Årdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 070/16 Formannskapet 14.06.2016 Sakshandsamar: Knut Fredrik Øi Arkiv: K2 - K46 Arkivsaksnr. 15/319-16/5535 Søknad om godkjenning av Årdal Bestandsplanområde og bestandsplan for hjort 2016-2018 Saka gjeld Årdal hjort- og elgutval søkjer om: 1. Etablering av bestandsplanområde for hjort 2. Godkjenning av bestandsplan for hjort i perioden 2016-2018 i bestandsplanområdet 3. Støtte frå viltfondet til drift av bestandsplanområdet Bakgrunn Det er sentrale målsetjingar at forvaltninga av hjort skal vera kunnskapsbasert, målbar og grunneigarstyrt. Alt vilt bør forvaltast etter ein plan. Kommunen skal setja overordna målsetjingar som òg tek omsyn til dei andre samfunnsinteressene (landbruk, trafikk, biologisk mangfald m.m.). Årdal hjort- og elgutval starta arbeidet med valdsamarbeid og bestandsplanar i 2004. Begrepet bestandsplanområde vart lansert i hjorteviltforskrifta av 2012. Eit bestandsplanområde er definert ved at to eller fleire vald samarbeider om å laga bestandsplan for det området ein meinar at hjortebestanden nyttar. Organisering i såkalla bestandsplanområde opnar for nye moglegheiter, mellom anna samarbeid mellom vald. Årdal kommune har sida 2014 teke del i Prosjekt forvaltning av hjortebestand i regi av Vestskog. Her har grunneigarsida har fått hjelp til å organisera seg og laga bestandsplan. Bestandsplanområdet er i søknaden avgrensa av Årdal kommune sine grensar. Bestandsplanen har som hovudmål å stabilisera hjortebestanden i planområdet, totalt sett. Det er litt ulike målsetjinger i ulike områder. Dette vert søkt handsama med noe ulikt minsteareal og avskytningsmodell, i tillegg til at samarbeid mellom vald gir moglegheit for flytting av fellingsløyve internt i dei gamle driftsplansområda. Samtlege 20 hjortevald i området har i søknaden signert seg inn i felles bestandsplan frå fyrste året. Drøfting Søknaden frå Årdal hjort- og elgutval er tredelt. Drøftinga vert delt opp i punkt 1-3 i det følgjande:
1. Etablering av bestandsplanområde for hjort Forskrift om forvaltning av hjortevilt 13-14 set krav til bestandsplanområde og søknad om dette. Dei formelle krava er tilfredsstilt. Omsøkt avgrensning følgjer kommunegrensa. Det er likevel kunnskap om større trekk mellom Årdal og Lærdal og mellom Årdal og Luster. I arbeidet med bestandsplanområde har det vore kontakt med tilgrensande vald i Luster utan at ein har klart å få til eit samarbeid i denne omgangen. Grensa mellom Lærdal og Årdal har ein i forarbeidet vorte einige om at i denne omgangen bør følgja kommunegrensa. Lærdal kommune er eit eige bestandsplanområde. I søknaden vert det sagt at ein er open for å tenkja nytt om yttergrensene viss dette syner seg å vere formålsteneleg. Det same er beskrive i søknad og i godkjenning av Lærdal bestandsplanområde. Det er sentralt å ha dialog med områda både i Luster og Lærdal framover slik at ein kjenner kvarandres målsetjinger og oppfatningar av bestandssituasjon. Det vert i planen lagt opp til årleg kontakt med tilgrensande område. Innafor den omsøkte geografiske avgrensinga er det 20 hjortevald. Alle valda har signert medlemskap i bestandsplanområdet/bestandsplan. Forskrift om forvaltning av hjortevilt (Hjorteviltforskrifta) 13 set som vilkår at alle jaktrettshavarar i dei omsøkte valda har gjeve sin tilslutning til søknaden. Jamfør Forskrift om forvaltning av hjortevilt med kommentarar, 13 punkt e, skal søkjar kunna dokumentera at underskriftene representerar eigedommane på lovleg vis. Viss det kjem fram at heimelshavare ikkje har signert, kan dei aktuelle eigedommane/valda trekkast ut av bestandsplanområdet. Rådmannen tilrår å godkjenna omsøkt bestandsplanområde for hjort. 