MØTEINNKALLING Tysnes kommune



Like dokumenter
MØTEBOK Tysnes kommune

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Protokoll Tysnes kommune

10/60-14/N-211//AMS

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15:00-17:30 Møtestad: Kommunehuset

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Saksnr Utval Møtedato

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/11 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Kviteseid kommune. Møteinnkalling. Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 09:30

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Protokoll Tysnes kommune

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Tertialrapport 2 tertial 2015

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Plan for overgangar. for barn og unge

Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Sandeid skule SFO Årsplan

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR.

Transkript:

1 Utval : OPPVEKST/OMSORG Møtestad : Rådhuset Møtedato : 30.11.2010 Tid : 09.00 MØTEINNKALLING Tysnes kommune SAKLISTE: Utvalsaknr. Arkivsaknr. Tittel PS 56/10 08/571 REGULERING AV PRIS FOR TRYGGLEIKSALARMAR FRÅ 01.01.11. PS 57/10 09/84 ORGANISERING AV DRIFT AV KRISESENTER FRÅ 01.01.11 PS 58/10 09/86 SØKNAD OM ENDRING AV TILBOD VED HOVLAND BU- OG OMSORGSSENTER PS 59/10 10/7 OPPLÆRINGSPLAN 2011 PS 60/10 10/8 VERKSEMDSPLAN 2011 PS 61/10 10/934 SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL STYRKING AV BARNEVERNET I 2011 PS 62/10 10/946 TILSYNSRAPPORT LUNDE SKULE PS 63/10 10/947 TILSYNSRAPPORT TYSNES SKULE PS 64/10 10/949 ENDRING AV VEDTEKTENE I BARNEHAGANE PS 65/10 10/948 VURDERINGSRAPPORT ONARHEIM SKULE

125 MØTEBOK Tysnes kommune Utval Møtedato OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 Arkivsak : Arkivkode: 08/571 334 - Sakshandsamar: Einar Aslaksen Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 PS 56/10 REGULERING AV PRIS FOR TRYGGLEIKSALARMAR FRÅ 01.01.11. Vedlegg: 1. Varsel om prisregulering av oktober 2010. SAKSUTGREIING: Leigepris for tryggleiksalarm I er p.t. kr. 255,- pr. mnd. gjeldande tilbake frå 01.01.09 (sist regulert) og tryggleiksalarm II kr. 179,- pr. mnd. Då ligg det også inne ein komponent på utkøyring og vedlikehald i prisen. Prisen frå Hjelp 24 aukar med kr. 6,- pr. månad frå nyttår. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Leigepris for tryggleiksalarm I vert auka frå kr. 255,- til kr. 261,- pr. mnd. gjeldande frå 01.01.11. VEDTAK I OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010: Leigepris for tryggleiksalarm I vert auka frå kr. 255,- til kr. 261,- pr. mnd. gjeldande frå 01.01.11.

126 MØTEBOK Tysnes kommune Utval Møtedato OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 Arkivsak : Arkivkode: 09/84 105 - Sakshandsamar: Einar Aslaksen Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 PS 57/10 ORGANISERING AV DRIFT AV KRISESENTER FRÅ 01.01.11 Vedlegg: 1. Framlegg til kostnadsfordeling 2. Saksutgreiing av innstilling frå rådmannen i Haugesund 3. Framlegg til selskapsavtale SAKSUTGREIING: Det vert vist til saksutgreiing vedlegg 2. Frå 2011 går statlege midlar til krisesentertilbod inn i rammetilskota til kommunane. I budsjettinnspel 2011 er utgiftene for Tysnes kommune stipulert til kr. 131.600. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: 1. Kommunestyret vedtek å stifte eit interkommunalt selskap (IKS) for å drive krisesentervirksomheten på vegne av Tysnes kommune. Det takast sikte på oppstart 01. januar 2011. 2. Eksisterande krisesenterorganisasjonar i Haugesund, Stord og Odda inviterast inn i samarbeidet. 3. Rådmannen gjev framlegg til første års finanisering i samanheng med budsjetthandsaminga for 2011. 4. Kommunestyret godkjenner vedlagde framlegg til selskapsavtale (vedlegg 3 ). Rådmennene i eigarkommunane utgjer selskapet sitt representantskap. Ass. rådmannen oppnemnast som rådmannen sitt varamedlem.

127 FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010: 1. Kommunestyret vedtek å stifte eit interkommunalt selskap (IKS) for å drive krisesentervirksomheten på vegne av Tysnes kommune. Det takast sikte på oppstart 01. januar 2011. 2. Eksisterande krisesenterorganisasjonar i Haugesund, Stord og Odda inviterast inn i samarbeidet. 3. Rådmannen gjev framlegg til første års finanisering i samanheng med budsjetthandsaminga for 2011. 4. Kommunestyret godkjenner vedlagde framlegg til selskapsavtale (vedlegg 3 ). Rådmennene i eigarkommunane utgjer selskapet sitt representantskap. Ass. rådmannen oppnemnast som rådmannen sitt varamedlem.

128 MØTEBOK Tysnes kommune Utval Møtedato OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 Arkivsak : Arkivkode: 09/86 334 - Sakshandsamar: Einar Aslaksen Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 PS 58/10 SØKNAD OM ENDRING AV TILBOD VED HOVLAND BU- OG OMSORGSSENTER Vedlegg: 1. Søknad av 10.11.10 SAKSUTGREIING: 1. Servering av frukost og kvelds vert tilrettelagd felles for dei som ynskjer (og kan) det. Bebuarane som bur i trygde- og omsorgsbustadene, og som har behov for hjelp med måltid, får dette tilrettelagd individuelt. Dersom nokon ynskjer å ha måltid i lag, vert det lagt til rette for det. Kvar enkelt bebuar kjøper inn matvarer til tørrmåltid sjølve, anten med eller utan hjelp. Matvarene vert oppbevart i eige kjøkken i eigen bustad. Erfaringsmessig er det ikkje alle som ynskjer servering av frukost og kvelds felles. M.a. har 2 bebuarar vendt seg til helse- og sosialkontoret om at dei ikkje ynskjer fellesmåltid, men vil kjøpe inn den maten dei treng sjølv. På dagtid er 2 personell på dagvakt i område 1, i tillegg heimehjelpar, som skal yte hjelp til dei som bur på Hovland og elles i Onarheims-bygda, og mot Lunde/Tysnes, på kveldsvakt er det 1 personell. Dersom ein skal servere felles frukost og kvelds, må det vera personell som har ansvar for felles innkjøp, oppbevaring og tillaging av tørrmåltid. Det vil gjerne snart melde seg behov for ekstra personell både på dag og kveld for å kunne yte denne servicen, min. 1 time dag og 1 time kveld. Det er vidare vanskeleg å skaffe personell til slike småoppdrag. Kostnaden med løn 1 time dag + 1 time kveld er stipulert til kr. 40.000 på årsbasis.

