital slik at dei to offentlege eigarane kan vere garantistar for høg standard, sikre arbeidsplassar og fornøgde kundar over alt der Fjord1 driv transporttenester. 10. FYLKESKOMMUNEN SINE OPPGÅVER OG ORGANISERING A) Arbeidsoppgåver For å løyse viktige fellesoppgåver ønskjer SV ein sterk offentleg sektor. Men vi må setje krav om at offentleg sektor er effektiv, og at han er oversiktleg for innbyggjarane. Ordninga med ei desentralisert statsstyring som til dels har vore overlappande med ansvarsområda til den folkevald styrte fylkeskommunen, har vore krevjande for både innbyggjarar og politikarar med omsyn til effektivitet og oversikt. Det er difor rett å slå saman det meste av det statlege ansvarsområdet på regionalt nivå (Fylkesmannen) og fylkeskommunen, og leggje det administrative og tenesteytande apparatet under regional folkevald styring (fylkestinget / regiontinget). Ei slik samanslåing vil fjerne dobbeltadministrasjon og gjere forvaltinga enklare for innbyggjarane. I valperioden 2003-2007 har Møre og Romsdal fylkeskommune gjennomført forsøk med einskapsfylke der hovuddelen av fylkesmannen sin administrasjon er blitt slått saman med fylkeskommunen sin administrasjon under ei felles leiing. Forsøket har gitt gode resultat på samord- 16

ning og forenkling samtidig som fylket har fått ein svært god kompetanseorganisasjon til å stå for planlegging og drift av store utviklingsprosjekt og program. Erfaringane frå dette forsøket vil bli verdfulle når fylkeskommunen blir endra til region, kanskje med namnet fylke. Møre og Romsdal SV meiner det er rett å gjere forsøket med einskapsfylke til ei varig ordning, slik at vi får ein felles administrasjon for både dei fylkeskommunale og dei statlege oppgåvene. Langt på veg er framlegget frå regjeringa om ein ny regionpolitikk eit steg i rett retning. Regjeringa ønskjer mellom anna å styrkje den regionale planlegginga gjennom eigarskap i Innovasjon Noreg og oppretting av regionale innovasjonsselskap og forskingsfond. Regjeringa ønskjer i tillegg å gje basisløyvingar til regionale forskingsinstitutt. Ei tung ny regional oppgåve er ansvaret for riksvegar utanom stamvegane. Eit utval av fylkesmannen sine oppgåver på grunnopplæringsområdet og dei fleste av oppgåvene innan landbruk og miljøvern skal også bli eit betydeleg ansvar for ei folkevald regionforsamling. Andre oppgåver er til dømes fagskuleutdanning, akvakulturforvaltning og tildeling av oppdrettskonsesjonar, spelmidlar til kulturbygg og turnelegging av skulekonsertar. Dette forslaget er likevel ikkje godt nok. Møre og Romsdal fylke har som region kraft i seg til å løyse mange fleire oppgåver som den sentrale statsmakta i dag har ansvar for, og Møre og Romsdal SV er tydelege på at vi vil erstatte mykje av dagens sentrale og regionale statsstyre med regionalt folkestyre. Det er demokratitanken som må råde når makt, ansvar og mynde blir flytta ut til folket frå byråkratiske og politiske maktsentra. På område som til dømes kultur, helse/sjukehus, energi, barnevern, rusomsorg og verkemiddelapparat er her tunge oppgåver som med fordel kan leggjast til eit regionalt folkevald nivå. Flytting av makt, ansvar og mynde er altså den eigentlege regionaliseringa. Fokuset på kor store regionane skal vere, må vere underordna og vurderast opp mot omgrep som identitet, geografi, topografi, reisetid og reiseavstandar, bu- og arbeidsmarknadsområde osb. Møre og Romsdal SV er overtydd om at fylket er stort nok og livskraftig nok til å utgjere ein region for seg sjølv og vil halde på det. Det meste av den offentlege tenesteproduksjonen skjer i kommunane, og det er viktig at denne blir samordna med den regionale verksemda, og at ein får eit gjensidig fruktbart samarbeid. 17

Møre og Romsdal SV går inn for: stor grad av samordning på fylkesplan av oppgåver det er naturleg å samarbeide om over kommunegrensene, som t.d. naturvern, renovasjon, kommunikasjonar, vassforsyning, friluftsliv, opplæring og kulturtiltak. Det er nødvendig å få til eit betre samarbeid med staten og kommunane for å nå felles mål. at fylkeskommunen skal vere aktiv i å planleggje og leggje til rette for arbeidsplassar i fylket, spesielt innanfor miljøtiltak og kultur. Fylkeskommunen må leggje til rette for arbeidsplassar for folk som har funksjonshemmingar og/eller er yrkesvalhemma. at planlegging av alle fylkeskommunale tiltak skal utførast slik at konsekvensar for miljøet blir grundig behandla. at fylkestinget blir styrkt som allmennpolitisk forum, m.a. gjennom temadagar og offentlege høyringar i viktige saker. at eit demokrati- og brukarperspektiv må liggje til grunn for all organisering og tilrettelegging av fylkeskommunale oppgåver og tenester. B) Administrasjon og folkevalde Møre og Romsdal SV vil: styrkje fylkeskommunens personalpolitikk, ved m.a. å gje betre høve til opplæring og utvikling. gje støtte til leiarutviklingsprogram for kvinner og arbeide for at fleire kvinner skal ha i leiande stillingar i fylkeskommunen. ha ei ryddig arbeidsdeling mellom politikarar og administrasjon. at sakspapir skal vere oversiktlege slik at hovudargumenta er lette å dra ut, med mål- og resultatkrav som viktige styringsinstrument. at einskapsfylket overtar fylkesmannens oppgåver også innan klage, tilsyn, beredskap med meir, slik at fylkesmannen blir nedlagt. Tilsynet med fylkets eigne oppgåver må sjølvsagt finne si løysing utanfor organisasjonen. 18

19

Miljø og fellesskap MELD DEG INN I SV! Send medlem (namn og adresse) til 1938, eller ring 21 93 33 00 SV sine nettsider: www.sv.no E-post: post@sv.no moreogromsdal@sv.no