2. Godkjenning av bestandsplan for hjort i perioden 2016-2018 i bestandsplanområdet Omsøkt bestandsplan har som hovudmål: «Hovudmålet for denne planperioden er å stabilisere hjortestamma på dagens nivå. Dette skal gjerast innafor berekraftige rammer for landbruket, skogbruket og andre samfunnsinteresser. Ein legg vidare til grunn ei målsetting om ein forutsigbar bestandsutvikling til gode for jaktrettshavarar, næringsverksemd og andre samfunnsinteresser. Målsettinga er ein hjortebestand med stor produksjonsevne ut i fra beitegrunnlaget der gjennomsnittsalderen i bestanden er relativt høg.» I delmåla vert det bruka målbare bestandsparametere slik at det vert mogleg å vurdera måloppnåinga undervegs og ved revidering av planen. Hjorteviltforskrifta 15 set krav til bestandsplanens innhald og form. Planen tilfredsstiller krava i forskrifta. Hjorteviltforskrifta 16 omhandlar kommunens handsaming av sjølve bestandsplanen. For at kommunen skal godkjenna ein bestandsplan, skal den vera i samsvar med kommunen sine overordna målsetjingar for hjorteforekomst i kommunen. Gjeldande forvaltningsplan for hjortevilt i ÅLA har følgjande målsetjing: "Årdal, Lærdal og Aurland har som mål å ha ein bestand av hjortevilt som er tilpassa naturleg næringstilgong, har god kondisjon og som skal føra til minimal skade på jord, skog og andre samfunnsinteresser. Hjorteviltbestanden skal vere til nytte og glede for grunneigarar, jegerar og ålmenta".
Spørsmålet vert difor om hjorteforekomsten i dag er innafor dei kommunale målsetjingene og korleis den omsøkte avskytning- og samarbeidsmodellen vil påverka situasjonen. Forvaltninga og jaktrettshavarane har jobba målretta nokre år no for å heva kunnskapsnivået om hjortebestanden. Til dømes er oppslutninga kring sett-hjort-metoden no omlag 96%. Dette gir oss tettleiks- og strukturmål. Innsamling av slaktevekter og aldersanalyse er også etablert, noe som gir verdifull informasjon om kondisjon og demografi. Årdal kommune har kjennskap til om lag 5 årlege hjortepåkøyrslar. Det kan sjå ut som at dette er ein aukande trend. Påkøyrslane skjer relativt spredt, men med ein viss konsentrasjon rundt grensa mot Lærdal, i Naddvik og i Utladalen. Av andre samfunnsinteresser kan skadeproblematikk på nye kyrkjegarden i Øvre Årdal nemnast. Likeledes vert det frå Statens Naturoppsyn meldt om beiteskade på almetre i Utladalen/Avdalen. Når det gjeld jord- og skogbruk hadde Felles landbrukskontor ÅLA i 2014 ei spørjeundersøking for å kartleggja og kvantifisera skadeproblematikken i kommunen. Det var diverre låg deltaking, så resultata er ikkje representative. Summen av svara og anna kjennskap landbrukskontoret har til temaet, gjer at me likevel har ein rimeleg god oversikt over tematikken. Det er heller tvilsamt at målsetjinga til kommunen om minimal skade på jord- og skogbruk er nådd. Spesielt kan nemnast Naddvik/Vikadalen og Ofredalen som meldar om omfattande beiteskade. Kunnskapsgrunnlaget knytt til søknaden vert vurdert til å vera rimeleg godt, jamfør NML 8 og det vert difor mindre relevant å nytta 9 i