129 Det er å nemne at det vert lagt til rette med servering av felles varm middag kvar dag for dei som ynskjer det på Hovland. Middagen vert laga og køyrd frå Tysnes sjukeheim i Uggdal, og det er personell i open omsorg som utfører transporten. 2. Det vert helsepersonell på huset også dei timane på ettermiddag/kveld som heimesjukepleiar er ute i oppdrag Pr. i dag er det 2 kveldsvakter i open omsorg, ei går ut frå Uggdal, den andre frå Hovland, desse arbeider fleksibelt over områdegrensene. Kveldsvakta på Hovland har oppdrag til brukarar i område 1 Hovland og Onarheim og deler av område 2, frå Lunde og utover til Tysnes, og er gjerne borte frå huset 2-3 timar på kveld. Viss det skal vera helsepersonell på huset heile vakta, inneber det behov for oppretting av ny kveldsvakt, nr. 3, i open omsorg, for å dekke kveldsbehovet til brukarar i eigen heim. Minimum nye ressursar vil vera ny vakt kl. 17 22 = 5 timar x 7 dg/v = 35 timar pr. veke. Tilråding nye ressursar vil vera ny vakt kl. 15 22 = 7 timar x 7 dg/v = 49 timar pr. veke. Utifrå å greie å rekruttere personell er det sistnemnde alternativet med 7 timars vakt som vil vera mest aktuelt. Det er rett å påpeike at det generelt er vanskeleg å skaffe personell, særleg til berre å stette kveldsvakter. Avhenging av storleiken på stillinga (35 timar pr. veke eller 49 timar pr. veke) med kvelds- og helgetillegg vil stipulerte årlege lønskostnadar vera i storleiken kr. 700.000 til kr. 900.000 pr. år. Det vil etter kvart vera nødvendig å styke open omsorg med meir ressursar for å yte eit betre tilbod til brukarane i heile kommunen m.a. på kveldstid. Spørsmålet er, viss ressursar vert tilført, om det er ei klok ressursutnytting å kun låse ressursane mot Hovland. Vi har også andre grisgrendte delar av kommunen med lange køyreavstandar frå base i Uggdal, der ein i periodar må inn med ekstra ressursar for å kunne yte eit betre tilbod når behov oppstår. VURDERING Rådmannen kan ikkje sjå at helse- og sosialetaten har økonomiske rammer til å løyse dei tilhøva det vert søkt etter. Rådmannen kan heller ikkje sjå at det er mogeleg å omprioritere eksisterande tiltak i budsjettet for å løyse tilhøva.

130 Dersom helse- og sosialetaten skulle få tilført meir ressursar, vil rådmannen ikkje prioritere midlar som vert låst til Hovland, men ressursar som kan nyttast i open omsorg i heile kommunen. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: 1. Det vert ikkje lagt opp til felles innkjøp, oppbevaring og tillaging av frukost og kvelds til leigetakarne ved trygde- og omsorgsbustadene på Hovland. Dersom nokon av bebuarane ønskjer å ha felles måltid, vert det lagt til rette for det i dag etter ekisterande ordningar. 2. Det vert ikkje fast helsepersonell på huset på ettermiddag/kveld. Grunngjeving Det er ikkje budsjettmidlar eller mogeleg å omprioritere budsjettmidlar innan helse- og sosialetaten si budsjettramme for å løyse pkt. 1 og 2. Dersom helse- og sosialetaten skulle få tilført meir ressursar, vil ikkje midlane verta låst til Hovland, men nytta til open omsorg i heile kommunen. HANDSAMING I OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010: Framlegg til vedtak frå Tysnes Frp. ved Kirsten Folgerø: Det avsettes midler til tilrettelegging av felles servering av frukost og kvelds ein time om formiddag og ein time kvelds. Midlene stipulert til kr. 40.000,- dekkes av midler avsatt til økt driftstilskudd til fysioterapeuter. Ved avrøysting fekk innstillinga frå rådmannen punkt 1 4 røyster for (I.S, A.Aa. F, S.V., B.E.G.) 3 røyster for framlegget frå Frp. (K.F., K.A.E., O.K.) Punkt 2 samrøystes vedteke. Etter dette ligg det føre slikt VEDTAK I OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010: 1. Det vert ikkje lagt opp til felles innkjøp, oppbevaring og tillaging av frukost og kvelds til leigetakarne ved trygde- og omsorgsbustadene på Hovland. Dersom nokon av bebuarane ønskjer å ha felles måltid, vert det lagt til rette for det i dag etter eksisterande ordningar. 2. Det vert ikkje fast helsepersonell på huset på ettermiddag/kveld. Grunngjeving

131 Det er ikkje budsjettmidlar eller mogeleg å omprioritere budsjettmidlar innan helse- og sosialetaten si budsjettramme for å løyse pkt. 1 og 2. Dersom helse- og sosialetaten skulle få tilført meir ressursar, vil ikkje midlane verta låst til Hovland, men nytta til open omsorg i heile kommunen.

132 MØTEBOK Tysnes kommune Utval Møtedato OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 Arkivsak : Arkivkode: 10/7 045 - Sakshandsamar: Einar Aslaksen Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 PS 59/10 OPPLÆRINGSPLAN 2011 Vedlegg: 1. SAKSUTGREIING: INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: OPPLÆRINGSPLANEN I HELSE- OG SOSIALETATEN 2011 Følgjande opplæringstiltak innan helse- og sosialetaten vert prioriterte så langt statstilskot og kommunebudsjett strekk til: Avdelingsovergripande Kurs i individuell plan/koordinator Kurs n.d.g. samhandlingsreforma Arbeidsmiljø/kommunikasjon Brukarmedverknad/helsepersonellova/etiske standarder Kvalitet/internkontroll Målsetting/ressursbruk Helseavdelinga Jordmor/helsestasjon

133 Ammerettleiingskurs trinn 1 4 Fysioterapitenesta Auka kjennskap til normal motorisk utvikling, og korleis ein kan nytte dette i behandling av barn med ulik grad av motorisk avvik Førebygging/tiltak ift overvekt blant barn og unge Svimmelhet og balanseproblemer Ortopedi Nevrologi Trening og oppfølging ift menneske med psykisk liding Kurs ved Hjelpemiddelsentralen i fht hjelpemiddel Undersøking og behandling innan muskel/skjellet og manullterapi Behandling med fysikalske hjelpemiddel som tens, ultralyd og liknande Ergoterapi Vidare opplæring i CosDoc journalsystem, m.a. i i Hjelpemiddelmodulen også for å få optimal tverrfagleg effekt av systemet Kunnskapsbasert ergoterapi Arbeidsplassvurdering (evt. dersom fleire oppdrag i BHT) Sortimentkurs på Hjelpemiddelsentralen vurdere kurs i høve oppdateringsbehov/tilgjengelege kurs (desse kursa plar vera gratis) Kognitiv kartlegging / demens Bustadtilrettelegging oppdatering m.a. i Plan og bygningslova Barnevernstenesta Kunnskapsbasert barnevern: Implementering av Kvello-metoden i undersøkingsarbeidet Fokus på opplæring innan kunnskapsbaserte metoder innan endringsarbeid i familie Fokus på endringsarbeid for kompenserande tiltak Opplæring av ny tiltaksmedarbeidar ( dersom kommunen får statstilskot) Spissing av tiltaksplanar til kunnskapsbaserte metoder Vurdering av risiko og berekning av skadeomfang ved omsorgssvikt Til det ovanfornemnde brukar ein eigen tid i høve Kvello, samt at kurs frå Bufetat og fylkesmannen vil bli prioritert når dei favner temane over. Vidare vil vi nytte ekstern rettleiar (KAO S) slik som tidlegare. Barnevernleiar deltek i barnevernleiarfora for å favne fokus og få tenester som er lik med dei andre kommunane (sikre faglegheit). Det er oppretta tiltaksfora for tiltaksmedarbeidarar i sunnhordlandskommunane. Dette vil verta prioritert av tiltaksmedarbeidar når/dersom denne kjem på plass.

134 Kommunemøter med Bufetat samarbeid om barn, tiltak og økonomi. Pleie- og omsorgsavdelinga 1 2 vekers hospitering for arbeidstakarar i pleie- og omsorgsavdelinga ved Stord sjukehus, vår/haust, jfr. samarbeidsavtale mellom Helse Fonna og kommunane 1 lærling ved TAF Helse ved Fusa vidaregåandde skule, 4. året 2 lærlingar i helsearbeidarfaget over 2 år, 2010 2012 1 2 tilsette ta helsarbeidarutdanning ved Fusa vidaregåande skule. Søkje midlar frå kompetanseløftet 2015. Eldreomsorgens ABC, prosjekt over 4 år i regi av Aldring & Helse, 14 deltakarar, oppstart januar 2009 Demensomsorgens ABC, viss kapasitet til å gjennomføre, søkje midlar kompetanseløftet 2015 Grunnkurs/oppfrisking legemiddelhandsaming for helsefagarbeidarar Vidareutdanning i kreftsjukepleie for 1 sjukepleiar i open omsorg oppstart hausten 2010 Vidareutdanning i psykisk helsearbeid, deltid 2 år, v/høgskulen Stord/Haugesund 1 sjukepleiar sjukeheim og 1 sjukepleiar open omsorg, oppstart hausten 2010 Vidareutdanning innan administrasjon/leiing, ønskjeleg å støtte leiar open omsorg, når tilsett er klar for dette, evt. hausten 2011 Diverse kurs i fagtema: demens, psykiatri, hjerte/kar, apopleksia, omsorg v/lives slutt, smertebehandling, miljøarbeid Kurs med tema: dokumentasjon/pleieplan, diverse lovverk, tvang/samtykke, kvalitet/internkontroll Kurs med tema: grunnleggjande førstehjelp, reinhaldsmetodar, arbeidsmiljø/kommunikasjon Tenester til psykisk utviklingshemma (bustader og dagsenter) Fagdagar frå Habiliteringstenesta Rettleiing Teambuilding (korleis jobbe betre for felles mål) Psykiske sjukdomar hjå menneske med utviklingshemming Forståing av miljøterapeutisk arbeid Brukarmedverknad / sjølvbestemmelserett Handtering av utagerande åtferd Autisme Aldring hjå utviklingshemma Psykisk herlsetenste Psykisk helsearbeid for barn og unge 1 medarbeidar fullfører studiet våren 2011 Endringsfokusert rådgjeving trinn 1 og 2 Førstehjelp ved sjølvmord VIVAT, ønskjeleg at alle tilsette i teamet har dette kurset