NML, føre-var-prinsippet. Arbeidet med heilskapeleg bestandsplan i Årdal har gått over fleire år, og det har vore involvering av grunneigarsida representert via valdtilknytning. Styret i Årdal hjort- og elgutval er samansett av representantar frå heile kommunen (alle driftsplanområda). Tematikken kring skadeproblematikk og ulike ønskjer/målsetninger har vorte diskutert i planarbeidet. Planen har lege på høyring, mellom anna på heimesida til kommunen. Om dei skisserte tiltaka (kvote, samarbeidsmoglegheit og avskytningsmodell) vil hjelpa på skadeproblematikken, gjenstår å sjå. Det har kome innspel til kommunen frå Ofredal om at deira skadeproblematikk ikkje har vore teke nok omsyn til i arbeidet. Rådmannen meinar likevel at arbeidet og informasjonen gjort av Årdal hjort- og elgutval har vore grundig og at grunneigarsida har hatt gode moglegheiter til å koma med innspel. Ved revidering av bestandsplanen vil det vere sentralt å drøfta om skadeomfanget har vorte redusert, eller om det er trong for sterkare verkemiddel enn dei som er omsøkt i bestandsplanen. Avskytninga i Årdal har dei siste åra synt ein markant overgang frå beskatning av produksjonsdyr til om lag 55% beskatning av kalv og ungdyr. Målsetjinga i planen er 60% beskatning av kalv og ungdyr. Dette gjer at ein større andel produksjonsdyr går att i skogen etter jakta, og det vert ein høgare produktivitet i bestanden. Når hovudmålet i bestandsplanen er å stabilisera bestanden, vil ein truleg måtte auke fellinga for å hindra vekst. Ved å ha ein produktiv vinterstamme beståande av mykje vaksne dyr, kan ein truleg redusera både noe trafikkproblematikk, beiteskadeproblematikk (på innmark og vinterbeite i utmark) utan at det går på bekostning av haustingsoverskotet. Den samla belastninga på økosystem og samfunn kan såleis dempast, jamfør NML 10 og 12. Den samla fellingskvota i bestandsplanområdet vert no søkt auka frå 163 til 202, om lag 24% auke. I tillegg vil moglegheita for å samarbeide mellom vald kunne auke fellinga der det naudsynt. Omsøkt kvotestorleik for dei respektive valda krev at kommunen avvik frå vedteke minsteareal ved tildeling av fellingsløyve. Hjorteviltforskrifta 7 opnar for dette. Sjå vedlegg for utreikning av avviket som skal til for å møta omsøkt fellingskvote i perioden 2016-2018. Rådmannen ser positivt på samarbeidet som Årdal hjort- og elgutval har skipa og trur dette er vegen til ei effektiv, rettmessig og forutsigbar hjorteforvaltning. Rådmannen tilrår å godkjenna omsøkt bestandsplan for hjort i perioden 2016-2018. Fellingsløyva vert gjeve som frie dyr for heile
planperioden til valda som har signert søknaden. Fellinga skal gjerast i tråd med avskytningsmodellen. Kommunen avvik frå minstearealet, jamfør vedlegg, ved tildeling av fellingsløyve i planperioden. Eldegarden hjortevald har allereie godkjent bestandsplan. Denne vert ved godkjenning av omsøkt bestandsplan erstatta av ny plan for perioden 2016-2018. 