135 I samband med prosjektet Ytre Sunnhordland samhandlingsteam vil psykiatrisk sjukepleiar bli pålagt kurs/oppdatering/internopplæring i tema som har med tema som rus/psykiatri, m.a. bruk av ulike karteggingsverkty Scizofrenidagane i Stavanger VEDTAK I OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010: OPPLÆRINGSPLANEN I HELSE- OG SOSIALETATEN 2011 Følgjande opplæringstiltak innan helse- og sosialetaten vert prioriterte så langt statstilskot og kommunebudsjett strekk til: Avdelingsovergripande Kurs i individuell plan/koordinator Kurs n.d.g. samhandlingsreforma Arbeidsmiljø/kommunikasjon Brukarmedverknad/helsepersonellova/etiske standarder Kvalitet/internkontroll Målsetting/ressursbruk Helseavdelinga Jordmor/helsestasjon Ammerettleiingskurs trinn 1 4 Fysioterapitenesta Auka kjennskap til normal motorisk utvikling, og korleis ein kan nytte dette i behandling av barn med ulik grad av motorisk avvik Førebygging/tiltak ift overvekt blant barn og unge Svimmelhet og balanseproblemer Ortopedi Nevrologi Trening og oppfølging ift menneske med psykisk liding Kurs ved Hjelpemiddelsentralen i fht hjelpemiddel Undersøking og behandling innan muskel/skjellet og manullterapi Behandling med fysikalske hjelpemiddel som tens, ultralyd og liknande Ergoterapi

136 Vidare opplæring i CosDoc journalsystem, m.a. i i Hjelpemiddelmodulen også for å få optimal tverrfagleg effekt av systemet Kunnskapsbasert ergoterapi Arbeidsplassvurdering (evt. dersom fleire oppdrag i BHT) Sortimentkurs på Hjelpemiddelsentralen vurdere kurs i høve oppdateringsbehov/tilgjengelege kurs (desse kursa plar vera gratis) Kognitiv kartlegging / demens Bustadtilrettelegging oppdatering m.a. i Plan og bygningslova Barnevernstenesta Kunnskapsbasert barnevern: Implementering av Kvello-metoden i undersøkingsarbeidet Fokus på opplæring innan kunnskapsbaserte metoder innan endringsarbeid i familie Fokus på endringsarbeid for kompenserande tiltak Opplæring av ny tiltaksmedarbeidar ( dersom kommunen får statstilskot) Spissing av tiltaksplanar til kunnskapsbaserte metoder Vurdering av risiko og berekning av skadeomfang ved omsorgssvikt Til det ovanfornemnde brukar ein eigen tid i høve Kvello, samt at kurs frå Bufetat og fylkesmannen vil bli prioritert når dei favner temane over. Vidare vil vi nytte ekstern rettleiar (KAO S) slik som tidlegare. Barnevernleiar deltek i barnevernleiarfora for å favne fokus og få tenester som er lik med dei andre kommunane (sikre faglegheit). Det er oppretta tiltaksfora for tiltaksmedarbeidarar i sunnhordlandskommunane. Dette vil verta prioritert av tiltaksmedarbeidar når/dersom denne kjem på plass. Kommunemøter med Bufetat samarbeid om barn, tiltak og økonomi. Pleie- og omsorgsavdelinga 1 2 vekers hospitering for arbeidstakarar i pleie- og omsorgsavdelinga ved Stord sjukehus, vår/haust, jfr. samarbeidsavtale mellom Helse Fonna og kommunane 1 lærling ved TAF Helse ved Fusa vidaregåandde skule, 4. året 2 lærlingar i helsearbeidarfaget over 2 år, 2010 2012 1 2 tilsette ta helsarbeidarutdanning ved Fusa vidaregåande skule. Søkje midlar frå kompetanseløftet 2015. Eldreomsorgens ABC, prosjekt over 4 år i regi av Aldring & Helse, 14 deltakarar, oppstart januar 2009 Demensomsorgens ABC, viss kapasitet til å gjennomføre, søkje midlar kompetanseløftet 2015 Grunnkurs/oppfrisking legemiddelhandsaming for helsefagarbeidarar

137 Vidareutdanning i kreftsjukepleie for 1 sjukepleiar i open omsorg oppstart hausten 2010 Vidareutdanning i psykisk helsearbeid, deltid 2 år, v/høgskulen Stord/Haugesund 1 sjukepleiar sjukeheim og 1 sjukepleiar open omsorg, oppstart hausten 2010 Vidareutdanning innan administrasjon/leiing, ønskjeleg å støtte leiar open omsorg, når tilsett er klar for dette, evt. hausten 2011 Diverse kurs i fagtema: demens, psykiatri, hjerte/kar, apopleksia, omsorg v/lives slutt, smertebehandling, miljøarbeid Kurs med tema: dokumentasjon/pleieplan, diverse lovverk, tvang/samtykke, kvalitet/internkontroll Kurs med tema: grunnleggjande førstehjelp, reinhaldsmetodar, arbeidsmiljø/kommunikasjon Tenester til psykisk utviklingshemma (bustader og dagsenter) Fagdagar frå Habiliteringstenesta Rettleiing Teambuilding (korleis jobbe betre for felles mål) Psykiske sjukdomar hjå menneske med utviklingshemming Forståing av miljøterapeutisk arbeid Brukarmedverknad / sjølvbestemmelserett Handtering av utagerande åtferd Autisme Aldring hjå utviklingshemma Psykisk herlsetenste Psykisk helsearbeid for barn og unge 1 medarbeidar fullfører studiet våren 2011 Endringsfokusert rådgjeving trinn 1 og 2 Førstehjelp ved sjølvmord VIVAT, ønskjeleg at alle tilsette i teamet har dette kurset I samband med prosjektet Ytre Sunnhordland samhandlingsteam vil psykiatrisk sjukepleiar bli pålagt kurs/oppdatering/internopplæring i tema som har med tema som rus/psykiatri, m.a. bruk av ulike karteggingsverkty Scizofrenidagane i Stavanger

138 MØTEBOK Tysnes kommune Utval Møtedato OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 Arkivsak : Arkivkode: 10/8 031 - Sakshandsamar: Einar Aslaksen Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 PS 60/10 VERKSEMDSPLAN 2011 Vedlegg: 1. Verksemdsplan 2011 SAKSUTGREIING: Verksemdsplan 2011 er helse- og sosialsjefen/leiarane sine prioriteringar av oppgåver i 2011/politiske vedtak. Planen vert lagt fram for Utval Oppvekst/omsorg til orientering. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Utval Oppvekst/omsorg merkar seg Verksemdsplan 2011 for helse- og sosialetaten. VEDTAK I OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010: Utval Oppvekst/omsorg merkar seg Verksemdsplan 2011 for helse- og sosialetaten.

139 MØTEBOK Tysnes kommune Utval Møtedato OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 Arkivsak : Arkivkode: 10/934 104 - Sakshandsamar: Einar Aslaksen Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 PS 61/10 SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL STYRKING AV BARNEVERNET I 2011 Vedlegg: 1. Rundskriv Q-31/2001 frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet av 05.11.10 Retningsliner for satsing på kommunalt barnevern 2011. 2. Rapporteringsskjema. 3. Søknadsskjema. 4. Samarbeidsavtale mellom barneverntenesta og oppvekstkontoret i Tysnes gjeldande frå 01.01.10. 5. Barn under barnevernstiltak i løpet av året. Per 1000 barn 0-17 år samanlikningstal for kommunane i 2008 tabell. 6. Kommunale hjelpetiltak pr. 22.10.10. SAKSUTGREIING: I Statsbudsjettet for 2011 har regjeringa avsett ei barnevernspakke på 390 millionar der 240 millionar skal nyttast til å opprette fleire stillingar i det kommunale barnevernet. Hordaland får ca. 22 milllionar til fordeling. Denne summen skal administrerast av Fylkesmannen og fordelast etter søknad som skal vera politisk handsama i kommunestyret. Fordeling skal skje etter ei samla vurdering med ulike kriterier. Midlane skal i hovudsak nyttast til nye stillingar, men kommunar med tilstrekkeleg tal tilsette i barnevernet kan søkje om midlar til andre tiltak som styrker barnevernet. Plan for bærekraft utover satingsperioden må følgje søknaden. Plan for å styrkje tenesta gjennom eigen innsats skal telja positivt. Ved vurdering av søknadene om stillingar i kommunane skal det takast utgangspunkt i belastning i barnevernet og levekårsutfordringar (jf. delkostnadsnøkkelen for barnevern). Politisk vedteke interkommunalt samarbeid skal telja positivt for små kommunar. Søknadsfrist for kommunane er 31.01.11 og tildeling frå fylkesmannsembetene vert innan 18.03.11. TRONG FOR 100% BARNEVERNKONSULENT / SAKSHANDSMAR I BARNEVERNET

140 Tysnes barneverntenesta har i dag 2 stillingar, i praksis ca. 1,7 stillingar. I praksis er det tilsett tre personar i 100 % stilling, ein barnevernspedagog, ein sosionom og ein jurist, men sosionomen og juristen arbeidar og med andre kommunale oppgåver / i NAV-sosial ( støttekontakt, avlastning, individuell plan og koordineringsoppgåver etter lov om sosiale tenester kap. 4 (30%) og alle oppgåver som ligg til NAV-sosial (100%)) Desse oppgåvene utgjer ca. 1,3 stillingar. I oktober 2009 vart det tilsett ny barnevernkonsulent (barnevernspedagog - 100 % stilling) / ny stilling som utelukkande har arbeidd innan barnevernet. Av di barnevernet ikkje fekk tilført friske pengar til å opprette denne stillinga, vart lønsmidlar frå helsestasjon (50 % stilling) og psykisk helse (50%) omprioritert til å styrkje barnevernet i kommunen. Stillinga vart oppretta etter ei grundig saksutgreiing med henvisning til auke i talet på meldingar til barnevernet og undersøkingar etter lov om barnverntenester. Det var sett som mål å kunne driva førebyggjande arbeid, og dermed ta tak i problema før dei vart for store og uhandterbare. Noko av dette arbeidet resulterte i ein samarbeidsavtale mellom barneverntenesta og oppvekstetaten, jfr. vedlegg 4. Slik saksutgreiinga viste, var tala tydelege, auken var eit faktum i tal og grafar. I 2009 hadde barnevernet ein liten stopp i oppgangen av meldingar, men tala har auka på i 2010. Medan barnevernet i 2009 mottok 34 meldingar, har barnevernet medio oktober 2010 motteke 55 meldingar. 2010 har vore prega av fleire større saker med alvorleg omsorgssvikt, noko som viser att i kostnader til advokat, løn til fosterheim/beredskapsheim og rekningar frå BUF-etat. Barnvernsbudsjettet for 2010 går mot ein budsjettsprekk. Det som ein ikkje kan lese av budsjett-tala er arbeidsomfanget slike saker fører med seg. Ei sak om omsorgsovertaking tek utallige timar i skrivearbeid/utgreiingsarbeid, førebuingar, kommunisering med eigen advokat, motpartens advokat, samstundes som sakshandsamar skal jobbe med å få godkjent institusjon/fosterheim, mellombelse plasseringar etc. Barnevernet har i 2010 hatt fleire akuttsaker, noko me berre har hatt to av over fleire år tidlegare. P.g.a. auken har ikkje barneverntenesta kunne drive meir med førebyggjande barnevern dette året. Til det har sakstilfanget vore for stort. I same periode har barnevernet hatt ei auke i undersøkingar, og vidare auke i utvida fristar i samband med desse. Pr. d.d. har barnevernstenesta avvik i form av manglande vedtak, tiltaksplanar eller tiltak. Dette er ikkje haldbart og gjer seg gjeldande med mange meldingar/undersøkingar. Det er eit krav at barnevernet skal oppfylle dei kriteriene som er gitt i barnevernlova. Ein kan berre undra seg over kvifor det i 2010 har vore slik enorm auke i meldingar til barnevernet. At terskelen for å melda saker til barnevernet truleg er mindre og at ulike meldarar ser barnevernet som ein viktig samarbeidspart er i utgangspunktet positivt. Barnevernet er nøydd til å prioritere det som kjem av meldingar, gå inn i kvar sak og samarbeide tettare med ulike samarbeidspartar. Slik arbeidssituasjonen er med uløyste oppgåver og avvik, er det trong for fleire hender i barnevernet. Det er akutt trong for ein ny barnevernkonsulent / sakshandsamar i 100% stilling for å løyse dei utfordringane barnevernet står i.