3. Støtte frå viltfondet til drift av bestandsplanområdet Årdal hjort- og elgutval søkjer om 25 000 kr i årleg driftsstøtte i planperioden. Det kommunale viltfondet i Årdal har ein saldo på 193 000 kr (pr 25.05.2016). Inntekta til viltfondet er primært fellingsavgift frå hjort- og elgjakta. Fellingsavgiftene var i 2015 snaut 40 000 kr, og vil i utgangspunktet auka med høgare felling. Utgiftene frå viltfondet er primært handsaming av fallvilt (trafikk). Elles er det tilskot etter søknad. I Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort og Årdal kommune retningsliner for bruk av viltfondet er bestandsplanlegging- og valdorganisering eit sentralt tema som fondet kan nyttast til. Rådmannen tilrår å løyva 25 000 kr årleg frå det kommunale viltfondet til drift av bestandsplanområdet i planperioden 2016-18, totalt 75 000 kr. Midlane vert utbetalt årleg, etter at godkjent rekneskap ligg føre. Tilråding: I medhald av Forskrift om forvaltning av hjortevilt, 14, godkjenner Årdal kommune omsøkt bestandsplanområde for hjort. I medhald av Forskrift om forvaltning av hjortevilt, 16 og 7 godkjenner Årdal kommune omsøkt bestandsplan for hjort i perioden 2016-2018. I medhald av Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort og Årdal kommune retningsliner for bruk av viltfondet godkjenner Årdal kommune søknad om 25 000 kr årleg i planperioden 2016-2018 til drift av Årdal bestandsplanområde for hjort. Midlane skal dekkast av Årdal kommune sitt viltfond, og vert utbetalt når det ligg føre årsrapport med rekneskap. Godkjenninga av eksisterande bestandsplan for Eldegarden hjortevald vert trekt attende. Valdet har signert den nye bestandsplanen. Tiltaket er vurdert etter Naturmangfaldlova 8-12. 14.06.2016 Formannskapet Erling Offerdal, SP, fremja forslag om at "formannskapet vedtek godkjenning av Årdal Bestandsplanområde og bestandsplan for hjort 2016-2018, med forbehold at det vert endra tildeling av hjorteløyve i Offerdalen frå 1000 dekar til 800 dekar på grunn av store beiteskader på innmark. Erling Offerdal, SP sitt forslag vart teken opp til røysting. Røysting. Erling Offerdal, SP sitt forslag vart vedteken samrøystes.
Fskap-070/16 Vedtak: I medhald av Forskrift om forvaltning av hjortevilt, 14, godkjenner Årdal kommune omsøkt bestandsplanområde for hjort, med forbehold om at det vert endra tildeling av hjorteløyve i Offerdalen frå 1000 dekar til 800 dekar på grunn av store beiteskader på innmark. I medhald av Forskrift om forvaltning av hjortevilt, 16 og 7 godkjenner Årdal kommune omsøkt bestandsplan for hjort i perioden 2016-2018, med forbehold om at det vert endra tildeling av hjorteløyve i Offerdalen frå 1000 dekar til 800 dekar på grunn av store beiteskader på innmark. I medhald av Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort og Årdal kommune retningsliner for bruk av viltfondet godkjenner Årdal kommune søknad om 25 000 kr årleg i planperioden 2016-2018 til drift av Årdal bestandsplanområde for hjort. Midlane skal dekkast av Årdal kommune sitt viltfond, og vert utbetalt når det ligg føre årsrapport med rekneskap. Godkjenninga av eksisterande bestandsplan for Eldegarden hjortevald vert trekt attende. Valdet har signert den nye bestandsplanen. Tiltaket er vurdert etter Naturmangfaldlova 8-12. Vedlegg: Søknad om godkjenning av bestandplan for hjort i Årdal kommune - Årsmøte/etableringsmøte Bestandsplan, Årdal bestandsplanområde_ søknad 30.04.2016.pdf Årsmøte_etableringsmøte 2016 referat.pdf Søknad om godkjenning av bestandsplan for Årdal kommune 2016-2018.pdf Vedtekter for bestandsplanområde, vedtatt på skipningsmøte 07.03.2016.pdf Underskrifter Årdal bestandsplanområde for hjort 1 Underskrifter Årdal bestandsplanområde for hjort 2 Søknad om årlege driftsmidlar til Årdal bestandsplanområder for hjort mai 2016.pdf Avvik av minstearealet i planperioden 2016-2018