141 Denne tabellen viser utviklinga i talet meldingar frå 1997 og fram til medio oktober 2010: 60 50 40 30 20 Meldinger 10 0 97 98 99 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Tysnes kommune har mange barn og unge under barnevernstiltak i høve tal barn pr. 1000 barn 0-17 år(22 år) samlikna med andre kommunar i Hordaland utanom Bergen, jfr. vedlagde tabell frå Samanlikningstal for kommunane i 2008, vedlegg 5. Berre Odda kommune i Hordaland ligg høgare enn Tysnes kommune når det gjeld tiltak totalt i 2007. Nto driftsutgifter til barnevernstiltak i- og utanfor familien utgjorde i 2009 kr. 1.989 medan t.d. tre andre mindre kommunar som Fitjar, Fusa og Samnanger hadde h.v. kr. 670, kr. 998 og kr. 1.328. Pr. 22.10.10 har barnevernstenesta 32 barn under tiltak. To av barna er akuttplasserte, begge på tvang, men der ein er gått over på friviljug tilbakehald (akuttplassering p.g.a. adferd 4 25 4-26). Barnevernet har ei sak om omsorgsovertaking etter 4-12 som pågår, og to barn under omsorg frå før, samt eit som er friviljug plassert. Totalt er 6 barn under omsorg. Ei sak for eit barn er under fylkesnemndsbehandling. 26 barn har andre hjelpetiltak (råd/rettleiing, konsulenttenester, støttekontakt, fritidskontakt, avlastning, tilsyn etc.). Årleg kostnad for 100 % barnevernkonsulent / sakshandsamar vil utgjera totalt kr. 466.100 (løn inkl. feriepengar kr. 379.100, pensjon kr. 29.400 og arbeidsgjevaravgift kr. 57.600), utrekna etter høgskulestigen med 10 års ansiennitet. Fylkesmennene skal leggja til grunn ein utgift pr. årsverk med kr. 600.000, men utgifter til stillingar vil ikkje ha heilårseffekt i 2011. Planlagt tiltredingstidspunkt vil neppe vera før ca. 01.06.11. POLITISK VEDTAK OM INTERKOMMUNALT SAMARBEID SKAL TELJA POSITIVT FOR SMÅKOMMUNAR Helse- og sosialadministrasjonen har teke kontakt med Sunnhordland Interkommunale barnevern, men svaret har førebels vore negativt til at Tysnes kan slutte seg til dette interkommunale barnevernet.

142 Barnevernet på Tysnes må fram til evt. interkommunalt samarbeid klare seg sjølv. Fagteamet innan barnevernet på Tysnes har som tidlegare nemnd god fagleg innretning. Utfordringa er at tal tilsette ikkje samsvarar med saksomfanget. TRONG FOR 100% STILLING SOM TILTAKSMEDABEIDAR I alvorlege saker vert BUF-etat (statleg barnevern) tiltaksarrangør der kommunen er tingar av tenester. Likevel er det trong for kommunale tiltak som ikkje er så inngripande, men strengt naudsynt for at barn skal få bli i heimen. Mange av dei er også lovpålagt, som t.d. tilsynsførar. Barnevernstenesta hadde pr. 22.10.10 i gang reine kommunal tiltak som i timetal tilsvarar 1,5 årsverk, sjå vedlegg 6. Det skal nemnast at det er eit tiltak som er veldig stort i høve ei akuttsak, og denne vil me søkje refusjon for, men likevel er det timar som går ut der kommunen løner arbeidstakar (oppdragsavtale). Dette tiltaket vil sannsynlegvis reduserast og på sikt avsluttast. Det er samstundes trong for andre tiltak som det ikkje er vedtak på, der me ikkje har lukkast å rekruttere t.d. støttekontaktar/avlastarar. Slik situasjonen er i dag brukar barnevernet mykje tid på å leita etter den rette personen til kvart tiltak, det vere seg støttekontakt, avlastning, leksehjelp, aktivitetsperson, tilsynsførar, heimkonsulent, rettleiar m.v. Dette er tidkrevjande og sikrar ikkje at personen, viss den let seg rekruttere, har den rette kompetansen eller støtte kring seg for å fungere optimalt i sjølve oppdraget. Dersom barnevernet har ein tiltaksmedarbeidar som me kan nytte til desse føremåla, kan me investere og byggje opp kompetanse i denne medarbeidaren og rettleie vedkomande til kunnskap som han/ho kan ha nytte av i andre oppdrag. Det vil vera tidsbesparande for barnevernet og sikre barna tiltak som fungerer betre. Det er ønskjeleg at denne medarbeidaren følgjer barnevernstenesta sin kompetanseplan, jfr. opplæringsplanen, men også at han/ho i tillegg vil kunne tileigna seg kunnskap om vitskapelege dokumenterte foreldreverkty som t.d. PMTO, Familieråd, foreldrerettleiing, Webster-stratton etc. Årleg kostnad for 100% stilling som tiltaksmedarbeidar vil utgjera totalt kr. 425.900 (løn inkl. feriepengar kr. 346.400, pensjon kr. 26.900 og arbeidsgjevaravgift kr. 52.600) Løna er rekna ut som fagarbeidar med 10 års ansiennitet eller høgskuleutdanna med 4 års ansiennitet. Fylkesmennene skal leggja til grunn ein utgift pr. årsverk med kr. 600.000, men utgifter til stillingar vil ikkje ha heilårseffekt i 2011. Planlagt tiltredingstidspunkt vil neppe vera før ca. 01.06.11. PLAN FOR STYRKING AV TENESTA GJENNOM EIGEN INNSATS SKAL TELJA POSITIVT Tysnes kommune har omprioritert lønsmidlar til oppretting av 100% barnevernkonsulentstilling i 2009 og løyvd midlar til nødvendige hjelpetiltak i- og utanfor heimen. PLAN FOR BÆREKRAFT UTOVER SATSINGSPERIODEN MÅ FØLGJE SØKNADEN

143 Slik Tysnes kommune har forstått det, skal øyremerka midlar til nye stillingar vidareførast i åra som kjem og seinare innlemmast i rammeoverføringane til kommunane. Tysnes kommune står overfor utfordringa med å ta ned framlegg frå etatane til driftsbudsjett for 2011 med 14 mill for å få driftsbudsjettet for 2011 i balanse. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Det vert søkt Fylkesmannen i Hordaland om statstilskot til: 1. 100% barnevernkonsulent / sakshandsamarstilling og 2. 100% tiltaksmedarbeidarstilling til styrking i barnevernet i Tysnes i 2011. FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010: Det vert søkt Fylkesmannen i Hordaland om statstilskot til: 1. 100% barnevernkonsulent / sakshandsamarstilling og 2. 100% tiltaksmedarbeidarstilling til styrking i barnevernet i Tysnes i 2011.

144 MØTEBOK Tysnes kommune Utval Møtedato OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 Arkivsak : Arkivkode: 10/946 212 - Sakshandsamar: Helge F. Kjellevold Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 PS 62/10 TILSYNSRAPPORT LUNDE SKULE Vedlegg: 1. Førebels tilsynsrapport Lunde skule SAKSUTGREIING: Tysnes kommune mottok i juni 2010 melding frå Fylkesmannen om tilsyn med Tysnes kommune og pålegg om innsending av informasjon. Tilsynet skulle omfatta elevane sin rett til eit godt psykososialt skulemiljø. I skrivet frå Fylkesmannen står det mel.a. følgjande om føremålet med tilsynet: Det overordna målet med tilsynet er å bidra til at alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular får eit godt psykososialt miljø som fremjar helse trivsel og læring. Dette er ein individuell rett for alle elevane. Gjennom kontroll med skoleeigar og korleis skolen overheld lovkrava i samband med dette, skal ein avdekkje eventuell lovstridige forhold. Ved pålegg om endring skal slike forhold rettast opp. I rapportane er dei overordna føremåla presisert slik: * sikre at skuleeigar og skuleleiarar driv eit aktivt og førebyggjande arbeid for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø. * sikre at skuleeigar og skuleleiarar syter for at dei tilsette på ein tilfredsstillande måte handterer krenkjande åtferd som dei får kunnskap eller mistanke om. * sikre at skuleeigar og skuleleiarar syter for at elevar, foreldre råd og utval blir involverte og engasjerte i skulemiljøarbeidet. Under tilsynet i Tysnes kommunen vart det sett særleg fokus på Lunde og Tysnes skule, men samtlege skular var involvert i prosessen og leverte inn dokumentasjon til oppvekstsjefen. Alle rektorane deltok òg på både oppstartmøte og sluttmøte. Etter tilsynet kjem Fylkesmannen med følgjande pålegg som gjeld Lunde skule: Tysnes kommune skal syte for at Lunde skule involverer og engasjerer elevar og foreldre i skulemiljøarbeidet. Tysnes kommune må i denne samanheng sjå til at Lunde skule:

145 a. Etablerer samarbidsutval og skulemiljøutval med lovmessig samansetting. b. Sørgjer for at brukarorgana blir orientert om saker som er vesentlege for skulemiljøet etter 9a-6 andre ledd og behandlar saker som vedkjem skulemiljøarbeidet. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Tilsynsrapport for Lunde skule vert med dette lagt fram for utvalet til orientering. VEDTAK I OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010: Tilsynsrapport for Lunde skule vert med dette lagt fram for utvalet til orientering.

146 MØTEBOK Tysnes kommune Utval Møtedato OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 Arkivsak : Arkivkode: 10/947 212 - Sakshandsamar: Helge F. Kjellevold Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 PS 63/10 TILSYNSRAPPORT TYSNES SKULE Vedlegg: 1. Førebels tilsynsrapport Tysnes skule. SAKSUTGREIING: Tysnes kommune mottok i juni 2010 melding frå Fylkesmannen om tilsyn med Tysnes kommune og pålegg om innsending av informasjon. Tilsynet skulle omfatta elevane sin rett til eit godt psykososialt skulemiljø. I skrivet frå Fylkesmannen står det mel.a. følgjande om føremålet med tilsynet: Det overordna målet med tilsynet er å bidra til at alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular får eit godt psykososialt miljø som fremjar helse trivsel og læring. Dette er ein individuell rett for alle elevane. Gjennom kontroll med skoleeigar og korleis skolen overheld lovkrava i samband med dette, skal ein avdekkje eventuell lovstridige forhold. Ved pålegg om endring skal slike forhold rettast opp. I rapportane er dei overordna føremåla presisert slik: * sikre at skuleeigar og skuleleiarar driv eit aktivt og førebyggjande arbeid for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø. * sikre at skuleeigar og skuleleiarar syter for at dei tilsette på ein tilfredsstillande måte handterer krenkjande åtferd som dei får kunnskap eller mistanke om. * sikre at skuleeigar og skuleleiarar syter for at elevar, foreldre-råd og utval blir involverte og engasjerte i skulemiljøarbeidet. Under tilsynet i Tysnes kommunen vart det sett særleg fokus på Lunde og Tysnes skule, men samtlege skular var involvert i prosessen og leverte inn dokumentasjon til oppvekstsjefen. Alle rektorane deltok òg på både oppstartmøte og sluttmøte. Etter tilsynet kjem Fylkesmannen med følgjande pålegg som gjeld Tysnes skule: Førebyggjande arbeid og internkontroll - 9a-4,jf. 9a-3 første ledd

147 Tysnes kommune skal sikre at Tysnes skule arbeider aktivt, systematisk og kontinuerleg for å fremje eit godt psykososialt skulemiljø og hindrer krenkjande åtferd. Tysnes kommune må i denne samanhengen sjå til at Tysnes skule: a. Har eit skriftleg planverk for det førebyggjande skulemiljøarbeidet med oversyn over mål, tiltak og ansvarsfordeling. b. Har rutiner for å evaluere at planane og rutinane er eigna for å nå dei måla som blir sett for skulemiljøet og skulemiljøarbeidet. c. Har eit system for internkontroll. Det individuelt retta arbeidet ved skulen Opplæringslova 9a-3 tredje ledd: Tysnes kommune skal syta for at Tysnes skule behandlar oppmodingar om tiltak ved å gjera enkeltvedtak etter reglane om dette i forvaltningslova. Tysnes kommune må i denne samanhengen sjå til at Tysnes skule: a. Behandlar oppmodingar frå elevar og føresette snarast mogeleg. b. Sikrar at elevar og føresette er kjent med retten til vedtak og klage også om skulen ikkje har gjort vedtak. Brukarmedverknad - 9a-5 og 9a-6 og kapittel 11-2 Tysnes kommune skal syte for at Tysnes skule involverer og engasjerer elevar og foreldre i skulemiljøarbeidet. Tysnes kommune må i denne samanheng sjå til at Tysnes skule: a. Involverer elevane i planlegging og gjennomføring av arbeidet med skulemiljøet etter 9a-5, herunder den opplæringa elevrepresentantane har krav på etter 9a-5 siste ledd. b. Etablerer samarbeidsutval og skulemiljøutval med lovmessig samansetting. c. Sikrar at brukarorgana blir orientert om saker som er vesentlege for skulemiljøet etter 9a-6 andre ledd og behandlar saker som vedkjem skulemiljøarbeidet. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Tilsynsrapport for Tysnes skule vert med dette lagt fram for utvalet til orientering. VEDTAK I OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010: Tilsynsrapport for Tysnes skule vert med dette lagt fram for utvalet til orientering.

148 MØTEBOK Tysnes kommune Utval Møtedato OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 Arkivsak : Arkivkode: 10/949 211 - Sakshandsamar: Helge F. Kjellevold Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 PS 64/10 ENDRING AV VEDTEKTENE I BARNEHAGANE Vedlegg: 1. Vedtekter for barnehagane i Tysnes kommune. SAKSUTGREIING: Vedtektene i barnehagane vert gjennomgått kvart år, og eventuelle endringar vert fremma for politisk nivå. I Forskrift om foreldrebetaling i barnehager 3 tredje ledd står det: Alle kommuner skal ha ordninger som kan tilby barnefamilier med lavest betalingsevne en reduksjon eller fritak for foreldrebetaling Vi har ikkje tidlegare hatt noko om dette punktet i våre vedtekter, og det er difor nødvendig å få dette på plass. Vi har vald å bruka same formulering som ein del andre kommunar har brukt. Vidare gjer vi framlegg om endring når det gjeld opningstid julafta og nyttårsafta. Tidlegare stod det i vedtektene at barnehagane skulle ha ope desse dagane fram til kl. 12.00. Det viser seg imidlertid at det er svært få, om nokon som nytter seg av dette tilbodet. Dermed blir dette ei kostbar løysing for kommunen. Forslaget går då ut på å halda stengt desse to dagane. Under punkt 11 har vi vidare sløyfa setninga om at alle barnehagane er godkjende av helsetilsynet. Grunnen er at Myklestad og Lunde barnehage berre hadde midlertidig godkjenning fram til 01.08.08. Dei er såleis ikkje godkjende per i dag. I tillegg til desse endringane er føremålsparagrafen no teke inn i vedtektene. Det same er ei rekkje paragrafar i barnehagelova som går på rett til plass, prioritet ved opptak og personalet sine plikter. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Utvalet godkjenner framlegg til endringar i vedtektene slik det ligg føre.

149 VEDTAK I OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010: Utvalet godkjenner framlegg til endringar i vedtektene slik det ligg føre.

150 MØTEBOK Tysnes kommune Utval Møtedato OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 Arkivsak : Arkivkode: 10/948 212 - Sakshandsamar: Helge F. Kjellevold Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010 PS 65/10 VURDERINGSRAPPORT ONARHEIM SKULE Vedlegg: 1. Vurderingsrapport Onarheim skule. SAKSUTGREIING: Tysnes kommune er ein del av Midthordland kompetanseregion som omfattar kommunane Os, Fusa, Samnanger, Vaksdal, Austevoll og Tysnes. Gjennom dette samarbeidet blir ei rekkje oppgåver ivaretekne som dei einskilde kommunane ikkje ville kunne klara på eiga hand. Organisering av lokalt gitt (munnleg) eksamen er ei godt døme på dette, føring av tilsyn med barnehagane og ekstern vurdering av skulane er to andre og viktige område. I forskrift til Opplæringslova 2-1 står det: Skolen og lærebedrifta skal jamnleg vurdera i kva grad organiseringa, tilretteleggjinga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Skoleeigaren har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene. På bakgrunn av dette vart det våren 2004 vedteke at det skulle opprettast ei vurderingsgruppe innafor Midthordland kompetanseregion, og med jamne mellomrom (ca 4 år) blir alle skulane i heile regionen vurdert noko som har synt seg svært verdifullt med tanke på å betra undervisningstilbodet ved den einskilde skule. I vurderingsrapportane vert det sett fokus både på skulen sine sterke sider, og på sider der ein ser at skulen har eit utviklingspotensiale. Denne hausten er det Onarheim skule som har vore gjenstand for vurdering (og i 2011 kjem turen til Tysnes skule.) Rapporten vart lagt fram for oppvekstsjef og personalet 4. november, og skulen har no 6 mnd på seg til å rapportera tilbake til oppvekstsjefen korleis dei har jobba med utviklingsmåla sine. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Rapporten vert med dette lagt fram for utvalet til orientering.

151 VEDTAK I OPPVEKST/OMSORG 30.11.2010: Rapporten vert med dette lagt fram for utvalet til orientering.